HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Næringsseksjonen Arkivsak 201105741-9 Arkivnr. 112 Saksh. Arnesen, Arthur K. Yngvar Hagala Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 26.01.2012 NÆRINGSRETTA MIDLAR TIL REGIONAL UTVIKLING, - GODKJENNING AV PLAN FOR BRUK AV KOMPENSASJONSMIDLANE 2011 SAMANDRAG Den 16.10.07 fastsette fylkestinget nye retningsliner for forvaltning av kompensasjonsmidlane. Seinare er dei årlege handlingsplanane for bruk av kompensasjonsmidlane godkjent av fylkesutvalet, sist blei planen for 2010 godkjent i desember 2010 med 4 merknader. I januar 2011 vart Styringsgruppa for bruk av kompensasjonsmidlar samde om å be fylkesutvalet om ei avgjerd på korleis bundne midlar til Jondalstunnelen skal fordelast, og om det let seg gjera å endra den prosentvise fordelinga mellom satsingsområda. Fylkesutvalet vedtok i april 2011 at midlane til Jondalstunnelen skal takast frå potten til kommunane Kvam, Kvinnherad og Jondal. Punktet om retningsgjevande rammer for fordeling av kompensasjonsmidlane på definerte hovudområde vert teke ut av gjeldande Retningsliner for forvalting av kompensasjonsmidlane. Etter dette er det utarbeidd Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011 som er godkjent av Styringsgruppa i september 2011. Den blei handsama av RNF i desember 2011. Planen for 2011 har ei ramme på 49,4 mill kr og fastsett rammer for tilskott til ei rekkje ulike tiltak innafor samferdsle, kompetanseheving, tettstadsutvikling, bedriftsretta støtte m.m. Planen er i stor grad ei vidareføring av tiltak frå tidlegare planar, men inneheld også nokre nye tiltak. FORSLAG TIL VEDTAK Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011 blir godkjent med desse merknadene: 1. Resterande midlar til Jondalstunnelen med kr 800 000 blir tatt frå udisponerte rentemidlar. 2. Frå 2012 blir opptente renter lagt til årets ramme og innarbeidd i den årlege handlingsplanen. 3. Endeleg godkjenning av fordeling av midlar på dei tre kompetanseprosjekta i Kvinnherad skal godkjennast av fylkeskommunen.
Paul M. Nilsen Jan Per Styve Vedlegg: - Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011. - Kopi av brev frå KRD om bruk av kompensasjonsmidlar til kommunalt næringsfond. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 12.12.2011: Innleiing. Frå 01.01.07 fekk mange av dei kommunane som sidan 2004 hadde hatt full arbeidsgjevaravgift gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift. I Hordaland var det 7 kommunar. Dei kommunane frå 2004 som ikkje fekk gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift, held fram i ei kompensasjonsordning tilsvarande den vi hadde for perioden 2004 til 2006. Dette gjeld dei 7 kommunane Modalen, Kvam, Jondal, Tysnes, Kvinnherad, Etne og Bømlo. Tidlegare handsaming Etter ein omfattande prosess kor næringslivet og ordfararane i dei råka kommunane deltok, og kor Regionalt næringsforum kom med ei anbefaling, blei forslag til nye retningsliner fremma for fylkestinget 16.10.07 som Sak 64/07. Det blei gjort slikt vedtak: 1. Fylkestinget sluttar seg til den i saka føreslåtte modellen for forvaltning av kompensasjonsmidlane i perioden 2007 2013, basert på - ei felles styringsgruppe - strategiske føringar for fordeling av midlane - ansvars- og oppgåvefordeling mellom fylkesutvalet, Regionalt Næringsforum og den regionale styringsgruppa - sekretariatet lagt til Samarbeidsrådet for Sunnhordland - forvaltningsoppgåver lagt til fylkeskommunen - utarbeiding av årleg handlingsplan - forvaltning av bedriftsretta midlar gjennom Innovasjon Norge 2. Fylkestinget delegerer det overordna ansvaret for vidare forvaltning av kompensasjonsmidlane til fylkesutvalet, inkl. mynde til å godkjenne årlege handlingsplanar og gjere eventuelle endringar i forvaltningsmodellen. Deretter utarbeida styringsgruppa Plan for bruk av kompensasjonsmidlane 2007. Planen blei handsama av fylkesutvalet som sak 90/08 den 23.04.08 kor det blei fatta slikt vedtak: Fylkesutvalet godkjenner Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2007. Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2008 blei på tilsvarande vis utarbeidd av styringsgruppa og handsama av fylkesutvalet 04.12.08 kor det blei gjort slikt vedtak: Fylkesutvalet godkjenner Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2008 med desse merknadane: 1. Frå og med 2009 må retningslinene sin føring om midlar til bedriftsstøtte innarbeidast i planen. 2. Fylkesutvalet viser til fylkestinget sitt vedtak om finansieringsplan for Jondalstunnelen med m.a. 80,6 mill kr frå kompensasjonsmidlane. Fylkesutvalet legg til grunn at Styringsgruppa for forvaltning av kompensasjonsmidlane tek fylkestinget sitt vedtak med i vurderinga ved fordeling av midlane dei førstkomande åra. Etter møte og brevveksling mellom styringsgruppa for kompensasjonsmidlane og politisk leiing i fylkeskommunen sumaren og hausten 2009 kring bruk av kompensasjonsmidlar til delvis finansiering av Jondalstunnelen, oversendte styringsgruppa plan for bruk av kompensasjonsmidlane 2009 til politisk handsaming i desember 2009. Planen blei handsama av fylkesutvalet den 21.01.10 kor det blei gjort slikt vedtak (Sak 10/10): Fylkesutvalet godkjenner plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2009 med desse merknadene: 1. Bedriftsretta verkemiddel skal forvaltast etter same praksis som andre fylkeskommunale midlar til Innovasjon Noreg og bør frå 2010 utgjere minst 10% av den årlege ramma. 2. Det er ein føresetnad at den resterande løyvinga til Jondalstunnelen vert innarbeidd i planane for 2010 og 2011. 3. Felles kompetansetiltak og bedriftsretta verkemiddel gjennom Innovasjon Noreg må omfatte bedrifter i alle dei aktuelle kommunane. 3
Planen for bruk av kompensasjonsmidlar 2010 blei utarbeidd av styringsgruppa og handsama av fylkesutvalet 08.12.2010 kor det blei gjort slikt vedtak (Sak: 264/10): Fylkesutvalet godkjenner plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2010 med desse merknadene: 1. Fylkesutvalet legg vekt på at dei lokale prioriteringane som dei råka bedriftene og kommunane kjem med, vert følgd opp. 2. Fylkesutvalet tek difor til etterretning at bedriftene på Bømlo og Bømlo kommune så sterkt prioriterer midlar til samferdselsprosjekt på Bømlo, og vil av den grunn ikkje krevja at Bømlo tek del i felles kompetanseprosjekt og bedriftsretta verkemiddel. 3. Kompensasjonsmidlar kan ikkje nyttast som grunnkapital i kommunale næringsfond. 4. Det er viktig at framdrifta i prosjekt og aktivitetar finansiert med kompensasjonsmidlar er tilfredstillande. Handsaming av planen for 2011. Styringsgruppa for bruk av kompensasjonsmidlar hadde eit førebuande møte 19. januar for å drøfta fordeling av midlar og innspel til ny plan for 2011. I dette møtet vart ein samde om å be fylkesutvalet om ei avgjerd på korleis bundne midlar til Jondaltunnelen skulle fordelast, og om det let seg gjera å endra den prosentvise fordelinga mellom satsingsområda. Fylkesutvalet vedtok i møte 27. april 2011 følgjande (Sak: 80/11): 1. Fylkesutvalet legg til grunn at midlane til Jondalstunnellen skal takast frå "potten" til dei tre kommunane Kvam, Kvinnherad og Jondal, i tråd med føresetnadene i planen for 2010 vedteken i desember 2010, og finansieringsplanen for Jondalstunnellen. 