RAPPORT PÅ VERDAS TALARSTOL. - ein rapport om den norske ungdomsdelegatordninga til FN



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Informasjonshefte Tuv barnehage

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Alle barn har rett til å seie meininga si, og meininga deira skal bli tatt på alvor

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Med god informasjon i bagasjen

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Marknadsføring av spel i regi av Norsk Rikstoto

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Frå novelle til teikneserie

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Samansette tekster og Sjanger og stil

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Spelet varer om lag ein dobbeltime og kan enkelt setjast opp i klasserommet. Talet på spelarar bør vere minst ti elevar.

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Månadsbrev for Rosa september 2014

Lønnsundersøkinga for 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Aurland kommune Rådmannen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Forslag frå fylkesrådmannen

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Vurdering for læring - prosjektsamarbeid mellom skulane i Jærnettverket

Lotteri- og stiftingstilsynet

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Referat frå møte i Internasjonalt forum

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga

6. trinn. Veke 24 Navn:

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Planlegging av partnarskapet Utført av partnarane på ein heil dags work-shop , Bergen Revidert av partnarane

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Engasjement og rekruttering

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Endringar i plan- og bygningslova (plandelen) frå 1. januar 2015

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Psykologisk førstehjelp i skulen

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Referat fra folkehelseforum i Stord kommune

Valdres vidaregåande skule

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Årsplan i samfunnsfag 10.klasse

Kvalitetsplan mot mobbing

Transkript:

RAPPORT PÅ VERDAS TALARSTOL - ein rapport om den norske ungdomsdelegatordninga til FN

Om LNUs rapportserie LNU gjev fleire gonger i året ut rapportar om aktuelle tema knytta til barn og unge i Noreg og barne- og ungdomsfrivilligheita. Du kan lese meir om rapportane på lnu.no. Rapporten er skrive av Bergit Sønstebø Svendseid på oppdrag frå LNU. Fremsidefoto: Alina Böling Jon André Hvoslef Eide og Julie Midtgarden Remen var ungdomsdelegater til FNs generalforsamling i 2011. Design: Byrå Burugla Trykk: Gamlebyen grafiske AS Opplag: 400 LNU 2012 Eit samandrag av rapporten på engelsk er tilgjengeleg på LNU sine heimesider http://en.lnu.no/

PÅ VERDAS TALARSTOL - ein rapport om den norske ungdomsdelegatordninga til FN Innhold 1. Innleiing side 4 2. Om ungdomsrepresentasjon i FN side 6 Ungdomsdelegatprogrammet side 6 3. Kvifor skal ungdom delta? side 8 4. Norske ungdomsdelegatar side 10 Erfaringar med deltaking og gjennomslag side 10 5. Ungdomsrepresentasjon frå Sør side 20 6. Sjekkliste for styresmakter side 24 7. Anbefalingar frå LNU side 26 8. Kjeldeliste side 28 9. Vedlegg side 30 FN-delegatar 1971-2012 side 30

1. Innleiing FN er verdas talarstol og ein møtestad der viktige avgjerder blir tatt, både for notida og framtida. Barn og unge 1 har ein spesiell rett til å bli inkludert i avgjerder som gjeld dei, og verdsorganisasjonen FN er viktig for mange sider av ungdom sine liv spesielt for unge i land i Sør. Det er difor avgjerande at ungdom får delta i og påverke dei politiske prosessane i FN. Dette er også eit uttalt mål for organisasjonen: Let us acknowledge and celebrate what youth can do to build a safer, more just world. Let us strengthen our efforts to include young people in policies, programmes and decision-making processes that benefit their futures and ours. FNs Generalsektretær Ban Ki-moon på den internasjonale ungdomsdagen 12. august 20102 Ungdomsdelegatordninga i FN er eit viktig verkty for å sikre at ungdom får delta 3. Noreg har, i samarbeid med LNU, sendt ungdomsobservatørar til FN sidan 1971. Arne Treholt og Svein Sundsbø blei dei fyrste som representerte norsk ungdom på FN si generalforsamling. 4 Sidan då har Noreg halde fram med å sende to ungdomsdelegatar til generalforsamlinga kvart år, og dei siste åra har ein også gjort dette til andre FN-møte. 5 Mange tidlegare og noverande politikarar og andre samfunnstoppar fekk si fyrste utanrikspolitiske erfaring gjennom delegatordninga. Både Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen, Erik Solheim og Anniken Huitfeldt har til dømes vore ungdomsdelegatar til FN si generalforsamling. 6 Andre tidlegare delegatar har enda opp som næringslivleiarar, journalistar og i andre sentrale posisjonar i samfunnet. Det bør difor vere liten tvil om at ungdomsdelegatordninga har vore ei viktig erfaring for fleire som sidan har gått inn i viktige posisjonar i politikk og samfunnsliv i Noreg. Men dette er likevel ikkje det viktigaste med ungdomsdelegatordninga. Poenget med å sende ungdommar til FN-fora er ikkje at dei er framtidas leiarar. Ungdom er sentrale endringsaktørar i verda i dag både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. FN, og andre internasjonale fora, treng difor at ungdom er til stades der avgjerder takast. Samstundes har barn og ungdom gjennom Barnekonvensjonen fått stadfesta retten til å delta i politiske prosessar som gjeld deira liv - også når slike avgjerder blir tekne på internasjonale møte. Denne rapporten vil difor sjå nærare på statusen til delegatordninga utifrå to kriterium: For det fyrste, i kor stor grad ungdom har fått delta og for det andre, i kor stor grad denne deltakinga har ført til politiske resultat. Rapporten gjer dette gjennom å la ungdomsdelegatane sjølve kome til orde med sine erfaringar. På den eine sida fortel dei at norske styresmakter er flinkare en brorparten av medlemslanda i FN til å inkludere ungdom i dei offisielle delegasjonane. På generalforsamlinga er ungdomsdelegatane ein del av den offisielle delegasjonen, og har forhandlingsrett: Vi fikk hovedansvar for arbeidet med ungdomsresolusjonen, og også for forhandlingene på de uformelle møtene. Det var en utrolig kul følelse å forhandle om ungdoms rettigheter på vegner av Norge! Marianne Nerland, ungdomsdelegat til FNs generalforsamling i 2007 Samstundes kjem det fram at kontakt med styresmaktene både før og etter delegatopphaldet er avgjerande for å få til politiske resultat, men i kor stor grad dette skjer varierer mykje mellom dei ulike departementa. Mange delegatar meiner også at dei blei valde ut for kort tid før møtet dei skulle på: 1 Barn brukast i denne rapporten om personar opp til 18 år (som definert i Barnekonvensjonen). Ungdom/unge blir brukt om personar mellom 15 og 24 år (som definert av FN). 2 UN, Global issues briefing papers: Youth Quotations, http:// www.un.org/en/globalissues/briefingpapers/youth/quotes.shtml 3 Deltaking definerast i denne rapporten som å ha rett, middel, moglegheit, rom og når naudsynt, støtte til å ta del i og påverke avgjerder og delta i handlingar og aktivitetar for å hjelpe til med å byggje eit betre (verds-)samfunn. 4 LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 76-77. 5 Ordninga var frå starten del av ei større ordning for FN-observatørar, som starta allereie i 1964. (LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 78.) 6 Av andre kjende politikarar som også har vore ungdomsdelegat, kan ein nemne Per Kristian Foss, Thorbjørn Jagland, Jan Tore Sanner, Trine Skei Grande, Gry Larsen og Torbjørn Røe Isaksen. Sjå vedlegget for ei fullstendig liste over norske ungdomsdelegatar til generalforsamlinga i FN. 4 På verdas talarstol

På grunn av mye fram og tilbake hos Miljøverndepartementet fikk ikke LNU bekreftet ungdomsdelegat før kort tid før møtet begynte. Det gjorde at forberedelsesprosessen ble litt mer travel og litt mer halvveis. Markus Nilsen, ungdomsdelegat til COP16 i 2010 Nettopp Miljøverndepartementet peikar seg ut i negativ retning både når det gjeld førebuingar og tilbakemeldingar før delegatopphaldet, og forståing av sjølve delegatopphaldet. Dette i kontrast til til dømes Utanriksdepartementet, som har ein lang tradisjon for godt samarbeid med LNU om ungdomsdelegatar. På bakgrunn av slike og andre erfaringar som ungdomsdelegatane har hatt, kjem LNU til sist i rapporten med ei rekke anbefalingar til norske styresmakter. Delegatordninga er eit viktig verkty for å sikre barn og unge si deltaking i høve til FNs Barnekonvensjon. 7 Difor krev LNU at ordninga blir styrka og meir stabil, og at den i større grad legg til rette for reell deltaking ikkje berre symbolsk. Målet er å skape reell og meiningsfull deltaking på FN-møte for ungdom frå land i både Nord og Sør. Ungdom overalt har same rett til å få bruke verdas talarstol. Om kjeldegrunnlaget Ein viktig del av kjeldegrunnlaget for denne rapporten har vore intervju med tidlegare ungdomsdelegatar. Intervjua blei utført som semi-strukturerte intervju etter ein intervjumal. I utvalet har ein freista å famne tidsperioden 2006-2011 og ulike FN-fora norske ungdomsdelegatar har delteke i. Ungdomsdelegatar frå Sør som er intervjua til denne rapporten, har vore delegatar i same periode. Representantar for FN og norske styresmakter har også blitt intervjua. Fullstendig kjeldeliste ligg bak i rapporten. 7 Sjå artikkel 12 om barns rett til å bli høyrt og spesielt General Comment No 12 (2009) som utdjupar denne retten, også for deltaking i internasjonale fora. Magnus Malnes på UNESCO Youth Forum i Paris 2009. På verdas talarstol 5

