SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Sigurd Aukland Arkiv: 035 A Arkivsaksnr.: 12/2461-7 SAMARBEID HEIM - SKULE I KLEPPESKULEN - VIDARE UTVIKLING



Like dokumenter
PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Pedagogisk plattform

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Alle grunnskular. Fagavdeling barnehage og skole

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

Til deg som bur i fosterheim år

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Utviklingsplan skuleåret Tu skule Læringsleiing i det digitale klasserommet

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Informasjonshefte Tuv barnehage

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Frå tre små til ein stor.

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.


Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Plan for overgangar. for barn og unge

SAMARBEID HEIM OG SKULE

Foreldre ved Ål ungdomsskule

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

KLASSEKONTAKT. Kva kan eg gjere? Kven er eg til for? Korleis kan eg jobbe? Lysarka bygger på FUG - hefte ABC for foreldrekontaktar.

Referat frå møte i Arbeidsutvalet for foreldre ved Hafslo barne- og ungdomsskule

Forsand skule. der læring og trivsel går hand i hand PLAN FOR HEIM-SKULE SAMARBEIDET

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Kapittel 3. Individuell vurdering i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG Elevvurdering, eksamen og klagebehandling

Samarbeid heim skule i Skodje kommune

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSUTVALET

HEIM SKULE SAMARBEID RUBBESTADNESET SKULE. Vedtekter og prosedyrar for foreldrerådet og foreldrearbeidsutvalet (FAU)

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Utviklingsplan Skule: Vigrestad storskule

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for vurdering ved Gimle skule

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

GODE SAMANHENGAR OG OVERGANGAR

Trudvang skule og fysisk aktivitet

PLAN FOR KVALITETSUTVIKLING

HANDLINGSPLAN FOR NORDBYGDO UNGDOMSSKULE

Aurland kommune Rådmannen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Å fremje felles interesser til beste for barnet

SAKSFRAMLEGG. Utval: Møtedato: Saksnr.: Fagutvalet for oppvekst /16 Formannskapet /16 Kommunestyret

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Gry Susanne Hetlelid Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 18/1533-1

Klassemøte med tema frå årshjulet, tre fire møte i kvar bolk. Tidsbruk for kvart møte kan variere frå 10 min 40 min. Viktig å ha god kontinuitet.

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

C:\Documents and Settings\njaalb\Skrivebord\Til nettside adm\ny mappe\kvalitetsutviklingsplan Blhbs.DOCSide 1 av 6

Lokale arbeidstidsavtalar moglege løysingar og utfordringar Del 1: Rolleforståing

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Hva er nytt? Kan lovendringer være drivkraft for utvikling? LOV- OG FORSKRIFTSENDRING FRA 1. AUGUST

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Dialog heim - skule. Tilrettelegging for aktiv dialog Mål og tiltak Utfordringar Informasjon Foreldreundersøking Korleis få informasjon frå heimane

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Masfjorden kommune. Kompetanseutviklingsplan. for grunnskulen. Kultur. for. læring. Vedteke i kommunestyret den

Plan for godt skulemiljø - skal sikra eit godt psykososialt læringsmiljø på skulen.

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

VFL på Rommetveit skule.

Tilstandsrapport for grunnskulen 2014/2015

Plan for samarbeid mellom hjem og skole

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Barnehageplan for Vinje kommune

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

Frå novelle til teikneserie

Velkomen til dykk alle!

Prosedyre Opplæringslova 9A Elevane sitt skulemiljø

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

Retten til spesialundervisning

Kjære foreldre! Foreldreinvolvering og et godt samarbeide mellom hjem og skole fører til:

Rådmannsutvalet Førde

Psykologisk førstehjelp i skulen

Transkript:

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Sigurd Aukland Arkiv: 035 A Arkivsaksnr.: 12/2461-7 Planlagt behandling: Hovudutval for skule og barnehage SAMARBEID HEIM - SKULE I KLEPPESKULEN - VIDARE UTVIKLING Bakgrunn for saka 1. Då hovudutvalet drøfta tilstandsrapporten for Jærskulen (sak 5/15), gjorde det slikt vedtak i punkt 2: Hovudutvalet ber kommunalsjefen koma tilbake med ei sak om utvikling av FAU - samarbeid skule - foreldre. Kommunalsjefen oppfatta at hovudutvalet ønska innspel om korleis foreldresamarbeidet kring Kleppskulen kan styrkast og vidareutviklast. 2. Det kommunale foreldreutvalet (KFU) har ved fleire høve drøfta tiltak som kan forbetra og utvikla samarbeidet skule - heim og heim - skule. På KFU - møtet 30.04. deltok også leiar i hovudutvalet. Etatsleiinga blei oppmoda til å leggja fram ei sak for hovudutvalet med sikte på å styrka foreldresamarbeidet generelt og å utvikla styringsorgana SU og driftsstyre spesielt. Kvifor samarbeid mellom foreldre og skule? Det er foreldra som har hovudansvaret både for oppsedinga og opplæringa av barnet deira. I føremålet for grunnskulen ( 1.1.) heiter det at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen. I 20 i forskrifta til opplæringslova, om føremålet med foreldresamarbeidet, heiter det: Skolen skal sørgje for samarbeid med heimen, jf. opplæringslova 1-1 og 13-3d. Foreldresamarbeid skal ha eleven i fokus og bidra til eleven sin faglege og sosiale utvikling. Eit godt foreldresamarbeid er ein viktig ressurs for skolen for å styrkje utviklinga av gode læringsmiljø og skape læringsresultat som mellom anna fører til at fleire fullførar vidaregåande opplæring. Foreldresamarbeid har dermed både ein individuell del og ein kollektiv del. Den individuelle delen omfattar foreldra sitt bidrag for å styrka sitt barn si sosiale og faglege utvikling. Foreldresamtalane er her eit sentralt verktøy. Den kollektive delen omfattar dei felles foreldremøta og møta i FAU, SU/driftsstyre og KFU (kommunalt foreldreutval),. Også lokalsamfunnet si støtte til skulen påverkar læringsmiljø og læringsinnhald. Det same gjer skulen si grad av openheit mot lokalsamfunnet. Det trengs ein landsby for å oppdra eit barn, heiter det. Samhandlinga med ulike foreiningar og lag, som også blir drivne av foreldra, betyr også mykje for korleis skulekvardagen blir opplevd av barna. Situasjonen og utfordringar på ulike nivå Heim - skule - samarbeidet i Klepp varierer både i intensitet, kvalitet, fokus og omfang. Det er variasjonar mellom klassar/grupper og internt mellom skulane. Det er og variasjonar mellom korleis FAU a, samarbeidsutvala og driftsstyra fungerer. Det er derfor vanskeleg å framstilla

eit heilskapleg bilete. Uansett må det likevel vera eit mål å forbetra samspelet for elevane sitt beste. Eit døme på ulikskap i engasjementet er dette: FAU a blei i vinter/vår bedne av KFU/etatsleiing om å gje tilbakemelding på korleis foreldre og foreldrerådsorgana kunne bidra til å redusera fråfallet i vidaregåande opplæring. Tilbakemeldingane varierte. Medan nokre FAU verkeleg tok eit tak, var det andre som ikkje gjorde noko. Det er likevel ikkje vanskeleg å finna døme på foreldre som verkeleg involverer seg og tar ansvar når elevmiljøet ikkje er godt. I staden for å skyva ansvar på lærar og skule, set dei i verk aktive, kollektive, konstruktive og atferdsretta miljøtiltak til beste for elevane og klassen, t.d. innan anti - mobbearbeid. Foreldreundersøkinga viser ein del av stoda kring samarbeidet heim - skule i kommunen. I Klepp er det bestemt at foreldreundersøkinga skal gjennomførast for alle foreldre på 5.- 10.trinn. - Svarprosent for Klepp hausten 2014 var på 46% - med ein variasjon på skulenivå frå 20% til 71,4%. Svarprosenten ved nokre av skulane er altså for dårleg. Skulane meiner foreldra ikkje svarer, medan foreldre meiner skulen bør leggja betre til rette for undersøkinga. - Det er gode resultat for skulane i Klepp på områda trivsel, motivasjon, heim - skule samarbeid (foreldra si støtte, hjelp og oppfølging av eigne barn), støtte frå lærar, dialog og medverknad. - Foreldra etterlyser betre rettleiing frå skulen om korleis dei kan hjelpa barnet sitt med leksene. Handtering av mobbing og skulehelsetenesta er også område foreldra ikkje er heilt nøgde med. Ulike foreldreroller i samarbeidet Foreldra si rolle i skulesamarbeidet har endra seg. Forventningane om å bidra til støtte for sin eigen elev har nok alltid vore der, men både foreldre og skule har i varierande grad teke inn over seg at foreldra trengs i arbeid med læringsinnhaldet og læringsmiljø, inklusive arbeidet mot mobbing. Denne rolla som ansvarleg, involverande, støttande og engasjert bidragsytar og som "borgar", trengs å betrast i Kleppskulen. Då blir kakebakinga langt mindre viktig enn støtte til læring. Kommunalsjefen merkar seg også at foreldre stiller aukande forventningar og krav til skulen. Det er godt. Rolla som "brukar" trengs også å vidareutviklast. Samstundes merkar kommunalsjefen ein tendens til å stilla urealistiske krav, krav som fritar sin eigen elev for innsats og atferd og krav som går på bekostning av fellesskapet sine interesser. Slike saker kan vera både konfliktfylte og krevjande. Ikkje alle foreldre i Klepp opptrer autoritativt i forhold til sitt barn eller sin ungdom. Både lærarar og skuleleiarar har dei siste åra merka endringar i foreldregruppa når det gjeld individualisme og særkrav for sin elev.

