6 Samfunnstryggleik og beredskap For å kunna redusera omfang av skader og uønska hendingar, skal risiko og sårbarheit kartleggast i høve menneskeskapte og naturskapte hendingar. Analysen vert utført i samsvar med Samfunnssikkerhet i arealplanlegging (2008 og rev.2010), utgitt av Direktoratet for sivilt beredskap. Gjennomgang av moglege uønska hendingar, er gjort med utgangspunkt i framlagt planforslag. Analysen er gjennomført for å kartleggja risikobilete som følgje av planlagde endringar innan planområdet. Risiko er knytt til uønska hendingar og deira usikkerheit til om hendinga inntreff (sannsyn/frekvens) og omfang (konsekvens). 6.1 Støy Planområdet femnar om interne tilkomstvegar til bustadareal. Bustadarealet ligg heller ikkje i nærleiken av vesentlege støykjelder. Det er derfor ikkje utført særskilte støyanalysar i planarbeidet. 6.2 Skred Deler av planområdet er synt som aktsemdsområde i aktsemdkart for snø- og steinskred. Det er derfor gjort ei nærare vurdering av skredfaren i samband med planarbeidet. Det vart først utført eit kartleggingsarbeid av Cowi som avdekka at det var trong for å utføre sikringstiltak for deler av arealet før det kunne byggjast ut med bustader. Då Cowi ikkje hadde kapasitet til å gå vidare i saka og identifisere slike tiltak, vart NGI kopla inn i saka. Det vert vist til vedlagte rapportar og dokumentasjon frå Cowi og NGI i saka. På plankartet er det lagt inn faresone for skredfare tilsvarande situasjonen før tiltak er gjennomført. Etter at tiltak er gjennomført, er faresona vesentleg redusert, og viser at regulerte bustadareal er sikra i samsvar med krava nedfelt i TEK10. Det er sett rekkefylgjekrav til gjennomføring av sikringstiltak som spesifisert av NGI. 6.3 ROS-analyse Målsetjinga med denne analysen er å lage ein oversikt som avdekkjer risiko og sårbarheit som følgjer av planframlegget. Vidare skal ROS-analysen identifisere avbøtande tiltak som reduserer eller eliminerer uakseptabel risiko. Analysen er delt i to fasar 1. Siling av reell fare (sjekkliste). Alle hendingane har akseptabel risiko og ytterlegare vurderingar er ikkje gjennomført 2. ROS-analyse av hendingar/situasjonar med reel fare (ROS-analyse) Etne kommune har vedteke mal og akseptkriterium knytt til ROS-analyser, sak nr. 94/12 den 18.12.2012. ROS-analysemalen skal nyttast i arealplansamanheng. ROS-analysen her er basert på mal frå Etne kommune for ROS-analyser (12.12.2012). Krav i forskrift og kommuneplan er implementert og nytta som bakgrunnsinformasjon og i høve til detaljert planlegging og bygging. Risiko er knytt til uønska hendingar og deira usikkerheit til om hendinga inntreff (sannsyn/frekvens) og omfang (konsekvens). Sannsyn og konsekvens av ulike hendingar gir som produkt, risikoen som ei hending representerer. Følgjande føresetnadar vert lagt til grunn for denne analysen: Analysen er avgrensa til arealet innanfor plangrensa og influensområde Analysen fokuserer på verknadar av framtidig endra arealbruk, og eksisterande verksemder som har direkte påverknad på tiltaket Analysen føresett at gjeldande lovverk og krav vert stetta i prosjekterings- og anleggsarbeid Analysen føreset at kommunal beredskap er teke i vare, og at turvande utstyr, kompetanse og ressursar er tilstade Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 19
