INFORMASJON til studentar som reiser ut

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "INFORMASJON til studentar som reiser ut"

Transkript

1 INFORMASJON til studentar som reiser ut

2 Innhald Informasjon til studentar som reiser ut Naudsynte førebuingar før du reiser ut Tryggleik under utanlandsopphaldet Ved krisesituasjonar i utlandet Viktige adresser og telefonnummer Innhald Utdanningsavdelinga, UiB Grafisk design og utforming Formidlingsavdelinga, UiB 4542

3 Informasjon til studentar som reiser ut Denne brosjyren er for deg som er student ved Universitetet i Bergen og planlegg eit studierelatert utanlandsopphald. Her får du informasjon om kva du må gjere for di eiga helse og tryggleik før du reiser ut og medan du er i utlandet. Du får også vite kva du skal gjere dersom du treng hjelp, til dømes i ein krisesituasjon. Les nøye gjennom brosjyren, og fyll ut og lever opplysningsskjema/ eigenerklæring for studentar til UiB før du reiser. Ta med deg brosjyren til utlandet, og ha den lett tilgjengeleg. UiB ønskjer deg eit trygt og lærerikt opphald i utlandet! Både studentar og UiB har ansvar knytt til studierelaterte utanlandsopphald. Studenten sitt ansvar: lese brosjyren «Informasjon til studentar som reiser ut» og ta den med til utlandet levere opplysningsskjema/eigenerklæring for studentar til UiB i god tid før avreise vite kven ved UiB som kan kontaktast ved behov halde UiB oppdatert om adresse/telefonnummer i utlandet registrere seg ved næraste norske utanriksstasjon der dette vert tilrådd teikne forsikring for utanlandsopphald ta naudsynte vaksiner orientere seg om tilhøva i området ein oppheld seg i og følgje råd frå lokale styresmakter og vertsuniversitetet opptre ansvarleg for å redusere risikoen for å hamne i farlege situasjonar informere UiB og vertsuniversitet dersom du treng spesiell tilrettelegging/oppfølging under utanlandsopphaldet Informere UiB i fall utanlandsopphaldet vert avbrote eller forlenga UiB sitt ansvar: vurdere tryggleiken på stader der universitetet har utvekslingsavtalar gi UiB-studentar på studierelaterte utanlandsopphald generell rettleiing og råd om personlig tryggleik før avreise, først og fremst gjennom brosjyren «Informasjon til studentar som reiser ut» registrere utanlandsopphalda, arkivere opplysningsskjema/eigenerklæring for studentar og makulere desse etter at opphalda er avslutta kontakte studentar og grupper som oppheld seg i områder der det har oppstått farlege situasjonar yte bistand til UiB-studentar som er innblanda i krisesituasjonar og om naudsynt kalle saman ei beredskapsgruppe 4

4 Naudsynte førebuingar før du reiser ut Skal du opphalde deg i eit EU/EØS-land eller i Sveits bør du skaffe deg eit europeisk helsetrygdekort frå NAV. Norske statsborgarar som får stønad frå Lånekassen til studieopphald utanfor EU/EØS eller Sveits, får rett til stønad til helsetenester gjennom folketrygda. Du får då tilsendt trygdebevis til folkeregisteradressa di. Andre må søkje om å vere dekka av folketrygda i utlandet. Les meir på - internasjonal studentar i utlandet. Folketrygda gir deg ikkje ei fullgod forsikring. Den inkluderer ikkje reise- og ulykkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom med meir. Vi råder deg difor på det sterkaste til å teikne ei forsikring for studium i utlandet. Slike forsikringar får du mellom anna gjennom og Nokre forsikringar inkluderer sjukeforsikring, medan du må betale ekstra for dette hjå andre. Treng du å vaksinere deg før utanlandsopphaldet? Undersøk på kva som blir tilrådd for det landet du skal til. Kontakt Smittevernkontoret i Bergen kommune (tlf ) eller eit anna vaksinasjonskontor. Der får du naudsynte vaksiner og rådgiving om reisemedisin. Det kan vere lurt å ringe rundt til fleire for å forhøyre seg om prisar først. Nokre vaksiner må du ta i god tid før du reiser. I enkelte land kan du risikere å bli nekta innreise eller å bli «tvangsvaksinert» på flyplassen dersom du ikkje kan dokumentere at du har tatt dei pålagde vaksinane. Dersom du har ein kronisk sjukdom bør du kontakte legen din før du reiser. Er du avhengig av reseptpålagde medisinar, må du syte for å få med deg nok av desse. Det kan også vere ein fordel å få med seg ei stadfesting på engelsk frå legen din om at dette er medisinar du er avhengig av, fordi dei vil kunne falle inn under narkotikalovgivinga i enkelte land. Ta omsyn til helsetilstanden din når du vel studieland. Ver klar over at du ikkje er garantert tilgang til helsetenester og medisinar på same måte som i Noreg. Ver orientert om tilhøva i landet du reiser til. 5