2. Om ungdomsrepresentasjon i FN Den fyrste gongen FN sine medlemsland stadfesta ungdom som ei viktig gruppe i FN sitt arbeid, var i 1965 då The Declaration on the Promotion among Youth of the Ideas of Peace, Mutual Respect and Understanding between Peoples blei vedteke. 8 Den neste store milepålen kom i 1985, då FN markerte det fyrste internasjonale ungdomsåret. Dette blei i realiteten startsskotet for mykje av det ungdomspolitiske arbeidet i FN. 9 Ein av måtane FN legg til rette for ungdom si deltaking i FN sitt arbeid, er ungdomsdelegatprogrammet. Tanken er at ungdom som får delta i nasjonale delegasjonar i FN vil få innsyn i korleis forhandlingar føregår, det diplomatiske spelet og korleis ein jobbar for å nå fram til konsensus i ulike saker. Dette er sjølvsagt nyttig kunnskap for kvar enkelt delegat, men gjennom å dele denne kunnskapen med ungdom i landet dei kjem frå, skal også delegatordninga bøte på underrepresentasjonen av ungdom ved å inspirere fleire til å ta del i politiske prosessar både nasjonalt og lokalt. 10 Fram mot generalforsamlinga i det fyrste internasjonale ungdomsåret, oppmoda generalsekretæren i FN for fyrste gong medlemslanda om å sende med ungdom i delegasjonane til generalforsamlinga. Oppmodinga fekk god respons, og mange land stilte med ungdomsdelegatar. Året etter var likevel lite endra, og berre Nederland, Danmark og Noreg stilte med ungdom i delegasjonen. 11 Dette synte behovet for meir kontinuitet i arbeidet med ungdomsdelegatar og i ungdomsarbeidet til FN generelt. Ungdomsdelegatprogrammet Noreg var saman med Nederland eit av dei fyrste landa til å få på plass eit ungdomsdelegatprogram, Nederland i 1970 og Noreg i 1971. 12 FN listar i dag opp ni land som har etablerte ungdomsdelegatprogram. 13 Det er fyrst dei siste ti åra at ei større gruppe med land har sendt ungdomsdelegatar. Med nokre få år som unntak har talet på ungdomsdelegatar stige jamt sidan 2000. Frå sju delegatar i 2000, til ein førebels topp i FNs ungdomsår i 2009, der 41 ungdomsdelegatar var representerte. I 2011 er det 30 offisielle ungdomsdelegatar til stades på generalforsamlinga, frå 21 land. Av dei totalt 207 ungdomsdelegatane til generalforsamlinga (sidan 2000), har 67 vore frå land i Sør. 14 Generalforsamlinga oppmoda i 1996 medlemslanda direkte om å sende ungdomsdelegatar til generalforsamlinga i FN: 8 United Nations, Growing together: Youth and the work of the United Nations, s. 10. 9 FN formaliserte arbeidet med ungdom i 1995, då den ungdomspolitiske handlingsplanen World Programme of Action of Youth (WPAY) blei vedteke. Eit av måla med WPAY var å knytte ungdom tettare opp mot alt arbeid i FN-strukturane (LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 87 ). 10 UN, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s ii. 11 LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 87. 12 UN, Youth delegate programme, http://social.un.org/index/ Youth/WhoWeAre/Youthdelegateprogramme.aspx, Country profiles: Netherlands and Norway. 13 Sjå liste på: http://social.un.org/index/youth/whoweare/youthdelegateprogramme.aspx 14 Alle tal frå UN Programme of Youth. Ungdomsdelegatar til FNs generalforsamling i perioden 2000 2011 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 7 5 4 6 7 17 19 23 25 41 23 30 Land med ungdomsdelegatar på generalforsamlinga i perioden 2000 2011 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 6 5 4 6 7 13 13 16 16 26 19 21 6 På verdas talarstol

[The General Assembly] invites Governments to strengthen the involvement of young people in international forums by considering the inclusion of youth representatives in their national delegations to the General Assembly 15 Denne invitasjonen har blitt gjenteke fleire gongar i etterfølgjande resolusjonar. 16 I 2009 blei språkbruken frå generalforsamlinga enda tydelegare, og ein la vekt på at ein måtte få ein betre geografisk balanse og spesielt fleire delegatar frå fattige land i Sør. 17 [The General Assembly] urges Member States to consider including youth representatives in their delegations at all relevant discussions in the General Assembly, the Economic and Social Council and its functional commissions and relevant United Nations conferences, as appropriate, bearing in mind the principles of gender balance and non-discrimination, and emphasizes that such youth representatives should be selected through a transparent process that ensures that they have a suitable mandate to represent young people in their countries. 18 På Høgnivåmøtet om Ungdom i juli 2011 anerkjente også medlemslanda ungdomsdelegatordninga i sluttdokumentet: the positive contribution that youth representatives make to the General Assembly and other United Nations entities and their role in serving as an important channel of communication between young people and the United Nations, and in this regard request the Secretary-General to adequately support existing instruments so that they can continue to facilitate their effective participation in meetings. 19 Det er altså ingen tvil om at FN ynskjer å styrke ungdomsrepresentasjonen i deira eigne møte, men i praksis er det medlemslanda som må syte for at det skjer. 15 General Assembly resolution 50/81, paragraph 107. 16 General Assembly resolution 52/83, 54/120, 56/117, 58/133, 59/148, 60/2, 62/126. 17 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s. 3. 18 General Assembly resolution 64/130. 19 A/RES/65/312 - para 21. Ungdom legg strategi for å påverke forhandlingane om kapasitetsbygging i land i Sør. Foto: Kari-Anne Isaksen, LNU På verdas talarstol 7

3. Kvifor skal ungdom delta? Det bur om lag 1,8 milliardar unge menneske i verda, 20 og ungdom utgjer dimed nesten ein tredjedel av verdas befolkning. Nesten 90 prosent av desse bur i fattige land i Sør. 21 At ungdom skal vere representert i ein av verdas viktigaste organisasjonar, som i tillegg jobbar med alle sider ved ungdom sine liv, er difor gitt. Men det fins også ei rekke andre argument for ungdomsrepresentasjon og deltaking i internasjonale fora, både juridiske og politiske. både demokratiet og sivilsamfunnet. 25 Når ungdom blir inkludert i politiske prosessar som gjeld deira liv, blir også dei politiske avgjerdene som blir tatt betre. 26 Ungdom er ekspertar på eigne liv, og kan difor kome med nyttig kunnskap og innspel i saker som gjeld dei. I tillegg til kompetansen dei har, har ungdom ofte også evna til å sjå saker på ein annan måte enn eldre generasjonar klarar, og slik vere endringsaktørar som kjem med friske perspektiv og nye løysingar. 27 Retten til å bli høyrt For det fyrste slår Barnekonvensjonen fast i artikkel 12 at barn har rett til å bli høyrt i saker som vedkjem dei. 22 Dette er ei plikt som ikkje berre gjeld foreldre og andre som har med barn å gjere, men også statar som har slutta opp om Barnekonvensjonen. Denne plikta blir utdjupa i General Comment No. 12, der eit eige kapittel er via til deltaking i politiske prosessar på både nasjonalt og internasjonalt nivå. 23 FNs World Programme of Action for Youth (WPAY) inneheld også ei klar oppmoding til medlemslanda i FN om å sikre ungdom si deltaking i internasjonale fora. Under overskrifta Full and effective participation of youth in the life of society and in decision-making, inviterer generalforsamlinga medlemslanda til å inkludere ungdomsdelegatar i nasjonale delegasjonar. Proposals for action: ( ) f. Inviting Governments to strengthen the involvement of young people in international forums, inter alia, by concidering the inclusion of youth representatives in their national delegations to the General Assembly. 24 Medlemslanda i FN har med andre ord forplikta seg juridisk gjennom Barnekonvensjonen til å sikre barn og unge si deltaking også i internasjonale fora - og ungdomsdelegatordninga er eit av dei viktigaste verkemidla for oppnå dette internasjonalt. Betre politiske avgjerder For det andre blir både demokratiet og politiske avgjerder betre av at ungdom får delta. Gjennom å delta kan unge sjølv krevje rettar dei har gjennom Menneskerettserklæringa og Barnekonvensjonen. At ungdom får delta i møte og andre demokratiske prosessar, styrkar Eit døme på dette er kampen mot hiv og aids. Ungdom er spesielt sårbare for å bli smitta av hiv, og særleg unge kvinner utgjer ein stor del av dei som lever med hiv. 28 Det er difor avgjerande å lytte til ungdom for å skjøne korleis ein best kan jobbe for å hindre at fleire blir smitta. På hiv og aids-feltet har ung leiarskap fått ein heilt sentral plass i internasjonale fora dei siste åra, og ungdom er viktige endringsaktørar i arbeidet mot spreiing av hiv både i UNAIDS og i Det globale fondet 29 (sjå intervju med ungdomsdelegat Anette Remme på s. 18). Eit anna temaområde der ungdom er spesielt sårbare, er klimaendringane. Klimatilpassingstiltak må til dømes tilpassast barn og unge spesielt, og då treng ein å kjenne deira kvardag frå innsida. I tillegg er unge menneske dei som skal leve lengst med konsekvensane av klimaendringane. 30 På trass av dette har det vore van- 20 FN definerer ungdom som aldersgruppa 15-24 år. Denne definisjonen blei støtta av generalforsamlinga i FN i A/36/215 og resolusjon 36/28, 1981. http://social.un.org/index/youth/faq.aspx 21 UN News Centre (2011), As world population nears 7 billion, top UN official vows to focus on surging youth, (10.10.2011) URL: http:// www.un.org/apps/news/story.asp?newsid=37441&cr=unfpa&cr1 22 Artikkel 12: Partene skal garantere et barn som er i stand til å danne seg egne synspunkter, retten til fritt å gi uttrykk for disse synspunktene i alle forhold som vedrører barnet, og i tillegge barnets synspunkterbehørig vekt i samsvar med dets alder og modenhet. 23 Convention on the Rights of the Child, General Comment No. 12 (2009), 11 (127-131). 24 A/RES/50/81, para 107 (f). 25 Open Society Foundations (2011), Meaningful Participation by Young People in International Decision-making: Principles, Practice and Standards for the Future, s 6. 26 Open Society Foundations (2011), Meaningful Participation by Young People in International Decision-making: Principles, Practice and Standards for the Future, s 6. 27 LNU (2010), Meir enn fine ord, s 6. 28 UNAIDS (2010), Global Report: UNAIDS report on the global AIDS epidemic 2010, s 10. 29 LNU (2010), Meir enn fine ord, s 6 og 15-16. 8 På verdas talarstol

