Referat frå rådsmøte 17. februar 2009.



Like dokumenter
SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Referat frå rådsmøte 17. mars 2009.

Sakliste til rådsmøte 12. oktober 2010.

Sakliste til møte i Vest-Telemarktinget 29. april 2014

Referat frå møte i Vest-Telemarkrådet 21. mai 2013.

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

FORFALL Kristin Tufta Kirknes (V) meldt forfall Are Traavik (Sp) ikkje meldt forfall på grunn av at innkallinga ikkje var motteke på E-post

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 29. JANUAR 2015 KL , KULTURSKULESENTERET HUSNES

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 13. JUNI 2013 KL , SCANDIC HOTEL, HAUGESUND

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

INTERNASJONAL STRATEGI

Prosjektplan for kommunereformen i Vest-Telemark

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Dato: 24. januar 2012 Kl.: Stad: Fylkeshuset Bergen Møterom Nordhordland 4. et. Saknr.: 1/12-5/12

Forslag til årsmelding og årsrekneskap 2014 for Vest-Telemarkrådet

SØKNAD OM STATLEG STØTTE TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTA FOR 2010

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Telemark fylkeskommune -

NY PENSJONSORDNING FOR FOLKEVALDE

Samferdsleutvalet HOVUDUTSKRIFT

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

09/10 Rapport etter undersøking når det gjeld ordføraren si rolle i samband med tomtekjøp

VINJE KOMMUNE MØTEBOK. Utval Stad Dato Kl. Oppvekst- og velferdsutvalet Formannskapssalen :00

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

Ungdomsrådet sine tre politikarkontaktar har møtt når dei har hatt høve til det.

Referat frå årsmøte i Jotunfjell Fjordane EHK, Vågå Hotell 13.februar 2010.

Prosjektplan for kommunereforma i Vest-Telemark

26/10 Godkjenning av protokoll frå møte og telefonmøter og

Innkalling til rådsmøte

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: 024 G00 &01 Arkivsaksnr.: 11/ Rammeavtale for samhandling mellom kommunane og Helse Førde

Kviteseid kommune - Kontrollutvalet. Møteprotokoll frå Kviteseid kommune - kontrollutvalet. Møtedato: Økonomisjef Rune Pedersen

Sakliste: Saknr. Sak 32/12 Godkjenning av innkalling og sakliste MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet

REFERAT FRÅ MØTE I SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND TORSDAG 27. NOVEMBER KL I MATRE

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Samnanger kommune Møteprotokoll

MØTEBOK. Kontrollutvalet. Dato: 19. november 2013 Kl.: Stad: Møterom 425 Sunnhordland Saknr.: 34/13-36/13. MØTELEIAR Vebenstad, Torill (A)

20/11 Rapport etter forvaltningsrevisjon av legetenestene i Tysnes kommune. 21/11 Framlegg til budsjett for kontroll- og tilsynsarbeidet for 2012

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Sakliste: Saknr. Sak 29/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Referat frå møte i Vest-Telemarkrådet 22. januar 2013.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

- Tilleggsakliste. Valnemnda. Dato: 11. juni 2013 kl Stad: Hotel Ullensvang, Lofthus INNHALD

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Barnehageplan for Vinje kommune

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Dan Helge Bjørneset Medlem H

2 av 7 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN NASJONALPARKSTYRET FOR JOTUNHEIMEN OG UTLADALEN - MEDLEMMER TIL FAGLEG RÅDGJEVANDE UTVAL

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Seljord kommune. kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Seljord kommune - kontrollutvalget

Årsmelding for Vest-Telemarkrådet 2011

Forum for Kontroll og Tilsyn Møteprotokoll

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer Torleiv Hvistendahl Medlem AP Ingunn Lauvrak Medlem AP

Møtedato: Møtetid: Kl. 13: Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEPROTOKOLL. Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Anne-Grete Gjerdevik Ap Ingen

Dato: 16. april 2009 Kl.: Stad: Voss tekniske fagskule (Voss vidaregåande skule) Saknr.: 3/09-6/09

Sakliste: Saknr. Sak 01/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Fyresdal kommune - Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Fyresdal kommune - kontrollutvalet

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

Sakliste: MØTEPROTOKOLL. Kontrollutvalet. Dato: Kl.: Stad: Formannskapsalen Saknr.: 36/13 43/13

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

Radøy kommune. Saksframlegg. Saknr Utval Type Dato 086/2014 Formannskapet i Radøy PS /2014 Kommunestyret i Radøy PS

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

5. Soknerådsmøte mai Referat

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave MEDL AP

Fyresdal kommune. Møteprotokoll. Utval: Kommunestyret Møtestad: Roan, Næringshagen Dato: Tid: 19:00 21:30

Organisering. Prosjekteigar: Kommunane i Vest-Telemark. Styringsgruppe: Rådmennene i Vest- Telemark, ein hovudtillitsvald og eitt hovedvernombod

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave MEDL AP Tove Anette Gjølberg MEDL SP

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

MØTEPROTOKOLL. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE

kontrollutvalet Seljord kommune - kontrollutvalet Dato: Tid: 09:00-12:00 Stad: Seljord kommunehus, møterom 1, 1.etg.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

VANYLVEN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Referat frå MINTA møte

i6c)( Melding om vedtak - Tilbodsstruktur i vidaregåande opplæring - skuletilbod høyringsuttale

REFERAT FRÅ MØTE I PROSJEKTGRUPPA FOR NY KOMMUNEREFORM I SUNNHORDLAND FREDAG 12. DESEMBER 2014 KL

Kviteseid kommune Kontrollutvalet

Møteprotokoll for møte i

Transkript:

Vest-Telemarkrådet Referat frå rådsmøte 17. februar 2009. Tilstades: Regionordførar Olav Urbø, Torstein Tveito, Anne-Nora Oma Dahle, Solveig S. Abrahamsen, Olav Tho, Arne Vinje, Bjørn Nome, Hans Bakke, Jan Sebjørnsen, Kristian Torp-Hansen, Ketil Kiland, Jarle Brun Olsen og Kjell Gunnar Heggenes. I tillegg møtte Frida Sviland frå Telemark fylkeskommune og Haldor Kaasin frå Vest- Telemark Næringsutvikling. Møteinnkalling og sakliste vart godkjent. Sak 11/2009 Referat frå rådmøte 13. januar 2009. Vedtak: Referat frå rådsmøte 13. januar 2009 vert godkjent utan merknader. Sak 12/2009 Placement Utvikling AS, prosjekttilbod. Tilbakemelding frå kommunane. Det vart gjeve tilbakemelding frå den enkelte kommune i saken. Vedtak: På bakgrunn av tilbakemeldingane frå kommunane finn ikkje Vest-Telemarkrådet at det er naturleg å gå vidare med eit mogleg felles tilflyttingsprosjekt som skissert i tilbodet frå Placement Utvikling AS. Sak 13/2009 Miljøfagleg forum. Brev frå Jon Ingebretsen, leiar av Kviteseid Venstre. Det låg føre brev frå Jon Ingebretsen, leiar av Kviteseid Venstre, der han stiller spørsmål om det trengst meir miljøfagleg kompetanse i kommunane og oppmodar Vest-Telemarkrådet til å opprette eit miljøfagleg forum i regionen. Vedtak: Vest-Telemarkrådet viser til den innsatsen som vert gjort på dette området i kvar enkelt kommune, og peikar på moglegheiten desse har til å nytte fagmiljøa i dei andre kommunane. Rådet finn det naturleg at rådmannsutvalet har ei nærare drøfting om mogleg oppretting av eit miljøfagleg forum og at resultatet av drøftingane vert meldt attende. Sak 14/2009 Vest-Telemark Kraftlag AS. Drøfting av prosedyrer i samband med kommunanes representasjon i styret. Regionordførar orienterte nærare bakgrunnen for saken. I samband med styrerepresentasjonen er det naturleg å ta omsyn til både kompetanse, kjønnsfordeling og geografi, og det er ynskjeleg å få utarbeidd nærare reglar for dette. Vedtak: Vest-Telemarkrådet ber Vest-Telemark Kraftlag utarbeide forslag til regelverk i samband med val av styre og kommunanes representasjon i dette. Det er ynskjeleg at det vert oppretta ein valkomité. Forslag til regelverk vert å handsame i Vest-Telemarkrådet og kvar enkelt kommune for godkjenning. Regelverket bør vera på plass i samband med valet i 2010. Regionordførar vil ta kontakt med kraftlaget i høve eigarskapsmelding og prinsipp for utbytte.

