Grovfôret åleine kan sjeldan gi ei god nok mineralforsyning til drøvtyggarar



Like dokumenter
Veterinærinstituttet Norwegian VeterfriItçIute

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag

Rapport prosjekt «høy til hest»

Utvikling i dyretall

Temamøte beite til sau September Kristin Sørensen, Landbruk Nord

Respons på fosfor til eng på fosforfattig jord

VitaMineral in.no norm

Mineralinnhald i blod hjå storfe på utmarksbeite sommaren 2014.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Kvalitetsutvikling i haustbeite - rapport til deltakande NLR-einingar

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Teknisk rapport og analyse av resultat frå Nasjonale prøvar i engelsk 2008

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

8. Museum og samlingar

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

Kulturhistoriske registreringar

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Lærarrettleiing 3. Grove kornprodukt

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Felles Landbrukskontor ÅLA. Tiltaksplan landbruk Handlingsplan for 2015 og 2016

Finansiering av dei offentlege fagskolane

Jordarbeidingsmetodar for korndominerte

Avlingsvurdering og fôrkvalitet. Tor Lunnan, Bioforsk Løken

Lærarrettleiing 1. Kornartane

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Forslag frå fylkesrådmannen

Kva er økologisk matproduksjon?

«Ny Giv» med gjetarhund

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

VESTNES KOMMUNE HELLAND SKULE 6390 VESTNES

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Lammedødelegheit - genetiske parametre

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Rapport Beite til sau og storfe

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Fra prosjektet: Mer og bedre grovfôr

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

ROS-analyse i kommuneplan

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Virkning av vitamin- og mineralmangel hos dyr og i fôr

Brukarkvotar i Transportordninga for funksjonshemma

Samansette tekster og Sjanger og stil

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Lønnsundersøkinga for 2014

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Nye krav til digital kompetanse i helse- og omsorgssektoren Fokus: Samhandlingsreformen. Sesjonsleiar

Kryddertimian (Thymus vulgaris), prøvedyrking

Grovfôranalyser, mineraler som korrigeringer til gjødslingsplan

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Fordeling av kommunale næringsfond og hoppid.no-midlar 2016

Mikromineral i gras etter overflatekalking av eng

Den nye seksjon for applikasjonar

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Handlingsprogram og økonomiplan

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

2. Privat forbruk. Årleg forbruk til kultur og fritid tredje størst. 20 Statistisk sentralbyrå

Verknaden av beitetilbod og kraftfôrtildeling på beiteopptak og mjølkeproduksjon. Resultat frå forsøk med gras/kvitkløverbeite

TRAFIKKTRYGGINGSPLAN FOR VIK KOMMUNE

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Transkript:

A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 Grovfôret åleine kan sjeldan gi ei god nok mineralforsyning til drøvtyggarar ASTRID JOHANSEN Planteforsk Kvithamar forskingssenter KARI LJØKJEL Felleskjøpet Fôrutvikling LEIDULF NORDANG, Felleskjøpet Fôrutvikling 13 Grønnkunnskap 23 Innleiing Det er vel kjent at innhaldet av ulike mineral i engvekstar kan variere mykje, avhengig av jord, klima, utviklingsstadium, planteartar og sortar, kalking og gjødsling. For å sikre at dyra får tilført mineral i høve til behovet har vi i Norge etterkvart ein lang tradisjon med å bruke kraftfôr som berar av mineral. Ofte er det sagt at kraftfôret inneheld nok mineralar til å dekke behovet for mjølkekyr til vanleg grovfôr dersom dyra får 2-3 kg kraftfôr per dag. Likevel finst det døme på at det kan verte for lite eller skeiv forsyning av mineral til dyra, også frå dei siste åra. Slike døme er mellom anna koparmangel som fylgje av høgt innhald av molybden i grovfôret (Bakken 1999) og låg lammetilvekst i sauebesetningar langs kysten på grunn av mangel på kobolt, kanskje også sink og kopar (Rivedal et al. 22). Sist, men ikkje minst kan nemnast at ei rekke dødsfall blant ammekyr i Trøndelag fôringssesongen 21/22 truleg hadde si årsak i mangel på fleire viktige mineral (Nybø & Lostuen 22). Vi ønskjer i denne presentasjonen å diskutere i kor stor grad dyra sitt mineralbehov vert dekt, anten frå grovfôret aleine eller saman med kraftfôr, og kor stor risikoen er for at forsyninga av viktige mineral kan vere mangelfull eller skeiv med vanlege fôrrasjonar til mjølkekyr. Ny kunnskap om innhald av mineral i grovfôret og nye tal for behovet av enkelte mineral aktualiserer å sjå på korleis det står til med mineralforsyninga på nytt. Også for produsentane av kraftfôr og tilskottsfôr er dette viktig, sidan den nye fôrlovgjevinga som kom med EØS-avtalen, i stor grad gir dei høve til sjølv å

