Team Hareid Trygg Heime



Like dokumenter
Team Surnadal- Velferdsteknologi i helhetlige pasientforløp Teamet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Team Vestnes - Sporings- og varslingsteknologi

Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune

Team Ørsta aktiv alderdom med velferdsteknologi

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Å KOMME HEIM OPPFØLGING AV DEG OG FAMILIEN DIN

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Mestring og deltaking heile livet

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Med god informasjon i bagasjen

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon til pasientar og pårørande

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Lindåsprosjektet. Våre erfaringar med innføring av omsorgsteknologi. Konferansen Bergen Eldre og bolig 2013

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Team Sunnmørsgruppa Trygt liv i eigen heim

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Torsdag 23. Januar, Flora Samfunnshus

Strategiplan for Apoteka Vest HF

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

«Utprøving og innføring av Velferdsteknologi i Stord kommune»

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Månadsbrev for Rosa september 2014

Team Aukra. Team 1 Aukra- Heimetenesta og teknologi hand i hand

«Nordhordland kommune»

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Etikk og refleksjon i Sula kommune «Kinderegg» for kvalitet i fagutvikling

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

BRUKARSTYRT PERSONLEG ASSISTENT

Innovativ anskaffing av tryggleiksskapande teknologi og responssentertenester.

ehandel og lokalt næringsliv

«SAMHANDLINGSREFORMA» STATUS OG PLANAR. LUSTER; Lokale forhold og føresetnader for reforma; - Geografi og avstandar. - Struktur og økonomi.

Resultat brukarundersøkingar

Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Levekår 028/

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Sogn lokalmedisinske senter

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Informasjon til pasient med. brudd i øvre lårbein. Kristiansund sjukehus Molde sjukehus Volda sjukehus Ålesund sjukehus

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Forslag til forskrift

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Telemedisin Sogn og Fjordane Retningsliner for bruk av videokonferanse

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Plassebakken Barnehage

REGLEMENT OM ELEKTRONISK KOMMUNIKASJONSTENESTE FOR MØRE OG ROMSDAL FYLKE.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Styremøte i Helse Finnmark HF Dato. 1. desember Møtedato: 8. desember Saksbehandlar: HMS-rådgjevar Andreas Ertesvåg.

Notat. Utvikling av kostnadar til gjestepasientar. Styresak 58/12 O Administrerande direktør si orientering notat nr. 3 Styremøte

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

Brukarrettleiing E-post lesar

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

Den nye seksjon for applikasjonar

Husleige / Fellsekostnader i interkommunale samarbeid i Hallingdal.

Slik skal Lindås kommune arbeide med tiltakene i Strategisk næringsplan. Astrid Aarhus Byrknes, ordfører Lindås kommune, KrF

Teknikk og konsentrasjon viktigast

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

VERDIDEBATT OMSORGSTENESTENE I GOL. OMSORGSPLAN

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Årsrapport Kreftkoordinator ÅLA

HAREID KOMMUNE Sektor for velferd

Demensavdelinga i heimebaserte tenester

Sigrid Lindåsprosjektet Omsorgsteknologi i Lindås kommune. Lindåsprosjektet. Lindåsprosjektet. Lindåsprosjektet.

Interkommunalt samarbeid ÅLA kommunane vedr økonomisk rådgjevar Mette Hestetun Berg leiar, NAV Årdal

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Melding om sjukefråvær Den tilsette skal gje melding om sjukefråvær til arbeidsgjevar så tidleg som mogleg.

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Forbrukerrådets kontrakt for service og reparasjon av bil

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Stryn kommune 1

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Framtidige behov for hjelpemiddel

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Transkript:

Team Hareid Trygg Heime Hareid i fugleperspektiv fotografert frå Holstad-heia. Hareid er ein kystkommune med litt i overkant av 5000 innbyggarar. I areal er det ei lita kommune, med kommunesenteret Hareid, og utkantgrendene Brandal, Bigset og Hjørungavåg. Hareid grenser til Ulstein kommune, og har ferjesamband med Sula, og hurtigbåtsamband til Ålesund og Valderøy. Til læringsnettverket for velferdsteknologi vart det peika ut følgande gruppe frå Hareid kommune: Monica Småge Skeide, Elisabeth Myrene, Unni Bergdal og Ottar Grimstad. Monica Småge Skeide er sjukepleiar og einingsleiar for somatisk avdeling ved Hareid sjukeheim. I perioda 2008-2012 var ho einingsleiar i heimetenestene. Tilsett i kommuna sidan 2008. Elisabeth har vore kommuna sin ergoterapeut sidan 1999. Unni Bergdal er sjukepleiar og einingsleiar for heimebaserte tenester sidan 2012, men har jobba i Hareid kommune sin omsorgssektor sidan 1995. Ottar Grimstad er kommuneoverlege og sjukeheimslege. Byrja som allmennpraktiserande lege på Hareid 1975. Kven er vi? 1

Problemstilling Utgangspunktet vårt for arbeidet var eit behov for nye tryggleiksalarmar. Vi har alarmar basert på gammal analog teknologi som er i ferd med å bli fasa ut. Mottakssentralen vår er gammal og lar seg ikkje lenger reparere dersom den skulle verte øydelagd. Det er stadig fleire brukarar som ikkje har analog telefonlinje, mellom anna fordi mange flytter frå bustaden sin og inn i nye leiligheitskompleks. Dette medfører at dei ikkje kan gjere seg nytte av dei tryggleiks alarmane Hareid kommune i dag kan tilby. 2

Tryggleiksalarm og mobil Samtlege tryggleiksalarmar Hareid kommune administrerer kan kun nyttast på analog linje. Dette skaper utfordringar når trenden er at stadig fleire velger vekk fasttelefon til fordel for mobil. Prosess for å finne løysinga: I prosessen med nye tryggleiksalarmar har vi ønska å sjå framover til ei berekraftig løysing som kan løyse tryggleiksbehov utover det å kunne trykke på ein alarmknapp i eigen heim. Vi har tatt utgangspunkt i situasjonen til pasientar som kan kome i situasjonar med hjelpebehov der dei ikkje kan varsle sjølv via vanleg tryggleiksalarm. Vi har drøfta behov i gruppa ut frå konkrete pasientar vi kjenner i eiga kommune. Ut frå dette har vi utarbeidd ein presisering av behov som er drøfta i heile leiargruppa i område for velferd. Behovet er definert ut frå fire perspektiv: Pasientane har behov for å kunne tilkalle hjelp, og å få oppdaga at dei treng hjelp også når dei ikkje er i stand til å sende bod på hjelp sjølv. Dei har også behov for å kunne bevege seg utanfor eigen bustad og kunne tilkalle hjelp der dei befinn seg. Pårørande og nærmiljø har behov for å føle seg trygge for sine, at dei får hjelp når dei treng det. Hjelparane/personalet har behov for å vite at dei blir varsla når ein pasient har behov for dei. Dei har behov for å føle seg trygge når dei må forlate ein pasient aleine. Kommunen har behov for at ressursane blir utnytta så godt som mogleg. Dei som treng hjelp må få det, men ein må unngå unødvendige besøk. Ein må også skape så stor tryggleik i heimane at ein slepp unødig bruk av institusjonsplassar. Ut frå dette har vi kome fram til følgande krav til den løysinga vi skal velje: Tryggleiksalarmane må vere uavhengig av eksisterande analoge telefonnett Dei må kunne tilkoblast anna relevant tryggleiks- og overvåkingsutstyr Dei må følgje nasjonale standardar med IP-basert teknologi Det må vere eit tilbod på utstyr som også kan nyttast utanfor huset, eventuelt med GPS-sporingsteknologi. 3

Desse krava er også drøfta og testa opp mot leiargruppa og kommunalsjef via Power pointpresentasjon med utfyllande kommentarar. Utbyte på kort og lang sikt: I første omgang blir utbyttet å kunne oppretthalde eit ordinært tryggleiksalarmtilbod i ein situasjon med raskt endra teknologiske føresetnader. For mange pasientar er tryggleiksalarm heilt naudsynt for fortsatt å kunne bo i eigen heim. Med dette vonar ein på sikt truleg få mindre press på vidare utbygging av sjukeheimsplassar. I neste runde kjem muligheita for å kunne gi tilbod til brukarar som har eit auka tryggleiksbehov i eigen hage eller på turar utanfor heimen. Vi ser også at ein skal kunne unngå unødige tilsynsbesøk, særleg på natt, der faren for å vekke pasienten og dermed skade, er til stades. Gevinsten blir såleis ein kvalitetsgevinst for brukarane, og ein framtidig økonomisk gevinst for kommunen ved å redusere presset for å bygge ut kostbare alternative omsorgstilbod. Eigenevaluering: A) Vi meiner at det er dei rette personane som har vore med i gruppa. Vi har, etter siste samling også fått med IT-avdelinga i eit møte med gruppa. Dette har vore svært nyttig, men det har vore urealistisk å kunne ha dei med i gruppa på dei fylkesvise samlingane. B) Kommunestyret har innvilga ressursar til innkjøp/investering i nytt utstyr, og vi har hatt god støtte frå kommunalsjef for velferd til arbeidet. Dette gjeld fornying av tryggleiksalarmar. For den framtidige utvidinga av perspektivet med anna overvåkings- og alarmutstyr, vil det vere nødvendig med nye forankringsprosessar både i forhold til politisk nivå, personale og brukarar. C) Dei krava vi stiller til ei løysing, har vore rimeleg klare for oss heile tida, og vi synes ikkje prosessen vi har gjennomført, har tilført så mykje. Det har meir hatt preg av naudsynte øvingar ut frå oppgåvene i læringsnettverket, enn ein genuin prosess som endrar på mål og resultat. Det som har vore nyttig, er å få diskutere ymse problemstillingar med dei andre deltakarane i læringsnettverket. D) Vi synes læringsnettverket, for vår del, har stansa opp når vi no kjem til det som verkeleg er vanskeleg: Kvar går vi vidare for å finne ei løysing i samsvar med dei krava vi stiller? Kva må vi i gang med for å finne relevante leverandørar og gjennomføre gode innkjøpsprosessar? Korleis skal vi forhalde oss til uklare og til dels motstridande signal frå sentralt hald («Kjøp tryggleiksalarmar no, men dei må vere digitale og ikkje 4

kjøp digitale mottakssentralar enda fordi standarden ikkje er klar»). Kva interkommunale samarbeid bør vi nytte eller utvikle? Til slutt må vi få lov til å rose Helen og hennar «gjeng» for ståpå-vilje, entusiasme og engasjement i dette viktige arbeidet. 5