Forslag Regional plan for vannforvaltning i vannregion Vest-Viken 2016-2021.



Like dokumenter
Forslag frå fylkesrådmannen

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

KARTLEGGING AV MILJØPROBLEM I REGULERTE ELVAR I LUSTER

Storåna, Sandnes kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

UTTALE TIL HØYRINGSDOKUMENT NORSK FJELLPOLITIKK 2009

Saksnr. Utval Møtedato 021/15 Formannskapet Arkiv: K1-033, K2 - K54

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

1. Ja til ein debatt om sidemålsundervisninga

UTTALE TIL FORSLAG TIL FORVALTNINGSPLAN OG TILTAKSPROGRAM FOR VANNREGION ROGALAND

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Marie Evjestad Arkivsaksnr.: 07/1229. IT-arbeidsplassar for ungdomsskuleelevar i Luster. Rådmannen si tilråding:

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Høringsuttalelse Høring - Fagerbergutvalgets utredning NOU 2011:6 Et åpnere forskningssystem - KD Kunnskapsdepartementet

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Fuglestadelva, Hå kommune

TYSNES KOMMUNE RUTINE FOR OPPFØLGING AV SJUKEMELDE ARBEIDSTAKARAR

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

MØTEBOK. Desse møtte: Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Utval Utvalssak Møtedato Hovudutval for teknikk og miljø 39/ Kommunestyret 25/

Kulturhistoriske registreringar

Vår ref. 2012/ Særutskrift - BS - 32/17 - terrasse - Hatlestrand - Alf-Rune Gundersen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

Saksbehandler: Miljøvernkonsulent, Kari-Anne Steffensen Gorset

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune

egevinst Bakgrunn: Dei har kalla tilnærminga egevinst

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /09 KAWV

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Prosjekt for mer systematisk oppfølging av naturforvaltningsvilkår i vassdragskonsesjoner

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Saksframlegg. Sakshandsamar: Jostein Aanestad Arkivsaksnr.: 14/ Selskapstrukturen - Sogndal kulturhus. * Tilråding:

BERGEN KOMMUNE- FANA BYDEL- REGULERINGSPLAN FOR SKJOLDNES - MOTSEGN TIL INNGREP VED TROLDHAUGEN

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Saksnr Utval Møtedato Fylkesutvalet Fylkestinget

Den nye seksjon for applikasjonar

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Valdres vidaregåande skule

Saksframlegg. Sakshandsamar: Torun Emma Torheim Arkivsaksnr.: 12/

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jortveit, Halvor Fehn

Rapport 2007:02. Fiskeundersøking i Årsetelva, Ørsta kommune Miljøanalyser, rapport 2007:02 ISBN

EIDFJORD KOMMUNE Arkiv: K1-, K2-L00. Godkjenning av sti- og løypeplan for Sysendalen. Arkivsak ID: 11/ Journalpost ID: 13/2948 Saksh.

Nynorsk. Innhaldsforteikning

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Forvaltningsrevisjon «Pleie og omsorg - årsak til avvik mot budsjett og Kostra-tal»

Kystekspressen - Hurtigbåtsamarbeid fylkeskryssande rute

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

«Ny Giv» med gjetarhund

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Bustadområde i sentrum. Vurdering

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Børild Skåra Arkivsak: 2015/433 Løpenr.: 5409/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta landbruksnemnd

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

2015/ Høyring - "Utredning om forbindelser mellom Østlandet og Vestlandet"

FRÅSEGN - REGULERINGSPLAN VORLANDSVÅGEN, BØMLO KOMMUNE.

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Juridisk studentutvalg Det juridiske fakultet

Radiologi i Noreg. - fylkesvis fordeling av radiologiske undersøkingar per StrålevernRapport 2006:6B

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Vinje kommune. Sluttrapport

Program for Bømlo Venstre

Transkript:

Høyringsinnspel frå Bandak Fiskelag: Bandak Fiskelag vil med denne høyringsuttala kommentere: Forslag Regional plan for vannforvaltning i vannregion Vest-Viken 2016-2021. Lokal tiltaksanalyse/tabell for Tokke-Vinje vassområde. Lokal tiltaksanalyse/tabell for Midt-Telemark vassområde. «De aller fleste storørretstammer er blitt sterkt redusert i moderne tid, og mange er i dag truet. Vi har allerede klart å tape minst åtte stammer. Hver stamme er unik, og tapet er derfor uerstattelig.» 1997, Jostein Skurdal, Børre K Dervo og Trond Taugbøl.

Innleiing: Bandak Fiskelag synes det er særs positivt at det nå kjem eit løft for vannforvaltninga i Norge igjennom EU vannrammedirektiv. Vassmiljøet spesielt i Vest-Telemark er igjennom 60 år sterkt forringa av ein hensynslaus vasskraftutbygging. I store trekk er me nøygde med arbeidet til Tokke-Vinje vassområde. I Midt-Telemark vassområde må det det gjerast ein meire grundig gjennomgang. Me vil spesielt kommentere opprettinga av arbeidsgruppa for Tokke-Vinje vassområde. Det er direkte kritikkverdig at kraftutvalget har blitt omgjort til ei arbeidsgruppe for vassarbeidet i Tokke-Vinje. Det har ikkje aktivt blitt lagt tilrette for allmenn medvirkning. I Tokke-Vinje vassområde og i Midt-Telemark vassområde, er det vassforekomstar som der er god grunn til å setje strengare miljømål på. Dette med tanke på punkt 6.2.2 i Forslag Regional plan for vannforvaltning i vannregion Vest-Viken 2016-2021. Me vil med denne høyringsuttala spesielt kommentere dette.

Vest-Viken vannområde har spesielt bede om innspel til dette. Er det eksisterende kunnskap som ikke er beskrevet/lagt til grunn? For Tokkeåi og Bandak er det betydleg, med tanke på Nina sin sluttrapport som ikkje ligg føre enno. Men ein skal ta i betraktning at dette er kunnskap regulanten fremlegg. I tilegg har regulanten bestemt mandatet for undersøkjingane. Vil og påpeke i denne sammanheng at ein del påstandar som kjem fram i tiltaksanalysene ikkje har fagleg underbygging. Det er og samla mykje informasjon lokalt som ikkje har blitt lagt til grunn. Er planen realistisk med hensyn til gjennomføring - når vi miljømålene for vannforekomsten med de foreslåtte tiltakene innen fristen? Er det forslag til andre tiltak? Det er lite truleg at miljømåla blir nådd. Vilkåsrevisjonar ser ikkje ut til å vere verktøyet for betring av miljøet i og med den ekstremt lange saksgangen. Det er ein så lang saksgang at det vil medføre ytterlegare miljøforverring. I tillegg tap av viktige naturtyper og storaurestammer. Dette er ein særs alvorleg situasjon for eks. storaurestamma i Tokkeåi og Bandak. Er det behov for strengere miljømål i særskilte vannforekomster og/eller nedbørsfelt? Viser til denne høyringsuttala, der me meiner at miljømåla ikkje er tilstrekkelege. Spesielt med tanke på storaurestamme, bekkekløft og deltaområde. Er det samsvar med det foreslåtte prioriteringene og øvrige samfunnsmål? -gir forslag til plan et godt grunnlag for kommunens og sektomyndighetenes prioriteringer og avveininger. Me vil spesielt leggje vekt på at Tokke-Vinje reguleringa er ein av dei mest lønnsomme kraftreguleringar i landet. Miljøbasert tilstrekkeleg vassføring i vassforekomstane som er omtalt i dette dokumentet, vil ikkje føre til noko stort sammfunnsøkonomisk tap. Det vil tvert om ha ein særs positiv innvirkning på sammfunnet og dei betydlege miljøverdiane i området. I og med at sluttrapporten for Tokkeåi og Bandak frå Nina ikkje ligg føre, gjev det grunn til å tru at forslag til plan ikkje gjev eit fullgodt grunnlag for prioriteringar og avvegningar.

