Budsjett 2012 Økonomiplan 2012-2015



Like dokumenter
I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Muligheter i Den grønne landsbyen

Kontoklasse 1 Kontoklasse 0. Art DRIFTSREGNSKAP KAPITALREGNSKAP. 050 Annen lønn og trekkpliktige godtgjørelser

Budsjettskjema 1B Rekneskap Rev. Budsjett Budsjett

Konto Konto (T) 2008 Rev Andre tilskot

BUDSJETT 2015 FEDJE KOMMUNE

FORMANNSKAPET

Rekneskapsutskrift pr

VEDLEGG 3 TIL MØTEPROTOKOLL FOR SAMNANGER KOMMUNESTYRE

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Hovudoversikter. Hovudoversikt drift Regnskap Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett Budsjett

VEDLEGGTIL ÅRSREKNESKAP 2011 GULEN KOMMUNE

Rådmann sitt arbeidsgrunnlag av Rådmann sitt arbeidsgrunnlag av BALESTRAND KOMMUNE (2013) - År/Periode

Investeringsbehov dei neste 5-10 åra

Løns- og prisauke i kommunesektoren frå 2018 til 2019 (Kommunal deflator) er i statsbudsjettet rekna til 2,8 % med ein forventa lønsvekst på 3,25 %.

Økonomisk driftsoversikt på LN-nivå 2008

SAKNR. 064/12 BUDSJETT FORMANNSKAPET Handsaming i møtet:

REKNESKAP. Vedteke av Surnadal kommunestyre xx.xx.2014

Vedlegg til budsjett for Meland kommune 2015

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Hovedoversikter. Driftsutgifter Lønnsutgifter Sosiale utgifter

Brutto driftsresultat ,

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2014 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2013.

Rennesøy kommune. Driftsbudsjett

PØ-049/10 VEDTAK: Budsjettet for Samnanger kommune for 2011 vert som fylgjer:

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Oversyn over økonomiplanperioden

Detaljert forslag budsjett 2016

Hovudoversikter Budsjett 2017

Fjell kommune Arkiv: Saksmappe: 2014/ /2014 Sakshandsamar: Tore Solvang Dato: SAKSDOKUMENT

Regjeringens forslag til statsbudsjett 2012: Foreløpig konsekvensvurdering for Bergen kommune

Oversyn over økonomiplanperioden Arbeidsgrunnlag av med endringar av

ØKONOMISKE HOVUDOVERSIKTER. Tillegg til Rådmannen sitt utkast til budsjett og handlingsprogram

Budsjett Brutto driftsresultat

Brutto driftsresultat

Regnskap 2014 Budsjett 2015 Budsjett 2016

R 2016 R 2017 RB 2017 VB

Økonomisk oversikt - drift

Budsjett Brutto driftsresultat

Økonomisk oversikt - drift

Det vil alltid vere ei balansegang mellom bruk av eigne pengar på bok og lån i bank.

Rekneskapsutskrift pr

Oversikter/budsjettskjema i sak 063/13 - Budsjett 2014

Økonomiske oversikter budsjett 2016 Meland kommune

Verdal kommune Regnskap 2015 Budsjett 2016 Budsjett 2017

Vedlegg 1 Budsjettskjema 1A - Driftsbudsjettet Opprinnelig budsjett 2014

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

<legg inn ønsket tittel>

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Notat. SOGNDAL KOMMUNE Støtteeining økonomi og personal. Formannskapet Tenesteleiarane. ØP-notat nr 3 Økonomiplan Årsbudsjett 2012

Årsbudsjett drift

Budsjett 2012, økonomiplan

Houvudoversikter Budsjett Flora kommune

En gjør oppmerksom på at det kan bli endringer i disse oversiktene i forbindelse med det videre detaljeringsarbeidet.

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Økonomiske oversikter

Tertialrapport 2 tertial 2015

Økonomiske oversikter budsjett 2017 Meland kommune Rådmannen sitt framlegg

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Vedlegg 7.1 Økonomiplan drift

Fyresdal kommune Sektor for økonomi og fellestenester

Rekneskap. Bokn. kommune. for. Inkl. Noter.

Forsand kommune Saksframlegg

HOVEDOVERSIKTER FORMANNSKAPETS INNSTILLING

Beskrivelse Regnskap 2010 Budsjett 2011 Budsjett 2012 Budsjett 2013 Budsjett 2014 Budsjett 2015

Økonomisk oversikt - drift

KONTROLLUTVALET I FJELL KOMMUNE

1 Lesja kommune (2016) - År/Periode Bruker: 512WISA Klokken: 10:40 Program: XKOST-A1 Versjon: 15

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Stein Kittelsen Arkiv: 153 Arkivsaksnr.: 16/3462-1

Tiltak 12.2: Økonomisk analyse

Økonomiplan Årsbudsjett 2019

3. tertial Økonomistatus for Kvam herad per 3. tertial 2016

ÅRSREKNESKAP Norddal kommune

Råde Kommune. Årsbudsjett Rådmannens forslag Til formannskapets behandling Talldelen

BUDSJETT 2016 FEDJE KOMMUNE

Skjema 1A Hovedoversikt drift Tall i hele 1000,- kr

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Skatt på inntekter og formue Skatt på inntekter og formue Skatt

ÅRSREGNSKAP Innholdsfortegnelse. - Balansen Side 1 - Revisjonsberetning for 2014 Side 2-3

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Økonomiske analyser DRIFTSINNTEKTER DRIFTSUTGIFTER INVESTERINGER NETTO FINANSUTGIFTER LÅNEGJELD NETTO DRIFTSRESULTAT OG REGNSKAPSRESULTAT

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Rennesøy kommune. Årsbudsjett 2013 og økonomiplan Talldel. Vedlegg til Årsbudsjett for 2013 og økonomiplan

REKNESKAPSSAMANDRAG FOR STORD HAMNESTELL 2012

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

Kontrollutvalet i Leikanger kommune. Sak 8/2015 Kontrollutvalet si fråsegn til årsrekneskapen 2014 for Leikanger kommune

Vedtatt budsjett 2009

NOTAT OM ØKONOMIPLAN TIL FORMANNSKAPSMØTE

Signaturer... 1 DRIFTSREGNSKAP Anskaffelse og anvendelse av midler Hovedoversikt drift Regnskapsskjema 1A... 4

Kontoplan investeringsutgifter/inntekter i ERV for Suldal kommune

DRIFTSREGNSKAP. Høyland sokn

NOTAT. Frå: Rådmannen. Saka gjeld:

Bremanger kommune kontroll av budsjett 2014 og økonomiplan

Regnskap Resultat levert til revisjonen

Verdier Regnskap Busjett 2012

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

ÅRSREGNSKAP 2007 HOLTÅLEN KOMMUNE - KOSTRA Driftsregnskapet Ansvar Funksjon Art Artstekst Regnskap 2007 Rev.budsjett 2007

Regnskap 2012 Budsjett 2013 Budsjett Godtgjørelse folkevalgte

Årsbudsjett 2018 og økonomiplan for Vedtatt

Transkript:

FJELL KOMMUNE Budsjett 2012 Økonomiplan 2012-2015 Vedteke KS 15.12.2011

1 Bakgrunn Budsjettet for 2011 var opphavleg gjort opp med eit underskot på 14,2 mill. I budsjettrevisjonen pr 1. tertial vart underskotet redusert til 10,2 mill. Budsjettet har i tillegg stor risiko knytt til fleire andre postar, til dømes finansavkastninga frå det langsiktige kapitalfondet. Rekneskapen for 2010 viste eit underskot på 7,7 mill. Inntektsføring av ekstraordinært utbytte frå BKK med 9,5 mill. er inkludert både i rekneskapen for 2010 og i budsjettet for 2011. Departementet har etter rekneskapsavslutninga vedteke at slikt utbytte skal førast i investeringsrekneskapen, noko som medfører at underskotet for 2010 aukar til 17,2 mill, og at det budsjetterte underskotet for 2011 aukar tilsvarande. 2 Statsbudsjettet 2012 - Kommuneopplegget Kommunesektoren har eit bredt ansvar og dermed ei heilt sentral rolle i utbygginga av grunnleggjande velferdstenester til landets innbyggjarar, mellom anna innan barnehage, skule, helse, pleie og omsorg. Kommunar og fylkeskommunar forvaltar ein betydeleg del av samfunnet sine ressursar, og har stor innverknad på befolkninga si velferd. 2.1 Frie inntekter Regjeringa legg opp til ein realvekst i dei frie inntektene for kommunane frå 2011 til 2012 med om lag 3,15 mrd. Veksten er rekna i høve til det inntektsnivået for 2011 som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett. Veksten i dei frie inntektene frå 2011 til 2012 vil variera mellom kommunane. Hovudårsakene er følgjande punkt som påverkar kommunane ulikt: - endringar i inntektssystemet - endring i fordelinga av skjønstilskot - endra kriteriedata og befolkning - endring i veksttilskot Størstedelen av veksten i dei frie inntektene for kommunane, om lag 2,2 mrd, vil gå med til auka utgifter knytt til befolkningsutviklinga. Folketalet aukar totalt og det er særleg auken i dei aller eldste og yngste aldersgruppene som trekkjer opp kommunane sine meirutgifter. Den nominelle prosentveksten i dei frie inntektene på landsbasis er noko høgare enn for kommunane samla i Hordaland. Veksten i fylket er 4,1 % frå 2011 til 2012 mot 4,3% på landsbasis. 2.2 Barnehagar Maksimalpris for foreldrebetaling vert vidareført på same nominelle nivå som i 2011, kr. 2.330,- pr. månad for ein heildagsplass. Kompensasjon til kommunane for manglande prisjustering av foreldrebetaling inngår i rammeoverføring med samla kr. 240,6 mill. i 2012. Opptrapping med sikte på likebehandling mellom kommunale og ikkje-kommunale barnehagar vert vidareført. Kompensasjon til kommunane for deira meirutgifter inngår i rammeoverføring med samla 28,5 mill i 2012. Minimumstilskotet til ikkje - kommunale barnehagar aukar frå 91 til 92 prosent frå 01. august 2012. Det vert gjort framlegg om omlegging av kontantstønadsordninga frå 01. august 2012: 2

- ordninga blir avvikla for toåringar - for barn 13-18 månader blir det auka stønad til kr. 5.000,- pr. månad - for barn 19-23 månader blir noverande stønad vidareført, kr. 3.303,- pr. månad Det blir gitt kompensasjon i rammeoverføring med til saman 91,9 mill i 2012 for pårekna auka etterspurnad etter barnehageplassar som følgje av omlegginga av kontantstønadsordning. Kompensasjon for manglande prisjustering, auka minimumstilskot og endring i kontantstønadsordning kjem i tillegg til veksten i dei frie inntektene. 2.3 Grunnskule Det vert innført 1 ½ time valfag ( 2 skuletimar ) i veka i ungdomsskulen for 8. trinn frå hausten 2012. Tilbodet blir utvida til 9. trinn frå hausten 2013 og 10. trinn frå hausten 2014. Finansieringa av innføring på 8. trinn vert lagt inn med 5/12 - effekt i rammetilskotet for 2012 med 64,6 mill. Kompensasjon kjem i tillegg til veksten i dei frie inntektene. 2.4 Rentekompensasjon skulebygg og symjeanlegg Rentekompensasjonsordninga for lån til rehabilitering og nybygg av skular og symjeanlegg vert vidareført i 2012. Det er lagt opp til ei samla investeringsramme, som grunnlag for rentekompensasjon, på 15 mrd fordelt over 8 år frå og med 2009. For 2012 er ramma for skulebygg og symjeanlegg, som grunnlag for rentekompensasjon 2,0 mrd. Investeringsramma omfattar både kommunane og fylkeskommunane og ordninga vert administrert av Husbanken. 2.5 Kommunalt barnevern Barnevernet i kommunane blei i 2011 styrka med kr. 240 mill. gjennom eit nytt øyremerka tilskot. Tilskotet er fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. Tilskotet er i hovudsak nytta til nye stillingar i kommunane i 2011. Det er framlegg om å auka det øyremerka tilskotet med 50 mill til 290 mill i 2012. Auken skal gå til nye stillingar i barnevern tenesta ( pårekna 70 nye stillingar ) og til rettleiing av nyutdanna og nytilsette. Tilskotet vil verte fordelt av fylkesmennene etter søknad frå kommunane. 2.6 Samhandlingsreforma (kommunal medfinansiering av utskrivingsklare pasientar) Reforma vert innført frå 1. januar 2012 men er planlagt opptrappa over fleire år. Frå og med 2012 vert det innført 20 % kommunal medfinansiering for medisinsk behandling alle aldersgrupper i sjukehus. Operasjonar, barnefødsel, nyfødd - behandling og kostbare biologiske legemidlar inngår ikkje i grunnlaget for medfinansiering. I tillegg er det lagt opp til at kostnader for eit opphald på sjukehus utover kr. 30.000 ikkje vert rekna med i grunnlaget. Kommunane vil i 2012 få overført 5,0 mrd frå dei regionale helseføretaka knytt til medfinansieringsansvaret. 3

Kommunane vil frå 1. januar 2012 få betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar frå spesialisthelsetenesta allereie frå første dag. Kommunane må betala kr. 4.000 pr. døgn pr. pasient. Kommunane får overført 560 mill. frå helseføretaka til dette føremålet, og midlane vert innlemma i rammeoverføringa. Dette kjem utanom den signaliserte veksten i dei frie inntektene Det vil bli gjeven ein eigen kompensasjon til kommunar som dei siste åra ville hatt høgare forbruk innan kommunal medfinansiering og utskrivingsklare pasientar dersom kommunane hadde hatt dette betalingsansvaret - og det dei no vil få gjennom rammeoverføring. Samla kompensasjon for landet er 305 mill. Det vil bli ein plikt for kommunane frå 01. januar 2016 til å tilby døgnopphald for personar med behov for hjelp med ein gong. Det er lagt opp til ei gradvis oppbygging for å sikre at kommunane får tid til å bygge opp tenesta. 2.7 Eldreomsorg - demente Det er ei målsetjing at alle kommunar innan 2015 skal kunne tilby dag - aktivitetstilbod for demente. For å stimulera til utbygging av tilbodet, er det framlegg om eit nytt øyremerka tilskot, til saman kr. 150 mill. Det er sjølve etableringskostnadene med tilbodet som er planlagt finansiert av det nye øyremerka tilskotet, medan driftskostnadene til nye årsverk i 2012 må bli finansiert innafor den generelle veksten i dei frie inntektene. 2.8 Sjukeheimsplassar og omsorgsbustader For 2012 er det framlegg om å gi tilsegn om tilskot for 1.500 nye einingar med heildøgnsomsorg, fordelt mellom omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Investeringstilskot er 30% for omsorgsbustader og 40% for sjukeheimsplassar med fellesareal, innafor ei øvre investeringsramme. Målgruppa for ordninga er personar med behov for heildøgns helse- og omsorgstenester uavhengig av alder, diagnose og funksjonshemming. Tilskotet kan gå til bygging, kjøp eller utbetring. 2.9 Ressurskrevjande tenester Ordninga med øyremerka tilskot for ressurskrevjande tenester blei lagt om frå og med 2008. Kompensasjonsgraden er etter omlegging den same for kvar kommune. Tilskotsordninga er for personar under 67 år. Det har vore ein betydeleg vekst i dette øyremerka tilskotet tidlegare år, men veksten er no blitt mindre. 4

Det er lagt opp til følgjande for 2012: - Kompensasjonsgraden er 80%. - Innslagsnivået for å få kompensasjon blir auka pr. brukar frå kr. 895.000,- til kr. 935.000,- for netto utgifter i 2011. Dette svarer til pårekna lønsvekst frå 2010 til 2011. - Kompensasjonen som blir utbetalt frå staten til kommunane i 2012 skal kommunane inntektsføra i sine rekneskap i 2011. Kommunane skal inntektsføra den pårekna kompensasjonen i det same året som utgiftene har vore. Psykisk utviklingshemma (16 år og eldre) har fått mindre vekt i inntektssystemet frå og med 2011, slik at denne kompensasjonen i rammeoverføring er redusert. Kriteriet for psykisk utviklingshemma under 16 år er teke heilt bort. Dette gir noko høgare netto utgifter knytt til ressurskrevjande tenester (2011) slik at det øyremerka tilskotet som blir utbetalt i 2012 aukar noko. 3 Årsbudsjett drift 2012 Fjell kommune 3.1 Innleiing Rådmannen har som utgangspunkt vidareført aktivitetsnivået frå hausten 2011 inn i 2012. Det er då teke høgd for vidareføring av innsparingstiltak i tråd med politisk vedtak knytt til økonomirapporten etter 1. tertial 2011. I tillegg har rådmannen innarbeidd andre innsparingstiltak, som er gjort nærare greie for under dei einskilde sektorane. Med bakgrunn i eit krevjande økonomisk landskap legg rådmannen fram eit budsjett for 2012 i balanse, utan bruk av disposisjonsfond. For å oppnå denne balansen er inntektsanslaga strekt maksimalt, til dømes frie inntekter og finansinntekter, medan utgiftssida er teke ned med stillingsnedtrekk, minimumsavdrag og andre tiltak. Budsjettet har risiko både på utgifts- og inntektssida. Alle samanlikningar er gjort i høve til revidert budsjett 2011. Deflatoren for 2012, som er eit vekta snitt av løns- og prisvekst, utgjer 3,25%. Lønsveksten er rekna til 4% i statsbudsjettet 5

4.2 Økonomisk oversikt drift Økonomisk oversikt drift Budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2012 2011 2010 Driftsinntekter Brukerbetalinger 44 130 000 40 276 000 39 644 235 Andre salgs- og leieinntekter 45 010 000 32 986 000 29 280 866 Overføringer med krav til motytelse 122 364 000 117 821 000 196 711 924 Rammetilskudd 461 961 000 411 940 000 182 236 989 Andre statlige overføringer 17 314 000 19 544 000 119 576 950 Andre overføringer 240 000 240 000 376 010 Skatt på inntekt og formue 500 539 000 477 260 000 504 025 896 Eiendomsskatt - - - Andre direkte og indirekte skatter - - - Sum driftsinntekter 1 191 558 000 1 100 067 000 1 071 852 869 Driftsutgifter Lønnsutgifter 618 235 000 606 738 000 584 279 130 Sosiale utgifter 175 100 000 164 110 000 139 334 610 Kjøp av varer og tj som inngår i tj.produksjon 133 881 000 110 755 000 129 700 161 Kjøp av tjenester som erstatter tj.produksjon 169 374 000 156 926 000 91 581 916 Overføringer 35 382 000 34 265 000 126 348 367 Avskrivninger 44 500 000 38 600 000 34 921 057 Fordelte utgifter - - - Sum driftsutgifter 1 176 472 000 1 111 394 000 1 106 165 241 Brutto driftsresultat 15 086 000-11 327 000-34 312 372 Finansinntekter Renteinntekter, utbytte og eieruttak 24 429 000 31 600 000 20 762 679 Gevinst på finansielle instrumenter 14 251 000 12 000 000 24 358 502 Mottatte avdrag på utlån - - Sum eksterne finansinntekter 38 680 000 43 600 000 45 121 181 Finansutgifter Renteutgifter, provisjoner og andre fin.utg. 64 301 000 54 312 000 38 902 372 Avdragsutgifter 33 965 000 27 000 000 24 001 800 Utlån - - - Sum eksterne finansutgifter 98 266 000 81 312 000 62 904 172 Resultat eksterne finanstransaksjoner -59 586 000-37 712 000-17 782 992 Motpost avskrivninger 44 500 000 38 600 000 34 921 057 Netto driftsresultat - -10 439 000-17 174 307 6

Økonomisk oversikt drift Budsjett Rev. budsjett Rekneskap 2012 2011 2010 Interne finanstransaksjoner Bruk av tidligere års regnsk.m. mindreforbruk - 37 076 051 Bruk av disposisjonsfond - 10 439 000 44 048 607 Bruk av bundne fond - - -4 754 466 Bruk av likviditetsreserve - - - Sum bruk av avsetninger - 10 439 000 76 370 192 Overført til investeringsregnskapet - - 5 066 860 Dekning av tidligere års regnsk.m. merforbruk - - - Avsetninger til disposisjonsfond - - 37 176 051 Avsetninger til bundne fond - - 3 030 826 Avsetninger til likviditetsreserven - - - Sum avsetninger - - 45 273 738 Regnskapsmessig mer/mindreforbruk - - 13 922 148 Inntekter Inntektssida aukar med totalt 88,5 mill. Av dette utgjer dei frie inntektene 73,3 mill inkl. 21 mill til samhandlingsreforma. Nedanfor er det gjort greie for inntektspostane. Brukarbetaling og andre sals og leigeinntekter Auken i denne posten er knytt til heving av gebyr som vist i tabellen nedanfor, samt auka husleigeinntekter knytt til Øyane DPS. 7

