Kvam herad. Budsjettvedtak 2010 - punkt 5 og 6. Barnehageutbygginga i Kvam



Like dokumenter
Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Kvam herad. Endra drift resulterer ikkje i auka driftskostnadar for Kvam kulturskule. Sjå vedlegg for fullstendig tekst i den nye serviceerklæringa.

Kvam herad. Innløysing av grunn til gangveg i Norheimsund - Strandvegen

Kvam herad. Arkiv: N-146 Objekt: Aksjeselskapet Sandven hotel - Søknad om endring av lånevilkår

Kvam herad. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kvam herad. Arkiv: N-391 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt: Retningsliner for inntektsgradert foreldrebetaling i barnehagane i Kvam

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 BJVI

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Kvam herad. Arkiv: N-211 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-102 Objekt:

Kvam herad. Arkiv: N-016 Objekt: Tilråding frå Hardangerrådet om vidareføring av Prosjekt Samhandlingsreforma i Hardanger

Kvam herad. Fykse og Innstranda skule - etterbruk av skulane. Arkiv: N-132 Objekt: Avgjerd av: heradsstyret Saksh.: Jan Tjosås.

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad VALNEMND. Møteinnkalling

Kvam herad. Utegruppe /naturavdeling ved Tolomarka barnehage og Sjydnahaugen barnehage. Arkiv: N-211 Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Mali Grete N.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /08 JONE

Kvam herad. Hardinghuset - vidare arbeid. Arkiv: N Objekt: Avgjerd av: Saksh.: Lars Erik Klafstad. Arkivsaknr 08/122

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Søknad om løyve til tiltak på gnr. 136 bnr. 7, Dysvik. Flytebryggjer. Søknad om disp. frå LNF-føremålet og pbl. 17-2

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /05 RUVI

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /06 RUVI

Kvam herad. Objekt: Søknad om tilskot og lån til idrettsanlegg i Kvam - kunstgrasbanen på Sandven og Strandebarm Idrettspark

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam arbeidsmiljøutval /08 ELMO

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0038/05 04/01566 SØKNAD OM KJØP AV TOMT 230

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 ASFL

Kvam herad. Arkiv: N-245 Objekt:

Desse medlemmene møtte: Ola Tarjei Kroken Per Jarle Myklebust Kristin Sandal Anniken Rygg Gunnvor Sunde Arnfinn Brekke Ragnar Eimhjellen

Melding om vedtak i sak 035/06/HST - Høyringssvar - endring i lov om veterinærer og dyrehelsepersonell.

2. gongs handsaming av framlegg til reguleringsplan for gang- og sykkelveg - Ungdomsheimen - NAF

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /04 VIOS

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /12 TRUBUE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Nærings-, plan- og bygningsutvalet

Kvam herad. Arkiv: N-340 Objekt:

Kvam herad. Sakspapir

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 99/06 05/875 SØKNAD OM URVIDA KOMMUNAL GARANTI - SÆLEHAUGEN BARNEHAGE

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Kommunal eller privat drift av barnehagar. Økonomiavdelinga 16. februar 2010

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre

Side 2 av 6 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/13 13/91 Faste saker 002/13 09/635 Utbygging ved Samnangerh

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Arkiv: N-634 Objekt: Uttale frå Kvam herad i samband med søknad om ny lokalitet for oppdrett av matfisk av laks og aure ved Tveitnes

(Sjå dei 2 siste sidene i saka)

Kvam herad. Eigedomsskatt på faste eigedommar i heile kommunen - fritak etter 7

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /00 RUVI

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Møteprotokoll for Formannskapet

Kvam herad TENESTEUTVALET. Møteinnkalling

Investeringsplan for vatn og avlaup for perioden Gebyr for 2016

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Anne-Jorunn Bjørkum Leigvold Arkiv: A10 Arkivsaksnr.: 18/38-14

Kvam herad. Arkiv: N-504 Objekt:

Kvam herad. Sakspapir

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

ØYGARDEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Saksframlegg. Skattesatsar/ marginavsetning: Skatten for 2015 på formue og inntekt vert å fastsette til dei maksimalsatsar som Stortinget vedtek.