Hvilke nye eller forbedrede virkemidler er det behov for? Gje moglegheit til større medvirkning frå lokale krefter. Det er mange lokalt som sit på betydeleg kunnskap om sitt vassdrag. Uavhengige undersøkjingar som ikkje er styrt av eks. regulant. Mandat for undersøkingar og kven som utfører dei ulike undersøkingane, må styrast gjennom ei faggruppe/styringsgruppe slik som i eks. nasjonale laksevassdrag. Dette er det viktigaste ein kan gjere for å skape tillit og uavhengig forskning. Dette kan ikkje understrekast godt nok. Tokkeåi og Bandak Ein av dei største naturinngrepa i Noreg var Tokke-Vinje utbygginga på 1950-60-70 talet. Dette medførte store endringar i natur og fiskebestandar. Gyteelva til den genetisk unike storaurestamma i Bandak og Vestvatna vart over kort tid redusert til nærast ingenting. Dette hadde ein enorm negativ innverknad på storaurestamma. Ein rekkje hendelsar og fysiske inngrep har redusert stamma ytterlegare i nyare tid og det pågår enno. Næringsgrunnlaget, gyteforhold, oppgangsforhold og oppvekstforhold til storaurestamma er sterkt redusert. Tokkeåis bekkekløftsystem Området frå Bandak og opptil Vinje med sidebekkar og hovudvassdrag er unikt. Det er eit internasjonalt verneverdig bekkekløftsystem (Tokkeåi naturreservat). Det er Tokkeåi i naturtilstand som har skapt desse unike naturhøva. Tokkeåi deltaområde Tokkeåi munnar så ut i Bandakdeltaet, som er rekna som ei truga naturtype jamfør elvedeltabasen (DN). Bandakdeltaet er er eit særs godt egna ålehabitat og hadde før ein stor bestand ål. Ålen er i dag rekna som sterkt truga og er raudlista. Det må vere eit mål å betre deltafunksjonen for aure, bekkeniauge, botndyr, og ål. Deltaområdet er i dag sterkt påvirka av vasskraftproduksjon og viktige deltaprossar er sterkt forringa.

Storaurestamma Er pr. i dag den einaste dokumenterte genetiske unike storaurestamma i heile Vest- Viken vannområde. Storaurestamma i Bandak og Vestvatna er internasjonalt unik. Dette er naturleg innvandra sjøaure etter siste istid for omlag 10500 år sidan, og det er ein av få gjennlevande ur stammer i Noreg. Storaurestamma er og upåvirka av fiskeutsettingar, og har difor ein stor bevaringsbiologisk verdi. Særs storvakse individ på over 15 kg, som er blandt dei største i verden. Når den effektive gytebestanden er berekna til 50-100 individ er det grunn til å sette strengare miljømål. Det er nå så på kanten til at stamma blir utrydda at tiltaka må vere effektive. Verdens fremste popuplasjonsgenetikerar seier at for å kunne bevare ein slik populasjon i eit langsiktig perpektiv, må den effektive gytepopulasjonen (Fe) vere på minimum 500 individ. Miljømåla som er foreslått i vannforvaltningsplanen er for svake til å kunne redde stamma. Me har heile tida hevda at stamma er i sterk tilbakegang. Når den kjem ned på eit så lågt nivå er det grunn til bekymring. Bandak Fiskelag har gjort dei tiltaka som er mogeleg for å beskytte storaurestamma for fiske. Stamma har vore freda sidan 1998. Storauren i Tokkeåi og Bandak er blitt vurdert som ein spesielt viktig storaurebestand av miljødirektoratet, og verdien er satt til svært stor(ss) Den skal vurderast og hensyntakast på same måte som ein laksebestand i eit nasjonalt vassdrag. Det er med god fagleg grunn at miljømåla må bli sett høgare enn det er foreslått i tiltaksanalyse/tabell. Det er og eit absolutt minimums krav at alle tiltaka blir gjennomførte i denne planperioden. Tokkeåi nedstraums Lio 016-2396-R er den noverande gytestrekninga for storaurestamma. Elvestrekket er omlag 4,8 km langt, og har eit areal på omlag 370000m2. Utan minstevassføring, 18 kunstige tersklar og mange fysiske inngrep. Blir ofte totalt tørrlagt, i tillegg utsett for effektkøyring frå Lio kraftstasjon. I tillegg er det utsatt for eit særs unaturleg temperaturregime. Her er miljømålet sett til GØT, med bakgrunn i dei verdiane denne vassforekomsten berørar må miljømålet setjast høgare. Den naturlege gytevandringa til storaurestamma var mykje lengre. Fysiske inngrep i Helvetesfossen mellom 016-2396-R og 016-409-R har umogleggjort gytevandring i nyare tid opp i Tokkeåi. Fysiske endringar mellom 016-2414-R og 016-2396-R har og umogelggjort gytevandring opp i Dalaåi. Tokkeåi nedstrums Lio 016-2396-R, Tokkeåi/Vinjeåi 016-409-R, Frolandsåi, Smogåi og Dalaåi 016-2414-R og Mosåi/Rukkeåi 016-2272-R. Desse vassforekomstane berører natur og storaure med nasjonal og internasjonal verdi. Det er god fagleg grunn til å setje strengare miljømål i alle desse vassforekomstane og sjå det heile i ein økologisk sammenheng.

