Diagnose av klaffefeil på primærlegenivå
|
|
|
- Hans Ødegård
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 24 av klaffefeil på primærlegenivå AV TE R J E SK J Æ R P E BAKGRUNNSILLUSTRASJON: SUTO BORBERT Generelt Klaffefeil kan påvisast tilfeldig hos pasient utan symptom på hjartesjukdom, hos pasient med symptom, og mistenkast som årsak hos pasient med symptom men utan bilyd. Hos ein del pasientar med bilyd, kan det vere vanskeleg å vere sikker på kva type klaffefeil som ligg føre. På primærlinenivå vil det dermed ikkje alltid vere klart om og kva slag klaffefeil ein pasient har. Det viktigaste er likevel ikkje å avklare det, men å henvise dei rette pasientane til vidare utreiing. Samanlikna med koronarsjukdom er klaffefeil relativt sjeldan. Lettgradige lekkasjar ser ein normalt hyppig både i aorta- og mitralklaff med ultralydutstyr. Desse gjev ikkje høyrbar bilyd. Like eins er aortasklerose, som gjerne representerer moderate klaffeforkalkingar med lettgradig auke av blodstraumshastighetar over klaffen, vanleg, og ein kan sjå dette hos opptil 25 prosent av personar over 65 år. På langt nær alle utviklar aortastenose. Stenose ser ein hos ca. tre prosent av alle personar over 75 år og hos ca. fem prosent av personar over 80 år. Dette er den hyppigaste, alvorlege klaffefeilen. Mitralinsuffisiens av betydeleg grad ser ein hos ca. to prosent. Etter hjarteinfarkt kan ein sjå betydeleg lekkasje hos over ti prosent. Aortainsuffisiens av betydeleg grad førekjem antakeleg hos færre enn 0,5 prosent. Mitralstenose er svært sjeldan i den norske befolkinga, men kan sjåast meir hyppig hos første generasjons innvandrarar frå høgepidemiske område med rheumatisk feber. Aortastenose Aortastenose gjev auka motstand mot venstre ventrikkel sin tømming. Kompenseringsmekanisme først og fremst i form av konsentrisk hypertrofi (auka veggtjukkelse redusert indre diameter). Dette gjev redusert veggstress og betrar ventrikkelen sin mulighet til å oppretthalde eit normalt minuttvolum. Pasientane blir difor ofte verande symptomfrie langt ut i sjukdomen. Terje Skjærpe Fødd Cand.med. Bergen Spesialist i kardiologi i Dr.med Frå 1976 tilsett ved St. Olavs Hospital i Trondheim. Professor i hjartemedisin i Leiar av ulytralydlaboratoriet frå Leiar av Nasjonalforeningen sitt Hjerte- og karråd Ei rekke vitskapelege arbeid og nokre kapittel i internasjonale lærebøker innan kardiologisk ultralyd. Har ca. 30 års erfaring med ekkokardiografi der utreiing av klaffefeil har vore eit sentralt område. Hypertrofi og forlenga relaksasjon som følgjer av den, samt auka afterload, vil etterkvart gje eit fyllingsproblem ved fysiske anstrengelsar med dyspnoe som resultat. Dette er ofte det første symptomet på aortastenose. Hypertrofi, auka arbeid pga. stenosen, og redusert koronarterie perfusjonstrykk (auka diastolisk venstre ventrikkeltrykk evt. redusert aortatrykk) kan gje myokardiskemi og angina. Dette kan vere det første symptomet, men vil ofte kome etter at pasienten har merka aktivitetsdyspnoe ei tid. Synkope er gjerne eit seinare symptom og kan ha tre årsaker. 1. Iskemi kan gje ventrikkelflimmer og synkope. 2. AV-blokk pga. at degenerative forandringar i aortaklaffen affisere vevet kring aortarota, inkludert His bunt. 3. Blodtrykksfall ved anstrengelse pga. perifer vasodilatasjon der venstre ventrikkel ikkje greier pumpe ut eit høgt nok volum til å hindre blodtrykksfallet pga. stenosen. På eit tidspunkt vil hypertrofi ikkje vere nok til å kompensere for den auka afterloaden. Kontraktiliteten fell, fyllingstrykket aukar og ventrikkelen dilaterar, noko som kompromitterer kompensasjonsmekanismene ytterligare. Pasienten utviklar svikt med uttalt dyspnoe og evt. væskeretensjon med ødem. Så lenge pasienten er symptomfri er risiko for brå død liten. Ved symptom aukar risikoen betydeleg. Ved sviktutvikling
2 DIAGNOSE AV KLAFFEFEIL PÅ PRIMÆRELEGENIVÅ 25 er gjennomsnittleg overleving kortare enn to år, ved dei andre symptoma to til fire år. Klassiske funn er ein litt ru systolisk bilyd i 2. høgre intercostalrom med utstråling til halskar. Bilyder er vanlegvis minst styrke tre (boks 1), men kan bli svak ved sviktutvikling (redusert slagvolum). Svekking eller bortfall av 2. hjartetone tyder på betydeleg forkalka klaff og alvorleg stenose. Stetoskopisk kan det vere vanskeleg å stille diagnosen når utstråling til halskar er vanskeleg å høyre og lyden er kraftigast langs venstre sternalrand. EKG vil ofte vise nokon grad av hypertrofi, men kan vere normalt sjølv ved avansert stenose. Blodtrykk: Lågt blodtrykk ikkje typisk. Er normotensiv eller moderat hypertensiv. Kan sjå betydeleg hypertensjon. Grundig anamnese er viktig for å avsløre symptom. Medisinsk behandling er vanlegvis ikkje aktuell da pasientane skal opererast ved symptom. Ved symptom og svekka 2. tone skal henvising alltid skje raskt. Ved synkope og dekompensert svikt bør pasienten innleggast. Symptomfrie pasientar bør henvisast ved mistanke om aortastenose, men to til seks månaders ventetid kan aksepterast. Tydeleg hypertrofi i EKG og uspesifikke symptom som svimmelhet bør medføre kortare ventetid. I ventetida skal pasienten informerast om å kontakte lege dersom symptom oppstår. Bør skje hos kardiolog. Pasienten vil likevel kunne kontakte primærlege dersom symptom oppstår. Slike symptom skal straks formidlast vidare til kardiolog. Aortainsuffisiens Auka preload (auka fylling i diastole). Venstre ventrikkel kompenserar ved å dilatere (kan ta mot eit auka volum boks 1 Gradering av bilyder GRAD 1 knapt hørbar GRAD 2 svak, men tydelig hørbar GRAD 3 tydelig hørbar GRAD 4 palpabelt svirr GRAD 5 høres med stetoskopet på kant GRAD 6 høres med stetoskopet uten hudkontakt utan unormal trykkauking). Eksentrisk hypertrofi for å unngå fortynning av myocard og auka veggstress under dilatasjonen. Pasientane tåler ofte belastning godt da auking av hjartefrekvensen gjev kortare diastole, noko som kan gje redusert lekkasjevolum. Symptom oppstår difor ofte først når venstre ventrikkel begynner å svikte. Pasienten merker redusert anstrengelsetoleranse og dyspnoe. Angina er eit seint symptom og oppstår når det diastoliske trykket i venstre ventrikkel stig og diastolisk aortatrykk fell med redusert koronart perfusjonstrykk som følgje. Ved god venstre ventrikkelfunksjon er prognosen god. Ved betydeleg dilatasjon og redusert kontraktilitet aukar risiko for død. Risiko for at funksjonen blir verande dårleg etter ventilskifte aukar også. Typisk gjev tilstanden ein diastolisk bilyd enten i høgre intercostalrom og/eller langs venstre parasternalrand. Bilyden er vanlegvis høgfrekvent (dusj-lyd) med falland styrke mot slutten av diastolen (decrescendo). Er ofte svak, og det må vere stille i rommet under stetoskopi. Av og til kan bilyden lettast høyrast over apex og vere meir lågfrekvent (Austin Flint lyd). EKG viser ved større lekkasjar ofte hypertrofi, men eit normalt EKG utelukkar ikkje ein stor lekkasje. Blodtrykket kan vise høgt pulstrykk ved større lekkasjar, men normalt pulstrykk utelukkar ikkje stor lekkasje. Det er haldepunkt for at behandling med nifedipin (Adalat) eller ACE-hemmar kan utsetje tidspunktet for operasjon (dette er nå trukke meir i tvil). Ekkokardiografiske eller angiografiske kriteriar på betydeleg dilatasjon og redusert venstre ventrikkelfunksjon vil indikere operasjon, sjølv om pasienten er symptomfri. På grunn av at pasientane kan vere operasjonstrengande medan dei framleis er utan symptom, skal dei henvisast til utreiing straks diagnosen er stilt. For praktiske formål skal alle med ein diastolisk bilyd henvisast til utreiing. Dersom pasienten har symptom, skal undersøking skje raskt. Må gjerast hos kardiolog med ultralydutstyr. Dersom primærlege får informasjon om begynnande symptom, skal dette straks formidlast til kardiolog.
3 26 DIAGNOSE AV KLAFFEFEIL PÅ PRIMÆRELEGENIVÅ BAKGRUNNSILLUSTRASJON: SUTO BORBERT ILLUSTRASJONSFOTO: DAN IONUT POPESCU Mitralstenose Mitralstenose er den einaste klaffefeilen på venstre side som ikkje belastar ventrikkelen hemodynamisk. Den rheumatiske klaffeaffeksjonen kan likevel også affisere chordaapparatet og papillemusklar, og slik affisere venstre ventrikkelfunksjonen. På grunn av stenosen vil trykket auke i venstre atrium som hypertrofierar og dilaterar. Dette gjev auka risiko for atrieflimmer. Eit dilatert atrium gjev reduserte blodstraumshastighetar i atriet, noko som blir aksentuert av atrieflimmer. Risikoen for tromboemboliske komplikasjonar aukar betydeleg. Ved anstrengelsar og auka hjartefrekvens av andre årsaker blir diastolen forkorta. Dette hemmar venstre atrium si tømming ytterligare, trykket i atriet aukar og pasienten får symptom i form av dyspnoe. Dyspnoe er difor ofte eit tidleg symptom. For å prøve å redusere lungestuvninga, aukar motstanden i arteriolene i lungene, dvs. at innstrauming til lungene blir redusert. Dette gjev eit auka trykk i høgre ventrikkel og lungearterien (pulmonal hypertensjon). Dette vil gje redusert minuttvolum, og seint i forløpet kan symptoma i hovudsak vere prega av redusert minuttvolum der pasienten blir fort sliten. Auka risiko for emboliar, spesielt ved atrieflimmer. Ofte sein progresjon av stenosen ved sjukdom som har oppstått i industrialiserte land. Vesentleg raskare progresjon ved sjukdom oppstått i ein del utviklingsland. Ved langtkomen tilstand (uttalt stenose, betydeleg dilatert venstre atrium, atrieflimmer og pulmonal hypertensjon), aukar operasjonsrisiko. Typisk funn er ein lågfrekvent diastolisk bilyd over apex. Hos ein eldre pasient med lågt minuttvolum kan lyden vere vanskeleg å høyre. Sidan symptom oppstår tidleg, vil pasienten vanlegvis oppsøke lege pga. desse, og nøye lytting kan avsløre bilyden. EKG kan vise hypertrofi av venstre atrium. Antikoagulasjon ved atrieflimmer (kunstfeil å la vere). Frekvenskontroll ved atrieflimmer med betablokkar eller verapamil. Digitalis kan vere aktuelt. Betablokker kan vere aktuelt ved sinusrytme for å redusere anstrengelserelatert tachycardi. Kirurgi eller blokking er indikert ved symptom som reduserer livskvalitet og arbeidsevne, tydeleg dilatert atrium, episodar med atrieflimmer og pulmonal hypertensjon. Bør henvisast straks diagnosen er stilt. Ved lite symptom og ingen episodar med atrieflimmer kan to til seks månaders ventetid aksepterast. Dersom episodar med atrieflimmer, må pasienten straks antikoagulerast. ved kardiolog. INR-kontroll hos primærlege. INR skal ligge mellom 2,5 og 3,5. Ved informasjon om tydeleg forverra symptom eller nyoppstått atrieflimmer, skal kardiolog informerast straks.
4 DIAGNOSE AV KLAFFEFEIL PÅ PRIMÆRELEGENIVÅ 27 Mitralinsuffisiens Auka preload (auka diastolisk fylling). Som ved aortainsuffisiens kompenserer venstre ventrikkel for dette med dilatasjon. Det er to viktige skilnader mellom aorta- og mitralinsuffisiens. 1) Ved mitralinsuffisiens tømer venstre ventrikkel seg delvis mot eit lågt trykk (venstre atrium), og 2) under belastning, når hjartefrekvensen aukar, blir det fleire lekkasjeperiodar (systoler) per minutt, og lekkasjevolumet per minutt kan auke motsatt det som skjer ved ein aortainsuffisiens. Ein pasient med mitralinsuffisiens får difor tidlegare symptom ved belastning enn ein med aortainsuffisiens. Hovedsymptomet er dyspnoe pga. trykkauken i venstre atrium, og aukande sviktsymptom når venstre ventrikkel begynner å svikte. Som for mitralstenose vil motstanden i lungearteriolene auke for å redusere lungestuvninga. Dette medverkar til at tilstanden i langtkomne tilfelle også er prega av lågt minuttvolum. Dilatasjonen av venstre atrium gjev auka risiko for atrieflimmer. n er god ved god venstre ventrikkelfunksjon. Aukande ventrikkeldilatasjon kan gje aukande mitralinsuffisiens som i neste omgang gjev auka belastning på ventrikkelen og eventuelt ventrikkelsvikt. Dette aukar risiko for død. Risiko for at ventrikkel blir verande dårleg etter klaffekirurgi aukar også. Typisk høyrest ein relativt høgfrekvent, systolisk bilyd over apex. Ved venstre ventrikkelsvikt kan bilyden bli svak eller borte. I mange tilfelle kan bilyden høyrast ut i axillarflata (utstråling til axille). Spesielt ved prolaps av bakre segl kan bilyden høyrast opp mot venstre sternalrand. EKG kan vise venstre atrium belastning. Sjeldan tydelege hypertrofiteikn. På grunn av at iskemisk hjartesjukdom er ei vanleg årsak til mitralinsuffisiens, kan EKG vise infarktsekveler. Ved langtkomen sjukdom kan ein sjå ei rød-cyanotisk farging av kinnbeina (facies mitralis). På grunn av at insuffisiente mitralklaffar ofte kan reparerast, skal kirurgi vurderast sjølv ved lette symptom. I tillegg til symptom vil betydeleg dilatasjon eller teikn til dysfunksjon av venstre ventrikkel vere dei viktigaste indikasjonane for operasjon. Ingen medikament er vist å kunne utsetje tidspunktet for operasjon. Henvising bør skje straks diagnosen er stilt. Ved ingen symptom kan ventetid på to til seks månader aksepterast. Pasientane skal kontrollerast av kardiolog for monitorering av utvikling av lekkasjegrad og venstre ventrikkelfunksjon. Dersom primærlege får informasjon om aukande symptom eller nyoppstått atrieflimmer, skal informasjonen formidlast til kardiolog straks. Antibiotikaprofylakse Etter dei nyaste retningslinene, treng ingen av pasientane med klaffefeil antibiotikaprofylakse. Etter innsetting av ventil derimot, er profylakse naudsynt. boks 2 NYHA-klasse. Funksjonell klassifi sering av pasientar med hjartesjukdom. KLASSE I: Ingen symptom ved fysisk aktivitet KLASSE II: Lett begrensing av fysisk aktivitet KLASSE III: Uttalt begrensing av fysisk aktivitet KLASSE IV: Symptom i kvile (NYHA, New York Heart Association)
5 28 KLAFFEFEIL... Oppsummering Nokre generelle reglar gjeld: I prinsippet skal alle pasientar med mistanke om klaffefeil utreiast. Spørsmålet vil vere grad av hast. Grundig anamnese er viktig for å avslører symptom Pasient med bilyd, men utan symptom på hjartesjukdom: Alle pasientar med diastolisk bilyd skal henvisast. For praktiske formål vil det nesten alltid dreie seg om aortainsuffisiens. Difor bør kardiologisk undersøking gjerast raskt (under tre månaders ventetid). Dersom det dreier seg om ein første generasjon innflyttar frå land med høg prevalens av rheumatisk hjartesjukdom, vil mitralstenose også vere ein aktuelle diagnose. Asymptomatiske pasientar med systolisk bilyd har låg risiko, og 6 12 månaders ventetid kan aksepterast. Dersom svekka 2. hjartetone, teikn på venstre ventrikkelhypertrofi eller venstre atrium belastning i EKG, bør ventetida vere under seks månader. Hos barn og unge Svake (grad 1 2), systoliske bilydar hos barn er funksjonelle (bortsett frå atrie septum defekt (ASD) der ein fiksert spalta 2. tone vil indikerer diagnosen). Sjå også nedanfor om lyskepuls og coarctatio. Ved andre bilydar kan medfødde hjartefeil av ulike typar vere vanskeleg å utelukke, og ventetid bør vere under seks månader. Alle skal informerast om å kontakte lege dersom dei utviklar symptom i ventetida Pasient med bilyd og symptom på hjartesjukdom: Slike pasientar bør ha ei ventetid på vidare utreiing på under tre månader. Dersom bilyden indikerer aortastenose, bør ventetida vere under éin månad. Ved hjartesvikt i NYHA klasse 3 4 (boks 2 s. 26), bør innlegging av pasienten vurderast. Pasientar med symptom på hjartesvikt utan høyrbar bilyd skal alltid utreiast mhp. årsak til svikten. Klaffefeil kan i nokre tilfelle vere årsaka. Ventetid i NYHA klasse 2 bør vere under tre månader, i NYHA klasse 3 under éin månad. Innlegging bør vurderast i NYHA klasse 4. Gløym aldri å palpere lyskepuls hos barn med bilyd, sjøl om den høyrest fysiologisk ut. Dette er ein av dei få måtane ein kan stille diagnosen coarcatio på. BAKGRUNNSILLUSTRASJON: DAN IONUT POPESCU Kommentar: Dette dokumentet skreiv eg for få år sidan som utkast til nasjonale retningsliner. Prosjektet kom aldri lenger, og utkastet vart ikkje diskutert. Dokumentet må difor sjåast på som ei personleg ytring. Spesielt når det gjeld akseptable ventetider ved ein kardiologisk poliklinikk vil det kunne vere mange synspunkt. Kapasiteten vil også variere frå stad til stad. Evt. spørsmål og kommentarer kan rettes til: [email protected]
Auskultasjon ved klaffefeil
Auskultasjon ved klaffefeil Bilyden ved klaffefeil er ofte så karakteristik at ein kan stilla diagnosen åleine frå anamnese og auskultasjonsfunn. Stetoskopet: Ein kan bruke både membran- og klokkestetoskop.
Hjertesvikt Klinikk for termin 1B 2006. Stein Samstad
Hjertesvikt Klinikk for termin 1B 2006 Stein Samstad 1 Vår pasient Mann 58 år, tidligere røyker Familiær opphopning av hjerte-karsykdom 1986 Akutt hjerteinfarkt 1987 Operert med aortocoronar bypass og
Hjarteklaffesjukdom. Pulmonalstenose og tricuspidalstenose er relativt sjeldne medfødde tilstandar.
Hjarteklaffesjukdom Dei 4 hjarteklaffane kan alle ha stenose, insuffisiens (lekasje) eller kombinasjonar av stenose og lekasje. Ein skil mellom medfødde klaffefeil og erverva klaffefeil. Her blir det i
Aorta og mitralinsuffisiens
Aorta og mitralinsuffisiens Ekkokardiografisk screening og tips Ekkogrunnkurs UNN januar 2014 Henrik Schirmer, Hjertemed.avd. Krav transthorakal ekkokardiografi: MÅ-krav: Standard innsyn (probeføring)
Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
Mitralinsuffisiens. Terje Skjærpe
Mitralinsuffisiens Terje Skjærpe Ultralydundersøking Kammerdimensjonar Ve. ventrikkelkontraktilitet Morfologi av mitralklaffeapparatet Grad av lekkasje Annan klaffesjukdom? Lungearterietrykk Arbeidstest
Funksjonell mitralinsuffisiens. Terje Skjærpe
Funksjonell mitralinsuffisiens Terje Skjærpe Funksjonell mitralinsuffisiens Iskjemisk og ikkje-iskjemisk kardimyopati Forklaringsmodell Tjoringsdistanse avstand mellom papillemuskel og mitralannulus (basis
HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI
HJARTEAVDELINGA MEDIKAMENTELL STRESS-EKKOKARDIOGRAFI Foto: www.colourbox.com 1 HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus VELKOMMEN TIL OSS I denne brosjyren finn du informasjon om undersøkinga du skal
10.12.2013. Klaffesykdom; Hjerteklaffer. Diagnostikk (og kontroll) Klaffesykdom (forekomst) Aortastenose. Aortastenose. andre
Hjerteklaffer Klaffesykdom; Årsaker, behandling og rehabilitering 4 klaffer i hjertet Aortaklaffen Mitralklaffen Pulmonalklaffen Trikuspidalklaffen Ellen H. Julsrud, lege v/rehab.avd. Feiringklinikken
Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.
