FLORA KOMMUNE Saksgang Møtedato Saksnr Kultur- og oppvekstutvalet 15.05.2012 020/12 Bystyret 07.06.2012 060/12 Sakshandsamar: Margit Drivenes Kløvfjell Arkiv: K2-C00, K2-A10 Objekt: Arkivsaknr 12/848 KULTURPROGRAM BARNEHAGE Kva saka gjeld: Gjennom Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020, blei det 6.12.2011 vedteken at "kulturell sikringskost til dei aller yngste blir iverksett ved å utvikle ein plan for kulturtilbod i barnehagane i Flora. Tilboda skal ha høg kvalitet, varierte formidlingsformer og vere fagleg godt forankra." Det blei i sak 125/11 vedteke at dette skulle vurderast i revidert budsjett 2012, med opptrapping i 2013. Vidare blei følgjande punkt oversendt KUOP; "Kommunen blir ein del av prosjektet "Den kulturelle bæremeis"." FRAMLEGG TIL VEDTAK: 15.05.2012 KULTUR- OG OPPVEKSTUTVALET Røysting: Samrøystes vedteke. KUOP-020/12 VEDTAK:
07.06.2012 BYSTYRET Røysting: Tilrådinga vart samrøystes vedteken. BYST-060/12 VEDTAK: Terje Heggheim Rådmann Anita Solbakken Kultursjef
Innleiing: Gjennom Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020, blei det 6.12.2011 vedteken at "kulturell sikringskost til dei aller yngste blir iverksett ved å utvikle ein plan for kulturtilbod i barnehagane i Flora. Tilboda skal ha høg kvalitet, varierte formidlingsformer og vere fagleg godt forankra." Det blei i sak 125/11 vedteke at dette skulle vurderast i revidert budsjett 2012, med opptrapping i 2013. Vidare blei følgjande punkt oversendt KUOP; "Kommunen blir ein del av prosjektet "Den kulturelle bæremeis"." I oppvekstplanen er det formulert eit mål for kommunale kulturtilbod for barn og unge, dette er; "Alle barn og unge skal i oppveksten sin i Flora få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk med basis i oppleving, læring og aktivitet." Dette bygger på føringar lagt i Kulturlova. Dei yngste barna er dei som får færrast tilbod, gjennom dei kommunale kulturtilboda i Flora. Det har dei seinare åra blitt gitt nokre kulturtilbod til barnehagane, slik som Bokbåten, konsertar og kinobesøk, men grunna stramme budsjett har tilbodet ikkje vore regelmessig og sikra gjennom planverk. I rammeplan for barnehage står det, også, mellom anna at "barnehagen må gje barn høve til å oppleve kunst og kultur og til sjølve å uttrykke seg estetisk". To barnehagar er også med i konsert ordninga til Rikskonsertane, og får årlege konsertar ut i barnehagen. Den kulturelle bæremeis er eit prosjekt i Bergen kommune inspirert av den kulturelle skulesekken med det formålet å innlemme barn i førskulealder i byens kunstpolitikk. Det er mellom anna utvikla modellar for korleis kunstnarar, barn og pedagogar kan arbeide saman i kreative prosessar både i barnehage og på profesjonelle arenaer. Dette prosjektet starta i 2007, og ein kan no sjå andre kommunar og fylkeskommunar som arbeider med kulturtilbod for barn i førskulealder. Barnehage er foreløpig ikkje ein del av det fylkeskommunale tilbodet til den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane. Den kulturelle bæremeis er dermed ikkje noko ein kan melde seg inn i, og kommunen må derfor sjølv stå for finansieringa. Vurdering: Arbeidet med denne saka har vore eit samarbeid mellom Kultur og fritidstenesta og barnehagenettverket og ulike ordningar og løysingar har vore vurdert. Mellom anna har Rikskonsertane har ei konsertordning som er særleg tilrettelagt barnehage, dessverre har dei ikkje midlar til å dekke alle barnehagar. Ved ei evt endring i dette, ser rådmannen det som viktig at barnehagane kjem inn i denne ordninga. Rådmannen vurderer at den beste måten å sikre eit tilbod til dei minste barna på er å utvikle ein plan for kulturtilbod i barnehage på lik linje, og med utgangpunkt i prinsippa for den lokale planen for Den kulturelle skulesekken. Det betyr ei fordeling av tiltak innan uttrykka; film/kino, kulturarv, litteraturformidling musikk/scenekunst og visuell kunst, og ei sikring av at alle barn i barnehage får ta del i tilboda. Aktuelle samarbeidspartar er, Kulturskulen samt fleire større institusjonar utanfor kommunen som Sogn og Fjordane kunstmuseum, Sogn og Fjordane teater, Barnas hus i Bergen osv. Rådmannen foreslår følgjande som ei skisse for kva vi kan få til innan for ramma som er vurdert i bystyrevedtaket. Mål: Kulturprogram i barnehage skal sikre oppleving av kulturtilbod for alle barn i barnehage i Flora kommune. - Tilboda skal ha høg kvalitet, varierte formidlingsformer og fagleg god forankring.
- Det blir gitt minimum to tilbod per år for alle i barna i barnehage gjennom den lokale planen. Tilbod Film/kino Kulturarv Litteratur formidling Musikk / scenekunst Visuell kunst, design og arkitektur Ansvar/aldersgruppe Flora kommunale kino Flora folkebibliotek Kultur og fritid 1-3 år Kino Gamle båtar Fortellarsongstund 3-6 år Kino Sildeutstilling på Bataldebua Vår på samfunnshuset Vår på samfunnshuset Skulptur safari Tiltak Innhald Ansvarleg for gjennomføring Kino Kino tilrettelagt for barn i barnehage. Gjennomførast for alle barna i kinosalen på Flora samfunnshus. Kultur og fritid og barnehagenettverket Gamle båtar Sildeutstilling på bataldebua Fortellar-songstund Vår på samfunnshuset Skulptursafari Besøk på for å sjå på gamle båtar. Opplegget blir tilpassa aldersgruppa. Besøk på kystmuseet. Litteraturformidling på biblioteket for grupper på maksimalt 50 barn. Kombinasjonen fortelling og song i fokus. Profesjonelle utøvarar. Større arrangement på samfunnshuset første halvår, kvar for, for allle. Innhald kan vere ulikt frå år til år, men målet er å gi barne ei god oppleving innan musikk og / eller scenekunst. Formidling og lokala må tilpassast aldersgruppa. Med utgangpunkt i skulpturane i byen, utviklast det eit opplegg for skulptursafari og gjerne med ein verkstad. Revidering av skulpturheftet 2012. Barnehagane tar kontakt med Barnehagane tar kontakt med Kultur og fritid Kultur og fritid og barnehagenettverket Kultur og fritid og barnehagane
økonomiplan barnehagekultursekk haust 2012 2013 kino 5000 5000 kulturarv litteraturformidling 16000 16000 musikk / scenekunst 30000 visuell kunst, arkitektur og design 9000 9000 sum 30000 60000 Rådmannen legg opp til ei evaluering av programmet våren 2013. Kvalitet og tilrettelegging for aldersgruppene vil vere ein vesentleg del av denne evalueringa. Økonomiske konsekvensar: Det blir sett av kr 30 000 i revidert budsjett 2012, og kr 60 000 i Budsjett og handlingsprogram 2013. Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.: Prenta/uprenta vedlegg: