2011 Eit greitt år for åkerriksa og første påviste hekking sidan 2008.



Like dokumenter
2010 Eit svakt år for åkerriksa

Oppgang i talet på syngande hannar, men ingen konstaterte hekkingar.

2012 To dokumenterte hekkingar og eit elles bra år for åkerriksa

2013 Sju påviste hekkingar og eit etter høva bra år for åkerriksa

Åkerriksa er en kritisk truet fugleart

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Handlingsplan for åkerrikse Crex crex

8. Museum og samlingar

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

13. Sendetida på TV aukar

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

12. Færre besøk ved norske kinoar

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Til deg som bur i fosterheim år

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Barnevernsfaglege vurderingar. Fylkesmannen sine erfaringar. Turid Måseide og Gunn Randi Bjørnevoll

Styresak. Framlegg til vedtak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld: Tom Hansen Rapportering frå verksemda per desember 2010

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

14. Radio og TV. Liv Taule

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

10. Arkiv. Kulturstatistikk 2010 Statistiske analysar 127. Riksarkivet og statsarkiva leverer ut færre arkivstykke

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Forslag frå fylkesrådmannen

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Lønnsundersøkinga for 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Vegtrafikkindeksen januar 2018

Vegtrafikkindeksen februar 2018

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Vegtrafikkindeksen august 2018

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Økologisk føregangsfylke i frukt og bær

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Status akvakulturforvalting og fiskeri per september 2015

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Løyve i perioden til no i Avslag i perioden til no i

Kom skal vi klippe sauen

Vegtrafikkindeksen 2018

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Kva er økologisk matproduksjon?

Arbeid og inntekt i jordbruket i Aust-Agder

Rettleiing aktivering av fritekstleverandørar i ehandel

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Stressar bonden slik at det går på tryggleiken laus?

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Brukarrettleiing E-post lesar

// Notat 1 // tapte årsverk i 2013

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Vegtrafikkindeksen mars 2018

Vegtrafikkindeksen september 2018

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Vegtrafikkindeksen juni 2018

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

RUTINAR KRING ARKEOLOGISKE UNDERSØKINGAR AREAL MED POTENSIAL FOR SPESIELT BIOLOGISK MANGFALD - ISTANDSETTING

Har du verneverdig skog på eigedommen din? Då kan friviljug vern vere aktuelt for deg!

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

«Ny Giv» med gjetarhund

Kvalitetsplan mot mobbing

Kompetansearbeidsplassar i Hordaland

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

Kommunegeolog. Infomøte. Interkommunalt samarbeid. Kva kan kommunane spare? fredag 9. mars 2012, Thon Hotel Sandven, Norheimsund

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Transkript:

09.04.2012 Torborg Berge, Fylkesmannen i Rogaland: Oppsummering 2011 - Handlingsplan for åkerrikse 2011 Eit greitt år for åkerriksa og første påviste hekking sidan 2008. Bestand Det vart rapportert inn 166 syngande hannar for hekkesesongen i 2011. Dette er ein fin oppgang på 230 % frå 2010, då talet på syngande hannar vart estimert til 72. Det er heller ikkje langt unna det gode året 2009, som hadde 200 syngande hannar. Det er også eit av dei fem beste åra sidan Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) starta åkerrikseprosjektet i 1995. For første gong etter at Fylkesmannen i Rogaland overtok koordineringa av prosjektet i 2008 er det påvist hekking. Ettersom åkerriksene ofte flyttar på seg, og dermed kan registrerast fleire gonger, er den reelle bestanden likevel ikkje større enn mellom 64 og 78 individ, jf. Mikkelsen (2010). For å kunna samanlikna med tal frå tidlegare år, har me i denne rapporten summert talet på syngande hannar (166), men på sikt er det meininga å sjå på bestandstrendar med bestandstal rekna ut etter Mikkelsen 2010. Feltaktiviteten på prosjektet har stort sett vore på same nivået som dei to føregåande åra, så oppgang og nedgang i populasjonen dei siste tre åra kan ikkje skuldast på ulik feltinnsats (Ranke & Øien 2012). På same måten som nedgangen i 2010 vart tolka som reell, vert også oppgangen i 2011 tolka som reell. For Sør-Vestlandet var det ikkje den store endringa frå 2010, men på Austlandet var det ein fin oppgang i alle fylka rundt Oslofjorden (+ Oppland). Oslo og Akershus var beste fylke med til saman 51 syngande hannar. Rogaland kom med 20 åkerrikser i 2011 ut som nest beste fylke, med berre ei åkerrikse meir enn året før. Berre i dei to nordlegaste fylka vart det ikkje observert åkerrikse i fjor, og berre i eitt fylke hadde talet på syngande åkerrikser gått ned frå 2010 (Hordaland frå 6 til 4). Tabellen viser utviklinga i den norske åkerriksebestanden etter at Norsk ornitologisk foreining (NOF) starta overvaking av bestanden i 1995. Fram til 1995 hadde bestanden vore utsett for ein massiv nedgang, og var på eit minimum då prosjektet starta (Folvik & Øien 1995). 1

