Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: MULTEK-utvalet Møtestad: Gloppen heradshus Dato: Tid: Kl. 09:00

Like dokumenter
Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Solveig Lien Gusdal SP Ingen Jan Asle Rustøen H Dagfinn Kaspar Nyhammer H

Bestandsplan xxxxxxxx årsleveområde for hjort Vedteken på skipingsmøte

Møteinnkalling. Møtestart blir rett etter kommunestyremøtet. Klokkeslettet er derfor usikkert.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Sakliste. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: På Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Bestandsplan Sogndal og Luster årsleveområde for hjort

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Møteinnkalling. Lista over arbeidsgruppa sine framlegg til driftsendringar, vedlegg til sak 3/18, var ikkje klar då denne saklista vart sett opp.

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Forvaltningsstyret - Planutval /18

Møtebok. Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Mariel Eikeset Koren MDG Ingen

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Valstyret Møtestad: I Trivselshagen på Sandane (kulturdelen) Dato: Tid: Kl.

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

BESTANDSPLAN. ovreguddal.storvald.com

Lærdal kommune. Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 104/17 Formannskapet /17 Kommunestyret

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Formannskapet. Tilleggsinnkalling

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Liv Bente Viddal Arkivsak: 2013/1427 Løpenr.: 11175/2013. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Landbruksnemnda

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Formannskapet Møtestad Gloppen ungdomsskule - GU-salen Dato Tid Kl. 12:45-12:50. Følgjande medlemar møtte

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

GLOPPEN KOMMUNE TEKNISK OG LANDBRUKSUTVALET MØTEBOK

Føremålet: Skape samfunnsgagnlege eigar- og brukarforhold

MØTEINNKALLING. Utval for tekniske saker og næring

Møteprotokoll. Frå administrasjonen møtte: Rådmannen, teknisk sjef og planleggjar. Ingen hadde merknader til innkalling eller sakliste.

Høyringsuttale frå Time kommune - lov om endring av konsesjonslova, jordlova m.fl.

SAKSUTGREIING ETNE KOMMUNE

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 3/16 16/325 Klage på vilkår i byggeløyve - oppføring av bustadhus med sokkelhusvære og garasje - Hafslo - gbnr.

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

Saksgang Møtedato Saksnr Plan- og Miljøutvalet /12 K2-L12

Særutskrift - 112/17 - deling av eigedom - Dimmelsvik - Per Harald Lunde

OSTERØY KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksnr. Utval Møtedato 060/12 Plan og utvikling

Saksnr Utval Møtedato 054/14 Formannskapet /14 Kommunestyret

Radøy kommune Saksframlegg

TILLEGGSSAK. Arkivsak: 13/297-2 Løpenummer: 13/7157 Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: Kl.

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. 2.gongs behandling - deling - 278/5 og 272/1 Åkra - Evy Brekke

Privat reguleringsplan Mevold bustadfelt - Eigengodkjenning

Stryn kommune Avdeling byggesak og regulering

MØTEPROTOKOLL Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Melding om vedtak. HOVDEN FJELLSTOGE AS Postboks HOVDEN I SETESDAL. 2017/369-3 Ingunn Hellerdal

Møteprotokoll. Til stades var og rådmannen, teknisk sjef, planleggjar og politisk sekretær. Sistnemnde førde møteboka. SAKLISTE

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/08 08/194 PROTOKOLL: REGULERINGSPLAN FOR HOLMAMYRANE NÆRINGSOMRÅDE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. KLAGE - behandling deling - gnr bnr 149/2 -- Sunde - Jenny Grønstøl

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 003/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 003/18 Bystyret PS

Austevoll kommune MØTEINNKALLING SAKLISTE

MØTEINNKALLING. NB! Sak Destinasjon Ålesund og Sunnmøre oppløysing og medlemsskap i nytt selskap vil bli ettersendt.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandlar: Per Inge Aakvik Arkiv: K2 - L12, PLANID Arkivsaksnr: 16/32 17/1049

Bestandsplan Ytre Sogn og Sunnfjord årsleveområde for hjort

MØTEPROTOKOLL. Nemnd for vilt, fiske og friluft. Landbrukskontoret, Dato: Tid: 17:00 18:30

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

SAMNANGER KOMMUNE 1 av 10 MØTEPROTOKOLL Utval: Naturutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 7, i

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 87/2019 Utval for drift og utvikling PS

MØTEPROTOKOLL. Utval for plan og utvikling. Møtestad: Rådhuset Møtedato: Kl:

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /114 Kommunestyret /4

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Saksnr. Utval Møtedato 018/16 Formannskapet /16 Kommunestyret

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Linda Nyvoll Antonsen

Side 2 av 16 TILLEGGS-SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 039/13 13/259 Konsesjon GBNR 41/3 og 9 - landbrukseig

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 31/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 90/2019 Utval for drift og utvikling PS

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Skodje kommune Teknisk avdeling

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

BESTANDSPLAN FOR HJORT

Gloppen kommune. Møteinnkalling. Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Søreide Dato: Tid: Kl. 09:00

Gloppen kommune. Møtebok. Utval Oppvekstutvalet Møtestad På Søreide Dato Tid Kl. 09:00-10:10. Følgjande medlemar møtte

Saksnr. utval Utval Møtedato 002/16 Planutvalet /16 Bystyret Fastsetjing av planprogram for områderegulering Indre Øyrane

SAKSGANG. 2. gongs handsaming av reguleringsplan - Trafikkplan Vik, Jondal

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske /17

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for natur Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Møteinnkalling for Utval for næring og teknikk

Klage på avslag om søknad om utvida bruk av eksisterande avkjørsle frå Solstadvegen til Fv 47 i Sveio i Sveio kommune

Sakspapir. Saksnr. Utval Møtedato 049/16 Formannskapet Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Ottar Wiik K2 - L12 15/423

Møteprotokoll SAKLISTE

MØTE P ROTOKOLL. Medlemene hadde ikkje merknad til innkalling og sakliste.

Side 2 av 6 Saka vart handsama i Naturutvalet, og det vart gjeve avslag på søknaden. Klagar skriv i brevet sitt at dei sendte inn forslag om

Bestandsplan søre Kvinnherad og Åkrafjorden årsleveområde for hjort

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

38/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning /15 Kommunestyret

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAKSGANG. Framlegg til reguleringsplan for Hyttefelt Vassel gard, 1 gongs handsaming, planid

Saksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 008/18 Plan- og. PS samfunnsutvalet 015/18 Bystyret PS

Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Særutskrift - 83/44 - deling ev eigedom - Rosendal - Elin Valland og Kjell Haugen

Møteinnkalling for Formannskapet

Saksnr. Utval Møtedato 141/17 Formannskapet Sakshandsamar: Monika Lysne Arkiv: K2 - L12 Arkivsaksnr. 16/592-19

K-SAK 174/14 HØYRING - FRAMLEGG TIL OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKTA. Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Roppen Arkivsak: 2011/815 Løpenr.: 2844/2017

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 143/16 Plan- og miljøutvalet PS

MØTEPROTOKOLL. Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova.

MØTEBOK. Desse medlemmene møtte: Bernt Reed Svein-Ottar Sandal Venke Kollbotn Arnar Kvernevik Gunnvor Sunde Bjarte Gangeskar Hege Lothe

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

Transkript:

Gloppen kommune Møteinnkalling Utval: MULTEK-utvalet Møtestad: Gloppen heradshus Dato: 06.06.2019 Tid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er til tlf. 57 88 38 00 eller til servicetorget@gloppen.kommune.no slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Sakliste Sak nr. Sakstittel 039/19 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 040/19 Referat og orienteringssaker 041/19 Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - ny strategi 2019-2022 042/19 Tildeling av fellingsløyve - vald utan bestandsplanar 043/19 Søknad om konsesjon for ikkje å flytte til eigedomen 044/19 Støtte til sanitæranlegg på Myra 045/19 Søknad om støtte til Sofjo Pride 2019 046/19 Trivselsskogen SA: Støtte til utkikksplattform på Holvikfossen - ny behandling 047/19 Nytt gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova 048/19 Detaljreguleringsplan for Søreide skuleområde - sluttbehandling etter mekling 049/19 Detaljreguleringsplan for Sande industriområde 050/19 Områdereguleringsplan for Sandane sentrum - behandling av merknader og ny utlegging Sandane, 29. mai 2019 Arnar Hans Kvernevik utvalsleiar Kjell Petter Solhaug teknisk sjef

Gloppen kommune Arkiv: FE-033 JournalpostID: 19/7966 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 039/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 29.05.2019 Protokoll - MULTEK-utvalet - 29.05.2019 Utvalsleiar si tilråding: 1. MULTEK-utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den 29. mai 2019 2. MULTEK-utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 6. juni 2019. Møteboka frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

Gloppen kommune Arkiv: FE-033 JournalpostID: 19/7971 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 040/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Referat og orienteringssaker Rådmannen legg ikkje fram tilråding i saka. Referatsaker Tittel Løyve til tiltak - oppføring av garasje - gbnr. 74/222 Søknad om løyve til tiltak - oppføring av veranda Avsendar/mottakar Leif-Petter Solli Mats Gjørven Som vanleg ber rådmannen om at eventuelle spørsmål til referatsakene blir stlte på førehand. Orienteringssaker: Kort gjennomgang av økonomisk status for MULTEK-utvalet sitt budsjettområde. Ordet fritt...