Aortastenose. Eva Gerdts Professor dr. med. Klinisk institutt 2 Universitetet i Bergen
Aortastenose Eva Gerdts Professor dr. med. Klinisk institutt 2 Universitetet i Bergen Medisinsk leder Noninvasiv billeddiagnostikk Haukeland Universitetssykehus Aortastenose - læringsmål Hva er AS og hva
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Kneartroskopi Denne faldaren inneheld informasjon for pasientar som skal få utført artoskopisk kirurgi i kne. Sjå i tillegg faldar med generell informasjon om innlegging eller
Hjertesvikt behandling Kull II B, høst 2007
Hjertesvikt behandling Kull II B, høst 2007 Stein Samstad Klinikk for hjertemedisin 1 Akutt lungeødem Behandling Sviktleie (Heve overkropp/senke bena) Oksygen Morfini.v. Nitroglyserin sublingualt så i.v.
Aortastenose og Mitralstenose. Assami RösnerR Januar 2013
Aortastenose og Mitralstenose Assami RösnerR Januar 2013 Aortastenose Hyppigste klaffesykdommen Mistenkes ved systolisk bilyd Klassiske symptomer: Angina Funksjonsdyspnø Synkope Patofysiologi Normal aortaklaff
Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 12.10.2015 SAKSHANDSAMAR: Erik Sverrbo SAKA GJELD: Variasjon i ventetider og fristbrot ARKIVSAK: 2015/2228 STYRESAK: 107/15 STYREMØTE: 10.11.
Fasit til tolkning av ukjende EKG I - IV
Fasit til tolkning av ukjende EKG I - IV Fasit til EKG I Nr 1. Akutt forveggsinfarkt Akutt forveggsinfarkt med ST-segment elevasjon i avleiing I, avl, og V 2 -V 6. Resiprok STsenkning i II, III og avf.
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk
Årsmelding 2011-2012 Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk Årsmeldinga frå Austevoll maritime fagskule gjev ein oppsummering av dei viktigaste funna i student
Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet
Nynorsk 2016 Vaksine for å førebyggja livmorhalskreft tilbod til jenter i 7. klasse Informasjon til barn og foreldre Om HPV-vaksinen i barnevaksinasjonsprogrammet 1 Vaksine mot humant papillomvirus (HPV)
Ergometrisk stressekkokardiografi
Ergometrisk stressekkokardiografi Videregående kurs i ekkokardiografi 22.04.2010 Helge Skulstad Kardiologisk avdeling Rikshospitalet Ergo - ekko Vurdere de patologiske forholds betydning for pasientens
Praktisk barnekardiologi. Kjersti Bæverfjord St. Olavs hospital
Praktisk barnekardiologi Kjersti Bæverfjord St. Olavs hospital Pasient 1 Pasient 1 2 åring med høy feber, snør og hoste temp 39 grader ører og hals litt røde ingen fremmedlyder over lungene men bilyd over
1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.
Frå Den Norske Veterinærforening Til Norges Bondelag v/ forhandlingsutvalget til jordbruksforhandlingane 05.03.14 Kontaktmøte før jordbruksforhandlingane 2014 Moderne husdyrproduksjon skjer i tett samarbeid
Hjertesvikt Kull II B, høst 2007
Hjertesvikt Kull II B, høst 2007 Stein Samstad Klinikk for hjertemedisin 1 Hjertesvikt, hva er det? En tilstand der hjertet pumper for lite blod til å tilfredsstille vevenes behov Et klinisk symptomkompleks
FAGDAG FØR FERIEN HJERTESVIKT. SISSEL-ANITA RATH Kardiologisk sykepleier ! 22 MAI 2014
FAGDAG FØR FERIEN HJERTESVIKT SISSEL-ANITA RATH Kardiologisk sykepleier 22 MAI 2014 Hva er hjertesvikt? Når hjertets pumpefunksjon ikke svarer til kroppens behov, aktiveres ulike kompensasjonsmekanismer.
Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.
Interkontrollhandbok Side: 1 av 5 1. FORMÅL Føremålet med dette kapitlet er å kvalitetssikra oppfølginga av tilsette som vert sjukmelde. Kapitlet gjev derfor oversikt over kva rutinar som skal følgjast
Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Åpen behandling av femoracetabulær impingement gjennom kirurgisk luksasjon av hofteleddet Sjå i tillegg foldar med generell informasjon om innlegging på sjukehuset. Side 1 Totalprotese
Trygve Husebye Ekkolaboratoriet OUS, Ullevål. Diagnostikk og monitorering
Trygve Husebye Ekkolaboratoriet OUS, Ullevål Diagnostikk og monitorering Disposisjon: Monitorering: Hva ønsker vi å bedømme? Venstre ventrikkel fylningstrykk Venstre atrium trykk (PCWP) Pulmonale trykk
mlmtoo much medicine in Norwegian general practice
mlmtoo much medicine in Norwegian general practice For mykje medisin i norsk allmennpraksis Nidaroskongressen 2015 Per Øystein Opdal, Stefán Hjörleifsson, Eivind Meland For mykje medisin i norsk allmennpraksis
pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider
Vedlegg 4 Informasjonstekster Det ligger ved forslag til pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider Det er utarbeidet både på bokmål og nynorsk.
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
Oppfølgning av pasienter med klaffefeil før det er klar indikasjon for kirurgi
Oppfølgning av pasienter med klaffefeil før det er klar indikasjon for kirurgi Reidar Bjørnerheim, Ekkosenteret, Kardiologisk avdeling, Oslo universitetssykehus, Ullevål. Utredning og behandling av klaffefeil
Artikkel 2d. Innføring i klinisk bruk av ekkokardiografi. 1. Innledning. Svend Aakhus, OUS, Rikshospitalet
Artikkel 2d Innføring i klinisk bruk av ekkokardiografi Svend Aakhus, OUS, Rikshospitalet 1. Innledning Ekkokardiografi er ufarlig, gir lite ubehag, og gir raskt en detaljert innsikt i hjertets morfologi,
Iskemisk hjartesjukdom
1 Iskemisk hjartesjukdom Koronar aterosklerose, stenosefysiologi og myokardiskemi Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Synonym: Iskemisk hjartesjukdom Koronarsjukdom
Mitralinsuffisiens. Disposisjon. üguidelines. ümekanisme ügradering übehandling. AF + holosystolisk bilyd + V-scan. Espen Holte Ekko II Trondheim 2019
Mitralinsuffisiens Espen Holte Ekko II Trondheim 2019 Disposisjon üguidelines ütype ümekanisme ügradering übehandling AF + holosystolisk bilyd + V-scan AF + holosystolisk bilyd + V-scan AF + holosystolisk
EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Arkivsak 200903324-51 Arkivnr. 520 Saksh. Farestveit, Linda Saksgang Møtedato Opplærings- og helseutvalet 17.09.2013 EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER
STYRESAK: DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Bergen HF DATO: 3. desember 2015 SAKSHANDSAMAR: Mona Høgli SAKA GJELD: Omdømemåling 2015 STYRESAK: 88/15 O STYREMØTE: 14.12.2015 FORSLAG TIL VEDTAK Styret
ANDERS THORSTENSEN ST.OLAVS HOSPITAL OG NTNU KASUISTIKK HØSTMØTET 2010
ANDERS THORSTENSEN ST.OLAVS HOSPITAL OG NTNU KASUISTIKK HØSTMØTET 2010 1 SYKEHISTORIE 48 år gammel mann. Tidligere hypertensjon og kroniske nakkesmerter. Ingen medikamenter Vekttap 18 kg. Kvalme og oppkast.
Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim 30.01.2010. Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp
Vi treng større fokus på rekruttering! Kvifor? Trondheim 30.01.2010 Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp -Leiar i Barne- og ungdomsutvaletwww.bjarnehuseklepp.com Plan for dagen min i Sør-Trøndelag
HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM
HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM VEGEN TIL EIT BETRE LIV For deg som opplever akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp
Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00
Møteinnkalling Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: 02.05.2013 Tidspunkt : 10:00 Eventuelt forfall må meldast snarast. Vararepresentantar møter etter nærare beskjed.
Risikomatrise Helse Fonna HF 1. tertial 2012. Det skal ikkje vere fristbrot
Styringsmål 1 Delmål 1 Kritisk suksessfaktor 1A Risikoelement 1A Pasienten skal få tilgang til spesialisthelsetenester i høve til lov og forskrift Det skal ikkje vere fristbrot Tilstrekkelig lege/behandlardekning
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden
0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har
Bustadområde i sentrum. Vurdering
Bustadområde i sentrum Vurdering Balestrand 10.10.2009 Gode bustadområde i Balestrand sentrum Kommuneplan, arealdelen Status I. Sentrumsnære buformer For Balestrand sentrum er det gjeldande reguleringsplanar
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
UTSATT EKSAMENSOPPGAVE/ EKSAMENSOPPGÅVE
AVDELING FOR HELSE- OG SOSIALFAG UTSATT EKSAMENSOPPGAVE/ EKSAMENSOPPGÅVE Utdanning Kull Emnekode/-navn/-namn Eksamensform : Radiografi : R08 : BRE200 Radiografifaglig bildefremstilling : Skriftlig eksamen
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg
Opning av Fellesmagasinet 14.04.2009 ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg Kjære alle! Gratulerer alle med dagen. Dette er ein merkedag for bevaringstenestene både her i fylket og nasjonalt! Hordaland
BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206699-9 Arkivnr. 545 Saksh. Svendsen, Anne Sara Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Møtedato
Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:
Prosjektplan: Mål for skuleutvikling i Lærdal kommune 1. Bakgrunn og føringar Lærdal kommune har delteke i organisasjonsutviklingsprogramma SKUP 1 og 2, som Utdanningsdirektoratet inviterte kommunar med
Notat til styremøte 26. januar 2010
Notat til styremøte 26. januar 2010 Strategi Helse Sunnmøre 2015 Akuttfunksjonar oppgåvefordeling mellom sjukehusa med vekt på framtidig utvikling av Volda sjukehus Augeblikkeleg hjelp innleggingar Medisin
Hjertesvikt Klinisk syndrom som karakteriseres av at hjertet ikke klarer å forsyne kroppen med nok blod Medfører redusert vevsperfusjon og etter hvert
Moderne hjertesviktbehandling Erik Gjertsen Sykehuset Buskerud HF Medisinsk avdeling Hjertesvikt Klinisk syndrom som karakteriseres av at hjertet ikke klarer å forsyne kroppen med nok blod Medfører redusert
KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.
