Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar

Like dokumenter
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

Tenk ergonomi FØR du handlar!

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Den nye seksjon for applikasjonar

Kvalitetsplan mot mobbing

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Ominnredning av Arnes kontor

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Namning av vegar i Fræna Kommune

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Thomas Winther Leira Arkivsak: 2013/438 Løpenr.: 5336/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Samfunnsutvalet

HORDALAND FYLKESKOMMUNE HMT- SEKSJONEN. Risikovurdering er gjennomført ved:

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Ipad som politisk verktøy. Surnadal kommune

mmm...med SMAK på timeplanen

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

HMT-TILBOD. frå Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat HMT HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK

Forsand kommune Personalkontoret

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming av friluftsområde i Sogn og Fjordane 2015

ERGONOMI. for dataarbeidsplass. Follo Bedriftshelsetjeneste as

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

- Ergonomi- dataarbeidsplassen - Stolen

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Arbeidsreglement Sund kommune

VERNERUNDE/HANDLINGSPLAN FYSISIK ARBEIDSMILJØ UTDANNINGSAVDELINGA 2011

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Kva er økologisk matproduksjon?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Sandeid skule SFO Årsplan

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

18. RETNINGSLINJER FOR AKAN

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Retningsliner for AKAN-arbeid

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

KYSTHOSPITALET I HAGEVIK

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

SENIORPOLITISK PLAN FOR SKODJE KOMMUNE

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

KONTROLLUTVALET FOR RADØY KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Øygarden kommune - Driftstilpasning 2013

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Fysisk arbeidsmiljø og kontorarbeidsplasser

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Samarbeidsavtalefor NAV fkmli

Eigarskapspolitisk plattform for Aurland

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

HUSREGLER ØRSKOG KULTURHUS

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Palestinakomiteens medlemssystem Solidus - dei viktigaste funksjonane

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Brødsbrytelsen - Nattverden

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Styresak. Forslag til vedtak. Styret vedtek ombygging av kontorlokala ved Sjukehusapoteket i Bergen.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret HØYRINGSUTTALE TIL UTVIKLINGSPLAN MOT 2030 FOR HELSE MØRE OG ROMSDAL HF

Transkript:

Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar

2 HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar «Minstekrav til kontorarbeidsplasser» I Arbeidsmiljølova vert det stilt krav til utforminga av ein god kontorarbeidsplass. Krava er laga på bakgrunn av erfaring, kunnskap og forskingsresultat, og vert utdjupa i forskrifter og rettleiingar. I dette heftet har vi samla det viktigaste av det som i dag finst av lover og reglar innan dette feltet. Vi ser for oss at heftet kan vere til hjelp for leiarar som har ansvar for å syte for at arbeidsplassane er lagt til rette i samsvar med lover og reglar, for AMU som har ansvar for å følgje opp arbeidsmiljøet på arbeidsplassen, og for alle andre som er involvert i bygging, ombygging eller tilrettelegging av kontorarbeidsplassar.

HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar 3 Arbeidsplassforskriften bestillingsnr. 702 2. Både lovteksten og kommentarane til denne stiller klare krav til utforming og utrusting av ein god arbeidsplass, inkludert kontorarbeidsplassen. Generell utforming (702-2-1, 4 og 8) Det heiter mellom anna at lokala må utformast slik at: ein kan arbeide rasjonelt og effektivt, på eiga hand og saman med andre ingen blir isolert det er høve til fortrulege samtalar det er mogleg å skjerme seg for å få konsentrasjon og kvile standarden på lokala er på nivå med det som elles er vanleg i samfunnet standarden ikkje er så varierande at det kan verke krenkande for enkelte Tilkomst og utforming skal vidare være dimensjonert og tilrettelagt slik at arbeidstakaren kan utføre den jobben han er sett til, utan fare eller uheldige belastningar. Dette inneber mellom anna at kvar kotorarbeidsplass bør disponere eit golvareal på minimum 6 kvadratmeter i eit rom med takhøgd på 2,2m. Er det høgare under taket kan mindre golvareal aksepterast. Utstyr (702-2 - 2 og 3) Arbeidsstolen skal kunne tilpassast brukaren og arbeidsoppgåva. Det er difor store krav til kva som skal kunne regulerast i ein kontorstol. I tillegg til å vere stabil (minst femfots understell), må rygg og sete kunne tilpassast i høgd og djupne. Stolsetet må kunne skråstillast etter behov og heile sitjeeininga bør kunne vippe/gynge. Det er og viktig at det er enkelt å regulere innstillingane når ein sit i stolen. Dersom stolen har armlene, må dei ikkje hindre gode arbeidsstillingar og dei må kunne høgderegulerast.