Gloppen kommune Arkiv: FE-233, FA-V70 JournalpostID: 19/6590 Saksbehandlar: Anne Berit Hauge Saksnr. Utval Møtedato 041/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - ny strategi 2019-2022 Vedlegg i saka: 03.05.2019 Tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket 2019-2022 Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet godkjenner tiltaksstrategi for nærings- og miljøtiltak i skogbruket 2019 2022 slik han ligg føre. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Kommunen må fornye tiltaksstrategien for nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK). Dette er ei tilskotsordning som skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket. Midlane vert tildelt årleg av Fylkesmannen, og skal fordelast etter ein lokal fireårig strategi. Fakta i saka Framlegg til ny strategi ligg ved saka. Framlegget har vore sendt til uttale til Fylkesmannen i Vestland, Gloppen skogeigarlag og Vestskog. Gloppen skogeigarlag har gjeve tilbakemelding om at dei er nøgde med strategien. Vi har ikkje fått kommentarar frå Fylkesmannen eller Vestskog. Vi har kontakta Norskog for å avklare om dei har medlemer i Gloppen, og det har dei ikkje. Framlegget har difor ikkje vore sendt dit. I 2020 kjem det store endringar i ordninga, og vi må rekne med å oppdatere strategien då. Vi må likevel vedta ein strategi i år for å kunne tildele tilskot. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen tilskotsmidlane i ordninga er statlege. Rådmannen si vurdering Det er ikkje store endringar i strategien samanlikna med tidlegare år, men rådmannen har prøvd å forenkle og samle ordningane på færre satsar. Vidare har rådmannen prioritert samarbeidstiltak og ungskogpleie noko høgare enn før, etter tilråding frå Fylkesmannen.

Gloppen kommune Arkiv: FA-K46 JournalpostID: 19/7754 Saksbehandlar: Trine Alme Saksnr. Utval Møtedato 042/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Tildeling av fellingsløyve - vald utan bestandsplanar Rådmannen si tilråding Med heimel i 18 i forskrift om forvaltning av hjortevilt tildeler MULTEK-utvalet fylgjande fellingsløyve for hjort for jaktsesongen i 2019: Vald nr. Vald Kalv Vaksne hodyr Beinhonnel Eldre hanndyr 1445V0016 Hunskår 4 5 2 2 13 1445V0017 Dale og Kåle 3 4 2 2 11 1445V0025 Hetle-Reed-Fløtre 6 9 5 4 24 1445V0026 Kyrkjeteigane 2 2 1 0 5 1445V0031 Ryssdal 6 8 4 4 22 1445V0012 Skjerdal 10 10 6 4 30 1445V0028 Grenda Storvald 8 9 4 4 25 Saksutgreiing Sum tildeling Bakgrunn for saka Kommunen skal kvart år innan den 15. juni, og utan årleg søknad, tildele fellingsløyve for hjort til godkjende vald som ikkje har godkjend bestandsplan/avskytingsavtale med kommunen. Fakta i saka Tildeling av fellingsløyve til vald som ikkje har godkjend bestandsplan skjer med heimel i forskrift om forvaltning av hjortevilt 18. Tildelinga skal vere målretta i kategoriane kalv, vaksne hodyr, spissbukk og eldre bukk. Kalv kan fellast i staden for vaksne dyr av begge kjønn. Denne sak gjeld målretta tildeling av fellingsløyve etter 18 til fylgjande vald: 1445V0016 Hunskår 1445V0017 Dale og Kåle 1445V0025 Hetle-Reed-Fløtre 1445V0026 Kyrkjeteigane 1445V0031 Ryssdal 1445V0012 Skjerdal 1445V0028 Grenda Storvald Fellinga i dei einskilde vald som skal ha målretta tildeling har i den siste 3 års periode vore såleis: 1445V0016 Hunskår Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal

Hanndyr 5 15,6 % 6 18,75% 6 18,75 % 17 Hodyr 4 12,5 % 6 18,75 % 5 15,6 % 15 I alt 9 28,1 % 12 37,5 % 11 34,4 % 32 1445V0017 Dale og Kåle Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 4 12,5 % 6 18,75 % 5 15,6 % 15 Hodyr 6 18,75 % 8 25,0 % 3 9,4 % 17 I alt 10 31,3 % 14 43,8 % 8 25,0 % 32 1445V0025 Hetle-Reed-Fløtre Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 8 12,1 % 18 27,3 % 5 7,6 % 31 Hodyr 9 13,6 % 15 22,7 % 11 16,7 % 35 I alt 17 25,8 % 33 50,0 % 16 24,2 % 66 1445V0026 Kyrkjeteigane Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 1 25,0 % 0 0,0 % 0 0,0 % 1 Hodyr 1 25,0 % 0 0,0 % 2 50,0 % 3 I alt 2 50,0 % 0 0,0 % 2 50,0 % 4 1445V0031 Ryssdal Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 6 13,6 % 8 18,2 % 8 18,2 % 22 Hodyr 5 11,4 % 9 20,5 % 8 18,2 % 22 I alt 11 25,0 % 17 38,6 % 16 36,4 % 44 1445V0012 Skjerdal Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 8 11,3 % 5 7,0 % 19 26,8 % 32 Hodyr 13 18,3 % 0 0,0 % 26 36,6 % 39 I alt 21 29,6 % 5 7,0 % 45 63,4 % 71 1445V0028 Grenda Storvald Kalv 1,5 år 2,5 år og eldre I alt Tal % Tal % Tal % Tal Hanndyr 8 13,8 % 13 22,4 % 11 19,0 % 32 Hodyr 7 12,1 % 7 12,1 % 12 20,7 % 26 I alt 15 25,9 % 20 34,5 % 23 39,7 % 58 Valda har i den siste 3-årsperioden lege på denne fellingsprosent: Tildelt 2018 Fellingsprosent 2018 Fellingsprosent 2016-2018 Hunskår 13 77 % 84 %

Dale og Kåle 11 100 % 100 % Hetle-Reed-Fløtre 24 100 % 92 % Kyrkjeteigane 5 0 % 28 % Ryssdal 22 100 % 100 % Skjerdal 30 67 % 84 % Grenda Storvald 25 72 % 74 % Ryssdal melde seg ut av Gloppen Sør viltlag før jakta 2017, fellingsprosenten i kolonna 2016-2018 gjeld for dei to åra 2017-2018. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen. Rådmannen si vurdering Godkjenning av bestandsplanar og målretta tildeling av fellingsløyve etter 18 må skje i samsvar med retningslinene i den kommunale forvaltningsplan: Kjønnsbalansert uttak av vaksne dyr (1,5 og eldre) Maks. 35-40 % eldre dyr i avskytinga Fellingsprosent på minimum 75 %. Målet er å oppnå ei balansert avskyting som tek ut dyr i alle aldersgrupper og av begge kjønn, men med ein liten overvekt av kalv og yngre dyr i uttaket. Dette er i tråd med den kommunale forvaltningsplanen for hjort 2018 2020 som blant anna har som mål å auke del eldre dyr i bestandet og bremse nedgangen i slaktevekt på sikt. Ei tildeling med fordeling tilnærma 30 % kalv, 35 % fjorkolle og eldre kolle i ein samla kategori, 20 % beinhonnel og 15 % eldre bukk er i tråd med desse måla, samt følger måla innanfor dei forskjellige årsleveområda til hjorten. Med målretta avskyting får valda tildelt ein kvote dei kan skyte. Om dei ikkje fyller heile kvoten og tek ut færre dyr i ein kategori, kan ein risikere at avskytinga avviker frå intensjonen som låg til grunn for den fordelinga som kvoten var tildelt etter. Skjer det same over fleire år, vil ein få ein uønskt avskyting. Så sjølv om den kommunale forvaltningsplan set opp overordna retningsliner for avskytinga, vil det likevel brukast ein stor del skjønn i vurderingane for å korrigere for tidlegare års felling. I forhold til tildeling av fellingsløyve er vurderingane under gjort for kvart einskild vald. Då mange av valda har relativt små kvoter og det kan førekome store endringar frå år til år i både avskyting og bestand, er vurderingane gjort på bakgrunn av 3 årsperioden 2016-2018. Hunskår Hunskår har i dei siste tre åra hatt ei god fordeling mellom alder og kjønn, ein liten overvekt av hanndyr i uttaket. Valdet har hatt avgrensa uttak av eldre dyr og større uttak av yngre årsklasser. Valdet har hatt ein høg fellingsprosent, som gjekk noko ned siste treårsperiode. Ut frå dette og på grunnlag av råmene rundt minsteareal og tildeling av løyve, blir det tildelt 13 dyr totalt. Dale og Kåle Valdet har dei siste 3 åra teke ut litt meir hodyr enn hanndyr. Dei har skote 100 % av kvota kvart år. Fordelinga har vore etter dei kvotane som vart gitt. Dale og Kåle ligg nær maks tal løyve som kan gjevast innanfor rammene rundt minsteareal og tildeling av løyve. Tal dyr vart auka før jakta 2017, om trykket fortsett like høgt dei neste åra kan det gis 1 ekstra løyve på sikt. For 2019 vil det likevel tildelast 11 dyr total. Hetle Reed Fløtre