Kommentar til Forslag Regional plan for vannforvaltning i vannregion Vest-Viken 2016-2021: Det kan sjå ut som om at dei ulike storaurestammene bli rangert her. Dette er det ikkje fagleg belegg for å gjere. Det står blant anna: Storaurestammene Randsfjorden har en nasjonal bevaringsverdi? Alle storaurestammene i Vest-Viken vannområde har ein nasjonal bevaringsverdi. At storaurestamma i Eikeren er ein egen art er nok å dra det for langt. Ein egen gytepopulasjon er nok det rette om ein har utført genetikkanalyser her. Kommentar til tiltaksanalyse/tabell Tokke-Vinje vassområde: I tabell 28 er det lista opp ein oversikt over frivillige tiltak. Her kan ein få eit feil inntrykk av at det eksisterar ei minstevassføring i Tokkeåi. Dette er ikkje rett. pr. idag er det ikkje minstevassføring/miljøbasert vassføring i Tokkeåi. I tiltaksanalysa er det kome eit forslag om eit gytebestandsmål for Tokkeåi og Bandak på totalt 100 individ som den faktiske gytepopulasjonen (F) Dette er i utgangspunktet ikkje berekraftig. Desto verre er målet om at bare 60% av desse skal vere storaure. Her må det leggjast til at storaurestamma representerar ein egen gytepopulasjon. Dette er av vesentleg betydning. Blir dette ståande som eit mål er resultatet utrydding. Den genetiske variasjonen blir for låg med innavlsdepresjon som resultat. Dette er ikkje berekraftig og stamma vil dø ut i løpet av kort tid. Det er vel ikkje hensikten med vassarbeidet vil me tru. Hvis ein vil bevare storaurestamma, som vedtatt i fyrste forvaltningsplan for Tokke-Vinje vassområde, må ein basere eit gytebestandsmål i fyrste omgang på dette: Med bakgrunn i Laks og Innladsfiskeloven 1, Naturmangfoldloven 1 og Criteria for assessing the level of thereat for brown trout populations: modification of the model proposed by Allendorf et al. (1997) and the IUCN Red List (1996) Den effektive gytebestanden (Fe) i Tokkeåi må aukast til minst 500 individ for å bevare stamma i eit langsiktig perspektiv. Skal ein ha som mål å få stamma beskatningsbar i fylgje Laks og Innlandsfiske loven 1, må stamma aukast ytterlegare. Bandak Fiskelag har bede Nina (Norsk institutt for naturforsking) om utarbeiding av ei tilnærming til eit gytebestandsmål for storaurestamma i Bandak og Tokkeåi. Det er på høg tid at det blir utarbeidd mål for storaurestamma. Dette blir finansiera av Bandak Fiskelag. Eit gytebestandsmål er særs nyttig for vidare arbeid med vassdirektiv, vilkårsrevisjon, forvaltning og tilltak.

Kommentar til tiltaksanalyse/tabell Midt-Telemark vassområde: At ålen gyter i nedre del av Telemarkskanalen er ein verdenssensasjon intet mindre. Dette har me kommentert tidlegare. Er Bandak forsvunne frå tiltakstabellen? Ein grundig og fagleg utgreiing om ålevandringa i Telemarksvassdraget må til. Dette må vere høgt prioritert av Midt-Telemark vassområde. Eit høgare miljømål må og settast for denne vassforekomsten, med bakgrunn i ål og storaure. Dette kan forankrast i det gjeldande Hoggaregulativet. Det ligg føre ein juridisk vurdering av Hoggaregulativet frå Lund og Co. Sluttord: Storaurestamma i Tokkeåi og Bandak er igjennom 10500 år, forma av voldsomme naturkrefter. Det er vassføringa i Tokkeåi som er sjølve drivkrafta til storaurestamma. Det er ingen tilfeldighet at me har ei storaurestamme her. Det er eit resultat av naturkrefter. Når desse naturkreftene forsvinn eller blir sterkt reduserte er det ingen evolusjonsmessige fordelar av å vere stor. Det er dette som har skjedd dei siste 60 åra i Tokkeåi. Me håpar at vassarbeidet kan vere reddninga for denne umistlege stamma, som det finnast bare ein av i heile verden. Dalen 31-12-2014 Bandak Fiskelag Vannføring foreslått I tiltakstabell, 2 m3/pr sek. Nok for å bevare storørretstammen?