<forside> Strategi 2016 2020 Høgskolen i Bergen Samspel i kunnskapsfronten
<Side 2> Strategi 2016 2020 Strategien «Samspel i kunnskapsfronten» viser kor Høgskolen i Bergen er i dag, kven vi er, kor vi skal og grepa som må gjerast for at vi skal kome dit. Som kunnskapsinstitusjon har vi eit tydeleg samfunnsoppdrag: Vi skal drive forsking, fagleg- og kunstnarisk utviklingsarbeid (FoU), utdanning, innovasjon og formidling som skal bidra til å løyse dei store utfordringane regionalt, nasjonalt og globalt. Høgskolen i Bergen løyser samfunnsoppdraget mellom anna gjennom å utdanne studentar med høg profesjons- og endringskompetanse som eit samfunn i rask endring har nytte av. I kunnskapslandskapet på Vestlandet er alle vilkår til stades for at vi skal kunne vere med å løyse dei globale utfordringane gjennom regionalt forankra forsking. FoU er ein føresetnad for å løfte profesjonane. Universitetssatsinga er difor eit viktig verkemiddel for at vi skal kunne løyse samfunnsoppdraget på best mogleg vis. Vi satsar på å bli eit universitet innan 2025. Innovasjon, entreprenørskap og samspel med samfunns- og næringslivet er også heilt avgjerande for at vi skal fortsette å liggje i kunnskapsfronten og møte dei krava samfunnet set til oss.
<Side 3> Kor er vi i dag? Høgskolen i Bergen er eit kraftsenter for profesjonsutdanning, FoU og innovasjon på Vestlandet. Høgskolen i Bergen tilbyr etterspurd kunnskap og profesjonskompetanse. Vi har ein brei fagleg profil og er ein attraktiv tilbydar av høgare utdanning på Vestlandet. Vår nye campus på Kronstad legg godt til rette for samarbeid internt på tvers av avdelingane og med omverda. Med ny infrastruktur og nytt, oppdatert utstyr gir vi praksisnær og relevant utdanning. Vi fremjar FoU og innovasjon på tvers av profesjonane. Høgskolen i Bergen legg vekt på gjensidig læring: Vi bidreg med ny kunnskap og utviklar kunnskap saman med andre. Vi er lydhøyre for endringar og responderer raskt på behova i samfunnet. Vi har god dialog med samfunns- og næringsliv, og samarbeider godt med andre universitet og høgskular, nasjonalt og internasjonalt. Høgskolen i Bergen har eit godt grunnlag for innovasjon gjennom samarbeidet mellom Senter for nyskaping, Bergen Teknologioverføring og Nyskapingsparken inkubator.
Kven er vi i dag? Verdigrunnlaget vårt Vi byggjer på humanistiske verdiar. Berekraftig utvikling, nytenking og høg etisk standard pregar arbeidet vårt. Vi har eit lærings- og arbeidsmiljø der studentar og medarbeidarar kjenner seg respekterte, likeverdige og inkluderte, er engasjerte i meiningsfylt arbeid og frie til å delta i open og kritisk dialog. Vi er opne mot, og i samspel med, omverda.
