Kommunplan Vik Kommune 2013-24. Arealdelen Vedlegg 6.1 Konsekvensutgreiing. Utdrag for område A14 og A15 (G17 og G18 på plankart) Utført av: Aurland Naturverkstad AS v/ Christoffer Knagenhjelm, Knut Frode Framstad, Marianne Nygård Juni-august 2013. Ajourføring og red. endringar v/o. Wiik jan. 2014 Bakgrunn og metode Datagrunnlag Rapporten byggjer på informasjon frå Vik kommune og synfaring sommar 2013 av aktuelle planområde. I tillegg er nytta kart og opplysningar i tilgjengelige databaser, samt tilgjengelige rapporter/informasjon frå andre relevante undersøkingar. Metode for konsekvensutgreiing KU for dei utvalde planområda er vurdert etter: ei vurdering og verdsetjing av aktuelle delområde konsekvensar ved ny arealbruk Verdivurdering: Verdsetjinga er vurdert i frå liten til middels og stor verdi. Område utan kartlagde førekomstar er sett til liten verdi. Der det er kartlagde eller kjende verdiar av lokal betyding er desse areala vurdert til middels stor verdi. Der det finst sjeldne førekomstar eller særskilte verdiar av regional eller nasjonal betyding er områda vurdert til å ha stor verdi. Tema Landbruk Naturverdiar og biologisk Kulturminne og kulturmiljø Friluftsliv og rekreasjon Barn og unge Undertema Produksjonsgrunnlag for landbruket: dyrka jord og kjerneområde landbruk, viktige produksjonsverdiar eller kulturlandskapskvalitetar viktige naturtypar, biologisk, viltførekomstar, område verna etter naturvernlova, verna vassdrag, strandsone, sårbare landskap og landemerke. freda bygg og anlegg, verneverdige kulturminne eller kulturmiljø, eldre gardstun, naust og sjøhusmiljø osb. Turvegar, badeplassar, registrerte friluftsområde i regional kartlegging, bruk av område til jakt og fiske, allmenn tilkomst til sjø Leike- og friområde Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 1
Vurdering av konsekvensar Konsekvensar ved ny/endra arealbruk kjem fram ved ei samanstilling av verdi og omfang: Verdi x omfang = konsekvens. Konsekvensar ved ny arealbruk er vurdert i ein skala frå -3 til + 3, frå store negative til store positive konsekvensar. Dersom ny arealbruk ikkje er vurdert til å få særskilte konsekvensar er det sett til 0. Ikkje alle tema er vurderte som relevante for alle områda. Desse er ikkje talfesta eller omtalt vidare. Vurderinga av konsekvensar er faglege vurderingar som byggjer på den kunnskapen ein har om tiltaket pr. i dag. Fylgjande tema og undertema er vurderte: Tema Landbruk Naturverdiar og biologisk Landskap Kulturminne og kulturlandskap Areal og transport Barn og unge Nærmiljø og friluftsliv. Infrastruktur og offentlege tenester Grunneigarinteresser Næringsutvikling og sysselsetting Universell utforming Samfunnstryggleik. ROS Undertema Konsekvensar for landbruksproduksjon og landbruket sitt produksjonsgrunnlag: dyrka jord, beiteland, skogsmark m.m. Biologisk, viltførekomstar, område verna etter naturvernlova, verna vassdrag og strandsone. Konsekvens for sårbare/verdifulle landskap og landemerke. Fjernvirkning av ny/endra arealbruk. Freda eller verneverdige kulturminne eller kulturmiljø, eldre busetnad, gardstun, sårbare og verdifulle kulturlandskap. Konsekvensar for transport- og utbyggingsmønster Leikeområde og oppvekstvilkår. Helse og miljø. Ureining. Friluftsområde. Trafikktryggleik, skule og barnehage, aldersheim, omsorgsbustad, offentlege tenester, servicetilbod, veg, vatn, avlaup, IKT Grad av samsvar med eigar sine ynskje /interesser. Konsekvensar for lokal verdiskaping og sysselsetting. Tilrettelegging for alle brukargruppar, tilgjenge, likestilling Grunntilhøve, skred, flaum, ekstremvær, vind, nedbør, radon, havnivåstiging, dambrot, skog og grasbrann m.m. Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 2