2. Punktet om retningsgjevande rammer for fordeling av kompensasjonsmidlane på definerte hovudområde vert teke ut av gjeldande Retningsliner for forvalting av kompensasjonsmidlane. Etter dette har Plan for bruk av kompensasjonsmidlane 2011blitt utarbeidd. Planen blei vedtatt på møte i styringsgruppa 21. september 2011. Etter at fylkeskommunen mottok planen for 2011 har den vore til handsaming i Regionalt Næringsforum (RNF) som gjorde slikt vedtak på sitt møte 20.12.2011: Regionalt næringsforum tilrår at Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011 blir godkjent med desse merknadene: 1. Resterande midlar til Jondalstunnelen blir tatt frå udisponerte rentemidlar. 2. Frå 2012 blir opptjente renter lagt til årets ramme og innarbeidd i den årlege handlingsplanen. 3. Styringsgruppa kjem med forslag til fordeling av midlar på dei tre prosjekta KVV kompetanse fase 2, Møt skulen og Realfagsprosjektet som blir endeleg godkjent administrativt av fylkeskommunen. Kort om innhaldet i planen Planen for 2011 er i hovudsak utforma etter same mal som tidlegare år og prosjekta som blir støtta er også i hovudsak dei same. Det er likevel nokre nye prosjekt som er kome til i planen for 2011 og det er også gjort endringar i nokre av dei tidlegare prosjekta. Dette er omtala under. Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011 er lagt ved. Også i Plan for bruk av kompensasjonsmidlar 2011 er midlane fordelt på prosjekt innafor dei fire hovudområda samferdsle, kompetanseheving, andre tiltak og bedriftsretta tiltak. Fordeling av midlar på dei ulike prosjekta i planen går fram av tabell 9.0 i planen som også er vist under. Tabellen gjer eit oversyn over vedtatt fordeling av midlar i planane for 2007, 2008, 2009 og 2010, og Styringsgruppa sitt forslag til fordeling av midlar for 2011. 4
9.0 Kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift fordeling mellom prosjekt 2011 PROSJEKT 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 Område samferdsel: Rv 541/542 Bømlopakken 12,00 16,80 21,60 24,00 25,65 Jondalstunellen 1,50 1,00 3,30 7,40 7,40 Vegutbetring Kvam 2,50 2,50 1,50 0,00 0,00 E39 Ferjefri Kyststamveg 0,25 0,20 0,50 0,40 0,40 Infrastruktur Skånevik 0,25 0,30 0,20 0,35 0,30 Infrastruktur Modalen 0,25 0,20 0,20 0,30 0,15 Infrastruktur Tysnes 0,00 0,00 0,20 0,30 0,20 Stord lufthamn 0,00 0,90 0,00 0,00 0,00 Tilrettelegging for infrastruktur i Kvam 0,25 0,24 Mobildekning Bømlo 0,40 Til fordeling 0,00 0,00 0,00 0,00 0,00 Sum Samferdsel 16,75 21,90 27,50 33,00 34,74 0,00 0,00 Område kompetanseheving: Prosjektleiarutvikling 0,50 0,00 0,00 0,75 0,00 Leiarutvikling 0,00 0,00 0,70 0,00 0,00 Mellomleiarar og linjeleiarar 0,25 0,00 0,00 0,00 0,00 Internasjonalisering 0,25 0,00 0,00 0,00 0,00 Samarbeid skule-næringsliv 2,40 3,00 4,40 3,45 2,73 Til fordeling 1,60 3,00 0,00 0,00 1,50 Ungt entreprenørskap 0,50 0,40 0,35 Kompetanse Kvam 0,60 0,70 Sum Kompetanseheving 5,00 6,00 5,60 5,20 5,28 0,00 0,00 Område andre tiltak: Kultursenter Husnes 2,50 2,50 2,50 2,70 5,00 Næringsfond Kvinnherad 2,00 2,80 3,00 3,00 2,00 Tettstadutvikling Ålvik 1,50 1,50 1,50 0,00 0,00 Tettstadutvikling Jondal 0,00 0,00 0,00 0,00 0,00 Utvikling og reiselivstiltak i Kvam 1,70 1,30 Maskinrom Rubbestadneset 0,40 Til fordeling 0,00 0,00 0,00 0,00 Sum område andre tiltak 6,00 6,80 7,00 7,40 8,70 0,00 0,00 Bedriftsretta tiltak Innovasjon Norge 0,00 0,00 2,50 1,90 0,00 FOU og næringstiltak 0,30 0,30 Sum bedriftsretta tiltak 0,00 0,00 2,50 2,20 0,30 0,00 0,00 Ymse ufordelte midlar 1,25 0,00 0,00 Administrasjon av styrings.gr/arbeidsutval 0,00 0,00 0,40 0,50 0,38 Sum ufordelt / administrasjon 1,25 0,00 0,40 0,50 0,38 0,00 0,00 Samla sum fordelt 27,75 34,70 42,60 48,30 49,40 0,00 0,00 5