5 Hugs dessutan på følgjande: Betal semesteravgift og registrer deg som student ved UiB for den perioden du er i utlandet Søk om visum dersom du treng det. Du må som regel ha eit pass som er gyldig i minst seks månadar etter at du skal vere tilbake i Noreg Syt for å få førehandsgodkjenning frå UiB dersom du skal på utveksling, og søk om endeleg godkjenning når du er heimkomen Søk om lån og stipend frå Lånekassen i god tid før utanlandsopphaldet Undersøk høvet for å ta språkkurs og få språkstipend Utvekslingsstudentar skal levere rapport frå opphaldet sitt På UiB sine nettsider finn du meir informasjon om kva du må gjere før du reiser og når du er ute.

6 Tryggleik under utanlandsopphaldet Registrering Hald familien heime og UiB oppdatert om kontaktinformasjonen din (adresse, e-postadresse, telefon) og om heimreisedato. Ettersend informasjon som eventuelt mangla på opplysningsskjemaet til utvekslingskoordinatoren din, eventuelt til e-postadressa Mange norske ambassadar og konsulat ønskjer at norske statsborgarar skal registrere seg hjå dei. Som hovudregel bør du registrere deg ved næraste norske utanriksstasjon ved lengre opphald i alle land utanfor Europa og Nord- Amerika. Oversikt over utanriksstasjonar finn du på Dersom du reiser vekk i helger eller på ferie ønskjer nokre vertsuniversitet å bli oppdatert om kvar du er og når du kjem tilbake. Dette gjeld også ferie etter avslutta studieopphald. Følg landet sine lover og reglar Sett deg inn i kva lover og reglar som gjeld i landet du skal bu i. Du er ikkje unnateken frå nokon av desse sjølv om du er utlending. Mange land har svært strenge reglar for narkotikasmugling. Pass på at du ikkje ber på eller transporterer «pakkar» for nokon. Ver klar over at straffa for å oppbevare sjølv små mengder narkotika kan vere strenge. Enkelte land har dødsstraff for smugling. Hugs at nokre land har ekstra strenge reglar for kjøp av alkohol, drikking på offentleg stad, promillekøyring og regelrett fyll. Ikkje ta arbeid viss visumet ditt ikkje tillet det, og hald deg til utløpsdatoen for visumet. Brot på visumreglane kan føre til bøter, fengselsstraff og deportering. Du vil også kunne bli nekta framtidig innreise og opphald i landet. I tillegg til dei formelle lovene, fins det alltid mange uskrivne lover, skikkar og normer. Ei god guidebok kan hjelpe deg til å finne ut meir om dei lokale «dos and don ts. Trafikktryggleik Ver klar over at trafikkulturen i mange land kan vere veldig forskjellig frå den du er vant med. Dette gjer at du bør vere omsynsfull og forsiktig, både som hard og mjuk trafikkant. Det er ikkje alle lokale vanar du bør tilpasse deg. Sjølv om det er vanleg å køyre bil utan tryggleiksbelte og med promille, eller å køyre moped utan hjelm, er ikkje dette noko du treng å gjere. Før du køyrer bil, må du undersøkje kva trafikkreglar som gjeld og om du treng eit lokalt eller internasjonalt førarkort og ekstra forsikring. 7

7 Hald deg oppdatert om situasjonen i landet Hald deg oppdatert om den politiske situasjonen i landet gjennom å følgje med på nyheitene. Ved ein eventuell unntakstilstand vil råd til befolkninga som regel bli gitt gjennom media. Ved naturkatastrofar eller alvorlige sjukdomsutbrot bør du følgje dei råda som blir gitt av landet sine styresmakter. I periodar kan norske styresmakter eller lokale styresmakter fråråde deg å reise til enkelte område, enten på grunn av naturmessige eller politiske forhold. Følg slike råd! Unngå store folkemengder, som politiske massemønstringar og demonstrasjonar, samt stader der det er varsla politiske demonstrasjonar. Dersom ein oppheta eller farleg situasjon utviklar seg, motstå freistinga til å tilfredsstille nysgjerrigheita og gå heller vekk frå staden. Sjå det på nyheitene når du kjem heim! Generelle råd om tryggleik Skaff deg informasjon om lokale forhold, til dømes om tilrådde førehandsreglar og områder som ein bør unngå. Vertsuniversitetet kan ofte gi deg gode råd. Det er viktig å bruke sunn fornuft, særleg når du oppheld deg på stader der du ikkje er kjent. Dersom du kjem inn i eit område der du føler deg ukomfortabel, bør du oppføre deg som om du veit kva du gjer og kvar du er på veg og kome deg til eit område der du føler deg tryggare. Viss du ønskjer å utforske nye nabolag, bør du gjere dette i dagslys. Finn på førehand ut kvar nærmaste undergrunns- eller busstopp er. Ikkje ver overstadig rusa! I tillegg til skadar du vil kunne påføre deg sjølv eller andre, vil du også vere meir utsett for ran og overfall. Gå aldri med meir pengar og verdisaker på deg enn naudsynt. Samstundes bør du alltid ha kontantar på deg. Viss du blir rana, bør du ikkje prøve å sette deg til motverje, men raskt gi frå deg kontantar og verdisaker. Dersom du blir fråstelt eit kredittkort, må du kontakte banken snøggast mogleg for å få kortet sperra. Sjekk kva forsikringa di seier om oppbevaring av pengar og verdisaker. Kvinnelege studentar Mange stader vil kvinnelege studentar møte ekstra utfordringar på grunn av eit anna kvinnesyn eller et ulikt forhold mellom kjønna enn det du er van med. Nokre ekstra forholdsreglar kan vere naudsynte: Ikkje gå åleine om kvelden/natta i områder der du ikkje veit at dette er trygt. Ver merksam på at ting du gjer for å vere venleg nokre stader kan oppfattast annleis og bli tatt som eit teikn på romantisk interesse. Enkelte stader kan det vere ein fordel å kle seg litt meir konservativt enn du elles ville gjort. Ver klar over at veldig mange stader er synleg rusa kvinner eit uvanleg syn. Dette kan sende ut andre signal enn du ønskjer. 8

8 Ved krisesituasjonar i utlandet Kontakt lokalt politi, brannvesen og/eller ambulanse/lege ved behov. Dersom du ikkje kan gjere deg forstått, må du få tak i nokon som kan fungere som tolk. Viss du vert råka av sjukdom, ulykker, vald, opptøyar, naturkatastrofar eller liknande, ta kontakt med næraste norske utanriksstasjon. Ved unntakstilhøve skal du følgje råd og pålegg frå lokale styresmakter. Dersom ein farleg situasjon skulle oppstå i landet, ta kontakt med familien din heime for å gi beskjed om at du er trygg. Dette gjeld også dersom du ikkje er i nærleik av hendinga. Familien din har ikkje alltid oversikt over dei geografiske tilhøva. Den norske kyrkja i utlandet har ein eigen beredskapstelefon: Viss du treng hjelp frå UiB, skal du først prøve å kontakte den administrative koordinatoren for utanlandsopphaldet ditt. Du kan også ta kontakt med koordinator på vertsuniversitetet. Viss du i ein krisesituasjon ikkje får kontakt med administrativ koordinator, skal du ringe UiB sitt naudnummer Dette nummeret er vidarekopla til vaktselskapet som er informert om kven som skal kontaktast vidare. Dersom du av ein eller annan grunn vantrivst og ønskjer å avbryte utanlandsopphaldet, snakk først med koordinator ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren din ved UiB. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løyse problema dine. 9

9 Viktige adresser og telefonnummer Namnet på din administrative koordinator ved UiB Telefonnummer E-postadresse Nærmaste norske utanriksstasjon Telefonnummer Naudnummer ved vertsuniversitetet Naudnummer til det lokale politiet Naudnummer til lokale ambulanse/legevakt Naudnummer ved UiB: Andre ressursar Oversikt over norske utanriksstasjonar: Land- og reiseinformasjon frå Utanriksdepartementet: odin.dep.no/ud Den norske kyrkja i utlandet: Beredskapstelefon: ANSA (Association of Norwegian Students Abroad): 10

Sikkerhet på reisen. Informasjon til studenter som reiser ut

Sikkerhet på reisen. Informasjon til studenter som reiser ut Sikkerhet på reisen Informasjon til studenter som reiser ut 2 INNHOLDSFORTEGNELSE Informasjon til studenter som reiser ut.............................................4 Studenten sitt ansvar:.......................................................4

Detaljer

Sikkerhet på reisen. Informasjon til studenter som reiser på utenlandsopphold. student.uis.no/ut

Sikkerhet på reisen. Informasjon til studenter som reiser på utenlandsopphold. student.uis.no/ut Sikkerhet på reisen Informasjon til studenter som reiser på utenlandsopphold student.uis.no/ut Foto: Morten Berentsen/UiS Innholdsfortegnelse Informasjon til studenter som reiser ut 4 Studenten sitt ansvar

Detaljer

Trygg i utlandet. Sikkerhet ved studieopphold i utlandet i regi av NIH

Trygg i utlandet. Sikkerhet ved studieopphold i utlandet i regi av NIH Trygg i utlandet Sikkerhet ved studieopphold i utlandet i regi av NIH Trygg i utlandet Før du drar... Helseforsikring Under utenlandsstudiene har du rett til dekning av helsetjenester gjennom Arbeids-

Detaljer

Tenk sikkerhet! Informasjon til ansatte som reiser utenlands

Tenk sikkerhet! Informasjon til ansatte som reiser utenlands Tenk sikkerhet! Informasjon til ansatte som reiser utenlands INNHOLD INFORMASJON TIL ANSATTE PÅ REISE Nødvendige forberedelser før du reiser ut......................................... 3 Forsikring....................................................................

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

TRYGG I UTLANDET. Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio

TRYGG I UTLANDET. Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio TRYGG I UTLANDET Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio FØR DU DRAR PÅ UTENLANDSOPPHOLD må du selv huske på følgende: Helseforsikring Under utenlandsstudiene har du rett til dekning

Detaljer

TRYGG I UTLANDET. Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio

TRYGG I UTLANDET. Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio TRYGG I UTLANDET Sikkerhetsbrosjyre for studieopphold i utlandet i regi av uio FØR DU DRAR PÅ UTENLANDSOPPHOLD må du selv huske på følgende: Helseforsikring Under utenlandsstudiene har du rett til dekning

Detaljer

Sikkerhet på utveksling

Sikkerhet på utveksling Sikkerhet på utveksling HSN ønsker at du skal få et godt og lærerikt utvekslingsopphold. Det er derfor viktig at din sikkerhet og helse er ivaretatt, i tillegg til den faglige kvaliteten på utvekslingen.

Detaljer

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn Når det gjeld barn som vert utsett for vald eller som er vitne til vald, vert dei ofte utrygge. Ved å førebygge og oppdage vald, kan me gje barna

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar

Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Ansvar, forsikring og erstatning i forhold til studentar Kva reglar gjeld ved skade knytt til undervisning, praksis, ekskursjonar og feltarbeid? Utdanningsforum 17.09.12 Terje Bjelle Hovudprinsippet: Staten

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider

pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider Vedlegg 4 Informasjonstekster Det ligger ved forslag til pressemelding og informasjonstekst til for eksempel bruk på kommunen eller legevaktens hjemmesider Det er utarbeidet både på bokmål og nynorsk.