A14 Friområde Botolvsneset, Feios. Område: Friområde Botolvsneset Friområde ved Feios oppvekstsenter. Areal: ca 15da Oversiktskart Planlagt arealbruk: Friområde i strandsona knytt til Feios oppvekstsenter. Detaljkart Planstatus: LNF Eksisterande arealbruk: Fruktdyrking m.m. Markslag: Fulldyrka, mindre lettbrukt jord og overflatedyrka jord. Utmark med skog knausar og svaberg.. Kort omtale av tiltaket: Området ligg i eit større samanhengande kulturmiljø med stor karakter, og omfattar ein freda gravhaug, variert kulturlandskap, og strandsone med knausar og svaberg. Grunnen er privat, og del av bruk 159/5 Området grensar til Feios oppvekstsenter, og vert ei vesentleg utviding av skulen sitt tilgjengelege uteareal. Det er forutsett opparbeiding og tilrettelegging for aktivitet og friluftsliv, med gangstiar m.m. Verdivurdering Verdi Merknad Landbruk M Ca 5da dyrka, mindre lettbrukt jord, + ca 1da overflatedyrka. Noko fruktdyrking. Naturverdiar og biologisk M/L Ingen registreringar. Strandsone m svaberg/knausar og vegetasjon. Kulturminne og kulturlandskap S Gravhaug på Perhaugen på Børenganeset (dagleg kalla Botolvsneset), gravrøysa er truleg frå bronsealder. Gravrøysa ligg i eit kulturmiljø saman med Rindefjøra i vest og kyrkje i sørvest. Neset er eit lokalt landemerke. Friluftsliv/rekreasjon S Området ligg midt i eit større samanhengande område med fleire automatisk freda kulturminne. Det er og i nærleiken av eit registrert lokalt viktig friluftsområde. Born og unge S Område grensar til skulen og barnehagen i Feios. Konsekvensar av endra arealbruk Landbruk -1 Tap/omdisponeringav ca 5da dyrka jord/hage Naturverdiar og biologisk 0 Landskap 0 Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 3
Kulturminne og kulturlandskap 0 Areal og transport 0 Born og unge +3 Å regulere området til friluftsområde vil ha stor positiv betyding for born og unge i Feios, for allmennheita og tilreisande både lokalt og regionalt. Grunneigarinteresser -1 Redusert driftsgrunnlag for bruket. Nærmiljø og friluftsliv +2 Vil gi auka tilbod for friluftsliv og rekreasjon for allmennheita. Infrastruktur og off. tenester 0 Næringsutvikling og sysselsetting +1 Noko sysselsetting ved opparbeiding og vedlikehald av natur og kulturløype. Universell utforming -1 Variert og ulendt terreng, kan vere vanskeleg å få til UU i Samfunnstryggleik. Risiko og sårbarheit (ROS) deler av området. 0 Små konsekvensar for samfunnstryggleik. Sjå eige ROS-skjema Vurdering: Området har høg verdi for ålmenta som friområde og fellesareal knytt til skulen, med kulturminne og strandsone og variert natur- og kulturlandskap. Området vil som tilrettelagt friområde opna for nye aktivitetar og styrka skulen som sentral møteplass for Feios. Området har relativt liten verdi som landbruksareal. Framlegget er i samsvar med overordna arealstrategi. Fagleg tilråding: Området ligg sentralt i eit større samanhengande område med fleire kulturminne og kulturmiljø. Området bør opnast og sikrast for ålmenta. Området bør tilretteleggjast for aktiv bruk både til kunnskapsformidling og rekreasjon. Opparbeiding må ivareta landskapskvalitetar og kulturminne i området. Plantiltaket bør inn i ny kommuneplan. Figur 2. Litt av området mot nordvest. Figur 1. Utsnitt frå Fylkesatlas som syner kulturminne og friluftsområde i og rundt området. Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 4
A15 Feidjehagane, Feios. Område Fedjehagane, Feios Areal: 29 da Planlagt arealbruk: Bustader, friområde og parkering til kyrkja. Innspel: Feios bygdelag, Rådmannen Oversiktskart Planstatus: LNF Detaljkart Eksisterande arealbruk: 3 bustader/hytter, landbruk/frukthage Markslag: Fulldyrka jord, overflatedyrka jord. Skog med særs høg bonitet (nyleg rydda). Noko fjell i dagen. Kort omtale av tiltaket: Nytt bustadfelt i Feios i forlenging av bustadfeltet Rinde II som ligg i vest. Plasseringa ligg til rette for å opparbeida trygt gangsamband til skule, barnehage og friluftsområde frå både eksisterande og nytt felt. I planområdet ligg Feios kyrkje på freda grunn. Det er forutsett å sikra tilstrekkeleg ope rom rundt kyrkja, og eit areal for parkering for kyrkja. Verdivurdering Verdi Merknad Landbruk L Ca 7 da dyrka/grasmark og eldre frukthage. Elles beite/skog. Skogen er nyleg rydda på øvre del. Noko fjell i dagen i sør. Naturverdiar og biologisk L Ingen registrerte Kulturminne og kulturlandskap M Rinde kyrkje på den automatiske freda kyrkjeplassen grensar til området. Elles ingen registrerte kulturminne i området. Friluftsliv/rekreasjon L Ingen registrert bruk. Born og unge L Ingen registrert bruk. Konsekvensar av endre arealbruk Landbruk -1 Tap/omdisponering av ca 7da dyrka/hage, samt beiteareal Naturverdiar og biologisk 0 Landskap 0 Kulturminne og kulturlandskap -1 Det opne kulturlandskapsrommet søraust for Feios kyrkje vert noko innsnevra. Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 5
Areal og transport +2 Dette planområdet er tenkt som ei forlenging av Rinde II feltet. Det vil gi betre vegnett generelt i området enn det er i dag, spesielt for dei mjuke trafikantane. Barn og unge +2 Planområdet ligg nær skule, barnehage og friluftsområde. Tiltaket vil og gje betre gangsamband til skulen for eks. bustadfelt Rinde 2 Grunneigarinteresser 0 Redusert driftsgrunnlag for bruk i området. Verdiauke på areal/tomter. Nærmiljø og friluftsliv +2 Planområdet ligg nær skule, barnehage, kyrkje og butikk, så nærmiljøet og friluftsliv er lett tilgjengeleg. Næringsutvikling og sysselsetting +1 Kan styrka grunnlag for tenester og tilbod i bygda. Universell utforming -1 Noko bratt terreng så kan gi utfordringar for å få til UU i heile området. Samfunnstryggleik. Risiko og sårbarheit (ROS) 0 Små konsekvensar. Trygg byggegrunn. Sjå eige ROS-skjema Vurdering: Planen legg opp til forlenging av eksisterande felt, og deler av området blir lagt ut til friområde for å bevare luft og buffersone rundt Feios kyrkje. Området vert vurdert som godt eigna for formålet, med kort avstand til skule/barnehage. Noko bratt areal i sørleg del. Det ligg til rette for gode gang og sykkelsamband til og frå skule, barnehage og friluftsområde. Noko dyrka jord av ulik kvalitet vil gå tapt, men ingen kjerneområde landbruk. Framlegget er i samsvar med overordna arealstrategi. Fagleg tilråding: I dette planområdet er det viktige omsyn å ta ved og omkring Feios kyrkje. Der bør leggast inn ein god buffer som friområde rundt den automatisk freda kyrkjeplassen, og areal for parkering i nær tilknyting til kyrkja. I Det må vurderast korleis ein kan sikre trygg kryssing av Fv182 for mjuke trafikantar mellom bustadområdet og skule/barnehage. Det vert tilrådd å ta området inn i ny kommuneplan i tråd med forslag. Figur : Bilde viser nyss hausta skog i planområdet. Figur : Feios kyrkje. Kommuneplan Vik kommune 2013-24. Utdrag av KU 6