Eigenbetaling 2011 2012 Barnehagar (satsar pr. månad) 41 timar og meir 2 330 2 330 Maks 33 timar 2 100 2 100 Maks 25 timar 1 805 1 805 Maks 17 timar 1 500 1 500 Maks 9 timar 660 660 Skulefritidsordinga (satsar pr. månad) Heil plass 1 650 2 000 Delt plass 1 250 1 500 Fjell kulturskule (satsar pr. år) Pris pr. elev 2 250 2 475 Søsken 1 826 2 008 Instrumentleige pr år 699 769 Heimehjelp (satsar pr. månad) Under 2 G 165 2 til 3 G 433 498 3 til 4 G 874 1 005 4 til 5 G 1 309 1 505 Over 5 G 1 746 2 008 Max timesats 157 181 Betaling for ferdigmat (satsar pr. eining) Suppe/dessert 12 14 Frossen middag pr. porsjon 47 54 Varm middag pr. porsjon 51 58 Institusjonsopphald (satsar pr. dag, jfr statens satsar) Korttidsopphald 129 129 Dagsopphald 68 68 Frokost 16 18 Tryggleiksalarm (satsar pr. månad) Trygleiksalarm lav sats 161 185 Trygleiksalarm høg sats 180 207 Husleige Bu & Servicesenter 40 m2 - pr.mnd 4 964 5 709 45 m2 - pr mnd 5 667 6 517 55 m2 - pr mnd 6 373 7 329 Mat Bu & Servicesenter Full pakke 2 433 2 798 Feiing og tilsyn Vanleg hus 427,5 492 Industripipe 636,5 732 Feiing etter oppdrag 843,0 969 I tillegg er gebyra knytt til plansakbehandlingsamt kart og oppmåling, auka med 5%. Desse gebyra vil gå fram av Lokale forskrifter om kommunale gebyr. 8

Overføringar med krav til motyting Posten er auka med inntekter i form av refusjon knytt til born frå andre kommunar i barnehagar i Fjell. Posten er redusert med bortfall av momskompensasjon knytt til investeringar. Frie inntekter: Rammetilskot og Skatt på inntekt og formue Dei frie inntektene er auka med totalt 73,3 mill inklusiv 21 mill til samhandling. Rammeoverføringa aukar med 50 mill medan skatteanslaget aukar med 23,3 mill. Rammeoverføringa er basert på folketal 01.07.2011 medan inntektsutjamninga (skatt) er basert på venta folketal 01.01.2012. Skatteanslaget er justert opp med venta auke i befolkningstalet. Andre statlige overføringar Posten er redusert som følgje av mindre integreringstilskot knytt til busetjing av flyktningar. Utgifter Driftsutgiftene aukar med 65 mill. Av dette er 22,5 mill løn og sosiale utgifter. Nedanfor er det gjort greie for utgiftspostane. Lønsutgifter Stillingsbudsjettet er trekt ned med 32,6 årsverk, sjå sektorvis fordeling nedanfor. Sektor Årsverk Rådmannen -0,80 Økonomisjefen -0,70 Servicetorsjefen -2,30 Skulesjefen -17,38 Barnehagesjefen -0,70 Sosialsjefen -0,45 NAV-leiar -1,00 Helsesjefen -0,50 Omsorgsjefen -4,10 Plan- og utbyggingssjefen -3,50 Eigedom -1,20 Sum -32,6 Det er vidare budsjettert med ein lønsavsetnad på 10,8 mill til lønsvekst i 2012. Beløpet er ikkje stort nok til å dekke venta lønsauke på 4% som er lagt til grunn i statsbudsjettet. Heilårsverknad av lønsoppgjeret i 2011 er i hovudsak lagt inn i 2012 budsjettet. Sosiale utgifter Auken er knytt til arbeidsgjevaravgift og pensjon. Kjøp av varer og tenester som inngår i tenesteproduksjon Utgiftsauken skuldast venta utgifter i samband med samhandlingsreforma, og auka energi og husleigeutgifter. I tillegg er opplæringsbudsjettet tilbakeført til nivået ved byrjinga av 2011. Kjøp av varer som erstattar tenesteproduksjon Auken skuldast i hovudsak born frå Fjell i barnehagar i andre kommunar som vi må betala refusjon for. Kommunalt tilskot til private barnehagar aukar med 4,5 mill, eller 4,5%. 9

Overføringar Denne posten inneheld mellom anna reduksjon av tilskot til lag og organisasjonar, jfr. innsparingstiltak 1. tertial 2011. Avskrivingar Avskrivingar er rekna til 44,5 mill, ei auke på 4,9 mill i høve 2011. Auken skuldast mellom anna at ein byrjar på avskriving av Øyane DPS i 2012. Finans Renteinntekter, utbytte og eigaruttak Aksjeutbutte frå BKK er redusert med 9,7 mill som følgje av bortfall av ekstraordinært utbytte medan det ordinære utbytte er auka. Venta avkastning frå det langsiktige kapitalfondet er auka med 2,2 mill. Renteutgifter, provisjonar og andre finansutgifter Auke skuldast Øyane DPS, nytt låneopptak og kapitalutgifter knytt til kommunale barnehagar. Avdragsutgifter Avdragsutgiftene er auka med 6,965 mill, frå 27 mill til 33,965 mill, og er rekna etter minimumsmetoden, med tillegg av kr 965.000. Anbefalt metode ville gitt ytterlegare 7 mill meir i avdrag. 4.3 Sektorane Budsjett Budsjett Buds(end) 2011-2012 2011-2012 Sektor 2012 2011 2011 vekst i kr %-vis endring RÅDMANN 1000-961 100 000-923 796 000-923 188 000-37 912 000 4,11 % RÅDMANN 1010 49 140 000 32 792 000 38 788 000 10 352 000 26,69 % PERSONALSJEFEN 10 021 000 10 372 000 9 310 000 711 000 7,64 % ØKONOMISJEFEN 6 729 000 6 725 000 6 576 000 153 000 2,33 % IKT-SJEFEN 11 114 000 10 872 000 10 547 000 567 000 5,38 % SERVICETORGSJEFEN 140 614 000 129 311 000 136 342 000 4 272 000 3,13 % SKULESJEFEN 307 187 000 302 992 000 302 543 000 4 644 000 1,53 % BARNEHAGESJEFEN 77 820 000 71 663 000 72 396 000 5 424 000 7,49 % SOSIALSJEFEN 39 557 000 41 056 000 39 078 000 479 000 1,23 % NAV 34 187 000 32 508 000 32 093 000 2 094 000 6,52 % HELSESJEFEN 52 334 000 51 881 000 50 745 000 1 589 000 3,13 % OMSORGSSJEFEN 152 626 000 138 131 000 138 672 000 13 954 000 10,06 % PLAN- OG UTBYGGINGSSJEFEN 7 800 000 10 169 000 9 141 000-1 341 000-14,67 % EIGEDOMSSJEFEN 71 971 000 85 324 000 76 957 000-4 986 000-6,48 % Sum - - - - Rådmannen 1000 Inntektsveksten på om lag 37,8 mill eller 4,11% er knytt til auken i dei frie inntektene. I revidert budsjett for 2011 er det budsjettert med bruk av disposisjonsfond med 10,4 mill, medan budsjettet for 2012 er gjort opp i balanse utan bruk av disposisjonsfond. MVA kompensasjon knytt til investeringar er tidlegare ført i driftsrekneskapen, men skal frå 2010 gradvis førast i investeringsrekneskapen. I tillegg er integreringstilskot og aksjeutbytte redusert med høvesvis 2,2 mill og 7,5 mill, medan avkastninga frå det langsiktige kapitalfondet er auka med 2,2 mill. Utgiftssida er auka med renter og avdrag på 12,8 mill samla. 10

