HORDALAND FYLKESKOMMUNE Strategi- og næringsavdelinga Arkivsak 200800096-54 Arkivnr. 135 Saksh. Torgersen, Matti Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 22.04.2009-23.04.2009 BRUK AV KONSESJONSKRAFTMIDLAR TIL REGIONALE UTVIKLINGSTILTAK - VOSS KULTURHUS - FARTEIN VALEN SENTER - DALE FABRIKKUTSALSSENTRUM SAMANDRAG Hordaland fylkeskommune har motteke to søknader om midlar frå ordninga Konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak. Det er ein søknad om 10 mill. kr. frå Voss kommune til Voss kulturhus, og ein søknad om 6 mill. kr. frå Sveio kommune til Fartein Valen senter på Valevåg. Søknadene følgjer vedlagt. I tillegg ligg det føre ei søknad frå Vaksdal kommune om å forlengja tilsegn om midlar til Dale fabrikkutsalsenter som vart gitt i 2004. Søknadane frå Voss kulturhus og Fartein Valen senteret er ikkje realitetshandsama, då søknadene er kome utanom ordinær utlysing. Eg meiner prosjekt skal konkurrere med kvarandre på like vilkår etter ei utlysningsrunde. Neste utlysing er etter tidlegare vedtak i fylkesutvalet i starten av 2010. Eg rår også til at ein bør vise til neste utlysningsrunde for eventuelle nye søknader om midlar på denne ordinga. Dale fabrikkutsalsentrum har teke uforhaldsmessig lang tid å realisere, men då det no er potensielle investorar som er interessert i å investere i konseptet, vil eg rå til at tilsegnet vert lengja eitt år til. Det krev ein forpliktande plan før årets utgang, og det bør ikkje vere høve til å lengje tilsegnet utover dette.
FORSLAG TIL VEDTAK 1 Søknader frå Voss kommune (Voss kulturhus) og Sveio kommune/fartein-valen-stiftelsen (Fartein Valen senter i Valevåg) blir behandla i samband med neste utlysing av konsesjonskraftmidar, dvs. i 2010. 2 Fylkesutvalet viser til ny søknadsrunde i 2010 for alle søknader som kjem til ordninga Bruk av konsesjonskraftmidlar regionale utviklingstiltak i løpet av 2009. 3 Fylkesutvalet godkjenner at Vaksdal kommune får vidareført tilsegn til prosjektet Dale fabrikkutsalsenter ut 2010 under føresetnad av at det ligg føre ein forpliktande plan om bruk av midlane innan 15. november 2009. Paul M. Nilsen Jan Per Styve Uprenta vedlegg: Søknad frå Voss kommune vedr Voss kulturhus Mail frå Sveio kommune vedr Søknad Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap Brev frå Vaksdal kommune Fabrikkutsalsentrum 2
FYLKESRÅDMANNEN, 01.04.2009: Innleiing Ordninga med konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak skal gå til regionale prosjekt der målet er å skape noko unikt for heile eller delar av fylket, eller til prosjekt som verkar til å skape attraktive og konkurransedyktige regionar. Midlane skal primært gå til investeringstiltak. Hordaland fylkeskommune har motteke to søknader om midlar frå ordninga Konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak. Det er ein søknad om 10 mill. kr. frå Voss kommune til Voss kulturhus, og ein søknad om 6 mill. kr. frå Sveio kommune til Fartein Valen senter på Valevåg. I tillegg ligg det føre ei søknad frå Vaksdal kommune om å forlengja tilsegn om midlar til Dale fabrikkutsalsenter som vart gitt i 2004. Fylkesrådmannen legg fram desse søknadane samla. Søknadene følgjer som uprenta vedlegg, og er tilgjengelege under Politiske saker på nettsida til Hordaland fylkeskommune. Voss kulturhus Voss kommune søkjer om 10 mill kroner som tilskot til bygging av Voss kulturhus frå ordninga om bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingsprosjekt. Kulturhuset vil liggje i friområdet ved Vangsvatnet, rett ved jernbanestasjonen, Hotell Fleicher og Park hotell Vossevangen. Byggearbeidet er starta opp Kulturhuset skal gje plass for kommunen sine tilbod som: Bibliotek tilrettelagt med barne- og