SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Like dokumenter
SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping

Ei sentral føring er universitetsambisjonen og den profesjons- og arbeidslivsretta profilen.

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft - nyskaping. Kommentar til foreslått HVL-strategi fra Institutt for økonomi og administrasjon (IØA), FØS.

Høringssvar frå CASE senteret på utkast til Strategi HVL 2023

Strategifrukost/lunsj

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Regional samhandling. Statleg leiargruppe Januar 2018

Strategi Ny kunnskap ny praksis

Samhandling om kompetanseutvikling i eit nytt storfylke. Mai 2018

Strategi HVL 2023 Samspel berekraft nyskaping

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærleik til kunnskap

Strategi for. Høgskolen i Oslo og Akershus. Ny viten, ny praksis

Strategi Visjonen: Samskaping av kunnskap. Strategien og samfunnsoppdraget. Læring og utdanning for framtiden.

S T R A T E G I D O K U M E N T

Høyringssvar HVL-strategi

Strategisk plan for HVL, innspel til prodekan strategisk satsing. Generelt

Modell for styring av studieporteføljen

Innspel til strategisk plan Oppsummering frå personalseminar i Balestrand 15. og 16. januar 2009

Pedagogisk plattform

<forside> Strategi Høgskolen i Bergen. Samspel i kunnskapsfronten. Sak 18 15/16 Vedlegg 6

NTNUs politikk for samarbeid med arbeidslivet

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Grøn læring. Rektor Berit Rokne Toppledermøte Klimapartnere Hordaland HVL Kronstad 27. januar 2017

Foto: Thnkstock. Foto: Elin Iversen. NTNUs politikk for samarbeid med arbeidslivet Vedtatt Foto: Maxime Landrot/NTNU

STRATEGISK PLAN

Strategi Forord

Strategi 2024 Leverer kunnskap som løser samfunnets utfordringer

1. Visjon Verdier Formål og profil Dimensjon 1 - Kunnskap om og for velferdssamfunnet... 6

STRATEGIPLAN HØGSKOLEN I ÅLESUND

STRATEGIPLAN VEDTATT AV HØGSKOLESTYRET , HS SAK 13/12

FoU i næringslivet. Hvordan kan HVL legge til rette for et mer kunnskapsbasert næringsliv? Rektor Berit Rokne Kontaktkonferansen 15.

En utvikling på høgskolenes premisser?

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Fakultet for helse- og sosialvitskap

Strategi 2024 Høringsutkast

Kunst- og designhøgskolen i Bergen er en ledende arena for nytenkning og utprøvende kunstnerisk utviklingsarbeid og utdanning.

Strategisk plan

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Høgskolen i Lillehammer. Strategisk plan hil.no

Høgskolen i Sørøst-Norge. Samfunnsforankring

Strategi for Haraldsplass diakonale høgskole

Høgskolen i Sørøst-Norge. Forskning og faglig utviklingsarbeid

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Studentar som lukkast. Kunnskap som endrar

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Fakultet for kunstfag

Føringer i fusjonsplattformen. Møte i gruppe for faglig organisering 18.09

Strategisk plan. Høgskolen i Nord-Trøndelag Nærhet til kunnskap

STRATEGI 2022 NORSK SENTER FOR UTVEKSLINGSSAMARBEID

Strategisk plan UTKAST

Sterkere sammen. Strategi for

Strategisk plan for Høgskolen i Telemark

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Strategi Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Fakultet for landskap og samfunn

KLIPPFISK-KONFERANSEN Dato

LÆREPLANER PÅ TVERS: UTDRAG FRÅ NOEN AV FAGPLANENE SOM ER SENDT UT PÅ HØRING

Vedlegg 2: Målstrukturen for universiteter og høyskoler

Avdeling for helse- og sosialfag. Strategisk plan

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Politikk for utvikling og kvalitet i studieporteføljen

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet Fakultet for landskap og samfunn. Visjon for Institutt for eiendom og juss

Kunnskap for ei betre verd

Strategi Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

FAKULTET FOR SAMFUNNS- OG UTDANNINGVITSKAP

Strategi for Norsk senter for menneskerettigheter

Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter KRUS. Strategiplan

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING

Høgskulen på Vestlandet. Send høringsinnspill til Merk svaret «høyring strategi HVL 2023»

Visjon. Regionalt forankret og internasjonalt konkurransedyktig

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Bedre helse personen i sentrum. Better health personcentredness. Strategiplan for Fakultet for helsevitenskap mot 2020

Regional plan for verdiskaping plantema «kunnskap»

Kvalitet er målet med alt

Mennesker og samfunn i Arktis

Høyringsinvitasjon og mal for høyringssvar

Avtale om gjennomføring av fusjon mellom

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Strategi. Kunnskap for betre skule og utdanning. Strategi for NTNU Institutt for lærarutdanning. NTNU Institutt for lærarutdanning

Utkast Strategisk plan 2025

Fra nestleder-ståstedet. Innlegg UHR s dekanskole Lise Iversen Kulbrandstad, nestleder UHR, rektor Høgskolen i Hedmark

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Tett samhandling med praksisfeltene skal bringe ny viten og ny praksis inn i en verden med nye utfordringer!

Strategisk plan for LLE

Realfag og teknologi mot 2030 (Diskusjonsdokument)

Kortversjon FMMR Strategiplan

Mulighetenes øyeblikk Jarle Aarbakke, Britt-Vigdis Ekeli, Curt Rice

Arbeidsliv Bærekraft Entreprenørskap

HANDLINGSPLAN FOR SAMARBEID MED ARBEIDSLIVET

Det odontologiske fakultet er en åpen arena for forskning og innovasjon innenfor helsefagene med et særlig ansvar for munnhelsefeltet.

Strategi for Norsk senter for menneskerettigheter (SMR)

Det medisinske fakultet Strategi for Det medisinske fakultet, NTNU

SAMSPEL I KUNNSKAPSFRONTEN STRATEGI

Strategisk plan 2025

Strategisk plan 2025

Innspel til justeringar i høyringsforslag Sortering i høyringssvar HVL-strategi 2023

Samarbeid med arbeidslivet for auka undervisningskvalitet

HAV LIV SAMFUNN STRATEGI // UNIVERSITETET I BERGEN PLAN FOR OPPFØLGING

Transkript:

SAMSPEL BEREKRAFT NYSKAPING STRATEGI 2019 2023 1

Nøkkeltal 2018 16 000 studentar 1600 tilsette 42 bachelorprogram 35 masterprogram 3 ph.d.-program (to program til under evaluering) 1 fagskule for dykkarutdanning 5 campusar > Førde > Sogndal > Bergen > Stord > Haugesund 4 fakultet > Lærarutdanning, kultur og idrett > Helse- og sosialvitskap > Ingeniør- og naturvitskap > Økonomi og samfunnsvitskap Ambisjonar og profil Høgskulen på Vestlandet skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. I utdanning, forsking og utviklingsarbeid skapar vi ny kunnskap og kompetanse, forankra internasjonalt og omsett til løysingar som verkar lokalt. I den profesjons- og arbeidslivsretta profilen vår står samspel, berekraft og nyskaping sentralt. Vestlandet regionen vår Universitetet som vi saman skal arbeide for å bli, skal vere ein viktig skapande faktor i utforminga av det framtidige Vestlandet. Historisk har Vestlandet vore prega av egalitær samfunnsstruktur med sjølveigande bønder, kystkvinner og lokalt entreprenørskap, sterke motkulturar og folkerørsler og ikkje minst spreidd busetnad. Byen var Bergen. Sjølv om det har budd folk i Vest-Noreg i meir enn ti tusen år, kan ein først spore tanken om eit «Vestland» tilbake til midten av 1700-talet. Nokre av kjenneteikna ved landsdelen vår i dag er: > Store naturressursar: Fisk, rein energi, olje og gass > Internasjonalt og industriretta næringsliv med mykje eksport > Kunnskapsmiljø i verdsklasse > Havet, sjøen, fjordane, fjella > Fjordbygder, ferjer og kystbyar > Veksande byområde og bygdesamfunn under press > Regiondialektane og nynorsken Samspel handlar om samhandling med omgjevnadane og internt i høgskulen. Det trengst fleirfagleg kompetanse for å finne gode løysingar på utfordringane i samfunnet. Vi vil utvikle ny kunnskap i tett samspel med omverda. Vi har noko å tilføre kvarandre mellom fagmiljø, mellom campusar og mellom tilsette og studentar. Berekraft handlar om vårt felles globale ansvar både for dei som lever i dag og dei som kjem etter oss. Med breidda i faga våre er alle dei 17 berekraftmåla som FN har sett relevante for oss. HVL skal vere ei drivkraft for berekraftig utvikling. Nyskaping handlar om å forbetre produkt og tenester, vidareutvikle profesjonar og teknologi, arbeidsmetodar og undervisningsformer. Vi skal vere innovative og utruste studentane med kompetanse som gjer dei kreative, løysingsorienterte og nyskapande. 2 3