I dei siste tre åra har det vore ei grei fordeling mellom kjønn med ein liten overvekt av hokjønn. Uttaket av eldre dyr ligg kring 25 % i treårsperioden. Fellingsprosenten for perioden er på 92 %, som er høgare enn kommunens mål om 75 %. Om fellingsprosenten fortsett å vere høg dei neste åra, vil det truleg vere rom for ein liten auke i tildelte løyve. Tildelinga for 2019 blir lik tildelinga for 2018. Kyrkjeteigane Fellingstala frå Kyrkjeteigane er vanskelege å seie noko om for siste 3-årsperiode, då det er veldig låge tal. Sett i ein lengre periode har det prosentvis vore stort uttak av eldre dyr. Det blir derfor lagt vekt på uttak av yngre dyr ved tildelinga. Tildelinga hald fram som for 2018. Ryssdal Ryssdal er eit område med mykje hjort, noko som både syner igjen i felling, sett hjort og vårteljing. Då Ryssdal berre har vore eit eige vald sidan før jakta 2017, er det ikkje like mye talmateriale tilgjengeleg for dette valdet. Rådmannen er kjent med at Ryssdal har hatt ein veldig høg fellingsprosent, både i 2017 og I 2018 var den 100 %. Ryssdal er sterkt plaga med skadar på innmark som følgje av ein stor hjortebestand. Gloppen kommune har hovudansvaret for hjorteforvaltninga og er forplikta til å ta omsyn til andre samfunnsinteresser ved tildeling, deriblant skader på landbruket. Dette ligg også som eit punkt i den kommunale forvaltningsplan som er vedtatt av kommunestyret. Samanlikna med andre vald der har stor konsentrasjon av hjort, har Ryssdal hatt ei tildeling som har langt større areal pr. løyve. At Ryssdal skal ligge på same nivået er ikkje mål i seg sjølv, då det kan vere store variasjonar også innanfor kommunen. Ved vurdering av kva nivå tildeling av fellingsløyve skal ligge på, er det ein stor grad av skjønn. Vurdering av tidlegare høge fellingsprosent og at Ryssdal har eit nivå på sett hjort/jegerdag som er 3 gangar så høgt som snittet for kommunen, samt det faktum at Gloppen kommune er forplikta til å ivareta landbruksnæringa ved tildeling, låg til grunn for tildelinga før jakta i 2017. Sjølv om valdet hadde ein høg fellingsprosent i 2017 og 2018, er det ønskeleg å sjå utviklinga av fellingsprosenten over fleire år før ein gjer eventuelle vidare justeringar på tal løyve.for å få ned stammen og på den måten få midre hjorteskade i området, er det ikkje nok at Ryssdal fyller kvoten, det må og tilgrensande vald vere med på og arbeidde for å få ei god, høg avskyting. Rådmannen tilrår difor ein tildeling på 22 dyr. Med vedvarande høge hjorteskadar må vi halde fram å sjå på korleis problemet kan løysast. Tildeling av skadeløyve etter søknad, kan vere ei løysing. Skjerdal Skjerdalen er tradisjonelt eit område med mykje dyr og høg felling. Fellingsprosenten dei siste 3 åra har vore på 84 %, noko som er over det kommunale målet på 75 %. Løyvet var oppjustert i 2017 og det er ønskeleg å sjå utviklinga av fellingsprosenten over fleire år før ein gjer eventuelle vidare justeringar på tal løyve. Fellingstala syner ei skeiv utvikling fordelt på alderskategoriane som bør rettast opp. Valdet har skote ein overvekt av vaksne dyr og har difor ein høg del eldre dyr i avskytinga. Med det som grunnlag har det vore tildelt fleir løyve for kalv og ungdyr. Om valdet hald fram å skyte berre eldre hodyr i kategorien for hodyr og lite unge hanndyr, må kommunen vurdere å auke del kalv og ungdyr for å styre den ujamne fordelinga betre. Kjønnsfordelinga er litt meir hodyr enn hanndyr. Det vert tildelt 50/50 hann/ho for 2019. Grenda storvald Grenda storvald hadde i 2015 og 2016 ein låg fellingsprosent. Løyvet blei redusert i 2017, og valdet felte fleire dyr. Fellingsprosent gjekk opp til 96. For 2018 var fellingsprosenten 74. Det er ønskeleg å sjå utviklinga av fellingsprosenten over fleire år før ein gjer eventuelle vidare justeringar på tal løyve. Den gjennomsnittlege aldersmessige fordelinga dei siste tre åra er grei, og ligg i øvste delen i kategorien eldre dyr. Den kjønnsmessige fordelinga har ei overvekt av hanndyr. Rådmannen tilrår ei fordeling med likt tal løyve som tidlegare, men med ei overvekt av hodyr, yngre dyr.

Med den tildeling som er skissert under, blir areal pr. løyve følgjande: Vald Godkjent areal Dekar/løyve Hunskår 3.400 dekar 262 Dale og Kåle 3.000 dekar 273 Hetle-Reed-Fløtre 9.450 dekar 394 Kyrkjeteigane 3.100 dekar 620 Ryssdal 7.300 dekar 332 Skjerdal 11.300 dekar 377 Grenda Storvald 8.850 dekar 354 Etter den lokale forskrifta om minsteareal i Gloppen kommune har valda i denne saka eit minsteareal på 500 dekar. Kommunen kan fråvike minstearealet med inntil 50 % ved tildeling. Tildelinga som tilrådinga legg opp til her, ligg innanfor råmene i forskrift om jakt etter hjort og minsteareal, Gloppen kommune, Sogn og Fjordane.

Gloppen kommune Arkiv: GBNR-103/1, FA-V62 JournalpostID: 18/13239 Saksbehandlar: Trine Alme Saksnr. Utval Møtedato 043/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Søknad om konsesjon for ikkje å flytte til eigedomen Rådmannen si tilråding I medhald av konsesjonslova 2 og 9 gjev MULTEK-utvalet Jan Roar Fløttre konsesjon for overtaking av gnr. 103 bnr. 1 «Breihaugen» i Gloppen utan krav om buplikt i si eigartid. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Jan Roar Fløttre fekk heimel på garden gnr. 103 bnr. 1 den 2. juli 2012. I konsesjonssøknaden i 2011 var han open om at han ikkje hadde tenkt å flytte til eigedomen. Kommunen gav likevel konsesjon med fem års utsett buplikt, fram til 2. juli 2018. Kommunen varsla også at han ikkje kunne rekne med vidare fritak frå buplika etter at fritaksperioden er over. Jan Roar Fløttre har innan fristen søkt om ny konsesjon og fritak frå buplikta. Fakta i saka Konsesjonseigedomen: Formål: Arealoppgåve etter gardskart Gnr. 103 bnr. 1 Fløttre i Gloppen Ferie- og fritidsformål, bortleige av jordbruksarealet 87 daa fulldyrka, 51 daa innmarksbeite, 9 daa produktiv skog og 6 daa anna areal. Totalt 152 daa. Eigedomen ligg sentralt til vest for Byrkjelo i eit viktig jordbruksområde. Husdyrhald er dominerande i området. Eigedomen har god arrondering, med mesteparten av den dyrka jorda samla i to store teigar. Tunet ligg i grensa mellom dyrka jord og innmarksbeite. Bruket vil eigne seg godt for mellom anna husdyrhald, sjølv om det må påreknast oppgraderingar i bygningsmassen. Eigedomen har over 35 daa dyrka jord, og er difor omfatta av buplikt etter konsesjonslova 5. Frå ei verdivurdering som låg ved konsesjonssøknaden i 2011 vart husa på eigedomen skildra som følgjer: Driftsbygningen og våningshuset er av eldre dato, men godt vedlikehaldne. Våningshuset (ca 90 m2), sist restaurert 1970, har stove, kjøken, soverom og bad. Kjøkenet og badet vart modernisert i 1995. Kjellaren er kaldkjellar utan innreiing. Loftsetasjen er på ca 60 m2. Totalt er standarden til våningshuset grei, med det ein kan kalle eit hyttepreg, då huset i mange år har vore nytta til fritidsformål. Driftsbygningen på ca 120 m2, er frå 1930 og har ikkje vore i bruk sidan 1950, då drifta blei nedlagt. Fjøsdelen er ominnreidd med tanke på meir sosiale samlingar. Ny drift vil krevje større påkostnad. Elles er der stabbur og ei hytte/leikestove på bruket. Eigedomen har beiterett, jaktrett, støylsrett, samt fiskerett og fallrett i Storelva. Jan Roar Fløttre er no pensjonert, men ynskjer ikkje å flytte til garden. Han bur i Bærum og brukar huset til feriebustad. Han tok over eigedomen på odel etter far sin, som også leigde ut jorda i si tid. Eigedomen har i fleire tiår vore brukt til feriebustad. Då Jan Roar Fløttre tok over opplyste han at han ikkje hadde erfaring med jordbruksdrift, og at det ikkje kom til å bli endringar i korkje bruk, busetting

eller drift når han overtok. Vidare fekk far hans bruksrett ut si levetid. Han er no gått bort. Søknaden om konsesjon i 2018 vart diverre forlagt, og det har teke tid før den vart behandla. Eg er lei for dette. I søknaden er bygningane klassifisert som i dårleg teknisk stand, men unnatak av hytta/stabburet som er i middel stand. Søkjar har i tillegg lagt fram personleg tilknyting til eigedomen. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen direkte. Ved at søkjar ikkje bur i kommunen får ikkje kommunen skatteinntekter, men har heller ikkje utgifter på andre område. Rådmannen si vurdering Søknaden vert behandla etter konsesjonslova 9, der det står: «Ved avgjørelsen av søknad om konsesjon for erverv av eiendom som skal nyttes til landbruksformål skal det legges særlig vekt på: 1. om erververs formål vil ivareta hensynet til bosettingen i området, 2. om ervervet innebærer en driftsmessig god løsning, 3. om erververen anses skikket til å drive eiendommen, 4. om ervervet ivaretar hensynet til helhetlig ressursforvaltning og kulturlandskapet.» Punkt 3 skal ikkje vurderast i saker der nær slekt søkjer konsesjon fordi dei ikkje skal oppfylle buplikt. I slike saker skal det i tillegg til første ledd nr. 1, 2 og 4 mellom anna leggjast vekt på kor stor egedomen er, kva avkastingsevne han har og kva hus der er. Søkjaren sin livssituasjon og tilknyting til eigedomen kan brukast som eit korrigerende moment. Vidare skal kommunen ikkje gjennomføre priskontroll etter 9a. Å gje konsesjon i denne saka ivaretek ikkje omsynet til busetting i området. Byrkjelo grunnkrins er ikkje av dei mest utsette, men det er likevel eit politisk ønskje at det skal bu folk i husa i Gloppen. Bruket har gode ressursar og ligg sentrumsnært til i eit av våre viktigaste jordbruksområde. Det er eit uheldig signal å la slike gardsbruk stå som feriebustad. I staden kunne eigedomen vere selt vidare til nokon som ønskjer å bu og drive. Ei god handheving av konsesjonslova er heilt avgjerande for å sleppe til dei som ynskjer å bu og drive på gardsbruk. Den driftsmessige løysinga vert vurdert som god. Arealet er leigd bort, og leigeavtalen er godkjend av kommunen. Driveplikta etter jordlova 8 er dermed oppfylt. Så lenge areala er i drift legg rådmannen til grunn at eigedomen sine arealressursar og kulturlandskap også vert tekne vare på. Eigedomen er ikkje av dei største, men eit godt brukande gardsbruk med god arrondering og korte driftsvegar. Huset krev nok oppgraderingar for å tilfredsstille dagens standard, men rådmannen vurderer det likevel ikkje som ubrukeleg i konsesjonssamanheng. Huset blir teke vare på og halde i relativt god stand, men truleg ikkje etter den standard vi har i dag til eit nytt hus. Det er heller ikkje uvanleg at bustadhus blir pussa opp når neste generasjon overtek. Fløttre bur ein del i huset i løpet av året. Søkjaren sin livssituasjon skal berre leggjast vekt på som korrigerande. Søkjaren er ikkje oppvaksen på eigedomen, men har tilknyting til staden gjennom bruk i ferie og fritid. Ei slik tilknyting kan ikkje kommunen leggje mykje vekt på sett opp mot dei andre omsyna i lova. Søkjaren har blitt pensjonist, og å starte eiga drift på bruket er ikkje aktuelt no. Han har heller ikkje ynskje om å flytte til eigedomen han har ei sterkare tilknyting til staden der han no bur. I utgangspunktet meiner rådmannen det er lite grunn til å gje fritak frå buplikta. Å ta over ein landbrukseigedom forpliktar. Dersom ein ikkje ynskjer å oppfylle desse pliktene, bør andre få sleppe til. Kommunen kan avslå søknaden om konsesjon. Då må eigaren selje garden vidare til nokon som

kan få konsesjon eller ikkje treng konsesjon. Då Jan Roar Fløttre søkte konsesjon fyrste gong i 2011, var han tydeleg på at han ikkje hadde planar om å flytte til eigedomen eller drive han sjølv. Kommunen gav likevel konsesjon med fem års utsett frist for tilflytting. Dette var uheldig. Når søkjaren ikkje har planar eller ønskje om å flytte til eigedomen, må kommunen vurdere varig fritak eller avslå søknaden. Truleg burde søknaden ha vore avslått. I staden vart problemet utsett. I mellomtida har Jan Roar Fløttre innordna seg på eigedomen og fått ei sterkare tilknyting til staden. Han var i kontakt med kommunen i god tid før fristen gjekk ut for å vurdere vegen vidare. Han ønskjer framleis å bruke eigedomen i Gloppen til feriebustad, og leige ut jorda. Kommunen må ta litt av ansvaret for at ein i utgangspunktet gav konsesjon med eit vilkår som vi visste søkjaren ikkje ville innfri. Om kommunen skulle avslå søknaden, burde vi ha gjort det med ein gong, i staden for å la søkjaren leve i uvissa i fem ekstra år. Rådmannen vil under tvil tilrå at søkjaren, som no er pensjonist, får konsesjon utan krav om buplikt ut si eigartid. Vedtaket vil då rydde opp i ei litt uheldig sak, men må ikkje føre til ein praksis der det blir lettare å få fritak frå buplikt.

Gloppen kommune Arkiv: FE-223 JournalpostID: 19/4875 Saksbehandlar: Knut Roger Berge Nesdal Saksnr. Utval Møtedato 044/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Støtte til sanitæranlegg på Myra Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet løyver kr 10.000.- til Åsen Vel til bruk av bygging av sanitæranlegg. Beløpet vert dekka av teneste 38500- andre kulturaktivitetar Saksutgreiing Bakgrunn for saka Myra er eit mykje besøkt nærturområde i Åsen, Sandane. I 2018 bygde Åsen Vel ei grillhytte i området som er svært mykje nytta av barnehagane og skulane. Andre brukarar er familiar som feirar fødselsdagar m.m. Med mykje besøk, har det meldt seg behov for toalett i området. Åsen Vel søker Gloppen kommune om 50.000,- til sanitæranlegg på Myra. Fakta i saka Åsen Vel har sett i gang bygging av kombinert sanitæranlegg og lager. Næringslivet (ved Bano), har stilt opp med baderomsmodul som har spart Åsen Vel for mykje pengar og arbeid. Sanitæranlegget vil bli kopla på kommunen sitt leidningsnett. Kommunen vil grave avløp frå Lyngvegen til kanten av trimløypa. Resten av gravinga og nedlegging av rør inn til sanitæranlegget, vil Åsen Vel ta sjølve. Økonomiske konsekvensar for kommunen Midlar til tiltaket kan takast frå kulturbudsjettet innanfor ramma kommunestyret har løyvd til MULTEK-utvalet. Rådmannen si vurdering Rådmannen meiner dette er eit flott tiltaket og ser at det er lagt ned mykje dugnadsarbeid i området over tid. Området er verdifullt for skulane og ålmenta og rådmannen ser at det er nødvendig med ei toalettløysing i området. Med avgrensa midlar vil ikkje rådmannen tilrå å løyve heile det omsøkte beløpet.

Gloppen kommune Arkiv: FE-223 JournalpostID: 19/7970 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 045/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Søknad om støtte til Sofjo Pride 2019 Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet viser til rådmannen si vurdering av søknaden, og avslår søknaden frå Sofjo Pride om støtte til Pride Sogn og Fjordane 2019. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Sofjo Pride søkjer Gloppen kommune om kr 15.000 i tilskot til Pride Sogn og Fjordane i Førde frå 14. til 16. juni i år. Sofjo Pride er ei forening som skal ha ansvar for arrangering og gjennomføring av Pride festival i Sogn og Fjordane. Fakta i saka Sofjo Pride skriv i søknaden: «For å markere og feire at kjærleiken og identitetar er ulike, ynskjer vi å lage ein stor folkefest. Det blir eit bredt program, og for å sikre at alle har moglegheit til å delta uansett økonomisk bakgrunn, treng vi økonomiske bidrag, gåverog sponsorar. Stadig fleire LHBT+ menneske flyttar frå distriktet og Sogn og Fjordane for å kunne vere den dei er og elske den dei ynskjer. Målet for Sofjo Pride 2019 vil vere å motvirke dette, det vil gje meir vekst i fylket vårt. Vi let oss inspirere av Bygdepride i Volda, som var ein stor suksess. Dei, og andre har vist at det går å få det til. Ein fersk rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne-og familiedirektoratet syner til at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsatt for hets og truslar. Dette er dobbelt såmykje som befolkninga ellers. Hovudarrangementet vert i Førde, men heile fylket vert invitert, Programmet vil innehalde panelsamtalar og debattar, konsertar, parade, quiz, konkurransar og mykje meir! Vi sjølve vil stå for mykje av dette, men vi har allereie samarbeidspartar som vil stå for nokre av arrangementa. Vi treng då økonomisk stønad for å realisere fleire av desse prosjekta. Målet er å lage ein folkefest der ein uansett bakgrunn, aldersgruppe eller økonomiske midlar kan delta på lik linje, lære noko nytt og feire saman.» Arrangementet har eit totalbudsjett på 215.000,-.

Økonomiske konsekvensar for kommunen Søknaden er altså på kr 15.000. Eit eventuelt tilskot må dekkast innanfor MULTEK-utvalet sitt budsjett, t.d. på teneste 38500 Andre kulturaktivitetar og tilskot. Rådmannen si vurdering I den økonomiske situasjonen Gloppen kommune er i, må vi etter rådmannen sitt syn prioritere arrangement i eigen kommunen. Rådmannen tilrår derfor ikkje å støtte søknaden, sjølv om formålet både er godt og prisverdig.

Gloppen kommune Arkiv: FE-223 JournalpostID: 19/7860 Saksbehandlar: Jan Kåre Fure Saksnr. Utval Møtedato 046/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Formannskapet Kommunestyret Trivselsskogen SA: Støtte til utkikksplattform på Holvikfossen - ny behandling Vedlegg i saka: 29.05.2019 Søknad om støtte til Fosseteater Rådmannen si tilråding Kommunestyret viser til rådmannen si saksutgreiing og vedtek at Gloppen kommune kjøper andelar i Trivselsskogen SA for inn til kr 250.000. Inntektene frå andelane skal brukast til fullfinansiering av utkikksplattforma på Holvikfossen. Kjøpet blir dekka av avsette midlar på prosjekt 32569 i 2019-budsjettet. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka 3. august i fjor søkte Trivselsskogen SA om eit kommunalt tilskot på 600.000 kroner til å bygge ei utkikksplattform «eit fosseteater» på Holvikfossen ovanfor Sandane sentrum. Fakta i saka Rådmannen la først til grunn å behandle denne som ein del av 2019-budsjettet, men det vart ikkje gjort. Årsaka var dei store utfordringane vi hadde med å få i hop budsjettet. Trivselsskogen SA har sjølvsagt krav på å få behandla søknaden sin, og rådmannen seier seg lei for at det har gått så lenge før saka blir lagt fram. Rådmannen legg til grunn at også dei folkevalde i Gloppen har god kjennskap til Trivsesskogen på Sandane. Trivselsskogen vart utpeika til fylket sin kandidat i kåringa av Norges beste tursti. Dette vart markert i kommunestyret på julemøtet i fjor. Ved den endelege kåringa no i vår, kom Trivselsskogen til superfinalen (var mellom dei fem beste), men nådde ikkje heilt til topps. Dette viser at Trivselsskogen har markert seg langt utover kommunegrensene, og anlegget blir trekt fram og får rosande omtale i mange samanhengar. Søknaden om tilskot til «Fosseteater» er omfattande, og inneheld også ein omtale av heile Trivselsskog-prosjektet. Søknaden følgjer saka. Om «Fosseteateret» skriv Trivselsskogen: «Trivselsskogen SA har jobba mykje med å tilrettelegge stiane med tanke på å gjere dei trygge. Det

