Evalueringsrapport juni 2012

Like dokumenter
Frå prosjekt til fast drift Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Kurs i Helsepedagogikk Om gruppebasert opplæring av pasient- og pårørande med mål om auka meistring.

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Rettleiar for oppfølging av brukarrepresentantar som deltar i arbeid ved Lærings- og mestringssenteret (LMS).

Til deg som er brukarrepresentant ved Lærings- og mestringssenteret i Helse Bergen HF

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Evaluering av Helsepedagogikkurs med fokus på ungdom

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Hordalandsmodellen med kurs for tverrkulturell kompetanse - ein tilnærmingsmåte.

PLAN FOR KOMPETANSEUTVIKLING I GRUNNSKULEN 2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Jorunn Nyttingnes Arkiv: G10 Arkivsaksnr.: 14/907-1

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Nettverksgruppa på hospiteringsbesøk i Danmark

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Hjertetrim,- Trening for livet. Samhandlingsprosjekt i Helsetorgmodellen

ARBEIDSGRUPPE BRUKARINVOLVERING

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

Stemnehandboka for NKSF

ETNE KOMMUNE K-LEAN BRUKARHANDBOK FOR LEIARAR OG VEILEDERE

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

Effekt- og prosessevaluering Erfaringar frå FOUSAM. Lars M. Kvinge Høgskulelektor Høgskolen Stord/Haugesund, FoU-rådgjevar FOUSAM

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato:

Brukarmedverknad i FOUSAM

Kva blir gjort? Korleis få vite om det? Korleis samhandle?

«Det muliges kunst» Kurs for pårørande ved rusproblematikk

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Handlingsplan Nettverk for læring og mestring i Helse Vest

Styresak. Forslag til vedtak. Føretak: Helse Vest RHF Dato: Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Samansetting av regionalt brukarutval

GRUPPEBASERT UNDERVISNING FOR PERSONAR MED KOLS, DIABETES, OVERVEKT OG/ELLER HJARTE-KARSJUKDOM. Helene Fjellheim Midthun, Suldal Kommune

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Tenesteavtale7. Mellom Stord kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

PROTOKOLL FRÅ STYREMØTE I HELSE VEST RHF

Brødsbrytelsen - Nattverden

DATO: SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Den nye seksjon for applikasjonar

TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.

Plan for overgangar. for barn og unge

Helsetorgmodellen Delprosjektgruppe Rehabilitering/LMS/ Frisklivssentraler

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte Det er med bakgrunn i

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Velkomen til Mork barnehage

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Tenesteavtale 7. Mellom Odda kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om forsking, utdanning, praksis og læretid

Lågterskeltilbod til ungdom mellom år

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Fra prosjekt til drift - eksempel på politisk vedtak i Stord

«Ny Giv» med gjetarhund

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2

Læringsleiing. Skulesjefen, Fjell kommune.

Foreldregruppe i barnehagen

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

arbeidsgruppa. Arbeidet vert leia av Tysvær kommune. 2. Alle i nettverket 3. Alle i nettverket 4. Kontaktperson

Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.

1. Mål med samhandlingsreforma

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Protokoll frå møtet i det regionale brukarutvalet 30. mai 2008

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sogn lokalmedisinske senter

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

Pedagogikk som behandling? Ein del av behandlingstilbodet til pasientane

Kvalitetsplan mot mobbing

Praktisk arbeid med Betre Tverrfagleg Innsats (BTI) i Årdal kommune,

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Transkript:

Helsepedagogikk Eit tilbod i Helsetorgmodellen Arrangert i eit samarbeid mellom Brukarutvalet i Helse Fonna, Helsetorgmodellen og Lærings- og mestringssentra i Helse Fonna. Evalueringsrapport juni 2012 1

SAMANDRAG 3 Bakgrunn 4 Fagleg forankring 4 Målsetjing med kurset 5 Målgruppe 5 Gjennomføring 5 Markedsføring/gjere kurset kjent 5 Deltakarsamansetning 6 Evaluering 6 Forventingar frå deltakarane ved oppstart av kurset: 6 Evaluering av kvar kursdag 7 Evaluering av kurset som heilskap 7 Tilbakemelding frå deltakarane via borddialog 7 Økonomi og ressursar 8 Faglege ressursar 8 Økonomi 8 Oppsummering og tilråding frå arbeidsgruppa 8 Oppsummering 8 Tilråding 9 2

