HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 200503774-35 Arkivnr. 329.T04 Saksh. Ragnhildstveit, Jomar Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato 23.08.2011 24.08.2011 ROSLAGEN AS - SØKNAD OM FORLENGING AV KONSESJON FOR OPPTAK AV SKJELSAND FRÅ OMRÅDET "VED BRATTHOLMEN", AUSTRHEIM KOMMUNE SAMANDRAG Roslagen AS har søkt om forlenga konsesjon for opptak av skjelsand frå området Brattholmen V i Austrheim kommune. Søknaden har vore på høyring. Einaste merknad frå dei som gitt uttale, er frå Bergens Sjøfartsmuseum om ein mogeleg konflikt med marint kulturminne, etter registrering av eit verna skipsvrak 150-200 meter nordaust for konsesjonsområdet i 2010. Fylkesrådmannen meinar at skjelsandopptak i konsesjonsområdet er i forsvarleg avstand frå nemnde kulturminne, og at omsøkt opptak også er forsvarleg i forhold til vurderingar etter naturmangfaldlova. FORSLAG TIL INNSTILLING 1 I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får selskapet Roslagen AS konsesjon for opptak av inntil 5000 m3 skjelsand per år frå området Ved Brattholmen i Austrheim kommune. 2 Konsesjonen gjeld til 14.12.2015. 3 Opptak av massar skal gjerast med grabb. 4 Konsesjonsvilkåra vert elles i samsvar med dei vanlege konsesjonsvilkåra fastsett i sentralt rundskriv av 1.4.93. Paul M. Nilsen fylkesrådmann Jan Per Styve regionaldirektør
FYLKESRÅDMANNEN, 18.07.2011: 1 Søknad og tidlegare sakshandsaming Roslagen AS har hatt ein 5-årskonsesjon for opptak av skjelsand frå dei to områda Ved Brattholmen og Ved Myrbærholmen i Austrheim kommune. Roslagen AS v/ Jon Fredrik Mostraum søkte 20.1.11 om forlenging av konsesjonen i fem nye år, men berre for området Ved Brattholmen, vist på fig.1. Det er søkt om same årlege opptaksvolum frå konsesjonsområdet som før, dvs inntil 5000 m3. I følgje søknaden er skjelsanden tenkt nytta til jordbruks- og industriformål, som før. I følgje søkjar har han ikkje fått melding om interessekonfliktar knytt til opptak på konsesjonen. Konsesjonen som er søkt forlenga gjekk ut 14.12.10. Konsesjonen vart gitt ved følgjande vedtak i fylkesutvalet 8.12.05 (sak 321/05): 1 I medhald av LOV 1963-06-21 nr 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster, får selskapet Roslagen AS konsesjon for opptak av inntil 5000 m3 skjelsand per år frå kvart av dei to omsøkte områda, Ved Myrbærholmen og Ved Brattholmen i Austrheim kommune. 2 Konsesjonen vert gitt for 5 år, men opptak av skjelsand i området Ved Brattholmen må opphøyre innan det vert starta dyrking av kråkebollar der, eventuelt fortsetje på premissar sett av konsesjonshavar for kråkebolledyrking i skriftleg avtale mellom dei to konsesjonærane. 3 Opptak av massar skal gjerast med grabb. 4 Konsesjonen vert elles gitt på dei vanlege vilkåra for skjelsandkonsesjonar som vil framgå av konsesjonsdokumentet, i samsvar med sentralt rundskriv om vilkår av 1.4.93. Figur 1. Konsesjonsområdet Brattholmen V. 2
2 Reglar og retningsliner ved sakshandsaming Frå 1.4.93 har fylkeskommunen vore delegert konsesjonsmynde for undersøking og opptak av undersjøisk skjelsand, sand og grus i medhald av lov 21. juni 1963 nr. 12: Lov om vitenskapelig utforskning og undersøkelse etter og utnyttelse av andre undersjøiske naturforekomster enn petroleumsforekomster (kontinentalsokkellova). Kontinentalsokkellova ( 2) seier at retten til dei undersjøiske naturførekomstane ligg til staten. I rundskriv 1.4.93 har Nærings- og handelsdepartementet fastsett retningsliner ved sakshandsaming og tildeling av konsesjonar. Sjå lenkje til kontinentalsokkellova og rundskrivet på www.hordaland.no/skjelsand. I samsvar med rundskrivet av 1.4.93 har det vore praksis at søknader om løyve til opptak av skjelsand vert sendt til fylkeskommunen, og at fylkeskommunen sender søknaden på høyring til høyringsinstansane. Avgjerd om konsesjon skal meddelast eller ikkje vert fatta etter ei skjønsmessig vurdering, der fordelane med tiltaket vert vurdert opp mot dei ulemper det vil medføre. Det er ein føresetnad at fylkeskommunen før vedtak vert gjort lagar ei skriftleg tilråding til spørsmålet om konsesjon skal gjevast eller ikkje. Tilrådinga