HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Planseksjonen Arkivsak 201307073-2 Arkivnr. 053 Saksh. Engum, Hans-Christian; Rødseth, Marit Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 31.10.2013 FRÅSEGN - HØYRING AV STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR BOLIG-, AREAL- OG TRANSPORTPLANLEGGING - MLJØVERNDEPARTEMENTET SAMANDRAG Miljøverndepartementet har sendt ut forslag til ny Statlig planretningslinje for bustad-, areal- og transportplanlegging på høyring med høyringsfrist 25. oktober 2013. Retningslinene skal avløyse gjeldande retningsliner frå 1993. Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal og transportplanlegging er i innhald i stor grad ein vidareføring av dei gjeldande, men inneber ein oppdatering og tilpassing til mellom anna statleg klimapolitikk. Dei nye retningslinene er i samsvar med regional politikk slik den er nedfelt i regional transportplan, belønningsavtale og planprogram for Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. FORSLAG TIL VEDTAK 1. Fylkesutvalet har ingen vesentlege merknader til forslag til statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal og transportplanlegging. Dei er i samsvar med regional politikk på området. 2. Fylkesutvalet anbefaler at bustad takast ut av tittelen på retningslinene. Det er den totale arealbruken som til slutt er avgjerande for kor stort transportbehovet blir, og all arealbruk og utbygging må bli samordna både geografisk og i tid med utvikling av transportsystemet. Det er difor lite hensiktsmessig å trekke fram ein type arealbruk framfor ein annan. 3. Fylkesutvalet finn det positivt at retningslinene legg stor vekt på regional planlegging og at fylkeskommunane blir sett på som sentrale pådrivararar for regional samhandling.
Rune Haugsdal fylkesrådmann Bård Sandal fylkesdirektør for regional utvikling 2
FYLKESRÅDMANNEN, 14.10.2013: 1. Bakgrunn Miljøverndepartementet har sendt ut forslag til ny Statlig planretningslinje for bustad-, areal- og transportplanlegging på høyring med høyringsfrist 25. oktober 2013. Retningslinene skal avløyse gjeldande retningsliner frå 1993. Dei eksisterande rikspolitiske retningslinene har vært eit styringsgrunnlag for kommunar, fylkeskommunar og statlige myndigheter i deira arbeid med areal- og transportplanlegging. Retningslinjene har no blitt fornya og oppdatert. Dette gjeld spesielt på sentrale politikkområder som klima, berekraftig transport, sentrumsutvikling, fortetting og jordvern. 2. Innhald i utkast til nye statlege retningsliner I dette avsnittet blir innhaldet i forslag til ny statleg planføresegn kort referert, utan vurdering av konsekvensar for regionale interesser. Utkast til statlege planretningsliner for bustad-, areal og transportplanlegging er inndelt i 8 punkt i tillegg til nokre underpunkt. 1. Hensikt 2. Virkeområde 3. Mål 4. Retningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging 5. Beslutningsunderlaget 6. Offentlige myndigheters ansvar i planlegginga 7. Endringar 8. Ikrafttreden Høyringsdokumenta kan lesast på denne lenka: http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/hoeringer/hoeringsdok/2013/spr-bolig-arealtransport.html?id=734871 Gjeldande retningsliner kan lesast her: http://www.lovdata.no/for/sf/md/md-19930820-0817.html 2.1 Hovudinnhald og endringar frå gjeldande forskrift 1. Hensikt, 2. Virkeområde, og 3. Mål Innanfor dei tre første punkta, hensikt, virkeområde og mål, er desse i stor grad ein vidareføring av den gjeldande retningslina. Likevel er målformuleringane noko utvida og legg sterkare vekt på at det i pressområde må bli lagt til rette for ein tilstrekkeleg bustadbygging og ein hensiktsmessig fordeling av veksten. En samordna areal- og transportplanlegging skal fremje utvikling av berekraftige, attraktive og funksjonelt utformede byregioner, byar og tettstader. Samtidig har det kome til ein differensiering der ein opnar for at lokale myndigheiter utanfor tettstader og byar kan ivareta kvalitetar ved spreitt busetnad. Målsetninga om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykkel og gange er tatt inn i retningslinene. 4. Retningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging Hovudinnhaldet i dette punktet er som før med fokus på samordne utbyggingsmønsteret og transportsystemet slik at ein reduserer transportbehovet og legg til rette for fortetting samtidig som ein tek omsyn til den overordna grønstrukturen, viktig naturmangfald, kulturminne og kulturmiljø, estetiske kvalitetar og dyrka mark. Retningslinene er likevel blitt tydelegare på at rammene for denne utviklinga skal fastleggast i regionale planar som bør trekke langsiktige og tydelege grenser mellom 3
by- og tettstadsområder og viktige landbruks-, natur- og friluftsområder. Fokuset på regional planlegging er ikkje nytt, men er meir framståande i dei nye retningslinene. Retningslinene vektlegg at arealplanlegginga må leggje til rette for korte avstandar til daglege gjeremål, effektiv arealutnytting og fortetting innanfor eksisterande byggjesone. Innanfor gangavstand frå stasjonar/kollektivknutepunkter kan utbyggingsomsyn gis større vekt enn jordvern. I områder med stort utbyggingspress bør det bli vurdert arealutnytting utover det som er typisk, samtidig som ein tek i vare viktige stedskvalitetar. Det har blitt lagt til eit punkt om at potensialet for fortetting og transformasjon i byggjesonene må bli utnytta før nye utbyggingsområde blir tatt i bruk. Dei nye retningslinene legg meir vekt på å leggje til rette for og styrke klima- og miljøvenlege transportformar, i tillegg til fokus på at det bør takast i bruk tiltak som begrensar vegtrafikken. Infrastruktur og framkome for kollektivtransporten skal blir prioritert i planlegginga. Sykkel og gange skal bli styrka som transportform. Handelsverksemd og andre publikumsretta private og offentlege teneste- og servicefunksjonar skal bli lokalisert utifrå ein regional heilskapsvurdering og tilpassa eksisterande og planlagt senterstruktur. Retningslinene understrekar at dette også gjeld for besøks- og arbeidsplassintensive statlege verksemder, institusjonar og føretak. Alle desse nemnde verksemdene skal bli tilpassa omgjevnadene med omsyn til utforming, skala og struktur. Retningslinene inneheld eit nytt punkt omkring godstransport og slår fast at slik verksemd bør bli lokalisert i områder med god tilgang til jernbane, hamn eller hovudvegnett, og at det bør bli prioritert lokalitetar som fremjar transport av gods på sjø eller bane og som bidreg til effektive logistikknutepunkt. 5. Beslutningsgrunnlaget Her blir det vektlagd at planlegginga av utbyggingsmønster og transportsystem må ein byggje på brede alternativvurderingar og konsekvensutgreiingar. Ved behov for auka transportkapasitet slår retningslinene fast, på lik linje med dei gjeldande retningslinene, at mogelegheitene for å løyse dette gjennom satsing på kollektivtransport og tilrettelegging for sykkel skal vurderast. Eit nytt element er at dersom det blir føreslått omdisponering av verdifull dyrkbar eller dyrka mark, skal potensialet for fortetting og transformasjon skal vere kartlagt. 6. Offentlege myndigheiters ansvar i planlegginga. På same måte som tidlegare vektlegg retningslinene regionalt samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunen og regional stat. Fylkeskommunen er peika på som ein viktig pådrivar for regional samordning, og regional planlegging er sterkt vekltlagt. I dei store byregionane blir det anbefalt å etablere særskilte samarbeidsfora og utarbeide regionale planar for å imøtekome befolkningsveksten. Eit nytt element er at det blir understreka at statlege myndigheiter må samordne sitt arbeid med konseptvalutgreiingar, bypakkar og heilskaplege bymiljøavtaler med kommunal og regional planlegging etter plan- og bygningslova. For å skape meir effektive planprosessar understrekar retningslinene at statlege innspel til kommunaleog regionale planar skal samordnast så langt det er mogeleg. I tillegg blir det antyda at det kan vere aktuelt med auka bruk av statleg planlegging etter plan- og bygningslova 6-4, spesielt for større samferdselstiltak. 3. Vurdering av regionale interesser I dette avsnittet vurderer vi i kva grad regionale interesser er ivaretatt i utkast til ny statleg planføresegn. 4