KONTSTRIKKING I kontstrikking strikkar ein rute for rute omgangen rundt frå kant til kant i plagget ruterekkje for ruterekkje. Maskane på ei strikka rute blir verande på siste pinne og ein går rett over
Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i
Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til
Matematikk 1, 4MX15-10E1 A
Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag
STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Fagopplæringskontoret Arkivsak 201206348-10 Arkivnr. 545 Saksh. Isdal, Sigrid Saksgang Yrkesopplæringsnemnda Opplærings- og helseutvalet Møtedato 09.04.2013
Hemodynamikk. Olav Stokland
Hemodynamikk Olav Stokland Flow (gjennomblødning) og trykk Trykkavhengig gjennomstrømning (flow) flow trykk Autoregulering = konstant flow (gjennomblødning) over et trykkområde flow trykk Karsystemets
Administrerende direktørs rapport
Helseforetak: Helse Møre og Romsdal Periode: Mai 2012 Administrerende direktørs rapport 1. Helsefag 1.1 Aktivitet 1.1.1 Somatikk Sørge for og egen produksjon Tabell nr 1: Aktivitet somatikk pr 31.05.12
DATO: 31.08. 2015 SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest
STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 31.08. 2015 SAKSHANDSAMAR: Gjertrud Jacobsen SAKA GJELD: Status for innføring av pakkeforløp for kreft i Helse Vest ARKIVSAK: 2014/246 STYRESAK:
Koronarsirkulasjonen
1 Koronarsirkulasjonen Av Harald Vik-Mo, NTNU / Hjertemedisinsk avdeling, St Olavs Hospital, Trondheim Koronarsirkulasjonen har blodårer som fører oksygenrikt blod til hjarta (koronararterier) og som fjerner
Vurdering av aortainsuffisiens med ekkokardiografi. Johannes Soma Overlege dr. med. Klinikk for Hjertemedisin St Olavs Hospital
Vurdering av aortainsuffisiens med ekkokardiografi Johannes Soma Overlege dr. med. Klinikk for Hjertemedisin St Olavs Hospital Aortainsuffisiens - etiologi Degenerasjon av klaffen Forkalkning Kongenitt
HJARTEAVDELINGA HJARTEKATETERISERING OG BLOKKING AV KRANSÅRENE
HJARTEAVDELINGA HJARTEKATETERISERING OG BLOKKING AV KRANSÅRENE m.co ox rb lou co Ill: 1 INNHALD Tema Aktuelle behandlingar 4 Del 1 Hjartekateterisering 4 Førebuande undersøking 4 Undersøkingsdagen 5 Kva
SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER
SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER LES DETTE NØYE FØR DU FYLLER UT SKJEMAET Alle postane i skademeldinga må fyllast ut fullstendig og så nøyaktig som mogleg, og om du beskriv legemiddelskaden og følgjene av
Hemodynamikk. Olav Stokland. OS. Hemodynamikk 16
Hemodynamikk Olav Stokland Hjerte- sirkulasjonssystemet Karsystemet Compliance Autoregulering Motstand Pre-afterload, inotropi, hjertefrekvens, lusitropi Frank-Starling kurve/mekanisme Evaluering av trykk
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD
HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD Utgangspunktet for saka er budsjettvedtak i KOM 21.12.2011 der innsparing ved nedlegging av Helstad skule ligg som føresetnad for balanse i framlagt budsjett.
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa
Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK
KYSTHOSPITALET I HAGEVIK Meniskskade Denne foldaren inneholder informasjon til pasientar som skal få behandla meniskskade i kne. Sjå i tillegg foldar med generell informasjon om dagkirurgi på sjukehuset.