4 HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar Arbeidsbordet skal ikkje ha sarg, og må vere stort nok til at det er plass til naudsynt utstyr og til at brukaren kan nytte utstyret utan å risikere utvikling av belastningsplager. Det må også kunne stillast i riktig arbeidshøgd til brukaren. Dersom fleire brukar det same arbeidsbordet, må det raskt og enkelt kunne stillast inn til den enkelte. Ved arbeid som krev bruk av datautstyr skal det vere tilstrekkeleg plass framfor tastatur og mus til at brukaren kan kvile ca. 2/3 av underarmane på bordet. Er du usikker på kva for møbel som er brukbare ergonomisk, kan du finne råd i heftet «Ergonomiske tilrådingar» som er knytt opp mot den innkjøpsavtalen Hordaland fylkeskommune har på slikt utstyr. Denne finn du på intranett under Innkjøpsporten Avtaleoversikt Kontor og undervisningsmøbel Ergonomiske møbeltilrådingar (pdf). Lys og synstilhøve (702-2-10,11 og 12) Alle arbeidsplasser skal om mogleg ha dagslys og utsyn. Dei skal og ha godt nok kunstig lys, og dei skal skjermast for refleksar eller kontrastblending. Standard Norge sine normer for lys på kontorarbeidsplassen gjeld her. Kravet er minimum 300 lux i rommet og minimum 500 lux på arbeidsplassen. Det er viktig å hugse på at dette er eit minimumskrav som ofte må tilpassast lokale forhold. Det er mykje både i omgjevnadene og hos den enkelte brukaren som påverkar korleis auget oppfattar lys frå flatane rundt seg, og alle desse må takast med i planlegginga av den enkelte arbeidsplassen.

HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar 5 Klima, ventilasjon, luftkvalitet, stråling m.m. (702-2-14 og 15) Alle arbeidsplassar og personalrom m.m. skal ha tilfredsstillande klima med omsyn til temperatur, fukt, trekk, luftkvalitet og sjenerande lukt, og skydd mot giftige eller helsefarlige stoff. Ved vurdering av klima og luftkvalitet er det, når det er relevant, viktig å ta omsyn til den fysiske belastninga som arbeidstakaren blir utsett for. Lufta i områder der nokon arbeider eller må opphalde seg i periodar skal ha fullt forsvarleg oksygeninnhald. Område som ligg lågare enn terrenget og som er i bruk, skal ha kontinuerleg tilføring av frisk luft. Tilsette skal ikkje utsetjast for unødig belastning på grunn av varme frå til dømes sol- innstråling. Støy (702-2-16) Arbeidsplasser, både individuelle og fellesarbeidsplasser, skal utformast, slik at kvar enkelt arbeidstakar er beskytta mot støy og vibrasjonar for å hindre at konsentrasjonen blir svekka og det blir vanskeleg å samtale. Lydabsorberende materiale og skjerming mot lyd som spreier seg må monterast der det er naudsynt for å sikre at arbeidsplassar og personalrom er beskytta mot støy. Fundament og feste for arbeidsutstyr skal vere slik at utstyret ikkje er årsak til unødig støy eller vibrasjonar. Rømmingsvegar og nødutgangar (702-2-21, 22 og 23) Bygg og arbeidsplassar skal ha nok rømmingsvegar og nødutgangar. Desse skal til alle tider vere opne for fri ferdsel, og lett kunne opnast frå innsida utan spesielle hjelpemiddel. Rømmingsdører skal opne i rømmingsretning, skal vere tydeleg merka, og skal aldri dekkjast til. Tal, fordeling og dimensjonar på rømmingsvegar skal vere tilpassa bruk, utstyr, dimensjonar og høgste tal personar som kan vere tilstades på arbeidsplassen på ein gong. Ved fare skal arbeidstakarane raskt og på ein sikker måte kunne evakuerast frå alle arbeidsplassar og personalrom.