3.1 Generell vurdering Forslag til nye statlege planretningsliner for samordna bolig-, areal-, og transportplanlegging representerer ikkje vesentlege endringar frå dei gjeldande retningslinene. Dei nye er noko meir detaljerte, men føringane i stor grad dei same. Den viktigaste endringa er som tittelen indikerer at det blir lagt vekt på bustadbygging i pressområda, spesielt i dei største byane og difor er bustad spesifikt nemnt i tittelen. Likevel ber ikkje retningslinene spesielt preg av ei satsing på bustadbygging, og i innhald er bustader i stor grad likestilt med annan arealbruk. Fylkesrådmannen delar departementet sitt ønskje om å setje fokus på auka bustadbygging, men er likevel usikker på om det er rett å trekke fram ein type arealbruk framfor ein annan i denne type retningsliner. Hovudpoenget med areal- og transportplanlegginga er at ein ser arealbruken i ein heilskapleg samanheng og ser dette i høve til transportsystemet. Det er den totale arealbruken som til slutt er avgjerande for kor stort transportbehovet blir. All arealbruk og utbygging må bli samordna både geografisk og i tid med utvikling av transportsystemet. 3.2 Regional planlegging og samordning I Hordaland er det starta eit arbeid med Regional areal- og transportplan for Bergensområdet og det er nyleg vedteken eit planprogram for dette arbeidet. Innhaldet i dei statlege retningslinene er i tråd med innhaldet i planprogrammet. Fylkesrådmannen finn det positivt at retningslinene vektlegg regional planlegging og at fylkeskommunane blir sett på som sentrale pådrivararar for regional samhandling. Forslaget om å opprette særskilte samarbeidsfora i byregionane er i tråd med intensjonane i Bergensområdet, og dette er stadfesta i planprogrammet som understrekar at det også i oppfølgingsfasen av vedteken plan vil vere eit behov for eit regionalt samarbeidsfora. Dei nye retningslinene legg meir vekt på å leggje til rette for og styrke klima- og miljøvenlege transportformar, i tillegg til fokus på at det bør takast i bruk tiltak som begrensar vegtrafikken. Infrastruktur og framkome for kollektivtransporten skal blir prioritert i planlegginga. Dette er i tråd med målsetjinga i Regional transportplan for Hordaland, og er i stor grad lagt vekt på i eksisterande belønningsavtale for kollektivtransporten som er inngått mellom Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Samferdselsdepartementet. Vidare er det svært positivt at retningslinene set fokus på at statlege samferdselsmyndigheiter må samordne sitt arbeid med konseptvalutgreiingar, bypakker og heilskaplege bymiljøavtaler med regional og kommunal planlegging etter plan- og bygningslova. 4. Oppsummering Statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal og transportplanlegging er i innhald i stor grad ein vidareføring av dei gjeldande, men inneber ein oppdatering og tilpassing til mellom anna statleg klimapolitikk. Dei nye retningslinene er i samsvar med regional politikk slik den er nedfelt i regional transportplan, belønningsavtale og planprogram for Regional areal- og transportplan for Bergensområdet. Den viktigaste endringa er, som tittelen indikerer, at det blir lagt vekt på bustadbygging i pressområda, spesielt i dei største byane. Likevel ber ikkje retningslinene spesielt preg av ei satsing på bustadbygging, og i innhald er bustader i stor grad likestilt med annan arealbruk. Fylkesrådmannen er usikker på om det er rett å trekke fram ein type arealbruk framfor ein annan i denne type retningsliner. Det er den totale arealbruken som til slutt er avgjerande for kor stort transportbehovet blir. All arealbruk og utbygging må bli samordna både geografisk og i tid med utvikling av transportsystemet. Fylkesrådmannen finn det positivt at retningslinene vektlegg regional planlegging og at fylkeskommunane blir sett på som sentrale pådrivararar for regional samhandling. 5