Kvam herad. Sakspapir

Kvam herad. Sakspapir

Rådmannen sitt andre budsjettframlegg - Budsjett 2017 og økonomiplan

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam formannskap /07 HMAA

143/11: ENDELEG AVTALE OM KJØP AV GNR 11 BNR 336, ICA Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam heradsstyre vedtek avtalen mellom Kvam Holding AS og

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 18/08 08/60 KOMMUNAL GARANTI FOR LÅN - SØRE ØYANE NATURBARNEHAGE

Det er henta inn tilbod på utbygginga og prisen er basert på dei innkomne tilboda.

Møteprotokoll Kommunestyret

Kvam herad. Arkiv: N-022 Objekt:

Investeringsbudsjettet for 2018, og for økonomiplan perioden vert godkjent slik det ligg føre.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 81/08 08/440 PORTEFØLJESTATUS JUNI

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

Utvalet sitt kvarter: 2 av 5 status og val av løysing var sendt ut til medlemmane i forkant av møtet. Dette viser at det også er rom for å få oppgrade

Arkiv: N-359 Objekt: Ny legevakt, ambulansestasjon og hjelpemiddelsentral

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 51/08 08/1214 NESSANE VASSVERK - SØKNAD OM KOMMUNAL GARANTI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Budsjett 2009 Økonomiplan Rådmannen sitt framlegg Måndag

Kommunestyret. Tilleggsinnkalling

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Status og utfordringar. Orientering til heradsstyret Tysdag 16. juni Rådmannen

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

HØYRING VEDK FORSLAG TIL STATLEGE PLANRETNINGSLINJER FOR DIFFERENSIERT FORVALTNING AV STRANDSONA LANGS SJØEN

VANYLVEN KOMMUNE Servicetorget

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

FLORA KOMMUNE KJØP AV FLORØ SJUKEHUS

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Utval Møtedato Utval Saksnr Plan- og miljøutvalet /55 Kommunestyret /45

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Transkript:

Kvam herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam arbeidsmiljøutval 25.01.2010 002/10 LARVIK Kvam formannskap 26.01.2010 004/10 LARVIK Kvam heradsstyre 09.02.2010 009/10 HASO Avgjerd av: Kvam heradsstyre Saksh.: Hans Atle Soldal Arkiv: N-102.1 Objekt: Arkivsaknr 09/390 Budsjettvedtak 2010 - punkt 5 og 6. Barnehageutbygginga i Kvam Samandrag: Kvam heradstyre har i budsjettvedtaket for 2010, pkt. 5 og 6 bede rådmannen utarbeida oversikt over (sjå heile vedtaket under saksopplysningar): Pkt.5. auka kostnader med snarleg ferdigstilling av barnehageutbygginga i Øystese (for heile barnehagebehovet) og snarleg ferdigstilling av barnehagen i Tørvikbygd Pkt.6. alternativ/offentleg driven barnehage i Øystese, samt driftsplan for dei øvrige gjenverande barnehagane i Kvam. Rådmannen har vurdert desse punkta. Det er teke kontakt med Trygge barnehagar for å få vurdert deira interesse for å utvida barnehagedrifta til Øystese og Tørvikbygd, og dei vil koma med skriftleg svar. Dei ser det interessant å vurdera utbygging og drift av Tørvikbygd barnehage som ein avdeling av Sandven FUS, fordi dei vurderer at ein 2-avdelingsbarnehage er for liten å driva som eiga eining økonomisk sett. Kostnaden med å ferdigstilla barnehagen i Tørvikbygd vil ikkje auka driftskostnaden der om det er Kvam herad eller Trygge barnehagar som gjennomfører utbygginga, men rådmannen vil koma attende spørsmålet om kven som skal stå for utbygginga i Tørvikbygd etter at eit evt. tilbod frå Trygge barnehagar er vurdert. Når det gjeld barnehagedrift i Øystese, meiner rådmannen planlegginga er kome så langt at Kvam herad bør gjennomføra denne utbygginga, med oppstart snarast mogleg i 2010. Rådmannen ser ikkje at Trygge barnehagar kan gjera utbygginga og drifta billegare der, då dei først må skaffa seg tomt/ evt. kjøpa bygga på Bjørketeigen frå Kvam herad. Kvam herad legg dessutan opp til å driva barnehagen med barnetal tilsvarande det Trygge barnehagar gjer i sine driftsplanar. På grunn av dei driftsforbetringar ein kan gjera med å samla barnehagedrifta i Øystese, vil utbygginga heller ikkje der auka driftskostnaden for Kvam herad

