Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1



Like dokumenter
Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 2

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Gjennomføring av foreldresamtale klasse


«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

IKT-kompetanse for øvingsskular

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Ny Ålesundstruktur. Utbygging av de vidaregåande skolane mot 2025

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Psykologisk førstehjelp i skulen

Informasjon til elevane

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

SKILDRING/ BILDER AV DAGENS SITUASJON. Oversiktskart. Oppheimsvatnet. Kvasshaug hyttefelt Aktuelle tomt. Dato

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Brødsbrytelsen - Nattverden

Dobbelt så mange moglegheiter

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Til Medlemmene i Skolelederforbundet, Møre og Romsdal. Lokale forhandlingar hausten 2012

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Psykologisk førstehjelp i skulen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

KappAbel 2010/11 Oppgåver 1. runde - Nynorsk

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Retningsliner for lokalt gitt munnleg eksamen og munnleg-praktisk eksamen i Møre og Romsdal fylkeskommune

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Lønnsundersøkinga for 2014

Lindås, Meland, Radøy, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Gulen. 26.september 2013

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Retten til spesialundervisning

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Motivasjon for læring og meistring. Volda Ivar Ørstavik, kommunepsykolog i Herøy ivar.orstavik@heroy.kommune.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Søking til skuleåret

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Overføring av skatteoppkrevjarfunksjonen til Skatteetaten - høyringsuttale

PC-ORDNINGA I DEN VIDAREGÅANDE SKULEN

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

mmm...med SMAK på timeplanen

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Med tre spesialitetar i kofferten

Vurdering av eit tilbod innan blått naturbruk på Nordmøre

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Ka vil DU velje? - hjelp til å g jere det rette yrkesvalet

Brukerkoordinator. Hvordan bygge en skole

Hospiteringsordning for tilsette ved Odda vidaregåande skule

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

PLANLEGGING FOR KOMPETANSE- ARBEIDSPLASSAR

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Niels Henrik Abels matematikkonkurranse

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Høyringssvar - NOU 2014: "Elevenes læring i fremtidens skole" - Utdanningsforbundet Møre og Romsdal

Ledelse over fjord og fjell

Universell utforming i anskaffingar. Innkjøpsrådgivar Torgeir Riksfjord

Intensjonsavtale kommunesamanslåing mellom Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Modalen, