Tverrpolitisk Samlingsliste O s PROGRAM 2011 2015 På tvers av partigrensene, for bygda vår
Godt val Kommunepolitikken dreier seg først og fremst om lokale saker, og mindre om partipolitiske skilnader. Tverrpolitisk Samlingsliste (TvS) er ei upolitisk valliste med lange tradisjonar i Os-politikken. TvS kjemper for alle Os-innbyggarane sine interesser, på tvers av partigrensene. 1. Eirik Neverdal, f. 1949 Økonom/MBA Våre 3 hovudsaker for valperioden 2011-2015 er: Meir kapital inn i skulane det er der vi bygger framtida. Skulene i Os har vore forsømte i mange år. Dei økonomiske rammene til daglig drift har blitt redusert kvart år sidan 2007 og dramatisk mykje dei to siste åra. Vi har totalt over 2.300 elevar, men berre ordinær kapasitet for bortimot 2.200 elevar. Og samstundes som bygningsmassen forfell etter mange års manglande vedlikehald, så aukar folketalet. Det trengs ein politisk «revolusjon» i Os kommunestyre om dei økonomiske rammene for nye bygg og for dagleg drift skal ha håp om å bli forbetra så det monnar. TvS vil vera ein forkjempar for at dette skal skje. Ta kontroll over «vill» utbygging i kommunen. Gode bumiljø og vern om innbyggarane sine interesser rundt hus og heim er viktige verdiar for folk flest. I Os har det i fleire år gått føre seg ein til dels planlaus og vill utbygging på bekostning av innbyggarane sine interesser, og til stor glede for dei mange profesjonelle utbyggarane. Vi må flytta kontrollen over den bygningsmessige utviklinga av kommunen - frå dei profesjonelle utbyggarane til kommunen og innbyggarane. Dette skjer ikkje utan at den noverande politiske leiinga for Planutvalget blir skifta ut. TvS er klar for å overta og gjennomføra jobben! Få kontroll med økonomien, og stoppa spekulasjon på børsen. Det sittande politiske fleirtalet har spelt vekk bortimot 60 millionar kroner på børsen dei fire siste åra pengar som elles kunne kome innbyggarane til gode. Og samstundes som det blir spinka og spart i skulane og innan helse og omsorg, så går store beløp til ei rekke unødvendige føremål - blant anna går millionar av kroner i året til å leiga inn eksterne konsulentar for eitt og hint. TvS vil slåss for å få kontroll på pengebruken i Os kommune. TvS - på tvers av partigrensene, for bygda vår
Tverrpolitisk Samlingsliste Os Program 2011 2015 Programmet er ei opplisting av dei sakene vi vil sette fremst innafor kvart av tenesteområda. Skule og oppvekst Meir ressursar til drift i skulane, slik at vi får best mogleg undervisning i klasserommet, fleire lærarar/vaksne og gode læremiddel. Tidleg innsats og tilpassa opplæring til alle. Nei til nedlegging av krinsskulane. Opprusting av Os Ungdomsskule til tilsvarande nivå som for planlagd ny ungdomsskule på Nore Neset. Sikra tilstrekkelege investeringsmiddel til å få alle skular i Os opp på rett kvalitets- og kapasitetsnivå. Vi vil ha tilbod i skulen om skriftleg opplæring også på bokmål som hovudmål til dei elevane som ønskjer det. 2. Terje Sperrevik, f. 1962, politioverbetjent. 3. Hilde J. Jensen, f. 1969, varehussjef. 4. Anders Hjelle, f. 1962, malermester. 5. Astrid Leikvoll, f. 1944, pensjonist.
