SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Vidar Roseth Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/435 DELTAKING I FELLES KOMMUNAL OPPREISINGSORDNING I SOGN OG FJORDANE... Sett inn saksutredningen under denne linja Vedlegg: Bakgrunn: Lovheimel: Rapport frå arbeidsgruppe SAKSOPPLYSNINGAR Innleiing Vedlagt fylgjer rapport frå ei arbeidsgruppe oppnemnt av KS Sogn og Fjordane med framlegg til etablering av felles kommunal oppreisingsordning i fylket relatert til omsorgssvikt/overgrep mot barn under kommunal omsorg. Rapporten skildrar bakgrunn og prosess for arbeidet og hovudelementa i framlegget til samarbeidsavtale og vedtekter. Som vedlegg A) i rapporten fylgjer arbeidsgruppa sitt samrøystes framlegg til samarbeidsavtale og vedtekter for ei mellombels felles oppreisingsordning i Sogn og Fjordane. I tillegg inneheld rapporten to av hovudarbeidsdokumenta m/vedlegg datert 15.01.10 og 15.04.10 som har vore nytta i samband med arbeidet undervegs. Desse dokumenta gjev utfyllande informasjon om drøftingar, føresetnader og posisjonar i ulike fasar av arbeidet, og i høve til ulike element i framlegget som det har vore naudsynt å avklare og vere konsistent i høve til. Rapporten inneheld også uttalane frå fylkesmøtet i KS Sogn og Fjordane den 10.02.10, der fylgjande vart vedteke: Fylkesmøtet viser til sin uttale frå møte 12. februar 2009, der ein bad KS Sogn og Fjordane halde fram arbeidet med sikte på etablering av ei felles oppreisningsordning i Sogn og Fjordane. Då det er klarlagt at det ligg føre konkrete saker av denne karakter til handsaming i kommunar i Sogn og Fjordane, og det også er klare indikasjonar på overgrep og omsorgssvikt i den tida fylkeskommunen hadde ansvar, vil fylkesmøtet be arbeidsgruppa om at eit samla framlegg til ei slik oppreisningsordning snarast råd kan presenterast som ei innstilling for handsaming i kommunane og fylkeskommunen.
Fylkesmøte vil understreke at det her er snakk om eit moralsk ansvar, og ikkje ei juridisk innretning, og med føremål å kunne gi menneske som har vore utsett for omsorgssvikt/overgrep som barn under offentleg omsorg, ein ny start i livet. Arbeidsgruppa har gjennom denne prosessen kome fram til ei samrøystes innstilling, slik den no ligg føre. Ordninga skal vare i 2 år frå den dato oppreisingsutvalet, som skal etablerast, kunngjer at dei tek imot søknader. Etter dette fell ordninga bort, men slik at søknader som har kome i denne toårs perioden skal handsamast ferdig. I og med at det i fylkeskommunen skal etablerast både sekretariat og oppreisingsutval med tilhøyrande rekruttering av personell og tilrettelegging elles, er det sannsynleg at oppreisingsordninga fyrst vil kunne vere operativ frå rundt årskiftet 2010/2011, om kommunane/fylkeskommunen vel å slutte seg til ordninga. Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane gjorde i møte 10.02.10 slikt samrøystes vedtak: "Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane vil gi uttrykk for at det no er på høg tid at kommunane og fylkeskommunen i Sogn og Fjordane tek eit moralsk ansvar for - og gjev ei orsaking utan atterhald til - personar som då dei var barn vart utsett for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna plassering frå kommunane i perioden før 1. januar 1993. Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane oppmodar derfor alle kommunane/fylkeskommunen i Sogn og Fjordane om å slutte seg til ei felles kommunal oppreisingsordning, slik det er gjort greie for i rapport frå ei arbeidsgruppe oppnemnd av KS Sogn og Fjordane datert 28.04.2010 med framlegg til samarbeidsavtale og vedtekter. Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane føreset at alle kommunar og fylkeskommunen handsamar sak om tilslutnad til oppreisingsordninga i kommunestyre/fylkesting i løpet av vårhalvåret 2010." Bakgrunn og prosess Spørsmålet om å sette i gang ei vurdering av ei felles oppreisningsordning i Sogn og Fjordane for omsorgssvikt/overgrep mot barn under kommunal omsorg, har i fleire samanhengar vore reist overfor KS i fylket, m.a. frå Fylkesmannen og enkeltkommunar/-personar. Det er også kjent at det ligg saker som vil kunne falle inn under ei slik ordning på vent i fleire kommunar i fylket. På denne bakgrunnen vart spørsmålet om vidare utgreiingsarbeid med siktemål å få belyst kva ei slik ordning vil innebere, kva som er føremålet med den, og korleis den kan organiserast, formaliserast og gjennomførast, teke opp i to omgangar gjennom KS Sogn og Fjordane sitt rådmannsutval og fylkesstyre i løpet av 2008. Forankringa av prosessen vidare har også skjedd gjennom temamøte, KS Sogn og Fjordane sin strategikonferanse i 2009, fylkesmøte i KS Sogn og Fjordane i 2009 og 2010, Fylkesmannen sin kommunekonferanse i 2009 og dialogmøte med representantar for den politiske og administrative leiinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2009 og 2010. Fylkesstyret i KS Sogn og Fjordane tok i mars 2009 initiativ til å etablere ei arbeidsgruppe.. som skal kome med forslag til ei felles oppreisningsordning for kommunane/ fylkeskommunen i Sogn og Fjordane for omsorgssvikt/overgrep mot barn under offentleg omsorg.. Herunder må det drøftast: - Kriteria for kven som skal kunne søkje (personkrets, type vedtak, geografi m.v.) - Tidsfrist for ordninga (start, slutt, søknadsfrist)
- Beløpsstorleikar - Krav til innhald i søknad - Type dokumentasjon - Organisering av ordninga - Tilhøvet til staten si billigheitsordning (subsidiær/supplementær) - Eventuelle andre tema Det vart også i mandatet slått fast at KS Sogn og Fjordane vert sekretariat for arbeidet, og at KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre vert styringsgruppe. Arbeidsgruppa har hatt slik samansetting: - Vidar Roseth, leiar (leiar av rådmannsutvalet/rådmann i Balestrand kommune) - Svein Kåre Senneseth (kommunalsjef i Årdal kommune) - Lisbeth Nord (barnevernleiar i Eid kommune) - Arvid Mellingen (juridisk sjef hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane) - Merete Myklebust (juridisk rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune kom med i arbeidsgruppa hausten 2009) Sekretær for arbeidsgruppa har vore Jan Ryste, dagleg leiar i KS Sogn og Fjordane. Arbeidsgruppa har gjennomført 3 møte (08.05.09, 21.01.10 og 19.04.10) ikkje alle fulltalige, og to med ekstern deltaking frå Prosjekt Oppreisning. I siste møte kom arbeidsgruppa fram til eit samrøystes framlegg til samarbeidsavtale og vedtekter for ei mellombels felles oppreisingsordning i Sogn og Fjordane. Hovudelement i framlegget Ordninga har som føremål at deltakarkommunane tek eit moralsk ansvar for, og gjev ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til, personar som då dei var barn vart utsett for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna plassering av deltakarkommunane før 1. januar 1993. Oppreisingsordninga vert organisert som eit frivillig samarbeid utan heimel i lov. Ordninga skal vare i 2 år frå den dato oppreisingsutvalet kunngjer at dei tek imot søknader. Etter dette fell ordninga bort. Fylkeskommunen har ansvaret for drifta av oppreisingsordninga, herunder ansvaret for sekretariat og oppreisingsutval. Deltakarkommunane overfører til fylkeskommunen mynde til å førebu og ta avgjerd i oppreisingssakene frå det tidspunkt ordninga trer i kraft. Fylkeskommunen legg avgjerdsmynde til eit oppreisingsutval samansett av tre erfarne medlemmar, der leiar skal vere jurist og dei øvrige medlemmane skal ha relevant erfaring og helse- og sosialfagleg kompetanse. Oppreisingsutvalet held fram sitt arbeid inntil alle søknader som er innkomen innan to-års fristen, er handsama, i utgangspunktet maksimalt inntil 6 månader etter opphøyr av ordninga. Deltakarkommunane skal dekke utgiftene ved oppreisingsordninga slik:
a) Utbetaling av heile oppreisingsbeløpet til personar som kommunen har ansvaret for fram til 01.01.1980. b) Utbetaling av 50% av oppreisingsbeløpet til personar som kommunen og fylkeskommunen har delt ansvar for frå 01.01.1980 til 01.01.1993. c) Dekking av personar sine evt. utgifter til advokatbistand. d) Dekking etter rekning av sekretariatet sine utgifter til handsaming av saken, herunder løn inkl. sosiale kostnader, reiseutgifter og tilsvarande. e) Dekking etter rekning av oppreisingsutvalet sine utgifter til handsaminga av saka. f) Høvesvis dekking av kostnader knytt til informasjonsarbeid og annonsering ved etablering av ordninga. Dette skal dekke ekstrakostnadar som fylkeskommunen blir påført som følgje av at fylkeskommunen gjer eit arbeid på vegner av kommunane. Fylkeskommunen skal dekke utgiftene ved oppreisingsordninga slik: a) Utbetaling av 50% av oppreisingsbeløpet til personar som kommunen og fylkeskommunen har delt ansvaret for frå 01.01.1980 til 01.01.1993. b) Dekking av personar sine evt. utgifter til advokatbistand. c) Dekking etter rekning av oppreisingsutvalet sine utgifter til handsaming av saka. d) Høvesvis dekking av kostnader knytt til informasjonsarbeid og annonsering ved etablering av ordninga. Når det gjeld oppreisingsbeløp for perioden 01.01.1980 01.01.1993, jf. pkt. b) ovanfor i høve til kommunane sitt ansvar, og pkt. a) i høve til fylkeskommunen sitt ansvar, er grunngjevinga for delt oppreisingsbeløp at frå 01.01.1980 vart ansvaret for barnevernsinstitusjonane overført til fylkeskommunen. Gjennom fosterheimssentralen fekk fylkeskommunen også ansvar for rekruttering og formidling av fosterheimar. Med bakgrunn i desse endringane er det vanleg å legge til grunn at kommunen og fylkeskommunen hadde delt ansvar med omsyn til barnevernet si plassering av barn utanfor heimen etter 01.01.1980, jf. karleggingsstudie av kommunale oppreisingsordningar for tidlegare barnevernsbarn utført av institutt for kriminologi og rettssosiologi ved Universitetet i Oslo på oppdrag frå KS, 2010, s. 39. Det er utarbeidd vilkår for å søkje om kommunal oppreising ( 6) og kriterium for utmåling av oppreising ( 7) i framlegget. For grove seksuelle overgrep eller anna grov psykisk eller fysisk vold, eller gjentekne overgrep som kan karakteriserast som vedvarande barneslavearbeid vert det gjeve ei oppreising på kr 725.000. Til dei som gjennom eigenerklæring og eventuell annan dokumentasjon sannsynleggjer at dei har vore utsett for andre overgrep, vert det gjeve ei oppreising på kr 500.000. Til dei som gjennom eigenerklæring og eventuell annan dokumentasjon sannsynleggjer at dei har vore utsett for omsorgssvikt, vert det gjeve ei oppreising på kr 300.000. Dersom omsorgssvikten vert vurdert som så omfattande og påført over så lang tid at skadeverknadane vurderast som ekstraordinære, kan høgare oppreisingsbeløp innvilgast. Oppreising vert ikkje gjeve ikkje med utgangspunkt i juridisk ansvar for økonomisk tap, og utan avkorting mot eventuell innvilga erstatning etter Stortinget si utvida og tilpassa vederlagsordning. Det er innarbeidd reglar for sakshandsaming i sekretariatet ( 8.1) og i oppreisingsutvalet ( 8.2)
Oppreisingsutvalet sine vedtak kan påklagast til den respektive kommune sitt faste klageorgan ( 9). Klagehandsaminga skal fylgje reglane i forvaltningslova, kap. VI, så langt dei passar. Klage skal fremjast overfor oppreisingsutvalet, som handsamar klaga som underinstans før den vert oversendt til vedkomande kommune/fylkeskommunen. VURDERING Utgreiingar og erfaringar syner diverre at mange barn i Norge har vorte utsette for overgrep og omsorgssvikt medan dei har vore under kommunal omsorg i institusjon, fosterheim eller annan form for plassering. Sjølv om kommunane og fylkeskommunen i dag ikkje må gjere det, handlar denne saka om at ein likevel rydder opp og tek eit moralsk ansvar for det som tidlegare har skjedd. Det er etablert felles ordningar med dette føremålet i fleire fylke, og rådmannen vil tilrå at ein gjer det også i Sogn og Fjordane. Med det framlegget som ligg føre, er det rådmannen si oppfatning at vårt fylke vil få ei av dei ryddigaste og beste ordningane. Det viktigaste ved ei slik ordning er ikkje pengesummane som vert utbetalte, men at nokon gir ei uforbehalden orsaking og gir vedkomande oppreising på den måten. Det er vanskeleg å kompensere for overgrep i pengar, men ei økonomisk yting vil stadfeste orsakinga og kunne vere til noko hjelp for mange. Det viser seg at ein del av dei som får ei slik oppreising får ein ny start i livet og kan kome ut av rusproblem, starte med utdanning, få seg jobb og kome ut av økonomiske problem m.m. Å delta i ordninga vil medføre ei stor uvisse med omsyn til økonomisk utteljing for kommunen. Pr i dag er det ikkje registrert krav eller søknader retta mot Balestrand kommune, men slike vil kunne kome etter ei kunngjering av ordninga. Det er altså plasseringskommunen som etter føresetnadene skal ta ansvaret (delt med fylkeskommunen etter 01.01.80). Storleiken på beløpa er sett ut frå tidlegare etablerte standardar og omsynet til likebehandling. I samband med saker vil det og påløpe utgifter til advokat og utgifter knytt til sekretariatet og oppreisningsutvalet. Ein mindre del av utgiftene (kunngjering/annonsering) vil verte fordelt høvesvis på alle deltakarane uavhengig av saker. Trass i uvisse knytt til økonomi, som det ikkje er mogeleg å eliminere, vil rådmannen tilrå at kommunen tek det moralske ansvaret og deltek i ordninga.... Sett inn saksutredningen over denne linja Rådmannen si tilråding ::: Sett inn innstillingen under denne linja Balestrand kommune sluttar seg til felles kommunal oppreisingsordning i Sogn og Fjordane for barn som vart utsett for overgrep eller omsorgssvikt under kommunal omsorg før 1. januar 1993, i samsvar med framlegg til samarbeidsavtale og vedtekter frå ei arbeidsgruppe oppnemnd av KS Sogn og Fjordane datert 28.04.10. Balestrand kommune ynskjer med si tilslutning til denne oppreisingsordninga å ta eit moralsk ansvar for, og gi ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til, eventuelle personar som då dei var barn og under kommunal omsorg vart utsett for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller under anna plassering.
::: Sett inn innstillingen over denne linja