Nedanfor er nokre av prosjekta innafor dei tre hovudområda i planen, samferdsle, kompetanseheving og andre tiltak kort kommentert. For meir utfyllande informasjon blir det vist til handlingsplanen. Samferdsle Jondalstunnelen Det er sett av 7,4 mill kr til Jondalstunnelen i planen for 2011o planen slår fast at dermed er forpliktinga til delvis finansiering av Jondalstunnelen med kompensasjonsmidlar oppfylt. Dette er ikkje korrekt. I planen for 2011 er det lagt til grunn at det i perioden 2004 til 2006 blei sett av 60 mill kr Jondalstunnelen. Det korrekte talet skal vere 59,2 mill kr. Med 7,4 mill avsett i 2011 manglar det difor framleis 0,8 mill kr på å oppfylle fylkesutvalet sitt vedtak om at midlane til Jondalstunnelen skulle takast frå planane for 2010 og 2011. Bømlopakka Det er sett av 25,658 mill til Bømlopakka, noko som utgjer nesten heile Bømlo sin del av midlane og 52 % av den totale ramma for kompensasjonsmidlane i 2011. Tilrettelegging for infrastruktur i Kvam: Eit prosjekt som mellom anna vil arbeide med å få på plass avtalar med grunneigarar og tilrettelegging for å få i gang konkrete prosjekt. Prosjektet legg opp til arbeid med fleire mindre prosjekt rundt om i kommunen. Eit delprosjekt, rundkjøring Nordheimsund, er gjennomført. Kvam kommune er prosjektansvarleg og det er sett av kr 246 000 i 2011. Samstundes er det ikkje sett av midlar til prosjektet Vegutbetring i Kvam i 2010 og 2011. E39 Ferjefri kyststamveg har som mål å få dette vegprosjektet inn på NTP 2014-2023. Fleire aktørar frå det offentlege og næringslivet har arbeidd for å få utgreidd ein ferjefri kyststamveg mellom Bergen og Stord. 2010 vart eit gjennombrot for dette arbeidet, då Samferdsledepartementet bad Statens vegvesen om å gjennomføra ein KVU for strekninga Aksdal Bergen som blei lagt fram i 2011. Det er i 2011 sett av 400 000 kr. Samferdslepakke Skånevik vil enten omfatte midlar til oppgradering av fylkesveg 34 med ny gang- og sykkelveg frå Skånevik ferjekai til idrettsanlegget eller utbetring av RV 48 for sentrum i Skånevik til Nes. Endeleg prioritering vil bli gjort av kommunen. Det er sett av 300 000 kr i 2011. Infrastruktur Modalen skal gå til å starta arbeidet med planlegging av Modalen næringspark og til vidare utbygging av gjestehamna på Mo. I 2011 er det sett av 300 000 kr. Modalen har fått midlar til infrastrukturtiltak sidan 2007. Opphavleg var det skissert at midlane skulle gå til reiselivsrelaterte tiltak som skilting og rasteplassar. Våren 2010 søkte kommunen i samråd med næringslivet å få omdisponera kr 500 000 av tidlegare avsette midlar til digital infrastruktur med mellom anna videokonferanseutstyr. Søknaden blei godkjent av Regionalt næringsforum i april 2010 og prosjektet er gjennomført. Infrastruktur Tysnes omtaler bruk av kompensasjonsmidlar til å utarbeide ein plan for 4 prioriterte strekningsvise utbetringar i kommunen. To av utbetringane er så godt som sluttført. Det er sett av 200 000 kr for 2011. Mobiltelefondekning i Bømlo er eit nytt tiltak i planen for 2011. I Bømlo kommune er det til dels store områder som ikkje har god nok dekning for bruk av mobiltelefon. Dette er eit problem og ei utfordring både for næringslivet og innbyggjarane. Kommunen sette difor i gong ei kartlegging av kor stort dette problemet er og for å avdekka kva for område i kommunen problema er størst. Etter at denne kartlegginga var ferdig er det teke kontakt med både Telenor og Netcom for å få til eit samarbeid. Begge gjev uttrykk for at dei ynskjer å delta, men gir samtidig uttrykk for at skal ein få gjort noko med dette problemet, må det på plass ekstern finansiering. Det er sett av 400 000 kr. Kompetanseheving Til fordeling er det sett av ei ramme på kr. 1 500 000,- innan kompetanse. Målet er å tilrettelegga og gjennomføra kompetanseprogram ut i få dei behova bedriftene har. Dette er både fellestiltak og bedriftsinterne tiltak. Det er viktig at programma er så målretta at dei treff behovet til den enkelte bedrift slik at den enkelte sin kompetanse kan omsetjast i synlege resultat i bedrifta. 6
