STUDIEPLAN VIDAREUTDANNING I ARBEID MOT MILJØKRIMINALITET MODUL 2D FISKERIKRIMINALITET 15 studiepoeng Godkjent i høgskolestyret 6. juni 2012
1. Innleiing Fiskerikriminalitet er miljøkriminalitet som rammar det ytre miljøet og krenker dei marine bioressursane i havområda som Noreg forvaltar (Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet). Fleire område innanfor miljøkriminaliteten er kjenneteikna av at dei lovstridige handlingane vert utførte innanfor ei verksemd som i seg sjølv er lovleg. Aktiviteten fører ofte til ubotelege skadar på miljøet. Ulovleg, urapportert og uregulert fiske (uuu-fiske) er eit av dei største problema for forvaltinga av fiskebestandane i dag. Om dette fisket får fortsette, kan marine fiskebestander verte så utarma at dei ikkje lenger er ei ressurskjelde for menneske og andre marine artar. Slikt fiske kan dermed true ei viktig og lovleg næringsverksemd og ikkje minst det marine økosystemet i framtida. Norske styresmakter har i den seinare tida registrert at store kvantum fisk er tekne opp frå havområda utan at det er rapportert eller trekt frå kvotene. Det er snakk om verdiar på fleire milliardar kroner kvart år. Dumping av fisk er eit stort problem i farvatn Noreg har jurisdiksjon over. Denne typen kriminalitet er ofte innfløkt og omfattande. Røynslene viser at etterforsking utan spesialkompetanse i slike saker kan gi eit dårleg resultat. Det er heilt naudsynt å samarbeide med andre styresmakter og organisasjonar. Kampen mot ulovleg fiske er òg eit internasjonalt problem som må løysast gjennom eit breitt internasjonalt samarbeid. Noreg har gjennom internasjonale konvensjonar og avtalar forplikta seg til å følgje og handheve lover og reglar knytt til denne typen aktivitet. I sitt årlege prioriteringsrundskriv har Riksadvokaten gjennom fleire år presisert at uuu fiske i einskilde tilfelle kan karakteriserast som alvorleg miljøkriminalitet, og at politiet skal prioritere å etterforske slike lovbrot og føre dei for retten. Vidareutdanninga i arbeid mot miljøkriminalitet er organisert i ein grunnmodul og fire påbyggingsmodular som er retta mot ulike kriminalitetsområde: Arbeid mot Arbeid mot Arbeid mot Arbeid mot Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 1
miljøkriminalitet Modul 2A Natur- og forureiningskriminal itet 20 studiepoeng miljøkriminalitet Modul 2B Kulturminnekriminal itet 10 studiepoeng miljøkriminalitet Modul 2C Arbeidsmiljøkriminal itet 15 studiepoeng miljøkriminalit et Modul 2D Fiskerikriminali tet Arbeid mot miljøkriminalitet, Modul 1 Fellesmodul for miljøstudia 5 studiepoeng 15 studiepoeng Påbyggingsmodulane kan takast enkeltvis, uavhengig av kvarandre. Utdanningane vert fullførte med ein påbyggingsmodul som gir fem studiepoeng, og som er felles for fleire etterforskingsstudium. 2. Føremål Utdanninga skal gjennom auka samarbeid medverke til at politiet og samarbeidande forvaltingsorgan vert betre kvalifisert til å avdekkje, etterforske og bringe for retten fiskerikriminalitet gjennom effektiv sakshandsaming og med tilfredsstillande sakshandsamingstid. 3. Målgruppe og opptakskrav 3.1 Målgruppe Målgruppa er tilsette i politiet/påtalemakta, Kystvakta og Fiskeridirektoratet som arbeider eller skal arbeide med fiskerikriminalitet. Søkjarar frå andre samarbeidande forvaltingsorgan som har eller er tiltenkt dette ansvaret, kan òg vere aktuelle for studiet. Det er ein føresetnad at deltakarane frå politiet og påtalemakta vert valde ut i samsvar med dei lokale kompetanseplanane. Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 2
3.2 Opptakskrav Søkjarane må: ha politiskolen/politihøgskolen, mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande eller anna relevant utdanning på minst bachelornivå vere tilsette i politiet og påtalemakta eller hjå samarbeidande forvaltingsorgan som arbeider med fiskerikriminalitet ha bestått Modul 1 Fellesmodul eller Arbeid mot fiskerikriminalitet etter gammal studieplan eller Arbeid mot miljøkriminalitet etter gammal studieplan ha gjennomført og bestått Kystvaktas fiskeriinspektørkurs eller Fiskeridirektoratets grunnkurs for ressurskontroll ha minst tre års praksis etter avslutta grunnutdanning Søkjarane må anten dokumentere ålmenn studiekompetanse eller utdanning som svarar til minst 60 studiepoeng, eller ha realkompetanse som kan erstatte manglande formell kompetanse. 4. Læringsutbyte Ålmenn kompetanse Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: stå fram med auka innsikt og tryggleik i eiga yrkesrolle ta sjølvstendig ansvar for ulike etterforskingsoppgåver innanfor fagfeltet forstå verdien av både forskings- og røynslebasert kunnskap, og bruke lovverket riktig under etterforsking av fiskerikriminalitet identifisere og drøfte aktuelle etiske utfordringar innanfor fagfeltet medverke til lokal utvikling og kompetanseheving innanfor fagfeltet vere med på å auke samarbeidet med relevante tilsynsmakter Studiet er organisert i to hovudemnefelt som samla skal gi studentane eit heilskapleg læringsutbyte: overordna forvaltingsprinsipp ulike typar fiskerikriminalitet og samarbeid på tvers av etatar Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 3
