Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, hovuduttaket 2015
|
|
- Edvard Olafsen
- 8 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, hovuduttaket 2015 Del 1 Teknisk: sakshandsaminga i FS Denne fyrste delen av rutinebeskrivinga omfattar sakshandsaminga frå søknaden er motteken i FS, fram til eit tilbod er gjeve og studenten er blitt registrert i utvekslingsmodulen. Rutinen tek for seg hovudtrekka i sakshandsaminga. Utover desse vil det vera behov for individuell tilpassing, alt etter kva avtale studenten søkjer seg ut gjennom, kva semester studenten søkjer seg ut og kven som er sakshandsamar. Søknadsweb består av fakultetsvise søknadsskjema, dvs. eitt uttak for kvar avtaleeigar. Dei sentrale UiB-avtalane utgjer eit eige uttak. Fakulteta kan såleis ta ut sine eigne søkjarlister frå FS og ha betre kontroll over sitt uttak. Det er likevel behov for å samkøyre uttaka, ettersom ein og same student kan søkje i to eller fleire uttak, medan søknaden berre skal handsamast ein gong og utspringe i eitt tilbod til søkjaren. I det vidare vert det gjort greie for køyreplanen som skal følgjast for hovuduttaket. Studieadministrativ avdeling handsamer søknader til Erasmus-avtalar for HF, SV og PSYK, sentrale bilaterale avtaler og Nordlys-nettverket. Fakulteta handsamer sjølve lokale bilaterale avtalar og Nordplus-avtalar. Juss og MOF handsamer i tillegg søknader til sine Erasmus-avtaler. Når det gjeld MatNat gjer dei Erasmus-uttaket sjølv, medan SA nominerer og følgjer opp mot partnaruniversiteta. Avtaleadministrator har ansvar for å følgje opp alle studentar som søkjer i sitt uttak, uavhengig av kva fakultet studenten tilhøyrer. Dette inneber at avtaleadministrator tek den fyrste delen av sakshandsaminga: uttak altså tilbod til studenten gjennom FS og/eller epost, praktisk informasjon og rettleiing om søknadsprosessen til samarbeidsuniversitetet, registrering i FS, dersom studenten er fagleg kvalifisert til å studere dei emnene/faga avtalen opnar for. Når det gjeld fagleg rettleiing og søknad om fagleg førehandsgodkjenning, må studenten visast til sitt eige fakultet. Studieadministrativ avdeling kan bistå fakulteta i sakshandsaminga der studentar søkjer i uttak som tilhøyrer andre fakultet enn studenten sjølv. NB! I så fall må avtaleadministrator gje tydeleg beskjed til SA om dette. 1
2 Viktige datoar for hovuduttaket januar: Søknadsweb opnar for utvekslingssøknadar. 1. februar: Søknadsfrist. 2. februar: Kvar avtaleeigar kan gå inn og hente ut søkjarlister frå sitt uttak i FS. Dersom avtaleeigar treng hjelp av SA/SiS til å ta ut søkjarlistene sine, må dette meldast inn til SiS på utveksling@uib.no. 4. februar: SA krysser alle søkjarlistene og lagar oversikt over dei som har søkt i to eller fleire søknadsskjema og korleis desse søkjarane prioriterer lærestadane mot kvarandre. Denne dagen er frist for SA til å legge listene på fellesområde på N:\Opptak utveksling. Dette er også fristen for dei internasjonale koordinatorane å kopiere listene som gjeld for fakultetet sitt og legge på fellesområde for fakultet, slik at sakshandsamarar får tilgang. 11. februar: Frist for å plassere studentane til sine ønska søknadsalternativ, så langt dette er mogleg. Dersom søkjaren ikkje kan få sin 1. prioritet går sakshandsamar vidare til 2. prioritet og eventuelt vidare på lista. Dersom studenten har søkt i to eller fleire søknadsskjema, tek ein utgangspunkt i prioriteringslista me har bede om at studenten skriv i merknadsfeltet. Dersom den neste prioriteten har ein annan sakshandsamar (for eksempel frå Nordplus til sentral bilateral) så er det fyrste sakshandsamar sitt ansvar å fordele/varsle ny sakshandsamar om dette. Frist for å flytte søknad til ny sakshandsamar er 11. februar. NB! Dersom studenten har søkt i to eller fleire søknadsskjema må sakshandsamar for det søknadsskjemaet der studenten ikkje får noko tilbod registrere IT i Tilbod status i Søknad samlebilde i FS. Dette for at søkjaren ikkje unødig skal dukke opp på sjekklista som skal takast ut 10. mars (sjå lenger nede). Det må presiserast at ombytingar bør skje så snart som råd etter at avtaleeigar har fått tilgang til sine respektive søkjarlister, og helst i god tid før 11. februar, som er absolutt siste frist. Såleis kan ein bruke 12. februar til å utføre endringar i uttaket som følgje av eventuelle ombytingar. Innan denne datoen bør ein ta ein grundig dobbelsjekk og kontrollere at ein ikkje har mista søkjarar undervegs. 13. februar: Kabalen må vera ferdig lagt. 16. februar: Frå denne datoen kan ein byrje å sende ut meldingar til studentane om tilbod om å søkje om utvekslingsplass. Det vil seie å gje beskjed om at dei er plukka ut av UiB til å få 2