Aisha Niyaz frå Maldivian Youth Climate Network møter statsminister Jens Stoltenberg. Niyaz var ein av ungdomane som fekk ungdomsdeltakinga si på klimatoppmøtet finansiert gjennom støtte frå det norske Utanriksdepartementet. Foto: Kari-Anne Isaksen, LNU skeleg for LNU å få på plass eit godt samarbeid med Miljøverndepartementet om ungdomsdelegatar til klimaforhandlingane. 31 Dette kjem rapporten tilbake til i neste kapittel. Delegatordninga viktig verkemiddel FN argumenterer sjølv for at ungdomsrepresentasjon er viktig i deira arbeid. 32 Organisasjonen meiner det fører til betre arbeid med problem som gjeld ungdom, og at unge menneske har unike perspektiv som er viktige å ta med når avgjerder skal takast. I tillegg løftar FN fram unge menneske som ein stor ressurs og viktige endringsagentar. Ungdoms deltaking og innverknad må difor skje på alle nivå, også i generalforsamlinga. Å inkludere unge i offisielle delegasjonar til FN-møte gjer ikkje berre debatten der betre, men kan også styrke kommunikasjonen og samarbeidet mellom styresmakter og ungdom. I neste instans kan dette gjere program som styresmakter setter i gong ovanfor ungdom, meir effektive og legitime. 33 Vidare kan ungdomsdelegatane gjere ein viktig jobb etter dei har kome heim, slår FN fast: Ungdomsdelegatar held ofte fram med å jobbe med ungdomspolitikk når dei kjem heim, og inspirerer andre unge til å engasjere seg. Som nemnt tidlegare, reiser også mange ungdomsdelegatar rundt i landet for å informere om FN sitt arbeid, og FN ser difor på ungdomsdelegatane som viktige aktørar i arbeidet med å spreie måla og prinsippa til organisasjonen. 34 Sjølv om all ungdom sit på viktig kompetanse om det å vere ung, er det avgjerande at ungdom som skal representere ungdom i internasjonale fora evnar å snakke på vegner av nettopp ungdom. Dette krev både mot, taleevner og erfaring i å argumentere og arbeide politisk. Men det krev også at dei faktisk representerer ungdom i landet dei kjem ifrå. Det vil seie at dei er valde på ein demokratisk og representativ måte, og at dei framfører synspunkt som er rådande blant ungdom i deira land. På sitt beste er ungdomsdelegatordninga i FN eit døme på dette. 30 LNU (2010), Meir enn fine ord, s 16. 31 Intervju med Hanne Marte Furset (7.12.2011). 32 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 5. 33 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 5. 34 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 5. På verdas talarstol 9

4. Norske ungdomsdelegatar Det er i dag LNU som administrerer den norske delegatordninga til FN, og LNU lyser med jamne mellomrom ut delegatplassar til ulike FN-møte. Eit av dei faste er FN si generalforsamling. Hit sendast ein representant frå ein av dei politiske ungdomspartia og ein frå ein av dei andre ungdomsorganisasjonane kvart år. I tillegg sender LNU delegatar til FN-møte på tema som ungdom, hiv og aids, urbanisering og klima. Dei siste åra har delegatar blitt sendt til FNs generalforsamling, FNs høgnivåmøte på HIV/AIDS, klimaforhandlingane under UNFCCC (COP) og møter i UN Habitat og UNESCO. LNU har dei siste åra jobba spesielt for å få ungdomsrepresentantar inn i norske forhandlingsdelegasjonar på tema som klima 35 og hiv/aids, fordi desse tema er avgjerande for barn og unge si framtid og levekår, og fordi dei treng ung leiarskap. Delegatane arbeider for barn og unge sine rettar i møta dei blir sendt til, og er forplikta til å følgje standpunkta i LNU sine politiske program. Nokon delegatar er del av den offisielle norske delegasjonen i møta dei deltek i, medan andre er med meir som observatørar og representantar for sivilsamfunn og ungdom. Delegatopphaldet i FN-møte er ofte finansiert av Utanriksdepartementet eller andre involverte departement, men LNU er også med på spleiselag i fleire tilfelle. Alle delegatane er i dag også del av LNU si arbeidsgruppe for FN-spørsmål, som møtast ein gong i månaden. Her førebur dei seg til sitt eige delegatoppdrag, og er med på førebuingane til dei andre delegatane. Arbeidsgruppa har også per i dag i oppgåve å spreie informasjon til dei andre medlemsorganisasjonane i LNU om FN-møta dei deltek på. Delegatane og arbeidsgruppa har som mål å påverke norsk FN-politikk i den retninga LNU sine medlemmer ynskjer. 36 Frå LNU sin ståstad har det vore grunnleggjande at barn og unge får delta i arbeidet med å utvikle og vedta politikk som tek verda vidare. LNU har historisk arbeidd på ulike vis for at Barnekonvensjonen skal bli implementert og respektert, og at barn og unge skal sikrast reell deltaking og politisk medverknad. Satsing på unge leiarar og kapasitetsbygging gjennom delegatordninga har vore ein måte å gje ungdom sjansen og kunnskapen til å påverke eigen kvardag og framtid. Erfaringar med deltaking og gjennomslag I kor stor grad dei norske ungdomsdelegatane har fått høve til å delta på lik linje med andre delar av dei norske delegasjonane, og i kor stor grad dei har fått gjennomslag for saker og standpunkt dei har jobba for, varierer. Det er stor forskjell på ulike FN-møte og organisasjonar, og tradisjonen for ungdomsdelegatar er nokon stader heilt ny, medan den i FN si generalforsamling har røter tilbake til 70-talet. Det er også stor forskjell på kor kjent og anerkjent delegatordninga er i dei ulike norske departementa. I kva grad delegatordninga er vellukka, som heilskap og i kvart enkelt tilfelle, bør handsamast utifrå to aksar: ungdomsdeltaking og politisk gjennomslag. Dei tidlegare delegatane har difor svara på spørsmål om i kor stor grad dei fekk delta, og kva som kom ut av arbeidet deira som delegat. Deltaking Ungdomsdeltaking har vore eit uttalt mål i FN i fleire tiår. I 2011 arrangerte FN eit eige høgnivåmøte om ungdom, og Jon André Hvoslef-Eide blei sendt som ungdomsdelegat frå Noreg. Han opplevde at på tross av at FN har prioritert ungdom si deltaking dei siste tiåra, er det framleis langt igjen til reell deltaking sjølv på eit møte om ungdom. Av 193 land som deltok på møtet, var det berre tre som let ein ungdomsrepresentant tale i plenum. Sluttdokumentet var også så og seie ferdigforhandla før møtet, noko som ofte er tilfelle i ei rekke FN-fora. I dette tilfellet førte det til at få ungdommar fekk gje reelle innspel til teksten. 37 Hvoslef-Eide konkluderte i sin rapport frå møtet med at det var ikke rom for reell deltakelse fra ungdomsrepresentanter og det var også få [land] som hadde prioritert dette på høynivåmøtet noe som reflekterer ungdoms svake stilling innenfor FN-systemet. Det er altså langt frå ord til praksis når FN sin generalsekretær 35 På ungdommens klimatoppmøte i 2009 gav miljø- og utviklingsminister Erik Solheim klarsignal for at ungdom skulle få sin eigen delegat i klimaforhandlingane. Klimaforhandlingane i Durban, Sør- Afrika i desember 2011 var tredje gongen COP-UNFCCC har hatt ein offisiell norsk ungdomsdelegat. (Nilsen (2010)) 36 Les meir om delegatordninga og LNU på http://www.lnu.no/interesse/internasjonalt/fn/ 37 Hvoslef-Eide (2011) Rapport frå FNs Høgnivåmøte om ungdom. 10 På verdas talarstol