Samarbeid skule-næringsliv var i perioden 2006-2011 eit prosjekt innan auka samarbeid skule næringsliv ved Kvinnherad vidaregåande skule. I prosjektperioden har det vore arbeidd innan mange ulike områder. Tilbakemeldingane frå næringsliv og skule er at prosjektet har vore til stor nytte, og at det er ynskjeleg med ei vidare satsing gjennom eit nytt prosjekt, KVV Kompetanse fase 2. Møt skolen er eit nytt prosjekt for 2011 som skal arbeide med å vidareutvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv, særleg ved å byggja nettverk av førelesarar og lærarar frå næringslivet til dei vidaregåande skulane. Realfagsprosjektet blir vidareført i planen for 2011. Prosjektet har som mål å styrke real- og naturfagsundervisninga i ungdomsskulane og vidaregåande skule. Prosjektet skal vidare skapa kontaktflater mellom bedrifter, skuler og ungdomen og auka interessa for og kunnskapsnivået innan realfag hos ungdom. Det er sett av ei ramme på kr. 2 734 000 til dei tre skule-arbeidsliv prosjekta i Kvinnherad nemnt over. Midlane skal fordelast mellom KVV kompetanse fase 2, Møt skolen og Realfagprosjektet. Det går ikkje fram av planen korleis midlane skal fordelast mellom prosjekta eller kven som skal gjere det. Ungt entreprenørskap er også vidareført i planen for 2011 og det er sett av 350 000 kr. Målsettinga er å auke entreprenørsatsinga i Sunnhordland. Aktivitetane vil vere knytt til å implementera metodikk og programma til UE på alle alderstrinn frå grunnskule til vidaregåande skule. Kompetanse Kvam går på oppfyljing og meistring ved fråfall i den vidaregåande skulen og kartlegging av kompetansebehovet hos bedriftene i Kvam. Det er sett av 400 000 kr i 2011. Etablering av Hardanger Kunstskule er eit nytt prosjekt i 2011. Det er planlagt oppstart av Hardanger Kunstskule frå hausten 2012, avhengig av at det er tilgang på eigna lokale i den tidlegare Norheimsund ungdomskule. 300 000 kr er sett av i 2011. Andre tiltak Kultursenter Husnes har som målsetjing å styrka og vidareutvikla kulturskulesatsinga i Kvinnherad kommune ved å knytte aktivitetane saman i eit kulturskulebygg. Næringslivet i kommunen ønskjer å medvirke med kompensasjonsmidlar i dette prosjektet fordi dei meiner at eit aktivt kulturliv er med på å gjera ein stad attraktiv å bu og arbeide i. Kulturskulen er ein viktig bidragsytar til utvikling av kulturlivet i kommunen og blir difor ein viktig faktor for rekruttere og behalde fagfolk i næringslivet i kommunen. Arkitektkonkurranse og anbodsrunde er gjennomført. Byggestart var 6. juni 2011 med forventa ferdigstilling i desember 2012. 5,0 mill kr er sett av i 2011. Næringsfond Kvinnherad har i planane for 2007, 2008 og 2009 vore beskrive som eit initiativ frå næringslivet for å kartleggja og løyse inn nye næringsareal i Kvinnherad. Grunngjevinga har vore at næringslivet har stort behov for næringsareal og ønskjer å gå i eit samarbeid med kommunen om å utvikle nye areal. I planen for 2010 er denne beskrivinga endra. Der heitte det at midlane skulle inngå som grunnkapital i eit kommunalt næringsfond. Etter at både fylkeskommunen og KRD ikkje godkjente slik bruk av midlane er det planen for 2011 igjen skissert at midlane skal gå til utvikling av næringsareal. KRD sitt svar til Kvinnherad kommune ligg