6 HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar Utførelse av arbeid bestillingsnr. 703 og Veileder nr.540: Arbeid ved dataskjerm stiller og tydelege krav til arbeidsutstyr. Rettleiaren støttar og utdjupar i tillegg mange av krava som er skildra over. Datautstyr (703-10-22) Utstyret skal ikkje føre til at arbeidstakar vert eksponert for unødig belastning. Skjermbiletet skal lett kunne tilpassast brukaren sitt behov når det gjeld kontrast, lysstyrke og anna. Skjermen skal kunne høgde- og vinkelregulerast. Den skal plasserast slik at brukaren ser ned på midten av skjermbiletet med ein synsvinkel (under auget si horisontallinje) på 15-30 grader. Tastaturet skal ha matt overflate (gje lite refleks), vere utforma så lågt som mogleg og bør kunne skråstillast. Det skal vere skilt frå skjermen slik at det ikkje styrer arbeidstakaren inn i belastande arbeidsstillingar. Symbola på tastane skal vere tydelege og godt synlege frå normal synsavstand (50-70cm). Små berbare PCar er difor ikkje eigna som einaste dataverktøy dersom arbeidstakaren ikkje sjølv veljar slik løysing. Peike og navigasjonsutstyret som skal finnast i mange utgåver, oftast i form av datamus skal kunne tilpassast den handa som bruker det og ha skrollehjul og alternative styre-knappar. (Meir informasjon i informasjonsfoldar på www.hordaland.no/hmt ). Databriller er definert som verneutstyr ved dataarbeid. Arbeidsgjevar pliktar å følgje opp arbeidstakarar som må bruke datautstyr for å gjere jobben sin, dersom det er mistanke om at dei treng spesielle synshjelpemiddel som er forskjellige frå det dei eventuelt brukar til dagleg. Hordaland fylkeskommune har eit eige regelverk for korleis ein går fram i slike saker (sjå Kvalitetssystemet HMT ergonomi databriller).

HMT - Tilrettelegging av kontorarbeidsplassar 7 Opplæring og informasjon (703-23-2 og 3, 540 - kap.9) Ved ergonomisk belastande arbeid, til dømes arbeid ved dataskjerm, skal arbeidstakaren få opplæring i korleis arbeidet er organisert, god arbeidsteknikk, val og bruk av arbeidsklede og bruk av hjelpemiddel. Det er og krav om at «arbeidstakerne skal informeres om de helsemessige konsekvenser av ikke å utføre arbeidet eller ikke å bruke dataskjermarbeidsplassen i samsvar med opplæring og veiledning». Organisering, ledelse og medvirkning bestillingsnummer 1355: Forskrifta skildrar mellom anna korleis samarbeid og ansvarsdeling skal være på arbeidsplassen. Organisatorisk tilrettelegging (1355 - kapittel 2 og 10) Arbeidstakarar skal vere involvert i avgjersle knytt til eige arbeidsmiljø. Både vurdering av arbeidsplassen, planlegging av tiltak og gjennomføring av tiltak skal skje i samarbeid med arbeidstakarar, verneombod og tillitsvalte. Det er viktig å syte for at arbeidsplassen er utforma slik at arbeidstakaren kan gjere dei ulike arbeidsoppgåvene sine der. Ved bruk av felleskontor for fleire tilsette, kan det vere ei utfordring at nokre vil ha ro til konsentrasjonskrevjande arbeidsoppgåver, samstundes som andre treng å snakke i telefonen eller med kvarandre. Løysinga på dette kan vere eit eige møterom eller telefonrom. Ein kan og velje å ha eit «stillerom» der ein kan jobbe når ein treng full arbeidsro. For å skape eit godt arbeidsmiljø er det viktig å snakke ope om korleis ein ønskjer å ha det på arbeidsplassen. Medarbeidarar som skal dele kontor bør bli samde om nokre felles reglar for korleis kontoret skal brukast. Dette kan vere eit enkelt grep for å hindre unødig frustrasjon.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalands samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelse tenester og kollektivtransport til inn byggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdi skaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar for å ta vare på fortida, notida og framtida i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gt 5 Postboks 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 www.hordaland.no Februar 2015