RAPPORT KU Rv.5 Markegata, Florø OVERORDNA VURDERING AV TEMA STØY, LUFTFORUREINING OG TRAFIKK Kunde: Flora kommune Prosjekt: Bistand KU Florø sentrum Prosjektnummer: 29297001 Dokumentnummer: Rapport Dato: 21.04.2017 Rev.:
Utarbeida av: Sign.: Espen Motzfeldt Drange Kontrollert av: Sign.: Tord Bakke Prosjektleiar: Espen Motzfeldt Drange Prosjekteigar: Arne Nilssen Revisjonshistorikk: Rev. Dato Endringa gjeld Utarbeida av Kontrollert av RAPPORT SIDE 2 AV 18
Innhald 1 Bakgrunn... 4 2 Metode... 4 3 Samandrag delrapportar... 5 3.1 Støy... 5 3.2 Luftforureining... 8 3.3 Trafikk... 13 4 Overordna vurdering av konsekvensar... 17 5 Anbefaling... 18 6 Vedlegg... 18 RAPPORT SIDE 3 AV 18
1 Bakgrunn Sweco Norge AS har på oppdrag frå Flora kommune, utført ei overordna vurdering av konsekvensar for tema støy, luftforureining og trafikk for alternativa for omlegging av Rv.5 gjennom Florø sentrum. Vurderingane er basert på rapportar for kvart av dei tre temaa, jf. vedlegg 1-3. Planlagt omlegging av Rv.5 er vurdert i eit forprosjekt av Statens vegvesen, og Flora kommune arbeider med konsekvensutgreiing (KU) for ikkje prissette konsekvensar. Figur 1.1 Kartskisse som viser dei tre alternativa. Alternativ 1 følger dagens trasé, men med rundkøyring ved Amfi. Alternativ 2 går gjennom Markegata, med T-kryss på Evja. Alternativ 3 går gjennom Markegata, med rundkøyring på Evja. 2 Metode Kost-nytteanalyse er ein metode for å synleggjere konsekvensane av alternative tiltak før det vert gjort avgjersler. Tre alternativ for Rv.5 gjennom Florø sentrum har vore vurdert i forprosjektet utarbeidd av Statens vegvesen. Bakgrunnen for vurderinga av konsekvensar er fagrapportane for kvart tema, støy, luftforureining og trafikk, og det er gjort ein oppsummering av fagrapportane i kap.3. Det er utførd ei overordna vurdering av konsekvensar for miljø, helse og trafikk. Konsekvensane er vurdert opp mot 0-alternativet (dagens situasjon) med prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 4 AV 18
3 Samandrag delrapportar 3.1 Støy Figur 3.1 Influensområdet. Figur 3.2 Dagens situasjon prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 5 AV 18
Figur 3.3 Alt.1 prognoseår 2040. Figur 3.4 Alt.2 prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 6 AV 18
Figur 3.5 Alt.3 prognoseår 2040. Oppsummering Utbetring og omlegging av Rv.5 gjev berre mindre endringar i den totale støysituasjonen. Alternativ 2 og 3 flyttar støybelastninga frå del av Skudalsvegen til austleg del av Markegata som tidlegare har vore lite støyutsett. Dette vil vera ei belastning for dei som bur langs denne delen av Markegata. Som følgje av tiltaket vil det måtte gjennomførast støyavbøtande tiltak (lydisolering av fasade, skjerming av uteplass osv. ) som vil betra støysituasjonen for dei mest støyutsette eigedomane. Konsekvensane av tiltaket (jf. Statens vegvesen handbok V712) i forhold til 0-alternativet er vurdert som følgjer: Tema Alternativ 1 Alternativ 2 Alternativ 3 Vegtrafikkstøy 0 - - Ved ei eventuell omlegging må det støyfagleg arbeidet vidareførast og detaljerast ytterlegare med ei detaljert vurdering av støyavbøtande tiltak langs veg. Eigedomar som skal vurderast for lokale støytiltak må identifiserast. RAPPORT SIDE 7 AV 18
3.2 Luftforureining Dagens situasjon Figur 3.6 Dagens situasjon, årsmiddel. Figur 3.7 Dagens situasjon, vintermiddel. RAPPORT SIDE 8 AV 18
Alt.1 - prognoseår 2040 Figur 3.8 Alt.1 prognoseår 2040, årsmiddel. Figur 3.9 Alt.1 prognoseår 2040, vintermiddel. RAPPORT SIDE 9 AV 18
