Årsplan 2014/2015 Furuly barnehage



Like dokumenter
Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Årsplan 2016/2017 Furuly barnehage

Halvtårsrapport haust 2017 GUL gruppe

Språk og språkmiljø Kvardagssamtalen: Høgtlesing og forteljarstunder:

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

GJENNOMGÅANDE TEMA FOR BARNEHAGEÅRET

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Osterøy kommune ÅRSPLAN VALESTRAND BARNEHAGE SAMAN FÅR ME VERDES VIKTIGSTE VERDIAR TIL Å VEKSA.

PROGRESJONSPLAN EIKELIA BARNEHAGE

Kropp, bevegelse og helse

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Hvordan skal vi jobbe med rammeplanens fagområder på Tyttebærtua i 2013/2014?

Årsplan Venåsløkka barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Månadsbrev for Rosa september 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Halvtårsrapport for gul gruppe våren 2017

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

FORELDREMØTE PICASSO LEK, LÆRING OG OMSORG

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

LOKAL RAMMEPLAN FOR BARNEHAGANE I SELJORD

ÅRSPLAN SUNDE BARNEHAGE

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Vi jobber med 7 fagområder i Rammeplan for barnehagen, og disse 7 fagområdene har vi i Espira egne spirer til. For å sikre en god progresjon har vi

Årshjul 2014/ 2015 og 2015/ Formål 4. Hvordan arbeide målrettet med fagområdene i årshjulet? 4. Hvordan ivareta barns medvirkning?

Halvtårsrapport gul gruppe haust 2016

Tilpassa opplæring i Tysnesbarnehagane.

Årsplan 2017/2018 Furuly barnehage

Plan for overgangar. for barn og unge

NATUR, MILJØ OG TEKNIKK HVA GJØR VI I BARNEHAGEN? BARNEHAGENS MÅL

Informasjonshefte Tuv barnehage

Få erfaring med å skape en tekst regler. Ikt finne informasjon, ta ut Vi benevner alt vi gjør,

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Halvtårsrapport raud gruppe haust 2017

Det finst ei rettleiing til gjennomføring av Ståstadsanalysen på: D Tilsette vurderer barnehagen opp mot teikn på god praksis

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Årsplan for. barnehagane i Nordsido oppvekstområde. Hatlestrand, Ølve og Varaldsøy

Du må tru det for å sjå det

PLAN FOR KOMPETANSEHEVING

Del 2 Ågotnes barnehage. årstema

DETTE SEIER lova og rammeplanen AT VI SKAL : OMSORG OG OPPSEDING:

PROGRESJONSPLAN FOR RAMMEPLANEN SINE FAGOMRÅDER

"Barnehagen skal ved å ta utgangspunkt i borna sine interesser legge til rette for læring i både formelle og uformelle situasjonar

Fladbyseter barnehage 2015

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Barns leik og vennskap. Utviklingsarbeid i Mork barnehage hausten våren 2018

ÅRSPLAN FOR BEITO BARNEHAGE

De 7 fagområdene. Dette legger vi vekt på hos oss:

Året rundt. Gjennomgangstema for året er vennskap, mobbing og anerkjennende kommunikasjon. 1. august 18.november: Nye vennskap

VIK BARNEHAGE Visjon:Trygt å vera kjekt å læra

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

«Det man hører glemmer man, det man ser husker man og det man gjør forstår man (Loris Malaguzzi)

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Halvårsplan for Tyrihans og Askeladden våren 2017

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2012/15.

Halvårsrapport lyseblå haust 2017

BARN SITT MØTE MED BARNEHAGEN - AVD. STOVA. TID KVA KORLEIS MÅL UTFORDRING Barnet kjem i barnehagen.

Årsplan / Utviklingsplan for Orre barnehage Magiske øyeblikk i kvardagen!

Målet vårt er å saman med foreldra gi borna ein trygg og god barndom, der dei får utvikle seg til å bli den beste utgåva av seg sjølv.

Sandeid skule SFO Årsplan

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Trollnytt for januar og februar

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

PROGRESJONSPLAN FOR DE SYV FAGOMRÅDENE

Årsplan Furulunden barnehage 2017/2018.

Bærekraftig utvikling

Kort oppsummering av det faglege utviklingsarbeidet Tjødnalio barnehagen har jobba med dei siste 3 åra

ÅRSPLAN PRESTEFJELLET BARNEHAGE AS 2016

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Visjon: Dyrke dei magiske augneblikka.

Årsmelding for Urhei barnehage

Stokkalandsmarka barnehage

Læreplanverket for Kunnskapsløftet

Flyktningebarnehagen. Familiens hus Hokksund. Barnehagen er en velkomstbarnehage for nyankomne flyktningers barn. Årsplan 2015/17.

Blåbærskogen barnehage

Psykologisk førstehjelp i skulen

Skjema for eigenvurdering

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Halvtårsplan for Enge barnehage hausten Knerten, Marihøno, Askeladden og Natur.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Barnehage til beste for barn

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vi lærer om respekt og likestilling

Barnehagane i Kviteseid. Felles informasjon til føresette

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Plan for kvalitet og kompetanse Sund kommunale barnehagar

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Kvifor (henv.til rammeplan) Bli kjent med bøker, songar, bilete, media o.a. Rammeplanen s.41

Halvårsplan for Innset og Vonheim barnehager, avd. Storstuggu. Vår 2011

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Januar, februar og mars. Juli, august og september. April, mai og juni

Velkommen til foreldremøte

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Vetlandsveien barnehage

Saman om Ørstabarnehagen

Progresjonsplan for Furuly barnehage

Barnehagen mål og satsingsområder.

Transkript:

Årsplan 2014/2015 Furuly barnehage «Glade og trygge barn som har tru på seg sjølv og omtanke for andre» 1

Innhald Forord... 3 Organiseringa av barnehagen... 4 KAP 1 Omsorg... 7 KAP 2 Danning... 8 KAP 3 Leik... 9 KAP 4 Læring... 9 KAP 5 Barn sin medverknad... 10 KAP 6 Inkluderande fellesskap... 11 KAP 7 Kommunikasjon, språk og tekst... 12 KAP 8 Kropp, rørsle og helse... 13 KAP 9 Kunst, kultur og kreativitet... 14 KAP 10 Natur, miljø og teknikk... 15 KAP 11 Etikk, religion og filosofi... 16 KAP 12 Nærmiljø og samfunn... 17 KAP 13 Tal, rom og form... 18 KAP 14 Kultur og tradisjonar... 19 KAP 15 Plan for overgang barnehage skule... 20 Kap 16 Samarbeid barnehage heim... 21 KAP 17 Vurdering... 23 Godkjenning av årsplanen... 24 2

Forord Årsplanen er eit offentleg dokument og har fylgjande funksjonar: Arbeidsreiskap for barnehagen sitt personale for å styra Utgangspunkt for føresette til å påverka innhaldet i barnehagen. Grunnlag for kommunen sitt tilsyn med barnehagen. Informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til eigar, politikarar, kommune, barnehagen sine samarbeidspartar, med meir. Årsplanane til Stord kommune sine barnehagar vert skrivne ut frå krav i Rammeplan for barnehagar og kommunal satsing. Barnehagen si årsplan har eit tidsperspektiv på 1 år og han følgjer barnehageåret. Årsplanen vert utarbeida i samarbeid med barnehagen sitt personale, barn og føresette, og han er grunnlag for samarbeid gjennom året. Årsplanen skal innehalda informasjon om korleis barnehagen skal fremja barn si allsidige utvikling gjennom omsorg, danning, leik og læring i nært samarbeid og forståing med barna sin heim. Planen beskriv mål og satsingsområde og gjev informasjon om korleis dei vert følgt opp, dokumentert og vurdert. STORD KOMMUNE ved Utviklingsgruppa 3

Organiseringa av barnehagen Furuly barnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Ådland i flotte omgjevnader med skog og sjø i nærområdet. Me har 9 årsverk fordelt på styrar, pedagogiske leiarar, og fagarbeidarar/assistentar. Me samarbeidar med PPT, helsestasjonen og barnevern. Me er opplæringsbedrift for lærlingar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Me er øvingsbarnehage for barnehagelærarstudentar ved Høgskulen Stord/Haugesund Barnehagen har plass til 45 born i alderen 1-6 år. Maurtua Grøn gruppe Raud gruppe 1-3 år 3-4 år 5-6 år Visjonen vår «Glade og trygge barn som har tru på seg sjølv og omtanke for andre» Me jobbar for at alle barna skal få positive opplevelsar i barnehagen ved å høyre til i eit fellesskap, utvikle venskap og sosial kompetanse. Arbeidet vårt byggjer på eit heilheitleg læringssyn der omsorg og leik, læring og danning saman er grunnlaget for barna si utvikling. Opningsstida er 06.45-16.15. 4