som gjenstår, er sikring i form av ei rampe med tilstøytande rekkverk på toppen av Holvikfossen som skal hindre personar i å falle ut for fossen. Denne sikringsinstallasjonen er og tenkt som eit utkikksplatå. Dette vil bli ein ny og spanande turist- og reiselivsattraksjon i Gloppen. I dag er sikringa mot 70 meter fall i fossen små bjørketre. ( ) Rampen «Fosseteater» vi søkjer støtte til vil sluttføre arbeidet i Trivselsskogen, og er kostnadsrekna til ca. kr 1.200.000,-. Vi søkjer med dette om støtte frå Gloppen kommune til halvparten av denne summen, dvs kr 600.000,-. Installasjonen «Fosseteater» vil ikkje medføre store naturinngrep på Holvikfossen og ein vil ikkje røre sjølve fossen. Installasjonen vil ligge på venstre side framover mot kanten der ein i dag går for å kome ut på kanten. Den består av stålramme med gitter i golvet og glasrekkverk rundt. Det skal kun støypast 2 fundament som rampen skal ligge på. Denne skal fraktast på plass med helikopter. Det er Norconsult AS i Sogndal som prosjekterer, og Veidekke Entreprenør AS som vil utføre arbeidet med Fosseteateret. ( ) Budsjett Aktivitet Beløp Prosjektering 300 000 Rampe/innstallasjon 600 000 Fundamentering/montering 300 000 Totalt 1 200 000 Målet vårt er at både fastbuande og turistar skal nytte turområdet, og vi håper på 50.000 besøkande pr år når dei to utsiktspunkta på Utsikten og Holvikfossen står ferdig.» Utsiktspunktet på Utsikten er nesten gjort ferdig etter at søknaden vart skriven. Meininga er at lokalt næringsliv skal dekke halvparten av kostnaden med «Fosseteateret», altså 600.000 også på dei. Arbeidet med å samle inn desse pengane er i gang. Økonomiske konsekvensar for kommunen Søknaden gjeld 600.000 kroner. Frå før av har Gloppen kommune støtta Trivselsskogen med 250.000 frå næringsfondet. Rådmannen si vurdering Til liks med alle andre er rådmannen imponert over kva «gjengen» som står bak Trivselsskogen SA har fått til. Kommunen sitt bidrag så langt har vore lite når vi ser på kor mykje arbeid og kapital som er lagt ned. Rådmannen meiner derfor at vi bør prøve å imøtekome søknaden. Trivselshagen SA er eit samvirkeføretak med andelar. Eit kommunalt bidrag kan derfor vere kjøp av andelar, noko som opnar for at bidraget kan finansierast utanom drifta. Rådmannen sitt framlegg er derfor to-delt: 1. Kommunen kjøper andelar i Trivselsskogen SA for 400.000 finansiert av ubunde investeringsfond 2. Formannskapet gjev tilsegn om 200.000 frå næringsfondet i 2019 til «Fosseteateret». Det ubundne investeringsfondet til kommunen er ved årsskiftet 2018/2019 vel 1,3 mill. Vi har då dekka inn den ikkje-finansierte delen av aksjekjøpet i SFE i 2017 på nesten 5,7 mill. Rådmannen si tilråding Til formannskapet:

1. Formannskapet gjev Trivselsskogen SA tilsegn om kr 200.000 frå næringsfondet i 2019 til bygging av «Fosseteater» ved Holvikfossen 2. Formannskapet tilrår kommunestyret å løyve 400.000 kroner frå ubunde investeringsfond til kjøp av andelar i Trivselsskogen SA. Innbetalinga frå andelane skal brukast til bygging av «Fosseteater» ved Holvikfossen. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. Til kommunestyret: Kommunestyret løyver 400.000 kroner frå ubunde investeringsfond til kjøp av andelar i Trivselsskogen SA. Innbetalinga frå andelane skal brukast til bygging av «Fosseteater» ved Holvikfossen. Rådmannen får fullmakt til å gjere nødvendige budsjettendringar. Formannskapet si behandling 21.03.2019 Framlegg frå Venstre, framlegg frå Bjarte Gangeskar, Venstre Søknad om kommunal støtte vert avslått. Støtte frå næringsfondet vert ikkje vurdert før det ligg føre eit gyldig byggjeløyve og ei realistisk finansieringsplan. Framlegg frå SD, framlegg frå Gunnvor Sunde, Samfunnsdemokratane Søknad om kommunal støtte til Trivsesskogen blir avslegen med bakgrunn i den økonomiske situasjonen i Gloppen. Revidert framlegg frå Bjarte Gangeskar (V) og Gunnvor Sunde (SD): Søknaden om kommunal støtte til Trivselsskogen blir avslegen med bakgrunn i den økonomiske situasjonen i Gloppen Støtte frå næringsfondet vert ikkje vurdert før det ligg føre ein realistisk finansieringsplan. Det var gruppemøte. Framlegg frå Arnfinn Brekke og Leidulf Rygg Bogstad (Krf), Bernt Reed (Sp) og Audun Mundal (uavhengig): Formannskapet gjev Trivselsskogen SA tilsegn om kr 150.000 frå næringsfondet i 2019 til bygging av «Fosseteater» ved Holvikfossen. Det vart røysta slik: 1. Pkt 1 i framlegget frå Bjarte Gangeskar og Gunnvor Sunde, som vart samrøystes vedteke. 2. Alternativt mellom - pkt 2 i framlegget frå Bjarte Gangeskar og Gunnvor Sunde som fekk 5 røyster og - framlegget frå Arnfinn Brekke m/fl. som fekk 4 røyster. Formannskapet sitt vedtak f-sak 29/19 1. Søknaden om kommunal støtte til Trivselsskogen blir avslegen med bakgrunn i den økonomiske situasjonen i Gloppen 2. Støtte frå næringsfondet vert ikkje vurdert før det ligg føre ein realistisk finansieringsplan. Pkt 1 vart samrøystes vedteke, medan pkt 2 vart vedteke med fem røyster. --- Ny behandling av saka Etter avslaget i formannskapet har Trivselshagen SA arbeidd med alternativ finansiering av prosjektet og greidd å skaffe 800.000 kroner frå næringslivet og privatpersonar. Med ein kostnad på mellom 1,2

og 1,3 mill. kroner, manglar då om lag 500.000 på fullfinansiering. 250.000 av dette vil Trivselsskogen skaffe med ytterlegare bidrag frå private. Den reviderte søknaden til kommunen er no på kr 250.000,-. Rådmannen si vurdering Rådmannen er framleis positiv til å støtte prosjektet, og vil tilrå at kommunen løyver midlane det er søkt om. I investeringsbudsjettet er det på prosjekt 32569 småprosjekt kultur og næring sett av 500.000, med denne omtalen: «Midlane er tenkt til m.a. inventar til biblioteket på Byrkjelo, nye informasjonstavler på vegane inn mot Gloppen, Trivselskogen og andre mindre tiltak som er i grenseland mellom drift og investering. Løyvinga er ein rund sum som kultur- og næringssektoren disponerer.» Sidan dette er investeringsmidlar, kan desse ikkje gjevast som tilskot, men det kan kjøpast andelar for midlane. For Trivselsskogen SA blir dette «ett fett». Rådmannen tilrår at kommunen kjøper andelar i Trivselsskogen SA for inntil 250.000, og at midlane blir øyremerka til bygging av utkikksplattforma på Holvikfossen.

Gloppen kommune Arkiv: FE-231 JournalpostID: 19/7967 Saksbehandlar: Kjell Petter Solhaug Saksnr. Utval Møtedato 047/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Kommunestyret Nytt gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova Vedlegg i saka: 29.05.2019 Forslag til nytt gebyrregulativ 29.05.2019 Gjeldane gebyrregulativ for 2019 Rådmannen si tilråding Kommunestyret godkjenner vedlagde framlegg til nytt gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonar. Regulativet gjeld frå 1. juli 2019, og frå same dato blir dagens regulativ oppheva. Saksutgreiing Frå tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka Arbeid etter plan- og bygningslova (pbl) er eit sjølvkostområde og då skal utgifter og (inntekter) gebyr gå i balanse. Gjennomgang av dette sjølvkostområdet syner ein ubalanse, og denne saka omhandlar eit revidert gebyrregulativ for å justere på denne skeivheita. Gjennomgangen av regulativet er også varsla i budsjettarbeidet for 2019. Fakta i saka Gloppen kommune har i dag eit omfattande (6 sider) gebyrregulativ for arbeid etter pbl. Etterkalkyler syner at dekning for oppmålingsarbeid er på 39 % og for byggesaker er dekninga på 38,6 %. Det ligg ikkje føre eit kommunestyrevedtak om kva inndekning kommunen skal ha på disse sjølvkostområda, men uansett syner etterkalkylen at talla er for lave. Gjeldane gebyrregulativ er omfattande og detaljert bygd opp. I dette ligg det at regulativet er delt på type bygningar (t.d. bustadbygging, andre nybygg, andre tiltak industri/lagerbygg, kontor og forretningsbygg osv.) og så der det vidare delt opp i ulike tiltaksklassar (1-3). Det er for detaljert på enkelte område, samtidig som det ikkje tar opp i seg det ekstraarbeidet som er ved enkelte type saker, t.d. dispensasjonssaker. Forslaget til nytt gebyrregulativ er forenkla og mykje bygd opp rundt kvadratmeter BRA. I tillegg er det gjort eit førearbeid, slik det er rekna ut enkelte stykkprisar på ulike tiltak. Økonomiske konsekvensar for kommunen Denne endringa av gebyr vil bidra til auka inntekter for kommunen, men det er ikkje råd å talfeste dette då omfanget av byggesaker er uvist.

Rådmannen si vurdering Rådmannen har ikkje gjort noko arbeid med å samanlikne byggesaksgebyra for våre nabokommunar. Dette fordi at etterkalkyla syner at det ikkje er samsvar mellom utgifter og inntekter (gebyr) og at det må settast i verk tiltak. I budsjettet for 2019 er det også tatt høgde for at gebyrregulativet skal justerast slik at det blir auka gebyrinntekter. Som nemnt tidlegare ligg det ikkje føre eit kommunestyrevedtak som seier kva inndekningsgrad disse sjølvkostområda skal ha. Slik rådmannen kjenner til er dette opp til kvar enkelt kommune å bestemme, men fram til ei slikt vedtak er på plass blir det sikta inn mot 100 % inndekning. Sidan inntektene heng saman med tal saker som kjem inn, og dette varierer frå år til år, må denne tilpassinga gå over nokre år. Tabellen under syner endringane mellom gamalt og nytt regulativ på eit utval av saker, og tabellen syner at det blir foreslått både auke og reduksjon av gebyr. Kolonne1 Gamal Ny Endring Liten einebustad 150 m2 7 460 10 000 34 Stor einebustad, 250 m2 7 460 14 000 88 Tomannsbolig, 250 m2 11 190 18 000 61 Bruksendring frå kontor til bustad, 300 m2 (1 eining) av 400 m2. 3 etasjar Bruksendring frå kontor til bustad, 300 m2 (4 einingar) av 1000 m2. 1 etasje 74 580 16 000-79 24 860 28 000 13 Landbruksbyggning, 500 m2 7 460 16 000 114 Landbruksbyggning, 100 m2 7 460 6 400-14 Bustadblokk, 12 bueiningar, 4 etasjar, 1000 m2 74 580 88 000 18 Kontorbygg, 1000 m2, Tiltaksklasse 2 37 290 44 000 18 Forslaget til nytt gebyrregulativ er bygd opp rundt eit rekneark, slik at kvar enkelt brukar kan lettare få fram ei samla oversikt over gebyr. Strukturen i reknearket ligg ved denne saka. Rådmannen konkluderer med at sidan dette er eit sjølvkostområde og inntektene er lågare enn utgiftene, har kommunen ikkje noko val i høve til å auke gebyra fram til eit ev. kommunestyrevedtak seier noko anna. Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet syner til rådmannen si saksutgreiing og legg endra gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonar ut på høyring. Høyringsfristen blir sett til 27. mai 2019. Vedtak i MULTEK-utvalet 16.05.2019, sak 33/19 MULTEK-utvalet syner til rådmannen si saksutgreiing og legg endra gebyrregulativ for arbeid etter plan- og bygningslova og lov om eigarseksjonar ut på høyring. Høyringsfristen blir sett til 27. mai 2019. Vedtaket var samrøystes.

