474 A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) Grovfôrdyrking i område utsett for vinterutgang Arve Arstein / arve.arstein@planteforsk.no Planteforsk Fureneset fagsenter Samandrag I prosjektet Vinterskade i eng på Vestlandet har ein sett på i kva grad ein kan påverke overvintringa av enga ved å nytte ulike hausteregime, gjødselmengder og frøblandingar. I prosjektet har det vore forsøksfelt ved fem ulike lokalitetar i Sogn og Fjordane og Hordaland som erfaringsvis har hatt problem med vinterskade i eng. Frøblandingar med basis i timoteisorten Grindstad har vist seg å vere svært veleigna og minst like god som frøblandingar med nordnorske/vintersterke sortar. Svært intensivt driftsopplegg med 2 slåttar og beite i september har gitt klar svekking i overvintringsevna utover i engperioden på to av stadane. På tre av stadane har ulikt hausteopplegg ikkje hatt innverknad på den botaniske samansettinga i eng. Skade av is vert ofte dramatiske og profilering av utsette areal vil vere eit effektivt tiltak. Innleiing Overvintringsskadar i eng påfører bøndene i Norge årleg store kostnader. Nord-Norge er den landsdelen som slit mest med overvintringsskadar, men også lenger sør i landet er det regionar/bygder som slit med vinterskade i enga. Døme på kommunar på Vestlandet som ofte er utsette for vinterutgang i eng, er Luster i indre Sogn og Voss og Jondal i Hordaland. Årsakene til vinterskade vert ofte delt i tre; fysiologiske, fysiske og biotiske årsaker. Fysiologisk vinterskade er sterkt knytt opp mot herding av plantene om hausten. Under fellesnemninga fysiske årsaker meiner vi frost, is- og vassdekke, uttørking og oppfrysing. Biotiske vinterskadar har si årsak i parasittære soppar.
A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) 475 Langvarig isdekke er den skadefaktoren som gjer størst skade på eng i Nord- Norge (Eilertsen et al. 2000, Larsen 1996), og det er stor grunn for å tru at det same er tilfelle lenger sør i landet også. Karakteristisk er flate areal, myreller elveavsetjingar med sandjord/silthaldig sandjord. Eit sams trekk elles er langvarig snødekke gjennom vinteren, vekslande vinterver med mildversperiodar og regn. Dette gjer at det vert danna eit lag med snøsørpe og vatn som dannar isdekke når det frys til. Dersom denne tilstanden får vare ved heilt fram til våren, vil ein lett kunne få utgang i enga. Den direkte årsaka til at plantene dør under isdekke er lita luftveksling/karbondioksydforgiftning. Jordarten har mykje å bety for overvintringa til enga under ekstreme tilhøve. Baadshaug (1971) fann at siltjord var mest utsett for skade under isdekke. Årsaka til dette er at finkornige jordartar er mindre gjennomtrengelege for vatn og dermed vil risikoen for isdekke bli større. Vinterskadeprosjekt på Vestlandet Våren 1998 starta Planteforsk Fureneset fagsenter opp storskalaprosjektet Vinterskade i eng på Vestlandet i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og forsøksringar i dei aktuelle regionane. Det vart i løpet av 1998 og 1999 etablert 5 identiske forsøks- og demonstrasjonsfelt; tre lokalitetar i Hordaland og to i Sogn og Fjordane. Tabel1 1. Lokalisering av forsøks- og demonstrasjonfelta Stad Jordtype M.o.h. Årsnedbør 1982-2001 Vossestrand,Voss Moldrik, siltig mellomsand 360 1600 Jostedalen, Luster Moldhaldig, siltig finsand 90 1350 Stardalen, Jølster Moldhaldig, siltig mellomsand 290 2030 Krossdalen, Jondal Moldrik, sandig silt 330 2380 Røldal, Odda Moldrik, siltig lettleire 390 1750