som vedlegg til saka. Utvikling og reiselivstiltak i Kvam skal gå til ei felles satsing på ein rekkje mindre infrastrukturtiltak for å vidareutvikle reiselivet i kommunen. Kvam kommune skal vere prosjektansvarleg. Prosjektet erstattar eit tidlegare prosjektområde kalla Tettstadutvikling i Ålvik kor det så langt er disponert kr 400 000. Det er sett av 1,3 mill kr i 2011. FOU og næringstiltak har som føremål å få fram auka kunnskap om ulike virkemidlar til næringslivet i dei aktuelle kommunane og der igjennom fleire gode søknader til dei ulike virkemiddelaktørane. Det er sett av kr 300 000 i 2011. 7
Maskinrom Rubbestadsneset er eit nytt tiltak i 2011. Prosjektet er starta opp og ein har som målsetnad å få realisert er eit fullskala maskinrom, som vil gje heilt spesielle opplæringsfordelar for elevane ved Rubbestadsneset vidaregåande skule, rederi og bedrifter som ynskjer vidare opplæring for sine tilsette, innan 2012. Sekretariat og administrasjon. Der er sett av kr 380 000 i planen for 2011. Fordeling på kommunar. Det er styringsgruppa si oppgåve å få til ein mest mogleg balansert fordeling av virkemidlane på tiltak i dei ulike kommunane. KRD leiger inn ekstern bistand frå Møreforsking til å gjere berekningar av kor mykje bedriftene i kvar kommune bidreg med til kompensasjonsmidlane. Av retningslinene går det fram at styringsgruppa både skal legge vekt på ei balansert fordeling i høve til dei kommunane som har ytt mest, samstundes som alle kommunane skal få noko. Dette vil vere eit viktig lim i styringsgruppa. For å ivareta begge desse omsyna har styringsgruppa innførd noko dei kallar Handlingsregelen som er formulert slik: Summen av direkte tiltak og fellestiltak skal utgjera minst 95 % av det den einskilde kommune bidreg med. I handlingsplanen for 2011 er det vidare utarbeidd ein oversikt kor ein forsøker å vise korleis dei fordelte prosjektmidlane er antatt å vere til nytte i dei ulike kommunane. Oppsummert får vi då slik fordeling samanlikna med tala frå Møreforsking. Berekninga viser at dei kommunane som bidreg mykje til ordninga avgir midlar til dei kommunane som bidreg lite. Kommunar Tall frå Møreforsking (mill kr) Berekna fordeling for 2011 (mill kr) Etne 0,11 0,55 Bømlo 27,85 26,82 Tysnes 0,05 0,30 Kvinnherad 15,72 15,16 Jondal 0,00 0,55 Kvam 5,68 5,49 Modalen 0,00 0,15 Oppsparte renteinntekter. Kompensasjonsmidlane er øyremerkte midlar frå KRD. Midlane blir delvis utbetalt til fylkeskommunen same år som tilsegn blir gitt, og delvis året etter. I 2009 kom det inn eit krav i KRD sine retningsliner om at renteinntekter av midlar som ikkje var utbetalt til sluttbrukar skulle gå til same formål som sjølve midlane. Etter dette har Hordaland fylkeskommune hatt desse midlane ståande på ein eigen renteberande konto i påvente av utbetaling til sluttbrukar. Fylkeskommunen har ansvar forvalting av midlane i høve til sluttbrukar. Det inneber mellom anna ansvar for å utforme tilsegn, følgje opp prosjekta og foreta utbetalingar i tråd med framdrifta i prosjekta. Før tilsegn blir gitt må det ligge føre ein konkret og realistisk plan for prosjektgjennomføring. Det har i mange tilfelle tatt lang tid før slik dokumentasjon ligg føre og sjølve gjennomføringa av prosjekta kan også ta lengre tid en forutsett. Den samla effekten av dette er at fylkeskommunen til ein kvar tid har betydelege midlar ståande på renteberande konto. Oversikta nedanfor gir ein oversikt over renteinntekter pr 29.12.2011. 2009 2010 2011 Opptente renter (kr) 1 426 000 4 268 000 3 575 000 8