EKG i allmennpraksis. JANUARSEMINARET 2016 Bjørn Gjelsvik Knut Gjesdal (en del foiler og innspill)
EKG i allmennpraksis JANUARSEMINARET 2016 Bjørn Gjelsvik Knut Gjesdal (en del foiler og innspill) HVA TRENGER VI EKG TIL (i allmennpraksis)? Utredning av høyt blodtrykk/økt risiko for hjerte-kar sykdom
Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015. Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:
Vår ref. 15/537-2 033 /KASB Medlemmar og varamedlemmar Dato 07.05.2015 Tokke kommune - kontrollutvalet Det vert med dette kalla inn til møte: Dato: 11.05.2015 Tid: kl 10.00 12.00 Sted: Møterom Kultur,
MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN
Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Luranetunet Møtedato: 26.10.2004 Tid: 09.00 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING
Mottaksklinikk og grenseoppgang til kommunale øyeblikkelig hjelpsenger. Johannes Kolnes Prosjektleder
Mottaksklinikk og grenseoppgang til kommunale øyeblikkelig hjelpsenger Johannes Kolnes Prosjektleder Prosjekt Mottaksklinikken Bakgrunn Dagens sykehusfunksjon fra et fugleperspektiv Elektiv strøm 1/3
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007
Rapport om målbruk i offentleg teneste 27 Institusjon: Adresse: Postnummer og -stad: Kontaktperson: E-post: Tlf.: Dato: Høgskolen i Sør-Trøndelag 74 Trondheim Lisbeth Viken [email protected] 7355927
HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING
HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBAR OKSYGENBEHANDLING (HBO) Ved Seksjon for hyperbarmedisin behandlar vi pasientar med ulike sjukdomstilstander med 100 % oksygen under auka omgjevnadstrykk
Hjertesvikt hva skal allmennlegen passe på?
Hjertesvikt hva skal allmennlegen passe på? Steinar Madsen Medisinsk fagdirektør og avtalespesialist i indremedisin og hjertesykdommer Allmennlegens oppgave Forebygge hjertesvikt Oppfølging av pasienter
Essayoppgaver for konteeksamen høst i IAB Oppgave 1, 10 poeng Cellens oppbygning - hovedstrukturer og cytoskjelett (4 poeng) (3 poeng) c) (3 poeng)
Essayoppgaver for konteeksamen høst i IAB Oppgave 1, 10 poeng Cellens oppbygning - hovedstrukturer og cytoskjelett Den totale materien i ei animalsk celle (protoplasma) inneholder ca. 1% uorganiske ioner
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014
Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014 Tema: Utskriving av pasientar frå sjukehus til kommune Samhandling mellom Stord sjukehus
Barnevern 2012. Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)
Barnevern 2012 Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB) Fleire barn under omsorg I 2012 mottok 53 200 barn og unge i alderen 0-22 år tiltak frå barnevernet, dette er ein svak vekst på 2 prosent frå 2011,
HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING
HYPERBARMEDISIN VELKOMMEN TIL BEHANDLING HYPERBAR OKSYGENBEHANDLING (HBO) Ved Seksjon for hyperbarmedisin behandlar vi pasientar med ulike sjukdomstilstander med 100 % oksygen under auka omgjevnadstrykk
-systolisk venstre ventrikkelfunksjon -høyrebelastning/lungeemboli -perikardvæske/tamponade
-systolisk venstre ventrikkelfunksjon -høyrebelastning/lungeemboli -perikardvæske/tamponade Jan Otto Beitnes, Ekko I 2015 Mann, 65 år gml, innlegges kl 20 med dyspne, puls 110 og BT 85/50- følt seg dårlig
Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011
Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar
MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00. Tittel
Møtestad: Gamle kantina Møtedato: 26.02.2014 Tid: 09:00 MØTEPROTOKOLL Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 1/14 14/389 Framlegg til møteplan for Leikanger ungdomsråd våren 2014 2/14
NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av 31.03.98 til NVE.
Vår ref. Vår dato NVE 9800452-5 02 09 98 MM/AVE/912-653.4 Dykkar ref. Dykkar dato Tussa Nett AS Dragsund 6080 GURSKØY Sakshandsamar: Arne Venjum, MM 22 95 92 58 Tariffering av kundar med lang brukstid
Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 18.05.2016 35308/2016 Åge Ødegård Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 01.06.2016 Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet 27.06.2016 Fylkestinget 12.10.2015
Møteinnkalling for Administrasjonsutval
Hjartdal kommune 3692 Sauland Møteinnkalling for Administrasjonsutval Møtedato: 02.09.2009 Møtestad: Formannskapssalen, kommunehuset Møtetid: Kl. 12:00 (merk tida)!! Utvalsmedlemene blir med dette kalla
Kardiomyopatier. Mai Tone Lønnebakken 1.amanuensis/overlege UiB og Hjerteavd. HUS
Kardiomyopatier Mai Tone Lønnebakken 1.amanuensis/overlege UiB og Hjerteavd. HUS Læringsmål Hva er Kardiomyopati Klassifisering av Kardiomyopatier Etiologi, symptomer, anbefalt utredning og behandling
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007
Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg
SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015. Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap
ØRSTA KOMMUNE SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Gunnar Wangen Arkivsak: 2014/2336 Løpenr.: 1523/2015 Utvalsaksnr. Utval Møtedato Ørsta formannskap Saka gjeld: LENGING AV TORVMYRVEGEN - ALTERNATIV TRASE TILRÅDING
Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling.
Ei kartlegging av faktorar som påverkar endringsprosessar i helsesektoren. Ei anonym spyrjeundersøking i ei medisinsk avdeling. Gro Åsnes Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF Bakgrunn og organisatorisk
BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010
Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet
Vurdering av allianse og alternativ
Leiinga Høgskulen i Volda Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Postboks 500 6101 Volda Telefon: 70 07 50 00 Besøksadresse: Joplassvegen 11 6103 Volda [email protected] www.hivolda.no
Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim
saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.04.2015 28276/2015 Rolf Stavik Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet 05.05.2015 Prøveprosjekt med ekspressrute E39 Mørebyane - Trondheim Bakgrunn
