Kommetarar til merknader til forslag til forvaltningsplan og føresegner til områdefreding av Stødleterrassen Det er kome inn fleire merknader til føresegnene i fredingssaka. I sjølve vernesaka er reglane på eit generelt nivå. Forslag til retningsliner i forvaltningsplanen er spesifikke. Fylkeskommunen viser til at forvaltningsplanen skal vera eit resultat av eit samarbeid mellom kulturminnevernet, kommune og grunneigarar. Form og innhald i forvaltningsplanen er avhengig av fredingsvedtaket sitt omfang og innhald. Hordaland fylkeskommune ser positivt på å endra eller forenkla forvaltningsplanen. Hordaland Bondelag Hordaland Bondelag ber om at ordlyden i pkt.4 (liste på tiltak som krev dispensasjon frå områdefredinga) må skrivast om til t.d. Bygging av nye varige gjerde og større endringar av eksisterande gjerde eller steingarar.... Hordaland fylkeskommune finn at Hordaland bondelag sin merknad er meir presis med omsyn til føremålet og vil føreslå at pt. 4 vert endra til: - Bygging av nye varige gjerde og større endringar av eksisterande gjerde eller steingardar. Dette er viktige element i kulturlandskapet og ein søknad som kjem inn under dette vilkåret må innehalda føremål med endring, omfang og gjennomføringsplan. Sigve Sørheim, Liv Sørheim, Vidar Sørheim og Cecilie J. Torgersen Grunneigarane på Sørheim gnr. 36 bnr. 12 og 14 har følgjande kommentarar til kap. 3.4, punkt 1, 3, 4 og 5 i forvaltningsplanen. Dei meiner det er heilt uaktuelt å søkja når ein skal flytta gjerder som er ein del av det daglege gjeremåla (punkt 1). Hordaland fylkeskommune ser at tidlegare punkt ikkje presiserer at dette skal gjelde nye permanente gjerde slik også Hordaland Bondelag merker. Fylkeskommunen viser til at mellombels gjerder i landbruksdrifta ikkje er omfatta av søknadsplikta. Hordaland fylkeskommune vil slik endra pt. 1 under avsnitt 3.4 til: - Bygging av nye varige gjerde og større endringar av eksisterande gjerde eller steingardar Dette er viktige element i kulturlandskapet og ein søknad som kjem inn under dette vilkåret må innehalda føremål med endring, omfang og gjennomføringsplan. Nemnde grunneigarar meiner vidare at det er meir hensiktsmessig å bruke pbl slik den er. Mindre tiltak er alt for lite omfattande til å måtte søkje om dispensasjon for (punkt 3). Hordaland fylkeskommune viser til at fleire typar bygg og tiltak er unnateke søknadsplikt i pbl, og har derfor presisert kva som må søkjast dispensasjon for. Hordaland fylkeskommune ser etter merknaden at det må gjerast ei presisering om at det er i område med kjende automatisk freda kulturminne at punkt 3 vert gjeldane. I andre område vil kommuneplanen og plan og bygningslova gjelda og kulturminnevurderinga skje etter vanleg praksis.
