SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/18 Komité for drift og forvaltning

Like dokumenter
SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato 18/18 Komité for drift og forvaltning

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2019/ /2019 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

Fjell kommune Arkiv: 212 Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Revidering av kommunedelplan for oppvekst Struktur

Fjell kommune Arkiv: 010 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Lillian Torsvik Dato: SAKSDOKUMENT

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Prosjektplan. Nye Undarheim skule. Alternative løysingar. Kvinnherad kommune. Prosjektplan Nye Undarheim skule Side 1

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Fjell kommune Arkiv: 810 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Unni Rygg Dato: SAKSDOKUMENT

Saksnr. Utval Møtedato 014/17 Formannskapet /17 Kommunestyret Sakshandsamar: Torunn Liltved Arkiv: Arkivsaksnr.

Skulebruksplan

qwertyuiopasdfghjklzxcvbnmq ertyuiopasdfghjklzxcvbnmqwer tyuiopasdfghjklzxcvbnmqwerty uiopasdfghjklzxcvbnmqwertyui opasdfghjklzxcvbnmqwertyuiop

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 041/2019 Formannskapet PS Kommunestyret

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Planprogram. Skulebruksplan Lærdal kommune

Balestrand kommune lovlegkontroll av budsjettvedtak sak 70/14 manglande budsjettering av midlar til Fjordtun og Nessane skule frå skuleåret 2015/16

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Fjell kommune Arkiv: 220 Saksmappe: 2017/ /2017 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

SAKSDOKUMENT. Årsbudsjett Endring i framlegg knytt til nytt punkt 2 om eigedomsskatt

Vedlagt: Kortversjonen av meldingsdelen i Kommuneproposisjon 2015, «en kort oversikt »

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Lovlegkontroll av vedtak om nedlegging av Stongfjorden skule og nye krinsgrenser

Sakspapir KOMMUNAL PLANSTRATEGI FOR SVEIO OG PLANPROGRAM FOR KOMMUNEPLANEN

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

SAKSFRAMLEGG. Saksnr Utval Møtedato Sakshandsamar 140/11 KOMMUNESTYRE Steinar Hole. Arkiv: FE-030

Kommunedelplan for skule Framlegg til planprogram

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /17 Giske kommunestyre

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SKULESTRUKTUR - KOMMUNEPLAN ØKONOMIPLAN OG BUDSJETT

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 71/2015 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2015 Kommunestyret PS

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Merknader til Rapport av frå nedsett komitè om Grendaskular i Balestrand

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Plan for utvikling av barnehage og skule i Balestrand kommune Planprogram

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

K-SAK 174/14 HØYRING - FRAMLEGG TIL OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKTA. Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Rådmann. Sjå adresseliste /63-4 A20. HØYRING - SKULESTRUKTUR VALLE KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Vedlagt ligg saksdokument frå Flora kommune, vedr. høyring av forslag til endring av barnehagelova 12a.

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

MØTEPROTOKOLL. Utval: Personal og økonomiutvalet Møtedato: Møtetid: 15: Møtestad: Kommunehuset

MØTEBOK. Saksbehandlar: Ingrid Karin Kaalaas Arkiv: 255 Arkivsaksnr.: 10/311

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Økonomiplan for Arkiv: 150 Arkivsaksnr.: 2012/2844 Saksbehandlar: Magne Værholm Dato:

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Cecilie Urke Larsen Arkivsak: 2016/1745 Løpenr.: 12288/2016

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 030 &02 Arkivsaksnr.: 14/1032. Lovlegkontroll av vedtak i kommunestyret i Balestrand kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Forfall: Namn Funksjon Representerer. Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer. Vigdis Røen Leirvik Terje Træet

SAKSPAPIR. Vaksdal kommune RÅDMANNS FRAMLEGG TIL ØKONOMIPLAN

- perla ved Sognefjorden - Rapport om tilstanden i balestrandskulen. for Balestrand kommune

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2014/7 Komite for oppvekst, kultur, idrett

Transkript:

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2018/677-4224/2018 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 20.02.2018 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/18 Komité for drift og forvaltning 20.03.2018 Nedlegging av Liljevatnet skule - høyring Samandrag av saka: I samband med handsaminga av årsbudsjettet for 2018 er det trong for å finne innsparing på omlag 15 mill. som skal sikre drift innan dei område kommunestyret finn viktig å prioritere i 2018. Rådmannen fekk oppdrag om å fremje ei sak om strukturendringar med mål om å nå ei innsparing på 15. mill. i 2018. I kommunestyret dagsett 22. februar er det gjort følgjande vedtak i sak PS 4/18, pkt. 4: «Skuledrifta ved Liljevatnet skule vert tilrådd lagt ned frå 31.07.19. Rådmannen fremjar ny sak om nedlegginga som m.a. avklarar nytt skuletilbod til elevane, samt etterbruk av skulebygning, o.a.» Rådmannen vil vise til to moglege løysingar for elevane frå Liljevatnet skule. Det eine alternativet er å overføra alle elevane til Brattholmen skule. Det andre alternativet er å dela elevane mellom Brattholmen skule og Hjelteryggen skule. Nettoinnsparing ved å leggje ned Liljevatnet skule vil variere ut i frå kva løysing som vert gjort i høve nytt skuletilbod til elevane. Ved å la alle elevane gå til Brattholmen skule vert innsparinga på 5.2 mill. i 2019 og 11.4 mill. i 2020 og framover. Ved å dela elevane mellom Brattholmen skule og Hjelteryggen skule vil innsparinga bli 1.6 mill. i 2019 og 3.5 mill. i 2020. Etter at skuledrifta er avvikla vil rådmannen foreslå at Liljevatnet skule i framtida vert nytta til kommunale tenester, t.d. til barnehage. Rådmannen foreslår vidare at Kulturskulen som i dag held til ved Liljevatnet skule skal verte vidareført sjølv om skuledrifta vert avvikla. Sidan eigedomen vert foreslått å halde fram med drift i kommunal regi vil skulen sin gymsal, uteareal og fellesområde i stor grad kunne verte nytta på same måte som i dag kva gjeld fritidsaktivitet, og som ein samlingsstad for nærmiljø t.d. på 17. mai, og liknande. 1

Innstilling: Komité for drift og forvaltning vedtek: Sak om nedlegging av Liljevatnet skule med verknad frå 31.07.19, vert sendt ut på høyring. Høyringsfristen vert sett til 17.04.18. Straume, den 20.02.2018 Lillian Torsvik Kst. rådmann Wilhelm Anglevik Skulesjef Handsama i Komité for drift og forvaltning - 20.03.2018: Planleggjar Terje Gregersen frå Norconsult var til stades i møtet og presenterte rapporten folke- og elevtalsprognose 2018 2032. Komitéleiar Ernst M. Einarsen (H) innleia med at høyringsfristen no er sett til fire veker grunna forseinka rapport og såleis utsett komitémøte. Av omsyn til elevar og føresette som er berørt av høyringsaka så ynskjer politikarane å behandle saka, etter at den har vore på høyring, med tilråding i komiteen 30.april og endeleg vedtak i kommunestyret 7.mai slik at vedtak er gjort tidlegast mogleg før nytt skuleår. Framlegg frå SV v/andreas Sjalg Unneland: Prosessen med nedlegging av Liljevatnet skule vert avslutta. Skulestruktur skal sjåast på i samband med kommunesamanslåinga i 2020. Komiteen stemte over framlegget frå Unneland (SV) som fekk 3 røyster (mindretalet: SV, SL, FrP) og fall. Fellesframlegg frå SV, SL og Frp v/ Andreas Sjalg Unneland (SV): Sak om mogleg nedlegging av Liljevatnet skule, med verknad frå 31.07.19, vert sendt ut på høyring. Høyringsfristen vert sett til 02.05.18. Innstillinga vart sett opp mot fellesframlegget frå SV, SL og FrP. Fellesframlegget fekk 3 røyster (mindretalet: SV, SL, FrP), og innstillinga vart såleis vedteken med 6 røyster (2 H, 2 AP, 1 KrF, 1 MDG). Vedtak i Komité for drift og forvaltning - 20.03.2018: Komité for drift og forvaltning vedtek: Sak om nedlegging av Liljevatnet skule med verknad frå 31.07.19, vert sendt ut på høyring. Høyringsfristen vert sett til 17.04.18. 2

3

Dokument vedlagt saka: Saksopplysningar: 1. Bakgrunn for saka I samband med handsaminga av årsbudsjettet for 2018 er det trong for å finne innsparing på omlag 15 mill. som skal sikre ei prioritert drift innan dei områda som kommunestyret finn viktig å gjennomføre i 2018. Kommunestyret ønskjer å styrkje somme område, særleg innan omsorgssektoren, samt at det er ei forventning om at det kan setjast inn drift i RoP huset når dette er ferdigstilt i 2018. Det er og forventning om å få lokalmedisinsk senter i drift når dette vert ferdigstilt ultimo 2018. Med dette som utgangspunkt fekk rådmannen i oppdrag å fremje ei sak om strukturendringar med mål om å nå ei innsparing på 15. mill. i 2018, der saka vart lagt fram til handsaming i Kommunestyret 22. februar 2018. I kommunestyret dagsett 22. februar er det gjort følgjande vedtak i sak PS 4/18: «1. Tellnes skule vert tilrådd lagt ned frå 31.07.18, føresett at alle formelle prosessar er gjennomførte innan dette tidspunktet. Rådmannen fremjar ny sak om sjølve nedlegginga som m.a. avklarar nytt skuletilbod til elevane. 2. Det «Røde bygget» på Foldnes skule vert rive, og vert erstatta med nytt bygg. Medan utbetringar pågår går elevane i 6. og. 7 klassetrinn til Brattholmen skule. 3. Bjorøy skule vert rehabilitert. Medan utbetringar pågår går elevane i 5., 6. og 7. klassetrinn til Liljevatnet skule. 4. Skuledrifta ved Liljevatnet skule vert tilrådd lagt ned frå 31.07.19. Rådmannen fremjar ny sak om nedlegginga som m.a. avklarar nytt skuletilbod til elevane, samt etterbruk av skulebygning, o.a. 5. Rådmannen vil leggje fram eiga sak om trong for endring i skulekrinsar etter omleggingar i pkt. 1-5. Vurdering av eigna skulekrinsar vert sett i lys av kommunesamanslåinga. 6. Kommunestyret ber rådmannen vurdere nærare dei øvrige innsparingstiltaka som er vist til i saka. 7. Kommunestyret ber rådmannen om å finne løysing for at RoP-huset kan setjast i drift i september 2018, og leggja fram eiga sak om oppstart og drift av lokalmedisinsk senter, i løpet av året. 8. Kommunestyret er kjent med at Stortinget vil gjere om ordninga med investeringstilskot til sjukeheimar og heildøgns omsorgsbustader til også å gjelde oppgradering og modernisering av eksisterande bygningsmasse. Kommunestyret ber rådmannen leggje fram ein plan for rehabilitering av Fjell sjukeheim slik at vi kan søkje om tilskotsmidlar frå Husbanken. 9. Skålevik har stor førekomst av asbest. Dersom drift ved skulen kjem i strid med lovkrav, her under krav til arbeidsmiljø som ikkje kan bøtast med mindre vedlikehald, 4

skal skuledrifta straks avviklast og sanerast. Det skal gjennomførast jamleg kontroll og måling som sikrar at lufta inne er fri for asbest. Ny skule på Skålvik må utgreiast særskilt og fremjast som eiga sak.» Denne saka omhandlar oppfølging av vedtaket sitt punkt 4, der kommunestyret ber rådmannen om å utgreia nedlegging av Liljevatnet skule med verknad frå 31.07.19. 2. Saksgong Av rundskriv 2/2012 frå Utdanningsdirektoratet dagsett 15.03.2012, om behandling av saker som gjeld skulestruktur, går m.a. følgjande fram: Verken opplæringsloven eller annet regelverk har innholdsmessige regler for endring av skolestruktur, det vil si regler for når det er lovlig eller ulovlig å legge ned eller opprette en skole. Avgjørelser knyttet til skolestruktur ligger i kjerneområdet av den kommunale handlefriheten. En avgjørelse må bygge på et kommunestyres økonomiske, politiske og samfunnsmessige prioriteringer. Kommunale vedtak om endring av skolestrukturen, for eksempel om nedleggelse av en skole, er ikke enkeltvedtak etter forvaltningsloven. Det er ikke et vedtak som gjelder rettigheter eller plikter for en eller flere bestemte personer. Plassering av den enkelte elev ved en skole vil derimot være et enkeltvedtak. ( ) ( ) Det finnes ikke lov- og forskriftsbestemte regler for hvor lang fristen for å uttale seg skal være i saker om skolestruktur. Den enkelte som skal uttale seg må imidlertid få tilstrekkelig tid til å forberede sin uttalelse. Justis- og beredskapsdepartementet har utarbeida retninglinjer for forskriftarbeid i kommunene. Rådmannen legg til grunn at sak om nedlegging av Liljevatnet skule vert lagt ut på høyring med seks vekers høyringsfrist. Høyringsfrist vert med dette 17. april. Etter at høyringsfristen er ute og høyringssvar er vurdert vert det fremja ny sak til Komite for drift og forvaltning. Saka går deretter vidare til kommunestyret for endeleg handsaming. 3. Løysing for elevane Rådmannen vil vise til to moglege løysingar for elevane frå Liljevatnet skule. Det eine alternativet er å overføra alle elevane til Brattholmen skule. Det andre alternativet er å dela elevane mellom Brattholmen skule og Hjelteryggen skule. Ei naturlig deling kan vera at dei elevane som bur i området rundt Straumsfjellet og som vil kunne gjere seg nytte av ny veg og sykkelsti kan få skuletilbod ved Brattholmen skule. Elevar som bur i området Tona/ Valen kan deretter få skuletilbod ved Hjelteryggen skule. Kartlegging viser at Brattholmen skule vil ha kapasitet til å ta i mot alle elevane frå Liljevatnet skule innanfor eksisterande skuledrift, utan trong for å skaffe fram paviljongar som lokale til undervisning. Dersom det vert lagt opp til ei deling av elevane mellom Hjelteryggen skule og Brattholmen skule er det også avklara at Hjelteryggen skule vil ha kapasitet til å ta inn nye elevar som skissert utan trong for bygningsmessige tilpassingar. Dei to løysingsforslaga vil bety ulik innsparing. Dette vert nærare utgreidd under punktet om økonomi. 5