ungdomsavdeling, lesesal og multimediaverkstad Utstillingsareal for kunst, kultur og informasjon : Turistinformasjon med kontor i samarbeid med biblioteket Kulturskule med øvingslokale som også skal nyttast til undervisningslokale for vaksenopplæring og andre føremål Kontor for kyrkjetenesta og kyrkjeleg fellesråd Kinosenter med tre kinosalar av ulik storleik (80, 120 og 240 stolar). Den største kinosalen skal vera ein fleirbruksal for filmframvising og kulturformidling. Turistinformasjonen skal flyttast til kulturhuset, og kommunen arbeider med eit opplegg for vising opplevingsfilmar som skal presentera kommunen, regionen og Vestnorsk fjordlandskap som verdsarv på UNESCO si liste. Voss kulturhus skal i følgje kommunen bidra til å styrkje senterfunksjonane og vil ha stor betyding for indre del av Hordaland som region. Ikkje minst fordi kulturhuset skal tilby ei rekkje tenester som er viktig å ha i eit regionsenter. Kommunen peiker på at dette er i tråd med målsettingane for tettstadutvikling som både kommunen og fylkeskommunen satsar på. Heile bygget er kostnadsrekna til 120 mill. kr. Etter momskompensasjon er netto finansieringstrong då 96 mill. Eit tilskot på 10 mill i høve til dette vert då ca 10,4 %. Fartein Valen senteret i Valevåg, Sveio Fylkesutvalet løyvde i mai 2008 kr. 500.000 i 2008 til prosjektet over ordninga Bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak. Desse midlane inngår saman med midlar frå Sveio kommune og Norsk kulturråd til drift av prosjektet fram mot vedtak om byggestart. Sveio kommune og Fartein Valen- stiftinga søkjer no om kr 6 mill kr for å finansiere den delen av prosjektet som inneheld kammermusikksal inklusiv utstyr. I tillegg er det prosjektert husværedel og hage. Søknaden omfattar ikkje dette. Kammermusikksalen skal nyttast til å framføra kammermusikk, dvs musikkgrupper inntil 15 personar med akustiske instrument. 3
I følgje søknaden vert det stilt store krav til at prosjektet skal vera nyskapande i tre, ha høg arkitektonisk kvalitet, ha universell utforming og høge miljøambisjonar med omsyn til energibruk og materialval. Det er lagt opp til handsaming i Sveio kommunestyre i oktober 2009. Byggestart blir så snart som muleg etter politisk vedtak, med sikte på ferdigstilling i 2011. Bygget med kammermusikksal og utstyr er kalkulert til 18,3 mill kr. Finansiering: 4,0 mill kr. frå Sveio kommune (løyvd) 4,0 mill. kr Hordaland og Rogaland fylkeskommunar 6,0 mill kr. Kultur- og kyrkjedepartementet, søknad 6,3 mill kr. Sponsorar/gåvefond 2,0 mill kr. Dale fabrikkutsal Fylkesutvalet løyvde i mai 2004 1,5 mill kr. til Dale fabrikkutsal som eit av fire prosjekt som fekk støtte dette året. I oktober 2004 vart 0,5 mill kr. utbetalt. Målet var å skape eit regionalt fabrikkutsalsentrum for fleire merkevareprodusentar. Dette er eit tilbod som har hatt stor suksess i andre land. Dale vart vurdert å vere ei eigna lokalisering grunna avstand til storby er tilstrekkelig stor til at det ikkje er konkurransevridande i høve til forhandlarar i Bergen, samt at det ligg nær ei hovudferdselsåra og togline. Dale fabrikkutsalsentrum opna 1. juli 2004 eit utsal i mellombelse lokalar. Målsettinga var å få fabrikkutsalsentrumet etablert i eksisterande lokalar på Dale sentrum i nærleiken av fabrikkustsalet til Dale of Norway AS. Ved starten av 2005 trakk ein av hovudsamarbeidspartane seg, og prosjektet måtte på kort tid finne alternative løysingar. I juni 2005 vart utsal for 15 merkevareprodusentar/importørar opna i eit næringsbygg på Dalegarden (ca 1,5 km. vest for Dale sentrum, like ved E16) som ei mellombels ordning i påvente av permanente lokalar. Ved starten av hausten 2006 trakk den største merkevareprodusenten seg. Dale Næringshage