14 A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 Grønnkunnskap 23 velje kva innhald av ulike mineral som høver til ulike formål. Som grunnlag for diskusjonen har vi sett nærare på både eldre og nyare prøveseriar av grovfôr frå ulike kantar av landet. Behov for mineralar Tal for dyra sitt behov for ulike mineral varierer ein del mellom land. Dette kan skuldast mange forhold, mellom anna korleis ein ser på sikkerheitsmargin. I dei siste tiåra har det vore ein del endringar i tilrådingane i fleire land. Vi har sett på norske (Harstad & Ekern 1999), svenske (Spørndly 1999), amerikanske (NRC 1989) og franske (INRA 1989) tilrådingar om mineraltilførsel til mjølkekyr. Særleg viktig er det å merke seg at behovet for kalsium er sett høgare i nyare tilrådingar enn i eldre slik at det til dels er stor skilnad mellom dei oppgitte kjeldene når det gjeld fastsetjing av behovet (Tabell 1). For fosfor er det relativt store skilnader med omsyn til behovet hjå kyr i tørrperioden, men for dyr i laktasjon er det godt samsvar mellom dei ulike kjeldene (Tabell 2). Behovet for magnesium, natrium, svovel, kalium, kopar, kobolt, sink, jern og mangan hjå drøvtyggjarar varierer lite mellom dei oppgitte kjeldene. Behovet for desse går fram av Figurane 1 og 2. For mikromineral kan ulike former for antagonisme auke behovet. Tabell 1 Behovstal for kalsium (g dag- 1 ) til mjølkekyr ved ulikt ytingsnivå etter ulike kjelder. Harstad & Ekern 1999 Spørndly 1999 NRC 1989 INRA 1989 Tørrperioden, slutten 3-35 47 36 4 1 kg mjølk 48 56 54 7 2 kg mjølk 73 82 86 15 3 kg mjølk 98 18 118 125 Tabell 2 Behovstal for fosfor (g dag- 1 ) til mjølkekyr ved ulikt ytingsnivå etter ulike kjelder. Harstad & Ekern 1999 Spørndly 1999 NRC 1989 INRA 1989 Tørrperioden, slutten 25-3 34 22 45 1 kg mjølk 4 38 36 4 2 kg mjølk 58 56 56 63 3 kg mjølk 76 74 75 7

A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 15 Datamateriale Det er tidlegare gjennomført ei rekke undersøkingar med siktemål å kartleggja mineralinnhaldet i grovfôr i ulike landsdelar. Kartlegginga har halde fram også dei siste åra, mellom anna av Landbrukets forsøksringar og rådgjevingstenesta i TINE. Planteforsk har på si side jamleg analysert fôrprøver for mineralinnhald som ledd i større analyseprogram. Vi har fått høve til å sjå nærare på eit utval av både nyare og eldre material som til saman representerer eit vidt spekter med omsyn til landsdelar, haustetidspunkt og botanisk samansetjing (Tabell 3). Med unntak av materiala M6 og M7 (Synnes & Øpstad 1995) er resultata ikkje tidlegare publisert. To av materiala gjeld ensilert gras (Materiale M4 og M5), dei andre er tørre grasprøver frå eng eller beite. Prøvene er analyserte med standard analysemetodar ved laboratoria til Jordforsk Landbrukets analysesenter (Ås), Kjemisk analyselaboratorium Planteforsk Holt (Tromsø) og SGAB Analytica (Luleå, Sverige). I nokre få høve er prøver halde utanom dei statistiske berekningane for einskilde mineral fordi verdiane var svært ekstreme. Jamt over er likevel berekningane gjort på grunnlag av talet på prøvar som er oppgitt i Tabell 1. Grønnkunnskap 23 Dekning av behovet for makromineral Hovudinntrykket frå tidlegare undersøkingar, om at variasjonen er stor når det gjeld innhald av makromineral i grovfôret, vert her styrka. For alle materiala sett under eitt var gjennomsnittleg innhald av kalsium og fosfor høvesvis 4, og 2,8 g kg tørrstoff- 1. I dei ulike materiala varierte derimot gjennomsnittstala i området 3,4 4,5 g kg tørrstoff- 1 for kalsium og 2,1 2,3 g kg tørrstoff- 1 for fosfor (Figur 1). Det var også stor variasjon innan dei ulike materiala, spesielt for kalsium. Dessutan var ingen av materiala fullstendig normalfordelte, slik at eit fleirtal prøver hadde verdiar under gjennomsnitta.

