Ørskog kommune Kvalitetsplan for utvikling av oppvekstområdet i perioden 2015 2018 Vedteken av Ørskog kommunestyre 12.02.15 Innleiing Kvalitetsplanen for oppvekstområdet i Ørskog kommune omtalar satsingsområde og mål innan barnehage, grunnskule, skulefritidsordninga (SFO) og PPT i perioden 2015 2018. Eigar har i samarbeid med einingane ansvar for iverksetting og oppfølging av planen. Planen er i tråd med lover og forskrifter statlege satsingsområde føringar i rammeplan for barnehage og læreplan for grunnskulen kommuneplanen lokale prioriteringar Kvalitetsplanen skal vere eit mellomledd mellom kommuneplanen og dei årlege verksemdsplanane. Planen vidarefører dei fire satsingsområda frå Pedagogisk utviklingplan for perioden 2011 2014. - Sosial kompetanse - Skule lokalsamfunn - Fagkompetanse - Læringsmiljø
Forankring i Ørskog kommune sin Kommuneplan for 2007 2019. Barn og unge skal ha trygge og gode oppvekstmiljø med høge utviklings- og læringsmål. Kvart barn og kvar ungdom skal oppleve å meistre, å høyre til, å bli sett. Dette vert utdjupa vidare på følgjande måte: Tilboda skal vere tilpassa kvart einskild barn sine behov. Skulane må få grunnlag til å gje barna kunnskap, verdiar og kultur i skulemiljø prega av tryggleik, trivsel og personleg utvikling. Alt skal skje i nært samarbeid med heimane. Samarbeid med det lokale næringslivet skal prioriterast. Barnevernstenesta, helsetenesta og PP-tenesta sine oppgåver for barn og unge skal utviklast vidare med særleg vekt på førebyggjande arbeid. Sosial kompetanse Mål: Barna i Ørskog skal oppleve gode psykososiale miljø i barnehagar og skular. Dei skal utvikle sosial kompetanse slik at alle opplever barnehagane og skulane som gode arenaer for samver og læring. Det er eit særskilt mål å hindre mobbing. Alle einingane skal ha klare rutinar for korleis krenkande åtferd skal førebyggast, avdekkast og handterast.
Kontakt med heimen og lokalmiljøet Mål: Barna i Ørskog skal oppleve at barnehagen og skulen ser på heimen og lokalmiljøet som ressursar for barna si læring og utnyttar desse gjennom aktivt samarbeid. Barnehagane og skulane skal legge til rette for gode møteplassar med heimen og skal aktivt arbeide med å inkludere foreldra i barnet/eleven sitt læringsarbeid. Barnehagane og skulane skal gjennomføre min. to utviklingssamtalar pr. år. For elevar i 1. klasse som går på SFO, skal ein av dei tilsette der vere med i deler av samtalen. Elles deltek SFO i felles utviklingssamtale etter behov. Barnehagar, skular og SFO skal ha skriftlege rutinar for samarbeidet med heimen. Desse skal sikre at foreldre kjenner sine rettar og plikter, ma retten til å klage på einskildvedtak. I barnehage, skule og SFO skal gjensidige forventningar i høve utvikling og læring nedfellast i skriftlege dokument. Barnehagen og skulen skal utarbeide og nytte malar for utviklingssamtalen. Desse skal vere felles for hovudstega. Jfr mål om å arbeide som ein lærande organisasjon. Barnehagen og skulen skal nytte ny teknologi for å kome målretta ut med informasjon. Barnehagane og skulane skal legge til rette for gode møteplassar med representantar frå lokalmiljøet og lage planar for korleis dei aktivt skal samarbeide med lokale ressurspersonar, organisasjonar, bedrifter og liknande.
