SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Olav Grov Arkivsaksnr.: 10/930 Arkiv: 223 U3 Avery Dennison NTP AS. Søknad om finansiering Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Avery Dennison NTP AS får eit tilskot stort kr 460.000,- til finansiering av opplæring/utvikling. Tilskotet vert finansiert ved forbruk av næringsfondet. ::: Sett inn innstillingen over denne linja... Sett inn saksutredningen under denne linja
Saksutgreiing: Prenta vedlegg: Uprenta vedlegg: Søknad frå Avery Dennison NTP AS. Samandrag: Avery Dennison NTP AS er i ferd med å gjennomføre ei stor satsing på utvikling ved verksemda i Gaupne. Satsinga vil styrke NTP som kompetanseleiande innafor området transferproduksjon i konsernet og det kan og bli opp mot 10-15 nye medarbeidarar i verksemda om ein lukkast i marknadsarbeidet. Totalt er det ei satsing på 7,2 mill kr. NTP søkjer om kr 460.000,- i tilskot til opplæring frå Luster kommune. Rådmannen tilrår medfinansiering. Utval som har vedtaksmynde: Kommunestyret. Fakta: Avery Dennison NTP AS (NTP) har vore ei verksemd i positiv utvikling i lustrasamfunnet i over 20 år. NTP har desse åra produsert eigenutvikla transfermerke (Heat Transfers Labels). Teknologien er no utvikla til å bli mellom dei verdsleiande innan dette området, og er lisensiert ut til produksjon over heile verda. NTP er no i ferd med å gjennomføre eit nytt stort utviklingsprosjekt ved verksemda. Kort går dette ut på å etablere ei ny produksjonsplattform, investere i utstyr og kunnskap for å auke molegheitene for interne analysar i verksemda og gjennomføre utvikling og ekspansjon innan produkt/marknad. I søknaden skriv NTP: Gjennom åra har vi opparbeidd stor kunnskap og erfaring som totalleverandør av merke og løysningar for merking av tekstilar. I 2002 vart vi kjøpt av Paxar Corporation, som var verdas leiande leverandør av produkt for merking, og av komplette merkesystem for produsentar av plagg. Årsaka til oppkjøpet var vår eigenutvikla teknologi for trykking av transfermerker. I 2007 vart Paxar ein del av Avery Dennison som er et leiande selskap på verdsbasis innan trykksensitive merkematerial, kontorprodukt og merkelappar. Avery Dennison er eit Fortune 500 selskap, med hovudkontor i Los Angeles, og har omlag 36.000 tilsette og representert i over 60 land. Vi er ein stor og dominerande leverandør av transfer på den norske marknaden og heimemarknaden vil alltid være viktig for NTP. På den andre sida ligg dei store moglegheitene for vekst og ekspansjon på eksportmarknaden. For å oppnå dette satsar vi tungt på produktutvikling. NTP har i dag ein relativt arbeidsintensiv produksjon, og det er ikkje råd å komma utom at Noreg er eit land med høge lønnskostnadar samanlikna med konkurrentane våre i utlandet. Dette skapar hindringar i høve til vekst og utvikling. For å konkurrere med produsentar lokalisert i land med lågare kostnadsnivå må vi vera blant dei fremste i verda på produksjon og produktutvikling. NTP er peika ut som Avery Dennison konsernet sitt Center of Excellence for transferproduksjon. Vi har dei siste 7 åra brukt store ressursar på å starte opp 10 nye fabrikkar i Asia, Europa, Nord- og Sør Amerika. Det faktum at vi er styrande i
Avery Dennison si utvikling av transfers gir oss store moglegheiter, men det krev at vi set inn store ressursar for å behalde vår posisjon. Under følgjer ei oversikt over kostnadene fordelt på dei tre utviklingsprosjekta: Ny produksjonsplattform for transfermerker Prosjektet for å få ei ny global produksjonsplattform er eit nøkkelelement i Avery Dennison sin plan om å auke sin marknadsdel på sal av transfermerker på verdsbasis. For å kunne rulle ut ei ny plattform for produksjon av transfermerker på ein effektiv måte må det vera eit vellukka og godt dokumentert pilotprosjekt i botnen. Avery Dennison har anbefalt NTP, i Gaupne, som den beste staden for å