TRE S S. på arbeidsplassen. Gjer noko med det!



Like dokumenter
TRE S S. på arbeidsplassen. Gjør noe med det!

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Arbeidsmiljø Utdanningsforbundet Akershus. May-Britt Heimsæter

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?


Til deg som bur i fosterheim år

Forsand kommune Personalkontoret

11 Eg i arbeidslivet

NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. IA-kurs hausten Kurstilbod for IA-verksemder

Generelle retningsliner for konflikthandtering i Flora kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Jobbstrategien. KLAR FOR JOBB unge med nedsett funksjonsevne

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

RETNINGSLINJE FOR HANDTERING AV KONFLIKT

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Tilgangskontroll i arbeidslivet

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

Eva Marie Halvorsen har meldt forfall. Åse Løkeland (1. vara) og Rasmus Stokke (2. vara) er kalla inn, men har ikkje høve til å møte

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Gina Beate Holsen SAKA GJELD: HMS strategi i Helse Vest

Rektorvedtak. Aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF Innhald aktivitetsplan for IA arbeidet ved HiSF

Skjema for HMS-GJENNOMGANG I BALESTRAND KOMMUNE Godkjent av: Arbeidsmiljøutvalet i møte XXXXX, sak XXXX. UTKAST AV

Om å høyre meir enn dei fleste

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 24. Mai 2017 v/henny Oxholm

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Elevundersøkinga 2016

IA-webinar. Systematisk arbeidsmiljøarbeid. NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane. 8. Mars 2017 v/henny Oxholm

Konflikthandtering og arbeid med personalsaker

Strategiplan for Apoteka Vest HF

HMT-TILBOD. frå Helse-, miljø- og tryggleiksseksjonen. Godt arbeidsmiljø gir betre resultat HMT HELSE, MILJØ OG TRYGGLEIK

Vernerunde haust, med fokus på det psykososiale arbeidsmiljøet

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Tilretteleggingsplikt og medverknadsplikt

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Mål og handlingsplan for inkluderande arbeidsliv i Aukra kommune Vedteke i administrasjonsutvalet sak 6/16. E-phorte: Sak 2015/580-19

Rådet for funksjonshemma Leikanger Arbeid og tiltak for unge funksjonshemma

Arbeidsbok (mal for eigenprodusert HMS-dokumentasjon)

Frå tre små til ein stor.

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

AML 1.1 a. Helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon.. Et arbeidsmiljø som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Psykologisk førstehjelp i skulen

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

NÆRVÆR MEIR ENN EN PROSENT

Arbeidsgivarpolitikk for alle livsfasar

Minnebok. Minnebok NYNORSK

BEST. NR. 456-NYN. Ungdom i arbeid

HMS-forskrifta (internkontroll) HMS i fylkeskommunen HMS-systematikk hvordan komme i gang? Case/gruppeoppgave

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Konkret arbeid med psykisk helse i skulen. Kva seier opplæringslova? Kvifor arbeide systematisk og målre9a med psykisk helse?

Pedagogisk plattform

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Informasjon til elevane

HANDLINGSPLAN FOR FRÆNA VGS SITT IA ARBEID:

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Eva Marie Halvorsen (arbeidsgjevar), Åse Løkeland (1. vara arbeidsgjevar) 1/ / Godkjenning av innkalling og sakliste 2

Barnerettane i SKULEN

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Kvalitetssikring av det mellommenneskelege arbeidsmiljøet

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Styresak. Administrerande direktør Hege Fjell Urdahl Berit Berntsen/Anne. M. Reksten Status avvik Helse Miljø og tryggleik (HMT) og sjukefråvær

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Møteinnkalling. Eventuelt forfall skal meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. Sakliste

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Øystese barneskule April - 08

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0013/03 03/00171 POLITISK KVARTER PERSONAL-OG LØNSUTVALET


Transkript:

TRE S S på arbeidsplassen Gjer noko med det!