Samstundes har Kleppskulen også opplevd sterke foreldreengasjement i saker kor foreldre ikkje blir høyrde eller tekne på alvor. Sist vinter var det ein nødvendig og fruktbar debatt nettopp ut frå slike opplevingar. Når foreldre opplever maktesløyse er det sjølvsagt ille. Maktesløysa kan gjelda både manglande tiltak for sin eigen elev og/eller at styringsorgana eller leiinga ved skulen ikkje følgjer opp godt nok. Foreldra påverkar skuleprestasjonane Foreldre si støtte er nødvendig for å skapa motivasjon, gode læringsmiljø, betre læringsresultat og hindra fråfall. "Meir læring for alle" er visjonen for etaten. Visjonen føreset tett samspel og involvering mellom alle aktørane i skulen. Foreldre både kan og bør og må engasjera seg i det skulefaglege arbeidet. Mor og far må følgja opp barnet/ungdommen si læring. Foreldrekontaktar må kjenna til og bidra for å betra læringsmiljø og driva anti - mobbearbeid. Og driftstyret/samarbeidsutvalet må drøfta kvalitetsforbetringar for skulen samla. Omfattande forsking i inn- og utland dokumenterer at foreldra sitt engasjement og innsats har stor tyding for elevane sine skulefaglege prestasjonar. Foreldre sin sosio - økonomiske bakgrunn og utdanningsnivå er dei to enkeltfaktorane som har størst tyding for elevane sin skulegang. Den norske skuleforskaren Thomas Nordahl har peika på utfordingane både foreldre og skule møter i samarbeidet. Han peikar m.a. på at ikkje alle foreldre kjenner seg igjen i skulen sitt språk og skulen sin kultur, og han viser til at informasjon ikkje er nok. Samarbeid krev involvering og respekt frå begge sider. (Interesserte kan lesa ein god fagartikkel av Nordahl her: www.udir.no/laringsmiljo/bedre-laringsmiljo/hjem-skole-samarbeid Skuleforskaren Hattie (2009) peikar på at det er foreldra sine forventningar til skuleprestasjonar som har sterkast innverknad på elevane sin motivasjon og innsats. Etterpå følgjer foreldra si interesse for skulearbeid heime og på skulen, leksehjelp og dialog om skuleframgang. Michael Fullan og Andy Hargreaves, som Jærskulen baserer mykje av sin filosofi på, bruker omgrepa "school commitment" (skoleengasjement) og "school engagement" (skoleforplikting) når dei peikar på korleis foreldra si støtte til skulen kan betra både læringsmiljø og