Visjon Kunnskap som bygger menneske og samfunn Verdiar Utfordrande Vi stiller spørsmål ved det etablerte ved å fremme handlekraft, kritisk tenking og evne til refleksjon. Delande Kunnskap veks når den blir delt. Gjennom dialog med samfunnet og kvarandre, bidrar vi til at ny kunnskap veks og får gjennomslagskraft. Tett på Det er nærleik mellom studentar og tilsette, og mellom høgskulen og arbeidslivet vi utdannar til og saman med. Vi arbeider praksisnært og vidareutviklar studia til beste for regionen. 4 5

Vårt bidrag til samfunnet Danne og utdanne høgt kompetente kandidatar til beste for samfunnet HVL skal danne og utdanne kompetente kandidatar for arbeidslivet. Studentane skal bli rusta til å vere ansvarlege pådrivarar for nyskaping og berekraft. Utdanningane skal halde høg kvalitet, også i internasjonal samanheng, og bygge på forskingsog erfaringsbasert kunnskap. I studia skal studentane få praktisk erfaring og kontakt med profesjonar og arbeidsliv. Vi skal stimulere studentane til å vere aktive og nysgjerrige og til å ta ansvar for eiga læring. Gjennom trygge og gode læringsmiljø utdannar vi kompetente studentar som trivst og tør satse. Undervisning og vurdering skal vere kjenneteikna av gode lærarar som nyttar framtidsretta, forskingsbaserte og varierte arbeidsformer. Bachelor- og grunnutdanningane er berebjelken i studieporteføljen vår, og høg kvalitet her er ein føresetnad for å lukkast med universitetsambisjonen. HVL skal ta ansvar for at profesjons- og arbeidslivsretta kunnskap kjem fleire til gode gjennom livslang læring. Etter- og vidareutdanningar som arbeidslivet etterspør står sentralt i dette. Mål på at vi lykkast > Eit godt læringsmiljø og eit aktivt studentdemokrati > Utdanningar som er utvikla og gjennomført i samarbeid med arbeidslivet > Utdanningar med høg kvalitet og internasjonal dimensjon > God studentrekruttering og godt kvalifiserte søkjarar til alle campusar > Studentar som fullfører på normert tid Drive forsking, utviklingsarbeid og innovasjon av høg internasjonal kvalitet Vi skal utvikle ny kunnskap som bidrar til å løyse utfordringane i samfunnet i eit berekraftig perspektiv. HVL sin profesjons- og arbeidslivsretta profil skal vere styrande for kva kunnskap og kompetanse vi skal utvikle. Vi skal ta ei leiande rolle på satsingsområda våre, og vere ein pådrivar for tverrfagleg forsking, samarbeid og innovasjon. For å sikre auka kvalitet og relevans, skal forskingsverksemda skje i eit regionalt, nasjonalt og internasjonalt forskarfellesskap. Studentane og samarbeidspartnarane skal involverast. HVL skal styrke forsking i nettverk og partnarskap på Vestlandet. Vi skal vidareutvikle kulturen for opne data og open publisering, ta ansvar for god forskingsetikk og legge til rette for kreativitet og entreprenørskap. Forskingsmiljøa skal vere aktive i å søke om eksterne midlar både nasjonalt og internasjonalt. Mål på at vi lykkast > FoU og innovasjon i samspel med samfunnet og med god studentinvolvering > Profesjons- og arbeidslivsretta forsking på tvers av fagfelt > Høg grad av ekstern finansiering > Omfattande vitskapleg publisering av høg kvalitet > Tilsette deltar i forskingsnettverk og klyngesamarbeid Formidle og dele aktuell kunnskap og kompetanse Den kompetansen vi har og den kunnskapen vi utviklar, skal samfunnet kunne ta i bruk. HVL skal vere ein tydeleg nasjonal og internasjonal formidlar av ny kunnskap innan fagområda våre. Vi involverer relevante brukarar i kunnskapsutvikling. HVL skal vere ein viktig samfunnsaktør som legg premissar for politikkutforming. Tilsette har eit ansvar for å delta i den offentlege debatten og aktivt stille spørsmål som samfunnet treng svar på. HVL skal også vere ein arena for kunnskapsdeling og debatt. Vi har ein tydeleg nynorsk profil, og skal arbeide aktivt for norsk som eit fullverdig vitskapeleg språk. Mål på at vi lykkast > HVL er ein sentral samarbeidspartnar for institusjonar og verksemder på Vestlandet > Tilsette er aktive deltakarar i den offentlege debatten og er kjende for høg kompetanse på sine fagområde > HVL er ein tydeleg formidlar av ny kunnskap > HVL er ein attraktiv tilretteleggar av kompetanseutvikling > HVL får gjennomslag i utforming av politikk 6 7