På byrjinga av 2000-talet, hadde bestanden ein opptur (Isaksen et al. 2004, Isaksen 2006). Oppturen var truleg ikkje eit resultat av betra reproduksjon i Noreg. Han var truleg heller eit resultat av påfyll frå Aust-Europa på grunn av gunstige tilhøve der, kombinert med gunstig vêr og søraustlege vindar frå søraust. I 2010 kunne ein kanskje skulda nedgangen på dårleg vêr og nordlege vindar under trekket, slik at mange åkerrikser slo seg ned før dei kom fram til Noreg. Sjølv om det også i 2011 var mykje regn i slutten av mai byrjinga av juni, var ikkje vindane jamt over så nordlege som under trekket i 2010. Dette kan ha medverka til at åkerriksene har kome fram til Norge. Hekking I 2011 fekk me inn rapportar om to konstaterte hekkingar. Den eine av desse var på Vega i Nordland, der ein vaksen fugl med 5 svarte kyllingar vart observert i ein hage dagen etter at nabojordet vart slått med beitepussar. Den andre rapporten var av 4 ungar som vart observerte i ein hage i Vestfold. Området hadde tidlegare i sesongen hatt 4 syngande åkerriksehannar. I 11 tilfelle vart det rapportert om moglege hekkingar. Nesten alle desse var frå Akershus, medan 2 var frå Telemark, og ei frå Vestfold. Frå resten av landet vart det ikkje rapportert om hekking, eller sterke indikasjonar på dette. Grunnen til at det ikkje vart rapportert om fleire hekkingar, kan vera at det er svært vanskeleg å finna reir av åkerrikse. Det kan difor ha vore hekkingar som ikkje har vorte påviste. Ein åkerriksehann som har fått para seg, kan fort gå over til å synga mykje mindre enn tidlegare. I mange tilfelle kan han også forsvinna heilt, ettersom det er hoa som rugar egga og passar på kyllingane den første tida. Hannen vil vera tent med å flytta seg til ein annan stad for å forsøka å tiltrekkja seg ei ny hoe. Dersom ein vurderer hekking ut frå songåtferd, kan det difor vera snakk om mange fleire hekkingar, men desse vil me aldri få påvist. Metode Norsk Ornitologisk Foreining (NOF) hadde ansvaret for innsamling og vurdering av observasjonar. Kjerneområde i dei tre utvalde fylka (Oslo og Akershus, Hedmark og Rogaland) vart overvaka systematisk for å fanga opp alle syngande hannar i området. NOF hadde også ansvaret for å samla inn og verifisera meir perifere område i desse fylka, samt resten av landet. Fylkesmannen i Rogaland hadde ansvaret for å sjekka opp rapportar som kom inn i web-skjema på www.akerrikse.no samt å leggja desse inn i Artsobservasjonar, eller vidareformidla dei til rett fylke. Alle observasjonane vart lagde inn i fuglemodulen i Artsobservasjoner, og kunne dermed hentast ut ved behov. Fylkesmennene i Rogaland, Hedmark, Oslo og Akershus, samt Østfold, gjekk direkte inn i Artsobservasjoner for å henta ut observasjonar frå fylka sine. Dei andre fylkesmennene fekk observasjonane vidaresendt frå fylkesmannen i Rogaland når dette var aktuelt. Fylkesmennene hadde deretter ansvaret for å vidareformidla og følgja opp observasjonane i sitt fylke. I dei aller fleste tilfella gjekk dette ut på å informera kommunen og be han om å kontakta grunneigarar/leigetakarar for å informera desse om at dei hadde åkerrikse på eigedommen sin, og oppfordra dei til å setja i verk tiltak for å ta vare på henne. Same ansvarsrekkja gjaldt for å informera om diverse tilskotsordningar, samt sørgja for at desse vart utbetalte der det vart sett i verk tiltak. 2