Har du det bra på jobben? Dei aller fleste arbeidstakarar i Noreg opplever arbeidsmiljøet som noko positivt. Godt samarbeid og trivsel gir effektivt arbeid som igjen fører til gode resultat både for verksemda og den enkelte. Kjenner du det slik, skuldast det som regel at arbeidsoppgåvene er tilrettelagde med: passande krav utfordrande krav medverknad og sjølvstyring og at forholda til kollegaer og leiarar er slik at du får: fagleg støtte god sosial kontakt godt samarbeid Føremålet med brosjyren Sjølv om det store fleirtalet opplever eit godt arbeidsmiljø, er det likevel mange som kjenner det på ein annan måte, og det skal vi ta på alvor. Denne brosjyren handlar derfor om eit av dei vanlegaste hindra for eit godt og produktivt arbeidsmiljø negativt stress. I Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, som partane i arbeidslivet og styresmaktene har underteikna, er det viktigaste målet at arbeidsplassen skal bli enda meir inkluderande. Med eit inkluderande arbeidsliv meiner vi eit arbeidsliv for alle som vil og kan. Eit godt arbeidsmiljø og gode relasjonar til kollegaer, gjer at vi gjerne går på arbeid og lettare får gjort ein god jobb. Når vi møter vanskelege utfordringar, skal arbeidsgivar og arbeidstakar ta tak i dette så fort som mogleg. Då er den gode dialogen heilt nødvendig både for å unngå helseproblem og utstøyting frå arbeidslivet, og for å få dei som er borte frå arbeid på grunn av helseårsaker tilbake til jobb.

Frå press til stress Stress gir ikkje betre helse, men for mange er det nyttig å oppleve litt press. Det får dei fleste av oss til å arbeide effektivt og får oss til å prøve nye utfordringar. Det finst likevel ei grense der presset blir større enn det ein kan handtere. Manglande utfordringar kan også opplevast negativt. Resultatet av dette kan bli negativt stress. Tålegrensa varierer med personar, og med ei mengd faktorar rundt sjølve arbeidet og utanfor arbeidet. Påkjenninga blir særleg stor når du har ein jobb med store krav til for eksempel tempo og konsentrasjon, og på same tid har lite styring over korleis jobben skal gjerast og når du kan ta pause. Eit eksempel kan vere bussjåføren som ikkje klarer å halde ruta fordi det er mykje Når det ikkje er balanse mellom det som blir trafikk, mange passasjerar og glatt på kravd av deg og det du er i stand til å gjere, vegen. kan du bli stressa. Krava kan vere for store eller Aukande krav frå både arbeidsgivar og for små. kundar eller klientar pressar mange arbeidstakarar på tida. I tillegg kjem eigne ambisjonar om å gjere ein god jobb. Utanfor arbeidsplassen møter du krav frå familie og venner. Mange opplever tidsklemma mellom familie og arbeid som problematisk. 1 Kvar tredje norske arbeidstakar rapporterer stress knytt til arbeidet. Dette er omtrent på nivå med EU-landa. 2 1 «HMS-tilstanden i Norge i år 2001» (Torvatn og Molden, SINTEF Teknologiledelse, 2001) 2 Tredje europeiske arbeidsmiljøundersøking (European Foundation for the Improvement of Living and Working Conditions, 2001)

Opplevd arbeidsmiljø, kva konsekvens Faktorar i arbeidsmiljøet som det kan gjerast noko med Ansvar Arbeidsgivar Du sjølv Andre Teknologi Organisering og tilretteleggjing av arbeidet: for eksempel ansvarsforhold, bemanning Arbeidstidsordningar Lønssystem Er du stressa? Kroppen reagerer på stress anten det er positivt eller negativt. Dersom du opplever negativt stress, er det viktig at du tenkjer etter og snakkar med andre om kva som kan vere årsaka, og om det er nødvendig å gjere noko med det. Den viktigaste måten å unngå helseplager som er knytte til stress, er å gjere noko med årsaka. Dersom du er eksponert for stress over lang tid, på jobb eller heime, kan dette over tid gi helseproblem. Kva er eigentleg årsaka? Den eigentlege årsaka til eit arbeidsmiljø som skaper stress, ligg ofte i dårleg organisering eller tilrettelegging av arbeidet, mangelfull kommunikasjon, belastande arbeidstidsordningar og prestasjonsbasert lønn. Når det er slik, er det viktig at partane på arbeidsplassen saman tar tak i problema.

ar får det for helsa og for verksemda? God helse Fagleg og personleg vekst Opplevd arbeidsmiljø POSITIVT: meiningsfylt arbeid trygg jobb sjølvstyring kontakt med andre respekt utfordringar støtte Konsekvensar for verksemda: Godt samarbeid Fagleg utvikling Innovasjon og fleksibilitet Kvalitet Konkurransekraft Lønnsemd Auka nærvær... eller... Opplevd arbeidsmiljø NEGATIVT: tidspress frykt for vald får ikkje brukt og utvikla eigne evner og kunnskapar låg sjølvstyring og høge krav til jobben utrygg jobb liten medverknad på arbeidsmiljøet konflikt arbeid/familie Konsekvensar for verksemda: Konfliktar Redusert arbeidsinnsats Redusert omstillingsevne Høg turnover og kostnader ved rekruttering Redusert produktivitet og dårlegare økonomi Auka fråvær Helseproblem/uhelse Fysisk og psykisk nedbryting Opplevinga av kva som er ei påkjenning vil variere frå person til person. Prøv deg sjølv på sjekklista bakerst i brosjyren.

