HORDALAND FYLKESKOMMUNE Samferdselsavdelinga Arkivsak 200906373-6 Arkivnr. 814 Saksh. Iversen, Erlend Saksgang Samferdselsutvalet Fylkesutvalet Møtedato 14.04.2010 22.04.2010 RADIOSAMBAND I TUNNELAR I HORDALAND SAMANDRAG På møtet i samferdselsutvalet 26. februar 2010 vart det konkludert med at utvalet ønskte ei sak der ein fekk oversikt over stoda med omsyn til radio- og telefonisamband i riks- og fylkesvegtunnelane i fylket, og kva det eventuelt vil kosta å oppgradera manglane. I tillegg påpeikte representanten Mona Røsvik Strømme i møte i fylkesutvalet 18.03.10 at telesamband i tunnelar også vil vere eit trafikksikringstiltak. Fylkesrådmannen viser til at 27 av 35 tunnelar (77 %) med lengde over 500 meter på fylkesvegane i Hordaland ikkje har radiosamband, mens det på riksvegane ikkje er radiosamband i 31 av 63 tunnelar (49 %). Når det gjeld telesamband/ mobildekning er det den einskilde nettoperatør som har ansvar for å bygge ut og drifte mobiltelefonutstyr i vegtunnelar. Tal innhenta frå Telenor ASA viser at det er mobildekning i 40 prosent av fylkesvegtunnelane over 500 meter, mens tilsvarande tal for riksvegane er 89 prosent. For utbyggingskostnader knytt til radiosamband i vegtunnelar i Hordaland viser fylkesrådmannen til at første kilometer med tunnel vil koste ca 1, 5 millionar kr. Deretter vil det koste ca 1 million per ekstra km i same tunnel. For tunnelar under ca 800 meters lengde er kostnader kalkulert til ca 1,1 mill kr. I tillegg blir konvertering frå FM til DAB i allereie utbygd tunnel berekna til ca kr 100 000 per kilometer tunnel. Fylkesrådmannen rår til at det blir utarbeidd eit handlingsprogram for utbygging av radiosamband i alle tunnelar over 500 meter fram mot 2019. Når det gjeld telesamband legg fylkesrådmannen til grunn at dette framleis vil vere nettoperatøren sitt ansvar.
FORSLAG TIL INNSTILLING Fylkesutvalet legg til grunn at alle tunnelar over 500 meter på fylkesvegnettet skal ha radiosamband, og ber om at det blir utarbeidd eit forslag til handlingsprogram for gjennomføring av dette fram mot 2019. Vidare legg fylkesutvalet til grunn at utbygging og drifting av mobiltelefonutstyr i tunnelar framleis vil vere den einskilde nettoperatør sitt ansvar. Paul M. Nilsen Magnus Vestrheim Vedlegg: 1. Brev frå Statens vegvesen, datert 25.11.2009. 2. Brev frå Digitalradio Norge, datert 29.01.2010. 3. Telesamband i tunnelar forslag i fylkesutvalet 18.03.2010. 2
FYLKESRÅDMANNEN, 23.03.2010: Bakgrunn Til melding 47/10 om Radiotilbudet langs og i tunnelar i Hordaland i møte i samferdselsutvalet 26. februar 2010, peika fleire av representantane på det uheldige i at det ikkje er radio- og mobilsamband i mange av tunnelane på riks- og fylkesvegane. Utvalet konkluderte med at ein ønskte ei sak der ein fekk oversikt over stoda med omsyn til radio- og telefonisamband i riks- og fylkesvegtunnelane i fylket, og kva det eventuelt vil kosta å oppgradera manglane. Tilsvarande påpeikte representanten Mona Røsvik Strømme i møte i fylkesutvalet 18.03.10 at telesamband i tunnelar også vil vere eit trafikksikringstiltak. Status radio- og telefonisamband Fylkesrådmannen vil peike på at det med radiosamband i tunnelar meinast tunnelar som har radiodekning for redningsetatane og NRK P1 (offentleg beredskapskanal). Andre kringkastingskanalar enn NRK P1 må sjølve dekke alle kostnader knytt til etablering og drift av radiosamband i tunnel. Alle kanalar i tunnelen skal ha avbryt-funksjon for utsending av trafikkinformasjon. Når det gjeld mobildekning/ telesamband i tunnelar, er det den einskilde nettoperatør som har ansvar for å planlegge, etablere og drifte mobiltelefonutstyr i vegtunnelar. Statens vegvesen har per i dag ikkje eit samla oversyn over kor mange tunnelar som har mobildekning. Fylkesrådmannen har derfor innhenta eit oversyn frå Telenor ASA over mobildekning i tunnelar i Hordaland. Det er knytt litt uvisse til tala på grunn av ulik praksis mellom Telenor og Statens vegvesen med tanke på namngjeving av mobilantennene/ tunnelnamn. Tala gir likevel eit bra oversyn over stoda når det gjeld mobildekning, jamfør tabell 1. Telenor har bekrefta mobildekning i 20 vegtunnelar på fylkesvegar (14 av tunnelane har lengde over 500 meter), og i 76 tunnelar på riksvegnettet (56 av tunnelane har lengde over 500 meter). Fylkesvegtunnelar Riksvegtunnelar Under Over Under Over 500 meter 500 meter 500 meter 500 meter Mobildekning 6 14 20 20 56 76 Tunnelar totalt 86 35 121 56 63 119 Tabell 1: Oversikt over mobildekning i tunnelar på fylkes- og riksvegar. I følgje tabell 1 er det mobildekning i 40 prosent av fylkesvegtunnelane over 500 meter, mens tilsvarande tal for riksvegane er 89 prosent. 3