4.1 Overordna forvaltingsprinsipp Dei overordna forvaltingsprinsippa er viktige for å forstå heilskapen i forvaltinga av fellesressursane våre. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: miljørettslege prinsipp og Grunnlovas 110b miljømessige konsekvensar berekraftig utvikling kulturskilnadar hjå aktørar frå andre land og kva dette har å seie for kommunikasjonen mellom aktørane havforsking som grunnlag for overordna forvaltingsavgjerder kommersielle marine artar, marine artar med særskilt vern og det marine økosystemet kva konsekvensar fiskerikriminaliteten har for samfunnet som heilskap Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: analysere og gjere greie for dei overordna miljøprinsippa gjere greie for hovudtrekka innanfor oseanografi og klima kjenne att kommersielle artar kjenne att marine artar med særskilt vern gjere greie for gyte- og vandringsmønsteret til artane og korleis dei vert nytta gjere greie for historia til fiskeriforvaltinga gjere greie for dei miljømessige konsekvensane av ulike former for fiskerikriminalitet 4.2. Ulike typar fiskerikriminalitet og samarbeid på tvers av etatar Hovudemnet handlar om å avdekkje og etterforske fiskerikriminalitet og sikre spor ute på fiskefelta og ved landing av fangst. Kunnskapar Etter avslutta utdanning har studentane kunnskap om: nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar i fiskerikriminalitetssaker, utvikling og praksis fiskerilovane og dei folkerettslege rammene metodar for avdekking og etterforsking av fiskerikriminalitet Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 4
skilnaden på kontroll gjennomført av forvaltingsmakta, og etterforsking og rettsforfølging av saker innanfor fiskerikriminalitet ulike sanksjonar, inndraging, tap av rettar, straffereaksjonar, rettsforfølging og åtgjerd i fiskerikriminalitetssaker fiskerikriminalitet som eit ledd i organisert kriminalitet elektroniske spor og bruk av teknisk utstyr på fartøy som ledd i etterforskinga Ferdigheiter Etter avslutta utdanning skal studentane kunne: analysere og vurdere kriminalitetsbilete knytt til ulike former for fiskerikriminalitet identifisere, sikre bevis og skrive politimelding bruke dei vanlegaste straffeboda under den praktiske kontrollen og etterforskinga av fiskerikriminalitet velje dei rette etterforskingsmetodane gjere greie for skilnaden mellom kontroll og etterforsking identifisere relevante utfordringar innanfor etatane i arbeidet deira med å førebyggje og avdekkje fiskerikriminalitet vurdere og setje i verk naudsynte taktiske og tekniske etterforskingssteg identifisere, etterforske, rekne ut og sikre inndraging i fiskerisaker vurdere og velje rette og relevante metodar i alle fasane av ei fiskerisak, frå kontroll til etterforsking og rettsforfølging 5. Organisering og arbeidskrav Studiet er lagt opp som eit deltidsstudium med samlingar og studiearbeid utanom samlingane, og skal i regelen gjennomførast på 12 månader. Utdanninga tar om lag 420 timar. Det omfattar undervising, øvingsoppgåver, individuelt arbeid, gruppearbeid, nettbasert arbeid og litteraturstudium. I tillegg kjem hospitering i ei veke hjå ein av dei samarbeidande etatane. Samlingane utgjer inntil 140 timar. Det er obligatorisk å delta på samlingane. Arbeidsmåtane i studiet skal gi studentane godt læringsutbyte, og særleg klargjere sambandet mellom teori og praksis. Det vert lagt vekt på varierte arbeidsformer med mykje studentaktivitet. Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 5