Samandrag Våre 2012 gjennomførte Lærings- og meistringssentra (LMS) i Helse Fonna kurs i Helsepedagogikk i eit samarbeid med Brukarutvalet i Helse Fonna. Tilbodet gjekk over fire dagar med to vekers mellomrom, og var eit tiltak i Helsetorgmodellen. Bakgrunn for tilbodet var at Helse Fonna mangla tilbod om helsepedagogikk, dei fleste andre føretak har eit slikt tilbod. Det var også etterspurt frå både brukarrepresentantar og fagpersonar i kommune og spesialisthelseteneste. Helsetorgmodellen hadde fleire prosjekt i startgropa der slik kompetanse var aktuell. Helsepedagogisk kompetanse med fokus på grupper og endringsprosessar, er viktig på tvers av fagområde inn i arbeidet med læring- og meistringstilbod. Veiledar for Helsepedagogikk frå Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring (NKLMS), vart lagt til grunn for innhaldet i kurset. Arbeidsgruppa med representant frå brukarutvalet og tilsette ved dei tre LMS i Helse Fonna tok ansvar for lokal tilpassing/utvikling og gjennomføring av tilbodet. Representant frå FOU eininga var Helsetorgmodellen sin samarbeidspartnar og kontaktperson inn i arbeidet. I tillegg til at LMS tilsette og brukarrepresentantar var forelesarar, stilte NKLMS med fagkompetanse og forelesar utan vederlag og HSH deltok med forelesar finansiert via Helsetorgmodellen. Dette var første gjennomføring av eit så omfattande Helsepedagogisk tilbod i Helse Fonna. Det var difor viktig å få systematisk tilbakemelding om opplevinga av kurset, både frå deltakarar og arrangør. Det var stor søknad til kurset og dei 35 deltakarane møtte jamt opp alle dagane. Deltakarane kom frå sju ulike kommunar, spesialisthelseteneste og brukarorganisasjonar. Deltakarane vart spurt om forventingar til tilbodet i starten av kurset og kvar kursdag vart evaluert med eige evalueringsskjema. Tilbakemeldingane var svært positive både på innhald, organisering og rammer for kurset. På bakgrunn av både munnlege og skriftlege tilbakemeldingar frå deltakarane, saman med arbeidsgruppa si oppleving av kurset, ser arbeidsgruppa helsepedagogikkurset som eit godt gjennomført og nyttig tilbod. Arbeidsgruppa tilrår at Helsepedagogikk med fokus på lærings- og meistringstilbod i grupper, vert etablert som eit fast tilbod i Helse Fonna. Både fagpersonar og brukarrepresentantar som skal arbeide i feltet, har behov for slik kompetanse om tilboda skal bli gode for målgruppa. Ein tilrår vidare eit tettare samarbeid med HSH og kommunar via FOU-eininga i Helsetorgmodellen. Brukarmedverknad og samarbeid er viktig for kvaliteten på kurset og ein tilrår difor eit vidare samarbeid med Brukarutvalet. Samhandlingsreforma gjev kommunane nye oppgåver og tilrår at LMS-metoden vert nytta inn i lærings- og meistringsarbeidet, her har spesialisthelsetenesta lang erfaring. Helsepedagogikktilbodet bør vere eit av tiltaka for å ivareta veiledningsansvaret som føretaket har ovafor kommunane. 3