Det finst totalt 240 vegtunnelar i Hordaland fylkeskommune, 121 på fylkesvegane og 119 på riksvegane, jamfør tabell 2 og 3. Tunnelane er delt inn i kategoriar over/ under 500 meter, kategoriane er basert på Statens vegvesens handbok om tunnelar (Håndbok 021 vegtunneller), der vegvesenet har ansvar for etablering av radiosamband i alle riksvegtunnelar over 500 meter. Statens vegvesen viser til at radiosamband og kan vurderast i tunnelar under 500 meter, men at det må vurderast opp mot at sendarar i det fri kan gi dekning i tunnelen. Fylkesvegtunnelar i Hordaland Radiosamband Under 500 meter 86 1 85 Over 500 meter 35 8 27 121 9 112 Tabell 2: Oversikt over tunnelar på fylkesvegane i Hordaland. Riksvegtunnelar i Hordaland Ikkje radiosamband Radiosamband Ikkje radiosamband Under 500 meter 56 1 55 Over 500 meter 63 32 31 119 33 86 Tabell 3: Oversikt over tunnelar på riksvegane i Hordaland. I følgje tabell 2 og 3 er det bygd ut radiosamband i 23 % av fylkesvegtunnelane over 500 meter, mens tilsvarande tal for riksvegane er 51 %. Statens vegvesen legg opp til ei målsetting om at alle tunnelar over 500 meter på riksvegane skal ha radiosamband innan 2019. Når det gjeld fylkesvegane er det 27 tunnelar med lengde over 500 meter der det i dag ikkje er etablert radiosamband, 13 av dei har i dag ein ÅDT (årsdøgntrafikk) på over 500. Tabell 4 inneheld fullstendig oversyn over fylkesvegtunnelar i Hordaland med lengde over 500 meter, utan radiosamband og sortert etter ÅDT. For utbyggingskostnader knytt til radiosamband i vegtunnelar i Hordaland viser fylkesrådmannen til følgjande overslag frå Statens vegvesen: Første kilometer med tunnel: ca 1,5 mill kr. Deretter ca 1 mill pr ekstra kilometer i same tunnel. For tunnelar under ca 800 meter: ca 1,1 mill kr For konvertering frå FM til DAB (Digital Audio Broadcasting) i tunnel allereie utbygd med radiosamband blir det estimert ein kostnad på ca kr 100 000 per kilometer tunnel. Det må understrekast at tala ikkje representerar ei nøyaktig kostnadsberekning. For eit nøyaktig oversyn må kvar einskild tunnel vurderast for seg. Kultur- og kyrkjedepartementet skal legge fram ei stortingsmelding om framtidig utbygging og bruk av digital radio. Mellom anna i påvente av denne meldinga har Vegdirektoratet/ Statens vegvesen ikkje ein eigen strategi for ombygging/ utbygging av DAB i tunnelar. Det blir til dømes ikkje bygd ut DAB (berre FM) i den nye Knappetunnelen (Ringveg vest). 4
Vegnr. Tunnelnavn Kommune ÅDT Fv 7 Haukanes Samnanger 635 4 200 Fv 7 Hagaås Samnanger 1 641 4 200 Fv 57 Lyngfjell Lindås 967 3 200 Fv 7 Liaros Kvam 563 2 600 Fv 7 Fossenbratte Samnanger 665 2 400 Fv 7 Hansagjel Kvam 696 2 400 Fv 566 Tirsås Osterøy 2 017 2 190 Fv 48 Moshovda Fusa 1 430 1 500 Fv 567 Lonevåg Osterøy 961 1 200 Fv 550 Eitrheim Odda 1 682 1 200 Fv 551 Furuberg Kvinnherad 736 700 Fv 270 Bjorøy Bergen/Fjell 2 000 570 Fv 550 Jona Jondal 731 500 Fv 121 Vetlehovda Fusa 625 463 Fv 49 Stussvikhovda Kvinnherad/Fusa 1 217 450 Fv 569 Høgaberg Vaksdal 633 300 Fv 569 Eiketo Vaksdal 638 300 Fv 569 Hesjedals Vaksdal 667 300 Fv 569 Modal Modalen/Vaksdal 3 451 300 Fv 569 Høydalstunnelen Modalen 528 200 Fv 51 Nordrepollen Kvinnherad 647 200 Fv 569 Mostraumen Modalen 748 200 Fv 300 Ljoraskreo Ulvik 841 200 Fv 569 Slottsporten Modalen 950 200 Fv 569 Fugleberg Modalen 2 077 200 Fv 383 Trysdal Masfjord 551 160 Fv 302 Djønno Ullensvang 603 120 Tabell 4: Fylkesvegtunnelar i Hordaland med lengde over 500 meter, utan radiosamband, sortert på ÅDT. Fylkesrådmannen si vurdering For bilførarane er radio- og telesamband ønskjeleg både som eit velferdstiltak og kanskje ikkje minst tryggleikstiltak. Fylkesrådmannen legg opp til at alle tunnelane på fylkesvegnettet over 500 meter skal ha radiosamband, og vil be om at Statens vegvesen utarbeider eit forslag til handlingsprogram for gjennomføring av dette fram mot 2019. Når det gjeld telesamband i tunnelar legg fylkesrådmannen til grunn at dette framleis vil vere nettoperatøren sitt ansvar. 5