Ban Ki-moon på samme møte slo fast at [t]he role and responsibility of leaders is to listen and respond to the legitimate aspirations of their people including youth and the views of youth. For å sikre reell deltaking, må ungdomsdelegatar få vere med i dei relevante politiske prosessane både før, under og etter møtet. Ein del av dette er korleis FN legg til rette for deltaking i sine fora, den andre er korleis norske styresmakter organiserer og gjennomfører delegatordninga før, under og etter møta. Før møtet FN sjølve seier at dei mest effektive ungdomsdelegatene er dei som er godt kjent med sitt eige land sin ungdomspolitikk, har kontakt med ungdomsorganisasjonar, -strukturar eller nettverk i heimlandet, og som har god kunnskap om viktige ungdomsspørsmål internasjonalt. 38 Korleis delegatane blir valde ut, varierer frå land til land. Både i Noreg og Sverige er det det nasjonale ungdomsrådet, LNU og LSU, som er ansvarleg for utveljinga og medlemsorganisasjonane deira som nominerer kandidatar. Bruk av slike nasjonale barneog ungdomsråd er ein måte å sikre at eit breitt spekter av ungdomsorganisasjonar får informasjon om prosessen. Andre stader står ulike departement for utveljinga, aleine eller i samarbeid med ungdomsorganisasjonar eller tidlegare ungdomsdelegatar. 39 Delegaten frå Thailand veljast til dømes av ein jury samansett av eit byrå under Kunnskapsdepartementet, departementet og ein frivillig organisasjon. Fleire land lar også ungdom og andre innbyggjarar stemme på kandidatane. I Nederland konkurrerer seks ungdommar ei heil veke om å få folk til å stemme på dei, og finalen er på FNdagen 24.oktober. 40,41 Både FN og tidlegare ungdomsdelegatar meiner det er viktig at delegatane blir valde ut tidleg nok, slik at ein får førebudd seg og ha kontakt med delegasjonen tidleg i den politiske prosessen. 42 Det siste er viktig både for å utveksle informasjon og for at delegaten skal kunne vere med å påverke når delegasjonen legg strategiar for møtet. 43 Ungdomsdelegatar for Noreg blir vanlegvis valde ut etter å ha søkt på ei utlysning, vore gjennom ein intervjuprosess hos LNU og så blitt formelt valde av LNU sitt styre. 44,45 Hovudregelen er at dette skal skje i god tid før det aktuelle møtet delegaten skal delta på, og gjerne samstundes som delegatar til andre møte blir valde. Tidspunktet er likevel avhengig av prosessar i fagdepartementet LNU samarbeider med, og at finansieringa er på plass. Fleire ungdomsdelegatar har difor blitt valde ut kort tid før møtet dei skulle delta på. 46 Ungdomsdelegatar som har blitt valde ut kort tid før avreise, fortel at førebuingane blei for dårlege og at rolla deira i delegasjonen kjendes uklar. 47 Elin B. Mortensen fekk til dømes vete at ho skulle reise ut som ungdomsdelegat til World Urban Forum (WUF) 48 berre kort tid før ho skulle reise i 2010, og rakk ikkje meir enn eitt møte med den norske delegasjonen og Kommunal- og regionaldepartementet. I rapporten frå opphaldet skreiv ho at ho heller ikkje hadde hatt noko klar oppgåve eller mandat å støtte seg til, og at ho difor hamna litt på sida i den norske delegasjonen. 49 Førebuingar i god tid er spesielt viktig når ungdomsdelegatar blir sendt på møte der det ikkje er formelle forhandlingar ein kan påverke. Det er likevel Miljøverndepartementet som skil seg spesielt ut i negativ retning. På Ungdommens klimatoppmøte i 2009 innfridde Miljøvernminister Erik Solheim kravet om at ein skulle ha ein eigen ungdomsdelegat i forhandlingsdelegasjonen til klimaforhandlingane 38 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 13. 39 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 13. 40 UN, Youth delegate programme, http://social.un.org/index/ Youth/WhoWeAre/Youthdelegateprogramme.aspx Country profiles: Australia, Thailand, The Netherlands, Sweden, Norway. 41 Les meir om nominasjonsprosessen i Noreg i kapitel 4 og på http://www.lnu.no/interesse/internasjonalt/delegat/ 42 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 14. 43 Sjå til dømes Hvoslef-Eide (2011) Rapport frå FNs Høgnivåmøte om ungdom. 44 LNU sitt styre er sett saman av representantar for ulike medlemsorganisasjonar. For meir informasjon, sjå http://www.lnu.no/org/ styret/. 45 Kriterium for kven som kan bli vald, blir formulert for kvar enkelt utlysning, men med nokre faste punkt: Delegaten skal ha organisasjonsbakgrunn og vere aktivt involvert i eigen organisajonen, han/ho skal vere initiativrik og like å arbeide sjølvstendig, skal gjerne ha erfaring frå intressepolitisk arbeid, og ha gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Kandidatar under 26 år blir prioritert. I tillegg må delegaten ha engasjement for barn og unge sine rettar, forståing for ungdomsperspektivet og ha noko kunnskap om tematikken på FN-møtet han/ho skal delta i. 46 Intervju med Hanne Marte Furset i LNU, (7.12.2011). 47 Mortensen, Elin B. (2010), Rapport frå World Urban Forum 2010. Nilsen, Markus (2010) Rapport frå COP16. 48 World Urban Forum er ein konferanse om urbaniseringsspørsmål i regi av UN-Habitat, og arrangerast dei åra det ikkje er Governing Council. 49 Mortensen, Elin B. (2010), Rapport frå World Urban Forum 2010. På verdas talarstol 11

Kari-Anne Isaksen (ungdomsdelegat til klimatoppmøtet COP17 i Durban) på ein pressekonferanse under COP16 i Cancun. Då representerte Isaksen ungdomsorganisasjonen Spire, og her er ho saman med Adriana Valenzuela, forhandlar for Den dominikanske republikken. Foto: Markus Nilsen i København. 50 Sidan då har LNU sendt ein offisiell norsk ungdomsdelegat til dei følgjande klimatoppmøta, men kvar gong har samarbeidet med Miljøverndepartementet vore vanskeleg og det har teke tid å få bekrefta delegatplassen. Frå LNU si side synast det som om delegatordninga ikkje er tilstrekkeleg kjent eller anerkjent i departementet, slik den er i til dømes Utanriksdepartementet, der Solheim også er statsråd. Det verkar også som om det er lite kommunikasjon mellom fagdepartementet og politisk leiing om kva det å ha ein ungdomsdelegat tyder. 51 Dette på trass av at også stortingsmeldinga Mot en grønnere utvikling løftar fram barn og unge som viktige endringsaktørar og ungdoms viktige rolle under klimaforhandlingane. 52 Regjeringa har også som uttalt mål å styrke ungdom sin medverknad i klimaforhandlingane. 53 Kari-Anne Isaksen var offisiell norsk ungdomsdelegat under klimaforhandlingane i Durban i desember 2011. At ho fekk plass i den norske delegasjonen blei klart eit par månader før møtet, 54 sjølv om LNU hadde vald ho ut allereie i januar 2011. Det gjorde at ho ikkje fekk jobba så tett med delegasjonen på førehand. Det hadde jo vært fint for forhandlerne og delegasjonen å vite hvem de har å spille på, så det er veldig synd for dem, sa Kari-Anne under møtet i Durban. Ho blei inkludert på ein god måte av delegasjonen under sjølve klimatoppmøtet, men meiner ho kunne medverka meir om dette hadde skjedd også før avreise. Den store utfordringen ligger i at vi ikke får ordentlig innsikt i norske posisjoner før vi er her. Så selv om vi kommer med innspill, kan vi ikke være så konkrete som vi gjerne vil i prosessen før møtet. 55 Slik blir også nytta norske styresmakter har av ungdomsdelegatene mindre. Det er difor ei utfordring for begge partar å nytte tida før møta betre. 56 Ungdomsdelegatane er klare på at dei skjønar at dei ikkje kan få all informasjon på førehand, men at dei likevel kunne tenke seg fleire høve til å gje innspel til norske posisjonar. Tilbakemeldingar frå tidlegare ungdomsdelegatar og dei ansvarlege for ordninga i LNU tyder på at alle departementa har forbetringspotensiale på å ta inn barn og unge si deltaking på eit langt tidlegare tidspunkt, 50 LNU (2009) Brev til Miljøverndepartementet og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, Ungdomsdelegat i den norske forhandlingsdelegasjonen til Købehavn, 14.06.2009. 51 Intervju med Hanne Marte Furset i LNU, (7.12.2011). 52 Utanriksdepartementet (2010-2011), Meld. St. 14, Mot en grønnere utvikling om sammengengen i miljø- og utviklingspolitikken, s 25-26. 53 Ibid, s. 34. 54 26. september 2011 fikk LNU stadfesta at ein fekk ha ein offesiell ungdomsdelegat i delegasjonen til COP17. Då hadde MD eit møte med alle sivilsamfunnsaktørane som var del av den offisielle delegasjonen til COP16 i Cancun, og det blei stadfesta at same praksis ville gjelde for COP17 I Durban. (Intervju med Kari-Anne Isaksen 30.11.2011) 55 Intervju med Kari-Anne Isaksen, ungdomsdelegat til COP17, (30.11.2011). 56 Intervju med Hanne Marte Furset (7.12.2011) og Kari-Anne Isaksen (30.11.2011). 12 På verdas talarstol