Rådmannen 1010 Sotra brannvern Rådmannens framlegg til budsjett er i hovudsak vidareført med same nivå som 2011, men er auka med deflator på 3,25% til kr 14.917.000. Brannsjefen sitt framlegg til budsjett ligg som vedlegg til saka. Kyrkja Det er budsjettert med kr 11.117.000 til drift og kr 500.000 til investering vedlikehald gravplassar, mot kr 10.617.000 til drift og kr 1.000.000 til investeringar i 2011. Kyrkja sitt framlegg til budsjett ligg som vedlegg til saka. Gode Sirklar Kjøp av tenestar frå Gode Sirklar er redusert frå 2,6 mill i 2011 til 1 mill i 2012. Personalsjefen Personalsjefen sitt budsjett er i hovudsak vidareført på om lag same nivå som i 2011, men med følgjande endring:. I budsjettet for 2012 er det attendeført stillingar som i 2011 var satt vakant grunna sjukdom og utsett tilsetjing. Inntektspost refusjon frå andre er auka med kr. 500.000, dette føreset eksterne midlar til opplæringstiltak. Økonomisjefen Økonomisjefen sitt budsjett er vidareført på om lag same aktivitetsnivå som i 2011. IKT- sjefen IKT-sjefen sitt budsjett er vidareført på om lag same aktivitetsnivå som i 2011 med følgjande endringar: utgifter til vedlikehald av programvare er auka, og skjønsmidlar er ikkje vidareført. Servicetorgsjefen Servicetorgsjefen har auka budsjettposten for utbetaling av tilskot til private barnehagar med 4,5 mill, basert på vedteken barnehagemodell. Totalt aukar barnehageområdet under servicetorgsjefen med 5,4 mill. Tilskot til Basecamp og Homestart er auka med kr 100.000 kvar. Kommunal badevaktordning til offentleg bading er teke ut, om lag kr. 500.000. Ny stilling som bygdebokforfattar i samband med vedtak om utviding av bygdebokarbeidet er heller ikkje finansiert i 2012 og vert halden vakant. Årleg tilskot til kommunal vrakpantordning for olje omnar er teke ut, kr 100.000. Utgifter til planarbeid Fjell festning er budsjettert med kr. 200.000 i 2012. Skulesjefen Budsjettet for skule er vidareført med dei endringane som vart vedteke i kommunestyret ved budsjettrevisjonen i juni 2011. Dette inneber mellom anna ein reduksjon på omlag 17 årsverk skuleåret 2011-2012. Satsane for SFO er auka, sjå tabell under økonomisk oversikt drift. Utgiftene til skuleskyss har auka svært mykje i inneverande skuleår. Dette skuldast ei auke i tal vegar som er klassifiserte som særleg farleg skuleveg, og at Hordaland fylkeskommune ikkje lenger betalar for ekstraskyss til spesialtilbod. Det er derfor gjort følgjande endringar: - Ordning med skuleskyss med eigendel vert avvikla frå 01.01.12. Ordninga gjeld elevar i 2.- 4. klasse som har 2-4 km avstand, føresette betalar 50% av kostnaden, kr. 232.000. - Budsjettposten til skuleskyss er generelt skore ned med om lag 1,4 mill i høve faktisk rekneskap 2011. 11

- I framlegg til investeringsbudsjett er det sett av midlar til innkjøp av buss med heis til å skyssa elevane til spesialavdeling på Hjelteryggen. - Komitè for drift går gjennom alle vedtak om særleg farleg skuleveg våren 2012. Skuleåret 2012-2013 vert det innført valfag for 8. trinn. I statsbudsjettet er det lagt inn kompensasjon i rammeoverføringa. Det er førebels ikkje lagt inn midlar i skulesjefen sitt budsjett til dette formålet. Barnehagesjefen Barnehagesjefen har auka bemanninga med 2,4 årsverk til støttetiltak for funksjonshemma born og spesialpedagogisk hjelp i både private og kommunale barnehagar. Ordinære opplæringsmidlar i kommunale barnehagar som vart teke ut som ei innsparing i 2011 er lagt inn igjen i 2012. Vakansar i 2011der ein ikkje tok inn vikar er lagt tilbake i 2012. Sosialsjefen Det er budsjettert med 3 årsverk til styrking av det kommunale barnevern. Desse midlane vert finansiert med øyremerka skjønsmidlar frå fylkesmannen. Utover dette er sosialsjefen sitt budsjett vidareført på om lag same økonomiske aktivitetsnivå som i 2011. Nav Nav- sjefen sitt budsjett er vidareført på om lag same aktivitetsnivå som i 2011, men har styrka budsjettet for tilskot til sosialhjelp med 1,2 mill. Helsesjefen Budsjettet for drift av terapibasseng er redusert med kr. 500.000. Elles er budsjettet vidareført på om lag same aktivitetsnivå som i 2011. Omsorgssjefen Auken i omsorgssjefen sitt budsjett skuldast i hovudsak midlar til samhandlingsreforma, 15,4 mill. Det er vidare lagt inn midlar til kjøp av 3 institusjonsplassar i Askøy kommune, 2,2 mill og oppstart 3 nye bustader for utviklingshemma i Åttringen, om lag 2 mill. I tillegg er tidlegare vakansar innan heimetenesta no budsjettert. Plan- og utbyggingssjefen Gebyra til Plansak og kart og oppmåling er innarbeid i budsjettet med ein auke på 5%, jfr skriv frå gebyrgruppa. Eigedomssjefen Energikostnader og husleige er auka og skuldast for det meste auke i areal. Husleigeinntektene er auka og skuldast i hovudsak leigeinntekter knytt til Øyane DPS. 4 Økonomiplanen 2012-2015 Fjell kommune har teke utgangspunkt i revidert årsbudsjett for 2011 og vidareført 2012-budsjettet dei neste tre åra på grunnlag av følgjande premissar: - Brukarbetalingar og sals og leigeinntekter er auka med deflator, 2,31% i 2013, 2,63% i 2014 og 2,31% i 2015. - Vekst i skatt/rammetilskot: 3,0% i 2013, 2,7% i 2014 og 2,5% i 2015. - Andre statlege overføringar er også auka med deflator for åra 2013-2015. - Lønsvekst er lagt inn med 2,5% auke i 2013, 3,0% auke i 2014 og 2,5 % i 2015. 12