drive forsking og utvikling av den nye trykkeplattforma. Eit slikt prosjekt krev god opplæring både av dei som skal sette opp maskina og ikkje minst dei som skal drifte den. Ei slik produksjonslinje vil sikre oss eit viktig konkurransefortrinn i både heime- og ute marknaden. Vi er leiande på transferproduksjon i Noreg. Vi har allereie viktige og spennande produksjon til dei store merkenamna som Victoria s Secret, Nike, Adidas, Puma, CK og Hugo Boss, men vår marknadsdel på eksportmarknaden er framleis liten. Eksportmarknaden er prega av hard konkurranse, og mange av kundane er svært prissensitive. Dersom NTP kan redusere produksjonskostnadene, auke kvaliteten og redusere prisen vil det truleg gje oss innpass på fleire marknader som vi til no ikkje har hatt suksess på. Ei ny produksjonsplattform på NTP vil sikre eksisterande arbeidsplassar i Luster Kommune, leggje grunnlaget for framtidig vekst både heime og ute samt styrkje vår posisjon som leiande innanfor transferproduksjon i Avery Dennison. Som ein konsekvens av den kommande trykkeplattforma har vi starta eit prosjekt der vi skal utvide NTP modellen til å omfatte sal til Tyskland, Storbritannia, Danmark og Sverige. Vi vil produsere merker til den lokale marknaden i desse landa, hovudsakleg til arbeids- og sportstøy. Vi er avhengig av ein effektiv produksjon og logistikk for å få dette til å fungere. Prosjektet er venta å gje NTP 20 millionar i auka omsetning om 3 år. For å få til dette har vi allereie tilsett ein seljar i England, og vi kjem til å tilsette ein seljar i Tyskland i løpet av Februar 2010. I Danmark og Sverige vil vi utnytte eksisterande salsapparat i konsernet. Eit vellukka prosjekt vil også føre til 10-15 nytilsette medarbeidarar i heile verdikjeda vår. I tillegg til kjøp av utstyr, vil vi også pådra oss relativt store opplæringskostnader for å få det heile til å fungere effektivt som éin eining. Digital printer for transferproduksjon Denne maskina heng saman med den nye produksjonsplattforma. Ein digital printer for transferproduksjon vil produsere merker med ein 4-farge prosess på ein mykje meir kostnadseffektiv måte, men sjølve ferdigstillinga av produktet må skje i den nye produksjonsplattforma. 4-farge trykk er ein metode å produsera på som gjer at vi kan framstilla merke med nær fotografisk kvalitet ved hjelp av berre 4 fargar. Ved å bruke ein digital printer i staden for tradisjonelle trykkelinjer vil oppnå kortare omstillingstider og betre kvalitet på produktet. Vi forventar at printeren vil erstatta om lag 8000 ark som vi tidlegare ville ha produsert på dei tradisjonelle trykkelinjene våre. Ved å
flytte produksjonen frå flat trykk til printer vil vi redusera produksjonskostnaden og vi vil frigjere kapasitet på dei andre produksjonslinjene våre. Denne forma for produksjon vil også legge til rette for ekspansjon inn i ny marknad, og vi forventar at denne type produksjon vil stå for om lag 3 mill NOK av salet i 2010. Det er ein stor global etterspurnad etter ein plattform for å produsere rimelige 4-farge merke med høg kvalitet, og ved hjelp av denne prosessen vil vi kunne møte krava frå marknaden. Vi vil også være i stand til å bidra til konsernet gjennom testing og utvikling av denne metoden å produsere 4-farge merke. Dersom NTP får utvikla ein god standard på denne nye plattforma vil den bli rulla ut i heile konsernet, og vidare styrkja NTP sitt omdøme. Utvikling av analyseverkty Avery Dennison NTP har alltid hatt eit fokus på produktutvikling, og har satt standarden for mange av produkta som blir produsert av konsernet over heile verda. Vi ynskjer å halde fram med innovativ utvikling av våre produkt, og har fokusert på å knytte til oss folk frå fleire land med høg kompetanse innanfor kjemi og produktutvikling. Vår FoU avdeling består av høgt utdanna personell frå Noreg, Tyskland og England. NTP har nyleg lyst ut ny