Politisk sekretariat «MOTTAKERNAVN» «ADRESSE» «POSTNR» «POSTSTED» «UTLANDSADRESSE» Saksbehandlar Tlf. direkte innval Vår ref. Dykkar ref. Dato Jon Harald Kjærland 90478841 2016/2741-8 «REF» 13.06.2017 Særutskrift - 112/215 - lagerbygg - Dimmelsvik - Dimmelsvik Entreprenør AS Kvinnherad forvaltningskomite hadde saka føre i møte 7.6.2017 med vedtak nr 2017/62. Vi legg ved utskrift av møteboka og syner til vedtaket. Då saka gjeld dispensasjon etter plan- og bygningslova (pbl) kap 19, vert kopi av vedtaket også send til berørte regionale og statlege styresmakter for eventuell klagevurdering. Dette brevet er sendt elektronisk utan underskrift og vert ekspedert med e-post som inneheld lenkje til kommunen sin arkiv webmodul. Her kan de finna alle dokument som er vedlegg til saka: http://innsyn.kvinnherad.kommune.no/einnsyn/registryentry/case?caseid=51956 Dersom du vurderer å klaga på vedtaket, viser vi generelt til reglane i forvaltningslova og spesielt til plan og bygningslova 1-9. Klagefristen er 3 veker frå du har motteke melding om vedtaket. Vi viser også til pbl 21-9 om at eit dispensasjonsløyve fell bort etter 3 år dersom tiltak ikkje er igangsett. Tiltak omfattar også oppretting og endring av eigedom (frådeling). Eventuelle spørsmål kan rettast til saksbehandlar. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift. Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Tlf: 534 83 100 Fax: 534 83 130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www.kvinnherad.kommune.no
Kopi til: Jon Harald Kjærland Mottakarar: Ferdinand og Wenche F. Hagerup Elisenbergvn. 5 B 0265 OSLO Kvinnherad Bygg AS Seimsvegen 140 5472 SEIMSFOSS Dimmelsvik Entreprenør AS Omvikedalsvegen 138 5464 DIMMELSVIK Fylkesmannen i Hordaland Pb 7310 5020 BERGEN Statens Vegvesen, region vest Askedalen 4 6863 LEIKANGER
Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/2741-3 Jon Harald Kjærland Saksgang Saksnr Utval Møtedato 2017/62 Forvaltningskomiteen 07.06.2017 Behandling dispensasjon - 112/215 - lagerbygg - Dimmelsvik - Dimmelsvik Entreprenør AS Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev etter pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsplan Dimmelsvik forretningssenter, deler av 112, planid 1224-19980002, godkjent 05.101987 frå arealføremålet forretning i reguleringsplanen, samt dispensasjon for plassering av bygningen 14 meter frå senterlina av fv. 48 i stadenfor regulert grense på 20 meter. Forvaltningskomiteen gjev også dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Planlagt lagerbygg kan difor omsøkjast og handsamast i samsvar med pbl kap 20 og tilhøyrande bestemmelsar. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til føremålet i planen ikkje vert tilsidesett, og fordeler med å plassera maskinar og utsyr inne i lagerhall er større enn ulempene. Behandling i Forvaltningskomiteen den 07.06.2017 Rådmannen sitt forslag til vedtak vert trekt, grunna uttale frå Statens Vegvesen dagsett 30.05.2017. Nytt forslag til vedtak vert hermed fremja. Innstilling frå rådmannen: Kvinnherad forvaltningskomite gjev etter pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsplan Dimmelsvik forretningssenter, deler av 112, plan ID 1224-19980002, godkjent 05.101987 frå arealføremålet forretning i reguleringsplanen til også å omfatta formål lagerbygg til næringsverksemd. Forvaltningskomiteen gjev også dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til omsøkt plassering. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til føremålet i planen ikkje vert vesentleg tilsidesett, og fordeler med å plassera maskinar og utsyr inne i lagerhall er større enn ulempene. Kvinnherad forvaltningskomite gjev etter pbl 19-2 ikkje dispensasjon for plassering av lagerbygningen 14 meter frå senterlina av fv. 48 i stadenfor regulert grense på 20 meter. Avslaget er grunngjeve med at 20 meter byggjegrense er naudsynt for å kunna byggja regulert gang- og sykkelveg etter dagens normkrav. Videre må ein oppretthalda regulert siktkrav sidan brua er smal og ikkje har gang- og sykkel separering. Tomtebredda mellom lagerbygg og gangveg skal dessutan betena veg til slamstasjon for slambil. Dei samfunnsmessige ulempene ved å gje dispensasjon frå regulert byggjegrense vil vera klart større enn føremonene etter ei samla vurdering.