Felles faglege satsingsområde Dei felles faglege satsingsområda skal vere gjennomgåande perspektiv for verksemda vår, samtidig som dei er fordjupingsområde for forsking og utdanning. For å utvikle heilskapleg kunnskap innan områda, treng vi kompetanse på tvers av fagmiljøa. Satsingsområda skal styrke den profesjons- og arbeidslivsretta profilen, med samspel, berekraft og nyskaping som berande element. Dette inneber å vedlikehalde og utvikle gode koplingar til profesjonar, velferdsinstitusjonar, offentleg forvaltning og private verksemder. Ansvarleg innovasjon Ansvarleg innovasjon dreier seg om innovasjonar som tar høgde for miljømessige, sosiale, etiske og økonomiske aspekt. HVL skal utdanne reflekterte kandidatar som kan bidra til fornying av varer, tenester og prosessar. Prinsippa for ansvarleg innovasjon skal også vere styrande for dialogen med samfunnslivet, og arbeidet med å forbetre eiga verksemd og utdanningane våre. Berekraftig utvikling Berekraftig utvikling er eit globalt omgrep som erkjenner at vi berre har éin klode med avgrensa ressursar og at vi må ta vare på den i fellesskap på ein rettferdig måte. Arbeidet for ei berekraftig utvikling skal reflekterast tydeleg i all verksemd ved HVL i utdanning, forsking og dagleg drift. Danning Danning i forsking og utdanning gir høve til å fremme perspektiv, teoriar og handlingar som gjer at vi kan forstå den verda vi lever i og samtidig gjere oss i stand til å meistre stadig meir komplekse utfordringar. Danning skal bidra til at vi tar i bruk kunnskap med klokskap. Det inneber òg ansvar for å utdanne studentane til kritisk reflekterte samfunnsborgarar og yrkesutøvarar. Folkehelse Å fremme folkehelse handlar om å legge til rette for gode levekår og sunne levevanar, fellesskap og tryggleik, livsmeistring og deltaking. HVL skal vere pådrivar og inspirasjonskjelde for å drive folkehelsearbeid på tvers av økonomiske og kulturelle føresetnader. Profesjons- og arbeidslivsretting Profesjons- og arbeidslivsretting handlar om å sikre fagutvikling og kritisk refleksjon av kunnskapsgrunnlaget for utdanningane våre. Vi skal systematisk utvikle ny kunnskap som er relevant for profesjonsutøvinga, i eit spenningsfelt mellom akademisk og praksisbasert kunnskap i dei ulike utdanningane. Sikkerheit Sikkerheit er viktig for samfunn og individ. HVL vil prioritere kunnskapsutvikling innan liv, helse og miljø. Aktuelle tema er pasient- og personsikkerheit, data- og informasjonssikkerheit, trygge mellommenneskelege relasjonar, sikkerheit knytt til maritim aktivitet og operasjonar til havs, førebygging og handtering av brann, kunnskap om varsling og sikring av naturfarar som skred og flaum. Teknologi Teknologi er ein viktig del av løysinga for fleire av utfordringane i samfunnet. Dette gjer at vi må reflektere og drøfte etiske, menneskelege og organisatoriske utfordringar. Ved å kombinere teknologiar med anna fagkunnskap skal vi finne løysingar og stille relevante spørsmål. Som arbeidstakarar skal studentane kunne bidra i komplekse endringsprosessar der digitale verktøy inngår. 8 9