Dei meiner vidare at om ein skal søkje for å hogge trær vil gjengroing snart bli eit problem i området (punkt 4). Hordaland fylkeskommune finn at det må verta gjort ei presisering, der hogst av skog som ikkje fører til varige inngrep i terreng ikkje skal omfattast av krav til dispensasjon. Dei meiner plassering av rundballar og reiskap bør vere der det er mest mogleg hensiktsmessig og praktisk for drifta på garden. Dei automatisk freda kulturminna har godt nok vern frå før, det trengs ikkje fleire detaljar rundt dette (punkt 6). Område rundt kulturminne er ofte nytta til meir eller mindre permanent lagerplass. Dette er på eine sida ikkje ønskeleg for kulturminnevernet, men på andre sida ei praktisk løysing for grunneigar. Her må ein i kvart einskild høve finna løysingar, men Hordaland fylkeskommune finn ikkje grunn til å endre dette punktet. Inge Selland og og Else Kambo Selland Grunneigarane på Stødle gnr. 35 bnr. 4 ber om at ein ei presiserar kva ein meiner med pløying av mark som ikkje nyleg har vore nytta til dette. Hordaland fylkeskommune viser til at fredinga ikkje skal vera til hindre for landbruket og i denne samanhengen er det ikkje krav til søknad for landbruksdrift. Då med unntak for pløying over kjende kulturminneinteresser. Dei er også presisert at det ved nyplanting for le skal brukast treslag som er vanlege i området, kva då med hekkane rundt tuna som er av tuja? Hordaland fylkeskommune har ingen meining om bruk av tuja. Problemstillingane vert berre aktuell ved planting på og ved automatisk freda kulturminne. Grunneigarane spør vidare om kor dei som har kulturminna på alle kantar skal oppbevare t.d. reiskap og siloballar? Dette er ei problemstilling som kan vera aktuelt å løyse med samarbeid, der ein saman finn gode løysingar og får klarert eit område. Grunneigarane peikar på at utan beiting i utmarka vil det gro igjen på kort tid, og spør kven som då skal halde utmarka vedlike. Fredinga skal ta vare på kulturminneinteressene i området og skal slik ikkje verke til å redusere dyrehaldet. Gjennom ei freding kan det offentlege og stimulere til auka støtte. Men dette er det pr. i dag ikkje noko automatikk i. Tove Aune og Andreas Aune Grunneigarane på Sørheim gnr. 36 bnr. 4 kjem med ei rekke merknader til føresegner i Forslag til forvaltningsplan rutinar for sakshandsaming og forvaltning.
Føresegn 1 omhandlar døme på tiltak som krev dispensasjon, bl.a. bygging av nye gjerder og endringar ev eksisterande gjerder. Grunneigarane påpeikar at det er vanleg å flytte/endre gjerder to gonger dagleg. Med ei slik praktisering vil det bety slutten av mjølkeproduksjonen. Hordaland fylkeskommune viser til svar på merknadar om same tema og finn at ei presisering av dette er naudsynt for ikkje å skape større uvisse. Dei meiner føresegn 2, 3 og 4 omhandlar tiltak som er godt regulert innafor anna lovverk, desse føresegene vil føre til auka byråkrati og meirkostnad for grunneigarane. Hordaland fylkeskommune er samd i at tema som føresegnene 2-4 handlar om er godt regulert i anna lovverk. Det er praksis og mynde i dei tvistesakene som kan oppstå som fredingssaka legg føringar på. Fylkeskommunen meiner at fredinga ikkje inneber auka byråkrati eller kostnader i saker som er enkle. Føresegn 5 omhandlar nydyrking og rydding av udyrka mark. Grunneigarane meiner det er svært lite areal som er aktuelt for dette. Hordaland fylkeskommune er samd i at krav til rasjonell drift og krav til maskinell høveleg terreng vert større. Føresegn 5 er slik eit føre var prinsipp som ikkje representerer ein ny prosess, men som presiserer at nydyrking skal vurderast opp mot kulturminneinteressene. Føresegn 6 omhandlar oppsetting lagring av reiskap eller utstyr knytt til dyrehald unngå trakkskader. Grunneigarane meiner dette er dekka av 3 i kml. Dei spør om tråkk har skada kulturminne og kor nær eit automatisk freda kulturminne er det lov å lagre rundballar? Grunneigarane meiner føresegna er i strid med 3 i kml og Ot. Prp 50 1998-99 (MD). Hordaland fylkeskommune viset til at intensivt trakk av dyr vil kunne representere ein potensiell fare for skade. Forslag til freding vil slik setja fokus på tiltak for å unngå skade og viser til at det gjennom dialog i kvar sak kan finnast lokale løysingar. Hordaland fylkeskommune finn ikkje denne føresegna å vera i strid med kml 3 og Ot.prp 50 1998-99 (MD). Føresegn 8 omhandlar pløying på og rundt eit automatisk freda kulturminne dette kan bare skje etter retningsliner gjeve i forvaltningsplanen. Grunneigarane meiner dette er i strid med kml 3 og i sterk kontrast til Ot. Prp 50 1998-99 (MD) og i konflikt med Forslag til forvaltningsplan kap 4.3. fyrste avsnitt: Kulturminnefredinga endrar ikkje status for automatisk freda kulturminne og for desse gjeld kulturminnelova sine føresegner. Hordaland fylkeskommune viser til at kulturminnelova tillet vidare drift på og ved eit kulturminne med mindre dette er vurdert som skadeleg av kulturminnevernet kml 4. Forslag til kulturminnefreding vil slik måtte ha eit føre var prinsipp uttrykt med omsyn til eventuelle skader eller endringar. Forslag til forvaltningsplan vil då i kvart einskild område det er aktuelt kunne gjera lokale tilpassingar. Føresegn 9 omhandlar infrastruktur og anlegg for vann og avlaup. Ein skal i den grad det er råd nytta eksisterande anlegg og tiltak skal meldast til kulturminnestyresmaktene. Grunneigarane hevdar ein ikkje har heimel til å krevje melding på slike tiltak, viser til Ot. Prp 50 1998-99 (MD).
Etablering av nytt anlegg for vatn og avløp er underlagt fleire lovverk og vil slik ikkje vera gjenstand for eiga handsaming etter kulturminnefredinga. Det er ved etablering av nye anlegg eller rehabilitering av anlegg som ligg i umiddelbar nærleik til kjende automatisk freda kulturminne at krav til undersøkingsplikta jf 9 i kml. vert aktuelt. Tiltak i privat regi er som regel mindre private tiltak og har slik ikkje kostnadskrav knytt ved seg. Føresegn 10 omhandlar vedlikehald av vasskjelder, vatn og avløp, kraft-/telefonliner og andre tekniske anlegg i samsvar med anna regelverk. Tiltak skal meldast kulturminneforvaltninga i god tid før tiltak er planlagt gjennomført. Grunneigarane hevdar dette er i strid med Ot. Prp 50 1998-99 (MD) også i strir med lovverk for Helsetilsyn og mattilsyn kor det vert kravd strakstiltak. Hordaland fylkeskommune finn ikkje at meldeplikt for pålegg eller planlagde tiltak er i strid med Ot. Prp 50 1998-99 (MD) og anna lovverk. Dei aktuelle tiltaka vil i all hovudsak vera nye tiltak. Akutt vedlikehald og reperasjonar er i eksisterande anlegg og vil slik ikkje koma inn under krav i føresegn. Hordaland fylkeskommune meiner likevel at ordlyden i føresegna er noko upresis og vil endre til: - Modernisering og oppgradering av vasskjelder, vatn og avløp, kraft- og telefonlinjer og andre tekniske anlegg i samsvar med regelverk skal meldast Hordaland fylkeskommune i god tid før tiltaket er tenkt gjennomført. Stødle Vassverk Stødle Vassverk har kommentarar til føresegner i Forslag til forvaltningsplan rutinar for sakshandsaming og forvaltning. Føresegn 9 under døme på tiltak som ikkje krev dispensasjon frå områdefredinga står det: Oppgraving av kabel/avløpsgrøfter og andre eksisterande anlegg. Melding skal sendast kulturminnestyresmaktene i god tid før arbeidet tar til, og det kan vera aktuelt å overvaka arbeidet. Ihht Odelstingsproposisjon nr 50 1998-99 treng ein ikkje løyve for å utføra slike tiltak over automatisk freda kulturminne. Dei kan då heller ikkje sjå at kulturminnelova gjev heimel for å krevja melding om slike tiltak innanfor eit freda areal utan kjende kulturminne. Hordaland fylkeskommune viser til at i dei saker der grøfter er lagt på eit automatisk freda kulturminne eller i sikringssona til slik utan formell handsaming vil nye tiltak vera omfatta kulturminnelova 3 1. ledd utan at den er handsama jf 8 1.ledd. Nye grøfter er nye tiltak som skal avklarast opp i mot eventuelle kulturminneinteresser jf. 3 og vurderast etter 9 i kml. Stødle Vasseverk hevdar føresegn 10 er i strid med Odelstingproposisjon nr 50 1998-99. Sjå kommentarar til føresegn 9. Føresegn 10 er og i strid med lovverk får Helsetilsyn og Mattilsynet kor det er krav om strakstiltak for å utbetra feil eller manglar på drikkevasstilførsel. Hordaland fylkeskommune viser til vår kommentar til Tove og Andreas Aune der me presiserer og føreslår endring i ordlyden for type tiltak som kjem inn under krav til meldeplikt. Då området og problemstillinga er relativt oversikteleg meiner Hordaland fylkeskommune at aktuelle problemstillingar vil kunne avklarast i forvaltningsplanen.