16 A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 Grønnkunnskap 23 Tabell 3 Beskriving av dei ulike datamateriala. Merke Kjelde Beskriving av materialet N Laboratorium M1 TINE Midt-Norge og Gras frå 1.slått, Møre- og Romsdal, 61 Jordfors k Rauma og Vestnes Sør-Trøndelag og forsøksring Nord-Trøndelag, 1997 M2 Jæren Forsøksring Sauebeite, Jæren 2-22 12 Jordfors k M3 Jæren forsøksring Gras frå 1. slått, Jæren 1997-1998. 4 Jordfors k Mest fleirårig raigras og timotei. M4 Planteforsk Vågønes Surfôr av engsvingel og timotei, 77 Holt Bodø 1987-89 M5 Planeforsk Vågønes 1.slått surfôr, Bodø og Tjøtta, 44 Holt og Tjøtta 1987-89. M6 Synnes & Øpstad Gras, Hordaland, Sogn- og Fjordane 135 Jordfors k (1995). 1993-94. M7 Synnes & Øpstad Gras, Møre- og Romsdal 125 Jordfors k (1995) 1993-1994 M8 Nordre Sunnmøre Prøver frå 1.slått, Vestfold, 28 SGAB forsøksring og Jæren, Sunnmøre, Trøndelag Analytica Planteforsk Kvithamar og Helgeland, 2-1, samt engsvingel og timotei frå beite på Sunnmøre 21. Vi har rekna på forsyninga av desse to minerala med høvesvis "gjennomsnittleg" og "lågt" innhald i grovfôret. Som "gjennomsnittleg" innhald har vi brukt verdiane frå materiale M1 (4,3 g Ca og 2,6 g P). Dette er prøver frå vanlege gardar i Midt-Norge. Vi har rekna med eit grovfôropptak på 1 kg tørrstoff à,93 FEm. Kraftfôret er eit vanleg FORMEL-kraftfôr med 7 g Ca og 5 g P per kg, og,93 FEm kg- 1 tildelt for å nå energidekning. I berekningane har vi brukt tilrådingane frå Sverige (Spørndly 1999) som grunnlag for å angje kor stor del av mineralbehovet som vert dekt. Ved å leggje gjennomsnittsverdiar av grovfôret til grunn må ein gje 8-9 kg kraftfôr for at behovet for kalsium og fosfor skal vere dekka (Figur 2). Til dyr som får mindre enn 2,5 kg kraftfôr må det tilførast rundt 15 g mineralblanding for å dekke behovet. Ved å rekne med gjennomsnittlege verdiar for grovfôret, vil ein akseptere at det i mange situasjonar ikkje er mineraldekning. I Materiale M1 var innhaldet av kalsium og fosfor høvesvis 3, og