Bakgrunn Tilsette ved Lærings- og mestringssentra (LMS) i Helse Fonna, har over fleire år sett og fått tilmeldt behov for eit Helsepedagogikktilbod i Helse Fonna. Behovet har kome fram i arbeidsgrupper som utviklar LMS tilbod der både fagpersonar og brukerrepresentantar, som samarbeider om utvikling av gruppebaserte tilbod, etterlyser slik kompetanse. Nasjonalt og i vår region har dei fleste føretak etablert slike tilbod i samarbeid med LMS. Forum for pasient- og pårørande i Helse Fonna, FOP, har også vore ein pådrivar for å etablere eit helsepedagogisk tilbod. Behovet vart enda meir aktualisert i dialogen rundt LMS si rolle framover, der samarbeid, rettleiing og deling av kompetanse med kommunane vert ei sentral oppgåve. Dette i følgje både utredande og styrande dokument ( mellom anna Plan somatikk, Ny kommunehelselov og Samhandlingsreforma). Kompetanse på korleis organisere, leie, undervise og skape dialog i gruppebaserte opplærings- og mestringstilbod, er grunnleggjande og sentralt for alle som skal arbeide i feltet, det vere seg i kommune eller spesialisthelseteneste. Kva metodar er effektive med tanke på å skape gode og utviklande prosessar i grupper? Kva metodar motiverer til endring og refleksjon hos målgruppa? Erfaringar syner at det å vere fagleg dyktig eller ha stor erfaringskompetanse ikkje er nok åleine, formidlingsmåte og tilnærming er like viktig. Dette vektlegg og erkjenner også styrande myndigheter der dei viser til LMS-metode i opplæringsfeltet og tilrår mellom anna motiverande intervju (MI) som ein god tilnærmingsmåte når ein ønskjer å bidra til endringsprosessar hos pasient/brukar. Kompetanse på dette feltet gjeld på tvers av fagområder. I Helsetorgmodellen pågjekk fleire prosjekt, der opplæring og mestring var ein del av arbeidet, og der slik kompetanse var aktuell. Dette var bakteppet for at Lærings- og mestringssentra i Helse Fonna i samarbeid med Brukarutvalet, sendte søknad til Helsetorgmodellen om å få gjennomføre eit tilbod i helsepedagogikk våren 2012. Fagleg forankring Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring (NKLMS) har utvikla «Veileder til utvikling av helsepedagogisk kompetanseutviklingsprogram i spesialist- eller kommunehelstjenesten». Denne vart lagt til grunn for utvikling og tilpassing av tilbodet lokalt i Helse Fonna. Denne ligg også til grunn for program for Helsepedagogikk i Helse Bergen og andre tilsvarande kompetansehevingsprogram rundt i landet. http://mestring.no/ Arbeidsgruppa som lokalt tilpassa, utvikla og gjennomførte tilbodet besto av; Sandra Våge, Brukarutvalet i Helse Fonna Jorun Sekse, LMS Odda Kari Vik Stuhaug og Sigrid Bøthun, LMS Klinikk psykisk helsevern Christense Ek og Sølvi Heimestøl, LMS Haugesund somatikk. 4

Målsetjing med kurset Auka pedagogisk kompetanse som igjen kan bidra til betre møte med pasientar og pårørande i grupper. Gi praktisk rettleiing og høve for erfaringsutveksling og refleksjon over eigen praksis i arbeid innan gruppebaserte tilbod. Målgruppe Tilsette i kommune- og spesialisthelseteneste som skal arbeide med/har interesse for gruppebaserte meistringstilbod og opplæring av pasientar og pårørande. Brukarrepresentantar som deltek i slikt arbeid. Gjennomføring Kurset vart gjennomført i perioden 15.mars til 29.april 2012. Det vart gjennomført ein kursdag kvar anna veke og totalt fire kursdagar. Tilsette ved Lærings- og mestringssentra sto for organisering, praktisk tilrettelegging og leiing av kursdagane. Lokale for gjennomføring: Hemingstad bydelshus i Haugesund Forelesarar: Anita Strøm, Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring og Gudbjørg Øen, HSH Sandra Våge, Brukarutvalet i Helse Fonna og Elisabeth Samuelsen, Norges astma- og allergiforbund Kari Vik Stuhaug og Sigrid Bøthun LMS Klinikk psykisk helsevern Jorunn Sekse LMS Odda Sølvi Heimestøl LMS Haugesund somatikk Tema for kursdagane: Dag 1: Roller i endring Dag 2: LMS-metodikk som arbeidsverktøy Dag 3: Det gode møtet Dag 4: Gruppa som læringsarena Program for den enkelte kursdag; sjå vedlegg 2 Godkjent for merittering: Norsk sykepleierforbund godkjenner kurset til klinisk spesialist i sykepleie/spesialsykepleie med 25 timar Fysioterapeutforbundet godkjenner kurset som fysioterapispesifikk etterutdanning med 25 timar Ergtoerapeutforbundet godkjenner kurset med 25 timar som generelt kurs. Markedsføring/gjere kurset kjent Brosjyre og invitasjon vart sendt alle kommunar via Helsetorgmodellen. Det vart også sendt via dei ulike LMS og Brukarutval til samarbeidspartnarar. I tillegg vart det gjort kjent på Helsetorgmodellen si nettside og intranettet i Helse Fonna. Tilbakemeldingar på evalueringsskjemaet viser at dei fleste som svarte (27 stk) fekk invitasjonen til kurset via leiar (10 stk) eller fant det på intranett/internett (10 stk). 5

