SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkiv: 223 M55 Arkivsaksnr.: 13/829 Offentlege toalett Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Kommunestyret godkjenner opplegg for «Tilgang til offentlege toalett i Luster kommune, kommunalt engasjement» slik det går fram av sak og kartvedlegg. Kommunestyret legg til grunn ei kostnadsråme på inntil kr 330 000 pr år. Kostnader utover vedteke budsjett for 2013 vert innarbeidd i tertialrapport 2 i 2013. Årskostnadane for seinare år vert innarbeidd i budsjettet for 2014/ØP 2014-2017. Rådmannen får fullmakt til å utforme avtalar med eksterne partar. ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Kartvedlegg Uprenta vedlegg: Samandrag: I saka er det ein gjennomgang av behovet for tilgang til offentlege toalett i kommunen. Sjølv om det er eit kommunalt ansvar i saka så vil det vera eit skjønspørsmål kor omfattande tilbod kommunen skal vere med å sikra. Spørsmåla vil vere, korleis eit slikt tilbod skal organiserast, kvar ein har trong for offentlege toalett og kor mykje ressursar det skal brukast etc. Luster Kommune har ikkje eigarskap/driftsansvaret for svært mange toalett. Offentleg eigde toalett med offentleg driftsansvar er relativt dyrt å drifte som separat eining. Kommunen har i staden prøvd å få til avtalar med verksemder om å nytte deira fasilitetar mot økonomisk vederlag. Rådmann tilrår i saka at ein vidarefører ein slik strategi og at det er behov for ei viss utviding av noverande tilbod. Ein vil då få dekka behov, i sentrumsområde og utfartsområde, noko betre enn i dag Årskostnaden for det opplegget som er skissert er inntil kr 330 000. Dette vil vere inntil kr 180 000 utover dagens samla budsjettråme. Dette må innarbeidast i vidare budsjettarbeid. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret Fakta/vurdering: Tilgang til offentlege toalett for både tilreisande og lokalbefolkning er eit kommunalt ansvar. Det føregår i dei fleste kommunar ein diskusjon med jamne mellomrom om korleis eit slikt tilbod skal organiserast, kvar ein har trong for offentlege toalett, kor mykje ressursar det skal brukast på slike tilbod etc. Som utgangspunkt er det viktig å vite at i Luster Kommune er det mange toalett, som i praksis er opne for alle, særleg om sommaren. Kommunen har mange overnattings- og serveringsverksemder, bensinstasjonar og butikkar som i praksis har toalett som alle kan nytte. Einskilde verksemder har grunna lokalisering betydeleg meir offentleg toalettbruk enn andre. Luster Kommune har ikkje eigarskap/driftsansvaret for svært mange toalett. Offentleg eigde toalett med offentleg driftsansvar er ofte dyre å drifte. Det vil vere små anlegg som treng drifts- og vedlikehaldstilsyn ofte. Kommunen har i staden prøvd å få til avtalar med verksemder om å nytte deira fasilitetar mot økonomisk vederlag. Gjennomgang; Tilgang til offentlege toalett i Luster kommune - oppsummering Turtagrø Etter at Turtagrø hotell vart bygd opp att etter brannen har det vore offentleg toalett på Turtagrø hotell. Dette var som del av ein avtale om kommunal medfinansiering for å finansiere oppattbygginga av hotellet etter brannen. Avtalen som gjekk over ti år med Turtagrø gjekk ut september 2012. Rådmannen meiner at det er behov for ei toalettløysing på Turtagrø. Det er eit av dei tyngste utfartsområda vi har i kommunen. Ein kan tenkje seg at behovet kan dekkast med mobile toalett som vert plasserte ved parkeringsplassen. Med trafikken som er her om sommaren vil det truleg bli relativt store kostnader med tømming. Turtagrø hotell kan inngå ein ny avtale om samarbeid. Primært vert dette eit tilbod for fjellfolk og folk som stoppar i Turtagrøområdet,