Analysen omfattar ikkje tilsikta (overlagte) handlingar slik som hærverk og sabotasje Gjennomgang av mogelege uønska hendingar er gjort med utgangspunkt i framlagt planforslag. Analysen er gjennomført for å kartleggje risikobilete som følgje av planlagde endringar innan og nær planområdet. Som akseptkriterium har ein lagt til grunn (henta frå ROS-analysemal for arealplansamanheng i Etne kommune): Ikkje akseptabel risiko Uakseptabel risiko. Må undersøkast gjennom meir detaljerte analyser (for eventuelt å avkrefte risiko eller avklare moglege risikoreduserande tiltak). Moglegvis akseptabel Tiltak kan gjennomførast for å redusera risikoen. Kost-nyttevurdering av risiko risikoreduserande tiltak. Akseptabel risiko i utgangspunktet. Risikoreduserande tiltak Akseptabel risiko gjennomførast når det er mogleg ut frå økonomiske og praktiske vurderingar. Sannsyn og konsekvensar Risiko er knytt til uønska hendingar og deira usikkerheit til om hendinga inntreff (sannsyn/frekvens) og omfang (konsekvens). Tabell 2. Sannsyn: Estimering av sannsyn skal ta utgangspunkt i moglege årsakar til dei uønska hendingane og med kva frekvens dei kan ventast å opptre. Grenseverdiane er kategorisert som følgjer: Grad Sannsyn Frekvens 1 Svært sannsynleg Meir enn 1 hending per 20 år 2 Mykje sannsynleg Mindre enn ei hending per 20 år, men minst ei hending per 100 år 3 Middels sannsynleg Mindre enn ei hending per 100 år, men minst ei hending per 200 år 3 Noko sannsynleg Mindre enn ei hending per 200. år, men minst enn ei hending per 1000.år 5 Lite sannsynleg Mindre enn ei hending per 1000 år, men minst ei hending per 5000 år 6 Usannsynleg Mindre enn ei hending per 5000. år Tabell 3. Konsekvens. Følgjande tema kytt til planframlegget vert vurdert i høve potensiell risiko: Liv og helse. Ytre miljø. Materielle verdiar. Grenseverdiane er kategorisert som følgjer: Grad Konsekvensomfang 5 Katastrofe 4 Kritisk 3 Alvorleg 2 Liten konsekvens 1 Ufarleg Like og helse (Menneske) Meir enn 5 omkomne 2-4 omkomne. Alvorlege personskadar 1 omkommen og alvorlege personskadar Inntil 2 alvorlege personskadar Mindre skadar som normalt lækjer seg sjølv Ytre miljø (luft, vatn, jord) Svært omfattande øydeleggingar på større areal med varige konsekvensar for ytre miljø Svært omfattande øydeleggingar på mindre areal med varige konsekvensar for ytre miljø Alvorleg skade på areal, kan utbetrast med tiltak Noko skade på ytre miljø som kan utbetrast på kort sikt Lita eller ingen innverknad på ytre miljø, små skadar som kan utbetrast innan relativt kort tid Tabell 4. Risikomatrisa har tre soner; grøn, gul og raud. Sannsyn og konsekvens er inndelt i 6x5 og inndelinga med koding finn ein igjen i tabell 1 og 2. Samla verdi på materielle skadar i no kr. Varige skadar på infrastruktur / Skadar for meir enn 150 000 000 kr. Infrastrukturen er nede over lang tid, med fare for liv / Skadar for mellom 10 000 000 kr til 150 000 000kr Infrastrukturen er nede over kort tid, med fare for liv / Skadar for mellom 1 000 000 kr til 10 000 000 kr Infrastrukturen er ute av drift over tid, utan fare for liv og helse/ Skadar for mellom 100 000 kr til 5 000 000 kr Det er korte brot i infrastrukturen, utan fare for noko liv eller helse / Skade for inn til 100 000 kr Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 20
LIV OG HELSE Konsekvens Sannsyn Ufarleg.1 Liten konsekvens.2 Alvorleg.3 Kritisk.4 Katastrofe.5 Svært sannsynleg.1 1.1 1.2 1.3 1.4 1.5 Mykje sannsynleg.2 2.1 2.2 2.3 2.4 2.5 Middels sannsynleg.3 3.1 3.2 3.3 3.4 3.5 Noko sannsynleg.4 4.1 4.2 4.3 4.4 4.5 Lite sannsyn.5 5.1 5.2 5.3 5.4 5.5 Usannsynleg.6 6.1 6.2 6.3 6.4 6.5 6.3.1 Sjekkliste: Emne / Årsak Hending / forhold Skade på bygg og infrastruktur pga. Kommentar Sterk vind Utbyggingsområdet ligg i ei lun fjellskråning. Det er ikkje registrert at området er spesielt utsett for ekstrem vind. Det er ikkje grunn til å tru at tilhøve til vind er annleis enn andre stadar i Etne kommune, og Skånevik. Utbygginga skal stetta krav sett