Dagsrytmen vår 06.45 - barnehagen opnar. Frileik fram til frukost 09.00 - frukost 09.45-12.00 - gruppetid 12.00 - lunsj 13.00 - uteleik 14.30 - fruktstund 16.15 - barnehagen stengjer. Om morgonen samlast me på Allrommet. Fram til frukost er det frileik og barna er blanda på tvers av alder. I gruppetida er det tid for pedagogiske aktivitetar som t.d samling, forming, språkstimulering eller tur. Etter lunsj går dei barna ut som har vore inne på føremiddagen. Årstida og veret avgjer kor lenge me er ute. Om våren og sommaren er me ofte ute resten av dagen. Verdiane våre Personalet i Furuly skal vere: Demokratiske Kompetente Likeverdige Glade Samarbeidande Lyttande Respekterande Ansvarleg Strukturerte Rettferdige Tolerante Likeverdige Empatiske Løysingsorienterte Lyttande Fagleg og erfarne Nyskapande Tydelege Engasjerte Gode modellar Leikande Rause Anerkjennande Respekterande Samarbeidande Løysingsorienterte Empatiske Lyttande og observerande Fleksibel Anerkjennande Positive Spontane Initiativrike Begeistra Humørfylte /le Leikande Satsingsområde Me har valt å jobbe med fagområde Natur, miljø og teknikk, med særskilt fokus på miljø dette året. Gjennom året vil gruppene på ulike måtar, etter alder og modning, jobbe med dette fagområde. Mål: Lære barna gode haldningar kring handtering av boss Lære om kjeldesortering. Slik gjer me det: Dei vaksne er gode førebilete 5

Me kjeldesorterer i barnehagen Me samlar inn og nyttar gjenbruksmateriell i leik og formingsaktivitetar Sosial kompetanse Sosial kompetanse handlar om å lukkas i å omgås andre. Inkludering i eit fellesskap, venskap og leik med jamaldrande styrkjer barnet si sosiale- og personlege utvikling. Kvar dag reagerer barn på ei rekkje sosiale krav, og dei nyttar ulike handlingsmønster for å meistre ulike situasjonar. Dersom barn ikkje lukkas med sosiale krav kan det føre til avvising og tap av status og gje grunnlag for mobbing. Sosial kompetanse er med andre ord viktig både for å unngå - og å stoppe mobbing. Like viktig som å stoppe mobbing når det har oppstått blir det å bygge opp sosial kompetanse for å vere føre var.. Me jobbar dagleg med å styrkje barna sin sosiale kompetanse. Me jobbar for å førebyggje mobbing og utestenging, og fremje venskap og deltaking gjennom å leggje til rette for den gode leiken. Dette legg me til rette for gjennom små leikegrupper. Gjennom året vil me dele barna inn i faste leikegrupper. Leikegrupper gir barna betre muligheit til å bli skikkeleg kjend med kvarandre, involvere seg og opparbeide venskapskjensle. Mogligheita til å løyse konfliktar på ein verbal måte aukar, og barn som ikkje meistrar ulike handlingar får gode modellar i dei andre barna. Grunnleggjande føresetnader for å førebyggja mobbing i barnehagen er positive opplevingar av fellesskap, leik med jamaldringar og erfaringar med å meistra. Ein føresetnad for eit varmt og inkluderande miljø er at personalet er aktive og tydelege. Barnehagane i Stord kommune har nulltoleranse for mobbing og me følgjer Stord kommune sin plan, «Plan for arbeid mot mobbing i barnehagen» i dette arbeidet Konflikthandtering Det kan oppstå små og store konfliktar i ei barnegruppe. Mange av konfliktane i barnehagen er knyta til barna sin leik. Nokre barn er tydelege på kva dei synst er greitt at andre seier/gjer mot dei, medan andre barn treng hjelp til å setje eigne grenser. Me har innført «STOPP-regelen». Når eit barn tek opp handa og seier STOPP, då må dei andre respektere det. Me snakkar om at me må sjå på andletet til dei andre for å sjå om dei ser ut som dei likar det me gjer eller om dei ser lei seg ut. Det handlar om å gjere barna bevist på handlingane sine og på kva konsekvensar dei kan få. 6

Når ein vaksen må hjelpe til å løyse ein konflikt mellom barn er det viktig at den vaksne lyttar til alle dei involverte. Me har god erfaring med at barna sjølv seier til den/dei som det er i konflikt med at det ikkje likar det som vert gjort mot det. Det har større effekt enn at ein vaksen seier det for barnet. Kompetanseutvikling Dei kommunale barnehagane har to felles satsingsområder: Pedagogisk leiing-barnehagen ein lærande organisasjon Danning og kulturelt mangfald i barnehagen Pedagogisk leiing Me vil jobbe vidare med prosjektet «Pålogga vaksne». t eles Mål: Organisere dagen sånn at den er forutsigbar og at alle klarer å utføre dei oppgåvene dei skal på ein god måte. Slik gjer me det: Pedagogisk leiar lagar tydelege planar Kvar og ein har ansvar for å utføre sine oppgåver Alle har ansvar for å søkje informasjon Rettleiing i personalgruppa Danning og kulturelt mangfald i barnehagen Me er ein fleirkulturell barnehage med mange minoritetsspråklege barn og me jobbar for at alle barn, uansett kulturell-eller språkleg bakgrunn skal føle at dei er ein del av fellesskapet der alle vert respektert og inkludert. Mål: Barna skal lære å forholda seg til og bidra til mangfaldet på ein konstruktiv og inkluderande måte. Slik gjer me det: me snakkar om kva land som er representert i barnegruppa me har flagg frå dei ulike nasjonalitetane me markerer dei ulike landa sin nasjonaldag me legg vekt på å skape fellesskapskjensle i gruppene me jobbar for at «alle kjenner alle» i barnehagen KAP 1 Omsorg 7

