GISKE KOMMUNE Arkiv: JournalpostID: 18/719 Sakshandsamar: PlanId - 2012013, K2 - L12, K3 - &02 Per Inge Aakvik Dato: 16.01.2018 SAKSPAPIR Styre, komite, utval Møtedato Saknr Komitè for miljø og tekniske saker 23.01.2018 008/18 Giske kommunestyre 08.02.2018 003/18 Detaljregulering Giskeremen gnr 127 bnr 34 m.fl. - vedtak i klagesak etter plan- og bygningslova - ny handsaming Innstilling: 08.02.2018 Giske kommunestyre Framlegg frå Kenneth Langvatn (H): «Giske kommunestyre eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12 detaljplan Giskeremen, Det vert innarbeidd i føresegnene at rekkefølgekravet om utbetring av eksterne tilførselsvegar skal gjelde, men med unntak av bueining 1-6 i BB omtalt i kap. 6.3 i planomtalen, samt BBK. Unntaket vert grunngjeve med at det er vurdert at utbygging i BBK og seks bueiningar i BB ikkje vil gi nemneverdig auka trafikkbelastning på dei eksterne tilkomstvegane. Tilkomstvegane Skulevegen og Kabbertavegen er dessutan vedteke utbetra i 2018. Det er vidare vurdert som ein betydeleg fordel for trafikktilhøva i området at reguleringsplanen sikrar betra vegstandard for den delen av Kabbertavegen som er innanfor planområdet. Slik sett vil heile Kabbertavegen bli utbygd med ny vegstandard når både Skuleveg-prosjektet og Giskeremen er realisert. Det er mellom andre denne vegføringa som skal utgjere ny hovudveg til Giske kyrkje, og Giskeremen er ein essensiell del av dette. Det vert elles synt til plandokument og saksutgreiing for grunngjeving av vedtaket.» Renate Giske Holvik (KrF) fremma sitt forslag frå komite for miljø og tekniske saker.
Forslag frå Gunnar Morsund (TLG): "Klaga frå Unni og John Giske vert tatt til følgje." Tilrådinga frå komite for miljø og tekniske saker fall samrøystes. Ved alternativ votering vart Kenneth Langvatn sitt framlegg godkjent med 17 mot 6 røyster (V, 2 KrF). Mindretalet røysta for Renate Giske Holvik sitt forslag. Gunnar Morsund sitt forslag vart vedtatt med 16 mot 7 røyster. (2 TLG, H, 1 V 1 Ap). K- 003/18 Vedtak: Giske kommunestyre eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12 detaljplan Giskeremen, Det vert innarbeidd i føresegnene at rekkefølgekravet om utbetring av eksterne tilførselsvegar skal gjelde, men med unntak av bueining 1-6 i BB omtalt i kap. 6.3 i planomtalen, samt BBK. Unntaket vert grunngjeve med at det er vurdert at utbygging i BBK og seks bueiningar i BB ikkje vil gi nemneverdig auka trafikkbelastning på dei eksterne tilkomstvegane. Tilkomstvegane Skulevegen og Kabbertavegen er dessutan vedteke utbetra i 2018. Det er vidare vurdert som ein betydeleg fordel for trafikktilhøva i området at reguleringsplanen sikrar betra vegstandard for den delen av Kabbertavegen som er innanfor planområdet. Slik sett vil heile Kabbertavegen bli utbygd med ny vegstandard når både Skuleveg-prosjektet og Giskeremen er realisert. Det er mellom andre denne vegføringa som skal utgjere ny hovudveg til Giske kyrkje, og Giskeremen er ein essensiell del av dette. Det vert elles synt til plandokument og saksutgreiing for grunngjeving av vedtaket. Klaga frå Unni og John Giske vert tatt til følgje. 23.01.2018 Komitè for miljø og tekniske saker Kenneth Langvatn (H) fremma følgjande framlegg til vedtak: "Kommunstyret sitt vedtak i saka vert oppretthalde, med utfyllande grunngjeving for unntaket frå rekkefølgekravet om eksterne tilkomstveger. Det er vurdert at utbygging i BBK samt seks av bueiningane i BB ikkje gir nemneverdig auka trafikkbelastning på dei eksterne tilkomstvegane. Tilkomstvegane Skulevegen og Kabbertavegen er dessuten vedteke utbetra i 2018. Det er vidare vurdert som ein betydeleg fordel for trafikktilhøva i området at reguleringsplanen sikrar betra vegstandard for den delen av Kabbertavegen som er innanfor planområdet. Slik sett vil heile Kabbertavegen bli utbygd med ny vegstandard når både Skuleveg-prosjektet og Giskeremen er realisert. Det er mellom andre denne vegen som skal utgjere ny hovudveg til Giske kyrkje, og Giskeremen-prosjektet er ein essensiell del av dette." Renate Giske Holvik (KrF) fremma følgjande forslag til vedtak: "Giske kommunestyre eigengodkjenner i medhald av 12-12 detaljplan Giskeremmen, Grunnlaget for godkjenninga er at rekkefølgjekrava om utbetring av eksterne
