Aamund Mundal REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER I MUNDALSDALEN I FJÆRLAND GNBN 152/3, SOGNDAL KOMMUNE PLANOMTALE OG FØRESEGNER DAGSETT 19.03.09
PRIVAT REGULERINGSPLAN FOR BUSTADER I MUNDALSDALEN I FJÆRLAND GNBN 152/3 Dato: 19.03.08 1 GJENNOMFØRING AV PLANARBEIDET Landskapsarkitekt MNLA Gyril Fimreite i Sogndal har vore engasjert av Aamund Mundal for utarbeiding av ein reguleringsplan for bustader i Fjærland, gnbn 152/3. Reguleringa gjeld tilrettelegging for 2 bustadtomter, med felles avkjørsle og felles veg til bustader og ev. framtidig kårbustad. Melding om oppstart av planarbeidet vart gitt den 17.10.08 med frist for merknader den 17.11.08. Merknader til reguleringsplanen er kommentert under kapittel 3. Reguleringsplanen og reguleringsføresegnene blir juridisk bindande når planen er godkjent. Illustrasjonsplanen og planomtala er ikkje juridisk bindande. Området er sett av til bustadbygging i gjeldande kommuneplan. Lokalisering av planområdet
2 OMTALE AV PLANOMRÅDET Mundalsdalen er eit lite dalføre med bratte fjellsider, rett vest for Mundal sentrum, og består av spredt bustdbygging og gardstun. Mundalselva følgjer dalbotn, med dyrka engareal på kvar side. Utbyggingsområdet ligg like aust for gardstunet til Aamund Mundal langs hovudvegen. Området ligg sørvend til med utsikt over Fjærlandsfjorden. Utbyggingstomta består idag av engareal som ligg langs hovudvegen. Rett fram ser vi tunet til Aamund Mundal.
3 MERKNADER TIL PLANARBEIDET Det har kome ein merknad til planarbeidet. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Beredskapseininga hos Fylkesmannen meiner det bør gjerast ei analyse av risiko og sårbarheit (ROS-analyse) for området. Det aktuelle utbyggingsområdet ligg i eit brattlendt dalføre, og faren for stein- og snøskred må difor kartleggast no, slik at det vert klarlagt om det kan byggast og eventuelle sikringstiltak kan innarbeidast i planen. Sjølv om skredfarevuderingane vil vere ein viktig del av ROS-analysen, er det likevel viktig at analysen ikkje vert avgrensa til berre det temaet. Fylkesmannen hadde elles ingen merknader til planarbeidet. Merknader I samband med krav til ROS analyse vart geolog Rune Aa ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kontakta for å gjere ei fagleg vurdering av området. I dalsida finn ein ei stor ur med kjegleform. Ura er oppbygd av steinsprang gjennom lang tid. Foten av urmassane ligg i kanten av den dyrka marka. Enkeltblokker kan likevel nå lenger ned, sjølv om det er så sjeldan at grunneigarane ikkje har observert det. Sidan bygningslova forutset mindre enn ei hending som kan medføre skadar pr. 1000 år, må ein ta omsyn til dette. Steinsprang kan rekke 92,5m horisontalt ut frå foten av ura. Det er difor god margin ned til byggjefeltet. Dette feltet blir ikkje vurdert som utsett for flaum. Fjellsida over feltet er nærast konveks med lite dreneringsareal. Dreneringa følgjer bekkar lenger vest. Så langt ein kan vurdere er det aktuelle byggefeltet ikkje utsett for steinsprang eller andre skred jf. vedlegg: Skredfarevurdering for bustadhus i Mundal, Fjærland, Sogn og Fjordane kommune.
5 PLANOMTALE Det er regulert inn 2 bustadtomter i planområdet (byggeområde B1og B2) som er lokalisert langs hovudvegen, aust for eksisterande gardstun. Området består av fulldyrka engareal og skrånar svakt sørover. Det er planlagt ein tomannsbustad for B1 og ein einebustad for B2. Husa er plassert slik at dei følgjer terrengkotene sin lengderetning. Bygningsymbola som er lagt inn i illustrasjonsplanen er meint å vere retningsgjevande for plassering av bustadane. Husa bør få ei lokal tilpassing til kvar si tomt. Eit tverrsnitt som viser nytt og gamalt terreng skal leggast ved byggesøknaden til kvar einskild bustad. Ein bør planlegge bustadene slik at ein i tillegg til å sikre fjordutsikt, hindrar innsyn til dei andre bustadene sine uteplassar. Husa bør utformast slik at dei blir tilpassa kvar si individuelle tomt, men bør likevel ha nokre fellestrekk: - Husa skal byggast i tradisjonell vestlandsstil. Ein skal nytte saltak på bustadhusa, men kan og bruke pulltak på garasjar / carportar. - Utvendig kledning skal vere panel, men kan brytast opp med felt i betong eller naturstein. Gjerne liggande panel, vestlandspanel (kanta panel med falsa nedkant). Elles er det regulert inn ein felles veg inn i mot gardstunet. Denne skal og kunne nyttast til ev. nytt kårhus.