Fylkeskommunen sendte 15. september 2011eit brev til styringsgruppa kor ein bad om renteinntekter for 2009 og 2010 blei lagt til ramma for 2011 og innarbeidd i planen. Samstundes ga vi ei oppmoding om at desse midlane burde nyttast til større felles regionale utviklingsprosjekt. Styringsgruppa meinte dette kom for seint til å bli innarbeidd i årets plan og vil komme med ein eigen plan for desse midlane seinare, eventuelt i samband med planen for 2012. Styrking av sakshandsamingskapasiteten. Med berre delar av ei stilling avsett til sakshandsaming av kompensasjonsmidlane har kapasiteten på dette området vore for liten i fylkeskommunen. I dei nasjonale retningslinene for 2010 blei det opna for at fylkeskommunen og andre tilskottsforvaltarar kan nytte inntil 5 % av ramma forvalting av midlane. Det er difor i 2011 oppretta ei ny stilling på Næringsseksjonen som har som hovudoppgåve forvalting av kompensasjonsmidlane. Stillinga blir finansiert med delar av dei oppsparte renteinntektene og går såleis ikkje ut over tildelt ramme. Vurdering Fylkesrådmannen har vurdert arbeidet i høve til retningslinene for forvaltning av kompensasjonsmidlane vedtekne av fylkestinget i Sak 64/07 og dei vedtak som seinare er gjort i fylkesutvalet. Så langt vi kan sjå har arbeidet i styringsgruppa, arbeidsutvalet og sekretariatsarbeidet i det alt vesentlege vore i tråd med desse retningslinene. Eg vil likevel knytte nokre kommentarar til forvaltinga og prioriteringane. Som det går fram av omtalen av dei ulike tiltaka i planen, vil det framleis stå at 800 000 kr for at andelen kompensasjonsmidlar til finansiering av Jondalstunnelen skal vere i tråd med godkjent finansieringsplan for denne. Eg tilrår difor at fylkesutvalet følgjer tilrådinga frå RNF om å ta denne resten frå udisponerte renteinntekter. I samband med godkjenning av planen for 2010 orienterte eg om at Kvinnherad kommune ønskte å nytte kompensasjonsmidlar som grunnkapital i eit kommunalt næringsfond. Fylkeskommunen hadde gitt ei tilbakemelding om dette ikkje er mogleg og fylkesutvalet poengterte dette i sitt vedtak 08.12.10 i samband med godkjenning av planen for 2010. Kommunen tok etter dette saka opp med KRD. I sitt svar seier KRD at dei er samd i våre vurderingar og slår fast at midlane ikkje kan nyttast som grunnkapital i fond kor berre avkastinga skal nyttast til generell næringsutvikling. Dette er det tatt omsyn til i planen for 2011 kor ein er tilbake til at midlane skal nyttast til næringsareal. Elles tek planen etter vårt syn i stor grad omsyn til føringane om å prioritera større prosjekt kor bruk av kompensasjonsmidlar vil ha ein utløysande effekt for å få prosjektet gjennomført. Sjølv om to av tiltaka i Kvam (Tilrettelegging for infrastruktur i Kvam og Utvikling av reiselivstiltak i Kvam) er sett saman av ei rekkje mindre prosjekt, er desse tilbaka utarbeidd etter ein omfattande prosess i kommunen kor næringslivet har deltatt aktivt. Eg legg difor til grunn at sjølv om fleire av desse prosjekta er små, er dei viktige å få gjennomført næringslivet. Det kan også vere at nokre av desse prosjekta kan bane veg for større prosjekt i neste omgang. I saka er det gjort greie for renteinntekter frå kompensasjonsmidlar som enno ikkje er utbetalte. Det er viktig at forvaltinga av desse renteinntektene kjem inn i eit system som gjer at dei blir forvalta på same måte som resten av kompensasjonsmidlane i samsvar med nasjonale og regionale retningsliner. I tråd med anbefalinga frå RNF tilrår eg difor å innføre som fast rutine frå 2012 at desse rentemidlane blir gjort kjent for styringsgruppa samstundes med den ordinære løyvinga frå KRD slik at dei kan bli innarbeidd i årets plan. Med dei kommentarane som er nemnt her vil eg tilrå at Plan for bruk av kompensasjonsmidlar for 2011 blir godkjent. 9