AS flytta sitt utsal for 9 leverandørar til lokaler i Dale sentrum. Utsalet nyopna september 2006, men vart seinare lagt ned. I 2006 vart det over budsjettet til Regionalt utviklingsprogram løyvd 250.000. kr til prosjekt Dale fabrikkutsal Investor. Grunnen var då at ein så behovet for å få på plass ein investor som kunne dra prosjektet vidare. Prosjektet hadde som mål å utarbeide eit revidert prospekt og forretningsplan, retta mot innsal til investor(ar). Det lukkast etter kvart å få på plass ei interessert investorgruppe Vaksdal kommune søkte i 2008 om å overføre den eine millionen som ikkje som enno ikkje var utbetalt av ordninga Bruk av konsesjonskraftmidlar til regional utvikling. I brev datert 11.03.2008 svarte Hordaland fylkeskommune: Hordaland fylkeskommune har forståing for dei problem som har vore med å etablere eit fabrikkutsalssentrum. Fylkeskommunen registrerer at det har lukkast med å framskaffe mulege investorar, slik at prosjektet kan sjå ut til å la seg realisere. Vi vonar det vil vere muleg å starte opp eit fabrikkutsalssentrum i Dale. Dette er ein type konsept som er vanleg i mange andre europeiske land, m.a i Skandinavia, men som enno ikkje 4
er etablert i Noreg. Det vil kunne bidra med å skaffe arbeidsplassar og aktivitet i eit område som treng det. Og det vil kunne bidra til å skape ny verksemd i Dale, som kan bidra til å vitalisere sentrumsområdet. På dette grunnlag vil leggje opp til at midlane kan bli overførte ytterlegare eitt år. Vi må be om at det fram til 1. september i år blir gitt ein realistisk plan for bruk av desse midlane og for realisering av forretningskonseptet. Vaksdal kommune søkjer i brev datert 2. mars 2009 om å vidareføre tilsegnet om 1 mill. kr. Dei skriver følgjande: I utvikling av prosjektet har ein støtt på ein del utfordringar. Nye investorar Nistadgruppen og Daleelva Eigedom arbeider vidare med prosjektet. Dei har tilsett ein røynd senterleiar med god kontakt med merkevareleverandørar. Parallelt med dette arbeider arkitekt med innreiing av lokala. Såleis er prosjektet komt over i ein fase som gjev grunn for optimisme. Den kommunale nemnda hadde møte med investorane 25- februar 2009. Målet for investorane er å opna fabrikkutsalssenteret i løpet av 2009. Økonomiske rammer for ordninga Bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak Med dei vedtak som er gjort, ser fordelinga av midlar slik ut: Prosjekt 2009 2010 2011 Os kunst- og kultursenter 2,5 Kompetansesenter for avansert maskinering, Osterøy vgs 2,0 Historisk grunn, Onarheim 1,5 Trallebana, Skjeggedal 2,0 Kunstnarhus i Fartein Valen sitt landskap 0,5 Vestnorsk utvandringssenter- museums- og infosenter 2,0 Utbetring av Fv 381 Matre Stordalen 4,0 4,0 Prosjektstøtte Business Region Bergen (BRB) 2,5 2,5 2,5 Gnist Hardanger 6,5 3,5 Sum tilsegn 15,0 15,0 6,0 Ramme, gitt uendra løyvingsnivå 15,0 15,0 15,0 Til fordeling 0 0 9,0 Dette oversynet føreset at rammene for ordninga vert uendra på 15 mill kr pr år. I vedtak i fylkestinget i juni 2007 vart det lagt opp til å auke posten for desse midlane til 20 mill. kr. pr år. Grunna den økonomiske stoda, har ikkje løyvingsnivået blitt auka. Vidare føreset tabellen ovanfor at prosjektstøtte til BRB fortsett blir finansiert over denne posten med 2,5 mill. kr. pr år. Det vart i samband med siste fordeling av midlar på ordninga, også gjort følgjande vedtak: Restfinansiering for Os kunst- og kultursenter vert vurdert opp mot midlar for 2010 når desse vert lyst ut. Fylkesrådmannen vil kome attende til ev. løyving til fleirbrukshall i Vaksdal kommune når prosjektet er planavklart, tidlegast i 2009. Andre politiske vedtak knytt til ordinga Fylkesutvalet gjorde m.a. slikt vedtak i november 2007; Fylkesutvalet ber på prinsipielt grunnlag om at søknader knytt til ordninga konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak vert handsama samla, primært ein gong i budsjettåret og etter at midlane er lyst ut. I februar 2009 gjorde fylkesutvalet m.a. slikt vedtak: Neste utlysing av midlar for ordninga Bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak vert i 2010. 5