tilførselsvegar skal gjelde som er spesifisert i føresegnene hensier til 3.1 i rekkefølgjeføresegnene pkt 1. Dette med bakgrunn i at vegen vert ferdigstilt dette året. 3.1 Rekkefølgjeføresegner. Tilkomst til planområdet. Før det kan bli gjeve byggjeløyve for bueiningar innanfor planområdet, skal det vere opparbeidd ny ekstern tilkomst til planområdet. (Ny skuleveg og Kabbertavegen)." Ved alternativ votering vart Kenneth Langvatn sitt framlegg vedteke med 5 mot 2 røyster (1 KrF og V). Mindretalet røysta for Renate Giske Holvik sitt forslag. KMT- 008/18 Vedtak: Kommunstyret sitt vedtak i saka vert oppretthalde, med utfyllande grunngjeving for unntaket frå rekkefølgekravet om eksterne tilkomstveger. Det er vurdert at utbygging i BBK samt seks av bueiningane i BB ikkje gir nemneverdig auka trafikkbelastning på dei eksterne tilkomstvegane. Tilkomstvegane Skulevegen og Kabbertavegen er dessuten vedteke utbetra i 2018. Det er vidare vurdert som ein betydeleg fordel for trafikktilhøva i området at reguleringsplanen sikrar betra vegstandard for den delen av Kabbertavegen som er innanfor planområdet. Slik sett vil heile Kabbertavegen bli utbygd med ny vegstandard når både Skuleveg-prosjektet og Giskeremen er realisert. Det er mellom andre denne vegen som skal utgjere ny hovudveg til Giske Kyrkje, og Giskeremen-prosjektet er ein essensiell del av dette. Vedlegg: Del av gnr 127 bnr 34 m/fleire - detaljplan Giskeremen - vedtak i klagesak etter plan- og bygningslova - Detaljplan Giskeremen - saksutgreiing 2. gongs eigengodkjenning Framlegg detaljplan Giskeremen_2016.08.17 Del av gnr 127 bnr 34 - detaljplan Giskeremen - Giske - klage Påklage på vedtak om endring av LNF området, del av 1272 - Giske Påklage på vedtak vedr 127-2 ihht Kommuneplanen for Giske - 05052017 Saksutgreiing: Giske kommunestyre vedtok på møte den 06.04.17, K-sak 012/17; følgjande: Giske kommunestyre eigengodkjenner i medhald av pbl 12-12 detaljplan Giskeremen, Det blir synt til plandokument, saksutgreiing til møte KMT 29.11.2016 og saksutgreiing ovanfor for grunngjeving.det vert innarbeidd i føresegnene at rekkefølgekravet om utbetring av eksterne tilførselsvegar skal gjelde, men med unntak av bueining 1-6 omtalt i kap. 6.3 i planomtalen, forutsett at desse vert bygd som bustader med livsløpsstandard, og maksimalt
antal bueiningar som unntaket skal gjelde for er seks bueiningar. Unntaket vert grunngjeve med at bustader med livsløpsstandard som dette ikkje vil generere nemneverdig auke i biltrafikken på tilførselsvegane, og at unntaket vil gjere det mogleg for utbyggjar å kome vidare i prosjektet."unntaket om rekkefølgekrav om eksterne tilførselsvegar skal også gjelde BBK. Advokat Hove, på vegne av Jan Hatlø, har klaga på vedtaket. Unni Margrethe Giske og John Arvid Giske har klaga på vedtaket. Kommunestyret vedtok på møte den 28.08.17, k-sak041/17, å ikkje ta klagene til følgje. Saka vart sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Fylkesmannen har i brev datert 11.12.2017 oppheva kommunen sitt vedtak om å eigengodkjenne detaljregulering for Giskeremen på grunn av saksbehandlingsfeil. Klage frå Giske har ikkje ført fram. Klage frå Hatlø har delvis ført fram. Det er den delen av Hatlø si klage som gjeld rekkefølgjeføresegna i 3.1 som har ført fram. Endringa som blei gjort i rekkjefølgjeføresegna om at rekkjefølgjekravet om ekstern tilkomstveg ikkje skal gjelde for bustadområda BBK og BB, oppfyller ikkje kravet til forsvarleg saksutgreiing iflg. Fylkesmannen. På grunn av mangelfull saksutgreiing har ikkje Fylkesmannen hatt høve til å vurdere klagepunktet til Hatlø. Fylkesmannen har sendt saka tilbake til kommunen for ny handsaming. Kommunen blir beden om å gjere nærare greie for om det er forsvarleg med ei delvis utbygging innafor planområdet før eksterne tilkomstvegar er på plass. Kommunen må då sjå på kva trafikkauke ei delvis utbygging vil gje og vurdere dette i høve til vegstandard og kapasitet på det eksisterande vegnettet. Heimelsgrunnlaget Plan- og bygningslova 1-9 og forvaltningslova kap.vi Økonomiske konsekvensar: Vurdering: Alle grunngjevingar frå administrasjonen i saka går mot meir utbygging før ekstern tilkomstveg er på plass. Fråvik frå saksgrunnlaget må grunngjevast. Kommunen må vise at
det er forsvarleg å bygge ut før ekstern tilkomstveg er på plass. Ferdigstilling av skulevegen er eit moment i saka. Rådmannen legg med utgangspunkt i dette saka fram som ei open sak for diskusjon i møtet, for å sjå om vi i fellesskap kan finne argument for at det er forsvarleg med ei delvis utbygging no.