Fagleg kompetanse Elevkompetanse: Mål: Barna i Ørskog skal få opplæring i tråd med eigne føresetnader og måla i rammeplan og læreplanar. Både i barnehagen og i skulen skal ein legge vekt på tidleg innsats. Elevane skal særleg utvikle dei grunnleggjande ferdigheitene; å uttrykke seg munnleg og skriftleg, å kunne lese og rekne, utvikle digital kompetanse. Ein skal også legge til rette for utvikling av gode motoriske ferdigheiter. Barnehagane og skulane pliktar å følgje rutinar for samanheng mellom barnehage skule/sfo og barnesteg ungdomssteg. Ein skal ha særleg fokus på erfaringsutveksling for å sikre samanheng og progresjon i læringsinnhaldet Skulen skal følgje NyGiv, - eit program i regi av Møre og Romsdal fylke som skal sikre overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande opplæring Barnehagane, skulane og PPT skal ha fokus på tidleg innsats. Dette skal kunne dokumenterast gjennom tilrettelagte tilbod. Tidleg kartlegging og god tilrettelegging dei fyrste åra skal føre til mindre behov for spesialpedagogiske tiltak seinare Barnehagane, skulane og PPT skal i samarbeid utvikle eit system for oppfølging av minoritetsspråklege barn Barnehagane skal ha eit system som sikrar progresjon i læringa utifrå rammeplanen sine kompetanseområde. Barnehagane skal bruke IKT/nettbrett som eit verktøy til læring gjennom leik og kommunikasjon og ha skriftlege rutinar for dette arbeidet. Barnehagane skal i perioden ha særleg fokus på språkutvikling. Barnehagane tek del i utviklingsprosjekt rundt «Informasjon til foreldre» Skulane skal ta del i den nasjonale satsinga «Vurdering for læring, ferdig implementert våren 2016. Skulane skal ta del i Ungdomstrinnsatsinga frå hausten 2016. Ein skal utarbeide skriftlege rutinar for overgangane skuledag/skulefritidsordning SFO skal ha fokus på ernæring, helse, trivsel, leik og fysisk aktivitet. Personalkompetanse: Mål: Barnehagane, skulane og PPT i Ørskog skal ha eit godt kompetent personale (jf. Plan for kompetanse-utvikling) Ørskog kommune skal kartlegge kompetansebehov og utarbeide ein plan for kompetanseheving og rekruttering for tilsette i barnehage, skule, SFO og PPT. Tilsette i barnehagar, skular, SFO og PPT skal oppleve eit inspirerande arbeidsmiljø, som er fritt for mobbing og trakassering, og som kan motivere til vidare utvikling. Alle barnehagar, skular og SFO skal framstå som lærande organisasjonar. Det skal leggast til rette for kollegalæring og felles refleksjon rundt opplæringa. Kvar eining skal ha eit system for å følgje opp medarbeidarane. Nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal følgjast særskilt opp gjennom observasjon og rettleiing. Pedagogisk leiing i barnehagen og klasseleiing i skulen skal ha høg prioritet.
Læringsmiljø Mål: Barna i Ørskog skal ha eit godt fysisk og psykisk læringsmiljø med særleg vekt på tryggheit, trivsel, tilpassa opplæring og god helse. Barnehagane og skulane skal vere godkjende i tråd med «Forskrift for Miljøretta helsevern i skular og barnehagar» Gjennomgang kvar 5. år. Sjøholt skule skal renoverast og byggast ut, - målet er ein ny skule i 2017. I byggeperioden må undervisninga leggast til lokale som tek i vare det fysiske og psykiske læringsmiljøet til elevane på ein tilfredsstillande måte. I barnehagen skal det leggast til rette for eit variert læringsmiljø med fokus på å utvikle eit rikt språk. På skulen skal det vere særleg fokus på varierte og presise vurderingsformer, jfr satsingsområdet «Vurdering for læring». PPT skal gje barnehagane og skulane rettleiing på systemnivå når det gjeld å legge til rette for tilpassa opplæring i klassene. Skulane skal jobbe målretta med læringsmiljøet, jfr Opplæringslova 9a Alle einingane skal ta del i tverrfagleg samarbeid som også omfattar psykiske helse, både på individ- og på systemnivå. For tida organisert gjennom «Basisteamet».