3 søkje om utveksling ved Universitetet i XXX. Beskjeden skal gå gjennom FS/Søknadsweb (og eventuelt epost, dersom sakshandsamar vil gje meir informasjon til den enkelte søkjar). Meir om framgangsmåten under avsnittet «Registrere tilbod om utveksling i FS søknad samlebilde» under. 10. mars: Frist for informasjon om uttak til studentane (= beskjed om at dei er plukka ut til å få søkje om utvekslingsplass)/avslag til studentane gjennom FS/Søknadsweb. Denne fristen vil søkjarane få oppgjeven i kvitteringsteksten dei får på epost etter å ha levert søknad. 10. mars: SA tek ut rapport frå FS som viser søkjarar utan nokon markert status i rubrikken Tilbod Status i FS og distribuerer til aktuelle avtaleadministratorar for å avklare om søkjarar som står utan tilbod faktisk vert tekne hand om. Her sikrar ein også at ingen søkjarar ligg inne med to eller fleire tilbod. Fakulteta er ansvarlege for sine eigne lister og må vera obs på krysslista. 20. mars: Køyring av FS-rutine som opprettar utvekslingsperson. Innan denne datoen må samtlege søkjarane stå med riktig status i Søknad samlebilde (inkludert riktig semesterdato mht. sak om førehandsgodkjenning som vert oppretta til Lånekassen), slik at dei vert overførte til utvekslingsmodulen. Denne fristen gjeld ikkje for MOF og Griegakademiet. Dersom JUSS (som handsamer Erasmus-søknadar sjølve) ynskjer å overføre til utvekslingsbildet i FS ein dato før eller etter 20. mars, må dei formidle dette til SA/SiS på epost utveksling@uib.no. Etter denne datoen må avtaleadministratorar for dei sentrale avtalane (altså sakshandsamarar ved SA) gå inn i Utvekslingsperson bilde i FS og legge til fakultetskoden for det fakultetet studenten tilhøyrer. Unntak frå datoane: Dersom eit universitet har ein veldig tidleg søknadsfrist (midten av september og fram til byrjinga av oktober), må sakshandsamar sende ut melding til studenten på eit tidlegare tidspunkt enn 16. februar, for å kunne gjennomføre sakshandsaminga før fristen går ut. Ein skal altså streve etter å ferdigstille plassering av studentane og eventuelle ombytingar mellom saksbehandlarane innan 11. februar. Samstundes er det ikkje er praktisk mogleg å få alle brikker til å falle på plass innan 11. februar, så ombytingar etter fristen er mogleg, men utan at det får konsekvensar for allereie tildelte plassar. Her er det viktig med ein kontinuerleg dialog mellom fakulteta og SA. Nokre sakshandsamarar innan spesielle fagfelt (spesielt ved MOF) vil ikkje ha høve til å registrere tilbod i FS/Søknadsweb innan 10. mars. Desse er unnateke fristen for å registrere 3
4 innan denne datoen. Korleis få fram søkjarar i FS søknad samlebilde 1. Gå inn i FS-modul Opptak > Bilder > Søknad Samlebilde. 2. Søk opp det aktuelle opptaket (til dømes «UTV-UT-HF / 2015 / HØST i opptak og trykk Enter. Ev. spesifiser med namn, studentnummer, etc. Finne dokument i Søknad samlebilde Søkjarane skal ikkje måtte laste opp vedlegg til søknaden i Søknadsweb, men dersom ein skulle ha behov for å sjå eventuelle vedlegg, t.d. karakterutskrifter som søkaren kan ha lagt ved, så kan ein finne desse under fanemenyen som heiter Dok nede på Søknad samlebilde. Trykk på «vis» for å opne dokumentet. For å laste opp vitnemål frå VGS så kan ein dobbelklikke på nummera som står under Vmnr i boksen under GSK/Studentgrunnlag. Registrere avslag i FS dersom søkaren ikkje oppfyller formelle krav Sakshandsamarane må gå gjennom sine lister og sjekke om søkjarane er kvalifiserte i samsvar med UiBs krav til utvekslingsstudentar, og luke ut dei som ikkje er det. Dersom søkaren ikkje tilfredstillar vilkåra for å kvalifisere seg til eit utvekslingsopphald i samsvar med 2 under «Reglement uttak og stipendtildeling for delstudier i utlandet» så kan ein registrere avslaget på følgjande måte i Søknad samlebilde: 1. Gå inn i Søknad samlebilde i FS (som omtalt i avsnitt lenger oppe). 2. Gå inn på SøkAlt i fanemenyen og sett inn IK (ikkje kvalifisert) i Tilbud status på eit eller fleire søknadsalternativ og oppdater. OBS! Ein skal ikkje hake av Grunnlag UTV oppe til høgre i søknad samlebilde (sjå rutine under, punkt 2). Avslaget vil foreløpig ikkje syne i Søknadsweb og studenten vil fortsatt sjå «under behandling» som status på søknad(ar). Dersom du vil at avslaget skal vise på Søknadsweb set du ein J på Publ på kvart enkelt søknadsalternativ og oppdaterer. Søkaren vil ikkje få ein automatisk e-post når du gjer dette, men han eller ho kan sjå søknadsstatus «ikkje kvalifisert» på Søknadsweb. Det kan derfor vere hensiktsmessig å sende avslagsbrev til søkjaren før ein publiserer det. Avslagsbrev skal leggast i ephorte i saksmappe 2014/11640 Avslag utveksling hovuduttaket Brevet må innehalde vedtak og grunngjeving og det må vise til klageretten, t.d. på denne måten: Vedtaket kan påklages jf Forvaltningslovens 28 innen 3 uker fra du har mottatt dette brevet. 4