og ein nyttar toaletta på hotellet som i dag. Tilbodet vert ikkje skilta frå vegen, men informert om ved parkeringsplassen. Rådmann vil tilrå at ein inngår avtale med årleg kostnad ca kr 40 000. Statens Vegvesen har toalett på Oskarshaug for vegfarande, som er godt skilta frå veg. Fortun Fortun bygdalag har i ein del år fått tilskot stort kr 10 000 til drift av grøntanlegg og opne toalett på skulen. Dette området er og parkeringsområde for besøkande til Fuglesteg. Luster Kommune vedtok i K.sak 80/09 å stille skuleanlegget vederlagsfritt til disposisjon til Fortun bygdalag for å drive lokal næringsutvikling. Kommunestyret har ytt kr 50 000,- per år i tre år til dekking av løpande faste utgifter. Fortun bygdelag er no i drøfting med Luster kommune om å overta Fortun skule. Rådmannen tilrår at tilskot kr 10 000 årleg til ope toalett vert vidareført inntil vidare. Skjolden Fjordstova er fungerande offentleg toalett på Skjolden. Skjolden bygdalag får kr 10 000 i tilskot til rydding, vedlikehald og grasklypping på gangvegen og badeområdet i Haugsbukti. Elles er offentleg toalett ein del av driftsavtalen Luster kommune har med Fjordstova. Rådmannen vil tilrå at tilskotet til Fjordstova vert auka med kr 10 000. Grunngjevinga er auka press på offentlege toalett grunna cruiseturistar. Feigum Her er dusj og toalett som Sjur Feigum eig og driv. Ope for alle. Kommunen har gjennom mange år dekka årleg kostnad med no om lag kr 25 000. Urnes Her har Fortidsminneforeningen bygd opp eit serviceanlegg med toalett som dei driv. Toalettet er ope heile døgnet fram til fare for frost. Statens vegvesen har ingen planar om toalett på rasteplassen. Luster Det er ikkje offentlege toalett i Dale. Luster kommune ser heller ikkje behov for det no. På badeplassen i Myrane er det toalettanlegg som Luster Kommune eig og driv. Ope frå ca 01.06 til 31.08. Kostnad omlag kr 30 000 i året. Det er trong for ei opp-pussing av anlegget. Vegvesenet må vere med på ein deling av kostnadane, sidan deira rasteplass ligg like ved. Høyheimsvik Igjennom turistvegprosjektet har Statens Vegvesen avtale med fire grunneigarar og driftsansvarleg Stein Bugge Næss om drift av parkerings- og rasteanlegget i Høyheimsvik. Gjeld til og med 2015. Plassen er skilta. Gaupne Toaletta på Pyramiden er opne når Pyramiden er open. AL Parken får driftstilskot på kr 10 000 kroner i sommarsesongen til offentlege toalett. I Parken er det litt turistar og ein del bygdafolk som nyttar området. Dette er og i nærleiken av mykje nytta kunstgrasbana og det vert tilrådd vidareføring av tilbodet. Nigardsbreen: Brevegen AS har søkt om tilskot til drift av toalettet som Brevegen AS eig og driftar. Det er mottatt eit årleg rekneskap som viser utgifter til drift og vedlikehald for 2011 på kr 67 000. Brevegen har også inntekter på bomvegen. Dei har «toalettansvar» for det mest besøkte området i Luster, over 50 000 personar på ein sesong. Rådmannen tilrår at Brevegen AS får eit driftstilskot på kr 10 000 årleg.