Ei nettbasert læringsplattform vert brukt til administrasjon og pedagogisk gjennomføring av studiet. Arbeidskrav Arbeidskrav som må vere oppfylte og godkjente før studentane kan ta eksamen: Ei obligatorisk hospiteringsveke hjå ein samarbeidande etat, om lag 35 timar. Etter hospiteringsveka skal det skrivast eit refleksjonsnotat. Notatet skal klargjere kva for utfordringar som er sentrale i kampen mot fiskerikriminalitet ut frå eigen arbeidskvardag og ut frå kvardagen til den samarbeidande etaten (inntil 2000 ord). Ei individuell oppgåve som tar utgangspunkt i eit emne eller ei sak som den fagansvarlege vel (inntil 3000 ord). 6. Vurdering Studiet vert avslutta med ein individuell heimeeksamen over åtte timar. Karakterskalaen er gradert i fem trinn frå A til E for bestått og F for ikkje bestått. 7. Litteratur 7.1 Obligatorisk pensum (850 sider) Bjerknes, O. T & Williksen, E. (2012). Politirapport (2. utg.). Nesbru: Vett og Viten. Pensum: kap. 4 4.6, s. 195 215, og kap. 9, s. 469 486. (37 sider). Bugge, H.C. (2011). Lærebok i miljøforvaltningsrett (3. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 1 7 s. 15 171 (156 sider). Dyndal, G. L. (red.). (2010). Strategisk ledelse i krise og krig. Oslo: Fagbokforlaget. Pensum: kap. 16 18. side 265 315 (50 sider). Fause, L. (2007). Fiskerikriminalitet: Med sammendrag av avgjørelser fra høyesterett og lagmannsrettene (1957 2007). Gis ut til studentene på første samling. I alt 68 s. (Ikke publisert) Havforskningsinstituttet. (2009). Havets resurser og miljø 2009. Bergen: Havforskningsinstituttet. Pensum: kap. 1 3.6 (s. 23 142,) kap. 4.9 (s. 164 167), kap. 5.1 (s. 170 177). (129 sider) Havforskningsinstituttet. (2008) Havets ressurser og miljø 2008. Bergen: Havforskningsinstituttet. Pensum: kap. 4.1 (2 sider). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 6
Havforskningsinstituttet. (2009). Kyst og Havbruk 2009. Bergen: Havforskningsinstituttet. Pensum: s. 8, kap. 1 (s. 18 64), kap. 2 (s. 90 125). ( 77 sider). NOU 2003:15. (2003). Fra bot til bedring: Et mer nyansert og effektivt sanksjonssystem med mindre bruk av straff. Oslo: Statens forvaltingsteneste. Pensum: kap. 5 (s. 54 119), 11 og 12 (s. 169 214.) (110 sider) Ot. prp. nr. 20 (2007 2008). (2007). Om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova). Oslo: Fiskeri- og kystdepartementet. s. 69 227. (157 sider). Ot. prp. nr. 41 (1996 1997). (1997). Om lov om kystvakten: Tilråding fra Forsvarsdepartementet av 21. mars 1997, godkjent i statsråd samme dag. (63 sider.) Sæverud, O. B. (2009). Granskning som ledd i etterforskning av fartøysaker. Miljøkrim, 12(3), 34. (1 s). Leggjast ut elektronisk. 7.2 Skal vere kjent (Modul 1: Fellesmodul for miljøstudia) Andenæs, J., Matningsdal, M. & Rieber-Mohn, G. F. (2010). Alminnelig strafferett (5. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 8 og 9 (s. 101 112), kap. 40 (s. 427 438), kap. 47 (s. 512 533) (41 sider). Andenæs, J. & Myhrer, T.-G. (2009). Norsk straffeprosess (4. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 21 (s. 160 169), kap. 27 (s. 222 228), kap. 29 (s. 235 236), kap. 31 44 (s. 240 339) (115 sider). Bratholm, A. & Matningsdal, M. (2003). Straffeloven med kommentarer (2. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 3 A (34 sider). Holmboe, M. & Jahre, H. P. (2011). Dobbeltstraff er ikke enkelt: Gjentatt straffeforfølgning etter Den europeiske menneskerettskonvensjons protokoll 7 artikkel 4: En oppdatering. Lov og rett, 50(4), 191 212. (21 sider). Olsson, J. & Kupper, T. (2009). Grunnläggande kriminalteknik. Stockholm: Jure. Pensum: s. 16 72 (56 sider). Stub, M. (2011). Tilsynsforvaltningens kontrollvirksomhet: Undersøkelse og beslag i feltet mellom forvaltningsprosess og straffeprosess. Oslo: Universitetsforlaget. kap. 9 og 10 (s. 393 437) (44 sider). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 7
7.3 Tilrådd tilleggslitteratur (ikkje obligatorisk) Dyrnes, A-M. (2004). Inndragning: Hva må gjøres? Oslo: Ciceron Forlag. Eckhoff, T. & Smith, E. (2010). Forvaltningsrett (9 utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Pensum: kap. 23 og 24 (s. 357 431). ( 74 sider). Fleisher, C. A. (2005): Folkerett (8. utg.). Oslo: Universitetsforlaget. Første og annen del s 17 230 Karlsen, L., Gjøsæter, H. & Hamre, J. (2001). Fiskeriteknologi. Oslo: Landbruksforlaget. Kålås, J.A., Viken, Å., Henriksen, S. & Skjelseth, S. (red.) (2010). Norsk rødliste for arter 2010. Trondheim: Artsdatabanken. Pensum: s. 15 78. (halve sider = 32 sider) Mathisen, P. & Høigaard, R. (2004). Veiledningsmetodikk. Kristiansand: Høyskoleforlaget. kap. 5 (s. 113 131). Ot prp nr 52 (2008 2009) Om lov om forvaltning av naturens mangfold. St.meld. nr. 8 (2005 206). (2006). Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten (forvaltningsplan) St.meld. nr. 37 (2008 2009). (2009). Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Norskehavet (forvaltingsplan). Studieplan for vidareutdanning i arbeid mot miljøkriminalitet, modul 2D 2012 Side 8