Kvifor redusere stress? Betre produktivitet Dei viktigaste årsakene til stress og helseplager kan også vere viktige årsaker til nedsett produksjon. Dersom aktørane saman legg dei organisatoriske forholda betre til rette, kan mange av årsakene til stress og helseplager forsvinne. Det gir meir effektiv drift, betre helse og dermed auka arbeidsglede. 3 Færre stive nakkar Nesten 70% av langtidsfråvær og uføretrygding har psykiske lidingar og skadar i muskel og skjelett som diagnose på legeattestane. Årsakene til plagene, og dermed fråværet, er ofte psykiske og sosiale belastningar i arbeidet. Tidspress, dårlege samarbeidsforhold, frykt for vald, frykt for ikkje å meistre jobben eller å miste han, manglande respekt osv. kan setje seg fast både i psyken og i ryggen. Elles viser alle undersøkingar at gode arbeidsforhold ikkje berre held plagene unna, men verkar fremjande på helsa. Kostnader ved sjukefråvær Kostnadene ved sjukefråvær er høge. I tillegg til dei økonomiske kostnadene for verksemda og samfunnet, er sjukefråvær ei belastning for arbeidsmiljøet. Kollegaer må overta arbeidsoppgåver, og leiinga må leggje mykje arbeid i å handtere sjukefråværet. 4 Det ligg pengar i å redusere stress. Intensjonavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv legg hovudvekta på at desse utfordringane i framtida skal løysast på arbeidsplassen, og ikkje på legekontoret. Førebygging av sjukefråvær vil først og fremst lykkast dersom dialogen mellom leiar og arbeidstakar har ein høg kvalitet. Denne utfordringa må vi løyse saman, det er ikkje ei sak berre for arbeidsgivar. 3 Erfaringar frå «Hovedorganisasjonenes fellestiltak sykefravær» (LO-NHO), basert på undersøkingar som er utført av Lars Andersen, SINTEF. 4 «Økonomiske konsekvenser av sykefravær» (Karl-Gerhard Hem, SINTEF Unimed, 2000)

Kvar skal vi starte? Dersom ein skal fjerne eit problem, er det viktig å ta vondet ved rota. Dersom dette er absolutt umogleg, må ein redusere konsekvensane av problemet. Snakk med leiar eller kollegaer om det som stressar deg, la ikkje stresset bli ditt problem aleine. Først når det blir eit tema på arbeidsplassen, kan du gjere noko med det i fellesskap med andre. Kartlegg arbeidsmiljøproblema. Eit enkelt forslag til ei første kartlegging finn du bakerst i brosjyren. For å avdekke årsakene til negativt stress og andre problem på arbeidsplassen, må arbeidsgivar ta ansvar for å «kartleggje» problema. Ei kartlegging kan omfatte både oppleving av samarbeidsforhold, leiarstil, trivsel og stress og undersøkingar av fysiske forhold. Fysiske og psykososiale faktorar kan ofte opptre saman og forsterke kvarandre i negativ retning. Vonde rygger og stive nakkar kan skuldast feil arbeidsstillingar, men også eit oppjaga tempo, samarbeidsproblem og stort arbeidspress. Gå gjennom kontrollrutinane i verksemda og la dei tilsette i størst mogleg grad få sleppe til og styre kvardagen sjølve. Kartlegginga må også gi rom for at dei tilsette kan få setje ord på kva dei opplever som positivt med arbeidsmiljøet. Kva er det som gjer at dei trivest, kva er det som gjer at dei føler seg friskare? Det er viktig å forsterke dei positive faktorane i arbeidsmiljøet, ikke berre å fjerne dei negative.