Bergset Luster kommune har i handlingsplanen for anlegg i Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet planlagd fast servicebygg på Bergset. Toalettet er under bygging på Sogndal vidaregåande skule, byggfag, og er klar til sesongen 2013. Det vert om lag same løysinga som på Mollandsmarki (kommunen eig anlegget og leiger inn reinhaldar), noko som betyr ein årleg driftskostnad på om lag kr 25 000 30 000. Breheimsenteret Opne toalett for alle. Ikkje kommunalt tilskot. Om lag 30 000 besøkande. Mollandsmarki: På Krossen som er parkering for turar til Molden har Luster kommune etablert toalett i 2010 som kommunen eig og driftar. Leiger inn reinhaldar. Kostnaden er om lag kr 25 000 30 000 for sesongen. Solvorn: Luster kommune har avtale med Solvornbui om drift av toalett. For dette betaler kommunen om lag kr 40 000 i året. Under Sognefjord cup vert det plassert ut toalett på badeplassen. Kostnad om lag kr 10 000. Hafslo: Det er ope toalett i samfunnshuset på Hafslo. Her er det ikkje reinhald når reinhaldarane har ferie og tilbodet vert lite nytta då det ligg usentralt til. Det er kome eit tilbod frå Spar Hafslo ved Mats Karlson om å bygge eit toalett som er ope for alle i Hafslo sentrum. Dei vil investere i næringslokale mm i «gamle Sterribui». Årleg kostnad for kommunen vil vere kr 40 000. Ei løysing med toalett i «Sterribui» vil medføre at det ikkje vert offentleg toalett på «Billags-tomta». Formannskapet har sagt seg positivt interessert i dette alternativet. Rådmannen tilrår at ein går inn på ein avtale med Spar Hafslo v/mats Karlson. Veitastrond: Luster Kommune har avtale med DNT om drift av toalettet på Base camp Tungestølen. Kommunen kostar vask når leirstaden ikkje er i bruk og 50% av kostnaden til tømming av anlegget. Toalettet dekker behovet på Veitastrond. Årleg kostnad kr 20 000. Kyrkjene: Toalettet er ope når kyrkja er i bruk, eller ved arbeid på kyrkjene. Hadde prøveperiode med opne toalett ved kyrkja i Gaupne ein sommar, men vart stengd grunna hærverk. Andre plassar som har vore vurdert: Det er komme innspel på andre plassar der det kan vere behov for toalett-tilbod. Slike plassar er Engjadalen, Mørkridsdalen, Vassbakken (etter at parkeringsplass og turveg til fossen er etablert), Tunsbergdalsdammen, Vigdalen, Styggevatnet. Desse plassane vert ikkje prioriterte slik sakene no vert prioritert. Oppsummering: Rådmann har lagt vekt på å få til ei rimeleg geografisk fordeling i kommunen. Tilbod i sentrumsområde og større samlingspunkt for turutfart er prioritert. Der det ligg til rette for det er det valt samarbeidsløysingar med driftstilskot til dei som alt har aktivitet på plassen. Med dette meiner rådmann me får vidareført tilbod og etablert nokre nye slik at det vert eit rimeleg tilbod til eigne innbyggjarar og reisande i heile kommunen. Rådmannen har drøfta «offentlege toalett» med nokre av sine kollegaer i Sogn. Det er nok slik at kommunane har løysingar både med eigne faste offentlege toalett som regel sentrumstilbod
og gjerne mobile toalett på utfartsplassar/badeplassar drifta av kommunen og i tillegg noko kjøp av «tenester» frå private verksemder/tilskot. Tilbodet er nok generelt mindre i nabokommunane enn det vert lagt opp til i Luster, men det kan vere vanskeleg å samanlikne då struktur, geografi og alternative/supplerande tilbod varierer mykje frå kommune til kommune. Det spesielle med Luster er at kommunen er stor, har mange «turistgrender» og har mange relativt tunge utfartsområde. Eit kommunalt engasjement som omtalt ovanfor har ein årskostnad på kr 300-330 000. I noverande budsjett er det innarbeidd kr 150 000. Meirkostnaden i 2013 vil verte om lag kr 100 000 og vil verte innarbeidd i tertialrapport 2 2013. Frå 2014 må heile årskostnaden inntil kr 330 000 innarbeidast i budsjett og økonomiplan. Dato:02.4.13 Jarle Skartun rådmann Olav Grov næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til:... Sett inn saksutredningen over denne linja