Tiltak og erstatning Utsett slått og åkerriksevennleg slåttemønster Også i 2011 vart det satsa på ulike tiltak. Størst var satsinga på utsett/avstått slått av areal kor det vart observert åkerrikse. Seks fylke fekk gjennomført slike tiltak, og totalt 17 åkerrikser vart forsøkt sikra. (Rogaland: 6, Vestfold. 5, Østfold: 2, Møre og Romsdal: 2, Akershus: 1 og Hordaland: 1). Dette utgjorde eit totalt areal på 222,9 dekar som ikkje vart slått til vanleg tid. Gjennomsnittleg areal sett av til kvar åkerrikse var på 13,1 dekar. Alle tiltaka med utsett slått vart gjennomførte på dyrka mark med slåtteng, men nokre få var kombinert med beitemark. Den utsette slåtten vart som oftast kombinert med åkerriksevennleg slåttemønster. I tillegg vart slåtten gjennomført etter åkerriksevennleg mønster for 10 åkerrikser der det av ulike årsaker ikkje vart avsett areal. Eit ukjend tal åkerrikser sat i areal som var verna, låg brakk, eller som ikkje skulle slåast av andre grunnar. Desse vart difor vurderte til å sitja trygt, og tiltak vart sett på som unødvendig. Vi har ikkje fått innrapportert hekkingar sortert på slike areal for 2011. På grunn av den fuktige sommaren og hausten i 2011, hadde bøndene i dei fleste fylka problem med å få slått graset eller treska kornet til normal tid. Dette kan ha vore ein fordel for åkerriksa, og i svært mange tilfelle har det på grunn av dette ikkje vore behov for å setja i verk tiltak. Det er derimot uvisst kva direkte effekt det våte véret har hatt på åkerriksene og hekkesuksessen deira. Alle bøndene som utsette slåtten fekk utbetalt erstatning for avlingstap. Til 2010-sesongen vart det i samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland og Bondelaget utarbeidd forslag til satsar for erstatning. Desse satsane vart også brukte i 2011. Satsane var stort sett dei same som for 2010, d.v.s. 1500 kr/daa for tre tapte slåttar, og 1000 kr/daa for to tapte slåttar. I tillegg vart det utbetalt erstatning for ekstrautgifter med åkerriksevennleg slått i samband med utsett slått, der kor dette var aktuelt. Ettersom det ikkje var aktuelt å setja av utreska areal i kornåkrar, vart det heller ikkje utbetalt erstatning til dette. Totalt vart det utbetalt 188.360,- kroner i erstatning til utsett slått og åkerriksevennleg slåttemønster. Medan det meste av erstatningane i 2009 gjekk over SMIL-budsjettet i kommunane, vart erstatningane i 2010 og 2011 i dei fleste tilfella delte mellom SMIL (60%) og pengar frå handlingsplan for åkerrikse (40%). I eitt tilfelle kor det ikkje lot seg gjera å bruka SMIL, vart det nytta reine handlingsplanmiddel. I 2 tilfelle vart det berre nytta SMILmiddel, og i 2 andre kommunar vart det nytta både SMIL-pengar, handlingsplanspengar, samt andre middel. I samråd med Bondelaget har Fylkesmannen i Rogaland også laga ein mal for avtalar mellom kommunen og bonden som skal gjennomføra tiltak. Dette verktyet har gjort prosessen rundt tiltak og erstatning ryddigare og meir samordna. Åkerriksevennleg drift på bakgrunn av avsett areal på grunn av åkerrikse året før I 2009 vart det i eitt tilfelle avsett areal til åkerriksevennleg drift på bakgrunn av eigna habitat, kombinert med åkerrikse tidlegare år. Arealet kunne ikkje tilverkast før etter 1. august, og det kunne heller ikkje gå beitedyr på området før 1. august. Målet var å laga eigna habitat i eit aktuelt område, som skulle tiltrekkja seg åkerrikse. Det vart ikkje observert åkerrikse på dette arealet i 2009, og for å målretta tiltaket meir, vart kriteria i 2010 endra til å berre gjelda område kor det sat åkerrikse året før, og som hadde fått avsett areal då. Ordninga er berre aktuell på Vestlandet, ettersom åkerriksene på Austlandet i mindre grad kjem tilbake til det same jordet år etter år. 3