Vidare behandling av saka Det kom ikkje inn merknader under høyringa. Rådmannen tilrår derfor at det utlagde framlegget til nytt regulativ blir vedteke, og at dette skal gjelde frå 1. juli 2019.

Gloppen kommune Arkiv: FA-L12, HIST-16/886 JournalpostID: 19/6978 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien Saksnr. Utval Møtedato 048/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Kommunestyret Detaljreguleringsplan for Søreide skuleområde - sluttbehandling etter mekling Vedlegg i saka: 21.05.2019 Føresegner - Søreide - revisjon B - 2019 21.05.2019 Plankart - revisjon B 16.05.2019 21.05.2019 Planomtale - Søreide - revisjon B 2019 08.05.2019 Meklingsmøte - Gloppen - Søreide skuleområde - detaljregulering Kort samandrag av saka Planen for omregulering av delar av tidlegare Søreide skuleområde til bustadformål vart behandla i MULTEK-utvalet i september 2018, etter den lovpålagte høyringsperioden. På grunn av motsegn frå fylkesmannen har det ikkje vore mogleg å legge planforslaget fram for sluttbehandling tidlegare. Motsegnene er nå trekte, og rådmannen legg planforslaget fram til godkjenning. Det er vist til nokre mindre vesentlege dokument i planomtalen som er tilgjengelege på saka, men som ikkje er lagde ved denne saksutgreiinga. Endringar i tekstdel og føresegner etter offentleg utlegging er vist med raud skrift. Rådmannen si tilråding Gloppen kommunestyre vedtek reguleringsplan for del av Søreide skuleområde med plankart, tekstdel og føresegner datert 16.05.2019. Tidlegare behandling av saka: Bakgrunn for saka LEO4 har utarbeidd framlegg til reguleringsplan for del av Søreide skuleområde. Formålet er omregulering til bustad, eventuelt kombinert med næring. Planen har ligge ute til offentleg gjennomsyn. Denne saka gjeld behandling av merknader og endringar av planframlegget fram mot endeleg godkjenning. Fakta i saka I samband med utlegging av planforslaget mottok kommunen følgjande merknader: Tore Gimmestad Dei ser positivt på utbygging av området, men meiner at utbygginga er for omfattande. Tjuavegen er ikkje dimensjonert for noko særleg større mengde biltrafikk enn det som alt er der i dag. Barna som bur i Tjuavegen brukar vegen til og frå skule og fritidsaktivitetar, og til leik og sykling på fritida. Meir trafikk vil føre til større fare for barna i området. Skal skogområdet bak Tjuavegen byggast ut, må det få eigen vegtilkomst. Dei ønskjer heller ikkje høge hus i området, då det vil føre til at dei mister sollys og utsikt. Dei er også redde for trafikkkaos på fv. 696 om fleire bilar og folk skal bruke vegen. Det er alt

for mykje trafikk på denne vegen i dag, og den er definert som farleg skuleveg. Mjuke trafikantar må gå denne vegen for å kome til Sandane der både barne-, ungdomsskule og vidaregåande skule er, i tillegg til fritids- og aktivitetstilbod. Andre alternativ til å kome seg til Sandane er der ikkje, utan at det vert lange omvegar. Bebuarane i Tjuavegen, Kenneth Kirkhorn, Jørn Roar Klokset, Finn Elvebakk, Åge Elvebakk, Randi Honningsvåg, Oddvar Bjørlo, Tore Gimmestad, Tore Støylen, Janne og Jan-Inge Sætre Dei er kritiske til trafikkanalysen og til vurderinga av barn og unge sine interesser i tekstdelen til planen. Merknaden er vedlagt. Oddvar Bjørlo Han er sterkt kritisk til trafikkvurderingane i plandokumenta og peiker på: i tillegg til Olav Hjelmeset sin aktivitet i grustaket på øvre Søreide er det stor trafikk frå steinbrotet på indre Søreide gjennom det farlege og uoversiktlege krysset ved Evebøfossen. Her er på- og avstiging for skulebussen, og det kan vere nestenulukker kvar dag i området. Her er mange som syklar og går på tur. Meir trafikk frå nye bueiningar vil gi større fare for alvorlege ulukker vegen frå skuleområdet er smal, og det er vanskeleg for to bilar å møtest. Situasjonen blir verre med auka biltrafikk og mange fleire syklande og gåande. Vegen blir ikkje breiare eller tryggare med fartsdump eller nedsett fartsgrense han meiner ein ikkje kan legge til grunn at private avkøyrsler skal kunne nyttast som møteplassar, slik det er argumentert for i plandokumentet når det gjeld Elvavegen snarvegane opp i Åsen som er lagt til grunn i plandokumentet meiner han i praksis ikkje kan reknast med. Dei eksisterer knapt nok, der er gjerde, ein må gjennom hagar og tun. Dette er private område Tjuavegen er altfor smal til å sette meir trafikk inn på. Han meiner vegen ikkje kan ta imot meir trafikk enn dei om lag 20 bilane som nyttar vegen i dag. Han peiker også på at vegen er nytta til leik og aktivitet for ungane i området, og for Nygård barnehage støy og trafikk frå store bilar, maskiner og arbeidsfolk i ein byggeperiode som er heilt uvisst kor lenge vil vare. Det blir krevjande for alle som bur i området. Elles meiner han omtalen av friområdet som blir foreslått omregulert er feil. Synfaring er gjennomført på tidspunkt då borna var i barnehage eller på skule. Utanom desse tidene er området mykje brukt. Han stiller spørsmål ved kor borna skal leike dersom dette området blir bygd ned, og meiner leikeområdet i planen er altfor lite. Han er også kritisk til nye hus på tre etasjar, når dei som bur i området frå før har stramme føringar på høgde og utsjånad. Eventuelle nybygg bør ha maks to etasjar, og byggast i same stil som øvrig bygningsmasse. Statens vegvesen Dei har ingen kommentarar til trafikkvurderinga som konkluderer med at krysset mellom fv. 696 og kommunal veg har tilfredsstillande utforming, men meiner nedsett fartsgrense på kommunevegen må supplerast med fysiske tiltak, som t.d. fartshumper. Fylkesvegen har ikkje gang- og sykkeltilbod, og er i tillegg så smal at den ikkje er eigna for å gå eller sykle. Dei meiner difor at det er svært viktig at det blir lagt opp til at skulevegen blir basert på skuleskyss. Det må då leggjast til rette for at det er eigna plassar for bussen å stoppe, samt for reisande å vente. Det må difor setjast rekkjefølgjekrav om at før det vert gjeve løyve til å bygge nye bygg i reguleringsområdet må det vere etablert haldeplass for buss på begge sider av fylkesveg 696. Haldeplassen skal vere i samsvar med handbok N100 «Veg og gateutforming». Det er også aktuelt med ei gjennomføringsavtale her. Fylkesmannen Dei fremmar motsegn til planforslaget med bakgrunn i at:

1) Interessene til barn og unge er ikkje tilstrekkeleg ivareteke i planforslaget. 2) Universell utforming er ikkje tilstrekkeleg ivareteke i planforslaget. 3) Temaet støy er ikkje tilstrekkeleg ivareteke i planforslaget. Merknaden er vedlagt. Endringsframlegg frå tiltakshavar Deira førsteprioritet vil uansett vere ombygging og bruksendring av eksisterande bygningsmasse. Eventuell utbygging av nytt areal vil truleg vere mange år fram i tid. Dei vil difor imøtekome merknadene frå naboane og fylkesmannen ved å trekke område BKS1 ut av planen. Tiltakshavar har fått gjennomført støymåling. Denne viser at berekna verdiar ligg om lag 10dB over målte verdiar, og at kulesmell ikkje er dimensjonerande for støyen i planområdet. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen direkte konsekvens. Rådmannen si vurdering Rådmannen oppfattar det slik at det aller meste av merknadene, inkludert motsegnsvarsel frå fylkesmannen, er knytt til utbygging av skogsområdet som i dag i hovudsak er regulert til friområde, eller «fellesareal med eksisterande vegetasjon» som det står i føresegnene til gjeldande plan. Når tiltakshavar ber om at denne delen blir trekt ut av planen, og i tillegg har gjennomført naudsynt støymåling som «friskmelder» attverande byggeområde, bør det meste vere avklara. Det er likevel eitt par punkt som må kommenterast særskilt: Fylkesmannen seier i sin merknad: Etter vår vurdering må det vera ein føresetnad at det blir etablert gang- og sykkelveg til området, dersom det skal opnast for nye bustadeiningar her. Rådmannen er ikkje samd i denne vurderinga når det gjeld gjenbruk/bruksendring av eksisterande bygningsmasse, sjølv om eg er samd i at det er sterkt ønskeleg. Det er framleis uvisst når fylkeskommunen vil sette i gang arbeidet med fortau langs fv. 615 Sørstrandsvegen, og det føreligg ingen planar om gang- og sykkelveg langs fv 696 Søreidsvegen. Det ligg føre tankar om ein gangveg mellom Søreidsvegen/Eidsvegen og Åsavegen, men då dette førebels er på tankestadiet, er prosjektet endå usikkert. Det har i mange år vore gitt løyve til etablering av nye bueiningar i Bukta, utan spesifikke plankrav. Ut frå tidlegare bruk av bygningane i planområdet og kommunen sin praksis meiner rådmannen at rekkefølgekrav knytt til manglande gang- og sykkelvegar som vil innebere store ekstrakostnader for tiltakshavar vil vere urimeleg. Vidare bruk av eksisterande bygningsmasse er fornuftig for å hindre forfall, og då vil ei opning for å konvertere bygga til bustadformål vere naudsynt. Fleire har kommentert krysset fv 696 Søreidsvegen/kv Øvre Søreide/kv Fossevegen, og vegvesenet har særleg uttalt seg om busstoppen i området. Rådmannen oppfattar at rekkefølgjekravet vegvesenet har teke til orde for er knytt til nye bygg i planområdet, og heller ikkje vil vere eit krav frå deira side når utbyggingsomfanget nå er vesentleg redusert. Rådmannen er likevel samd i at dette er eit område det kan vere behov for å sjå nærare på, men tenkjer at det vil vere meir aktuelt som eiga sak og ikkje nødvendigvis knytt til bruksendring av eksisterande bygg i planområdet. Det same vil då kunne gjelde fartsreduksjon og fysiske tiltak langs kommunal veg. Rådmannen vil følgje dette opp i samband med trafikktryggingsplanen. Vidare behandling av plansaka: Det å ta område BKS1 ut av planen er ei enkel sak i plankartet, men inneber også vesentlege endringar både i tekstdel og reguleringsføresegner. Tiltakshavar har førebels ikkje gjennomført desse endringane. Dersom MULTEK-utvalet er samd i tilrådinga, vil saka bli sendt fylkesmannen for endeleg avklaring opp mot motsegnsvarselet før den blir lagt fram for kommunestyret.