4. Løysing for bygg Etter at skuledrifta er avvikla vil rådmannen foreslå at Liljevatnet skule i framtida vert nytta til kommunale tenester, t.d. til barnehage. Etter nærare avklaring kan det vurderast å flytta ein eller fleire barnehagar til Liljevatnet skule. Ved å få etablert ein større barnehage i krins for Liljevatnet og omliggjande område vil det vera von om å oppnå at færre av dei som bur i Fjell kommune har barnehageplass i Bergen. Etter nasjonale retningsliner skal Fjell kommune betale tilskot til dei kommunane som tek inn barnehagebarn frå Fjell kommune, og vise versa. Dei seinaste åra har det vist seg at det er langt fleire som brukar barnehageplassar utanom Fjell kommune, enn at omliggjande kommunar tek i bruk barnehageplassar i Fjell. Dette betyr til dels store utgifter for Fjell kommune på omlag 4-5 mill. då den nasjonale satsen per barnehageplass som skal nyttast til oppgjer mellom kommunar, er høgare enn kostnader for ein barnehageplass i Fjell kommune. Det er foreldre som vel barnehageplass som kan vurdere kor dei vil ha plassen. Det må likevel vera von om at ved eit utvida barnehagetilbod i nemnde nærområde i noko mon vil demma opp for kostnadane ved «utanbygds» barn. Rådmannen foreslår vidare at Kulturskulen som i dag held til ved Liljevatnet skule vert vidareført sjølv om skuledrifta vert avvikla. Ettersom eigedomen vert foreslått å halde fram med drift i kommunal regi vil skulen sin gymsal, uteareal og fellesområde i stor grad kunne verte nytta på same måte som i dag kva gjeld fritidsaktivitet, og som ein samlingsstad for nærmiljø t.d. på 17. mai, og liknande. 5. Skuleskyss Det vil bli sett opp tilbod om skuleskyss til dei ulike skuletilboda som vert gjort greie for i saka. Kor vidt den einskilde vil ha rett på fri skuleskyss må vurderast i kvart tilfelle etter regelverket i Opplæringslova Kap. 7 om rett til gratis skuleskyss. Reglane i Opplæringslova fortel at elevar på 2.-10. årstrinn som bur meir enn fire kilometer frå skulen, har rett til gratis skuleskyss. For elevar på 1. årstrinn er skyssgrensa to kilometer. Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til gratis skuleskyss uavhengig av kor langt det er til skulen. I tillegg er det reglar i Opplæringslova om skyss for elevar som treng dette på grunn av funksjonshemming eller sjukdom. Det vert vist til handbok om reglar for skuleskyss hjå Hordaland Fylkeskommune: https://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/veg-og-transport/pdf/reglement-skuleskyssgrunnskule-august-2017.pdf 6. Økonomi 6.1. Kostnad ved skuledrift i Fjell versus andre kommunar For å få fram det store biletet kring kostnader i Fjell skulen vil rådmannen vise til KOSTRA tal. KOSTRA står for kommune- stat rapportering og gjev styringsinformasjon om prioriteringane til kommunal og fylkeskommunal verksemd, dekningsgrad, bruksratar og produktivitet 6