Bygging av institusjonen For å nå ambisjonane vi har sett oss, vil vi legge ned ein særleg innsats på nokre prioriterte område. Kompetansebygging Høgskulen skal bygge kompetanse og kapasitet for å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Dette skal skje ved strategisk kompetanseutvikling og målretta rekruttering, der vi vidareutviklar allereie sterke fagmiljø innan utdanning, forsking og administrasjon. Organisasjonsutvikling og samhandling I strategiperioden skal HVL samkøyre utdanningane, legge til rette for fellesskap på tvers av studiestader og fagmiljø, og arbeide for ein felles identitet. HVL har fem campusar, og vi skal vidareutvikle desse. Dette fordrar mellom anna god studentrekruttering, at fagmiljøa får utvikle seg, og at vi har god dialog med studentsamskipnaden og vertskommunane. HVL skal drivast berekraftig, og studentane skal involverast når vi utviklar tenestene våre. Studentar og tilsette er den viktigaste ressursen i høgskulen. Vi skal ha eit lærings- og arbeidsmiljø der alle kjenner seg respekterte og likeverdige. Vi skal vere kjenneteikna av ein profesjonell og effektiv organisasjon der fag og administrasjon arbeider godt i lag, og der vi driv systematisk arbeid med kvalitetsutvikling. Som ein stor institusjon må vi profesjonalisere og systematisere måten vi samhandlar på både med omverda og med kvarandre. Mangfald og medverknad, likestilling og HMS-arbeid står sentralt i utviklinga av organisasjonen. Internasjonalisering HVL skal ta ein internasjonal posisjon, og jobbe målretta for utdanning og FoU-aktivitet av høg internasjonal kvalitet. Gjennom gode ordningar for mobilitet for studentar og tilsette, og internasjonalisering i alle utdanningssyklusar, skal vi auke kompetansen i fagmiljøa og utdanne gode kandidatar. Ved å rekruttere tilsette og studentar internasjonalt, vil HVL styrke utdanning og forsking og utvikle eit mangfaldig og stimulerande miljø. Digitalisering Med fem campusar treng vi digitale løysingar for å sikre effektiv kunnskapsog informasjonsdeling. Dei verktøya og arbeidsformene vi tar i bruk skal bidra til auka kvalitet, gode arbeidsprosessar og betre samhandling. Vi skal arbeide målretta for å vidareutvikle den digitale kompetansen hos tilsette og studentar, og ruste studentane med kompetanse og kritisk dømmekraft for eit digitalisert arbeidsliv. 10 11

Om strategien Strategien til HVL bygger på fusjonsavtalen og interne grunnlagsdokument, Magna Charta Universitatum og eksterne føringar, i tillegg til drøftingar med studentar, tilsette og samarbeidspartnarar. Den skal gi organisasjonen ei tydeleg retning, og med utgangspunkt i strategien skal vi utarbeide planar for å konkretisere korleis vi skal realisere måla. Fakulteta sine strategiar skal bygge opp under den overordna strategien. 12