Lov om barnehager 1, Formål: Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Omsorg handlar om å møta kvart einskild barn med nærleik og samspel. I barnehagen er det viktig at barnet opplever at det er verdifullt og at personalet bryr seg om det. Mål: Glade og trygge barn i leik og samspel med barn og vaksne Slik gjer me det: me møter barnet med eit smil og eit hei når det kjem om morgonen me anerkjenner og bekrefte barnet sitt humør og kjensler me trøster og oppmuntre barnet når det treng det me har eit fang og ei hand til barna som treng det me tek oss tid til å samtala og undre oss saman me er støttande i leiken me er trygge og forutsigbare vaksne me har positive grenser me har ein fast dagsrytme KAP 2 Danning Danning er normer, verdiar og haldningar me har og handlingar me gjer. Danning er ein kontinuerleg prosess som går føre seg i samspel mellom mennesker. Mål: Barna skal gjennom erfaringar frå samspel med andre bli trygg på seg sjølv og oppleve at dei er ein del av eit fellesskap. Slik gjer me det: me er vaksne som ser barnet og deira behov me lyttar til det barnet fortel me tek barnet på alvor me snakkar om rett og galt me nyttar leikegrupper til å jobbe med leik og venskap i smågrupper me nyttar samspelsmetoden «Steg for steg». me øver på å vente på tur me lar barna få trening i å løyse konfliktar me øver på at barnet skal forstå at eigne handlingar kan gå ut over andre 8

KAP 3 Leik Barnehagen skal gje barn høve til leik, livsutfalding og meiningsfylte opplevingar og aktivitetar. Leiken skal ha ein viktig plass i barnehagen. Han er ei grunnleggjande læringsform som barn uttrykkjer seg gjennom. Leiken er det viktigaste utgangspunktet for læring, og barnehagen skal legge til rette for eit variert leike- og læringsmiljø. Mål: Gje tid og rom for gode leikeopplevelsar Slik gjer med det: me legg til rette for leik på avdelingane: tid, rom og lekemateriell me har faste leikegrupper me seier ja til kreative innspel fra barna me observerer, støtter og veileder barna i leiken me hjelper barn inn i leiken me er deltakande vaksne som gjev impulsar til leiken me legg til rette for leik ute og på tur me gjev barna mulighet til å avslutte leiken på en bra måte me gjev barna erfaringar og opplevelsar som stimulerer til leik me fokuserer på venskap og sosial kompetanse me har rettleiing i personalgruppa KAP 4 Læring Barn lærer gjennom alt dei opplever og erfarer. Eit godt samspel mellom barn og vaksne og barn/barn er sjølve fundamentet for læring. Arbeidet i barnehagen vert bygd på et heilheitleg læringssyn, der omsorg og leik, læring og danning saman er grunnlaget for barna si utvikling. Gjennom tida i barnehagen vil barnet stadig møte nye utfordringar. Me vil jobbe for at barna skal utvikle seg til sjølvstendige menneske, som er trygge på seg sjølv og på andre, og har motivasjon til å lære ved å prøve nye ting gjennom leikprega aktivitetar. Støtte og annerkjenning frå nære vaksne er med å utvikla eit positivt sjølvbilete hjå barnet. Eit barn som opplever at eg kan, er mindre redd for å kasta seg ut i nye situasjonar. Barn si lærelyst og læreevne er i stor grad knytt til sjølvbiletet deira. Mål: Barnehagen legg til rette for leikprega aktivitetar som gjev barna utfordringar og mestringskjensle 9