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder Det psykososiale skolemiljøet til elevane Til deg som er forelder Brosjyren gir ei oversikt over dei reglane som gjeld for det psykososiale skolemiljøet til elevane. Vi gir deg hjelp til korleis du bør

Detaljer

Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, suppleringsuttaket 2015

Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, suppleringsuttaket 2015 Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, suppleringsuttaket 2015 Del 1, teknisk: sakshandsaminga i FS Del 2, praktisk: informasjon til studentane Del 3: Sjekkliste

Detaljer

Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, hovuduttaket 2015

Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, hovuduttaket 2015 Kokebok utveksling: Teknisk og praktisk sakshandsaming søknader om utveksling, hovuduttaket 2015 Del 1 Teknisk: sakshandsaminga i FS Denne fyrste delen av rutinebeskrivinga omfattar sakshandsaminga frå

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

8. Beredskapsplan for studenter i utlandet

8. Beredskapsplan for studenter i utlandet 8. Beredskapsplan for studenter i utlandet Sist oppdatert 22.10.13 marhu Beredskapsplanen gjelder for UiB-studenter som oppholder seg i utlandet, og skal gjøre utenlandsopphold tryggere for dem. Den skal

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

Melding om behov for representant

Melding om behov for representant Send til fylkesmannen i det fylket der personen med behov for representant, oppheld seg fast. Melding om behov for representant Når skal det sendast inn melding om behov for å oppnemne representant? Kven

Detaljer

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg? IA-funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? // IA - Funksjonsvurdering Ei samtale om arbeid kva er mogleg? Målet med eit inkluderande arbeidsliv (IA) er å gje plass til alle som kan og vil

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

8. Beredskapsplan for studenter i utlandet

8. Beredskapsplan for studenter i utlandet 8. Beredskapsplan for studenter i utlandet Opprette 22.10.13 marhu/sist oppdatert 09.01.2015 HEBJ Beredskapsplanen gjelder for UiB-studenter som oppholder seg i utlandet, og skal gjøre utenlandsopphold

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse ------------------------------------------------------------------------------- Innhald 1 Innleiing... 3 1.1 Videokonferanse... 3

Detaljer

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass Ein tydeleg medspelar frå elev til lærling Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass SØKNADEN Må vere ryddig Søknad/CV skal ikkje ha skrivefeil Spør norsklærar om hjelp Hugs å skrive under

Detaljer

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS BARN OG UNGDOM SINE REAKSJONAR I denne brosjyra finn du nyttige tips for deg som er innlagt, og har barn under 18 år. Når ein i familien vert alvorleg

Detaljer

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule

Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Eksamensreglar og rettleiing for eksamenskandidatar ved Herøy vidaregåande skule Vi forventar at du som elev eller privatist har gjort deg kjend med reglar og rettleiing for eksamenskandidatar i god tid

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE I pasient- og pårørandeopplæringa som vert gjennomført av avdelingane i sjukehusa i Helse Møre

Detaljer

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR. Kva er ein støttekontakt/avlastar? Støttekontakten er ein person som gjev andre støtte og oppfølging på fritida. Tenesta skal vere tilpassa den enkelte, og målsettinga

Detaljer

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum. Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post: eli.chang@norskfolkemuseum.no Spørjeliste nr. 253 Fadderskap Den som svarar på lista er samd i at svaret

Detaljer

Informasjon til pasientar og pårørande

Informasjon til pasientar og pårørande HELSE BERGEN Haukeland universitetssjukehus Informasjon til pasientar og pårørande ReHabiliteringsklinikken Haukeland universitetssjukehus Avdeling fysikalsk medisin og rehabilitering Innhold Velkommen

Detaljer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg FORELDREHEFTE 6-åringar på skuleveg G J W Sjå til begge sider - og framover! Før vi kryssar vegen skal vi sjå til begge sider. Det veit både born og foreldre. Trafikkopplæring handlar likevel om meir enn

Detaljer

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK Minnebok NYNORSK 1 Minnebok Dette vesle heftet er til dykk som har mista nokon de er glad i. Det handlar om livet og døden, og ein del om korleis vi kjenner det inni oss når nokon dør. Når vi er triste,

Detaljer

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009

Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland. Gjeldande frå 1. mars 2009 Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1. mars 2009 2 Innhald: 1. Formål... 4 2. Kven kan nytte ordninga?... 4 3. Godkjenningsperiode... 4 4. Brukartak... 4 5.

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR TIME KOMMUNE Arkiv: K1-070, K3-&32 Vår ref (saksnr.): 08/1355-6 JournalpostID: 08/14810 Saksbeh.: Helge Herigstad BRUKARUNDERSØKING 2008 - MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR Saksgang: Utval Saksnummer

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer SSB. Partifinansiering 2014, lag med org.nr., 06.05.2015, s 1 Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer Pålogging i Altinn For å få tak i

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Oslo, august 2010 Saksbehandler: og Kristin Kvarme Telefon: 800 83 028 (08:00-15:00) Avdeling for Datafangst Den europeiske samfunnsundersøkelsen hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Statistisk

Detaljer

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa? Seksjon for intervjuundersøkelser Oslo, august 2006 Saksbehandler: Telefon 800 83 028 (gratis) Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre Du vil i løpet av kort tid bli kontaktet

Detaljer

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN VELKOMMEN HEIM Foto: Magnus Endal OPPFØLGING ETTER HEIMKOMST Her finn du informasjon til både deg som har vore på oppdrag i Sierra Leone, og til familien

Detaljer

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp

Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Blir du lurt? Unngå anbodssamarbeid ved innkjøp Anbodssamarbeid er blant dei alvorlegaste formene for økonomisk kriminalitet. Anbodssamarbeid inneber at konkurrentar samarbeider om prisar og vilkår før

Detaljer

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune

Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune Rutinar for intern varsling i Hordaland fylkeskommune I. INNLEIING Formål I Hordaland fylkeskommune er det ønskjeleg at tilsette seier frå dersom dei får kjennskap til kritikkverdige forhold i fylkeskommunen.

Detaljer

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn?

Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Prosesskart kva gjer du når du er bekymra for eit barn? Dei som arbeider med barn 0-18 år * *Ved mistanke om seksuelle overgrep eller vald i nære relasjonar skal IKKJE foreldra informerast først. Du skal

Detaljer

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte.

Kontrollere at studentopplysningar (navn, adresse, telefonnummer osv.) er korrekte. Arena Høgskulen i Sogn og Fjordane brukar Arena for studieadministrativ informasjon frå HSF til den enkelte student, og frå den enkelte student til HSF. Denne rettleiinga tek for seg kva for informasjon

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister

Personalportalen. Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune. Til innhaldsregister Personalportalen Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune Brukarmanual for medarbeidarar i Hordaland fylkeskommune personalportalen Oppbygging av brukarmanualen Denne brukarmanualen omhandlar

Detaljer

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon

FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon NAV 14-05.05 FOLKETRYGDA Søknad om yting ved fødsel og adopsjon Den som får barn ved fødsel eller adopsjon, og er medlem av folketrygda, har rett på foreldrepengar eller eingongsstønad. Du finn meir informasjon

Detaljer

Søking til skuleåret 2013-2014

Søking til skuleåret 2013-2014 Søking til skuleåret 2013-2014 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2012 Helse og sosialfag er endra til helse og oppvekstfag Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no,

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Med god informasjon i bagasjen

Med god informasjon i bagasjen Evaluering av pasientinformasjon Med god informasjon i bagasjen Johan Barstad Lærings og meistringssenteret Helse Sunnmøre HF SAMAN om OPP Hotell Britannia, Trondheim 18. Februar 2010 Sunnmørsposten, 08.02.10

Detaljer

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå www.husbanken.no. INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3

For utfyllande informasjon om nedbetalingsvilkår, sjå www.husbanken.no. INNHOLD Fleksible nedbetalingsvilkår 3. Låneavtale 3 Renter og avdrag RENTER OG AVDRAG Brosjyren gjev eit oversyn over hovudtrekka i renteog avdragsvilkåra i Husbanken. Dei nedbetalingsvilkåra du vel, vil få betydning for den framtidige økonomiske situasjonen