- Prisvekst på varekjøp er lagt inn med ein auke på 2 % kvart år i perioden. - Overføringar både på inntekts og utgiftssida er auka med deflator 2,31% i 2013, 2,63% i 2014 og 2,31% i 2015. - Avdrag er 39 mill. i 2013, 39,4 mill i 2014 og 39,5 mill i 2015. Avdraga er i 2014 og 2015 harmonisert med venta nivå for låneopptak. - Finansinntekter, som består av renter av bankinnskot, eigarutbytte BKK samt avkastning frå det langsiktige kapitalfondet, er lagt inn med om lag 36,9 mill i 2013 og 2014, og 34,7 mill i 2015. - Renteutgifter er vidareført i 2013-2015 på om lag same nivå som i 2012, dvs med om lag 64 mill. Dette skuldast at låneopptak er omtrent på nivå med avdrag, samt at renteauken er venta å verte moderat og at store deler av låneporteføljen er knytt opp til fast rente. - Verknader av vedtekne investeringar er innarbeid i økonomiplanen med renter og avdrag. - Aktivitetsauke: Det er ikkje justert for anna aktivitetsauke i perioden. Det er eit krav i Kommunelova at økonomiplanen skal gå i balanse kvart år i planperioden, etter bruk av fond. Det må understrekast at anslaga er usikre og avrunda. Konkrete tal får ein først når Stortinget handsamar budsjettet kvar haust. Budsjett 2012 Budsjett 2013 Budsjett 2014 Budsjett 2015 Driftsinntekter Brukerbetalinger 44 130 000 45 151 000 46 336 000 47 408 000 Andre salgs- og leieinntekter 45 010 000 46 051 000 47 260 000 48 353 000 Overføringer med krav til motytelse 122 364 000 125 194 000 128 480 000 131 451 000 Skatt og rammetilskot 962 500 000 991 375 000 1 018 142 000 1 043 596 000 Andre statlige overføringer 17 314 000 17 714 000 18 124 000 18 543 000 Andre overføringer 240 000 246 000 252 000 258 000 Sum driftsinntekter 1 191 558 000 1 225 731 000 1 258 594 000 1 289 609 000 Driftsutgifter Lønnsutgifter 618 235 000 633 691 000 652 702 000 669 020 000 Sosiale utgifter 175 100 000 179 478 000 184 862 000 189 484 000 Kjøp av varer og tj som inngår i tj.produksjon 133 881 000 136 559 000 139 290 000 142 076 000 Kjøp av tjenester som erstatter tj.produksjon 169 374 000 173 291 000 177 840 000 181 953 000 Overføringer 35 382 000 36 200 000 37 150 000 38 009 000 Avskrivninger 44 500 000 45 700 000 46 800 000 47 900 000 Sum driftsutgifter 1 176 472 000 1 204 919 000 1 238 644 000 1 268 442 000 Brutto driftsresultat 15 086 000 20 812 000 19 950 000 21 167 000 Finansinntekter Renteinntekter, utbytte og eieruttak 24 429 000 24 000 000 24 000 000 24 000 000 Gevinst på finansielle instrument 14 251 000 12 904 000 12 991 000 10 714 000 Sum eksterne finansinntekter 38 680 000 36 904 000 36 991 000 34 714 000 Finansutgifter Renteutgifter, provisjoner og andre fin.utg. 64 301 000 64 368 000 64 317 000 64 274 000 Avdragsutgifter 33 965 000 39 039 000 39 424 000 39 507 000 Sum eksterne finansutgifter 98 266 000 103 416 000 103 741 000 103 781 000 Resultat eksterne finanstransaksjoner -59 586 000-66 512 000-66 750 000-69 067 000 Motpost avskrivninger 44 500 000 45 700 000 46 800 000 47 900 000 Netto driftsresultat - - - - 13

5 Investeringar 2012-2015 Nedanfor vert det gjort greie for planlagde investeringar i perioden 2012-2015, samt finansiering av desse. Følgjande premissar er lagt til grunn for utarbeiding og handsaming av investeringsbudsjettet: Alle kostnader ved eit prosjekt skal takast med. Dette omfattar kostnader knytt til tomt, planlegging/prosjektering, finansiering (byggjelånsrenter), bygging, utsmykking og inventar og utstyr. Det skal budsjetterast brutto for alle prosjekt. Dette inneber at totalkostnaden ved eit prosjekt skal synleggjerast. Bruttoinvesteringa kjem fram i tabellen investeringsprogram 2012-2015. Finansieringa av prosjekta, statlege og andre tilskot, låneopptak og eigen finansiering, kjem fram i oversikta. Prosjekta skal gjennomførast på beste måte i teknisk/økonomisk forstand. Budsjettert sum i eit år skal dekka venta utgifter same året, men ein kan akseptera visse forskyvingar i faktiske utgifter mellom år. Endringar i kostnadsoverslag (budsjett) vert innpassa ved justeringar av summane når langtidsprogrammet vert rullert i dei årlege budsjetta. Kommunestyret skal godkjenne alle kjende kostnadsoverskridingar, anten ved budsjettvedtak eller ved handsaming i eiga sak. Kommunestyret kan delegera til underordna organ å overføra midlar mellom prosjekt dersom utgiftene ved eit prosjekt vert mindre enn forventa og innsparingane vert nytta til å dekka forventa overskridingar ved andre prosjekt. Kommunestyret skal handsama alle investeringsprosjekt. Dette skjer i samband med budsjettopplegget eller ved framlegging av eiga sak. Investeringsramma for Fjell VAR A/S skal avgjerast av kommunestyret, men vil i praksis fastsetjast gjennom avgiftsnivå og garantiordning. Ein del investeringsprosjekt er starta opp i 2011 eller tidlegare og treng fullfinansiering i seinare år. Vidare kan det vere naudsynt å endra kostnadsoverslaga for nokre prosjekt på grunnlag av meir detaljert kunnskap. Kommunen si totale økonomiske stode set grenser for investeringsvolumet. Investeringar er til vanleg kostnadsdrivande på driftssida, både gjennom auka renter og avdrag ved nye låneopptak, og gjennom utgifter til straum, reinhald, vedlikehald o.a. Berre i nokre få tilfelle kan ein påvisa at investeringar i bygg og anlegg verkar direkte effektiviserande på drifta. Driftsutgiftene knytt til nye investeringar kunne alternativt vore nytta til andre tiltak, til dømes nye stillingar i tenesteproduksjonen. Slik sett vil ein auke i investeringstakten redusera kommunen sin økonomiske handlefridom. Når investeringsrammene og finansieringsprofilen skal fastleggjast, må omsynet til totaløkonomien og trongen for nye tenester vegast opp mot kvarandre. 14