6 FØRESEGNER 1 Planavgrensing Føresegnene gjeld for det området som er merka av med reguleringsgrense på reguleringskart dagsett 22.05.08 2 Planområdet for reguleringsendring er delt inn i følgjande føremål: PBL 25-1 Byggjeområde - Frittliggande bustader B1-B2 PBL 25-6 Spesialområde - Frisiktsone ved veg PBL 25-7 Fellesområde - Felles avkjørsle og veg - Felles parkeringsplass - Felles grøntområde 3 Felles føresegner 3.1 Unntak frå planen: Det faste utval for plansaker kan tillate mindre vesentlege unntak frå planen dersom det ligg føre særlege grunnar. 3.2 Privatrettslege avtalar: Reguleringsplanen med tilhøyrande føresegner gjeld framfor privatrettslege avtalar som er i strid med planen eller føresegnene. 3.3 Arkitektur Bustadene skal byggast i tradisjonell vestlandsstil med saltak. Garasjebygg kan ha pulttak. 4 Byggeområde 4.1 Området B1 og B2 er sett av til bustadformål. Byggjegrenser og utnyttingsgrad er vist på plankartet. 4.2 Bustadene kan oppførast med 2 etasjehøgd, samt loft/hems. Mønehøgda for bustadane kan ligge opp til 9m frå ferdig planert terreng (inkl. kjellar). 4.3 Bustadene skal ha saltak med takvinkel 20-45 grader. Møneretning skal vere parallell med lengderetninga på bygget sin hovudform. Garasjebygg kan ha pulttak. 4.4 Utvendig kledning skal vere panel eller panel/betong, ev. natursteinsmur og tak skal vere i tradisjonelle fargar. 4.5 Husplassering og møneretning som er vist på plankartet er å oppfatte som retningsgjevande og såleis ikkje bindande. Endeleg plassering skal fastleggast i samband med byggemelding for kvart einskild prosjekt. I samband med utbygging skal det leggast ved eit tverrprofil som viser terrengtilpassing og kotehøgde.
4.6 Antal p-plassar skal følgje Sogndal kommune sine retningslinjer for parkering i Mundal sentrum. For bustad over 80 m2 BRA skal det vere 2 p-plassar, for bustad mellom 40 og 80 m2 1,5 p-plass og 1 plass per bustad under 40. 4.7 Garasjar kan plasserast utanfor byggegrensa 4.8 Vatn, kloakk, straum, telefon mm. kan leggast etter eigna trasear innanfor planområdet. Dei skal samlast i fellesgrøfter, gjerne i veggrøftene dersom det lar seg gjøre. Før gravearbeid kan ta til skal endeleg val av trase vere avklara med kommunen. 5 Spesialområde 5.1 Frisiktsone Innanfor frisiktsone kan det ikkje oppførast anlegg eller beplantast med tre/busker som overstig ei høgde på 0,5m over vegbane. 6 Fellesområde 6.1 Felles veg Arealet som er avsett til felles veg, skal gje tilkomst til tomtene, samt framtidig kår bustad. Felles veg er vist med vegformålsbredde på 5,0 m (3,0 m køyreveg og 1,0 m veggrøft på kvar side). 6.2 Felles vatn- og avlaupsnett Tomtene skal ha felles vatn- og avlaupsnett. 6.3 Felles grøntområde Arealet mellom felles veg og hovudveg.
VEDLEGG Asbjørn Rune Aa Høgskulen i Sogn og Fjordane Avd. for ingeniør- og naturfag Postboks 133 6851 Sogndal 08.12.2008 Skredfarevurdering for bustadhus i Mundal, Fjærland, Sogndal kommune Etter spørsmål frå landskapsarkitekt Gyril Fimreite er det gjort ei skredfarevurdering for tre planlagde bustadhus i Mundalen i Fjærland. Lokaliseringa går fram av vedlagt kart, M 1:5000. Oppdragsgjevar er Amund A. Mundal. Vurderinga byggjer på flyfoto, geologisk kart og synfaring den 5.12.08. Gyril Fimreite, Amund A. Mundal og Anders Mundal (87 år) var med under synfaringa. Terreng Dei aktuelle tomtene ligg på ei deltaflate 15 m o.h., avgrensa mot nord av gardsvegen oppover dalen. Frå denne grensa er det ca. 150 m med dyrka mark som stig slakt i nordleg retning til foten av ei stor ur eller urkjegle 50 m o.h. Ura er i gjennomsnitt 31 o bratt frå 50 til 200 m o.h. Dalsida frå 200 til 440 m o.h. er 42 o bratt. Dette er den aktuelle utløysingssona for steinblokker. Vidare opp frå 440 til 550 m o.h. er gradienten 22, det er i praksis for slakt til skredutløysing. Rekkevidde av steinsprang Her er fallhøgda viktigast. Blokker med størst fallhøgd vil nå lengst ut i dalbotnen. Om ein reknar fallhøgd H frå 440 m ned til foten av ura, og S er rekkevidda ut frå foten av ura, kan ein på grunnlag av erfaring med mange steinsprang rekne at S = 0,173H + 16,4 m = 92,5 m Dette er horisontal avstand, og ein må legge til litt til rekkevidda S fordi terrenget har litt fall. Rekkevidda blir etter det om lag ned til 25 m-koten. I rapport frå Fylkeskommunen (Russenes 1987) er det trekt opp ei byggjegrense ca. 25 m lenger oppe, ved 30 m-koten. Vurdering Den aktuelle skredfaren er steinsprang. I dalsida finn ein ei stor ur med kjegleform. Ura er oppbygd av steinsprang gjennom lang tid. Foten av urmassane ligg i kanten av den dyrka marka. Enkeltblokker kan likevel nå lenger ned, sjølv om det er så sjeldan at grunneigarane ikkje har observert det. Sidan bygningslova forutset mindre enn ei hending som kan medføre skadar, pr. 1000 år, må ein ta omsyn til dette.
Steinsprang kan rekke 92,5 m horisontalt ut frå foten av ura. Det er difor god margin ned til byggjefeltet. Dette feltet blir ikkje vurdert som utsett for flaum. Fjellsida over feltet er nærast konveks med lite dreneringsareal. Dreneringa følgjer bekkar lenger vest. Konklusjon Så langt ein kan vurdere er det aktuelle byggefeltet ikkje utsett for steinsprang eller andre skred. Asbjørn Rune Aa geolog