Rådmannen har også vurdert barnehagedrifta samla og vil på denne bakgrunnen tilrå følgjande: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Kvam heradstyre vedtek: 1. Norheimsund og Øystese vert slått saman til ei barnehagesone for å utnytta det samla barnehagetilbodet i desse bygdene best mogeleg 2. Kvam herad skal framleis driva barnehagane i Øystese. 3. Den planlagde ombygginga av Firkløveren sjukeheim og omsorgsbustadane og avlastningsbustaden på Bjørketeigen vert i denne omgang ikkje gjennomført. Bygga skal inntil vidare nyttast som i dag. 4. Ombygginga til barnehagedrift på Bjørketeigen skal omfatta Servicehuset og garasjen med oppstart snarast mogleg i 2010. Budsjett-tabellane for 2010-13 vert endra i tråd med dette. 5. I ny reguleringsplan vert det lagt til rette for bygging av ein ny barnehagepaviljong tilknytta Servicehuset. Denne skal erstatta Øystese barnehage i bedehuset i 2012-13. 6. Tørvikbygd barnehage i Fredsvikhuset vert frå hausten 2010 flytta til leigde lokale i Tørvikbygd bedehus medan det vert bygd ny to-avdelingsbarnehage i Tørvikbygd, enten på vedteken tomt i Fredsvik eller på annan stad i Tørvikbygd, dersom Fredsvik gjennom vedtak i reguleringsplanen ikkje skal nyttast til barnehage. Rådmannen legg fram eige sak om kven som skal gjennomføra planlegging, utbygging og drift av den nye barnehagen. 7. Ålvik barnehage får gjennomført tilbygg i 2010 i tråd med tidlegare vedtak. 8. Tolomarka barnehage, Norheimsund barnehage og Strandebarm barnehage skal oppgraderast i samsvar med vedlikehaldsbehovet i 2010-12. 9. Rådmannen skal utarbeida plan for barnehagedrifta i Strandebarm og Oma ved å sjå på følgjande alternativ: a. ved nybygg på anna tomt på Oma, t.d. ved å riva Oma skule og byggja ein 1- avdelingsbarnehage der b. ved tilbygg til Strandbarm barnehage, dersom tomta kan tillata dette. c. alternativt bør det vurderast om heile barnehagedrifta bør samlast i tidlegare barneskulelokale på Tangerås. Bygget vil også ha plass til andre aktivitetar, og det bør vurderast om det kan nyttast til helsesenter / anna næringsverksemd i sambruk med barnehage, evt. utan barnehage. 25.01.2010 Kvam arbeidsmiljøutval Fellesframlegg frå AMU: AMU ser at det er stor slitasje på dei tilsette i barnehagane i Kvam herad og ber difor om fortgang i utbygginga. AMU-002/10 Uttale: AMU ser at det er stor slitasje på dei tilsette i barnehagane i Kvam herad og ber difor om fortgang i utbygginga

26.01.2010 Kvam formannskap Nils Drage, Ap stilte spørsmål til om han var ugild i saka. Lars Ragnvald Djupevåg, V stilte spørsmål til om han var ugild i saka. Framlegg til vedtak Ordførar Astrid Farestveit Selsvold: Begge representantane er gilde i saka. Røysting over gildskap: Det vart samrøystes vedteke med 7 røyster at Nils Drage, Ap er gild i saka. Det vart samrøystes vedteke med 7 røyster at Lars Ragnvald Djupevåg, V er gild i saka. Vedtak: Nils Drage, Ap er gild i saka. Lars Ragnvald Djupevåg, V er gild i saka. Det var 9 røysteføre i den vidare handsaminga av saka. Framlegg til vedtak Oddvar Brakestad, H: Endre pkt. 9 c) til: alternativt bør det vurderast om heile barnehagedrifta bør samlast i tidlegare barneskulelokale på Tangerås. Bygget vil også ha plass til andre aktivitetar, og det bør vurderast om det kan nyttast til anna næringsverksemd i sambruk med barnehage, evt. utan barnehage. Røysting: Oddvar Brakestad, H sitt framlegg til vedtak vart vedteke med 8 røyster mot 1 røyst. Desse røysta for framlegget: Oddvar Brakestad, H Arild Berge, Du Knut Aage Vikøy, Ap Harald Kjosås, Krf Marie Fraas Aksnes,Sp Martin Vik, Sp Lars Ragnvald Djupevåg, V Ordførar Astrid Farestveit Selsvold Nils Drage, Ap røysta mot framlegget. Punkt 2 i rådmannen sitt framlegg vart teken opp til røysting for seg. Punkt 2. vart vedteke med 8 røyster mot 1 røyst.

Desse røysta for framlegget: Oddvar Brakestad, H Arild Berge, Du Knut Aage Vikøy, Ap Harald Kjosås, Krf Marie Fraas Aksnes,Sp Martin Vik, Sp Nils Drage, Ap Ordførar Astrid Farestveit Selsvold Representanten Lars Ragnvald Djupevåg, V røysta mot framlegget. Rådmannen sitt framlegg til vedtak (resterande) vart samrøystes vedteke med 9 røyster. Saksordførar: Harald Kjosås, Krf FSK-004/10 Tilråding: Kvam heradstyre vedtek: 1. Norheimsund og Øystese vert slått saman til ei barnehagesone for å utnytta det samla barnehagetilbodet i desse bygdene best mogeleg 2. Kvam herad skal framleis driva barnehagane i Øystese. 3. Den planlagde ombygginga av Firkløveren sjukeheim og omsorgsbustadane og avlastningsbustaden på Bjørketeigen vert i denne omgang ikkje gjennomført. Bygga skal inntil vidare nyttast som i dag. 4. Ombygginga til barnehagedrift på Bjørketeigen skal omfatta Servicehuset og garasjen med oppstart snarast mogleg i 2010. Budsjett-tabellane for 2010-13 vert endra i tråd med dette. 5. I ny reguleringsplan vert det lagt til rette for bygging av ein ny barnehagepaviljong tilknytta Servicehuset. Denne skal erstatta Øystese barnehage i bedehuset i 2012-13. 6. Tørvikbygd barnehage i Fredsvikhuset vert frå hausten 2010 flytta til leigde lokale i Tørvikbygd bedehus medan det vert bygd ny to-avdelingsbarnehage i Tørvikbygd, enten på vedteken tomt i Fredsvik eller på annan stad i Tørvikbygd, dersom Fredsvik gjennom vedtak i reguleringsplanen ikkje skal nyttast til barnehage. Rådmannen legg fram eige sak om kven som skal gjennomføra planlegging, utbygging og drift av den nye barnehagen. 7. Ålvik barnehage får gjennomført tilbygg i 2010 i tråd med tidlegare vedtak. 8. Tolomarka barnehage, Norheimsund barnehage og Strandebarm barnehage skal oppgraderast i samsvar med vedlikehaldsbehovet i 2010-12. 9. Rådmannen skal utarbeida plan for barnehagedrifta i Strandebarm og Oma ved å sjå på følgjande alternativ: a. ved nybygg på anna tomt på Oma, t.d. ved å riva Oma skule og byggja ein 1- avdelingsbarnehage der b. ved tilbygg til Strandbarm barnehage, dersom tomta kan tillata dette. c. alternativt bør det vurderast om heile barnehagedrifta bør samlast i tidlegare barneskulelokale på Tangerås. Bygget vil også ha plass til andre aktivitetar, og det bør vurderast om det kan nyttast til anna næringsverksemd i sambruk med barnehage, evt. utan barnehage.

Lista inneheld sentrale dokument som det er referert til eller sitert frå i saksframstillinga: JournalID Journaldato Tittel Avsendar For å opne dokument det er referert til i tabellen må du klikke på lenka under her. Skriv så inn JournalID i søkefeltet DokumentID og utfør søket. http://www.kvam.no/innsyn5/wfinnsyn.aspx?response=journalpost_sok&simple=false

Saksopplysningar: Kvam heradstyre sitt vedtak pkt. 5 og 6 lyder slik: 5. Kvam heradstyre ber rådmannen utarbeida ein oversikt kva dei auka kostnadane er inklusive renteutgifter, med snarleg ferdigstilling av barnehageutbygginga i Øystese og Tørvikbygd 6. Kvam heradstyre ber rådmannen i januar 2010 leggja fram ein oversikt for eit alternativ med privat / offentleg driven barnehage i Øystese, med utbygging for heile behovet i Øystese. Oversikta skal også innehalda driftsplan for dei øvrige gjenværande kommunale barnehagane i Kvam. Status Øystese: Det er kome inn anbod på ombygging av Servicehuset og garasjen på Bjørketeigen til barnehage for å erstatta Sjydnahaugen barnehage. Revidert kalkyle etter kontrollrekning er kr. 15,5 mill. kroner inkl. byggjelånsrenter, men avklaringsmøte og kontraktsinngåing vil ikkje verta gjennomført før Kvam heradsstyre har handsama denne saka 09.02.10. Budsjettsummen er 16 mill. kroner. Sjydnahaugen barnehage driv i dag svært urasjonelt i 4 ulike bygg i påvente av nybygg. Ved å samla drifta i eit bygg har rådmannen budsjettert med reduksjon i 3 årsverk. I det prosjekterte nybygget er arealnorma tilsvarande som i Trygge barnehagar. Øystese barnehage ( i Øystese bedehus) har p.t. 2 ekstra barnehagegrupper for å gje tilbod til alle borna som søkjer plass. Det er trong for å finna andre lokale til desse borna snarast mogleg. Frå neste barnehageår 2010 11 føreslår rådmannen at Norheimsund og Øystese vert slått saman til ei barnehagesone, slik at kommunen ved opptak kan bruka dei 20 ledige plassane som no står ledige i Sandven FUS barnehage ( Trygge barnehagar). Det vil effektivisera drifta ved Sandven FUS og gje høve til å avslutta dei mellombelse plassane i Øystese barnehage. Den fullstendige barnehageutbygginga i Øystese tok i tillegg sikte på å nytta resten av lokala på Bjørketeigen til barnehage. Dette gjeld bygga på nedsida av vegen gjennom Bjørketeigen, som i dag er avlastningsbustad, og omsorgsbustader og sjukeheim for 14 brukarar, men denne ombygginga krev at kommunen først byggjer tilsvarande nye omsorgsbustader / sjukeheimsplassar for brukarane som bur der. Slik behovet er, kan ikkje kommunen redusera talet på omsorgsbustader / institusjonsplassar. Kommunen har heller ikkje økonomi til nybygg og ombygging. Rådmannen tilrår difor at desse bygga vert nytta til omsorgsbustader / sjukeheim også i tida som kjem. Som følgje av dette tilrår rådmannen at den ferdige barnehageutbygginga på Bjørketeigen vert avgrensa til dei bygga som no er tilbod om ombygging på ( garasje og servicehus på nordsida av vegen gjennom området), og at det i reguleringsplanen for området vert lagt til rette for å sikra vegen til barnehagen og ein ny barnehagepaviljong naturleg tilknytta den ombygde barnehagen. Eit nybygg som skal erstatta Øystese barnehage ( i bedehuset) vil vera om lag 300 kvm. Byggekostnaden for Sandven FUS er kr. 21.082 pr. m2. Med tomtekostnaden, utandørsanlegg, tilknytingsavgift, generelle kostnader, laust inventar og finansieringskostnader er samla prosjektkostnad kr. 23 mill. kroner. Det er plass til ca. 100 born.

Legg vi til grunn tilsvarande prosjektkostnader pr. kvm bruksareal, vert nybygg inkl. tomtekostnader på ny paviljong på Bjørketeigen kr. 10. mill. kroner. Samla utbyggingskostnad for ombygging og nybygg i Øystese vert då om lag kr. 25 mill. kroner for ca. 140 born. Legg vi til grunn refundert moms og 5% rentekostnad, 40 års nedskriving, vert årlege kapitalkostnad 1,6 mill. kroner. Rådmannen har lagt opp til å effektivisera barnehagedrifta i den nye barnehagen med kutt av min. 3 årsverk. Det vil også vera høve til reduserte administrasjonskostnader. Netto kostnad til å flytta all barnehage til Bjørketeigen vil difor ikkje auka med denne investeringa. Alternativ privat drift? På bakgrunn av politisk initiativ kontakta kommunen Trygge barnehagar om lag 1. desember for å avklara interessa for å etablera ny barnehage i Kvam, spesielt med tanke på Tørvikbygd. I møte med Trygge barnehagar 7. januar vart det gjeve tilbakemelding på at dei kan vera interesserte i dette. Det vart også sett fram spørsmål til om det er interesse for å driva barnehagane i Øystese. Til dette vil rådmannen merka at prosessen der er kome så langt at vi er klare til å inngå avtale om ombygging av garasje og servicebygg. Dersom vi skal avbryta denne prosessen for å invitera Trygge barnehagar til å vurdera oppgåva, treng administrasjonen eit vedtak i Heradsstyret, og det vil utsetja framdrifta. Det er ikkje andre regulerte ledige tomter til barnehageutbygging i Øystese enn Busdalen. Å byggja ut denne tomta til barnehage vil verta like dyr for ein privat barnehageutbyggjar som for kommunen. I tillegg til tomt må det lagast ny bru og elveførebygging. Dette er grunnen til at Kvam herad har gått frå Busdalen. Dersom Trygge barnehagar alternativt skal kjøpa Bjørketeigen som utgangspunkt for ombygging og nybygg for å samla all barnehagedrift i Øystese, vil dei få denne kostnaden i tillegg. Arealnorma pr. barn er i kommunen sine planar for utbygginga på Bjørketeigen lik som i Trygge barnehagar. Einaste skilnad i kostnad av drifta kan verta dersom bemanningsnorma er dårlegare i Trygge barnehagar. Regelverket for likeverdig handsaming av barnehagar i høve til offentlege tilskot er komplisert og det er stor usikkerheit blant kommunane om dei betalar rett beløp til dei private barnehagane. Rådmannen har difor gjeve Telemarksforsking i oppdrag å berekna Kvam herad sitt tilskot til private barnehagar for 2009 og 2010. I tillegg vil det verta utført ein enkel KOSTRA analyse for rammeområdet Barnehagar. Dette vert gjort for å sikra at Kvam herad ikkje betalar meir enn naudsynt i hht til regelverket. På dette tidspunktet ser ikkje rådmannen at Trygge barnehagar skal kunna driva billegare enn kommunen. For at utbygginga i Øystese barnehagar ikkje skal verta ytterlegare forseinka av å venta på svara frå Trygge barnehagar og Telemarksforskning, tilrår rådmannen at kommunen inngår kontrakt på ombygging av Bjørketeigen på bakgrunn av dei tilboda som er gjeve. Status Tørvikbygd: Reguleringsplanen for Tørvikbygd barnehage er under arbeid. I høyringa har Fylkesmannen i Hordaland kome med 4 motsegner til planen. To av motsegnene handlar om barnehagen og lokaliseringa av den. Utvidinga av parkeringsarealet er ikkje i tråd med nasjonale mål om sikring av friområde. Fylkesmannen skriv også at planen må strammast opp, slik at det vert

samsvar mellom dei gode intensjonane. Fylkesmannen er ikkje prinsippielt i mot lokaliseringa For tida leiger Tørvikbygd barnehage lokale til ei gruppe i Tørvikbygd bedehus. Dei dårlege barnehagelokala i Fredsvik gjer at barnehagen der bør stengjast frå sommaren 2010. Leigeforholdet i Tørvikbygd bedehus kan truleg utvidast til begge barnehagegruppene frå sommaren 2010. Det vil medføra auka husleigekostnader til om lag kr. 200.000. Tilsvarande i Øystese er det svært lite effektivt å driva barnehage i to bygg. Slik bør det vera eit mål om å tilsvarande redusera drifta med 1 årsverk om ein kan samla dei to gruppene. Ein ny barnehage i Tørvikbygd vil vera tilsvarande den nye paviljongen på Bjørketeigen. Det er budsjettert 9 mill. kroner i 2012. Ein utbyggingskostnad på 10 mill. kroner vil ha ein kapitalkostnad inkl. nedskriving på kr. 640.000, som tilsvarar innsparte leigekostanader og eit innspart årsverk. Det vert difor ingen auka kostnad med nytt barnehagebygg i Tørvikbygd, og rådmannen tilrår at arbeidet med ny barnehage vert starta opp straks det er klarert tomt, enten i Fredsvik når reguleringsarbeidet er godkjent eller på ein alternativ plass i Tørvikbygd dersom barnehagen ikkje kan byggjast i Fredsvik. Driftsplan for dei andre kommunale barnehagane: Ålvik Ålvik barnehage driv no ei barnehagegruppe i Trånahuset og ei gruppe i Idrettshuset. Det er vedteke eit tilbygg for å stetta trongen for barnehageplassar i eitt bygg. I byggefasen vil heile barnehagedrifta føregå i Idrettshuset/nærliggjande bygg. Tilbygget er kalkulert til 7 mill. kroner, og anbodsdokument er under utarbeiding. Kapitalkostnaden vert kr. 450.000, som tilsvarar eit årsverk. Denne auka kostnaden må takast inn ved kutt av eit årsverk, som vil vera mogleg å gjennomføra når ein samlar barnehagegruppene i eitt bygg. Fykse barnehage Barnehagen er fullt utnytta, først og fremst for barn i grenda, men det er også nokre plassar som vert nytta av born frå Øystese. Bygget er teneleg og nedbetalt. Husleiga dekkar vedlikehaldskostnadane. Barnehagen trengs for å dekka trongen i sone Øystese/ Norheimsund, og må halda fram som eigen barnehage. Tolomarka barnehage Barnehagen har att tre avdelingar etter at Sandven FUS starta opp sin barnehage i Norheimsund. Det er lineær avskriving over 40 år, att står 27 års nedskriving, årleg på kr. 148.890, rente reknast til 5% årleg. Rest bokført verdi er kr. 4.168.933. Vedlikehaldsbehovet (drenering rundt huset, nytt ventilasjonsrom, m.m.) er rekna til kr. 1.012.300. Barnehagen trengs for å dekka trongen i sone Øystese / Norheimsund, og må halda fram som eigen barnehage. Norheimsund barnehage Barnehagen har to avdelingar att etter Sandven FUS starta opp. Barnehagen er 20 år. Det er lineær avskriving over 40 år, att står 20 års nedskriving, årleg på kr. 50.947, rente reknast til 5% årleg. Rest bokført verdi er kr. 1.222.730. Vedlikehaldsbehovet ( reperasjon av ventilasjonsanlegg, ny brannsentral, m.m. ) er rekna til kr. 662.675. Barnehagen trengs for å dekka trongen i sone Øystese / Norheimsund, og må halda fram som eigen barnehage. Strandebarm barnehage

Barnehagen har to avdelingar. Barnehagen er 25 år. Det er lineær avskriving over 40 år, att står 21 års nedskriving, årleg på kr. 77.316, rente reknast til 5% årleg. Rest bokført verdi er kr. 1.700.963. Vedlikehaldsbehovet ( diverse) er kr. 132.000. Saman med Oma barnehage dekkar barnehagen behovet i sone Strandebarm. Oma barnehage Kommunen leiger lokale for ca. 110.000 pr. år. Barnehagelokala er ikkje tilfredsstillande for barnehagedrift. Nye lokale bør takast med på investeringsbudsjettet. Desse kan løysast: a. ved nybygg på anna tomt på Oma, t.d. ved å riva Oma skule og byggja ein 1- avdelingsbarnehage der b. ved tilbygg til Strandbarm barnehage, dersom tomta kan tillata dette. c. alternativt bør det vurderast om heile barnehagedrifta bør samlast i tidlegare barneskulelokale på Tangerås. Bygget vil også ha plass til andre aktivitetar, og det bør vurderast om det kan nyttast til helsesenter / anna næringsverksemd i sambruk med barnehage, evt. utan barnehage. Rådmannen vil presentera ei sak der alle desse alternativa er utgreidd. Vurdering: Rådmannen tilrår at Kvam heradstyre fører vidare arbeidet med barnehageutbygginga i tråd med oversikta som er gjeve i denne saka. Det vil medføra gode løysingar for alle bygdene. Når det gjeld Strandebarm barnehage er det mange alternativ, men alle vil gje gode løysingar. Der vil lokaliseringsvalet først og fremst verta avgjerande. Avstanden til Gravdal og trongen for barnehagar i nærmiljøet på Oma kan verta avgjerande for det valet heradstyret gjer.