Investeringsprogram Investeringsprogram 2012-2015 2012 2013 2014 2015 Rådmannen 1000 Foldnes kyrkje Buss til funksjonshemma, omsorg og skule 1 400 000 700 000 Sum rådmannen 1 400 000 700 000 - - IKT-sjefen 1120 IT-satsing 4 000 000 4 000 000 4 000 000 4 000 000 Sum IKT-sjef 4 000 000 4 000 000 4 000 000 4 000 000 Servicetorgsjefen 1130 Inventar/utstyr 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Rehabilitering Gjerdet kulturminnegard (PIN) Sum servicetorg 1 000 000 1 000 000 1 000 000 1 000 000 Plan og utbyggingssjefen 4000 Gravplasser hovedprosjekt Foldnes 10 000 000 10 000 000 Gravplasser hovedprosjekt Kleivane 10 000 000 3 000 000 Tranevågen skule inkl. vegdel 2 500 000 Knappskog skule Utviding Terapibasseng/bygg inkl. sansehage Fleirbrukshall/Andre Fritidsaktivitetar 38 000 000 76 000 000 Kulturhus/Andre kulturaktivitetar Ombygging Brattholmen skule 3 300 000 Lokal medisinsk senter/sjukeheim 30 000 000 30 000 000 Turveg Hjelteryggen-Foldnes 2 000 000 2 000 000 2 000 000 Sum Plan- og utbygging 65 800 000 91 000 000 32 000 000 30 000 000 Eigedomssjefen 4300 Tomtekjøp 1 000 000 1 000 000 1 000 000 2 000 000 Ombygging/Rehab.bygg 9 000 000 5 000 000 5 000 000 6 000 000 Infrastruktur 5 000 000 Kommunale kaiar- påkostning 200 000 200 000 200 000 200 000 Trafikksikring/veglys 3 000 000 3 000 000 3 000 000 3 000 000 Trafikksikring av skulevegar 2 500 000 2 500 000 2 500 000 Rehab vegar 2 000 000 2 000 000 2 000 000 2 000 000 Tilrettelegging paviljong Skålevik skule 2 000 000 Vatn og avlaup skular, barnehagar mm 300 000 300 000 300 000 Sum eigedomssjef 25 000 000 14 000 000 14 000 000 13 200 000 Tot.sum eks. formidlingslån 97 200 000 110 700 000 51 000 000 48 200 000 Tot.sum inkl. formidlingslån 117 200 000 130 700 000 71 000 000 68 200 000 Finansiering: 60 % 80 % 100 % 100 % Mva-komp investering -11 664 000-20 752 000-10 200 000-9 640 000 Tilskot Sotra sportsklubb -10 000 000 Overføring kulturhus til fleibrukshall -3 000 000 Tippemidlar -16 000 000 Bruk av disp fond Skulevegar -2 500 000-2 500 000-2 500 000 Mva komp idrettshall 2011-4 800 000 Sal av eigedom -20 000 000-20 000 000 Sum intern finansiering -51 964 000-59 252 000-12 700 000-9 640 000 Låneopptak eks. formidlingslån -45 236 000-51 448 000-38 300 000-38 560 000 Låneopptak formidlingslån -20 000 000-20 000 000-20 000 000-20 000 000 Føreliggjande investeringsprogram har ei investeringsramme på 307,1 mill eks. etablering- og utbetringslån i perioden 2012-2015. I 2012 er investeringsramma 97,2 mill eks. etablering- og utbetringslån, finansiert med kr 45,2 mill i låneopptak, 2,5 mill i bruk av disp.fond, 16,5 mill i 15

mva kompensasjon, 10 mill i tilskot frå Sotra sportsklubb og 20 mill i sal av eigedom. Etablerings- og utbetringslån er budsjettert med 20 mill kvart år i perioden 2012-2015. Fjell kommune betalar 27 mill. i avdrag i 2011. Dette vil auka til 33,9 mill i 2012, 39,0 mill i 2013, 39,4 mill i 2014 og 39,5 mill i 2015. Med føreliggjande investeringsprogram vil netto lånegjeld (låneopptak avdrag) til investeringsføremål auka med om lag 21,6 mill i perioden 2012-2015. Kommentarar til einskilde investeringsprosjekt I det følgjande vert det gjeve eit oversyn over investeringsprosjekt for perioden 2012-2015. RÅDMANNEN Buss til funksjonshemma, omsorg og skule Det er budsjettert med innkjøp av 2 transportbussar, ein til skule og ein til omsorg i 2012. I tillegg er lagt inn midlar til ein transportbuss i 2013 til omsorg. IKT- SJEFEN IKT- strategien vart sist revidert av kommunestyret desember 2009. Planen vert rullert våren 2012. Planen inneber investeringar på 4 mill kvart år i perioden 2012-2015, totalt 16 mill. PLAN OG UTBYGGINGSSJEFEN Gravplassar Det vart i 2010 budsjettert med kr 250.000 til forprosjekt gravplass Foldnes. I perioden 2011-2013 er det budsjettert med 25 mill til hovudprosjekt ny gravplass Foldnes, fordelt på 15 mill i 2011, og 10 mill i 2012 og 2013. Til Kleivane gravplass er det sett av 15 mill i åra 2011-2013, fordelt på 2 mill i 2011, 10 mill i 2012 og 3 mill i 2013. Tranevågen ungdomsskule Tranevågen er ferdigstilt og vert fullfinansiert inklusiv finanskostnader med totalt 2,5 mill. Fleirbrukshall Fleirbrukshallen er budsjettert til totalt 156 mill, fordelt på 38 mill i 2012 og 76 mill i 2013. Opphavleg var total kostnadsramme rekna til 175 mill. Hallen er finansiert med tippemidlar, all refusjon knytt til mva på investeringskostnaden, tilskot frå Sotra sportsklubb og låneopptak. Ombygging Brattholmen skule Brattholmen skule ombygging er ferdigstilt og vert fullfinansiert inklusiv finanskostnader med totalt 3,3 mill. EIGEDOM, BYGG OG ANLEGG Tomtekjøp Det er avsett 1 mill til tomtekjøp kvart år i perioden 2012-2014, og mill i 2015. Ombygging/rehabilitering bygg Det er budsjettert med 9 mill til generell ombygging/rehabilitering av eksisterande bygg i 2012 samt fullfinansiering av tidlegare prosjekt. I 2013 og 2014 er det budsjettert med 5 mill kvart år. I 2015 er det budsjettert med 6 mill. Kommunale kaiar I perioden 2012-2015 er det budsjettert med kr 200.000 kvart år til påkosting av dei kommunale kaiane. 16