stilling som kjemikar på vår avdeling for produktutvikling. Vi er svært nøgde med å ha slik kompetanse i vår organisasjon, men vi er avhengig av å ha avanserte og sensitive maskiner for analyse og testing. Ved å ta i bruk teknologi som nyttar seg av Gas Chromatography kombinert med Mass Spectroscopy detection (GC-MS) for å blant anna leite etter farlege kjemikaliar i våre produkt kan vi sikre at vi tilfredstiller stadig strengare krav frå våre kundar. Teknikken er svært sensitiv og spesifikk, og grensene for kvantifisering (parts per million) er enkle å oppnå. Mange av våre store kundar har RSL (restricted substance lists) som er svært krevjande i forhold til spesifisering og mengde av spesifikke komponentar i våre produkt. For å kunne utvikle trygge transfers som er i overeinsstemming med våre kundar sin -, og vår eigen RSL, må me vere i stand til å sjekke våre råvarer og ferdige produkt for farlige kjemikalie. Avdelinga for produktutvikling ved NTP nyttar seg i dag av eksterne laboratorium for å utføre desse analysane. På grunn av høge kostnadar (om lag 500 USD per GC-MS analyse), og det store talet kjemiske råvarer som blir vurdert for framtidige utviklingsprosjekt, er det avgrensa kor mange analysar me kan gjennomføre. Levetida på ei slik maskin er svært lang, så fordelane den medfører vil gi langvarig avkastning både i form av reduserte kostnader og auka kompetanse i produktutviklinga. NTP jobbar også saman med Avery Research Center (ARC) i Los Angeles for å validere kundane sine eigne analysar gjennom ARC sitt eige GC-MS system. Under dette arbeidet vert det sendt mange prøvar frå NTP til ARC. ARC jobbar for tida med ein metode for å påvise spesifikke kjemikaliar som er interessante for NTP på bakgrunn av moglegheitene det vil gje for produktutvikling. Ei GC-MS maskin vil effektivisere samarbeidet mellom NTP og ARC og vi vil kunne bidra med meir og betre informasjon i produktutviklingsprosessen.
Kostnadane med å gjennomføre denne store utviklinga er budsjettert slik: Investering i ny teknologi/utstyr kr 3.335.000 Produktutvikling kr 2.600.000 Opplæringskostnader kr 1.275.000 Totale kostnader kr 7.210.000 Innovasjon Norge har løyvd kr 690.000 i tilskot til å delfinansiere produktutviklinga. NTP søkjer Luster kommune om tilskot stort kr 460.000 til opplæring/utvikling. Dei resterande kostnadene til saman kr 6.060.000 vil bli finansierte frå konsernet. Vurdering: NTP er den største private arbeidsplassen i Luster kommune og har no omlag 95 tilsette. Verksemda har positive resultat; overskotet i 2008 var 9,9 mill. kr og i 2009 var det 7,2 mill kr. NTP har opparbeidd seg ein status som Center of Exellence i konsernet Avery Dennison innafor området transferproduksjon. Denne posisjonen har dei fått på grunn av det høge kompetansenivået i verksemda. Det utviklingsprosjektet som no er planlagt ved NTP kjem på grunn av deira posisjon som den med best kunnskap om transferprodukson i Avery Dennison, men utviklingsprosjektet er og langt på veg ein føresetnad for framleis å ha denne posisjonen. Konsernet Avery Dennison har siste året vore svært forsiktige med nyinvesteringar. Grunnen til det er at konsernet har merka fallande etterspurnad grunna finanskrisa. Leiinga ved NTP i Gaupne ser medfinansiering frå Innovasjon Norge og Luster kommune som ein føresetnad for at konsernet prioriterer si satsing ved NTP i Gaupne. Den satsinga som no er planlagd vil styrke NTP sin posisjon som kompetanseleiande innan heat transfer. Det vil og opne mulegheitene for å drive produksjon i Gaupne mot marknader i Sverige, Danmark, Tyskland og England. Dette kan gje behov for 10-15 nye medarbeidarar ved NTP. Rådmannen vil tilrå eit tilskot til opplæring/utvikling stort kr 460.000,-. Dato: 17.03.10 Tore Eriksen Olav Grov rådmann næringssjef Særutskrift skal sendast: m/kopi til:... Sett inn saksutredningen over denne linja