Dette er ei heilt sentral avklaring med tanke på saksgangen fram mot endeleg godkjenning av planen. Som orientert om tidlegare har rådmannen grunn til å tru at fylkesmannen vil trekkje motsegna, og at kommunestyret dermed kan vedta planen på vanleg måte. Det beste ville då vere at plandokumenta blir retta opp før kommunestyret vedtek planen, men det må avklarast med tiltakshavar kva for konsekvensar det vil få for deira vidare framdrift. Det vil også vere mogleg å tenkje at rådmannen får fullmakt til å godkjenne ordlyd/utforming av endringane etter kommunestyret sitt vedtak. Dette vil rådmannen kome tilbake til i saka til kommunestyret. MULTEK-utvalet 06.09.2018 Behandling Avd.ing. Bjørn Aurlien vart til stades under behandling av saka. KULT- 088/18 Vedtak MULTEK-utvalet er samd i endringane som er foreslått etter høyringa av detaljreguleringsplan for del av Søreide skuleområde, som inneber at område BKS1 blir teke ut av planforslaget, og tekstdel og føresegner justert tilsvarande. Vedtaket var samrøystes. Vidare behandling av saka Rådmannen sendte MULTEK-utvalet sitt vedtak til fylkesmannen, og ba om at motsegna vart trekt. Fylkesmannen ga eit førebels svar på dette, der dei mellom anna ga uttrykk for at det var krevjande å vurdere endringane, sidan plankart og tekstdel med føresegner ikkje var oppdaterte. Dei signaliserte likevel at nokre av motsegnsvarsla kunne trekkast på visse vilkår, men opprettheldt motsegn knytt til manglande gang- og sykkelveg til området. Etter dialog med plankonsulent mottok kommunen forslag til reviderte plandokument sist i oktober 2018. Desse vart sende fylkesmannen som førebuing til dialogmøte og synfaring, der formålet etter fylkesmannen sitt ønskje var å avklare om det framleis var behov for formell mekling. Møtet vart halde 6. desember, og i si tilbakemelding 20.12.2018 gjorde fylkesmannen det nok ein gong klart at dei heldt fast på motsegn knytt til rekkefølgjekrav som sikrar etablering og etableringstidspunkt av gang- og sykkelveg. Dei hadde vidare følgjande kommentarar til dei reviderte plandokumenta: Me vurderer at støy framleis ikkje er godt nok ivareteke i planen. Det må fastsetjast konkrete støykrav og -grenser. I punkt 3.11, 4.2 og 7.2 er det vist til T1442 som er ei retningsline for støy. Retningslina må følgjast opp med konkrete føringar i reguleringsplanen. Alt uteareal ligg i raud støysone. Det er ikkje støykrav knytt til uteareal. Det er ikkje gjort støymålingar og vurdert korleis ein skal sikra støy tilfredsstillande for leikeområde eller andre uteareal. Me er kjent med at folk busette nær planområdet har klaga på støy frå skytebana. Støy er ei stor folkehelseutfordring. Kommunen må leggja til rette for å redusera støy og unngå å byggja seg inn i ytterlegare støyproblematikk i området ved ikkje å stilla konkrete krav i reguleringsplanen. Under føresetnad av at kommunen følgjer opp utfordringane knytt til støy i området, vil me trekkje motsegna knytt til støy. Sidan dialogmøtet ikkje førte fram, vart det gjennomført mekling mellom fylkesmannen si miljøvernavdeling og kommunen i mars 2019. Meklinga resulterte i at fylkesmannen trakk motsegna. Referat frå meklingsmøtet ligg føre i form av brev frå fylkesmannen datert 07.05.2019, som er vedlagt.

Rådmannen si vurdering Rådmannen er sjølvsagt nøgd med at meklinga førte fram, og at kommunen har fått aksept for våre lokale vurderingar. Rådmannen registrerer at støy ikkje er tema i det siste brevet frå fylkesmannen, og legg då til grunn at også deira krav frå desember 2018 formelt er fråfalt. Rådmannen har likevel funne grunn til å sjå nærare på dette temaet: Nordplan sitt plankart var, når det gjalt støy, basert på støysonekartlegginga i 2009. I standard støysonekartlegging er det støyverdiar fire meter over bakken som blir vist. Sweco har oppdatert si støyvurdering, som viser at støysone 1,5 m over bakken har vesentleg lågare verdiar. For uteområde er det denne som er mest relevant. Det er i tillegg gjort berekningar av støy på fasade. Det er også gjennomført støymåling, som viser at reelle verdiar er endå lågare enn dei den reviderte berekninga kom fram til. I samråd med Nordplan har rådmannen kome fram til at det er grunnlag for å endre støysona som ligg i plankartet, og justere tekstdel og føresegner tilsvarande.

Gloppen kommune Arkiv: FA-L12, PLANID- 201602, PLANNAVN- Sande Industriområde, HIST-16/1357 JournalpostID: 19/7199 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien Saksnr. Utval Møtedato 049/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Kommunestyret Detaljreguleringsplan for Sande industriområde Vedlegg i saka: 19.11.2018 Planomtale og ROS-analyse Sande - revidert november 2018 21.11.2018 Føresegner Sande - revidert november 2018 20.04.2018 Reguleringsplan datert 5. april 2018 Kort samandrag av saka Rådmannen tilrår at privat reguleringsplan for utviding av Sande industriområde blir vedteken. Det blir foreslått nokre endringar og suppleringar i plankart og føresegner etter at planforslaget har vore på høyring. Plandokumenta som er vedlagde denne saka er ikkje justert i samsvar med tilrådinga. Rådmannen si tilråding Gloppen kommunestyre vedtek detaljreguleringsplan for Sande industriområde med desse endringane: Tillegg til reguleringsføresegnene 2.2.2: Tømmertransport og anna arbeid på heile industriområdet, herunder all type Iasting/Iossing på kai, arbeid med tømmerbil, alarmgivande arbeid (ryggealarm bilar) samt anna støyande arbeid med anlegga, skal planleggjast slik at det er mogleg å halde seg innafor fastsette støygrenser. Det er likevel opning for at støygrensene kan bli brotne inntil 5 ganger i året, t.d. for å sluttføre ei lasting som er igangsett, eller når det av andre årsakar blir tvingande nødvendig å laste på ukurante tidspunkt. Men slik aktivitet skal likevel aldri foregå i tidsrommet mellom 23.00 og 07.00. Dei aktuelle situasjonane skal varslast på førehand til berørte eigedomar og kommunen. I føresegnene 4.1.2 skal det visast til TEK17 7-2 Det skal leggjast inn omsynssone for rasfare på plankartet for industriområdet mellom tømmerkaia og eksisterande bebyggelse, inkludert på areal for utviding av kai. Ny 4.1.3 Rasfare, H320: Omsynssona skal reknast som aktsemdsområde for grunnbrot. Grave-, fylle- eller byggearbeid som kan innebere risiko for grunnbrot må ikkje setjast i verk utan at grunnforhold er undersøkt og tilfredsstillande stabilitet berekna. Dette gjeld også for tiltak som elles ikkje er søknadspliktige. Det er høve til å føre opp lette konstruksjonar innafor sona utan ytterlegare undersøkingar. Ny 2.1.14 Rekkefølgjekrav: Før det kan gjevast byggeløyve for tiltak som inneber nedbygging av dyrka mark, skal det leggjast fram plan som sikrar berekraftig etterbruk av matjorda. Døme på slik bruk kan vere påfylling for å betre kvalitet på eksisterande landbruksareal. Saksutgreiing