Detaljer

Bruk av reiserekning i Agresso

Bruk av reiserekning i Agresso Bruk av reiserekning i Agresso Generell saksgang: 1. Reiserekning på web skal fyllast ut av den tilsette. 2. Når reiseregning er ferdig utfylt, skal den tilsette skrive ut reisebilag og stifte kvitteringar

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Røldal Leilegheit 101 & 103 2011 Informasjon Ve og Vel V/Turid Tveit 53 49 68 18/97 53 02 55 turid.tveit@stord.kommune.no Innhaldsliste Prisar:... 3 Litt om leilegheitane... 4 Røldalsterrassen... 4 Utstyr...

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

Internasjonal vidaregåande skule

Internasjonal vidaregåande skule Internasjonal vidaregåande skule Tilbod om eit skuleår i utlandet Elevar som tek Vg1 på Studiespesialiserande utdanningsprogram i år, kan ta Vg2 i Skottland neste år. Møre og Romsdal fylkeskommune 1. Innleiing

Detaljer

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Informasjon til pasient med brudd i øvre lårbein Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus Kva er eit lårhalsbrudd? Med lårhalsbrudd meiner vi vanlegvis eit brot i øvre del av

Detaljer

Stråling frå elektronisk kommunikasjon

Stråling frå elektronisk kommunikasjon Stråling frå elektronisk kommunikasjon Ei orientering frå Statens strålevern og Post- og teletilsynet Kva er stråling? I kvardagen omgjev vi oss med ulike typar stråling, frå både naturlege og menneskeskapte

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Lokalt arbeids- og næringsliv Næringsliv, bransje, offentleg og privat sektor. Kva betyr omgrepa? Lokale arbeidsplassar Kvifor treng lokalsamfunnet eit variert

Detaljer

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel Å aktivere ein leverandør krev i det minste tre steg, og aller helst fire: 1. Kontakt med leverandør, s. 1 2. Oppdatere informasjon i Visma, s. 2

Detaljer

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad.

FIBER TIL HEIMEN. Utbygging av fiber. Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga. til din bustad. FIBER TIL HEIMEN Utbygging av fiber Her følgjer nyttig informasjon knytt til fiberutbygginga til din bustad. Fiber til heimen F Ø L G J A N D E V I L S K J E F R A M O V E R Entreprenøren legg ned fiberkabel

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012

Informasjon om søking til vidaregåande opplæring for skoleåret 2011/2012 Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Ungdomsskolane i Møre og Romsdal Dykkar ref: Dykkar dato: Vår ref: Vår saksbehandlar: Vår dato: 63838/2010/A49 Jane Anita Aspen,71 25 87 75 21.12.2010 - Informasjon

Detaljer

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag Krisehandtering i Leikanger skyttarlag Oppdatert pr. 01.05.2016 INNHALD KRISEHANDTERING I LEIKANGER SKYTTARLAG 1. Overordna prinsipp 1.1. Krise/hending scenario 1.2. Prinsipp for handtering 1.3. Prioritet

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN Kva er PC-ordninga? PC-ordninga kjem frå at alle elevar ved dei vidaregåande skulane skal ha kvar sin berbare PC, til bruk i undervisninga. PC-ordninga går ut på at

Detaljer

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013

Aon Norway Bergen. Øygarden kommune. Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013 Aon Norway Bergen Øygarden kommune Rutinar ved melding om personskade I barnehagar og skular Januar 2013 Barneulukke dekningar og forsikringssummar Forsikringsvilkåra, som gjeld til ein kvar tid, er overordna

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland

Retningslinjer for. Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland HORDALAND FYLKESKOMMUNE Retningslinjer for Transportordninga for funksjonshemma i Hordaland Gjeldande frå 1.November 2014 23.05.2014 Innhald: 1. Formål 3 2. Kven kan nytte ordninga? 3 3. Godkjenningsperiode

Detaljer

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema. 1 Oppdatert 16.05.09 Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.) Velkommen til Hordaland fylkeskommune sin portal

Detaljer

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 INFORMASJON Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Viktig informasjon til deg som skal stemme Valdagen er. september. Hugs legitimasjon! Kommunestyre- og fylkestingsvalet 0 Ved valet vel vi representantar