Dersom det ikkje vert observert åkerrikse innan 10. juli, kan bonden gjerne slå graset før 1. august, og tilskotet vil verta endra deretter. Denne ordninga vart ikkje nytta i 2011. Langsiktig sikring av areal Arbeidet med å sikra gode areal for åkerrikse på lang sikt, vart dessverre ikkje prioritert i 2011. Med bakgrunn i meldingar om åkerrikseobservasjonar dei siste tre åra, vart eit område på om lag 23 dekar regulert inn som spesialområde åkerrikse på Vibrandsøy i Haugesund, Rogaland i 2009. I tillegg vart eit større areal regulert til naturvernområde. Området nord for spesialområdet åkerrikse kan vera aktuelt som utvidingsområde. Her er det sauebeite i dag. Heile Vibrandsøya vart i september 2009 kjøpt opp av Haugesund kommune for frilufts- og naturformål. Miljøverndepartementet donerte halvparten av summen, 7,5 millionar, til oppkjøpet. Det var difor gledeleg at det også i 2010 vart observert åkerrikse i hekketida på Vibrandsøy. I 2010 byrja Haugesund kommune arbeidet med forvaltningsplan for Vibrandsøy. Ein ventar framleis på utkast til skjøtselsplan for åkerrikseområdet. I Rælingen, Akershus, vart det i 2009 sett i gang langsiktige tiltak på Fautøya i Nordre Øyeren. I samband med forvaltningsplanarbeidet for Nordre Øyeren naturreservat, la fleire bønder, som tidlegare hadde drive med kornproduksjon på Fautøya, om til grasproduksjon. 2009 gjekk i hovudsak med til restaurering, og i 2010 og 2011 vart dei 110 dekara drive på ein måte som legg til rette for hekking av åkerrikse og andre raudlista kulturlandskapsartar. Arealet vart ikkje slått eller beita før etter 1. august. For 2011 vart det utbetalt driftsstøtte til Fautøya frå støtteordningar i landbruket. Informasjon Vinteren 2008-2009 vart det produsert informasjonsmateriell for handlingsplanen. Materiellet inkluderte 8000 brosjyrar, 1500 plakatar, 3 roll-ups og 2000 jakkemerke med åkerrikselogo på. Informasjonsmateriellet har vorte distribuert til organisasjonane me samarbeider med (NOF og Bondelaget), samt til alle fylkesmennene. Fylkesmennene i dei tyngste fylka har distribuert dette vidare til kommunane sine, alt etter kor potensielle desse er for åkerriksa. Fylkesmennene i dei tre viktigaste åkerriksefylka har også fått roll-up. Også i 2011 vart det sendt ut supplerande brosjyrar, plakatar og jakkemerke til dei som hadde gått tomme. Elles ligg det eit restlager hjå Fylkesmannen Rogaland. Dette vil sendast ut etter behov. I 2010 vart det også produsert skilt til oppsetjing der kor det vert sett av areal. Skilta forklarer prosjektet og kvifor enga/åkeren ikkje vert slått/hausta, og bonden slepp difor at folk mistenkjer han/henne for å vera ein dårleg og lat bonde. Tidlegare år har det vore innslag om handlingsplanen og åkerriksa i lokale media. Sjølv om det ikkje var så mange slike innslag i 2011, har profileringa i media hatt god effekt og ført til at fleire i det ikkje-ornitologiske miljøet har meldt inn observasjonar av åkerrikse. Innslaga har også vore med på å spreia kunnskap om åkerriksa. Direktoratet for naturforvaltning produserte i byrjinga av 2010 t-skjorter for alle handlingsplanane for trua artar. Fylkesmannen i Rogaland har no distribuert ut alle desse, og 4