Ein god måte å kartleggje på, er å ha samtalar med dei tilsette, både enkeltvis (f.eks. gjennom medarbeidarsamtale) og i grupper. Kvar enkelt må få komme fram med det dei synest fungerer bra og dårleg, og med forslag til kva som kan gjerast enda betre. Dersom de treng hjelp til kartlegginga, kan de kontakte bedriftshelsetenesta (verne- og helsepersonell) eller andre som har god kompetanse på dette. Kva kan vi gjere? Ei viktig årsak til stress er manglande kommunikasjon. Der kommunikasjonen er god opplever alle at dei får den informasjonen dei treng til ei kvar tid for å gjere ein god jobb. Dette er vesentleg for å få til eit effektivt arbeid og ein god bedriftskultur. Eit nyttig verktøy for å få til dette er faste møte på avdelingsnivå, knytta til drifta. Ha møte kvar dag, om nødvendig. Men desse møta må ha kvalitet. For å førebyggje stress, er det elles viktig å vurdere følgjande: Prioritering av arbeidsoppgåvene realistiske og klare mål for arbeidet, i tillegg til klar ansvarsfordeling Kompetanseheving gjennom opplæring, rettleiing osv. Utvida arbeidsoppgåver der alle får delta i planlegginga Samarbeid i ulike former Sjølvbestemming: I kva grad ein person kan planleggje arbeidet, kva oppgåver ein skal gjere, arbeidstempo, arbeidsmetode, variasjon i oppgåvene og kor ofte ein har pause Medarbeidarsamtalar Sjølvstyrande grupper og teamarbeid

Stressmeistring Metodar for personleg meistring av stress kan vere til hjelp. Likevel må ikkje dette erstatte arbeidet med å finne årsaker i miljøet til at stress oppstår og fjerne dei. Ta problemet ved rota! Ved omorganisering Endringar i organiseringa av arbeidet kan gi betre helse, trivsel og produktivitet. Medarbeidarar som ikkje blir motiverte for endringane eller som ikkje får god opplæring i dei nye oppgåvene dei skal ha, kan derimot bli stressa av endringane. Det er ei erfaring at endringar skjer aller best når arbeidstakarane får vere med å bestemme og når god kommunikasjon klargjer mål og forventningar. Først da er det mogleg å skape entusiasme rundt endringene. I motsett fall opplever ein motstand mot endringar, same kor fornuftige desse elles kan vere. Du som enkeltperson må ta eit delansvar i å skape denne entusiasmen.

Kva seier regelverket? Arbeidsgivar skal i følgje arbeidsmiljølova (AML) heile tida kartleggje arbeidsmiljøet, og setje i verk tiltak når kartlegginga avdekkar problem som strir mot krava i lova ( 14). Lova krev at arbeidet skal tilretteleggjast fysisk og organisatorisk slik at verken den fysiske eller den psykiske helsa til arbeidstakararen blir truga ( 7, 12). Arbeidsgivar skal kartleggje behov og finne fram til tiltak i nært samarbeid med dei tilsette og deira verneombod ( 23-27). Kven har ansvaret? AML 14 og HMSforskriften 4 AML 16 Verneombod og AMU er omtalt i AML 23-29 og i forskriften om verneombod og arbeidsmiljøutval Arbeidsgivar er ansvarleg for verksemda og for å ta initiativ, motivere og leggje forholda til rette for innføring og oppfølging av arbeidet med helse, miljø og tryggleik. Norsk lov krev faktisk at arbeidsgivar aktivt skal gi dei tilsette høve til å seie ifrå når noko ikkje er som det skal vere. Arbeidstakar For å oppnå gode resultat, er det nødvendig at arbeidstakarane deltar i arbeidsmiljøarbeidet både med planlegging og i den daglege drifta, i kartlegging og med å finne gode løysingar. Dette kan skje gjennom verneombod, arbeidsmiljøutval (AMU), tillitsvalde eller andre tilsette. I mange tilfelle vil den som er nærmast problemet, også ha gode forslag til korleis det kan løysast. Lova seier også at dei tilsette har plikt til å seie ifrå dersom dei oppdagar feil eller manglar som kan medføre fare for liv og helse. Verne- og helsepersonell (VHP) VHP/bedriftshelseteneste har ikkje ansvaret for at arbeidsmiljøet er forsvarleg, men dei skal stå til disposisjon med å overvake arbeidsmiljøet og komme med forslag til betre løysingar.