Informasjonsbrosjyre; sjå vedlegg 1 Deltakarsamansetning Det var totalt 55 søkjarar til tilbodet. I fordeling av 35 plassar vart det tatt omsyn til jamn fordeling mellom klinikkar i foretaket, ulike kommunar og brukarorganisasjonar. Samansetninga av deltakarar Fagpersonar frå kommunane i Helse Fonna: 14 stk (Sveio, Vindafjord, Karmøy, Haugesund, Tysvær, Odda og Sauda) Fagpersonar frå Helse Fonna: 18 stk ( DPS, BUP, smertepoliklinikk, Nyfød- og barneseksjon, dialyseeining, terapeutiske spesialtenester og LMS) Brukarrepresentantar: 3 stk Fagpersonane representerte følgjande faggrupper: sykepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar. Det var stor breidde i erfaring og kompetanse innan feltet hos deltakarane. Dei fleste frå helseføretaket var erfarne gruppeleiarar som arbeidde aktivt i feltet, medan fleirtalet frå kommunane var nye i feltet der somme var tenkt inn i lærings- og meistringstilbod i eigen kommune. Evaluering Dette var første gjennomføring av eit så omfattande Helsepedagogisk tilbod i Helse Fonna. Det var difor viktig for oss å få systematiske tilbakemeldingar om opplevinga av kurset, både frå deltakarar og arrangør. Første kursdag fekk ein via borddialogar fram forventningar frå deltakarane til kurset. Kvar kursdag vart evaluert med eige evalueringsskjema som siste programpost for dagen. Siste kursdag vart evaluering av kurset som heilskap lagt inn som eigen del av evalueringsskjemaet. Ein fekk også tilbakemeldingar på kurset som heilskap via borddialogar siste kursdag. Vurderingane vart gitt i skjema med ein skala frå 1-5 der 1 var svært misfornøgd og 5 svært fornøgd. Skjema hadde også opne spørsmål og gav muligheit for å gje kommentarar. Deltakarane kryssa av på evalueringsskjema om dei var brukarrepresentantar eller fagpersonar og om dei var tilsett i kommune eller føretak. Forventingar frå deltakarane ved oppstart av kurset: Forventningar til innhald i kurset kom fram i borddialogar 1. kursdag: «Auke samhandling mellom brukarar/pårørande og fagfolk, styrke samarbeidsrutinar» «Auka praktiske reiskapar» «Lære metodar for å få til det vi vil» «Skape entusiasme og glede» «Lære om undervisning og gruppeleiing» «Lære om samansetnad i grupper» «Kva er helsepedagogikk?» «Teori bak LMS og praksis» «Maktbegrepet respekt og likeverd» «Opplæring, læring og meistring i et samfunnsperspektiv» «Tid og rom til å fordjupe seg» 6