Slik gjer me det: me gjev barna varierte sanseinntrykk og opplevingar me tek barna sine initiativ og interesser på alvor me stiller spørsmål me tek utgangspunkt i kva barna kan me legg til rette for både formelle og uformelle læringssituasjonar me planlegg aktivitetar inne og ute sånn at barna har noko å strekkje seg etter me er utfordrande og utforskande vaksne me arbeider med tema og fagområda me observerer det enkelte barn og finne ut kvar det er i si utvikling KAP 5 Barn sin medverknad Barn har rett til å gje uttrykk, få delta i planlegging av det daglege livet i barnehagen. FN sin barnekonvensjon vektlegg at barn har rett til å sei si meining i alt som vedgår dei. Korleis og kor mykje medverknad vil vere avhengig av barnet sin alder og modning. Barn gjev uttrykk for kva dei meiner både gjennom munnlege tilbakemeldingar og gjennom kroppsspråk. Observasjon og samtale med barna gir informasjon og kunnskap om barn sine ønskjer og behov. Det er dei vaksne sitt ansvar å ivareta og arbeide vidare med denne informasjonen. Mål: Barna skal bli møtt med respekt og anerkjennelse for sine synspunkt og kjensler. Slik gjer me det: -me lyttar, spør, ser og tolkar barna sine uttrykk gjennom dagen me deler barna i små grupper me ser det enkelte barn og deira behov me er fleksible vaksne i forhold til barna sine innspel me møter barna med forståing sjølv om me ikkje alltid kan innfri ynskjer. me har fleksible planer me har barnesamtalar / samlingar / velgerunde me har tett samarbeid med foreldra me gjev barna ansvar ut frå alder og modning 10

KAP 6 Inkluderande fellesskap Barnehagen skal fremja demokrati og likestilling og motarbeida alle former for diskriminering. Mål: Barna skal oppleve at dei sjølv og alle i gruppa er viktige personar for fellesskapen Slik gjer me det: me nyttar «Steg for Steg» me har samtalar om at alle er like viktige me snakkar om likt og ulikt Mål: Gutar og jenter skal ha like mogelegheiter til å delta i alle aktivitetar og leik. Slik gjer me det: me har like grenser for alle barn me ser på barna som likeverdige individ me tilbyr gutar og jenter like aktivitetar me respekterer og anerkjenner barna for den dei er 11

KAP 7 Kommunikasjon, språk og tekst Barnehagen skal bidra til at barn får: lytta, observera og gje respons i gjensidig samhandling med barn og vaksne vidareutvikle omgrepsforståinga og bruke eit variert ordforråd bruke språket for å uttrykkja kjensler, ønske og erfaringar, til å løyse konfliktar og til å skapa positive relasjonar i leik og anna samvær eit positivt forhold til tekst og bilete som kjelde til estetiske opplevingar og kunnskapar, samtalar og som inspirasjon til fabulering og nyskaping lytta til lydar og rytme i språket og blir fortruleg med symbol som tal og bokstavar verta kjende med bøker, songar, bilete, media o.a Alder Mål Metode 0-3 år -Namngje og sette ord på det me gjer -Skape eit godt språkstimulerande miljø for barna -Leggje til rette for språkstimulerande aktivitetar gjennom leik, samlingsstund og kvardagsaktivitetar -Bevisst val av bøker -Bruke konkreter og bilete til formidling og bruke språkposar. 3-6 år -Barna kan uttrykke eigne ynskjer og behov munnleg -Leike med språket -Rim og regler -Barna kan kjenne att namnet sitt -Øve på å skrive namnet sitt -Ha bøker lett tilgjengeleg -Høgtlesing under måltid -Ha språkstimulerande aktivitetar minst ein gong i veka, t.d Språksprell, Snakkepakken og Språkkista. -Nytta biblioteket på Nordbygdo ungdomsskule 12

KAP 8 Kropp, rørsle og helse Barnehagen skal bidra til at barn får: ei positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring skaffa seg gode erfaringar med varierte og allsidig rørsle og utfordringar vidareutvikla kroppskontroll, grovmotorikk, finmotorikk, rytme og motorisk kjensleevne positive erfaringar med friluftsliv og uteliv til ulike årstider utvikla glede over å bruka naturen til utforsking og kroppslege utfordringar og få forståing av korleis ein brukar og samtidig tek vare på miljøet og naturen utvikla forståing og respekt for eigen og andre sin kropp og for at alle er forskjellige kunnskap om menneskekroppen og forståing for kor viktig det er med gode vanar og sundt kosthald Alder Mål Metode 0-3 år - Gje rom for rørsleleik ute og inne - Barna blir glad i å vere ute i allslags ver - Vaske hender før måltid -Me er ute kvar dag -Små turar i ulendt terreng -Barna er kledd etter veret. 3-6 år -Barna skal få erfaring med allsidige og utfordrande rørsler i naturen og sanseinntrykk. -Bli glad i å vere ute og gå på tur -Lære om kroppen. -Lære om eit sunt kosthald -Fast turdag i all slags ver - Utforske nye turplassar -Heildagsturar -Toppturar -Barna er kledd etter veret 13