læringsutbytte. Begge desse teoretikarane gjev viktige innspel til vidare utvikling både av foreldra si rolle og sine bidrag, men også til korleis skulen kan møta foreldra på ein annan måte enn før. Ein av fleire konsekvensar av dette er å skapa dialog og samarbeid med foreldregrupper som - sjølv ikkje hadde gode erfaringar med skulen som elev - aldri gidd å møta på foreldremøte - som ikkje meistrar norsk godt nok og/eller kjem frå land med andre forventningar til skuledeltaking Kommunalsjefen vil ta initiativ, saman med nokre skular, for å utvikla og prøva ut både rettleiing i heimen og meir skreddarsydde foreldretreff for foreldre som ikkje meistrar norsk så godt at dei ser noko gevinst av å stilla på ordinære foreldremøte. Kommunalsjefen vil vidare ta initiativ til to tiltak retta mot alle foreldre i Klepp. 1. Mykje av dialogen mellom elev og lærar, som innleveringar, tilbakemeldingar og rettleiing føregår no via it`s learning. For foreldre er det derfor avgjerande at dei kjenner til it`s learning og har brukarnamn og passord. Utan dette er det uråd å følgja med og støtta og ha forventningar til eleven si læring. Rektorane vil setja i verk tiltak for at foreldra kjenner til denne kommunikasjonsplattformen og kan bruka han. 2. Innhaldet og arbeidsmåtane i skulen er i endring. Foreldre i Klepp har signalisert behov for kurs særleg innan lekser og læringsstøtte, og også om korleis dei kan støtta særleg i matematikk. Foreldra treng ikkje moralisme, men praktisk og støttande kursing i form av modellering. Samarbeidsutval eller driftstyre? For å skapa medverknad og sikra involvering trengst det engasjement, kompetanse og kontinuitet i foreldregruppa. Og skulen må vera villig til å gje reell medverknad. Kommunalsjefen ønskjer å endra rammene for kva samarbeidet skal vera og kva det skal omfatta. Samstundes set lov- og regelverk grenser når det gjeld arbeids- og lønsforhold og saker knytta til einskildpersonar. Hovudutvalet drøfta sak om driftsstyre første gong i 2007 og reglement for driftsstyre blei godkjend i 2009. Både hovudutvalet og kommunalsjefen har støtta initiativ til å endra samarbeidsutvala til driftsstyre. Føresetnaden har vore at initiativet må koma frå skulen sjølve. Det kommunale foreldrerådet har drøfta saka ved fleire høve. Meiningane har vore delte. Engasjement, kompetanse og kontinuitet krevst for at både eit samarbeidsutval og eit driftstyre skal fungera godt. Det har vore forska svært lite på om samarbeidsutval og driftsstyre gir ulike effektar. Det kan synest som om vala av det eine eller det andre mest har vore politisk motivert. Det ligg likevel føre eit masterstudie (Hoel Glestad) ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Studien omfattar kva som gjer mest brukarmedverknad ved to grunnskular i to kommunar som praktiserer kvar si form for styre/utval; samarbeidsutval og driftstyre. Studien viser:

1. Forskjellar når det gjeld makt, myndigheit, møtehyppigheit og møtehonorar. 2. Driftsstyret og samarbeidsutvalet har felles utfordringar når det gjelder nærleik og relasjon til skulen. 3. Det er ulik grad av informasjon om skulen hos representantane både i driftsstyret og i samarbeidsutvalet. Dette igjen kan føra til ulik grad av engasjement i driftsstyret og samarbeidsutvalet. 4. Det er lite eller ingen innføring/opplæring når ein som ny tar på seg verv i eit driftsstyre eller samarbeidsutval og derfor liten fokus på rolleavklaring for representantane. Dette gjev m.a. usikkerheit. 5. Det er liten bevisstheit knytta til omgrepet «brukarmedverknad» både i samarbeidsutvalsmodellen og i driftsstyremodellen. 6. Ei av hypotesane var at driftsstyret sine representantar opplevde større grad av brukarmedverknad enn representantane i samarbeidsutvalet. Med ein forskjell i retningslinene, som møtehyppigheit, makt og myndigheit, kan driftsstyret ha eit betre utgangspunkt for å skapa gode diskusjonar og arenaer for informasjonsutveksling enn det samarbeidsutvalet har, noko som igjen kan føra til større grad av opplevd brukarmedverknad. Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) gir inga tilråding, men peiker på at "et driftsstyre er et styre for den enkelte skole og kan sammenlignes med et styre for en bedrift. Målet med driftsstyret er at alle partene i skolen skal være representerte i et besluttende organ. Driftsstyret kan erstatte samarbeidsutvalget. Det er den enkelte kommune som vedtar innføring av driftsstyre ved skolene og som vedtar hvilken myndighet driftsstyrene skal ha." FUG skriv at eit samarbeidsutval (SU) er "skolens øverste rådgivende organ og her er alle partene i skolen representert: elever, foreldre, undervisningspersonalet, andre tilsatte og to representanter fra kommunen, hvor rektor skal være den ene. SU har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder skolen." FUG meiner at eit driftsstyre kan uttala seg om og vedta: FUG meiner SU kan uttala seg om og vedta dette: Framlegg til budsjett Verksemds- og utviklingsplanar for skulen Plan for heim - skule - samarbeid Fagplanar Skulevurdering Framlegg til budsjett Verksemds- og utviklingsplanar for skulen Plan for heim - skule - samarbeid Skulevurdering Planar for ombygging og vedlikehald av skuleanlegga Skulen si informasjonsverksemd Prinsipp for val av bøker til skulebiblioteket Fritidsaktivitetar Skuleskyss Trafikkforholda og korleis skulevegen kan sikrast Ordensreglementet