Nye moment i søknaden: Det er innan fristen kome brev den 30.05.2017 frå Statens Vegvesen med fylgjande merknader til dispensasjonssøknaden: Statens vegvesen ynskjer at lagerbygget vert sett opp utanfor byggjegrensa på 20 meter. Med avstand på 14 meter til fv. 48 kjem lagerbygget svært nær den planlagde gang- og sykkelvegen (ca 8,5 meter). Reguleringsplanen er eldre (1987) og oppfyller ikkje dei tekniske krava i Statens vegvesen sine vegnormalar. Ein må difor venta ei endring av planen og at det er trong for større areal for å etablera gang- og sykkelveg. Samstundes er det ikkje regulert inn større veggrunn i kartet. Vegvesenet skriv videre at lagerbygget vil redusera sikta på fylkesvegen for køyrande som kjem frå vest, og blokkera sikta mot brua Fitje. Dette er ei relativt smal bru utan tilrettelegging for gåande og syklande. Det der difor ein fordel at trafikkantar har mogelegheit til å planleggja køyring inn mot brua. Kommentar til merknaden: Reguleringsplanen er stadfesta av Kvinnherad kommune med byggjegrense på 20 meter til senterlina av fylkesvegen. Vi noterar oss merknaden til Statens vegvesen, og ser at plassering 14 meter frå senterlina av fv kan medføra dårleg trafikktryggleik på sikt. Videre treng også slambil plass mellom gang-.og sykkelveg for tilkomst til tankar bak lagerbygget. Det er asfaltert veg til slamkummane, og med 14 meter byggeavstand til cl fv.48 vil lagerbygget nå heilt inntil vegtilkomst til slamkummar. Etter ei samla vurdering finn rådmannen at regulert byggjegrense på 20 meter frå senterlina av fv. 48 står fast og ikkje kan fråvikast. Rådmannen sitt nye framsette forslag til vedtak vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Forvaltningskomiteen den 07.06.2017 Kvinnherad forvaltningskomite gjev etter pbl 19-2 dispensasjon frå reguleringsplan Dimmelsvik forretningssenter, deler av 112, plan ID 1224-19980002, godkjent 05.101987 frå arealføremålet forretning i reguleringsplanen til også å omfatta formål lagerbygg til næringsverksemd. Forvaltningskomiteen gjev også dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag til omsøkt plassering. Løyvet er heimla i pbl 19-2 då omsyna til føremålet i planen ikkje vert vesentleg tilsidesett, og fordeler med å plassera maskinar og utsyr inne i lagerhall er større enn ulempene. Kvinnherad forvaltningskomite gjev etter pbl 19-2 ikkje dispensasjon for plassering av lagerbygningen 14 meter frå senterlina av fv. 48 i stadenfor regulert grense på 20 meter. Avslaget er grunngjeve med at 20 meter byggjegrense er naudsynt for å kunna byggja regulert gang- og sykkelveg etter dagens normkrav. Videre må ein oppretthalda regulert siktkrav sidan brua er smal og ikkje har gang- og sykkel separering. Tomtebredda mellom lagerbygg og gangveg skal dessutan betena veg til slamstasjon for slambil. Dei samfunnsmessige ulempene ved å gje dispensasjon frå regulert byggjegrense vil vera klart større enn føremonene etter ei samla vurdering. Søkjar: Kvinnherad Bygg AS, Seimsvn. 140, 5472 Seimsfoss Tiltakshavar: Dimmelsvik Entrepenør AS, Omvikdaslsvn. 138, 5464 Dimmelsvik
Søknad motteken 17.02.2017 Om søknaden og eigedommen: Det er søkt om oppføring av lagerbygg på 112/215 i Dimmelsvik. Bygningen har grunnflate på 364 m2 (14 meter x 26 meter) og har mønehøgde på 8,3 meter, Taket er saltak med takvinkel på 27 grader. Det vert søkt dispensasjon om oppføring av dette lagerbygget som næringsbygg på areal som i reguleringsplan har formål forretning. Videre vert det søkt om dispensasjon frå regulert byggjegrense til fv.48 om å plassera lagerbygget i avstand 14 meter frå cl- veg i stadenfor reg. avstand på 20 meter. Bygningen vert vider plassert 93 meter frå sjø, og treng dispensasjon for pbl 1-8 om forbod mot bygging i 100-meters beltet frå sjø. Arealstatus og strandsone Her er stadfesta reguleringsplan Dimmelsvik forretningssenter, deler av 112, planid 1224-19980002, godkjent 05.101987. Planen viser reguleringsformål Forretning, bygning kan oppførast i 3 etasjar over kjellar og skal ha saltak. Byggjegrensa mot veg er sett til 20 meter. Funksjonell strandsone er ikkje fastsett i planen. Rådmannen vurderer den omsøkte eigedommen til å liggja utanfor funksjonell strandsone. Nabovarsel Alle naboar og gjenbuarar er varsla og det er motteke ein merknad frå gjenbuar, eigar av 112/5 som skriv at «bygningen virker dominerende og vil passe dårlig inn i den gamle bebyggelsen.» Reg.plan Omsøkt lagerbygg
Uttale frå regionale og statlege styresmakter Saka sendast på høyring til følgjande: Fylkesmannen i Hordaland Merknad motteke 22.05.2017: Fylkesmannen rår til at bygget vert plassert 20 meter frå fv. 48 i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Dersom dette ikkje er råd å få til må grunngjeving koma tydeleg fram i saksframlegget. Dei rår til at ein drøftar avstand til fv.48 nærmare med Statens vegvesen. Fylkesmannen har elles ingen merknad til dispensasjonen. Hordaland fylkeskommune Merknad: Fylkeskommunen har ingen merknader, j.fr tlf. 23.05.2017. Statens vegvesen (Evnt. merknad blir lagt fram på møtet). Kvinnherad kommune, vatn og avlaup Merknad: Det er tilkomstveg til kommunal slamavskiljar over denne tomta, og tilkomst må sikrast forbi eit evnt. lagerbygg slik at det er mogeleg å koma forbi med tung lastebil (slambil) for tøming. Naturmangfaldlova Det ikkje ligg føre registreringar. Kulturminne Det ikkje ligg føre registreringar. Støy Ikkje aktulet. Klimatilpassing Ingen fare her.