KAP 9 Kunst, kultur og kreativitet Barnehagen skal bidra til at barn får: læra å lytta, observera og uttrykkja seg gjennom allsidige møte med refleksjon over kultur, kunst og estetikk styrkja den kulturelle identiteten sin og det personlege uttrykket ta i bruk fantasi, kreativ tenking og skaparglede utvikla evna til å bearbeida og kommunisera inntrykk og gje varierte uttrykk gjennom skapande verksemd utvikla elementær kunnskap om verkemiddel, teknikk og form for å kunna uttrykkja seg estetisk i visuelt språk, musikk, song, dans og drama oppleva at kunst, kultur og estetikk bidreg til nærleik og forståing Alder Mål Metode 0-3 år -Barna får eksperimentera med ulike typar formingsmateriell -Barna opplever glede og samhald gjennom song og musikk -Personalet legg til rette for ulike formingsaktivitetar - Personalet legg til rette for drama og musikk til faste tider og som spontan aktivitet. -Fellessamling kvar fredag 3-6 år -Barnet kan etter alder og modning håndtere blyant, pensel, saks - Barnet kan synge åleine, eller samen med andre barn og voksne -Barna opptrer for kvarandre -Barnet vert rettleia i aktivitetane av ein vaksen - Personalet legg til rette for drama og musikk til faste tider og som spontan aktivitet. -Personalet legg til rette for ulike formingsaktivitetar -Fellessamling kvar fredag 14

KAP 10 Natur, miljø og teknikk Barnehagen skal bidra til at barn får: oppleva naturen og undra seg over kor mangfaldig han er oppleva glede ved å ferdast i naturen og får grunnleggjande innsikt i natur, miljøvern og samspelet i naturen erfaring med og kunnskap om dyr og vekstar og at dei er avhengige av kvarandre og viktige for matproduksjonen læra å observera, undra seg, eksperimentera, systematisera, beskriva og samtala om fenomen i den fysiske verda erfara korleis teknikk kan brukast i leik og kvardagsliv Alder Mål Metode 0-3 år -Uteleik i all slags ver -Leik på barnehagen sitt område -Tur til Drømmeplassen» -Plukke boss på uteområdet 3-6 år -Oppleve glede ved å vere ute i all slags ver -Leik på «Drømmeplassen» -Lære om kjeldesortering -Plukke boss i nærområdet -Dagleg utetid -Lære gode haldningar rundt handtering av avfall -Vaksne som er nysgjerrig på det som lever i naturen -Dagleg utetid og fast turdag -Ha miljø og handtering av avfall som tema 15

KAP 11 Etikk, religion og filosofi Barnehagen skal bidra til at barn får: erfare at grunnleggjande spørsmål er vesentlege, ved at dei får høve til ro og undring og tenking, samtalar og forteljingar tileigna seg grunnleggjande samfunnsnormer og verdiar utvikla toleranse og interesse for kvarandre og respekt for bakgrunnen til kvarandre, uavhengig av den kulturelle og religiøse eller livssynsmessige tilhøyrsla innsikt i grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon og deira plass i kulturen kjennskap til kristne høgtider og tradisjonar, og tradisjonar knytt til høgtider i religionar og livssyn som er representert i barnegruppa bli kjende med religion, etikk og filosofi som ein del av kultur og samfunn Alder Mål Metode 0-6 år -Ha positive grenser -Refleksjon over kva som er rett og galt - Legge til rette for at venskap vert knyta -Bli kjend med innhaldet i dei viktigaste kristne høgtidene og tradisjonane våre -La barna undre seg over eksistensielle spørsmål -Ha fokus på det som er lov -Nytta «Steg for steg» -Samtale og undring ilag med barna -Ha faste leikegrupper -Adventssamling, påskesamling, kyrkjebesøk, 17-mai markering -Vaksne som er tilgjengelege for barna og som har tid til undring og samtale 16

KAP 12 Nærmiljø og samfunn Barnehagen skal bidra med at barn får: utvikla tillit til eiga deltaking i og påverknad på fellesskapen erfara at alle menneske, uavhengig av alder og føresetnader, inngår i og bidreg til barnehagefellesskapet verta kjend med og deltek i samfunnet gjennom opplevingar og endringar i nærmiljøet oppleva at det vert teke like mykje omsyn til gutar og jenter vert kjend med nokre historiske endringar i lokalmiljø og samfunn utvikla forståing for ulike tradisjonar og levesett vert kjend med at samane er urfolket i Noreg, og får kjennskap til samisk forteljing, segner og andre delar av den samiske kulturen og det samiske kvardagslivet Alder Mål Metode 0-3 år -Bli kjend på barnehagen sitt område -Gå til Drømmeplassen -Oppleve å vere ein del av fellesskapet - Danne gruppekjensle -Går kortare turar i nærområdet -Fast turdag -Samlingsstund, fellessamlingar 3-6 år -Utforske nærområdet -Oppleve å vere ein del av fellesskapet -Lære om andre kulturar -Går lengre turar i nærområdet -Fast turdag -Besøkja skulane i nærområdet, butikken og sjukehuset -«Sommarfugl-gruppa» besøkjer Jens bonde -Samlingsstund, fellessamlingar -Me samlar inn pengar til venskapsbarnehagen vår i Guatemala 17