«Språk og begrep» «Profesjonell, men likevel nær tilnærming» «Kjennskap til kvarandre si tenking» Evaluering av kvar kursdag På spørsmålet om korleis dei opplevde dagen sett i lys av eigne forventingar, var dei fleste kommentarane positive og utsegn som «lærerikt og nyttig», «inspirerande», «godt fornøyd» gjekk igjen i utfylte skjema. Dei fleste kryssa av for at det var passe fordeling av tid mellom samtale /erfaringsutveksling og førelesning. På spørsmålet om det var noko ein hadde spesielt nytte av, vart praktiske øvingar, fokus på brukarmedverknad og ulike praktiske verktøy framheva. Kvart innlegg/tema for dagen, møteleiing og servering/kurslokale vart evaluert via evalueringsskala frå 1-5, der 5 var høgaste score. Dag 1 hadde samla for desse områda gjennomsnitt score på 4,1 (svarprosent: 77) Dag 2 gjennomsnitt score på 4,2 (svarprosent: 74) Dag 3 gjennomsnitt score på 4,3 (svarprosent: 62 ) Dag 4 gjennomsnitt score på 4,3 (svarprosent: 82) Servering og kurslokale hadde lågaste gjennomsnitt av dei områda som vart evaluert med score på 3,7. Samandrag av evalueringar frå kvar kursdag; sjå vedlegg 4-7 Evaluering av kurset som heilskap Evalueringsskjema Svarprosent 82 Grad av innfridd forventing på scala frå 1-5 var gjennomsnitt score 4,2 Kor nøgd ein var med kurset som heilskap gav gjennomsnitt score 4,3 På spørsmålet om det var noko ein sakna og på fordeling av tema i kurset, kom fleire kommentarar på ønskje om meir praktiske øvingar på metodar, arbeidsmåte og verktøy. Alle som svarte ville tilrå andre å delta på kurset, både helsepersonell og brukarrepresentantar som arbeider med grupper, tilsette i kommune og føretak. Kommentarar frå evalueringsskjema:»lærerikt i forhold til å lede og drive kurs, lære seg metoder» «Mye meir lærerikt enn forventa. Ønsker eg kunne hatt kurset tidlegare» «Føler vi er kommet godt i gang nå, skulle gjerne hatt ein vidare oppfølging» «Viktig kurs for arbeidet kommunane skal til med» «Det har vært veldig lærerikt, tenker på utfordringer i forhold til samhandlingsreformen.» Samandrag av evaluering for kurset som heilskap sjå vedlegg 8 Tilbakemelding frå deltakarane via borddialog Det var seks bord som gav tilbakemeldingar på følgjande to spørsmål: 1) Dette var viktig for meg/gjorde meg nysjerrig: «Hvordan jobbe i grupper/lede grupper» «Hvordan kan kommunene få LMS-tilbod opp å gå?» «Start på noe en ønsker å utforske videre, små drypp har vekket interesse» 7

«Verktøy eg kan ta med inn i min hverdag» «Se hvordan jeg kan legge opp undervisning, mindre tid på teori, meir på dialog med gruppa» «Samhandling mellom fagperson /pasient/pårørande» «Gruppesamtaler/gruppedynamikk/gruppeveiledning»» «Diskusjonane rundt utfordrande situasjon i rollespel» «Ulike verktøy som LØFT, MI, den gode samtalen» 2) Kva er det som må skje for at du tar i bruk noko av det du har lært på kurset? «Samarbeide med kommunene før ein set i gang LMS tilbod» «Prøve det ut i egen hverdag» «Arbeidsgiver setter at tid til pasientkurs» «Tid til å sette seg mer inn i ulike teoriene» «Bruke det i det daglige arbeid» «Bevisst på å bruke det øve seg på det» Økonomi og ressursar Faglege ressursar I arbeidsgruppa deltok fem representantar frå LMS i Helse Fonna, som alle prioriterte ressursar inn i kurset som ein del av sitt daglege arbeid. Til planlegging og lokal utvikling/tilpassing av innhald i kurset, hadde arbeidsgruppa eit dagseminar og to møter på to timar kvar. I tillegg hadde me møte i forkant av kvar ny kursdag, to fysiske møter på cirka 2 timar kvar og eit telefonmøte. Etter kursslutt hadde arbeidsgruppa eit evalueringsmøte på fire timar. Fire representantar frå LMS deltok i gjennomføringa av kurset. Sia dette ikkje var gjort før, såg arbeidsgruppa det som viktig at så mange følgde heilheita i kurset. Nasjonalt kompetansesenter stilte med kompetanse til førelesing utan vederlag. HSH stilte med kompetanse til førelesing dekka av prosjektmidlar i Helsetorgmodellen. Brukarinnlegg/medverknad vart løna etter vanlege takstar i LMS-samanheng. Økonomi Deltakaravgifta dekka det meste av servering for kursdagane, i tillegg kom utgifter til lokaleige, brukarmedverknad/brukarinnlegg, førelesar frå HSH og materiell. Rekneskap for kurset sjå vedlegg 3. Oppsummering og tilråding frå arbeidsgruppa Oppsummering På bakgrunn av både munnlege og skriftlege tilbakemeldingar frå deltakarane, saman med arbeidsgruppa si oppleving av kurset, ser arbeidsgruppa på helsepedagogikkurset som eit godt gjennomført og nyttig tilbod. - Det var god søknad til kurset, noko me tolkar som eit behov for meir kompetanse på feltet. Kurset var planlagt med max 25 deltakarar, talet vart utvida på grunn av mange søkjarar. I gjennomføring av eventuelt fleire kurs, bør ein vurdere å ha færre deltakarar, då gruppa var for stor til dialogbasert undervisning. - Oppmøtet frå deltakarane var særs godt, det var kun få fråværsdagar på grunn av sjukdom undervegs i kurset. Av 35 deltakarar var det 34 som fullførte kurset. 8