i TEK10. Ekstrem nedbør Det er ikkje registrert at området er spesielt utsett for ekstreme nedbørsmengder. Det er ikkje grunn til å tru at tilhøve til nedbør er annleis enn andre stadar i Etne kommune, og Skånevik. Utbygginga skal stetta krav sett i TEK10. Radon i byggegrunn TEK10 sett krav til at alle bygg skal sikrast mot radon. For å unngå radonsikring må det dokumenterast ved radonmåling at tiltak ikkje Grunntilhøve Utbygging som skaper fare for utslepp av kjemikalium eller anna forureining Verksemder i nærområdet med fare for utslepp av kjemikalium eller anna forureining Utbygging som skaper fare knytt til lagring eller transport av farleg gods Verksemder i nærområdet med fare for brann/eksplosjon Støy frå tilgrensande er naudsynt. Området er ikkje registert som fare eller risiko for leirskred (faresonekart kvikkleire, NGU). COWI AS har i sin rapport synt til at med unntak av nokre få område er det faste fjellet nesten fullstendig overdekka av morene med opp til 0,5 m tjuknad. Finstoffinnhaldet i morenen varierer. På den dyrka marka sørvest i planområdet er det meir finkorna sediment i form av tynne strand- og havavsetningar. Det er ikkje planlagt for verksemder som skapar ny fare for utslepp av kjemikalium eller anna forureining. Det er ingen verksemder i nærleiken til planområdet som utgjer risiko for utslepp av kjemikalium eller anna forureining. Det er ikkje planlagt for verksemder som skapar ny fare knytt til lagring eller transport av farleg gods. Det er ikkje eksisterande verksemder i nærområdet til planområdet som utgjer spesiell fare knytt til brann/eksplosjon. Det er ikkje eksterne støykjelder i nærleiken av planområdet. verksemder Støy frå veg som gir helseplagar Planområdet femnar om interne kjørevegar, det er låg fartsgrense og lite omfang av trafikk. Fylkesveg 48 ligg utanfor planområdet. Planområdet ligg utanfor støysoner i støyvarslingskart utarbeidd av Statens vegvesen (2010). Bortfall av straum Klimaendringar: Havnivåstigning, stormflo Det er ikkje planlagt for samfunnsviktige funksjonar med akutt behov for straum eller vatn innanfor planområdet. Planområdet ligg ikkje til sjø. Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 21
Biologisk mangfald Det er ikkje registrert verdifull biologisk mangfald innanfor planområdet. Planframlegget legg ikkje til rette for tiltak som kan utgjera ny risiko for biologisk mangfald. Kulturminne/ fornminne Det er ikkje registrert kulturminne innanfor planområdet. Verna bygg, anlegg eller område Det er ikkje registrert verna bygg, anlegg eller anna innanfor planområdet. 6.3.2 ROS-analyse: Potensiell risiko, før tiltak: Potensiell risiko, etter tiltak: Emne / Årsak Hending /forhold Liv og helse Ytre miljø Materielle verdiar Merknadar Tiltak (avbøtande og risikoreduserande) Liv og helse Ytre miljø Materielle verdiar Brann/ eksplosjon Brannfare Brann i enkeltståande bygning Brann i bygning som spreier seg til andre bygg innanfor planområdet 4.2 4.2 Bygningar skal dimensjonerast og prosjekterast i samsvar med bygningsog brannforskrifter. Brannstasjon er lokalisert i Skånevik. Det er føresett at brannvesen i kommunen har turvande utstyr tilgjengeleg, og utstyr som taklar vegframføringa med ca. 12% stigning. Det er andre område med brattare tilhøve i kommunen. Tiltak: VA-plan må dokumentere tilstrekkeleg vassmengd til sløkkevatn. Det må sikrast god tilkomst for utrykkingsmateriell. 4.2 4.2 Naturskapt fare Flaumskred/ jordskred (flaum) Steinskred/ fjellskred 4.5 4.4 Delar av planområdet ligg i faresone for snøskred, og steinsprang, jf. skrednett.no. Tiltak: Det er gjennomført skredkartlegging (COWI AS og NGI). Synfaring, modellering og vurderingar konkluderer med at midtre del av planområdet er utsett for flaumskred og jordskred. Avbøtande tiltak er vurdert og lagt inn som rekkefølgjekrav i planen (voll mm.). Sikringstiltaka er i samsvar med krav nedfelt i TEK10. COWI AS har i sin rapport stadfesta at dei ikkje ser strukturar som indikerer fare for utgliding av store steinmasser i storleiksorden steinskred eller fjellskred. Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 22