Statistisk Sentralbyrå publiserer tal frå Kostra-rapporteringa for året før. Føremålet med KOSTRA er å gje informasjon om ressursbruk i kommunar og fylkeskommunar. Prinsippet er at tala skal gje eit representativt bilete av ressursbruken i kommunen og gje grunnlag for samanlikning kommunane i mellom. Tala viser at ressursbruken pr. elev på skule i Fjell siste 5 år har vore høg samanlikna med våre nabokommunar Askøy og Os og snitt for landet. Skilnaden vart noko redusert gjennom endringar i skulestruktur og generelle innsparingar for 2014. Men som grafen under viser vart denne reduksjonen ikkje vidareført i 2015 og for 2016 er veksten den største i diagrammet. Fjell kommune har over tid hatt ein desentralisert skulestruktur der det er god kapasitet på skulane til å kunne ta inn fleire elevar. Grunna ledig kapasitet vert ressursbruk per elev høgare enn hjå dei vi naturleg samanliknar oss med. For å redusere kostnader i Fjell skulen blir det vesentleg å korte ned på talet på skular, og det er m.a. i dette biletet at Liljevatnet skule er foreslått lagt ned. 6.2 Effekt av forrige endringar i skulestruktur Figuren under syner at kostnadane til grunnskule per innbyggjar i skulealder steig kraftig frå 2009 fram til 2012. For 2013 avtar veksten, medan det for 2014 er ei reell nedgang. Dette fell saman med endringar i skulestrukturen som fann stad i 2014. Deretter stig kostnadene igjen, og særskild for 2016. Veksten siste år skuldast sannsynleg to tilhøve. For det første ei auke i statlege øyremerka midlar inn mot skule og for det andre ingen vekst i innbyggjartalet for dei i skulealder. 7

Neste figur viser effekt av dei auka statlege midlane kombinert med ingen vekst i innbyggjarar i skulealder. Her ser ein og kva effekt innslag av private skular har på kostnadsnivået og dermed produktiviteten i skulen. Det vert færre elevar å dele kostnadene på i den offentlege skulen. 8

Siste figur syner at Fjell kommune nyttar relativt sett mindre og mindre pengar på undervisning frå 2009 og fram til 2016. Dette er ei nasjonal trend og skuldast i hovudsak at veksten i kommunesektoren kjem i andre sektorar enn skule. Men trenden for Fjell er sterkare enn snittet, og fell saman med ein relativ reduksjon på veksten i dei to første figurane i den perioden skulestrukturen vår vart endra. 6.3 Innsparing ved å legge ned Liljevatnet skule Forslaget om å leggje ned Liljevatnet skule med verknad frå 31.07.19, vil kunne gi ei innsparing med halvårsverknad i 2019, samt heilårsverknad frå 2020 og framover. Innsparinga ved å leggje ned Liljevatnet skule vil variera ut i frå kva løysing som vert valt i høve til skuletilbod til elevane. Rådmannen har vist til to ulike løysingsalternativ for elevane ved Liljevatnet skule. Det eine alternativet er å flytte alle elevar frå Liljevatnet skule over til Brattholmen skule. Det andre alternativet er å dela elevane mellom Brattholmen skule og Hjelteryggen skule. Ei naturlig deling kan vera at dei elevane som bur i området rundt Straumsfjellet får skuletilbod ved Brattholmen skule. Elevar som bur i området Tona/ Valen kan deretter få skuletilbod ved Hjelteryggen skule. Oppsettet nedanfor fortel at innsparinga ved å la alle elevane gå til Brattholmen skule vert på 5.2 mill. i 2019 og 11.4 mill. i 2020 og framover. Ved å dela elevane mellom Brattholmen skule og Hjelteryggen skule vil innsparinga bli 1.6 mill. i 2019 og 3.5 mill. i 2020. Forklaringa på skilnaden mellom dei to alternativa ligg i at dersom ein sender halvparten av elevene til Hjelteryggen så vil det utløyse fem nye klasser der. På Brattholmen vert det berre utløyst ein ny klasse uansett om alle eller halvparten av elevane frå Liljevatnet vert sendt der. 9