Fylkesrådmannen sine kommentarar Ordninga med Bruk av konsesjonskraftmidlar til regionale utviklingstiltak har vore ei stor suksess i den forstand at det har vore ein stor interesse for ordninga. Ordninga har bidrege til å realisere ei rekkje prosjekt som elles neppe hadde blitt noko av. I førre utlysingsrunde våren 2008 var det fleire gode prosjekt som ikkje nådde opp grunna manglande midlar. Samstundes har mange av prosjekta teke tid. Dette er delvis forventa. Ordninga med Bruk av konsesjonskraft til regionale utviklingstiltak har hatt som føremål å vere blant dei første som går inn i prosjekt for å sikre eit spleiselag med andre mulege investorar. Midlane er i mange tilfelle brukt som grunn- eller mellomfinansiering, og ikkje som toppfinansiering. Ordninga har også hatt som føremål å bidra til å realisere nyskapande prosjekt av stor regional verdi. Begge desse forholda tilseier at fylkeskommunen har gått inn i risikofylte prosjekt, der det er stor sjanse for at prosjekta enten likevel ikkje lar seg realisere, eller der prosjekta kan endre form under vegs i prosessen. Desse forholda tilseier at fylkeskommunen bør når det er gode grunner for det, akseptere at prosjekta vil kunne ta noko tid å realisere. Fylkeskommunen må likevel stille krav til framdrift for prosjekta, og det er grenser for kor lenge tilsegn kan bli gitt. Når det gjeld Dale fabrikkutsalssentrum, har det teke 5 år frå tilsegn er gitt til i dag. Dette er etter mi meining på grensa av kva som kan aksepterast. Som tidlegare nemnt har det vore stor etterspurnad etter midlar, noko som tilseier at midlane bør omdisponerast dersom prosjekt ikkje lar seg realisere. Dersom prosjektet blir realisert, vil dette vere positivt for utviklinga av Dale sentrum, og kunne gje arbeidsplassar i eit område som treng dette. Som nemnt har fylkesutvalet vedteke å kome attende til fleirbrukshall på Dale når prosjektet er planavklart. Eit muleg alternativ kan vere at midlane til fabrikkutsalet blir overførte til fleirbrukshallen på Dale. På grunnlag av at det no er på plass ein investorgruppe, vil eg likevel rå til at tilsegnet vert lengja ut 2009. Men det må innan 15. november ligge føre ein plan for bruken av midlane. Det bør etter mi meining ikkje bli gitt ytterlegare utsetting av tilsegnet. Eg gjer merksam på at statsstøtteregelverket ikkje tillet direkte støtte til einskildføretak. Dette krev at midlane vert brukte på ein slik måte at det ikkje går direkte til fabrikkutsalet, men må brukast til tilretteleggjande tiltak som også kan kome andre næringsdrivande eller publikum til gode. Dette krev at kommunen og fylkeskommunen saman kontrollerar at prosjektet ikkje er i strid med regelverket. Eg meiner vidare at prosjekt skal konkurrere med kvarandre på like vilkår. Dette tilseier at tilsegn om midlar bør bli gitt etter ei utlysing. På dette grunnlag vil eg rå til at fylkesutvalet ikkje løyvar midlar til prosjekta Voss fleirbrukshall eller til prosjektet Fartein Valen senter no. Desse prosjekta bør etter fylkesrådmannen si meining konkurrere om midlar ved neste utlysing som etter tidlegare vedtak i fylkesutvalet vil vere i starten av 2010. Fylkesrådmannen har difor ikkje føreteke ei fagleg vurdering av desse prosjekta. Eg rår også til at ein bør vise til neste utlysningsrunde for eventuelle nye søknader om midlar på denne ordinga. 6