Etne kommune Etne kommune ber om at generelt må verneføresegner og forvaltningsplan forenklast for å hindre unødig detaljstyring, m.a. av landbruksdrift i området. Det må vere rom for vidareutvikling av intensivt landbruk i framtida. Fleire av reglane kan formulerast slik at dei primært gjeld i nærleiken av kulturminne (jf nr. 6). Etne kommune har desse innspela til forvaltningsplanen: 1) Pkt 2. Det må gjerast unnatak frå fleire punkt nemnt i Byggjesaksføresegnene 4.1, t.d. gjennom fjerning eller innkorting av pkt. C 5, 6, 8 og 9. 2) Pkt. 6. Søknadsplikt må ikkje gjelde elektriske gjerde og enkle gjerde som det er behov for å flytte jamleg i samband med dyrehald, likeeins randt bustadtomter mm. Vedr. "anna utstyr knytt til dyrehald" bør ein tilpasse reglane til kvart einskild kulturminne i skjøtselsplanar. Hordaland fylkeskommune viser til svar på tidlegare merknader 3) Pkt. 10. Det må vere opning for at naudreperasjonar av samfunnsmessig infrastraktur kan gjerast utan tung søknadsprosess. Freding må ikkje vere til hinder for etablering av ev. biogassanlegg / røyrlegging i området. Hordaland fylkeskommune viser til svar på tidlegare kommenterte merknader og dei endringar som er føreslått. Det er ikkje noko i fredinga som hindrar planlegging av biogass anlegg. Dersom dette vert realisert vil tiltaket verta vurdert etter 3 og 9 i kml. 4) Målsetting i forvaltningsplanen om å spreie informasjon om kulturhistoria på Stødleterrassen må oppfyllast så snart som mogleg, jf. avsette midlar til føremålet. Hordaland fylkeskommune vil arbeida for at forvaltningsplanen vert eit lokalt godt reiskap for landbruk og busetnad på Stødleterrassen. Problemstillingar knytt til tiltak og søke/meldeprosess er Hordaland fylkeskommune open for å drøfte. 5) Rollane til dei ulike forvaltningsnivåa må diskuterast vidare når det gjeld sakshandsaming som følgje av fredinga. 6) I omtalen av kulturminnelova 21 Skjøtsel bør ein også skildre i kva grad det er aktuelt å påleggje utvendig vedlikehald av bygningar i planområdet; maling, beising, reperasjonar etc. 7) Kapittel 5.4. må supplerast med informasjon om andre aktuelle tilskotsordningar. Kulturstyresmaktene må også gi tydelege signal om korleis ein vil følgje opp ei ev. freding i høve til økonomi, t.d. vedr. faste tilskot over sentrale budsjett. Det må gis signal om i kva grad ein vil bidra til å få auka verdiskaping knytt til kulturhistoria på Stødleterrassen, auka fokus på forsking og kunnskapsformidling, samarbeid om informasjonstiltak, tilrettelegging i felt, vedlikehald av Stødle kyrkje o.l. Hordaland fylkeskommune tar punkt 1, 5, 6, og 7 med seg vidare i prosessen.