Oppsettet under fortel såleis at det er vesentleg meir kostnadseffektivt å sende alle elevane til Brattholmen skule. Kostnader ved skuleskyss er teke med i utrekningane nedanfor, og det er nettoinnsparing ved dei to alternativa som vert presentert. 1. Flytte elever frå Liljevatnet til Brattholmen og Hjelteryggen (om lag 50/50 frå 31.07.2019) Innsparing legge ned Liljevatnet skule: 202 Grunnskule 5 033 636 11 074 000 215 Skulefritidsordning - - 222 Skulelokaler 967 773 2 129 101 Meirutgifter Brattholmen 202 Grunnskule -629 615-1 385 154 Meirutgifter Hjelteryggen 202 Grunnskule -3 571 591-7 857 500 Meirutgift skuleskyss 223 Skuleskyss -190 345-418 760 Sum 1 609 858 3 541 687 2. Flytte alle elever frå Liljevatnet til Brattholmen (frå 31.07.2019) Innsparing legge ned Liljevatnet skule: 202 Grunnskule 5 033 636 11 074 000 215 Skulefritidsordning - - 222 Skulelokaler 967 773 2 129 101 Meirutgifter Brattholmen 202 Grunnskule -629 615-1 385 154 Meirutgift skuleskyss 223 Skuleskyss -190 345-418 760 Sum 5 181 449 11 399 187 6.3 Nærare om utrekninga av innsparinga Utrekningane som vert gjort i samband med skulenedlegging og overføring av elevar til andre skular er gjort ved å setje kostnadene for dei nedlagte skulane til null. Ei slik framgangsmåte kan forklarast ved at skulesektoren årleg treng fleire nye tilsette til å oppretthalde produksjonen. Dette skuldast avgang gjennom tilsette som pensjonerer seg og tilsette som går til stilling i andre sektorar og andre kommunar. Denne avgangen er stor nok til at dei som vert til overtal ved skular som vert avvikla kan absorberast over nokre få år. Det same gjeld for driftskostnader knytt til bygg. Der kor bygningane ligg sentralt til og har god standard vil dei kunne nyttast til andre føremål av kommunen. Der kor standarden er låg og plasseringa er god kan bygningane eventuelt seljast til andre føremål. Der kor bygningane ligg mindre sentralt til og har noko lågare standard kan kommunen spare kostnader ved framtidig vedlikehald og oppgradering. 7. Personalmessige verknader Nedlegging av Liljevatnet skule inneber at dei tilsette vil verte råka av omleggingane. Ingen tilsette vil miste jobben sin, men det vert endring i arbeidsstad og for somme endra innhald i arbeidet. Arbeidsmiljøloven sine krav samt Fjell kommune sitt omstillingsdokument gjev føringar for handteringa av personell. Fjell kommune har som prinsipp at arbeidsgjevar skal strekkja seg langt, det vil seie utover det lova krev, i slike omstillingsprosessar. For å sikre ein god prosess rundt endringar som skal skje har rådmannen etablere ei styringsgruppe som er partssamansett der 10

personalavdelinga vil ha ansvaret for å drive arbeidet fram. Det vert etablert ein gjennomføringsplan for dette arbeidet der det skal verte lagt opp til informasjon, deltaking og medverknad frå dei tilsette sine organisasjonar. Risikoanalyse, kartleggingar, kriteriar for innplassering, m.m. vert teke opp med tillitsvalde og vernetenesta på eit tidleg tidspunkt. 8. Elevkapasitet og elevtalsprognosar Til å opplysa saka har rådmannen har bestilt ein ekstern rapport frå Norconsult om elevkapasitet og elevtalsprognosar. Rapporten er under utarbeiding og vil bli presentert i møtet i Komite for drift og forvaltning den 6. mars. Rapporten vil også følgje saka når ho vert lagt ut på høyring. Vurdering: Rådmannen har på noverande tidspunkt ikkje godt nok grunnlag for å gje ei kvalitativ vurdering knytt til nedlegging av skuledrifta ved Liljevatnet skule. Saka vert i denne omgang lagt ut til offentleg høyring. Rådmannen vil ved framlegging av ny sak til endeleg politisk behandling, etter mottekne høyringsuttalar og basert på Norconsult sin rapport, gje si endelege vurdering og tilråding knytt til spørsmålet om nedlegging av skuledrifta ved Liljevatnet skule. I si vurdering vil rådmannen også leggja vekt på økonomiske konsekvensar. Då etterbruk av Liljevatnet skule tek sikte på å disponera bygget og uteområdet til andre kommunale tenester, som til dømes kommunal barnehage og vidareføring av kulturskulen, vil skulen framleis kunna nyttast av nærmiljøet som før. 11