5 Registrere tilbod om utveksling i FS Søknad samlebilde For at studenten skal opprettast som utvekslingsperson må det ligge føre eit tilbod som det er takka ja til. 1. Gå inn i Søknad samlebilde i FS (som omtalt i avsnitt lenger oppe). 2. Feltet oppe til høgre som heiter Grunnlag UTV + blank boks skal ha hake/vere markert, trykk deretter Oppdater. Med dette registrerer du at søkjaren oppfyller dei formelle krava for å søkje utveksling, og kan difor bli gjeve tilbod om å søkje om utveksling. 3. Trykk på knappen som heiter Fullfør i midten av biletet. Gi tilbod på 1. prioritet (fram mot 11. februar) Gå inn på SøkAlt i fanemenyen og sett I på Tilbud status på den rada som tilhøyrar søkjarens 1. prioritet. Dersom søkjaren har søkt på andre alternativ kan ein no sette inn enten L eller B (begge gir status «Tilbod fell bort») og oppdater. Tilbodet vil foreløpig ikkje syne i Søknadsweb og studenten vil fortsatt sjå «under behandling» som status på søknad(ar). Dersom 1. prioritet fell bort (fram til 11. februar) Dersom søkjaren ikkje får uttak på sin 1. prioritet, så må sakshandsamar setje IT (ikkje gitt tilbod) på 1. prioritet og oppdater. Dette er viktig for at eventuelle neste sakshandsamar på 2. eller 3. prioritet ikkje vil ha noko tvil om at 1. prioritet fell bort. Det er også viktig å kommunisere eit skifte av eigarskap til søknaden raskt. Publisering av tilbod og avslag (etter 13. februar) For at uttaket skal vise på Søknadsweb set du ein J på Publ på kvart enkelt søknadsalternativ og trykker oppdater. Søkaren vil ikkje få ein automatisk e-post når du gjer dette, men han eller ho kan no sjå søknadsstatus «Innvilga søknad» på 1. prioritet og «Tilbod fell bort» på 2. og 3. val på Søknadsweb. Det kan difor vere hensiktsmessig å koordinere denne funksjonen med ein e-post til aktuelle søkarar, der ein kan informere om særskilde søknadsprosedyrar og søkjarmøte. Deretter vil søkjaren kunne velje JA eller NEI på om han eller ho takkar ja til tilbodet på Søknadsweb, og dette vil bli markert i FS med ein J/N i Tilbud svar. Eposten ein sender til studenten parallelt med å gje tilbod i FS bør innehalde ein frist for å takke JA eller NEI til tilbodet. Dersom det er ynskjeleg/naudsynt, så kan sakshandsamar overstyre denne prosessen og sjølv sette J/N på Tilbud svar. Tilbod/avslag må sendast til studenten innan 10. mars 5
6 Oppretting av utvekslingsperson Etter ferdig sakshandsaming vil det bli køyrt ein FS-rutine for å opprette utvekslingsperson. FS køyrer ein rutine på avtalt tidspunkt, der søkjarane vert overførte til Utvekslingsmodulen. For at søkjarane skal verte overført må dei stå oppført med fylgjande registreringar i Søknad samlebilete (også beskrive i vedlagte rutinebeskriving): Slik: - I på Tilbud status - J på Tilbud svar Studentane må også vere oppført med ein periode for utvekslinga, dette skriv de inn under Studierett-periode i Søknad samlebilete: Dersom periodefeltet vert ståande tomt, vil det verte sett ein default-periode. Dersom ein treng å endre på perioden etter overføring til Utvekslingsmodulen, gjer ein endringa i Utvekslingsmodulen, ikkje i Søknad samlebilete. Dette gjeld også dersom ein student trekk seg, eller det kjem inn andre endringar etter overføringa; alt vedlikehald gjer ein i Utvekslingsmodulen. 6
7 Registrere trekk Registrere trekk i Søknad samlebilde før student er overført til Utvekslingsmodulen Dersom ein student vel å trekke søknaden sin før han/ho er overført til Utvekslingsmodulen, vert dette registrert ved at anten studenten eller sakshandsamar svarar N (Avslått tilbud) under Tilbud svar i Søknad samlebilde. Registrere trekk i Utvekslingsmodulen Dersom ein student vel å trekke seg frå utveksling etter at han/ho er overført til Utvekslingsmodulen, vert dette registrert ved å velje passande alternativ under rubrikken Utvekslingsstatus. - TRUKKET: Indikerer at det er studenten sjølv som har trukke seg frå opphaldet før han/ho har reist ut (desse vert ikkje rapportert til DBH) - AVSLAGINST: For studentar som har fått avslag på søknaden frå vertsuniversitetet (desse vert ikkje rapportert til DBH) - SYK: For studentar som har blitt sjuke i forkant av opphaldet (desse vert ikkje rapportert til DBH) - AVBRUDDE3M: For studentar som avbryt opphaldet etter at dei har vore ute tre månader eller meir (desse vert rapportert til DBH) - AVBRUDDF3M: For studentar som avbryt opphaldet etter at dei har reist ut, men før det har gått tre månader (desse vert ikkje rapportert til DBH) Del 2 Praktisk: informasjon til studentane Den vidare prosessen omfattar mellom anna at ein held eventuelle søkjarmøte for studentane og sørgjer for at alle studentar som har fått tilbod leverer inn søknader innan dei ulike fristane. Anten det er i form av søkjarmøte og/eller epost som går ut til studentane, bør dei informerast om fylgjande før avreise: Søknadsprosessen mot samarbeidsuniversitetet - Gå gjennom søknadsskjemaet og gjer greie for kva dokument som må leggjast ved søknaden (dette kan vere passfoto, passkopi, dokumentasjon på språkkunnskapar, karakterutskrift, motivasjonsbrev, akademisk referanse, etc.). 7