slik at dei blir reelle endringsaktørar i delegasjonane. Men samanlikna med UD opplevast Miljøverndepartementet som mindre kunnskapsrike om ordninga og med mindre aksept for at barn og unge skal vere sentrale aktørar i delegasjonen. 57 Markus Nilsen var ungdomsdelegat til COP16 i Cancún i 2010. Han opplevde at han berre blei nok ein representant frå norsk sivilsamfunn i delegasjonen. Man kan spørre seg hva departementet med Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim egentlig vil med ungdomsdelegaten, skrev Nilsen i sin rapport. UD på si side har lengre erfaring med ungdomsdelegatar, sidan dei har sendt delegatar til FN si generalforsamling sidan 70-talet. Som det blir vist til andre stader i rapporten, får ungdomsdelegatane til generalforsamlinga ein sentral plass i delegasjonen, og har ved fleire høve fått forhandlingsrett på vegner av Noreg. 58 Sidan UD-systemet er godt kjent med rolla til ungdomsdelegatane, opplever også LNU at samarbeidet med departementet er ryddigare og betre. 59 under delegatopphaldet Kva rolle norske ungdomsdelegatar har på FN-møte, varierer altså. Brorparten av ungdomsdelegatane er likevel nøgde med måten dei blei inkludert i den norske delegasjonen på under sjølve møtet. Særleg dei siste åra melder dei fleste at dei fekk delta aktivt i delegasjonen. Det er ingen tvil om at norske myndigheter hører på ungdom i politikkutforming. ( ) I løpet av de to ukene møtet varte var det gitt mye rom for deltakelse og innspill i form av daglige møter med delegasjonsleder i den norske delegasjonen skriver Markus Nilsen i sin rapport frå delegatopphaldet på COP16 i Cancún. Ungdomsdelegatar har ofte som oppgåve å gje innspel på tema som gjeld ungdom og delta i formelle eller uformelle møter og forhandlingar på desse tema. Mange ungdomsdelegatar arrangerer også såkalla side-events med ungdomsfokus. 60 Delegatane som blir sendt til generalforsamlinga i FN er i ein særposisjon, både fordi det er generalforsamlinga det er snakk om, og fordi dei blir vist spesielt stor tillit. Vi ble inkludert helt og fullt i det politiske arbeidet, og møtte svært stor grad av tillit, både fra ansvarlig for tredje komité som var hovedansvarlig for oss, men også fra resten av delegasjonen skriv Julie Lødrup og Jens Kihl som var delegatar i 2009, i deira rapport. Dei fekk forhandlingsrett på vegner av Noreg for dei to resolusjonane som gjaldt ungdom, og forhandla også på eigenhand i uformelle forhandlingsmøte, utan representantar frå UD til stades. Kihl fortel at den norske delegasjonen var lite opptekne av å passe på dei, dei var heller opptekne av å hjelpe dei til å gjere ein god jobb. 61 Den norske delegasjonen i New York har i tillegg ein eigen person som er ansvarleg for tredje komité og som difor har nær kontakt med ungdomsdelegatane. 62 Lengda på opphaldet i generalforsamlinga varierer frå land til land. Fleire land går for ein liknande modell som Noreg, der delegatane jobbar saman med delegasjonen i 2-3 veker. Andre land lar delegatane vere på generalforsamlinga mykje lenger, i Australia sitt tilfelle heile tre månader. 63 Dei fleste delegatane er til stades i New York når ungdomstema blir diskutert i tredje komité, som er den delen av generalforsamlinga som tek føre seg sosiale, kulturelle og humanitære saker. 64 Det har også blitt praksis at ungdomsdelegatar frå fleire land held eit innlegg i tredje komité. 65 Men i motsetnad til mange andre land, held dei norske ungdomsdelegatane innlegget på vegner av Noreg, og alt dei seier i innlegget er norsk politikk. Dette, i tillegg til at dei har forhandlingsrett, gjer at dei norske delegatane har ein sterk og viktig posisjon på generalforsamlinga, samanlikna med andre ungdomsdelegatar. Undervegs i generalforsamlinga samarbeider også norske delegatar med ungdomsdelegatar frå andre land. Dette nettverket er viktig både før, 66 under og etter generalforsamlinga. Ungdomsdelegatane samarbeider blant anna om resolusjonsforhandlingane og kan slik vere med å påverke fleire land sine standpunkt. 57 Intervju med Hanne Marte Furset (7.12.2011). 58 Intervju med Jens Kihl (12.10.10), LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 76-77. 59 Intervju med Hanne Marte Furset (7.12.2011). 60 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 7, 10. 61 Intervju med Jens Kihl (12.10.10). 62 Intervju med Magnus Malnes (3.10.11) og Jens Kihl (12.10.11). 63 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 7. Country profiles: Australia. 64 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 9-10. Dette skjer vanlegvis i oktober. 65 Generalforsamlinga sender sosiale og humanitære saker og menneskerettsspørsmål til 3. komité. Ungdomssaker, inkludert ungdomsresolusjonar, blir også handsama i denne komiteen. http:// www.un.org/en/ga/third/index.shtml 66 Dei europeiske ungdomsdelegatane til generalforsamlinga i FN samlast også til eit felles førebuingsmøte. Dei siste åra har det europeiske ungdomsforumet YFJ organisert dette. Ungdomsdelegatar frå andre stader i verda har førebudd kvarandre gjennom diskusjonar på internett. (United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s 17.) På verdas talarstol 13