- Innhaldet i kurset var bygd på Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring sin veileder, tilpassa lokale forhold. Prioritering av tema og fokusområder i kurset vart opplevd som relevante og sentrale for feltet. Ein kan i eventuelle vidare tilbod sjå på kva rekkefølje dei ulike tema kjem i, ein bør og ta omsyn til ønskje frå deltakarane om at praktiske øvelsar kan ha enda større plass i kurset. - LMS sin arbeidsmetode vektlegg likeverdig brukarmedvirkning i både planlegging, gjennomføring og evaluering av tilbod. Det var difor naturleg å nytte metoden inn i arbeidet med helsepedagogikkurset. Ny helselovgivnad legg systematisk brukardeltaking og samarbeid som eit viktig fundament i all behandling og oppfølging. Dette er eit nytt og ukjent område for mange fagpersoner og evalueringa viser at både teori og praksis rundt aktiv brukardeltaking var nyttig. - Brukarutvalet var medarrangør i kurset og ein god samarbeidspartner inn i tilbodet. - Deltakarane i arbeidsgruppa som var ansvarleg for innhald og gjennomføring, hadde eit godt samarbeid i både i forkant av kurset og undervegs. Gruppas medlemmar hadde utfyllande kompetanse. I tidleg planleggingsfase og i marknadsføringsarbeidet var FOU-eininga i Helsetorgmodellen representert i arbeidsgruppa ved Sølvi Torvestad. Dette gav nyttig drahjelp i søknadsprosessen og i arbeidet med forankring av tilbodet i Helsetorgmodellen.. - Samarbeidet med HSH om kompetanse og forelesarressurs på tema Motiverande intervju var nyttig. - Samarbeidet med Nasjonalt kompetansesenter for læring- og mestring, om kompetanse og foreleserressurs var nyttig. - På grunn av velvilje i leiinga i Helse Fonna om prioritering av midler og gratis bidrag frå Nasjonalt kompetansesenter for læring og mestring, vart tilbodet gjennomført med små økonomiske midlar. Tilråding Arbeidsgruppa tilrår at Helsepedagogikk med fokus på lærings- og meistringstilbod i grupper, vert etablert som eit fast tilbod i Helse Fonna. Både fagpersonar og brukarrepresentantar som skal arbeide i feltet har behov for slik kompetanse om tilboda skal bli gode og virkningsfulle for målgruppa. - Ein bør etablere eit tettare samarbeid mellom HSH og LMS i Helse Fonna om lokal utvikling og gjennomføring av tilbodet. HSH har formell kompetanse på området og LMS har lang praktisk erfaring i feltet. Det er også ønskjeleg med representant frå kommunane inn i arbeidet. Slik kan ein med utfyllande kompetanse i vår region byggje eit sterkt og fagleg godt tilbod. Ein anbefaler forankring i FOU-eininga i Helsetorgmodellen. Her bør ein også sjå på korleis ein best kan samarbeide om økonomisk og ressursmessig gjennomføring. - Brukarmedverknad og samarbeid er viktig for kvaliteten på kurset og ein anbefaler vidare samarbeid med brukarutvalet om tilbodet, eventuelt med fleire representantar i arbeidsgruppa. - Rekruttering av deltakarar bør utgå frå samhandlande nettverk lokalt slik at aktuelle personar som skal starte eller er igong med gruppebasert opplæring vert prioritert til kurset - Føretaka har rettleiingsansvar ovafor kommunane, Helsepedagogikktilbodet bør vere eit av tiltaka for å ivareta dette ansvaret. Samhandlingsreforma gjev kommunane nye oppgåver og tilrår at LMS-metoden vert nytta inn i lærings- og 9

meistringsarbeidet. Her har LMS lang erfaring og kompetanse som kan komme til nytte. Vedlegg Vedlegg nr 1 Kursinvitasjon Vedlegg nr 2 Program for kursdagane Vedlegg nr 3 Rekneskap for kurset Vedlegg nr 4 Samandrag evaluering dag 1 Vedlegg nr 5 Samandrag evaluering dag 2 Vedlegg nr 6 Samandrag evaluering dag 3 Vedlegg nr 7 Samandrag evaluering dag 4 Vedlegg nr 8 Samandrag evaluering Kurset som heilskap 10