Alt.2 - prognoseår 2040 Figur 3.10 Alt.2 prognoseår 2040, årsmiddel. Figur 3.11 Alt.2 prognoseår 2040, vintermiddel. RAPPORT SIDE 10 AV 18
Alt.3 - prognoseår 2040 Figur 3.12 Alt.3 prognoseår 2040, årsmiddel. Figur 3.13 Alt.3 prognoseår 2040, vintermiddel. RAPPORT SIDE 11 AV 18
Oppsummering Den største kjelda til luftforureining i dagens situasjon er Rv.5. Berekningane viser gul og raud luftforureiningssone ikkje har ei utstrekning frå veg som har innverknad på støyfølsam busetnad. Den største kjelda til luftforureining i dei tre framtidige situasjonane er Rv.5. Berekningane syner at gul og raud luftforureiningssone ikkje har utstrekning frå veg som har innverknad på arealfølsam busetnad. Det vil ikkje vere bustader innanfor gul eller raud luftforureiningssone for 0-alternativet eller for nokon av dei føreslåtte alternativa. Alternativa skil seg lite frå dagens situasjon. Rundkøyring og mindre justering av vegliner påverkar lokal luftkvalitet i liten grad. Tiltak i anleggsperioden Masseutskifting samt seinare bygge- og anleggsarbeid vil kunne føre til meir oppvirvling av støv i området, særleg under graving og transport av massar. Støv som oppvirvlast frå massetransport og graving består i stor grad av større partiklar enn svevestøv og partiklane vil verte deponert forholdsvis nær utsleppskjelda. For å hindre store mengder støv frå anleggsplassen, kan det gjerast enkle tiltak som for eksempel at det vert utarbeidd ein transportplan for all køyring til og frå anlegget og inne på byggeplassen. Hjulvask, reingjering av vegar og tildekking av massar er relativt enkle tiltak for å hindre støv frå anleggsbilar og kan inngå i miljøoppfølgingsplan (MOP). RAPPORT SIDE 12 AV 18
3.3 Trafikk Dagens situasjon - prognoseår 2040 Figur 3.14 ÅDT dagens situasjon, prognoseår 2040. Figur 3.15 Trafikkavvikling dagens situasjon, prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 13 AV 18
Alt.1 - prognoseår 2040 2040 Figur 3.16 ÅDT Alt.1, prognoseår 2040. Figur 3.17 Trafikkavvikling Alt.1, prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 14 AV 18
Alt.2 og 3 - prognoseår 2040 2040 Figur 3.18 ÅDT Alt.2 og 3, prognoseår 2040. Figur 3.19 Trafikkavvikling Alt.2, prognoseår 2040. RAPPORT SIDE 15 AV 18
Figur 3.20 Trafikkavvikling Alt.3, prognoseår 2040. Oppsummering Dei tre alternativa for utbetring av Rv. 5 gjennom Florø sentrum er vurdert i forhold til funksjonalitet for brukarane av transportsystemet. Konsekvensane av tiltaket sett i forhold til 0-alternativet (endringar i konsekvens, jf. Statens vegvesen, Handbok 712, konsekvensanalysar) er vurdert som følgjer: Tema Alternativ 1 Alternativ 2 Alternativ 3 Trafikkavvikling og kapasitet Tilgjenge og køyremønster Transportøkono mi + 0 ++ 0 ++ ++ 0 + + Trafikktryggleik + +++ +++ Alternativ 3 er vurdert som det klar beste alternativet når det gjeld funksjonalitet for brukarane av transportsystemet. Grunngjevinga for dette er som følgjer: Alternativ 1 vil ikkje gje vesentlege endringar i funksjonalitet for brukarane av transportsystemet. Noverande problem med låg vegstandard, dårleg trafikktryggleik og eit lite logisk køyremønster vert oppretthaldt som i dag. Løysinga kan setje grenser for potensiell byutvikling på grunn av manglande vegkapasitet / uakseptabel vegstandard. Både alternativ 2 og 3 vil etablere eit vesentleg meir logisk køyremønster med betre vegstandard og trafikktryggleik. Tilgjenge mellom Firdavegen og Amfi vert noko redusert, men dette vurderast som eit vesentleg mindre problem enn dagens ulogiske traseløysing for Rv.5 inn mot sentrum. Trafikktryggleiken vert vesentleg betre i alternativ 2 og 3. Dette er i første rekkje knytt til RAPPORT SIDE 16 AV 18