Vi oppfattet samarbeidet med de andre ungdomsdelegatene som viktig i forhold til resolusjonsforhandlingene, spesielt fordi det ga anledning til å arbeide med diskusjoner som foregikk på forberedelsesmøter i EU. Dessverre er ikke alle ungdomsdelegater gitt tilstrekkelig mandat til å arbeide med resolusjoner og dermed fikk vi ikke benyttet alle ressursene blant ungdomsdelegatene fullt ut. 67 Det skriv Elisabeth Løland og Magnus Malnes i deira rapport. 68 At dei ulike ungdomsdelegatene har ulike mandat og roller, kan også opplevast vanskeleg. For oss var det viktig å følgje arbeidet i den norske delegasjonen og dei sakene som vart debattert i dei ulike komiteane. Andre ønskte heller å bruke mesteparten av tida på å spreie informasjon om ungdomsdelegatordninga. skriv Kathrine Sund-Henriksen 69 og Lars- Henrik Michelsen som var delegatar i 2006. Fleire av dei norske ungdomsdelegatane opplever rett og slett at dei kan utrette noko politisk, og prioriterer difor det. Jens Kihl, som var ungdomsdelegat til FN si generalforsamling i 2009, fortel til dømes at han opplevde det som viktigare å gå på møte i den norske delegasjonen enn å gå på dei separate ungdomsarrangementa. 70 På andre FN-møte, som klimaforhandlingane, er nettverket blant ungdomsdelegatane heilt avgjerande for jobben dei gjer. Der samarbeider ungdom i YOUN- GO 71 -nettverket i arbeidsgrupper året rundt, og særleg i månadane før forhandlingsmøta startar. Ungdom har sidan 2009 hatt rådgjevande status under klimaforhandlingane, og nettverket får difor taletid i forhandlingane. Det at vi er organisert som en gruppe forenkler samarbeid med for eksempel FNs klimasekretariat og muliggjør at vi kan snakke med én ungdomsstemme fortel Kari-Anne Isaksen som var klimadelegat i 2011. 72 Ungdomsdelegatane sitt arbeid har med andre ord forskjellige former og forhold i ulike FN-fora.. og etter heimkomst Etter at opphaldet som ungdomsdelegat på eit FN-møte er over, skriv dei aller fleste delegatane ein rapport til det aktuelle departementet og andre involverte departement og organisasjonar. Nokon nyttar også LNU sitt nettverk av ungdomsorganisasjonar, skular eller media til å dele det dei har opplevd. Det er også vanleg at tidlegare ungdomsdelegatar er med på å førebu neste års delegatar. I Nederland blir til dømes delegatene til generalforsamlinga vald for to år slik at dei kan overlappe skikkeleg med delegatane året etter. 73 I Noreg varierer omfanget av etterarbeidet frå delegat til delegat. Ei utfordring er at mange av delegatane som veljast gjerne er opptekne med tunge verv i ungdomsorganisasjonar i Noreg i tillegg til studium, og alle har ikkje høve til å bruke meir tid enn det ein gjer i dag. 74 Fleire av dei tidlegare ungdomsdelegatane meiner at dette også handlar om kva type folk ein ynskjer å rekruttere; ungdom som har tid til å gjennomføre omfattande informasjonsopplegg i Noreg, eller ungdom som har nok kompetanse til å gjere ein skikkeleg jobb på toppmøtet dei sendast til. Fleire delegatar seier dei gjerne skulle gjort meir etterarbeid, men at det ikkje går opp med andre forpliktingar. LNU får heller ikkje finansiell støtte frå norske styresmakter til frikjøp av delegatar til etterarbeid. Kontakten med norske styresmakter i etterkant av møtet er det området der det er størst forskjell på opplevingane til dei norske delegatane. Nokon ungdomsdelegatar har ikkje hatt kontakt med norske styresmakter etter delegatopphaldet, medan andre hatt kontakt i lang tid etterpå og til dømes hjelpt til med å følgje opp resolusjonar. Nokon ungdomsdelegatar har også i ettertid fått verv i ungdomsdelen av FN-forumet dei deltok i, som UNESCO og UN-Habitat. 75 Om ein skal sjå etter eit mønster, synast det som om fagdepartement som Kommunal- og regionaldepartementet eller etatar som Norad er betre til å halde kontakt med ungdomsdelegatane i etterkant. Også Utanriksdepartementet meiner det er forbetringspotensiale i oppfølgingsarbeidet og kunne ynskja seg at delegatane hadde tettare kontakt med UD etter heimkomst. 76 Truleg 67 Løland og Malnes (2010), Rapport frå FNs generalforsamling 2010. 68 Løland og Malnes (2010), Rapport frå FNs generalforsamling 2010. 69 Tidlegare Kathrine Sund. 70 Intervju med Jens Kihl (12.10.11). 71 YOUNGO er eit nettverk av ungdomsorganisasjonar som jobbar med klimaspørsmål. Les meir på http://youthclimate.org/about_ youth_climate/youngo-unfccc/ 72 Intervju med Kari-Anne Isaksen (30.11.2011) og påfølgjande e- postutveksling. 73 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s. 31. 74 Intervju med mellom andre Christoffer Grønstad (5.10.11), Jens Kihl (12.10.11) og Kathrine Sund-Henriksen (12.10.11). 75 Intervju Kristoffer Sundøy (5.10.11) og Jens Kihl (12.10.11). 76 Intervju med Arvinn E. Gadgil (18.10.11). 14 På verdas talarstol

handlar forskjellane mest om kva for personar som har ansvar for delegatane i dei ulike departementa, og i kor stor grad delegatordninga har fått feste i departementa. Det trengs difor overordna grep om ein skal sikre god kontakt mellom delegatar og departement i etterkant av opphalda, men per i dag fungerer ikkje delegatordninga som eit einskapleg system på tvers av departement. Gjennomslag Den andre måten å måle suksessen til delegatordninga på, er å sjå på i kor stor grad ungdomsdelegatane får gjennomslag for saker dei jobbar med. Dette kan til dømes skje gjennom at dei endrar norsk politikk eller forhandlingsposisjonar, eller ved at dei påverkar andre delegasjonar eller får merksemd rundt saker i media. Dette arbeidet kan vere utfordrande av mange grunner. Ungdomsdelegatane har til dømes mange omsyn å ta når dei skal påverke. Når FN-delegatane til generalforsamlinga held innlegg, gjer dei det både på vegner av seg sjølv, den norske delegasjonen og LNU sine medlemsorganisasjonar. 77 Innlegget som vert heldt på generalforsamlinga blir også godkjent, og nokon gongar redigert, av Utanriksdepartementet og den norske delegasjonen i New York. 78 Andre ungdomsdelegatar igjen får særs frie taumar på vegner av Noreg. Eit fellestrekk ved dei ulike FN-fora er likevel at arbeidet i FN er meir langsiktig enn ein er vand med i norsk politikk. Ungdomsdelegatane kan likevel påverke ved å vere til stades som ei gruppe over tid og fremme norske ungdomsorganisasjonar sine synspunkt. 79 Eit døme på dette er at norske ungdomsdelegatar over fleire år har tatt opp tema rundt seksuelle minoritetar sine rettar i generalforsamlinga. Dette har dei gjort gjennom innlegg i tredje komité 80 og gjennom å ha fokus på det i meir uformelle samtaler og møte. 81 I 2010 blei seksuelle minoritetars rettar tema på generalforsamlinga. Her spelte ungdomsdelegatane ei viktig rolle ved å gjere sine delegasjonar merksame på føreslåtte endringar, før dei var allment kjent: Det tok en uke fra avstemningen i tredje komité til det brøyt overflaten i media på verdensbasis. I mellomtiden samarbeidet vi om å påvirke de nasjonale delegasjonene til å ta en omkamp i plenum. Så vi var kanskje en bidragsyter ved å være en opinion på et veldig tidlig tidspunkt, før det har fått medieoppmerksomhet. Det hadde ikke kunnet være om vi ikke var der som ungdomsdelegater og fikk informasjonen før den var offentlig, fortel Magnus Malnes. 82 Ungdomsdelegatar har også vore med på å skape norsk politikk i FN. I 2007 var Marianne Nerland og Erlend Fuglum FN-delegatar og heldt eit innlegg i tredje Vi påverka jo verda då. Om vi kanskje ikkje påverka Noreg så mykje alltid, så fekk vi jo tekst som alle landa i verda har vedtatt, som Julie [Lødrup] og eg har skrive på hotellrommet vårt. Jens Kihl, ungdomsdelegat på FNs generalforsamling i 2009 komité om retten til vatn. I innlegget fokuserte dei på at vatn er ein rett, og ikkje ei handelsvare. Dei kravde mellom anna at vassektoren måtte ut av GATS-avtala i Verdas Handelsorganisasjon (WTO). Ettersom dette innlegget ble holdt på vegner av Norge, og Norge ikke hadde uttalt dette internasjonalt før, påvirket vi dermed norske posisjoner på dette området fortel Marianne Nerland som reiste på vegner av PRESS Redd Barna Ungdom. Dette var ei viktig kampsak for PRESS på den tida, og klargjeringa av norsk politikk blei difor også ein siger for dei. 83 Også gjennom å samarbeide med internasjonale ungdomsnettverk har delegatane vore med på å endre politikk og forhandlingar. Eit nyare døme er frå klimaforhandlingane i Durban i desember 2011, der 77 LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 89. 78 LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 76. 79 LNU (2005), Frå byrjinga og fram til i dag, s 77-78. 80 Sjå til dømes dei norske FN-delegatane sitt innlegg I 2010 The Right of Children and Young People to Participation in Cicil Society and Youth-led Organizations. 81 Intervju med Magnus Malnes (3.10.11). 82 Intervju med Magnus Malnes (3.10.11). 83 Intervju med Marianne Nerland (18.10.11). På verdas talarstol 15

