Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no. Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs



Like dokumenter
Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Tor Arve Røssland. Oslo

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Rom ved havet, rom i byen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

mmm...med SMAK på timeplanen

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Jon Fosse. For seint. Libretto

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Kom ikkje inn i mitt hus

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Til deg som bur i fosterheim år

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

OK, seier Hilde og låser.


Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Originalens tittel: Cœur de Lion 2007, 2011 Ariana Reines/Fence Books Det Norske Samlaget

Valdres vidaregåande skule

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Kva er økologisk matproduksjon?

I N N H O L D. Forord

Det Norske Samlaget Omslag: Tove Laila Nilsen. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2014 ISBN

Til venstre, der hjartet er

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Jon Fosse. Andvake. Forteljing

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Brannsår, rus eller friheit?

Stephen J. Walton Roadmovie. Manuset. Omsett av Bodvin Rovde

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Hallo i nedslagsfeltet!

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

Kom skal vi klippe sauen

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking


Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Det Norske Samlaget Boka er omsett frå svensk av Gunstein Bakke. Omslag: Markup Lantto

/

Informasjon til elevane

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

Tor Arve Røssland. Oslo

Det Norske Samlaget Omslagsdesign: Torill Stranger Omslagsillustrasjon og vignettar: Lene Ask

Alt det lyse og alt det mørke

Samansette tekster og Sjanger og stil

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Dø D e n i D ø r a. leseserie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet. Karin Kinge Lindboe Illustrert av Sissel Horndal

LYS OG SYN - auget som ser. Gjennomføre forsøk med lys, syn og fargar, og beskrive og forklare resultata

Frå novelle til teikneserie

Trude Teige. Lene seg mot vinden. Roman

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Med tre spesialitetar i kofferten

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.


Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Hei alle sjøstjerneforeldre

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Om å høyre meir enn dei fleste

liv Livet er ikkje lett å skjøne. Det er høgst underleg.

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Transkript:

Om denne boka kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein! Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå! Ei intens jakt etter løysinga startar og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

Det Norske Samlaget 2015 www.samlaget.no Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN 978-82-521-8974-2

Berit Rødstøl FRØPPELDUNK Illustrert av Christian Fjeldbu Oslo 2015

De eter og spytter ut, spytter ut og eter, for de har ingen strupe mer, bare en diger kjeft og en rumlende mave Rolf Jacobsen

Innhald Noko er annleis på Frøppeldunk Nakenfis og gammal is Harkenfoss er forsvunnen Det skinande taket Lars gjer ei mystisk ketchup-oppdaging Nokre idiotar er større enn andre Hagbart får ei bartekrise Pydro-Stefan har ein lumsk plan Miss Cleopatra forsvinn Dei vaksne høyrer som vanleg ikkje etter Det regnar Non Stop Walter kvesser kniven 90 Svoltne grassentassar er ikkje til å spøke med Glomda får sitt livs største sjokk Verda kjem til Frøppeldunk Pølser og sovemedisin Alt fyk til himmels Hagbart får att barten

Noko er annleis på Frøppeldunk Høyr, seier mamma og stoppar bilen ved innkøyringa til campingplassen. Eg høyrer ingenting, seier Ea. Nettopp, seier mamma. No merkar Ea kor stille det er. Ingen Harkenfoss slengjer vatnet utover som spyttklyser slik han alltid gjer. Ho høyrer berre småfuglane kvitre i munnen på kvarandre. Det var da merkeleg, seier mamma og ser utover campingplassen. Han liknar ein munn utan tenner, med mørke flekker der campingvognene bruker å stå. Om litt kjem fiskarane til å fylle dei tomme plassane med vognene sine. Kvar sommar pakkar Ea og mamma snippeska, som mamma seier, og køyrer i timevis til Frøppeldunk. Mamma kan ikkje begripe kvifor andre folk reiser til Syden for å kjede seg. Ho hatar sandstrender, og heldigvis er det ikkje mange badeplassar i Frøppeldunk. I dag har ikkje mamma tid til å stille opp campingvogna på den faste plassen. Ho parkerer midt i vegen og rett ved kiosken til Hagbart. Han stikk den store neven ut av kioskluka og vinkar. Vil de ha pølser?

roper han. Og det vil dei sjølvsagt. Veit du kvifor Harkenfoss er så roleg? spør mamma mens ho sleikjer i seg ketchupen. Hagbart raudnar slik han alltid gjer når mamma pratar til han. Eg veit ikkje. Det var stille da eg opna campinga i går, seier han. Det verkar nesten som om han er borte, seier mamma. Han er nok tørr som sprøsteikt lauk, seier Hagbart. Men kva med laksen? spør mamma og blir akkurat slik i stemma som når nokon synest synd i henne. Kvar har det blitt av han om fossen er tørr? Hagbart ristar på hovudet. Kanskje han har blitt til tørrfisk? foreslår Ea. Men det synest ikkje mamma er morosamt. Har de høyrt det? spør nokon bak dei. Det er Walter som er ute og luftar hunden sin, Miss Cleopatra. Ho kan nesten forvekslast med ein hybelkanin, berre at denne har øyre, nase og ein kjeft som alltid stinkar av leverpostei. Saman med kona Glomda har Walter feriert på campinga så lenge at dei har fått den beste plassen til vogna si. Det er vanlegvis den einaste tørre staden i Frøppeldunk. Heldigvis for Glomda, ho elskar sol og hatar regn.

Det er ikkje berre fossen som er forsvunnen, seier Walter. Regnbogen er visst også borte. Ea får nesten vondt i magen av å tenke på at den fine regnbogen er vekke. Han som hang over fossen som eit lysande hårband og skein så sterkt at ein nesten fekk

tårer i auga. Ingen annan campingplass kan skilte med noko liknande. For mens andre regnbogar berre eksisterer i nokre minutt, når sollyset treffer vassdropane, lyser denne heile dagen, veke etter veke, sommaren igjennom. I dag tidleg høyrde eg nokre merkelege lydar, seier Walter. Det var eit forferdeleg leven. Det har eg heilt gløymt, seier Hagbart og gneg på ei pølse. Eg stussa over at det var krusingar i pølsevatnet, seier han. Nesten som fiskevak. Har du ikkje høyrt noko før? undrast Ea. Jo, Hagbart nikkar. Men eg kom hit først i går, og da oppdaga eg at det dundra og small både seint og tidleg. Eg trudde at det var isen som lausna og vart knust, seier han. Er det verkeleg ingen som har undersøkt fossen? spør Ea. Dei vaksne ristar på hovudet. Eg har jo nett kome og har ikkje hatt tid til det, seier Walter. Hagbart nikkar. Eg har hatt tusen ting som måtte ordnast før eg opna campinga, seier han. Men kva ventar de på? Ea snur seg for å gå, men ingen av dei andre har det travelt, enda så mykje dei lurer på korleis det er fatt med fossen. Eg må setje ut varene først, seier Hagbart. Vi må pakke ut, seier mamma. Eg må heim til Glomda med sjokoladen, seier Walter og held opp ei eske med Mokkabønner. Da blir eg med, seier Ea og stirar på sjokoladeeska.