Ut frå dette FUG-oppsettet kan det faktisk sjå ut som om eit samarbeidsutval har vidare ansvar og mynde enn eit driftsstyre. Kommunalsjefen stussar på dette og viser til dei kommunalt vedtekne retningslinene for driftsstyre. Dessutan står hovudutval og kommunestyre fritt til både å utvida områda og delegera ytterligare. Dessutan vil kommunalsjefen peika på at grunnlaget for debatten om driftsstyre og/eller samarbeidsutval det siste året, har vore eit reelt og seriøst ønske om å bidra til elevane og skulane sitt beste. Kommunalsjefen har vore i kontakt med andre kommunar for å henta inn erfaringar. Det er vanskeleg å trekkja andre konklusjonar enn at samarbeidsklima og utbyte/effekt er meir avhengig av kultur og einskildpersonar enn av struktur/form. Framlegg til prosesstiltak Målet for vidare satsing på heim -skule - samarbeid må vera å skapa både langsiktige og bærekraftige kulturar og strukturar. Igjen vil kommunalsjefen peika på at føresetnadene for å få til dette, uansett styringsform, er at skulen og rektor er villig og i stand til å involvera foreldre og gje reell medverknad. at det finst engasjement, kompetanse og kontinuitet i foreldregruppa. For å få til dette trengs vidare opplæring av begge partane. Samstundes er det kommunalsjefen si erfaring at det er vanskeleg å få kontinuitet blant foreldra som sit i styringsorgana uansett type. Gode intensjonar frå eldsjeler om å gjera ein forskjell for elevane kan også bli punkterte av at det faktisk tek tid og krev energi å sitja i slike styringsorgan. Når kommunalsjefen likevel ønskjer at fleire av skulane går over til driftsstyre, er det fordi denne styringsforma gjev meir ansvar og rom for meir reell påverknad frå foreldra. Dessutan vil det styrka den demokratiske påverknaden foreldra bør ha på sin lokale skule. Kanskje kan fleire driftsstyre også auka det politiske engasjementet for skule og styrka samhandlinga med lokalpolitikarane? Terskelen for foreldre til å bidra i samarbeidet må gjerast lågare. Samstundes vil det då følgja ansvar og arbeid med. For å bidra til vidare utvikling av samarbeidet for elevane sitt beste, foreslår kommunalsjefen desse tiltaka: 1. Kvar skule gjennomfører skuleåret 2015/2016 tiltak for å betra skulen sine resultat i foreldreundersøkinga. Rektor sikrar saman med FAU-leiar at både foreldre og tilsette blir involverte. 2. Kvar skule skal tilby foreldrekurs i oppfølging av lekser og læring. 3. Kvar skule skal sikra at alle foreldre får opplæring i bruk av it`s learning. 4. Kommunalsjefen tek initiativ for, saman med flyktningetenesta/språkstasjonen/rettleiar i fleirkulturelt arbeid, å utforma og prøva ut opplegg for foreldresamarbeid med foreldre som ikkje snakkar norsk. 5. Kommunalsjefen tek initiativ slik at minst to skular prøver ut opplegg for heimebasert foreldresamarbeid med grupper som vanlegvis ikkje kjem på foreldremøta. 6. FAU som ber om det, får tilbod om opplæring av foreldrekontaktane. 7. Kvart FAU blir oppmoda til å drøfta korleis ein kan knyta kontakt for å læra av andre FAU, t.d. innan anti - mobbearbeid.

8. Kvart samarbeidsutval/driftstyre gjennomfører hausten 2015 ei eigavurdering av korleis samarbeidet heim - skule fungerer og finn saman fram til område som kan betrast. 9. Kvart samarbeidsutval/driftsstyre gjennomfører vinteren 2015/2016 ei vurdering av mogleg skifte av styringsform. Skuleforskaren Thomas Nordahl seier det slik: Når foreldre har en positiv holdning til skolen og snakker med barna om skole og arbeidsinnsats, ser det ut til å ha en positiv sammenheng med elevenes resultater. Foreldre som er opptatt av skole og utdanning har barn som også er opptatt av skole og utdanning. Innstilling: Kommunalsjefen sitt forslag til vedtak: 1. Sak om Samarbeid heim - skule i Kleppskulen - vidare utvikling blir tatt til orientering. 2. Hovudutvalet ber om tilbakemelding på tiltaka i sak i slutten av 2016. Rådmannen i Klepp 11.08.2015 Dokumentet er elektronisk godkjent og treng derfor ingen signatur.