den norske ungdomsdelegaten jobba tett saman med YOUNGO. Dei dekte alle sider av forhandlingane, men jobba spesielt med kapasitetsbygging, noko som gav resultat. 84 I den endelege avtaleteksten frå Durban er ungdom nemnt spesielt i delen om kapasitetsbygging. Dette er et direkte resultat av vår kreative lobbyvirksomhet, skreiv ungdomsdelegat Kari-Anne Isaksen i etterkant av møtet. 85 I kor stor grad delegatane får påverka politikk, heng tett saman med kva for FN-fora dei representerer i. Nokre fora har klare politiske prosessar og skal ende i konkrete vedtak, medan andre er reine diskusjonsfora som ikkje tek formelle avgjerder. Ungdomsdelegatane kan likevel påverke berre ved å vere til stades og løfte fram ungdomsperspektiv, særleg fordi dei norske delegasjonane ikkje er så store. 86 Det er vanskelig å peke på at man har forandret verden, men man har kanskje hatt litt innflytelse på noen norske posisjoner, og gjennom å være ungdomsdelegat har man hatt litt innflytelse på andre land sine posisjoner også, meiner Magnus Malnes, som har vore delegat både i UNESCO og på generalforsamlinga. Samstundes peikar mange av ungdomsdelegatane til generalforsamlinga på at dei er der for kort tid til å ha reell innverknad på dei politiske prosessane. Det er for kort tid til å påverke så frykteleg mykje. ( ) Påvirkning tar tid. [Delegatopphaldet] blei veldig kort, og ein blir lett eit slags ungdomsalibi, fortel Kathrine Sund-Henriksen, som var delegat i 2006. I dag er ungdomsdelegatane til stades to veker under generalforsamlinga. Den australske modellen gir heilt andre muligheiter, noko blant andre Christoffer Grønstad trekker fram: [De australske delegatene] blir godt kjent med systemet og sakene som diskuteres, og står derfor bedre rustet til å gjøre sine prioriteringar til taktisk FN-politikk. Det rekker man ikke på to uker, sånn er det bare. Eit grep for å betre muligheitene for innverknad, vil difor vere å auke budsjettet for FN-delegatane slik at dei kan vere lenger i New York og følgje fleire politiske prosessar grundigare. Politisk leiing i Utanriksdepartementet deler ynsket om at ungdomsdelegatane skal leggje meir vekt på politisk arbeid og resultat, også i etterkant av møtet. Politisk rådgjevar i UD, Arvinn E. Gadgil (SV), ser føre seg både betre fagleg skolering før utreise og meir kontakt i etterkant. Det vil si en litt mer skjematisk oppfølging der hensikten også er å berike UD sitt arbeid. Og da mener jeg ikke bare ferdigtygde rapporter, men gjerne utfordringer til UD-systemet. Han trur likevel ikkje at løysinga er å utvide delegatopphalda i generalforsamlinga, fordi politikk uansett må jobbast med over lengre tid enn delegatane har høve til å vere der. Fagdirektør i Kommunal- og regionaldepartementet, Per Nygaard, peikar på at kontinuitet er ei utfordring når nye delegatar veljast til kvart møte i UN-Habitat. På den andre sida ser vi også fordelen med at flere da får en smak på å jobbe i en delegasjon og et visst innsyn i hvordan FN-systemet og UN-HABITAT fungerer. 87 Eit anna spørsmål er om fleire delegasjonar burde hatt faste ungdomsdelegatplassar. Utanriksdepartementet er grunnleggjande positiv til ungdomsdelegatordninga, men når det gjeld faste delegatplassar eller det å få plassar i fleire delegasjonar, meiner UD at delegatplassar må argumenterast for i kvart enkelt tilfelle. Politisk rådgjevar Arvinn E. Gadgil grunngjev det slik: En skal ikke ha ungdom med bare for å ha ungdom med. Ungdom har rett til å delta der beslutninger har noe med dem å gjøre, men da må det argumenteres utifra det. 88 Dette ynsket frå UD kan imøtekomast frå LNU si side ved å leggje større vekt på politiske mål og resultat rundt delegatopphalda. Konkrete politiske endringsagendaer for kvart delegatopphald vil gjere det tydlegare kvifor ein skal sende ungdomsdelegatar til kvart enkelt møte. 84 Intervju med Kari-Anne Isaksen, ungdomsdelegat til COP17, (30.11.2011). 85 LNU, Ungdommens egen oppsummering fra Durban, (12.12.11), URL: http://www.lnu.no/aktuelt(nyheter/ungdommensegen-oppsummering-fra-durban/ 86 Intervju med Jens Kihl (12.10.10) 87 Intervju med fagdirektør i Kommunal- og regionaldepartementet Per Nygaard (12.10.11) 88 Intervju med Arvinn E. Gadgil (18.10.11) 16 På verdas talarstol

Noreg pådrivar i UN-HABITAT UN-HABITAT er FN sitt busettingsfond. Her har Noreg spela ei aktiv rolle i å sikre ungdom ei rolle i organisasjonen. Noreg sendte for fyrste gong ein ungdomsdelegat med i delegasjonen i 2004, og har gjort det kvart år sidan. Valet om å ha med ein ungdomsrepresentant i delegasjonen 89 kom som eit resultat av at Utanriksdepartementet hadde utarbeida ein eigen strategi om barn og unge i bistanden. 90 Fagdirektør i Kommunal- og regionaldepartementet, Per Nygaard, er nøgd med arbeidet til ungdomsdelegatane. Vi har uten unntak hatt stort utbytte av å ha med en ungdomsrepresentant i delegasjonen. Ofte oppviser [ungdomsdelegaten] et engasjement og en innsatsvilje som gjerne overstiger det de fleste øvrige delegater makter å oppvise. ( ) Alle har vært gode til å lobbe gjennom tekster og bygge allianser, og noen har i tillegg vært ypperlige forhandlere. Dei siste åra har det blitt fremma ein resolusjon med ungdom som tema kvart år, og denne har ungdomsdelegaten leia arbeidet med på vegner av Noreg. I 2008 fekk UN-HABITAT eit eige ungdomsstyre, UN- HABITAT Youth Advisory Board. Noreg var sentral i opprettinga av både dette styret og eit eige ungdomsfond 91 som blei lansert på World Urban Forum i 2008. 92 Ungdommar og vaksne deler ansvaret i styret for ungdomsfondet. 93 Kristoffer Sundøy var ungdomsdelegat det året, og blei vald inn som europeisk representant i ungdomsstyret. Han er enno medlem i styret, og meiner det har styrka ungdoms høve til deltaking i UN-HABITAT, sjølv om det framleis kan gjerast meir demokratisk. 94 Sundøy meiner modellen med eit slikt styre kan overførast til andre FN-organ. På papiret har vi en spennende modell, men den trenger støtte fra medlemsorganisasjonene. I UN-HABITAT er vi heldige fordi Norge er sterke, men i andre FN-program er det ikke nødvendigvis slik. Sjølv om UN-Habitat har teke gode grep for å sikre meir ungdomsdeltaking, er Noreg framleis ein av få land som inkluderer ungdom i delegasjonane. Svært få andre land gjør det, og ingen andre enn oss har sluppet til ungdomsrepresentanten som forhandler på sitt lands vegner, fortel Per Nygaard. I 2011 var norske Knut Sverre den einaste ungdomsdelegaten som deltok som ein del av eit lands offisielle delegasjon på UN Habitat Governing Council, World Urban Forum. Han heldt innlegg i plenum og deltok i forhandlingane saman med ein representant frå UD. 95 2009 var Helena Gonzales Lindberg ungdomsdelegat på UN Habitat Governing Council. Ho fortel om konkrete politiske resultat av arbeidet med ungdomsresolusjonen. Jeg bidro aktivt i forhandlingene om Ungdomsresolusjonen og skrev faktisk et tilleggspunkt som ble godkjent inn i den endelig resolusjonen, som rett på sak oppfordrer og utfordrer regjeringer til å lytte til ungdom og hva de har å si. Ved å referere til Ungdomsresolusjonen kan Changemaker og andre ungdomsorganisasjoner få tyngde i sine argumenter om hvorfor deltakelse og inkludering av ungdom er viktig i beslutningstaking og politikk. 96 89 Både til UN-HABITATs Governing Council og til World Urban Forum, som arrangerast annankvart år. 90 Intervju med fagdirektør i Kommunal- og regionaldepartementet Per Nygaard (12.10.11), Utenriksdepartementet (2005), Tre Milliarder grunner.: Norsk utviklingsstrategi for barn og ungdom i sør. 91 The UN-Habitat Opportunities Fund for Urban Youth-led development 92 Miljøverndepartementet, Nytt FN-fond for ungdom, http:// www.regjeringen.no/en/dep/md/aktuelt/nyheter/2008/nytt-fn-fondfor-ungdom.html?id=534707 93 DFID-CSO Youth Working Group (2010), Youth Participation in Development A guide for development agencies and policy makers, s 35-36. 94 Ungdomane som blei vald inn i Youth Advisory Board i 2008 sit der framleis, sjølv om dei i utgangspunktet berre blei valde for eit halvt år. 95 Sverre, Knut (2011) Rapport frå 23. Governing Council i UN- HABITAT. 96 Lindberg, Helena Gonzales (2009), Rapport frå 22. Governing Council i UN-HABITAT. På verdas talarstol 17

Ung leiarskap i kampen mot hiv Anette Remme var ungdomsdelegat til UNAIDS i Wien 2010. Her er ho samen med Lasse Brænden fra Homopositiv. Foto: Bergit Sønstebø Svenseid, LNU 18 På verdas talarstol