A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 17 2,6 g eller lågare i om lag 1 % av prøvene. Med desse føresetnadene dekker ikkje rasjonen behovet for kalsium og fosfor før kraftfôrmengda er oppe i kring 14 kg. I dei lågaste ytingsgruppene må ein då tilføre kring 2 g mineralblanding for å dekke behovet. g/ kg tørrstoff 7 6 5 4 3 2 1 M1 M2 M3 M4 M5 M6 M7 Grønnkunnskap 23 Ca P Figur 1 Gjennomsnittleg innhald av kalsium (Ca) og fosfor (P) i prøver frå seks ulike prøveseriar av grovfôr frå ulike landsdelar. % dekning av behov 12 11 1 9 8 7 6 5 4 kg kraftfôr kg mjølk 1,2 2,4 3,6 4,9 6,1 7,3 8,6 9,8 11,1 12,4 13,614,9 1 12,5 15 17,5 2 22,5 25 27,5 3 32,5 35 37,5 4 4,3 g Ca/kg TS 2,6 g P/kg TS 3, g Ca/kg TS 2, g P/kg TS Figur 2 Dekning av kalisum (Ca) og fosfor (P) ved lågt innhald i grovfôret (3, g Ca og 2, g P kg tørrstoff- 1 ) og ved gjennomsnittleg innhald i grovfôret (4,3 g Ca og 2,6 g P kg tørrstoff- 1 ). Det er rekna med eit grovfôropptak på 1 kg tørrstoff à,93 FEm. Det er tildelt kraftfôr for å gi energidekning.

18 A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 Grønnkunnskap 23 Tala for innhald av magnesium og natrium viser at grovfôret ofte inneheld for lite av desse minerala til å dekke behovet til dyra (Figur 3). Gjennomsnittsverdiane ligg under behovstala i alle materiala. Innhaldet av natrium i grovfôret er ofte så lågt at det svarar til mindre enn 1% av dyra sitt behov. Også for svovel vil det vere underdekning i ein god del tilfelle. Det kan også vere verd å nemne at Bakken (1999) i sitt materiale frå Stjørdal fann at når innhaldet av svovel var lågt, var det gjerne også lite av fosfor, kalium, magnesium og kalsium. Slike samanhengar har vi ikkje rekna på her. Magnesium Natrium Mg (g/kgts) 4 3 2 1 M1 M2 M3 M4 M5 M6 M7 Na (g/kg TS) 8 6 4 2 Svovel S (g/kg TS) 5 4 3 2 1 Figur 3 Innhald av minerala magnesium, natrium og svovel (g kg TS- 1 ) som maksimums-, minimumsog middelverdiar i prøver frå ulike prøveseriar M1- M7 (sjå Tabell 1 for forklaring). Behovstal for minerala er vist med gjennomgåande horisontal strek i diagrammet. Dekning av behovet for mikromineralar gjennom grovfôret Behovet for mikromineral er i dei fleste kjeldene oppgitt som mg per kg grovfôrtørrstoff og det er difor ikkje nødvendig å rekne på forsyninga ved ulike avdråttsnivå. Sjølv om variasjonen er stor, ser det ut til at grovfôret oftast forsyner dyra med det dei treng av jarn og mangan (Figur 4). Einstaka prøver med ekstreme verdiar av desse minerala kan vere årsaka av

A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 19 forureining mellom anna frå mølla som er nytta til å male prøvene på. Slike feilkjelder gjeld også for sink. I dei materiala som her er presentert var likevel innhaldet av sink i langt dei fleste prøvene under det oppgitte behovet. I alle materiala der kopar og kobolt var analysert var gjennomsnittleg innhald lågare enn det som er tilrådd. Berre i to av materiala (M2, Beiteprøver frå Jæren og M7, Grasprøver frå Møre og Romsdal) var det prøver med koparverdiar høgare enn tilrådingane. Mangel på kopar kan difor vere eit meir utbreitt problem enn faren for koparforgiftning som helst er knytt til nokre innlandsområde. Det må likevel nemnast at behovet for kopar også må sjåast i samanheng med forsyninga av svovel og molybden. Dersom fôret inneheld lite av dei to andre minerala vert opptaket (absorpsjonen) av kopar høgare enn når innhaldet av svovel og molybden er høgt. I dei materiala der molybden var analysert låg dei fleste verdiane under deteksjonsgrensa (1,5 mg/kg tørrstoff). I andre høve er det som alt nemnt påvist koparforgiftning som fylgje av høgt molybdeninnhald i grovfôret (Bakken 1999). Biletet kan såleis vere meir mangfaldig enn det som materiala her er presentert kan tyde på. Grønnkunnskap 23 Fleire av materiala hadde koboltanalyser, men svært få av prøvene hadde verdiar over deteksjonsgrensa. Berre for to av materiala kunne ein såleis berekne gjennomsnitt og variasjonsbreidd (Figur 4). At forsyninga av kobolt er mangelfull er ikkje overraskande på bakgrunn av vel dokumenterte mangelproblem m.a. i mange sauebesetningar, slik det vart nemnt innleiingsvis.