utbetringa av kryssa ved Firdavegen og Evja, men også fordi ein får ei lengre samanhengande strekning med 40 km/t i eit meir logisk trafikksystem. Alternativ 2 har vesentlege utfordringar med kapasitet i kryssløysinga på Evja ved Hjellegata, medan alternativ 3 (rundkøyring) vil gje akseptabel trafikkavvikling. 4 Overordna vurdering av konsekvensar Vurderingane er basert på fagrapportane for støy, luftforureining og trafikk. Konsekvensane er vurdert i forhold til 0-alternativet prognoseår 2040. Støy Luftforureining Trafikk Alternativ 1 Alternativ 2 Alternativ 3 Ubetydelege endringar i den totale støysituasjonen. Ubetydelege mengder luftforureining, ingen bustader vert påverka. Inga vesentlege endringar i funksjonalitet for brukarane. Vidareføring av lite logisk køyremønster. Betre trafikktryggleik pga. samanhengande strekning med 40 km/t. Kan vere negativ for byutvikling pga. manglande vegkapasitet. Inga endringar i trafikkmengd. Mindre negative endringar i den totale støysituasjonen. Støybelastninga flyttar frå del av Skudalsvegen til austleg del av Markegata som tidlegare har vore lite støyutsett. Avbøtande tiltak naudsynt. Ubetydelege mengder luftforureining, ingen bustader vert påverka. Vesentleg betre køyremønster med betre vegstandard. Vesentleg betre trafikktryggleik pga. utbetring av kryssa ved Firdavegen og Evja, og samanhengande strekning med 40 km/t. Vesentlege utfordringar med kapasitet i kryssløysinga på Evja. Liten reduksjon i trafikkmengda gjennom Markegata. Mindre negative endringar i den totale støysituasjonen. Støybelastninga flyttar frå del av Skudalsvegen til austleg del av Markegata som tidlegare har vore lite støyutsett. Avbøtande tiltak naudsynt. Ubetydelege mengder luftforureining, ingen bustader vert påverka. Vesentleg betre køyremønster med betre vegstandard. Vesentleg betre trafikktryggleik pga. utbetring av kryssa ved Firdavegen og Evja, og samanhengande strekning med 40 km/t. Akseptabel trafikkavvikling ved Evja pga. rundkøyring. Liten reduksjon i trafikkmengda gjennom Markegata. RAPPORT SIDE 17 AV 18
5 Anbefaling Støy Det er lite som skil alternativa med omsyn til støy, men alternativ 2 og alternativ 3 får mindre negative endringar sidan noko av støybelastninga vert flytta får Skudalsvegen til austlege delen av Markegata. Inga endring i den totale støysituasjonen for alternativ 1. Luftforureining Det er ubetydelege mengder luftforureining for alle alternativa for prognoseår 2040 og for dagens situasjon. Trafikk Vesentleg betre køyremønster for alternativa 2 og 3. Vidareføring av lite logisk køyremønster for alternativ 1. Vesentleg betre trafikktryggleik for alternativa 2 og 3 pga. utbetring av kryssa mellom Firdavegen og Evja. Betre trafikktryggleik for alternativ 1 pga. samanhengande strekning med 40 km/t. Alternativ 2 har vesentlege utfordringar med kapasitet i kryssløysinga på Evja. Alternativ 3 har akseptabel trafikkavvikling pga. rundkøyring. Manglande vegkapasitet i alternativ 1 kan vere negativt for byutvikling. Alternativ 1 gir inga endringar i trafikkmengd. Alternativa 2 og 3 gir ein liten reduksjon av trafikkmengd gjennom Markegata. Anbefaling: Alternativ 3 Det er lite som skil alternativ 2 og 3, men alternativ 3 vert anbefalt pga. akseptabel trafikkavvikling på Evja. 6 Vedlegg 1. Rapport støy, sist revidert 19.04.2017 2. Rapport Luftforureining, sist revidert 19.04.2017 3. Rapport Trafikk, datert 06.04.2017 RAPPORT SIDE 18 AV 18