8 - Korleis leverer ein søknaden: online eller via sakshandsamar ved UiB? Informer studenten om søknadsfristen ved universitetet der ute. - Opplys om nettadressa til det aktuelle samarbeidsuniversitetet sine nettsider, og tips studenten om at ein på kan finne studentrapportar frå den aktuelle lærestaden. - Gje studenten informasjon om bustad, så sant dette er tilgjengeleg frå samarbeidsuniversitetet - Opplys om semesterdatoar dato for mottak og semesterslutt Beredskap - Be studentane om å registrere si utanlandske semesteradresse i Studentweb så snart denne er klar. I tillegg ynskjer me at studentane i Studentweb skriv inn kontaktopplysningar til næraste familie. Dette er frivillig, og opplysningane vil ikkje verte brukt av UiB, men overlevert norske myndigheter dersom ein krisesituasjon skulle krevje dette. - Del ut UiBs beredskapsbrosjyre ( og tilrå i tillegg å registrere seg hjå norsk UD på Vaksine - Vaksine: tilrå å sjå kva Folkehelseinstituttet skriv på sine nettsider om det området studenten skal reise til: Forsikring - Forsikring: Skal studenten opphalde seg i eit EU/EØS-land eller i Sveits bør han/ho skaffe seg eit Europeisk helsetrygdkort frå NAV. Norske statsborgarar som får støtte frå Lånekassen til studieopphald utanfor EU/EØS eller Sveits, får rett til stønad til helsetenester gjennom folketrygda. MEN det er begrensa kva denne forsikringa dekker les meir her: - Ein tilrår i tillegg at studenten kjøper seg ei forsikring for studentar i utlandet. Visum - Visum for studier utanfor EU: det er studenten sitt ansvar å skaffe seg studentvisum og skaffe seg oppdatert informasjon om korleis søknadsprosessen går føre seg. Tilrå at studenten tek kontakt med aktuell utanriksstasjon for å forhøyre seg om denne prosessen. Dette bør dei gjere omgåande, då behandlingstida på visumsøknaden kan vere lang. 8
9 Førehandsgodkjenning - Informere om kor mange fag/antal credits ein må avleggje ved det samarbeidsuniversitetet - Førehandsgodkjenning: informere om at søknad om dette skal leverast til fakultetet, og gje link til søknadsskjema: Dersom det førekjem endringar i fagsamansetting etter at ein har søkt om førehandsgodkjenning, er det viktig å ta kontakt med studierettleiar ved UiB for å få ei forsikring om at dette er i orden. Lånekassen - Gje studenten informasjon om eventuelt skulepengebeløp, og korleis dette skal betalast. - Informere om at ein i søknaden til Lånekassen skal leggje ved opptaksbrevet frå samarbeidsuniversitetet førehandsgodkjenninga frå UiB treng ikkje leggast ved, då Lånekassen har tilgang til denne gjennom FS. - Vise dei til Lånekassens nettsider for informasjon om kor mykje støtte ein kan få ved delstudier i utlandet: Semesteravgift og semesterregistrering - NB! Studentane må hugse å betale semesteravgift og registrere seg ved UiB det semesteret dei er ute. Anna - Ta gjerne bilete av universitetsmiljøet og andre ting under opphaldet det kan hende UiB etterspør slike bilete til bruk i informasjonsmateriell. - Oppmode om å delta på utvekslingsmesser el.l., dersom dette vert arrangert ved samarbeidsuniversitetet. I tillegg kan det vere greit å dele ut sjekklista på neste side til studentane. 9
10 Del 3: Sjekkliste for studenter som skal på utvekslingsopphold via avtaler med UiB: hva må gjøres? Før endeleg søknad til vertsuniversitetet i utlandet vert levert Sjekk at søknaden er korrekt og komplett utfylt Kontroller at du har alle vedlegga som trengs Etter at søknad er levert og før opptaksbrev frå vertsuniversitetet kjem Søk om førehandsgodkjenning Undersøk og bestill eventuelt reise Undersøk og ta eventuelt naudsynte vaksinar Undersøk kva som er naudsynt med tanke på ev. visumsøknad Etter mottak av opptaksbrev frå vertsuniversitetet og førehandsgodkjenning frå UiB Returner ev. svarbrev og andre skjema til vertsuniversitetet dersom dei ber om det Send søknad til Lånekassen Søk om visum Bestill reise Teikn forsikring for studieopphaldet i utlandet Før du reiser Betal semesteravgift og registrer deg ved UiB for semesteret du skal vere ute Skriv inn opplysningar om næraste familie i Søknadsweb Medan du er ute Skriv inn opplysningar om semesteradresse i Søknadsweb Mot slutten av opphaldet/etter at du er komen heim Skriv og lever rapport frå utvekslingsopphaldet på Søk om endeleg godkjenning av utvekslingsopphaldet når du har fått karakterutskrifta di. 10
Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, suppleringsuttaket 2015
Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, suppleringsuttaket 2015 Del 1, teknisk: sakshandsaminga i FS Del 2, praktisk: informasjon til studentane Del 3: Sjekkliste
DetaljerKokebok utveksling: Rutinar for sakshandsaming utvekslingsuttaket 1. september 2016
Kokebok utveksling: Rutinar for sakshandsaming utvekslingsuttaket 1. september 2016 Arbeidsdeling Studieadministrativ avdeling handsamer (administrerer) søknader til Erasmus-avtalar for HF, SV og PSYK
Detaljer1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS
1. Oppretting og vedlikehald av utvekslingsavtalar i FS Det er Studieadministrativ avdeling som tek seg av det tekniske kring sjølve opprettinga og avsluttinga av utvekslingsavtalar i FS, også lokale,
DetaljerBrukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost
Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL
DetaljerInfotyper oppretting og vedlikehald
Infotyper oppretting og vedlikehald Skildringa på nett av utvekslingsavtalane er kopla til infotyper på to ulike nivå i FS. På avtalenivå ligg infotypane der ein legg inn konkret informasjon om avtalen,
DetaljerSøking til skuleåret 2012-2013
Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært
DetaljerBrukarrettleiing. epolitiker
Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til
DetaljerUNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT
UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT Språkrådet Landssamanslutninga av nynorskkommunar Nynorsk kultursentrum 17. mars 2011 Undersøking om målbruken i nynorskkommunar er eit samarbeid mellom
DetaljerRådgjevarkonferanse 2009
Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget
DetaljerRetningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune
Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja
DetaljerEmneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda
Emneregistrering i Studentweb, Historiestudiet ved Høgskulen i Volda Av Arnfinn Kjelland Versjon 17.1.2003 Innhald Innhald...1 Pålogging...1 Framsida på Studentweb...2 Semesterregistrering epostadresse...3
DetaljerRådgjevarkonferanse 2010
Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å
DetaljerSØKNAD OM STØTTEKONTAKT
MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama
DetaljerProsedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2015 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barn med nedsett funksjonsevne kan ha trong for særleg tilrettelegging av fysiske og personalmessige
DetaljerÅrsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.
1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal
DetaljerSpørsmål frå leiar i tenesteutvalet:
Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet: Har igjen fått sps om dekninga i Sør. Veit ein meir om når utbygging av skal skje? Kor mange barn i sør får ikkje plass i nær? Svar frå administrasjonen: Vi syner til
DetaljerInfotyper oppretting og vedlikehald
Infotyper oppretting og vedlikehald Skildringa på nett av utvekslingsavtalane er kopla til infotyper på to ulike nivå i FS. På avtalenivå ligg infotypane der ein legg inn konkret informasjon om avtalen,
DetaljerSøking til skuleåret 2013-2014
Søking til skuleåret 2013-2014 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2012 Helse og sosialfag er endra til helse og oppvekstfag Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no,
DetaljerRETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2
RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til
DetaljerBruk av reiserekning i Agresso
Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar
DetaljerKVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon
KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET Retningslinjer og informasjon Retningslinjer og informasjon om barnehagetilbodet TILBODET I BARNEHAGANE Barnehagane skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta
DetaljerRetningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune
Foto: Naustvågen barnehage Retningsline for samordna opptak i i Stord kommune 1 INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja
DetaljerFS-rutine for å saksbehandle søknader UTV-INN 2019 HØST
FS-rutine for å saksbehandle søknader UTV-INN 2019 HØST SA sender lister til FAK/institutt Vi sender ut lister med oversikt over søknader med emneønsker. Søknadene skal behandles i FS, Søknad Samlebilde.
DetaljerOpplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste
Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste I dette dokumentet finn du informasjon om Innlogging og tilgang til Datafangsportalen Liste over dokument som skal følgje
DetaljerInfotyper oppretting og vedlikehald
Infotyper oppretting og vedlikehald Skildringa på nett av utvekslingsavtalane er kopla til infotyper på to ulike nivå i FS. På avtalenivå ligg infotypane der ein legg inn konkret informasjon om avtalen,
DetaljerPersonalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister
Personalportalen Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune personalportalen Oppbygging av brukarmanualen Denne brukarmanualen omhandlar
DetaljerTil deg som bur i fosterheim. 13-18 år
Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500
DetaljerUndersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving
Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.
DetaljerRettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel
Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Å aktivere ein leverandør krev i det minste tre steg, og aller helst fire: 1. Kontakt med leverandør, s. 1 2. Oppdatere informasjon i Visma, s. 2
DetaljerRettleiing for revisor sin særattestasjon
Rettleiing for revisor sin særattestasjon Om grunnstønad til nasjonalt arbeid til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, statsbudsjettets kap. 857, post 70 (Jf. føresegn om tilskot til frivillige
DetaljerTilgangskontroll i arbeidslivet
- Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for
DetaljerINFORMASJON til studentar som reiser ut
INFORMASJON til studentar som reiser ut Innhald Informasjon til studentar som reiser ut.......................................... 4 Naudsynte førebuingar før du reiser ut..........................................
DetaljerSøk regionale miljøtilskudd elektronisk
Søk regionale miljøtilskudd elektronisk I 2015 er det endå enklare å levere søknaden om regionalt miljøtilskot på internett. Me vonar du søkjer elektronisk. I denne folderen er det ei skildring av korleis
DetaljerEin tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass
Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under
DetaljerDu kan skrive inn data på same måte som i figuren under :
Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar
DetaljerKorleis fylle ut søknadsskjema
Korleis fylle ut søknadsskjema Les gjennom denne informasjonen før utfylling av søknadsskjema. Vi bed om at skjemaet er så nøyaktig fylt ut som råd, det vil gjera søknadsprosessen lettare for alle partar.
DetaljerRETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP. Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF
RETTLEIING FOR BRUK AV «MIN SIDE» I DEN ELEKTRONISKE SKJEMALØYSINGA FOR FRI RETTSHJELP Oppdatert 19.september 2012 Ove Midtbø FMSF 1 INNHOLD OM RETTLEIAREN... 3 FUNKSJONANE PÅ «MIN SIDE»... 3 MINE SAKER...
DetaljerReferat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage
Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell
DetaljerInformasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon
DetaljerRettleiar for utfylling av søknad om opptak i fiskarmanntal - Altinn
Rettleiar for utfylling av søknad om opptak i fiskarmanntal - Altinn Korleis finne skjema Gå inn på Altinn si startside (http://www.altinn.no) og vel fana Skjema og tenester. Du kan finne skjemaet ved
DetaljerRetningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode
DetaljerAD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET
AD Travel Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET Oppbygging av brukarmanualen Oppbygging av brukarmanualen... 3 Pålogging og forklaring til hovudbilete... 4 Første
DetaljerRettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer
SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i
DetaljerInnhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling
1 Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling og visse konsekvensar:... 6 Ulike roller i Fronter...
DetaljerTenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK
Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse
DetaljerAnsvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar
Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Kva reglar gjeld ved skade knytt til undervisning, praksis, ekskursjonar og feltarbeid? Utdanningsforum 17.09.12 Terje Bjelle Hovudprinsippet: Staten
DetaljerRAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012
Om Øving Lyneld Øving Lyneld er primært ei varslingsøving som Fylkesmannen i Hordaland gjennomfører med ujamne mellomrom for å teste beredskapsvarslinga til kommunane i Hordaland og Hordaland fylkeskommune.
Detaljer«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»
«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE» FYLKESREVISJONEN Møre og Romsdal fylkeskommune RAPPORT, FORVALTNINGSREVISJONSPROSJEKT NR. 4-2000 INNHALDSREGISTER 1. INNLEIING I 2. FORMÅL 1 3. METODE OG DATAGRUNNLAG
DetaljerMinoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret 2016-2017
til videregående opplæring skoleåret 2016-2017 Søkere med annet morsmål enn norsk og samisk, defineres som minoritetsspråklige søkere De aller fleste av søkerne med annet morsmål enn norsk, er som alle
DetaljerProsedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå august 2018 BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt funksjonsevne
DetaljerLOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1
LOV 1950-12-08 nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1 -------------------------------------------------------------------------------- DATO: LOV-1950-12-08-3 OPPHEVET DEPARTEMENT: AID (Arbeids- og inkluderingsdepartementet)
DetaljerBRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR
TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer
DetaljerFra Forskrift til Opplæringslova:
Fra Forskrift til Opplæringslova: 5-1. Kva det kan klagast på Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- /sveineprøver og kompetanseprøve, og realkompetansevurdering.
DetaljerSøknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2014 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
DetaljerStyresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012
Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte
DetaljerTENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER
Naustdal kommune TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING VED SØKNAD OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER - 2 - INNHALD: SAKSHANDSAMING Side 3 1. Grunnlag for tildeling av tenester 2. Sakshandsaming / saksgang 3. Klage
DetaljerSaksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:
Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.
DetaljerLingspeak 3 3.0.487.0. Lingit AS
Lingspeak 3 3.0.487.0 Lingit AS Lingspeak 3 Innhald Kva er Lingspeak 3?...1 Installasjon...2 Starte Lingspeak...3 Avslutte Lingspeak...3 Lese opp tekst...4 Hovudvindauget...5 Lagre til lydfil...5 Opplesingsvindauget...6
DetaljerStore dokument i Word
Store dokument i Word versjon 2007 av Kjell Skjeldestad Hjelp til betre organisering av skrivearbeidet august 2009 Ved skriving av store dokument er det viktig å få god oversikt over dei ulike delane av
DetaljerProsedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune
Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune Gjeld frå oktober 2016 1. BARN MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE Barnehagelova 19 g.barn med nedsatt funksjonsevne Kommunen skal sikre at barn med nedsatt
DetaljerRettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne
Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne Rettleie og behandle søknader Rettleie og vurdere rettar Rettleie om retten til grunnskoleopplæring Kommunen skal oppfylle retten til grunnskoleopplæring
DetaljerINFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE
INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for
DetaljerRetningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009
Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1. mars 2009 2 Innhald: 1. Formål... 4 2. Kven kan nytte ordninga?... 4 3. Godkjenningsperiode... 4 4. Brukartak... 4 5.
DetaljerLegge til brukar. Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt
Legge til brukar Legge til ein lærar Då det er lite utskifting på lærarar så legg eg til dei manuelt 1. Klikk Kontoredigering Legg til Manuelt 2. Skriv inn Fornamn, Etternamn og Klasse. Dersom programmet
DetaljerLæring, fellesskap og demokrati
Det skal være mulig for alle som bor i Norge å bli kjent med og lære kulturuttrykk og folkelige tradisjoner i skapende og trygge fellesskap. Læring, fellesskap og demokrati NYNORSK 2 1-2-3 KURS! Så flott
DetaljerKorleis fylle ut søknadsskjema
Korleis fylle ut søknadsskjema Les gjennom denne informasjonen før utfylling av søknadsskjema. Vi bed om at skjemaet er så nøyaktig fylt ut som råd, det vil gjera søknadsprosessen lettare for alle partar.
DetaljerFORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M
FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen
DetaljerNOTUS PORTAL 1. BRUK AV NOTUS PORTAL FOR TILSETTE/VIKARAR:
Notus Portal er ein Internett-portal med presentasjon av ledige vakter, førespurnad om å ta vakter og bekreftelse av vakter via Internett og SMS! Når ei vakt er ledig i Notus, kan denne publiserast som
DetaljerRettleiar til Partiportalen for Fylkesparti
Rettleiar til Partiportalen for Fylkesparti Versjon 1.4 1 Oppdatert mai 2014 Fylkesmannen i Sogn og Fjordane INNHALD Innhald... 2 Innlogging første gong... 2 MinId... 2 Registrere ny brukar og søkje om
DetaljerFREMDRIFTSPLAN INNVEKSLINGSOPPTAK VÅR 2015
FREMDRIFTSPLAN INNVEKSLINGSOPPTAK VÅR 2015 Forberedelsesfasen V-2015 Formell behandling av studietilbudet (engelskspråklige emner) som skal annonseres for innvekslingssøkere til UiB. Opptaket opprettes
DetaljerForbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private
Partar Seljar Namn: Adresse: Postnr/stad: Tlf.: E-post: Kjøpar Namn: Adresse: Postnr/stad: Tlf.: E-post: Side 1 av 6 Køyretyopplysingar Merke og type køyrety Årsmodell Fyrste gong registrert Registreringsnr.
DetaljerForbrukerrådets kontrakt ved kjøp av bruktbil mellom private
Om kontrakten Kontrakten kan fyllast ut elektronisk eller skrivast ut og fyllast ut på papir. Forbrukarrådet tilrår at kontrakten blir fylt ut elektronisk av partane i fellesskap. Forbrukarrådet oppmodar
DetaljerMelding om behov for representant
Send til fylkesmannen i det fylket der personen med behov for representant, oppheld seg fast. Melding om behov for representant Når skal det sendast inn melding om behov for å oppnemne representant? Kven
DetaljerRettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn
Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna
DetaljerEndringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland
OPPLÆRINGSAVDELINGA Arkivnr: 2014/2-69 Saksbehandlar: Adeline Berntsen Landro Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Hordaland fagskulestyre 27.01.2015 Endringar i studentreglementet for Fagskolane
DetaljerTILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER.