KAP 13 Tal, rom og form Barnehagen skal bidra med at barn får: oppleva glede over å utforska og leika med tal og former tileigna seg gode omgrep som er greie å bruka erfara, utforska og leika med former og mønster erfara ulike typar storleikar, former og mål gjennom å sortera og samanlikna erfara plassering og orientering og utvikla lokaliseringsevner Alder Mål Metode 0-3 år -Få erfaring med å sortere og samanlikne -Byggje og konstruere -Ha ulike konstruksjonsleiker tilgjengeleg -Puttekasse, puslespel 3-6 år -Lære matematiske omgrep -Leik og aktivitetar med fokus på tall, antall, mønster og matematiske former -Lære fargane - Ha ulike konstruksjonsleiker tilgjengeleg -Nytta ulike brettspel og puslespel, Mattepakken, Mattekista m.m 18

KAP 14 Kultur og tradisjonar Barnehagen er ein møteplass for barn og småbarnsforeldre med ulik kulturell, språkleg, etnisk, religiøs og sosial bakgrunn. Barnehagen er difor ein sentral arena for å formidla, skapa og fornya kultur og for å utvikla kulturell identitet. Kultur vert utvikla i spenning mellom tradisjon og fornying. Barnehagen har ei viktig rolle som arena for utvikling av kulturell identitet. Barnekultur vert forstått som kultur av, med og for barn. Barn deltek i kultur og skapar sin eigen kultur. Tradisjonar er med å skape ei kjensle av fellesskap for barna, personale og foreldre. Våre tradisjonar er både i form av samlingar og festar av ulike slag. Dei fleste tradisjonane gjeld berre for barna og personale i barnehagen, men me har og tradisjonar som innlemmar foreldregruppa. Faste tradisjonar i Furuly barnehage: Haustfest Luciafest Nissegraut Kyrkjevandring Karneval Barnehagedagen Påskesamling Påskelunsj 17-mai markering Open Dag Markering av borna sin bursdag Me har samarbeid med Høgskulen Stord-Haugesund, Fitjar Vidaregåande, Sunnhordland Folkemuseum og Kulturskulen 19

KAP 15 Plan for overgang barnehage skule Barnehagen skal, i samarbeid med skulen, leggja til rette for overgang frå barnehage til fyrste klasse og eventuelt SFO. Dette skal skje i nært samarbeid med barnet sin heim. Mål: Rutinar og ansvarsplassering gjev det enkelte barn ein god overgang frå barnehage til skule. Slik gjer me det: Stord kommune har fastsett rutinar for overgang og samanheng barnehage til skule. Jf eigen plan. Desse rutinane skal alle barnehagane og skulane følgja. Rutinar for overgang og samanheng legg m.a. opp til at: Barnehagen arbeider med språkstimulering etter fastsett plan. Skulen følgjer opp når barna kjem der, slik at barna opplever samanheng i språkstimulering frå barnehage til lese- og skriveopplæring i skule. Barnehagen leverer ei mappe til skulen med informasjon om kva barnet sjølv meiner det er god til og kva det likar. Pedagogisk leiar skriv og kva barnet meistrar og kva det må øva på. Førestette skriv under på samtykke før mappa vert levert til skulen. I mai/juni er det bli kjent dagar saman med føresette på skulen. OVERGANGSPLAN BARNEHAGE SKULE STORD KOMMUNE Tid Fastlagde rammer Ansvar August / september September Foreldremøte i barnehagen - Informera om samarbeid med skulen Innskrivingsmøte for føresette - Orientera om overgangsplan barnehage-skule Styrar Rektor Mars / april Barnesamtale mappeutvelging Styrar April Foreldresamtale i barnehagen Styrar/ped.leiar Mai / juni -Erfaringsutveksling mellom pedagogar i barnehage og nye 1 klasselærarar -Overføringsmøte - Bli kjent dag, nye 1. trinn elevar besøkjer skulen saman med føresette Styrar Rektor Rektor 20