behaldninga er no dessverre tom. T-skjortene med åkerriksemotiv vart distribuert til ulike personar knytt til prosjektet, og til personar som kunne spreia blæst om prosjektet. Mellom anna fekk Knut Nærum i Nrk-programmet «Nytt på nytt» tilsendt ei t-skjorte. Denne brukte han i programmet den 5. mars 2010. Forsking I 2009-2010 skreiv to studentar ved Universitet for miljø og biovitskap (UMB) masteroppgåve om åkerrikse (Holtskog 2010, Mikkelsen 2010). I 2011 gjennomførte Holtskog også eit prosjekt for å forsøka å påvisa hoer i bestanden. Dette gjorde han ved å fanga inn så mange hannar som mogleg, for så å håpa på at hoene ville visa seg. Det vart ikkje funne nokon hoer, og kjønnsfordelinga i populasjonen er difor framleis uviss (Holtskog & Forus 2011). Hekkinga på Vega og i Vestfold kan likevel tyda på at det finst nokre hoer her. Konklusjon 2011 var eit bra år for åkerriksa, med 166 registrerte syngande hannar. Det var også to konstaterte hekkingar. Mykje kan tyda på at den dårlege sesongen i 2010 kunne skuldast dårlege vértilhøve under trekket, slik at mange av åkerriksene aldri kom fram til Noreg. Desse vérfaktorane var ikkje så gjeldande i 2011, og fleire åkerrikser kom difor fram til hekkeplassane her i landet. Resultata frå studia til UMB-studentane viser samstundes at det truleg er ein god del færre åkerrikser enn det teljingane viser, ettersom åkerriksene kan flytta seg over store avstandar, og dermed verta talte fleire gonger (Mikkelsen 2010). Mikkelsen utarbeidde ein metode for å sannsynleggjera reelle tal ut frå tid- og stadfesta registreringar, og med denne metoden har det i 2011 vore mellom 64 og 78 hannar i Noreg. Dette er ein stad mellom 39% og 47% av talet på innrapporterte syngande hannar. Sjølv om det vart konstatert hekkingar i 2011, og talet på åkerrikser gjekk opp, kan ein framleis ikkje seia at framtida til åkerriksa i Noreg er sikra. På raudlista er ho framleis oppført som «kritisk trua» (Kålås et al 2010). Det er for tidleg å dra endelege konklusjonar rundt prosjektet, og resultata av iverksette tiltak vil ikkje kunna sjåast før om tidlegast nokre år. Mykje tyder likevel på at ein i tillegg til å utsetja slåtten, bør satsa meir på alternative tiltak for å bevara åkerriksa i åra framover. Det meste av arbeidet gjekk i 2011 ut på registrering, samt å kontakta bønder for å informera og få gjennomført tiltak. Det vart gjennomført tiltak i 8 fylke. Kommunar og grunneigarar vart i stor grad kontakta og informerte om åkerriksa og aktuelle tiltak. For 17 åkerrikser vart det sett av areal som ikkje vart slått (eller, i eitt tilfelle brakka) og for om lag 10 åkerriksene vart det gjennomført åkerriksevennleg slått. Referansar Direktoratet for naturforvaltning 2008. Handlingsplan for åkerrikse Crex crex. Rapport 2008-3. 44 s. Folvik, A. & Øien, I. J. 1995. Åkerriksa i Norge 1995: Bestandsstatus og tiltaksplan. NOF rapport 2-1995. 49 s. Holtskog, T. 2010. Habitatvalg og bestandsanalyse av åkerriksa i Norge. Masteroppgave i natur, helse og miljøvern, Høgskolen i Telemark, avd Bø. 26 s. Holtskog, T. & Forus, S.A. 2011. Åkerrikseprosjektet i Rogaland 2011. 5

Isaksen, K., Eie, K., Folvik, A. & Øien, I. J. 2004. Kartlegging og overvåking av åkerrikse. NOF rapport 7-2001. 38 s. Isaksen, K. 2006. Åkerrikse i Norge: Kunnskapsstatus og forslag til nasjonal handlingsplan. NOF rapport 1-2006. 49 s. Kålås, J. A., Gjershaug, J. O., Husby, M., Lifjeld, J., Lislevand, T., Strann, K-B. & Strøm, H. 2010. Fugler Aves. s.419-430. I: Kålås, J. A., Viken, Å., Henriksen, S. & Skjelseth, S. (red.). 2010. Norsk rødliste for arter 2010. Artsdatabanken, Trondheim. 480 s. Mikkelsen, G. 2010. Individuelt karakteristisk sang av åkerrikse Crex crex avdekker langdistanse-forflytninger innen hekkesesongen. Institutt for naturforvaltning, Universitetet for miljø- og biovitenskap, Ås. 44 s. Ranke, P. S. & Øien, I. J. 2012. Kartlegging og overvåking av åkerrikse i 2011. NOF-notat 2012-13. 13 s. 6