Kvalitetsvurdering som utgangspunkt for kvalitetsutvikling. Den årlege Kvalitetsmeldinga for Ørskogskulen skal vere gjenstand for dialog på skulane, i samarbeidsorgana til skulane og i kommunen sine politiske fora. Det skal i planperioden utviklast ei Kvalitetsmelding for Ørskogbarnehagen. Den skal bygge på årsmeldinga, og skal innehalde pedagogisk dokumentasjon som synleggjer for foreldre, barnehageeigar og kommunen som tilsynsmyndigheit kva barna opplever, lærer og gjer i barnehagen. Skulane skal gjennomføre nasjonale kartleggingsprøver i lesing, rekning, engelsk og digitale ferdigheiter, både obligatoriske og frivillige prøver. Det skal utviklast rutinar for arbeidet og kunne dokumenterast korleis dette vert følgt opp. Skulen skal ha skriftlege rutinar for å følgje opp forskrift om vurdering. Vurdering skal brukast som ein reiskap i læreprosessen, som grunnlag for tilpassa opplæring og skal medverke til at eleven aukar kompetansen sin i faga. Jfr. «Vurdering for læring». Ørskog kommune skal ha høg overgang til og gjennomføring av vidaregåande opplæring. Barnehagane, SFO og PPT skal årleg gjennomføre brukarundersøkingar og medarbeidarundersøkingar. Desse skal følgjast opp i tråd med interne rutinar utarbeidd sentralt i kommunen. Den private barnehagen har eigne, interne rutinar. Skulen skal årleg gjennomføre Elevundersøkinga og Foreldreundersøkinga utarbeidd av UDIR. Oppfølginga skal vere i tråd med interne rutinar, jfr resten av kommunen. Ørskog kommunestyre har gitt skulane i oppgåve å diskutere resultata i Kvalitetsmeldinga med særleg vekt på læringsmiljøet og utarbeide konkrete handlingsplanar for korleis ein kan nå dei konkrete måla, sjå neste pkt.. Ørskog kommunestyre vil gjennom handsaminga av Kvalitetsmeldinga vedta konkrete mål for Ørskogskulen. Desse skal rullerast årleg, - for 2014/2015 gjeld følgjande målsetjingar: elevane si vurdering skal vere betre enn landsgjennomsnittet på alle delspørsmåla i Elevundersøkinga elevane skal gjere det betre enn landsgjennomsnittet på Nasjonale prøver elevane skal i snitt ha minst eitt grunnskulepoeng meir enn landsgjennomsnittet alle elevar skal vere i arbeid eller ha eit tilbod i vidaregåande opplæring hausten etter 10. klasse. Det skal utarbeidast eit kvalitetshjul for dei kommunale barnehagane, grunnskule og PPT med oversikt over årlege rutinar Verksemdsplan, ferdig i løpet av januar i tråd med budsjettvedtak Kartlegging av personalbehov neste skuleår, i løpet av januar Tertialrapportar, ferdig 20. mai og 20. september 20. januar Årsmelding, ferdig ved utgangen av mars Utarbeiding og handsaming av Kvalitetsmeldingane Dialogmøte på skulane i aug/september, etter kvart også for barnehagane Nettverksmøte for pedagogisk personale Rektor- og styrarmøte kvar månad, fellesmøte 2 ggr pr. halvår Lovpålagt tilsyn i barnehagane kvart andre år, i samarbeid med Stordal PPT sitt årshjul med rutinar i høve spesialundervisning
Felles system kvalitetssikring. Mål: KF Kvalitetssystem skal gje informasjon og oversikt som sikrar at Ørskog kommune gir gode tenester i tråd med lover og forskrifter, - samt eksterne og interne satsingsområde og prioriteringar. Dei kommunale barnehagane, skulane og PPT skal frå 1. januar 2015 ta i bruk det digitale verktyet KF Kvalitetssystem. Barnehagane skal i løpet av perioden ta i bruk det digitale verktyet Moava 1310 for å sikre og dokumentere at Lov om barnehagar vert følgt. Skulane skal frå 1. januar 2015 ta i bruk det digitale verktyet Moava 1310 for å sikre og dokumentere at Lov om Opplæring vert følgt. Skulane skal frå 1. januar 2015 ta i bruk det digitale verktyet Vokal for å vurdere, sikre og dokumentere kor vidt elevane sitt utbytte av undervisninga er i tråd med Lov om Opplæring. Barnehagane skal nytte kartleggingsverktya «TRAS» og «Alle med» utifrå behov.
Planen er vedteken i Ørskog kommunestyre 12.02.2015 og gjeld i perioden 2015 2018.