Ein av FN-organisasjonane som har makta å gjere ungdom si deltaking til ein sentral del av arbeidet, er UNAIDS. 97 Der er ung leiarskap viktig, både i arbeidet på bakken og på internasjonale møte. 41 prosent av dei som smittast av hiv er ungdom mellom 15-24 år, 98 og det er difor avgjerande for resultatet av arbeidet til UNAIDS at ungdom blir involvert. UNAIDS er no i gong med å lage ein eigen strategi om ungdom og hiv, og denne skal ungdom vere med på å skrive. 99 I juni 2011 arrangerte UNAIDS eit høgnivåmøte om HIV i New York. Anette Remme frå SAIH blei vald ut som ungdomsdelegat. Det skjedde etter at Utanriksdepartementet og Norad hadde bestemt at ein av dei tre sivilsamfunnsdelegatane i delegasjonen skulle vere ein ungdomsrepresentant. For å få ein gjennomsiktig og god prosess, fekk LNU ansvar for utveljingsprosessen. Norad ynskte på denne måten å sikre at ungdomsdelegaten var godt forankra i norske ungdomsorganisasjonar og samstundes kunne ta eit representasjonsansvar i ein norsk delegasjon. 100 Ungdomsdelegaten blei inkludert i alt førebuingsarbeidet etter at ho var vald, som møter med sivilsamfunn, i aidsrådet og med delegasjonen. Ho blei også godt inkludert i delegasjonen under høgnivåmøtet. Det har vært en enkel jobb å representere ungdom fra Norge, fordi jeg ble godt inkludert hele veien. Det er litt frustrerende når man blir kjent med andre unge som ikke får det til, men aller mest en glede å være med i en foregangsdelegasjon som fikk vist at det er mulig å gjennomføre ungt lederskap i praksis, seier Anette. I tillegg til førebuingane i Noreg, hadde Anette deltatt på eit ungdomsmøte i Mali før høgnivåmøtet. Ho fortel at ungdomsnettverket frå desse to møta var nyttig for å gjere det tydeleg at ungdom hadde ei rolle på møtet. Dei planla arbeidet på møtet saman og arrangerte eigne ungdomsmøte undervegs. Norad sjølve er godt nøgd med å ha latt ungdomsdelegaten spele ei sentral rolle. Seniorrådgjevar Bjørg Sandkjær meiner ein kunne gjeve ungdomsdelegatordninga meir faste former. Det en kanskje kunne vurdert, er en ordning med en fastere ungdomsrepresentant til UNAIDS, men det er fordeler og ulemper med dette, meiner Sandkjær. Ho understrekar at fokuset på ung leiarskap i UNAIDS ikkje har kome av seg sjølv, men har vore eit resultat av press utanfrå, både frå ungdom og andre. I tillegg er UNAIDS vand med å jobbe med sivilsamfunn, og enkeltpersonar som Noregs tidlegare aidsambassadør Sigrun Møgedal har tatt kampen for å få dette på agendaen. Eit anna resultat av dette langsiktige samarbeidet mellom Norad og LNU om ungdomsdelegatar, er at Noreg no har fått den faste ungdomsplassen i styret til det Globale fondet for kamp mot aids, tuberkulose og malaria. Og det er nettopp Anette Remme som har blitt vald ut til denne jobben. Sandkjær trur Noreg kan halde fram med å spele ei viktig rolle i å styrke ungdomsdelegatordninga internasjonalt. Norge er ganske aktive på denne fronten, med å ta med ungdom, nevne ungdom og lobbe for ungt lederskap. ( ) I FN-fora generelt må vi fortsette med, og kanskje trappe opp, påvirkningsarbeidet og lede gjennom eksempel. Om ungdomsdelegatordninga er vellukka, kjem altså an på kva føremål ein vektlegg. I utgangspunktet ynskja Utanriksdepartementet å ha ei slik ordning for at fleire skulle få vite kva FN var og for at delegatane skulle spreie informasjon om FN. 101 Etter 40 år med FNdelegatar handlar ordninga i dag meir om å påverke politikk, sjølv om FN-informasjon også er viktig. Argumenta rundt og krava til ungdoms deltaking har også gradvis blitt lagt meir vekt på. Det som står igjen er å sikre ordninga institusjonelt og finansielt, på tvers av departement. Det trengst også eit arbeid for at fleire ungdommar frå land i Sør skal få høve til å delta, i den grad Noreg kan påverke det. 97 UNAIDS leier FNs arbeid mot hiv og aids. Les meir på http://www. unaids.org/en/ 98 UNICEF (2011), 2500 unge per dag hiv-smittes, [26.10.11] URL: http://www.unicef.no/om+unicef/arkiv/2500+unge+per+dag+hivsmittes.11543.cms, UNICEF (2011), Opportunity in Crisis: Preventing HIV from early adolescence to young adulthood. 99 UNAIDS, Press release: Young people to write new UNAIDS strategy on youth and HIV, [26.10.2011] URL:http://www.unaids.org/ en/resources/presscentre/pressreleaseandstatementarchive/2011/oct ober/20111025prcrowdsourcing/ 100 Intervju med Bjørg Sandkjær, seniorrådgjevar i Norad (25.10.11). 101 Intervju med Christoffer Grønstad (5.10.11). På verdas talarstol 19

5. Ungdomsrepresentasjon frå Sør I dei fleste FN-fora, med nokon unntak, 102 er ungdom frå fattige land i Sør underrepresentert. Frå 2000 til i dag 103 har totalt 67 ungdomsdelegatar til generalforsamlinga kome frå det FN definerer som countries in development and transition. 104 Det er fleire grunner til dette, men mangel på pengar og problem med visum er to globale barrierar for at fleire ungdom frå land i Sør skal få delta som ungdomsdelegatar. 105 FNs generalsekretær Ban Ki-moon har sendt signal om at underrepresentasjonen bør rettast opp: [S]ome regions continue to be underrepresented among the youth delegates; I encourage Member States to do more to bring young people aboard and achive a more equitable geographical balance. 106 Mangelen på Sør-delegatar er sjølvsagt eit problem for ungdom i Sør, som ikkje har ei stemme i nokon av verdas viktigaste fora. Men det er også eit problem for ungdom og ungdomsdelegatar - generelt. Norske ungdomsdelegatar fortel at arbeidet deira blir vanskelegare når det er få ungdomsdelegatar til stades, særleg om dei som manglar er delegatar frå land i Sør. 107 Kristoffer Sundøy har vore ungdomsdelegat i UN-Habitat, og har opplevd at det er vanskeleg å nå igjennom til delegasjonar som sjølv ikkje har nokon ungdomsdelegat: Når man prøver å utøve lobbyvirksomhet og utfordre en nasjons delegasjon, så må man først argumentere for sin egen plass som ungdomsdelegat, og deretter må man argumentere for den saken man har. Hadde [delegasjonen] hatt ungdomsdelegater, så hadde kanskje den ungdomsdelegaten rettferdiggjort sin egen plass, og så hadde du sluppet å begynne med å argumentere for det. 108 På nokon politikkområde er også land i Sør dei det er viktigast å påverke. Magnus Malnes, som var delegat på generalforsamlinga i FN, trekker fram saker som seksuelle minoritetars rettar eller ungdom sin rett til deltaking. [D]et har kanskje ikkje så veldig stor effekt når man som vestlig ungdomsdelegat eller land fra vesten prioriterer dette, for det er ikke så vanskelig å få med EU og Noreg på disse sakene her. Men det kan være ganske vrient å få med seg G77 eller den Afrikanske Union. Derfor er det viktig å samarbeide med ungdomsdelegater fra land i Sør. 109 Ungdomsdelegatar kan også spele ei viktig rolle i vanskelege saker, fordi dei i større grad kan ta opp slike problemstillingar enn andre delegasjonsmedlemmer. 110 Men for å kunne få gjennomslag, må også alle partar vere samde om at ungdomsdelegatar har ei legitim rolle på FN-møte. På FN sitt Høgnivåmøte om hiv og aids i 2011 var det fleire ungdomsdelegatar frå land i Sør enn det har vore på andre FN-toppmøte. Dette kjem av at hiv er eit tema som i stor grad gjeld ungdom, men også at UNAIDS aktivt har jobba for å få med ungdommar frå land i Sør som er hardt ramma av pandemien. 111 Eit døme på dette er at UNAIDS arrangerte eit eige formøte for ungdom i Mali før høgnivåmøtet. På trass av at UNAIDS på mange måtar er best i klassa når det gjeld ungdomsrepresentasjon frå Sør, blei det eit tankekors for den norske ungdomsdelegaten Anette Remme at ho kanskje var ein av dei med mest innverknad på sin delegasjon: I Mali følte jeg veldig på det at disse menneskene som sitter her de har masse meninger, men jeg er kanskje den eneste som får reell innflytelse på delegasjonen fra mitt land ( ) Så selv 102 Sjå side 18 med døme frå UNAIDS. 103 Sjå tabell over ungdomsdelegatar til generalforsamlinga i kap. 2. 104 Intervju med UN Programme on Youth (27.10.11). Landa er Azerbajan (4), Bangladesh (1), Botswana (3), Georgia (1), Ghana (10), India (1), Jamaica (5), Korea (5), Mexico (16), Nepal (1), Dem. Rep Kongo (1), Fiji (1), Sri Lanka (1), Thailand (8), Tonga (1), Peru (2), Rwanda (5) og Vietnam (1). 105 Intervju med UN Programme on Youth (27.10.11). 106 United Nations, Guide to Youth Delegates to the United Nations, s ii. 107 Bla. Intervju med Marianne Nerland (18.20.11). 108 Intervju med Kristoffer Sundøy (5.10.11). 109 Intervju med Magnus Malnes (3.10.11). 110 Intervju med Magnus Malnes (3.10.11). 111 Intervju med Bjørg Sandkjær, seniorrådgjevar i Norad (25.10.11). 20 På verdas talarstol