Vatn og avlaup skular, barnehagar mm Det er i perioden 2012-2014 budsjettert med totalt 0,9 mill til dette formålet. Vegar og trafikksikring I perioden 2012-2015 er det budsjettert med årlege løyvingar på 3 mill til trafikksikring og veglys, 2 mill til rehabilitering av vegar. I tillegg kjem 2,5 mill kvart år til trafikksikring av skulevegar i perioden 2012-2014, og 5 mill til infrastruktur i 2012. 17

FJELL KOMMUNE BUDSJETTFRAMLEGG Talbudsjett 2012 ØKONOMISKE OVERSIKTER 1. Hovudoversikt driftsbudsjett 2. Sektoroversikt 3. Kontooversikt 4. Tenesteoversikt 5. Kostra- art 6. Kostra- funksjon 18

Hovudoversikt drift 1 FJELL KOMMUNE (2012) - År/Periode 2012 1-12 03.01.2012 Bruker: TORSOL Klokken: 14:39 Program: XKOST-A1 Versjon: 14 Budsjett Rev. budsjett Rekneskap Driftsinntekter 2012 2011 2010 Brukerbetalinger 44 130 000 40 276 000 39 644 235 Andre salgs- og leieinntekter 45 010 000 32 986 000 29 280 866 Overføringer med krav til motytelse 122 364 000 117 821 000 196 711 924 Rammetilskudd 461 961 000 411 940 000 182 236 989 Andre statlige overføringer 17 314 000 19 544 000 119 576 950 Andre overføringer 240 000 240 000 376 010 Skatt på inntekt og formue 500 539 000 477 260 000 504 025 896 Eiendomsskatt - - - Andre direkte og indirekte skatter - - - Sum driftsinntekter 1 191 558 000 1 100 067 000 1 071 852 869 Driftsutgifter Lønnsutgifter 618 235 000 606 738 000 584 279 130 Sosiale utgifter 175 100 000 164 110 000 139 334 610 Kjøp av varer og tj som inngår i tj.produksjon 133 881 000 110 755 000 129 700 161 Kjøp av tjenester som erstatter tj.produksjon 169 374 000 156 926 000 91 581 916 Overføringer 35 382 000 34 265 000 126 348 367 Avskrivninger 44 500 000 38 600 000 34 921 057 Fordelte utgifter - - - Sum driftsutgifter 1 176 472 000 1 111 394 000 1 106 165 241 Brutto driftsresultat 15 086 000-11 327 000-34 312 372 Finansinntekter Renteinntekter, utbytte og eieruttak 24 429 000 31 600 000 20 762 679 Gevinst på finansielle instrumenter 14 251 000 12 000 000 24 358 502 Mottatte avdrag på utlån - - Sum eksterne finansinntekter 38 680 000 43 600 000 45 121 181 Finansutgifter Renteutgifter, provisjoner og andre fin.utg. 64 301 000 54 312 000 38 902 372 Avdragsutgifter 33 965 000 27 000 000 24 001 800 Utlån - - - Sum eksterne finansutgifter 98 266 000 81 312 000 62 904 172 Resultat eksterne finanstransaksjoner -59 586 000-37 712 000-17 782 992 Motpost avskrivninger 44 500 000 38 600 000 34 921 057 Netto driftsresultat - -10 439 000-17 174 307 Interne finanstransaksjoner Bruk av tidligere års regnsk.m. mindreforbruk - 37 076 051 Bruk av disposisjonsfond - 10 439 000 44 048 607 Bruk av bundne fond - - -4 754 466 Bruk av likviditetsreserve - - - Sum bruk av avsetninger - 10 439 000 76 370 192 Overført til investeringsregnskapet - - 5 066 860 Dekning av tidligere års regnsk.m. merforbruk - - - Avsetninger til disposisjonsfond - - 37 176 051 Avsetninger til bundne fond - - 3 030 826 Avsetninger til likviditetsreserven - - - Sum avsetninger - - 45 273 738 Regnskapsmessig mer/mindreforbruk - - 13 922 148 19

Sektoroversikt 1 FJELL KOMMUNE (2012) - År/Periode 2012 1-12 03.01.2012 Bruker: TORSOL Klokken: 14:39 Program: XKOST-A1 Versjon: 14 Budsjett 2012 Buds(end) Regnskap 2012/V:1 2011 2010 Sektor: 10 RÅDMANN Utgifter 185.429.000 152.857.000 177.766.475 Inntekter -1097.389.000-1037.257.000-884.696.849 Sum sektor: 10 RÅDMANN -911.960.000-884.400.000-706.930.373 Sektor: 11 PERSONALSJEFEN Utgifter 10.929.000 9.560.000 12.469.947 Inntekter -908.000-250.000-336.058 Sum sektor: 11 PERSONALSJEFEN 10.021.000 9.310.000 12.133.889 Sektor: 12 ØKONOMISJEFEN Utgifter 7.579.000 7.798.000 7.634.966 Inntekter -850.000-1.222.000-921.724 Sum sektor: 12 ØKONOMISJEFEN 6.729.000 6.576.000 6.713.242 Sektor: 13 IKT-SJEFEN Utgifter 11.788.000 11.421.000 11.250.856 Inntekter -674.000-874.000-666.995 Sum sektor: 13 IKT-SJEFEN 11.114.000 10.547.000 10.583.861 Sektor: 14 SERVICETORGSJEFEN Utgifter 159.004.000 146.078.000 152.805.253 Inntekter -18.390.000-9.736.000-103.399.948 Sum sektor: 14 SERVICETORGSJEFEN 140.614.000 136.342.000 49.405.305 Sektor: 21 SKULESJEFEN Utgifter 349.414.000 345.930.000 338.591.471 Inntekter -42.227.000-43.387.000-46.581.442 Sum sektor: 21 SKULESJEFEN 307.187.000 302.543.000 292.010.030 Sektor: 22 BARNEHAGESJEFEN Utgifter 99.501.000 94.551.000 95.420.401 Inntekter -21.681.000-22.155.000-93.352.401 Sum sektor: 22 BARNEHAGESJEFEN 77.820.000 72.396.000 2.068.000 Sektor: 23 SOSIALSJEFEN Utgifter 42.623.000 41.928.000 45.047.776 Inntekter -3.066.000-2.850.000-3.427.403 Sum sektor: 23 SOSIALSJEFEN 39.557.000 39.078.000 41.620.373 Sektor: 24 NAV Utgifter 41.487.000 37.333.000 40.148.153 Inntekter -7.300.000-5.240.000-10.918.994 Sum sektor: 24 NAV 34.187.000 32.093.000 29.229.158 Sektor: 30 HELSESJEFEN Utgifter 61.025.000 59.659.000 53.275.167 Inntekter -8.691.000-8.914.000-7.262.173 Sum sektor: 30 HELSESJEFEN 52.334.000 50.745.000 46.012.994 Sektor: 32 OMSORGSSJEFEN Utgifter 181.247.000 168.390.000 155.836.868 Inntekter -28.621.000-29.718.000-26.891.126 Sum sektor: 32 OMSORGSSJEFEN 152.626.000 138.672.000 128.945.742 20