<Side 4 6> Kor skal vi? Visjon Profesjonskompetanse gjennom samspel i kunnskapsfronten. Ved å tilby og utvikle ettertrakta profesjonskompetanse gjennom samspel i organisasjonen og med omverda, arbeider vi med dei utfordringane som samfunnet står overfor: utviklinga av velferdssamfunnet det grøne skiftet det aukande mangfaldet utvikling av ny teknologi og nye arbeidsmåtar demografi sosial ulikskap globalisering
Innan 2025 er Høgskolen i Bergen eit universitet med ein sterk profesjons- og arbeidslivsprofil som bidreg til eit berekraftig samfunn. Vi tar del i å løyse samfunnsutfordringane ved å liggje i kunnskapsfronten. Dette inneber at vi arbeider vidare med: 1. Profesjons- og endringskompetanse Høgskolen i Bergen dannar og utdannar høgt kvalifiserte, reflekterte og etisk medvitne profesjonsutøvarar. Dei får innsikt i FoU og vidareutviklar denne kunnskapen etter fullført utdanning. Vi speler ei viktig rolle i det nasjonale utdanningslandskapet ved å vere profesjonsnære og relevante, setje dagsorden og delta i samfunnsdebatten. Gjennom FoU-arbeidet vårt driv vi kunnskapsfronten framover: Med FoU- og innovasjonsarbeidet utviklar vi utdanningane og profesjonane. 2. Samspel for kunnskapsutvikling til eit samfunn i endring Høgskolen i Bergen er ein attraktiv samarbeidspartnar for samfunnslivet, næringslivet og andre kunnskapsinstitusjonar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi arbeider på tvers: Å løyse samfunnsutfordringane krev kompetanse frå ulike fag og profesjonar, også internt i organisasjonen. Vi har store innovasjonsambisjonar: Eit samfunn i endring set krav til nytenking. Vi forskar på innovasjon og tilbyr FoU-basert
utdanning. Vi tilbyr praksis i innovasjon og entreprenørskap og utviklar løysingar som svarar på samfunnsbehova.
Mål for 2020 Vi er blant dei beste i landet på søking og gjennomstrøyming. Likevel ønskjer vi å nå dei ambisiøse måla om å vere eit enda meir attraktivt studiested, med minst 1,5 primærsøkjarar per studieplass og minst 70 prosent gjennomstrøyming på alle utdanningsprogramma. I tillegg har vi oppnådd å ha fire godkjende ph.d.-utdanningar. at 60 prosent av den faglege staben har førstekompetanse. ei dobling av publiseringspoeng ei dobling av ekstern FoU-finansiering å vere blant dei institusjonane som har dei mest tilfredse studentane i landet, målt gjennom Studiebarometeret. ei dobling av internasjonale studentar 50 % auke av talet på vidareutdanningskurs med ekstern finansiering å ha e-læringskomponentar i alle studieåra for alle utdanningane.
Høgskolen i Bergen tilbyr profesjonsutdanningar og utviklar kunnskap for eit berekraftig samfunn. Vi vil vere kjend for profesjonsutviklande FoU-arbeid og innovasjon samarbeid med verdsleiande næringar og samfunnslivet på Vestlandet å vere omgitt av komplette klynger innan marine og maritime næringar, olje og gass-næringar, og veksande kunnskapsklynger innan helse, utdanning, teknologi, design, media og IT og å delta i global kunnskapsutvikling og kompetansebygging for å gje menneske betre livsvilkår. Dette gjer oss attraktiv som studiestad, arbeidsplass og kunnskapsinstitusjon både regionalt, nasjonalt og globalt. Våre faglege profilar er: - kompetanse for framtidas helse- og velferdstenester - danning og didaktiske praksisar i lærarprofesjonane - berekraftig teknologi - innovasjon og entreprenørskap
<Side 7-9> Korleis kjem vi dit? Vi gjer det saman Høgskolen i Bergen når måla gjennom godt samspel både i organisasjonen og med omverda. Samspelet driv oss framover slik at vi kan liggje i kunnskapsfronten. Vi brukar ressursane våre for å styrke kvaliteten ved høgskulen og gjere kvarandre gode. For å oppnå universitetsstatus skal vi: - Utvikle, få godkjende og setje i gang dei tre ph.d.-programma som står att. - Ha ein stabil kandidatproduksjon på det første ph.d.programmet, «Studier av danning og didaktiske praksiser». - Etablere fleire sterke og dynamiske forskingsgrupper, innanfor og på tvers av fag og profesjonar og med ekstern deltaking. - Etablere eit nært og meir forpliktande samarbeid med dei andre kunnskapsinstitusjonane på Vestlandet. - Auke talet på publikasjonar, særleg internasjonale sampublikasjonar både som resultat av institusjonelt samarbeid og kontakten forskarar imellom. - Hente inn meir eksterne forskingsmidlar. Alle avdelingane skal delta i EU-prosjekt, og forskarane og administrasjonen skal profesjonaliserast i søknadsarbeidet. For å utdanne kandidatar med profesjons- og endringskompetanse skal vi: - Styrke samanhengen mellom utdanning og FoU-arbeid ved å gje studentane kunnskap om FoU-arbeidet vi gjer ved høgskolen. Fleire studentar skal delta i FoU-arbeid. - Satse på studentaktive, innovative og varierte arbeids- og vurderingsformer. - Nytte studentevalueringane i kvalitetsarbeidet - Tilby livslang læring og fleksibilitet i utdanningsløpet i alle profesjonane. - Delta i arbeid med studentinkubatorar som er aktuelle for studentar frå fleire utdanningsprogram. - Utvikle studietilbodet i samspel med samfunns- og næringslivet. - Styrke samarbeidet med praksisfeltet gjennom ei utstrakt utveksling av tilsette. - Styrke rettleiarkompetansen i alle delar av utdanningane.