476 A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) Material og metode Delforsøk A: Frøblanding Det vart nytta to ulike frøblandingar; ei normalblanding og ei vintersterk. I middel vart det nytta 23 kg nitrogen pr dekar og år. Tabell 2. Samansetning av dei to frøblandingane i delforsøk A Normal frøblanding Vintersterk frøblanding Art og sort i vektprosent 50 % timotei Grindstad 30 % engsvingel Fure 10 % engrapp Entopper 10 % raudkløver Kolpo 50 % timotei Vega 30 % engsvingel Salten 10 % engrapp Monopolly 10 % raudkløver Kolpo Delforsøk B: Hausteregime og gjødslingsstyrke Det vart nytta tre ulike hausteregime. To ledd var basert på eit toslåtts-system, medan det tredje hausteopplegget var lagt opp med to slåttar og beiting midt i september. Tabell 3. Haustetider for dei ulike slåtteregima Haustetid Førsteslått Andreslått Tredjeslått/beiting 2 slått normal Skyting av timotei til Ca 7 veker etter 5 dagar etter 3 slått/beite Skyting av timotei til Ca 7 veker etter 15.-20. september 5 dagar etter 2 slått utsett 7 dagar etter normal Ca 8 veker etter Fullgjødsel 18-3-15 vart nytta i alle felta. Fire ulike gjødslingsledd vart nytta; 13+8, 13+11, 16+8 og 16+11 (kg N). Desse felta vart sådde med normal frøblanding, jfr. tab 2. Resultat Effekt av hausteregime Det har vore store skilnader mellom stadane i kor stor grad dei ulike hausteregima har hatt innverknad på plantesetnaden og avlingsmengde i enga. På Vossestrand og i Jostedalen har dei ulike haustetidene ikkje hatt innverknad på den botaniske utviklinga i enga. Timoteiinnhaldet i enga har auka eller
A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) 477 vore uendra i området 40-60 % i alle engåra. På Vossestrand har hausteopplegg 2-slått utsett gitt større avling enn dei to andre. På begge stadane har avlingsnivået vore høgt og jamnt fallande i prosjektperioden. Ved dei tre andre lokalitetane har ein registrert at det har vore utslag på botanisk samansetning og/eller avling i prosjektperioden alt etter hausteopplegg. Det er særleg det mest intensive hausteregime ( 3-slått/beite normal ) som har skilt seg ut frå dei andre. I Krossdalen har denne utviklinga vorte synleg først i femte og siste engår (Figur 3). I Stardalen (Figur 1) og i Røldal har same utvikling synt seg i tredje og fjerde engår. På to av desse stadane har denne nedgangen i timoteimengde synt klart att i redusert avlingsmengde. Gjødslingsstyrke med nitrogen har ikkje påverka overvintringa av dei sådde grasartane i dette prosjektet. Figur 1. Effekt av ulike hausteregime på innhald av timotei (Grindstad) ved første hausting. Stardalen i Jølster
478 A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) Figur 2. Effekt av ulike hausteregime på tørrstoffavling (1. + 2. slått). Stardalen i Jølster Figur 3. Effekt av ulike hausteregime på innhald av timotei (Grindstad) ved første hausting. Krossdalen i Jondal
A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) 479 Figur 4. Effekt av ulike hausteregime på tørrstoffavling (1. + 2. slått). Krossdalen i Jondal Sortseigenskapar Det har vorte svært liten skilnad mellom normal og vintersterk/nordnorsk frøblanding. Nordnorsk/vintersterk frøblanding har ikkje gitt ei eng som har overvintra betre eller gitt betre avling på nokon av lokalitetane. På feltet i Krossdalen har vintersterk frøblanding hatt stor reduksjon i timotei-innhald i prosjektperioden (15 % ved førsteslått i femte engår), medan den normale frøblandinga har gitt eng med stabilt timoteiinnhald på rundt 50 %. Avlingsnivået i Krossdalen har vore høgt i heile perioden, og vintersterk blanding har gitt om lag 10 % lågare avling enn normal blanding. Også i Stardalen, Vossestrand og i Jostedalen har avlinga vore høg. I Røldal har engavlingane vore moderate. Fôrkvalitet NIRS-analysar frå siste engår frå tre av dei fem felta syner ein gjennomsnittleg fôreiningskonsentrasjon frå hausteopplegget 2-slått normal på 0,85, medan 2-slått utsett har ein middel fôreiningskonsentrasjon på 0,80. Frå andreslått er dei tilsvarande verdiane 0,85 og 0,82. Hausteopplegget 3- slått/beite har fôrkonsentrasjon på 0,87 ved begge slåttar.