skal som minimum innehalde eit resymé av dei ulike høyringsfråsegnene og ei vurdering og konklusjon i den konkrete saka. Det er føresett at fylkeskommunane ikkje kan utelate, endre eller leggje til konsesjonsvilkår utan samtykkje frå departementet. Dette er likevel ikkje til hinder for at den enkelte fylkeskommune kan gjere lokale tilpassingar innafor ramma av konsesjonsvilkår som er fastsett i rundskrivet. Vedtak om konsesjon skal meddelast, eller ikkje, er eit enkeltvedtak, jf. forvaltingslova 28 flg. Enkeltvedtak skal grunngjevast (jf. 24-25). Klageinstans er Nærings- og handelsdepartementet. I forhold til grunngjeving vert følgjande reglar og retningsliner nemnt. Av forarbeida til kontinentalsokkellova går det fram at føremålet med lova var å gje norske styresmakter ein klar heimel til å føre kontroll med undersøking og utnytting av undersjøiske naturførekomstar. Miljømessige og geografiske forhold vil såleis vere relevante moment ved vurderinga. Å prioritere søkjarar frå eige fylke vil derimot vere eit utanforliggjande omsyn. Fylkeskommunen kan ikkje gje konsesjon i strid med bindande arealplan med mindre det aktuelle planmynde samtykkjer. Som regel vil også skjelsandopptak i medhald av kontinentalsokkellova innebere vesentlege terrenginngrep etter plan- og bygningslova (jf. pbl 20-1 første ledd bokstav k). Dessutan skal søknader om opptak av skjelsand i medhald av kontinentalsokkellova vurderast i forhold til 4 i forskrift om konsekvensutgreiing, eller uansett konsekvensutgreiast dersom uttak av massar berører meir enn 200 dekar samla overflate eller samla uttak omfattar meir enn 2 millionar m3 masse. For tiltak som skal vurderast etter forskriftas 4 er det fylkeskommunen som er ansvarleg mynde, jf. forskrifta vedlegg II tiltak nr. 23. Handsaminga skal då knytast opp til kontinentalsokkellova. Dei miljømessige vurderingane i sakshandsaminga må omfatte vurderingar i forhold til prinsippa i naturmangfaldlova som skal leggjast til grunn ved offentleg beslutningstaking, jf. 7-12. Vurderingane skal framgå av vedtaket. 3 Planstatus I kommuneplanen sin arealdel 2006-2017, vedteken 27.6.07, ligg området Ved Brattholmen i FFNFA-område (Fiske-, ferdsel-, natur-, frilufts-, og akvakulturområde (pbl 20-4, 1. ledd nr. 5)). Kommentar: Av retningslinene ved konsesjonshandsaming følgjer det at opptak av skjelsand i fiske-, ferdsle-, frilufts- og naturområde i utgangspunktet ikkje vil vere i strid med desse arealformåla. I ny plan- og bygningslov kan det i nødvendig utstrekning fastsetjast føresegner om bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn i sjøområda. Med omgrepet i nødvendig utstrekning, er det meint føresegner som det ut frå eit samfunnsmessig synspunkt er eit sakleg grunngjeve behov for å vedta, (jf. lovkommentar frå Miljøverndepartementet 1. juli 2009). 3
4 Høyring Søknaden vart sendt på høyring til dei obligatoriske høyringsinstansane 8.4.11, med frist 20.5.11. Ingen bad om utsett frist. Det er ikkje motteke fråsegn frå Austrheim kommune, Mattilsynet, Forsvarsbygg og Telenor. Kommunen har motteke høyringsbrevet. (I fråsegna til konsesjonssøknaden i 2005 hadde kommunen ingen registrerte bruksinteresser i dei omsøkte områda som ville vere i konflikt med uttaket.) Samandrag av dei andre høyringsfråsegnene følgjer: Fylkesmannen i Hordaland (19.4.) Fylkesmannen er ikkje kjent med negative konsekvensar av opptak som er gjort i området, og er heller ikkje kjent med at det er kartlagt nye førekomstar av sjeldne eller truga artar i det aktuelle arealet og heller ikkje i nærområda. Det same gjeld naturtypar. Ut frå naturfaglege interesser har Fylkesmannen såleis ikkje merknader til søknaden. Fiskeridirektoratet, Region Vest (14.6.) Ikkje merknadar. Saka har vore førelagt Fiskarlaget Vest. Kystverket vest (18.5.) Kystverket har ingen merknader til at konsesjonen vert forlenga, under føresetnad av at eksisterande vilkår i konsesjonsdokumentet knytt til ferdsel og tryggleik på sjø vert vidareført. Bergen og Omland Havnevesen (19.5.) Hamnevesenet har ingen merknader til søknaden i forhold til Hamnelova. Bergens Sjøfartsmuseum (4.5.) / Hordaland fylkeskommune - kulturminnevern Museet har i 2010 registrert eit verna skipsvrak berre 150-200 meter nordaust for grensa til det omsøkte konsesjonsområdet (Askeladden id. 140962). Det er vraket av dampskipet Haakon, som forliste på staden i 1910. Vraket er omfatta av Kulturminnelovas 14 (vern), og utgjer samstundes eit populært mål for sportsdykkarar. Så lenge skjelsandopptak føregår innanfor konsesjonsområdet, kjem tiltaket ikkje i direkte konflikt med kulturminnet. Kulturminnet kan likevel verte råka av masseforskuving som følje av uttaket. Museet oppmodar difor om at grensa for tiltaket vert flytta mot sør, og at koordinatane D-G vert gjeldande som ny grense mot nordaust. Det bør også inn i konsesjonsvilkåra at ein ikkje må føreta oppankring i av fartøy nordaust for tiltaksområdet, då dette kan skade det verna kulturminnet. Hordaland fylkeskommune - akvakultur (18.5.) I eige notat har fylkeskommunen vurdert at omsøkte tiltak ikkje vil vere i konflikt med havbruksinteressene i området, og har soleis ikkje merknader til søknaden. Næraste godkjente akvakulturlokalitet, 30559 Økseneset, klarert for laks og aure, ligg over 4 km aust for omsøkte tiltak, med mange holmar og skjer imellom. Løyvet til dyrking av kråkebollar i tiltaksområdet vart trekt tilbake og sletta frå akvakulturregisteret 5.10.05, og er soleis ikkje lenger aktuelt. 5 Vurdering Kulturminne Etter nærare vurdering vert avstanden på 150-200 meter frå konsesjonsområdet til det verna vraket av dampskipet Haakon, rekna som tilstrekkeleg. Konsesjonssøkjar er klar over kulturminnet, og konsesjonsdokumentet inneheld eit generelt vilkår om at verksemda ikkje må skade eller øydeleggje slike funn. I følgje konsesjonssøkjar er det lite skjelsand i den nordaustlege delen av feltet, og slik sett vil ikkje forslaget til Sjøfartsmuseet om å innskrenke området vere vanskeleg å etterkome, men i realiteten ikkje nødvendig. Opptaksfartøya som Roslagen brukar, (MS Roslagen og MS Straumvik), er 4
pålagt å bruke det automatiske identifikasjonssystemet AIS, (jf. forskrift om navigasjonshjelpemidler mm 19F), som viser og sporar lokaliseringa til båtane, (sjå www.marinetraffic.com/ais/). Akvakultur og fiskeri I konsesjonsvilkåra kan omsynet til dyrking av kråkebollar takast ut (jf. vedtaket i sak 321/05 pkt 2 vist over), då løyvet til slik dyrking er trekt tilbake. Det er ikkje påpeikt andre mogelege interessekonfliktar i forhold til akvakultur eller fiskeri. Økosystemvurderingar, jf. Naturmangfaldlova 8-12 I 2010 kartla NGU, med tilskot frå fylkeskommunen, skjelsandførekomstar i Austrheim kommune, sjå figur 2. Kartlegginga inngjekk i nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald marint. Ut frå kartlegginga vart det berekna eit volum av påvist skjelsand i kommunen på rundt 3,1 mill. m3, mens volumet av mogeleg skjelsand vart berekna til ca 3,9 mill. m3. Konsesjonssøkjar har i søknaden vurdert at det kan vere ca 100.000 m3 skjelsand på konsesjonen. I følgje NGU rapport 2011.027 ligg konsesjonsområdet i den sørvestlege delen av ei langstrakt sone med ca 190.000 m3 påvist skjelsand. Opptak av inntil 5000 m3 massar årleg er eit relativt lite volum, og vil i tilfelle berre ha konsekvensar for det lokale økosystemet. Kunnskapsgrunnlaget vert vurdert å vere godt nok for å tilrå opptak. Grabbing som omsøkt er vurdert å vere den beste driftsforma i forhold til økologiske konsekvensar. Nærare undersøking av mogelege økologiske konsekvensar vil kanskje vere aktuelt på eit seinare stadium, kanskje i samband med undersøking av fleire område. Figur 2. Kart over skjelsandførekomstar i delar av Austrheim kommune. Av områda merka men nr. 6 ligg Brattholmen V i sørvestlege del av den vestlege førekomsten. Kjelde: NGU rapport 2011.027, sjå www.ngu.no/no/hm/publikasjoner/rapporter/2011/2011-027/ Samfunnsnytten av skjelsandopptak Skjelsanden er tenkt nytta til tradisjonelle bruksformål som kalking i jordbruket, industriformål og jordforbetring, alle samfunnsnyttige formål. 6 Tilråding Fylkesrådmannen kan ikkje sjå at det ligg føre spesielle grunnar for å avslå søknaden, og rår til å gje konsesjon som omsøkt. 5