2 Sak 15/2009 Samferdselstiltak i strategisk næringsplan. Val av arbeidsgruppe. I rådsmøte 13. januar 2009 slutta Vest-Telemarkrådet seg til ei skisse til organisering i samband med samferdselstiltak innafor den strategiske næringsplanen i regionen. Det låg såleis føre forslag til samansetnad av ei arbeidsgruppe knytt til Rv 41. Vedtak: Vest-Telemarkrådet godkjenner det framlagte forslaget til arbeidsgruppe for Rv 41 med fylgjande medlemmer: Anne Nora Oma Dahle (leiar), Torstein Tveito, Hans Bakke, Sveinung Seljås, Olav A. Veum, Olav Urbø og Børge Skårdal (sekretær). Sak 16/2009 Orienteringssaker. Fylkesplanen, handlingsprogram 2009. Regionkontakt Frida Sviland orienterte kort frå arbeidet med fylkesplanen med tilbakemelding om at innspela frå vår region er teke inn i planen. Møtet med Telemarksbenken 9. februar. Regionordførar orienterte kort frå møtet i Vrådal 9. februar. Ein vil melde attende til KS Telemark at det er trong for meir tid i samband med desse møta. Alternativt kan ein tenke seg eigne møte med Telemarksbenken eller at ein held møta saman med andre regionar i Telemark. Regjeringas krisepakke. Ein gjekk ikkje nærare inn på denne saken. Skjønnsmidlane. Regionrådsleiar orienterte kort om årets søknad som er i storleik 2 mill. kroner og som inneheld 8 ulike prosjekt/tiltak av varierande storleik. Forvaltningsreformen. Prosessen omkring overføring av ansvaret for øvrige riksvegar til fylkeskommunane er ikkje ferdig, og spørsmålet om mogleg stamvegstatus for Rv41 er såleis ikkje avklart enno. Sak 17/2009 Kompetansenettverk Vest-Telemark, prosjektmidlar. Tor Eivind Erikstein frå Familiekontoret i Øvre Telemark og Synnøve Bratland frå Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark var tilstades og Tor Eivind Erikstein orienterte nærare om bakgrunnen for saken. Saman med PP-tenesten, Vest-Telemark Barne-, ungdoms- og Familiesenter samt Interkommunal Psykologiteneste ynskjer ein å lage eit prosjekt som går på å skape meir robuste og samordna tenester på fleire forvaltningsnivå og på tvers av kommunegrenser. Prosjektet er retta mot born, unge og familiar i distrikta. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande og ser dette som eit godt og viktig initiativ for regionen. Rådet ynskjer vidare dialog i saken og ser gjerne at det vert gjeve orienteringar også i dei enkelte kommunane.

3 Sak 18/2009 Påbyggingsår, generell studiekompetanse. Drøftingssak. På bakgrunn av vedtak i rådsmøte 15. desember 2008 var representantar frå Vest-Telemark Vidaregåande skule og Bø Vidaregåande skule invitert til møtet. Frå Vest-Telemark Vidaregåande skule deltok såleis Torgrim Otterholt og Karl Torstein Hetland medan Bø Vidaregåande skule var representert ved John Helge Bergane. Representantane orienterte om kva tilbod det i dag er ved dei 2 skulane i høve til generell studiekompetanse. I Bø har ein allereie tilbod om eit slikt påbyggingsår og skulen ser gjerne at avdelingen i Seljord får eit slikt tilbod under føresetnad at det er nok søkjarar. Ved Vest-Telemark Vidaregåande skule på Dalen er det eit fleksibelt kurstilbod som gjev generell studiekompetanse i løpet av 2 år. Det vart vidare opplyst at Telemark fylkeskommune i november 2008 gjorde vedtak om å setje i gang ei 2-årig prøveordning for elevar som går VG2 Helsefagarbeider slik at desse får rett til VG3 påbygging til generell studiekompetanse etter at dei har teke fagbrev. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringane til vitande. Sak 19/2009 Arbeidsmarknadstiltak i regi av NAV. Brev frå Fyresdal kommune. Til denne saken hadde Rådet invitert leiar av NAV Telemark, Terje Tønnessen som dessverre ikkje kunne møte. Elles møtte leiarar frå 4 av dei 5 arbeidsmarknadsbedriftene i regionen. Rådet fekk informasjon om at dei 4 arbeidsmarknadsbedriftene har innleidd eit nærare samarbeid med tanke på framtidig organisering og samarbeid. Utgangpunktet for drøftingane var brev frå Fyresdal kommune som tok saken opp på bakgrunn av eit forslag frå NAV om å konvertere arbeidsplassar innan varig tilrettelagt arbeid (VTA) til arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS). Dette vert oppfatta å vera uheldig og vil føre til usikkerhet omkring desse arbeidsplassane i framtida. Ein er redde for at den nye praksisen vil gå ut over dei som verkeleg har behov for desse tilboda. Vedtak: Vest-Telemarkrådet finn at det nye opplegget er uakseptabelt og vil ta saken opp i brevs form med NAV sentralt. Kopi vert å sende til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Telemarksbenken på Stortinget samt NAV Telemark. Sak 20/2009 NRK Østafjells, samarbeidsrutiner og oplegg for god informasjonsflyt frå vår region. Tilstades i denne saken var distriktsredaktør Lars H. Alstadsæter frå NRK Østafjells og Børre Karterudseter frå lokalkontoret i Seljord. Alstadsæter orienterte om NRK Østafjells, korleis dette er bygd opp organisatorisk og kva for verksemd lokalradioen driv i dag. Han orienterte vidare om kva som styrer prioriteringane til lokalradioen, mellom anna saker der folk kjenner seg att og saker som skaper debatt. Eit godt råd kan vera å ta direkte kontakt med lokalradioen dersom ein ynskjer å få saker på lufta. Bodskapen er kort og godt at NRK Østafjells ynskjer dialog. Vedtak:Vest-Telemarkrådet tek orienteringa til vitande.

4 Sak 21/2009 Organisering av kollektivtrafikken i Telemark. I denne saken var fylgjande personar tilstades: - Runar Stustad frå Buskerud fylkeskommune - Erling Dahl frå Telemark fylkeskommune - Bernt Dahle frå Transportbedriftenes landsforening Telemark - Svein Olav Straand og Torleif Roheim frå Telemark Bilruter AS Etter ei kort innleiing frå regionrådsleiar orienterte Bernt Dahle om historikken til kollektivselskapa i Telemark og utviklinga innan kjøp av kollektive transporttenester. Dahle viste til at det fram til 2005 hadde vore ein tett og god dialog mellom fylkeskommunen som kjøpar og kollektivselskapa som tilbydarar av desse tenestene. Frå og med 2006, då Vestviken Kollektivtrafikk kom inn som innkjøpsinstans, var imidlertid viljen til dialog og utveksling av informasjon blitt borte og dermed også moglegheiten til å løyse felles utfordringar. Erling Dahle gjorde greie for synet til Telemark fylkeskommune og avviste kritikken i høve til dagens innkjøpssystem. Det er fylkestinget som står for organiseringa i høve til innkjøp av kollektive tenester og som legg dei økonomiske rammene. Vestviken Kollektivtrafikk har kontrakt med fylkeskommunen og står for sjølve innkjøpet av tenestene. Runar Stustad frå Buskerud fylkeskommune orienterte frå arbeidet med organisering av kollektivtrafikken i Buskerud. Hovudføremålet i prosessen har vore å få involvert kommunane i høve til dei ulike områda. Svein Olav Straand orienterte frå tingingane mellom Vestviken Kollektivtrafikk og Telemark Bilruter og viste til at det så langt ikkje er avklaring i høve til rutetilbodet. Ein må vera budd på mogleg takstauke for å kunne behalde dagens tilbod. Vedtak: Vest-Telemarkrådet tek orienteringane til vitande. Ein viser til prosessen med organisering av kollektivtrafikken i Buskerud og vil be Telemark fylkeskommune ta initiativ til ein tilsvarande prosess i Telemark, der siktemålet må vera å organisere innkjøpet av kollektive transporttenester på ein måte som sikrar kollektive rutetilbod på dagens nivå og at rutetilboda vert forutsigbare over tid. På same måte som i Buskerud må siktemålet vera å gje kommunane medverknad i prosessane og påverknad i høve til desse grunnleggande tenestene. Sak 22/2009 Haukeliekspressen, redusert korrespondanse Odda Bergen. Svein Olav Straand og Torleif Roheim frå Telemark Bilruter var tilstades og orienterte om saken. Bakgrunnen er eit brev av 2. februar 2009 frå NOR-WAY Bussekspress AS, Setesdal Bilruter LL og Telemark Bilruter AS der det vert gjort greie for den uheldige situasjonen som har oppstade for Haukeliekspressen etter at Hordaland fylkeskommune har lagt strekningen Odda Bergen ut på anbod og dermed øydelagt ekspressbuss-korrespondansen mot Bergen. Det låg også føre eit brev frå Fylkesutvalet i Telemark fylkeskommune der fylkesordføraren vert beden om å ta initiativ med tanke på at Haukeliekspressen skal få att denne viktige korrespondansen med dei same reisegarantiar frå/til Bergen som tidlegare. Vedtak: Vest-Telemarkrådet ser rutetilbodet til Haukeliekspressen som eit heilskapleg kollektivtilbod mellom aust og vest. Busstilbodet er viktig for busetnaden og arbeidsplassane i kommunane, og dannar grunnstamma i kollektivnettet i regionen. Vest-Telemarkrådet vil ta saken opp med Hordaland fylkeskommune og be om at alle gode krefter går saman om å finne ei løysing der Haukeliekspressen vert gjenoppretta som gjennomgåande ekspressbuss-samband fram til Bergen.

5 Sak 23/2009 Ymse. Høgskulen i Telemark, dialogseminar. Det låg føre invitasjon frå Høgskulen i Telemark der mellom anna kommunane er invitert til å delta i strategi-drøftingar om skulens framtid. Seminar i Morgedal 23. 24. april om internasjonalisering. Arrangørar av seminaret er Telemark fylkeskommune, Norsk Skieventyr og Ski Telemark Lauget, Vest-Telemark Næringsutvikling og Innovasjon Norge. Innspel frå Solveig S. Abrahamsen om mogleg initiativ frå Vest-Telemark i samband med samhandlingsreformen i regi av Helse- og omsorgsdepartementet. Vedtak: Rådmannutvalet får i oppdrag å vurdere korleis vår region eventuelt kan kome aktivt med i samband med samhandlingsreformen. Høyringsfrist er sett til medio mars. Referent: Kjell Gunnar Heggenes.