11 A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 Grønnkunnskap 23 Fe (mg/kg TS) Jern 15 1 5 Mn (mg/kg TS) 3 25 2 15 1 5 Mangan Kopper Sink Cu (mg/kg TS) 25 2 15 1 5 M8 Zn (mg/kg TS) 7 6 5 4 3 2 1 Kobolt Co (mg/kg TS),2,15,1,5 M6 M8 Figur 4 Innhald av mikrominerala jarn, mangan, kopar, sink og kobolt (mg kg tørrstoff- 1 ) som maksimums-, minimums- og middelverdiar i prøver frå prøveseriane M1- M3, M6, M7 og M8 (sjå Tabell 1 for forklaring). Behovstal for minerala er vist med gjennomgåande horisontal strek i diagrammet.

A. Johansen et al. / Grønn kunnskap7(3):13 111 111 Oppsummering Grovfôret inneheld ofte for lite mineral til å dekke dyra sitt behov. Innhaldet av kalsium og fosfor varierer mykje og ved å bruke gjennomsnittstal risikerer ein mangelfull forsyning ved låge avdråttsnivå, særleg når grovfôropptaket er høgt. Både dei resultata som her er presentert, og det ein kjenner til frå andre undersøkingar gir grunn til å sjå nærmare på forsyninga av svovel, både i grovfôr og i totalrasjonen. Vidare ligg innhaldet av natrium ofte så lågt i grovfôret at det svarar til under 1% av behovet hos dyra, sjølv om det også er døme på svært høgt innhald av natrium. Materiala som her er presentert samsvarar godt med det som er funne tidlegare når det gjeld mikromineral. Det er spesielt forsyninga av kopar, sink og kobolt som er mangelfull. Både Felleskjøpet Fôrutvikling og Planteforsk ser det som ei viktig oppgåve å arbeide vidare med spørsmål som kan reisast på bakgrunn av det som her er presentert. Grønnkunnskap 23 Forfattarane vil rette takk til alle som har stilt datamateriale til vår disposisjon også dei som av ulike årsaker ikkje er tatt med i denne presentasjonen. Litteratur Bakken, A.K. 1999. Høgt molybdeninnhald i grovfôret som årsak til kopparmangel hos drøvtyggjarar eit marginalt eller lite påakta problem? Rapport frå undersøking av mineralinnhald i 1. slåtten på 12 bruk i Stjørdalsdistriktet 14. 16. juni 1999. Harstad, O.M. & Ekern, A. 1999. Fôring av mjølkekyr. I: K. K. Heje Håndbok for landbruket. Red. Magnhild Strand. 17. årgang. s.138-144. Landbruksforlaget, Oslo. INRA (Institut National de la Recherche Agronomique) 1989. Ruminant nutrition. John Libbey Eurotext, Paris. NRC (National Research Council) 1989. Nutrient requirement of dairy cattle. Sixth revised edition, update 1989. National Academic Press, Washington D.C. 157 sider. Nybø, K. & Lostuen, R. 22. Oppsummering mineralmangel storfe. Landbrukstidende 18(18):8 Rivedal, S., A.Sandvik, Ulvund, M. & Steinnes, E. 22. "Prosjekt kystlam"- Er mangelfull forsyning av mikronæringsstoff frå beitegras årsak til dårleg lammetilvekst? Forsøksringane i Sogn og Fjordane. Medlemsnytt Jula 22, s. 6-11. Spørndly, R. 1999. Fodermedeltabeller för idisslare 1999. Institutionen för husdjurens utfodring och vård. Rapport 247. Synnes, O.M. & Øpstad, S. 1995. Innhaldet av mikro- og makronæringsstoff i gras med utgangspunkt i dei tre nordlegaste Vestlandsfylka. Faginfo 6. ISSN 83-2173.