480 A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) Proteininnhaldet i avling frå dei same tre felta syner at nitrogentilgangen sett i høve til avlingspotensialet i enga har vore moderat til låg. Ved førsteslått er det berre på ein av lokalitetane at PBV-verdien er positiv ved hausteregime 2-slått normal. Ved andreslått er PBV-verdiane positiv på to av tre felt på alle dei tre haustopplegga. Diskusjon Mange faktorar påverkar overvintringa til enga. I prosjektet var det fokus på faktorar som bøndene har styring på; hausteopplegg og tal slåttar, val av sortar og gjødsling. Forhold ved jorda (drenering og jordart), herding om hausten og vinterveret er faktorar som i stor grad er med og avgjer overvintringa til enga. Tidleg i prosjektperioden hadde ein fine, tørre haustar som truleg gav gode tilhøve for herding. Vinterveret har veksla mykje. Vinteren 2002 var snøtung og grunn tele i jorda. Vinteren 2003 var svært spesiell med djup tele og lite snø. I januar var det korte mildversperiodar etterfølgd av lange godvêrsperiodar. Dette førte til uvanleg tjukk isdanning på store areal, særleg i Sogn og Fjordane. Vinteren 2004 var det grunn tele og ein del snø. Tidleg og hyppig hausting er lite gunstig for overvintringsevna til timotei, sidan innlagring av karbohydrat vert avbroten (Larsen 1996). På Island er det funne at tidleg slått av timotei har redusert toleransen mot isskader (Gudleifsson 1989). I dette prosjektet har ulike hausteregime berre i mindre grad påverka overvintringa til enga. Feltet i Stardalen i Jølster skil seg kraftig frå dei andre. Den svært tøffe vinteren 2003 med langvarig isdekke synte store skilnader i overvintring alt etter hausteopplegg. Normalt, intensivt hausteopplegg med 2 eller 3 slåttar/beite resulterte i svart eng om våren, tilliks med det meste av slåttemarka i den flotte jordbruksbygda. Særleg dårleg forfatning var det på areal som vart hausta midt i september. Ei veke utsett slått i juni og 10-14 dagar i august har heilt klart resultert i betre overvintringsevne. Desse rutene på feltet låg som grøne øyar tidleg i mai. Resultata frå dei andre felta viser derimot at overvintringa har vore lite påverka av hausteregime og gjødsling. Analysar av avlinga synte at energikonsentrasjonen var moderat også der det var hausta tidleg. Det er difor mogeleg at dei mest intensive hausteregima har vore hausta for seint og nitrogengjødslinga har vore for svak. Ny, yterik eng krev mykje nitrogen for å få ein tilfredsstillande fôrkvalitet. 27 kg N pr dekar vil difor ikkje representere noko problem om hausten m.o.t. vekstavsluting og herding under slike tilhøve. Resultata frå prosjektet viser at det ikkje er grunn til å tilrå bruk av nordnorske/vintersterke frøblandingar på Vestlandet. Lang vinter med til dels
A. Arstein / Grønn kunnskap 9 (2) 481 mykje snø er ikkje til hinder for å satse på ei frøblanding med Grindstad timotei som basis. Heller ikkje etter langvarig isdekke i Stardalen vinteren 2003 vart det registrert skilnader i overvintring mellom Grindstad og Vega timotei. Profilering av jordoverflata slik at ein får avrenning mot opne kanalar har ikkje vore ein del av prosjektet som er referert. Det er likevel eit svært aktuelt tiltak. Etter dei store skadeåra i Nord-Norge er profilering omtala som eit effektivt botemiddel mot is- og vasskade (Valberg 1996). Metoden har vore mest nytta på torvjord, men teknikken er omlag den same på andre jordtypar. På silthaldig sandjord må ein vere påpasseleg med kanalgravinga sidan erosjonsfaren er stor. Profilering vil truleg vere eit godt tiltak mot vinterskade i dei fleste år, men einskilde år kan tilhøva vere så vanskelege at ein vil få skade på enga uansett. Referanser Baadshaug, O.H. 1971. Virkninger av jordarter og jordpakking på vekst og overvintring hos ulike grasarter ved forskjellige overvintringsforhold. Norges Landbrukshøgskole, stensiltrykk 140 s. (lisensiatavhandling). Eilertsen, S. M., Sveistrup, T., Volden, B., Igeland, B & Schjelderup, I. 2000. Vinterskader på eng i Nord-Norge vinteren 1997-98 kartlegging av utvalgte skifter i Nordland og Troms. Planteforsk Rapport 12/00. 18 sider. Gu leifsson, B.E. 1989. Extent and importance of ice-encasement damages on gramineous plants in the Nordic countries. Icelandic Agricultural Sciences. 2: 7-14. Larsen, A. 1996. Årsaker til vinterskader i eng. Overvintringsskader i Nord-Norge. Særtrykk av artikkelserie i Norden 1996, 33 s. Valberg, E. 1996. Tiltak mot vinterskade i grasmark. Overvintringsskader i Nord-Norge. Særtrykk av artikkelserie i Norden 1996, 33 s. Vatshelle, Ø. 2002. Overvintring av eng i innlandsbygder på Vestlandet. Hovudoppgåve ved Institutt for jord- og vannsfag, NLH 2002, 89 s.