- Gje undervisning på tvers av utdanningar og fag, og drive tverrprofesjonell samarbeidslæring. - Leggje til rette for aktivitet i studentorganisasjonane. For å vere ein attraktiv samarbeidspartnar for samfunns- og næringsliv skal vi: - Vere ein aktiv deltakar i utviklinga av kunnskaps- og næringsklynger som legg til rette for FoU saman med andre. - Leggje til rette for stipendiatar i ordninga med offentleg ph.d. og nærings-ph.d. For å vere internasjonalt orientert skal vi: - Etablere fleire strategiske partnarskap med utanlandske institusjonar. - Opprette fellesgrader med internasjonale partnarar. - Undervise emne i alle gradsstudier på engelsk og tilby fleire heile mastergradar på engelsk. - Auka talet på utreisande studentar. - Stimulere dei tilsette til å delta i faglege nettverk. For at organisasjonen skal vere godt rusta til å gjere oppgåvene og nå måla skal vi: - Sikre god informasjon og kommunikasjon internt i høgskolen ved å ha ein tydeleg struktur, forbetre interne rutinar og ha brukarvenlege kanalar for informasjonsflyt. - Leggje til rette for at studentar og tilsette deltek i samfunnsdebatten ved formidling, og som arrangør av konferansar. - Arbeide for god kjønnsbalanse og større kulturelt mangfald blant studenter og tilsette. - Møte studentane på ein god måte, særleg i det første studieåret. - Prioritere universell utforming. - Sikre god og fleksibel bruk av noverande og framtidige areal for høgskolen.
Vi ligg i front. Vi når måla våre gjennom å utvikle ny kunnskap og nye løysingar. Vi utdannar endringsagentar: Kandidatane som kjem frå Høgskolen i Bergen har høg endringskompetanse i tillegg til profesjonskompetansen. For å levere kunnskap til eit samfunn i endring skal vi: - Bruke kompetansen ved Senter for nye medier til å utvikle og bruke digitale læringsformer i undervisingsarbeidet. Vi skal også drive FoUarbeid på dette området. - Gjere fleire studietilbod nettbaserte. - Sikre tilgang til oppdatert utstyr for utdanning og FoU, både på campus og gjennom samarbeid med andre. - Undervise i innovasjon og entreprenørskap på alle utdanningsprogramma. - Drive praksisnært FoU-arbeid som bidreg til regional innovasjon og utvikling av tenester og produkt. - Vidareutvikle innovasjonssystemet som er etablert i samspel med Senter for Nyskaping, Bergen Teknologioverføring og Nyskapingsparken inkubator. - Leggje til rette for gründervirksomhet, med mål om auka innovasjon og kommersialisering. - Prioritere FoU-arbeid knytta til høgskolens fag- og forskingssentre. - Sikre at alle delar av organisasjonen har høg kompetanse: innan FoU, høgskulepedagogikk og administrasjon, samt erfaring frå praksisfeltet. Dette skjer gjennom rekruttering og ved kompetanseutvikling internt i organisasjonen. <bakside> Strategien 2016 2020 fungerer som eit styringsdokument for Høgskolen i Bergen. Strategien blir fylgt opp av avdelingsvise strategiar, handlingsplanar og budsjett.