TILDELING AV HELSE-OG OMSORGSTENESTER. Odda kommune har eit tildelingskontor som skal sikra lik tilgang på helse-og omsorgstenester for innbyggjarane, uavhengig av alder,tenestebehov og bustad. Søknader
DetaljerKontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.
Arena Høgskulen i Sogn og Fjordane brukar Arena for studieadministrativ informasjon frå HSF til den enkelte student, og frå den enkelte student til HSF. Denne rettleiinga tek for seg kva for informasjon
DetaljerTIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE
TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre
DetaljerInternasjonal vidaregåande skule
Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing
DetaljerDet æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking
Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg
DetaljerTENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert 15.06.09
TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE Sist redigert 15.06.09 VISJON TILTAK Stord kulturskule skal vera eit synleg og aktivt kunstfagleg ressurssenter for Stord kommune, og ein føregangsskule for kunstfagleg
DetaljerKommunestyre- og fylkestingsvalet 2015
INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar
DetaljerSøknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)
Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar) Kvinnherad kommune 2015 Rettleiing for søknad om spelemidlar i Kvinnherad kommune Tilskot til anlegg og fysisk aktivitet (spelemidlar)
DetaljerBARNEHAGETILBODET 2015/2016
Kvinnherad kommune Vår ref: 2014/996 Dato: 1.07.2015 Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET 2015/2016 RETNINGSLINJER OG INFORMASJON Retningslinjer og informasjon OM FALDAREN Faldaren vert sendt til alle
DetaljerFORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10. Elevvurdering, eksamen og klagebehandling
FORELDREMØTE 10. TRINN ONSDAG 22.02.10 Elevvurdering, eksamen og klagebehandling Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 G00 Arkivsaksnr.: 12/572-2 Prosjekt Sogn lokalmedisinske senter, Lærdal. Rapport forstudie og vidareføring TILRÅDING: Leikanger kommunestyre gjer
DetaljerDersom du står fast tek du kontakt med Malin Olivia Dahlberg på eller telefon
Brukarrettleiing til Norske Kunstforeninger sitt medlemssystem Norske Kunstforeninger bruker frå 2018 HyperSys som medlemssystem. HyperSys er spesielt utvikla for frivillige organisasjonar, for å forenkle
DetaljerTil deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»
Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.
DetaljerSØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71)
Side 1 av 5 SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap. 1429 post 71) SØKNADSFRIST: 15. NOVEMBER 2015 Søknad sendast til: Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1. Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing
SAKSFRAMLEGG Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/153-1 Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing TILRÅDING: Saka blir lagt fram utan tilråding frå administrasjonen.
DetaljerREVIDERING AV REGLEMENTET FOR FAGSKOLANE I HORDALAND
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Opplæringsavdelinga Drift- og utviklingsseksjonen Arkivsak 201112362-74 Arkivnr. 522 Saksh. Landro, Adeline Saksgang Møtedato Hordaland fagskulestyre 20.11.2012 REVIDERING AV REGLEMENTET
DetaljerDen europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?
Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet
DetaljerRetningslinje for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune
Foto: Naustvågen barnehage Retningslinje for samordna opptak i i Stord kommune INNLEIING Alle godkjende i kommunen skal samarbeida om opptak av barn i barnehage, jamfør Lov om 12. Kommunen skal leggja
DetaljerInntak ORIENTERINGSMØTET 14.01
Inntak ORIENTERINGSMØTET 14.01 Noen aktuelle presiseringer i forhold til ny forskrift til opplæringslova kapittel 6 Jeg redigerte bort det som ikke er så aktuelt for dere.. Søknadsfrister unntak Søkjarar
DetaljerAlle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.
Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte
DetaljerProsedyrar og rettleiar for NSSU
Prosedyrar og rettleiar for NSSU - Nettbasert sakshandsaming av søknad om spesialundervisning Innleiing Det er utvikla i Hordaland eit nettbasert program for sakshandsaming av søknadar om spesialundervisning.
DetaljerDrift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn
Drift av beitelag - organisert beitebruk Søknad i Altinn Beitelagsleiar skal sende inn søknaden på vegne av heile beitelaget. Det er derfor viktig at beitelagsleiaren har denne retten i Altinn. Om beitelagsleiaren
Detaljerwww.hordaland.no Nytt HFK Intranett
Nytt HFK Intranett Vår digitale kvardag Gode medarbeidar! Fylkesrådmann Paul M. Nilsen Både på jobb og privat brukar dei fleste av oss PC til ei lang rekkje oppgåver. Å meistra bruk av digitale verktøy
DetaljerStøtteordningar og søknader
Støtteordningar og søknader Dette er eit emne tillitsvalde og medlemer er svært interessert i. Filosofien er enkel: Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar
Detaljer