Bakgrunn for saka Sande Settefisk AS har utvidingsplanar som ikkje er råd å gjennomføre innafor eksisterande regulert næringsareal. Siv. Ark. Kjell Aage Udberg har på vegne av Sande settefisk AS utarbeidd forslag til ny reguleringsplan for Sande industriområde. MULTEK-utvalet vedtok på møtet 06.12.2018 å legge planframlegget ut til offentleg gjennomsyn. Fakta i saka Planendringa fører til omdisponering av 9 dekar fulldyrka jord som i dag er LNF-område i kommuneplanen. I tillegg er det foreslått nokre endringar innafor området som er regulert i dag. Dette er gjennomgått i tekstdelen til planen som er vedlagt. Planforslaget var utlagt på høyring omkring årsskiftet, med høyringsfrist 25. januar 2019. Kommunen mottok fem merknader: Bjarne Rygg og Hans Svein Sande Dei registrerer at småbåthamna som ligg i eksisterande plan ikkje er vidareført, og meiner dette er uheldig. Dei er samde i at prosjektet i dagens plan er for stort, men meiner ei nedskalert hamn med plass til 6-8 båtar bør vidareførast i planen. Tove Marie Rygg, Bjarne Rygg, Tor Bjarte Rygg, Vidar Rygg, Siv Øiestad Rygg, Ragnhild Rygg, Arild Arnestad, Aud Lothe, Eirik Alf Rygg, Hans Svein Sande, Liv Henny Frøyen, David Rygg, Malvin Sande, Oddvar Rygg, Margreta Melheim, Jan Wiggo Rygg Det har dei seinare åra vore mykje konflikt mellom Vestskog SA og bebuarane på Rygg og Sande, knytt til støy om natta frå tømmerkaia på Sande. Dei viser til rådmannen si utgreiing om dette i saka om utlegging av planen, men meiner føresegnene pkt. 2.2.2 er uklare og vil føre til meir konflikt. Punktet legg til rette for planlagt tømmeraktivitet om natta, noko dei meiner ikkje er i samsvar med Sweco sine konklusjonar, og ikkje bør aksepterast. Dei foreslår følgjande justering av punktet: Tømmertransport og anna arbeid på heile industriområdet; herunder all type Iasting/Iossing på kai, arbeid med tømmerbil, alarmgivande arbeid (ryggealarm bilar), samt anna støyande arbeid med anlegga, skal planleggjast slik at det er mogleg å halde seg innafor fastsette støygrenser. Det er likevel opning for at støygrensene kan bli brotne inntil 5 ganger i året, t.d. for å sluttføre ei lasting som er igangsett, eller når det av andre årsakar blir tvingande nødvendig å laste på ukurante tidspunkt. Men slik aktivitet skal likevel aldri foregå i tidsrommet mellom 2300 og 0700. Dei aktuelle situasjonane skal varslast på førehand til berørte eigedomar og kommunen. Nye Vestland fylkeskommune Dei viser til regional plan for vassforvalting, som skal leggjast til grunn for kommunal planlegging. Planen og utbygginga kan påverke vassførekomstane Gloppefjorden og Ryggelva. Det er eit minimumskrav at utbygging eller ny arealbruk ikkje fører til at tilstanden av vassførekomsten blir dårlegare, eller at risikoen for at vassmiljømål ikkje blir nådd aukar. NVE Dei meiner fare for områdeskred av kvikkleire ikkje er tilstrekkeleg utgreidd, og fremjar motsegn mot planen. Utgreiinga som følgjer planen er ikkje i samsvar med NVE sin vegleiar, og manglar også uavhengig kontroll. Vidare kommenterer dei vurdering av flaumfare, og at føresegn til omsynssone H320 bør vise til TEK17 7-2 og ikkje 7-3. Dei er også usikre på om vurderingane knytt til flaum frå elva er gode nok, og rår difor til at det blir laga ein fagkyndig rapport om flaumfaren frå elva. NVE sin merknad vart sendt til plankonsulent. Sunnfjord Geo Center som har vurdert stabiliteten i planområdet har justert sin rapport meir opp mot NVE si rettleiing, og fått VSO Consulting til å gjennomføre uavhengig kontroll. Dei korrigerte dokumenta vart sendt NVE for ny vurdering. NVE har

i møte med kommunen og i skrifleg merknad gjort det klart at dei framleis ikkje er heilt nøgd med utgreinga, men NVE og kommunen har saman kome fram til justeringar som gjer at dei kan fråfalle motsegna. Deira vilkår er: Innarbeide byggegrense nedafor eksisterande bebyggelse Innarbeide omsynssone for ras og skredfare for område der det ikkje er gjennomført stabilitetsberekning Knyte føresegn til omsynssona der det blir sett forbod mot tiltak som kal påverke områdestabiliteten. Fylkesmannen i Vestland Fylkesmannen skal samordne dei statlege merknadene, og fekk difor utsett høyringsfrist på grunn av dialogen mellom kommunen og NVE. Dei legg til grunn at planen blir justert i samsvar med NVE sine vilkår, og har elles ikkje funne grunn til å vurdere deira motsegn nærare. Båthamna i gjeldande plan ligg i gruntområde i sjø. Dei meiner tømmerkaia er uheldig plassert med omsyn til Ryggelva og gruntområdet nordvest for denne. Men sidan dette er ei eksisterande kai meiner dei utvidingane som er vist kan aksepterast. Dei ser det derimot som positivt at småbåthamna ikkje blir vidareført. Dei ber kommunen vurdere om det er tydeleg nok i kva område og når sttøyføresegnene gjeld, og er noko skeptisk til setninga «eller når det av andre årsakar blir tvingande nødvendig å laste på ukurante tidspunkt.» Dei aksepterer at her kan vere så store samfunnsverdiar knytt til utvidingsplanane for fiskeanlegget at landbruksverdiane må vike, men oppmodar samtidig om at alternativ plassering blir vurdert slik at utvidingsarealet kan avgrensast. Etterbruk av matjord kan vere eit viktig avbøtande tiltak ved omdisponering. Dei oppmodar om at dette blir vurdert i samråd med landbruksforvaltinga i kommunen, og sikra gjennom rekkefølgekrav i føresegnene. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen konkrete knytt til planarbeidet. Rådmannen si vurdering Rådmannen ønskjer ikkje å imøtekome merknad om vidareføring av småbåtanlegg. Området er langgrunt, noko som mest truleg betyr at det må gjerast ein god del mudringsarbeid og anna anleggsarbeid i fjæra for å få eit småbåtanlegg på plass. Det er ikkje vurdert gjennom grunnundersøkingane om dette kan påverke stabiliteten i området, og det vil då også vere i strid med merknad både frå NVE og fylkesmannen. Rådmannen må gi naboane rett i at mitt forslag til tillegg til 2.2.2 i føresegnene opnar for arbeid på natt. Dette er ikkje i samsvar med Sweco si tilråding i støyrapporten dei har utarbeida. Rådmannen meiner difor naboane si presisering kan takast inn i føresegnene. Rådmannen vil ikkje pålegge tiltakshavar ytterlegare krav om utgreiing knytt til flaumfare. Planlagt utbygging, som utløyste krav om ny reguleringsplan, vil ligge lenger frå elva enn eksisterande bebyggelse. I den grad det skulle vere behov for flaumsikring ut over den vollen som fylkesvegen representerer, vil det vere eit behov som ikkje spesifikt kan knytast til dette plan- og utbyggingsarbeidet. Då kommunen og NVE hadde møte om motsegna, foreslo kommunen at det kunne setjast byggegrense rett nedanfor eksisterande bebyggelse. Rådmannen er samd i at omsynsone kan vere eit minst like godt verkemiddel, men meiner både byggegrense og omsynssone er unødvendig. Rådmannen tilrår difor at det blir lagt inn omsynssone for rasfare med føresegner i planen. Endringane har vore lagt fram for NVE, men det har ikkje vore råd å få endeleg aksept og formell

trekking av motsegna før denne saka måtte skrivast. Tilbakemelding vil ligge føre før kommunestyret si behandling 19. juni. Rådmannen legg til grunn at Sande Settefisk AS har vurdert ulike alternativ for lokalisering før dei sette i gang det omfattande arbeidet ein ny reguleringsplan er. Det er difor lite aktuelt på dette tidspunktet i prosessen å bruke mykje energi på å vurdere alternativ plassering. Landbrukssjefen har stadfesta at det stadig finst behov for matjord innafor landbruket, anten i samband med dyrkingsprosjekt eller for å betre tilhøva på eksisterande landbruksareal. Rådmannen tilrår difor at fylkesmannen sin merknad knytt til etterbruk av matjord blir imøtekomen. Plandokumenta vil bli retta opp etter at kommunestyret har vedteke planen.

Gloppen kommune Arkiv: FA-L12, PLANID- 201209, PLANNAVN- Sandane sentrum, HIST-12/1257, HIST- 17/423 JournalpostID: 19/5143 Saksbehandlar: Bjørn Aurlien Saksnr. Utval Møtedato 037/19 MULTEK-utvalet 29.05.2019 050/19 Formannskapet 29.05.2019 050/19 MULTEK-utvalet 06.06.2019 Områdereguleringsplan for Sandane sentrum - behandling av merknader og ny utlegging Vedlegg i saka: 08.05.2019 Plankart datert april 2019 25.03.2019 Sandane sentrum - Tekstdel med føresegner 19.11.2018 Områdereguleringsplan Sandane sentrum - oppsummering av merknader Kort samandrag av saka I denne saka går rådmannen gjennom merknadene til områdereguleringsplan for Sandane sentrum, og foreslår endringar med tanke på ny utlegging. Rådmannen si tilråding MULTEK-utvalet vedtek med heimel i plan- og bygningslova 12-10 å legge forslag til områdereguleringsplan for Sandane sentrum ut til offentleg gjennomsyn. Saksutgreiing Bakgrunn for saka Forslag til områdereguleringsplan for Sandane sentrum var utlagt til offentleg gjennomsyn i september og oktober 2018. Det kom inn om lag 75 merknader frå privatpersonar, lag og organisasjonar og offentlege instansar. Fakta i saka Merknadene er referert i eige vedlegg. Økonomiske konsekvensar for kommunen Sentrumsplanen skal gi rammer for utviklinga i Sandane sentrum, både for kommunen og alle andre aktørar. Gjeldande plan er utdatert, og det er difor viktig å få nytt rammeverk på plass. Potensielt ligg her både eit betydeleg inntekts- og utgiftspotensiale for kommunen i planen, men dette er ikkje råd å konkretisere. Både tidspunkt for gjennomføring og storleik på kommunalt bidrag er avhengig av kva slags aktørar som kjem på banen og ønskjer å gjere noko i sentrum. Planen i seg sjølv kostar først og fremst ein heil del kommunal arbeidstid. Rådmannen si vurdering Rådmannen si vurdering er først og fremst ein gjennomgang av merknadene med forslag til kva som bør endrast og kva som ikkje bør endrast. Vurderinga er gjort tema- og områdevis, ikkje merknad for