Bustad- og arealutvikling Få slutt på rasering av natur og nærmiljø som følgje av planlaus og respektlaus utbyggingsverksemd, slik at innbyggarane kan kjenna tryggleik for framtida rundt sine bustadar og eigedomar. Gjennomføra retningslinjer for god byggeskikk og estetikk snarast. Hovudmåla ved utarbeiding av utbyggingsplanar skal vera å utvikla gode bumiljø, framfor å berre lytta til bustadseljar sine ønskjer om tettast mogleg utbygging. Innskjerpa oppfølging og kontroll slik at bustadområda får dei kvalitetar som planverket og innbyggjarane forventar. Vi vil satsa på utvikling av attraktive nærmiljø rundt krinsskulane, gjennom utarbeiding av områdeplanar i nært samarbeid med befolkning, grunneigarar og næringsliv. Kommunal økonomi og verksemd Få betre kontroll på pengebruken i kommunen slik at ressursane blir konsentrert om den viktigaste tenesteproduksjonen. Stoppa spekulasjon på børsen med innbyggarane sine pengar. Redusera pengebruken på eksterne konsulentar til eit minimum. Nei til innføring av eigedomsskatt. Ingen utskilling av kommunen sin vatn- og avløpsetat i eige selskap. Kommunen skal utarbeida framlegg til rullering av overordna arealplan kvart 4. år, og utvikla gode kommunedelplanar for alle utbyggingsområde. Oppdatera eldre og uklåre reguleringsplanar. Vera «tru mot» dei planar som blir utarbeidd. 6. Ellen Merethe Lyssand, f. 1972, dagleg leiar. 7. Elin Søfteland Scheie, f. 1962, fritidspedagog. 8. Jan Lorentz Lund, f. 1942, pensjonist. Helse og omsorg Etablera utbyggingsprosjekt for større kapasitet i eldreomsorga, slik at kommunen kan møta forventa stor framtidig vekst i omsorgsbehovet. Starta utbygging av ny dementavdeling med sanserom på Lurane. Utvida opningstid for dagtilbod for demente i Gamleheimshagen. Forbetra legevakttenesta og etablera eit distriktsmedisinsk senter i Os. Vi skal vera aktive politiske talsmenn for interessene til eldrerådet og rådet for funksjonshemma. Oppretthalda den tidlege innsatsen i rusomsorga. 9. Inger Berit Bøyum, f. 1957, dagleg leiar. 10. Kjetil Gulbrandsøy, f. 1971, undervisningsinspektør.
Næringsliv og samferdsel Utvikla Os til eit moderne og attraktivt regionsentrum for Bjørnefjordsområdet. Dei nye næringsområda i Endelausmarka må særleg tilretteleggjast for å tiltrekkja seg kompetansebedrifter. Leggja til rette for næringsverksemd i krinsane. Etablera pendlarparkering og få orden på parkeringsproblematikken i Os sentrum. Planar for infrastruktur må vera på plass før igangsetting av større utbyggingsprosjekt ref. Bjånes Sikra god standard på kommunale og fylkeskommunale bruer og vegar i kommunen. Etablera ringveg vest Hildershamn Drange. 11. Kristin Nikolaisen Risøen, f. 1970, markedskoordinator. 12. Geir Magne Johnsen, f. 1963, salssjef. Idrett og kultur Støtta opp om det gode arbeidet lag og organisasjonar i Os står for. Vidareutvikla sentralidrettsanlegget på Kuventræ. Etablera rundløype med lys rundt Ulvenvatnet Fleire turstiar med tilhøyrande parkering i samarbeid med Friluftsrådet. Støtta opp om det fleirkulturelle mangfoldet i bygda. Fortsatt økonomisk støtte til Oselvarverkstaden Ivareta den lokale kulturarven i Os. 13. Karin Bøyum, f. 1962, dagleg leiar. Natur og miljøvern Få utreda og gjennomført etablering av sentralt reinseanlegg på anna lokalitet enn dei føreslåtte på Moberg og Kuhnle. Flytta fiskeoppdrett ut ifrå indre farvatn mellom øyer og holmar. Vern om strandbelte, fjell og villmarksområde og sikra allmenn tilgang. Driva lokal bevisstgjering om god miljøpolitikk på alle hold. 14. Einar Øvreberg, f. 1949, butikkekspeditør. 15. Lillian Lyssand, f. 1952, butikkmedarbeidar.
Tverrpolitisk Samlingsliste Os 16. Rune Fimreite, f. 1971, politibetjent. 17. Sigrid Tvedt, f. 1966, butikkmedarbeidar. 18. Tord Søfteland, f. 1958, sjølvstendig næringsdrivande. 19. Lillian Lyssand Honningsvåg, f. 1957, konsulent. 20. Tore Solvang, f. 1986, tømrer/student 21. Eva SchrøderNielsen, f. 1975, lærar. 22. Johannes Taule, f. 1932, pensjonist. 23. Terese Foss, f. 1969, oljearbeider/student 24. Kjell Rosvold, f. 1957, sjølvstendig næringsdrivande. 25. Leonard C. Corneliussen, f. 1944, siv.ing. 26. Solfrid Norunn Skorpen, f. 1958, dagleg leiar. 27. Ingeleif Sørstrønen, f. 1943, dagleg leiar. 28. Monika Dworak, f. 1961, adjunkt. 29. Helge Laastad, f. 1952, sjølvstendig næringsdrivande. 32. Torunn Øvredal, f. 1965, radiograf. 33. Øystein Nordvik, f. 1948, konsulent. 31. Asbjørn Mjånes, f. 1956, oljearbeider På tvers av partigrensene, for bygda vår 30. Kaja van Flanderen, f. 1945, kunstnar.