Kva gjer Arbeidstilsynet? Arbeidstilsynet skal ved å informere, kontrollere og stille krav, hjelpe til med at alle dei 200 000 norske arbeidsgivarane gir sine 2 millionar arbeidstakarar eit arbeidsmiljø som tilfredstiller krava i arbeidsmiljølova. Arbeidstilsynet kan rettleie om lov- og regelverk, og gir eventuelt pålegg om at alvorlege miljøproblem må rettast på. Eit viktig problemområde for Arbeidstilsynet er psykososiale belastningar. Det er ikkje Arbeidstilsynet si rolle å gå inn som problemløysar, men tilsynet kan rettleie om korleis dei involverte kan gå vidare for å løyse problema. Ein skal alltid prøve å løyse ei sak internt i verksemda før ein tek kontakt med Arbeidstilsynet. Her finn du meir informasjon www.arbeidsplassen.no www.arbeidstilsynet.no Veiledning om arbeidsmiljøloven 12, (bestillingsnummer 327) Arbeidstilsynet si svarteneste, telefon 815 48 222

Bruk denne sjekklista Korleis er det på din arbeidsplass? Før vi går på sjekklista som handlar om stress, er det greitt å minne om at du også bør lage deg ei sjekkliste over kva som gir deg arbeidslivskvalitet og kva som gjer at du har det bra på jobben. Til deg som er arbeidstakar: Når stoppa du sist opp og tenkte over kva som gjer deg stressa på jobb og heime? Spørsmåla nedanfor skal hjelpe deg til å tenkje på dette, korleis du vil ha det og korleis du saman med andre kan få gjort noko med problema. Til deg som er tillitsvald/verneombod eller medlem i arbeidsmiljøutval: Har de tenkt over kva det er med arbeidsplassen som hemmar eller fremjar stress? Har de gjort noko for at stress blir teke opp som tema i verksemda? Til deg som er leiar: Har du saman med dei tilsette tenkt over om det er trekk ved verksemda som kan vere årsak til unødvendig stress? Korleis kan du jobbe for å endre på dette? Spørsmål den enkelte arbeidstakar og arbeidsgivar JA NEI med jevne mellomrom må stille seg sjølv: Opplever du negativt stress og andre påkjenningar? Opplever du tidspress som på sikt kan gå ut over helsa? Har du nok tid til å tilfredsstille eigne og andre sine krav? Viss du treng det, kan du få støtte og hjelp i arbeidet ditt frå leiar og arbeidskollegaer? Er din nærmaste sjef villig til å lytte til deg når du har problem i arbeidet? Kan du sjølv bestemme arbeidsmengd og korleis du skal arbeide?

som hjelp til å kartleggje problema JA NEI Har du høve til å bruke og utvikle dine eigne evner og kunnskapar? Fryktar du: -nye krav, -å miste jobben, - å miste interessante oppgåver, -å bli sjuk på grunn av jobben, -vald eller truslar? Opplever du fordommar på grunn av alder, kjønn eller etnisk tilhøyrsle? Opplever du arbeidet som meiningsfylt og motiverande? Er forholdet mellom jobben og privatlivet slitsamt? Opplever du det vanskelig å seie ifrå om at du er sliten? Helseplager? Har du helseplager som følgje av vedvarande belastningar? Kva kan gjerast? Er det mogleg å gjere noko for at situasjonen din/dykkar blir tilfredsstillande? Tiltak for å betre situasjonen kan vere tekniske eller organisatoriske (anna arbeidstid, praktisk støtte, forandring i oppgåver, andre å samarbeide med osv.) Notér kva som må gjerast og kven som må samarbeide for å finne løysingar på belastningar som fleire opplever. Er det systematiske HMS-arbeidet tilfredsstillande? Blir verneombodet teke med på råd? Blir tema som dette jamleg diskutert i arbeidsmiljøutvalet? Treng du hjelp frå bedriftshelseteneste eller andre utanfor verksemda? Kven må gjere noko? Kva kan du gjere sjølv for å få eit mindre belastande liv, på jobb og heime? Kva er du avhengig av andre for å få løyst? kva kan arbeidsgivar gjere? kva kan andre gjere?

Brosjyren er utgitt i samband med Den europeiske arbeidsmiljøveka 2002. Dette er eit samarbeid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet. Sjå www.arbeidsplassen.no Desse står bak brosjyren: 1.OPPLAG NYNORSK 1000/102002 HÅKON SKAU AS www.arbeidstilsynet.no Svarteneste: 815 48 222, svartjenesten@arbeidstilsynet.dep.no