Detaljer

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * * ROTARY International har eit utvekslingsprogram der vi tilbyr ungdom å bu i andre land. Opphaldet kan vare inntil eit skuleår. Fleire ungdommar mellom 16 og 18 år frå KLEPP, TIME og HÅ har nytta seg av

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG 22.03.12 VURDERING, FRÅVER M.M Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen

Detaljer

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 RETTLEIAR BYGGSØK Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2 Kvinnherad kommune Juni 2014 Utfylling av søknad Nettadresse: http://ebs-2010.dibk.no/ Eventuelt via www.dibk.no HUGS: Les hjelpeteksten til

Detaljer

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune rundskriv nr. 5/15 Frå: Utdanningsavdelinga Til: Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dei private vidaregåande skolane i Møre og Romsdal Dato: Ref: 29.01.2015 6082/2015/062 - Retningsliner for lokalt

Detaljer

Om å høyre meir enn dei fleste

Om å høyre meir enn dei fleste Om å høyre meir enn dei fleste Anne Martha Kalhovde Psyk spl., PhD student Leiar av Forskning og undervisningseininga ved Jæren DPS Kva slags høyrselserfaringar er det snakk om? Erfaringar med å høyre

Detaljer

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande opplæringa». Opplæringslova: http://www.lovdata.no/ all/nl-19980717-061.html Opplæringslova kapittel 9a. Elevane sitt

Detaljer

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste I dette dokumentet finn du informasjon om Innlogging og tilgang til Datafangsportalen Liste over dokument som skal følgje

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette

BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette BEREDSKAPSPLAN ved ulykker og dødsfall blant studentar og tilsette Innhald Innleiing s. 2 Beredskapsteam s. 3 VARSLINGSPLAN s. 4 Kriseteam s. 5 Handlingsplan ved alvorleg ulykke s. 6 Handlingsplan ved

Detaljer

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET AD Travel Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET Oppbygging av brukarmanualen Oppbygging av brukarmanualen... 3 Pålogging og forklaring til hovudbilete... 4 Første

Detaljer

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. SØKNAD OM MIDLAR TIL PROSJEKT FRÅ PROGRAM OPPLEVINGSNÆRINGAR 2009 Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg. A: Her skal du fylle inn nøkkeldata for søknad og søkjar. Nøkkeldata for søknad

Detaljer

Informasjonshefte Tuv barnehage

Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte Tuv barnehage Informasjonshefte for Tuv barnehage Barnehagen blir drevet av Hemsedal kommune. Barnehagen er politisk lagt under Hovudutval for livsløp. Hovudutval for livsløp består av

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS

SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS 2006 SØKJARINFORMASJON LÆREPLASS FAGOPPLÆRINGSKONTORET Ekspedisjonstider: 15. mai 14. september kl. 08.00 15.00 15. september 14. mai kl. 08.00 15.45 55 23 99 00 Faks: 55 23 99 09 Internett: http://fagbrev.invest.no

Detaljer

SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING

SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING Returner skjemaet til: Statens innkrevjingssentral Postboks 455 8601 Mo i Rana SØKNAD OM UTANRETTSLEG GJELDSORDNING Bruk skjemaet til opplysningar om: inntektene dine utgiftene dine eventuell formue som

Detaljer

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på.

No blir. innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på. Svarfrist: 1. mars No blir fastlegeordninga innført I denne brosjyren finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om fastlegeordninga. Dersom du framleis lurer på noko, får du meir informasjon på internett:

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

Klipp hekkar og busker

Klipp hekkar og busker Klipp hekkar og busker Informasjon om stell og pass av vegetasjon mot offentleg veg Tenk trafikktryggleik! Har du tenkt på at gjerdet, hekken og buskene dine kan vere ei dødsfelle for andre? Om bilistar

Detaljer

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008

Rutine for varsling FORORD. Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutine for varsling FORORD Vedteke i kommunestyret den 11.12.2008 Rutinar for varsling skal vere ein beredskap når lovstridige, uetiske eller uforsvarlege forhold vert oppdaga og må stoppast. Masfjorden

Detaljer