Steinsprang Snøskred Flaum i bekk, 200.årsflaumløp Utgraving av kjøreveg 3.2 COWI AS har i sin rapport stadfesta at steinsprang frå øvre del av fjellsida ikkje vil nå planområdet pga. naturleg sikring i flatare parti under. COWI AS har i sin rapport stadfesta at planområdet stetter TEK10 sine krav knytt til snøskred. Vegen vert lagt over bekk. Tiltak: Detaljprosjektering av kryssing veg/ bekk må sikre veg og nærliggande byggeområde. Prosjekteringa må vurdere alternative løysningar, t.d. bru/kulvert og evt. sideløp. Viktige faktorar er m.a. dimensjonering i høve til tverrsnittet og innløp. Etablering av voll utanfor planområdet, samt kulvert/basseng ovanfor vegen vil medverke til redusert vassmengd i høve til dagens situasjon. 4.2 Trafikkfare Trafikkulukke på veg mellom kjøretøy på ny kjøreveg Trafikkulukke på veg mellom kjøretøy for nye kryss 3.1 3.1 Planen sikrar tilhøva etter gjeldande normer og krav. Det er ingen spesielle tilhøve innanfor planen eller knytt til tiltaka som skal gjennomførast, slik at det er føresett at generelle normer og krav gir tilstrekkeleg sikring. Tiltak: Tilfredstillande siktsoner. Låg fart. Planen sikrar tilhøva etter gjeldande normer og krav. Det er ingen spesielle tilhøve innanfor planen eller knytt til tiltaka som skal gjennomførast, slik at det er føresett at generelle normer og krav gir tilstrekkeleg sikring. Tiltak: Tilfredstillande siktsoner. Låg fart. 4.1 4.1 Anna /spesielle hendingar Stråling frå høgspent linje Skade på personar Fare for mjuketrafikkantar Kulvert/ basseng Ope vasspeil 3.2 3.2 4.2 Det går ei høgspentlinje gjennom området i luftspenn. Tiltak: Høgspentlinja vert lagt i jord. Det er knytt rekkefølgjekrav til dette. Tiltak: Planen har lagt inn formål for fortau på kommunalveg og deler av den interne vegen. Det skal etablerast kulvert/basseng for oppsamling av vatn i samband med sikring mot ras. Tiltak: Tiltaket er ikkje detaljprosjektert og det er usikkerheit 5.1 3.1 5.1 Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 23
knytt til storleik og utforming. Det kan vera behov for sikring av vasspeilet. 6.3.3 Konklusjon Det er viktig å finne mogelege tiltak for å redusera risiko og sårbarheit. Slike tiltak kan vera både førebyggjande og skadereduserande. Førebyggande tiltak skal hindre at ei uønska hending skjer, og skadeførebyggande tiltak skal minske skadane når ei uønska hending har skjedd. I ROS-analysen er det vurdert ulike hendingar og situasjonar. Dei aller fleste forholda er akseptable med føresetnad at tiltaka vert gjennomført i samsvar med lover og regler (t.d. PBL og TEK 10). For dei fleste tema sikrar planen for nye tiltak etter gjeldande normer og krav. Det er få spesielle tilhøve innanfor planen eller knytt til tiltaka som skal gjennomførast, slik at det er føresett at generelle normer og krav i samband med prosjektering gir tilstrekkeleg sikring. Den eine hendinga som er uakseptabel, er knytt til fare for flaumskred/jordskred. Planen legg føringar for og rekkefølgjekrav for at det skal gjennomførast sikring knytt til rasfare for midtre deler av planområdet. Sikringstiltaka skal stette krav i TEK10. Detaljregulering for Prestalio, Etne kommune 24