Kap 16 Samarbeid barnehage heim Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg, leik og fremja læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Arbeidet i barnehagen skal ta utgangspunkt i ein grunnleggjande respekt for foreldra sin kompetanse som foreldre, og den retten og det ansvaret dei har for å oppdra barna sine på den måten som er rett i høve deira tradisjonar, normer og vurderingar. Foreldra er dei som best kjenner barnet og familien sin kvardag, og dei har kjennskap til og informasjon om barnet sitt som er heilt uunnverleg for personalet. Me legg vekt på å møta barn og foreldre med eit smil og eit hei! Me ser barnet og brukar barnet sitt namn. Det er viktig at barnet føler seg velkomen i barnehagen kvar einaste dag. Me møtes på «Allrommet» om morgon fram til kl.08.00. Foreldra følgjer då barnet inn der og den vaksne registrerer at barnet er komt og tek imot eventuelle beskjedar og skriv dei ned. Det er viktig at barnet tek skikkeleg avskjed med foreldra før dei forlet barnehagen om morgonen. For nokre barn er dette vanskeleg i periodar og då er me der og hjelper og trøstar barnet og finn på noko kjekt i lag. Mål: Samarbeide med dei føresette om barnet sitt beste. Slik gjer me der: me sender velkomstbrev ved plasstildeling me har oppstartsamtale me har samtalar og tett dialog med foreldra i hente-/bringesituasjonen me deler ut periodeplanar me har to foreldresamtaler me har to foreldremøter me har brukarundersøking anna kvart år me inviterer foreldra på sosiale samkomer me nyttar samarbeidsmodellen BTI me nyttar kartleggingsverktøyet ASQ Samarbeidsmodellen Betre tverrfagleg innsats BTI Stord kommune har vedteke at barnehagar og skular skal nytta samarbeidsmodellen BTI når ein er uroa for eit barn. Det kan vere bekymring knytta til fysiske, sosiale eller følelsemessige forhold. Utfordringa kan også være i forbindelse med akutt, kronisk eller anna alvorleg sjukdom hos foreldra. Modellen skal nyttast for å sikre tidleg innsats i arbeid med barn og unge. Modellen har ein fast samarbeidsstruktur. Den skal sikre at fagpersonar tidleg oppdagar barn og unge som har utfordingar, og at dei og foreldra skal få den hjelpa dei har behov for til rett tid. 21

Det skal ikkje gå meir enn 4 veker frå ei bekymring oppstår før personalet i barnehagen tek kontakt med dei føresette. Då skal ein møtast og gjennomføre den «Nødvendige samtalen» og saman prøve å finne ut kva årsakene til vanskane til barnet kan vere. BTI-modellen beskriver korleis samarbeidet kan tilretteleggast på tre ulike nivå, avhengig av innsatsen sitt omfang og antall tenester og instansar som er involvert. Målgruppe: Born, unge og deira familiar Målsetting: Kvalitetssikre heilheitleg og koordinert innsats. Ages & Stages Questionnaires ASQ Furuly barnehage er ein av fire barnehagar i Stord kommune som er med i utprøvinga av dette foreldrebaserte kartleggingsverktøyet. Kartlegginga vert gjort på dei nye barna på «Maurtua» i samarbeid med dei føresette. ASQ er foreldreutfylte skjema som skal kartlegge barna si utvikling. Skjemane vert nytta i første foreldresamtalen om hausten der foreldra vert aktive partnerar både i vurdering, utforming og iverksetting av eventuelle tiltak. Målet med å nytta ASQ er å fokusere på tidleg intervensjon, ha auka fokus på tilstander som kan oppdagast tidleg og komme tidleg i gang med hjelpetiltak dersom det er nødvendig. Sosiale samkomer som føresette vert invitert på: Haustfest i september Luciafeiring i desember Open dag i mai/juni 22

KAP 17 Vurdering Systematisk vurderingsarbeid legg grunnlaget for barnehagen som lærande organisasjon. Vurderingsområde Mål Vaksenrolla -i leik og aktivitet med barna i utetida Meir beviste og kompetente tilsette Me skal forske på påstanden: Dei tilsette i Furuly barnehage er «pålogga» i samspelet med barna også i utetida. Kven delteke? Heile personalet Korleis? Bruke SMTTE -ein metode til bruk i forskning og utviklingsarbeid Personalet skal observere kvarandre og skrive praksisforteljingar som vert tatt opp på gruppemøter og personalmøter Kor tid? Oppstart haust 2014, evaluering desember 2014 og mai 2015 Barnehagen som organisasjon vert fornya og utvikla gjennom: Korrigering Planlegging Vurdering Gjennomføring Dokumenta sjon 23

Godkjenning av årsplanen Årsplanen vart godkjent av samarbeidsutvalet fylgjande dato: Furuly barnehage, Olvikvegen 50a, 5416 Stord Tlf: 53 45 45 95 Mob: 97 55 21 70 E-post: trine.hellesfjord@stord.kommune.no 24