Aktuelle lovheimlar Det planlagte lagerbygget krev dispensasjon etter pbl 19-2 frå formålet forretning i reguleringsplanen, samt dispensasjon for plassering av bygningen 14 meter frå senterlina av fv 48 i stadenfor regulert grense på 20 meter. Videre treng plassering av bygning i avstand 93 meter frå sjø dispensasjon frå pbl 1-8 om forbod mot tiltak langs sjø og vassdrag. Tilsvar frå tiltakshavar: Tiltakshavar skriv at dei har plassert bygget på eksisterande parkeringsplass med omsyn til adkomst til pumpestasjon og andre bygg på tomta. Bygget er søkt plassert utanfor asfaltert veg til slamkummar på eigedomen. Denne vegen hindrar også parkering i frisiktssona sidan den må vera open for slambil. Om bygget vert flytta 6 meter lenger frå fv.48 vil ein ikkje få tilkomst til den delen av bygget. Lagerbygget har 4 meter avstand til nabogrense mot nord, 112/1. Her kan ein ikkje trekkja bygget lenger fordi terrenget går bratt ned mot eit verna våtmarksområde/vasspøyle og her kan ein ikkje endre terreng med fylling. Vurdering Nabomerknaden er at «bygningen virker dominerende og vil passe dårlig inn i den gamle bebyggelsen.» Her er stadfesta reguleringsplan som viser eit stort forretningsareal med føresegner om 3 etasje bygning over terreng samt saltak. Videre er her bygd fleire nye bustader i seinare tid. Merknaden har ingen konkrete ulemper. Søkjar skriv at det er trong for lagerbygg til næringsverksemda på eigedomen. Anleggsmaskinar og utstyr treng stå inne for mindre vedlikehald og sikra verdiane mot skader og innbrot. I denne delen av Dimmelsvik sentrum er det ikkje forretningar att, her er desse stort sett overtekne av anna næring. Omsøkt lagerbygd er I tråd med dette. Plassering av lagerbygg i avstand 14 meter frå senterlina av fv.48 vil ikkje hindre siktlina for innkøyrsla som i planen er sett til 10 meter x 65 meter. Her er ei rettstrekning og det vil vera plass for regulert gang og sykkelveg. Det må likevel kkje parkerast i sikttrekanten for avkøyrsla. Videre må bygget plasserast i forskriftsmessig avstand til teknisk VA-anlegg som er plassert i grensa mot 112/1. Søkjar har videre teke nødvendig omsyn til køyreveg fram til slamavskiljar og til nabogrense mot 112/1 nær verna våtmarksområde for fugl. Funksjonell strandsone er ikkje fastsett i planen. Det er fleire bygningar nærmare sjøen. Rådmannen vurderer den omsøkte bygningsplassering i avstand 93 meter frå sjø til å liggja utanfor funksjonell strandsone. Grunngjeving Rådmannen tilrår at det kan gjevast dispensasjon som omsøkt då omsyna bak reglane det vert dispensert frå, eller omsyna i føremåla til lova, ikkje verta vesentleg sette til side. Fordelane ved å gi dispensasjon til lagerbygg for å styrka næringsverksemda er større enn ulempene etter ei samla vurdering. Vedlegg: 1. Dispensasjonssøknad. 2. Nabomerknad. 3. Situasjonskart. 4. Fasadeteikning. 5. Merknad frå Fylkesmannen i Hordaland.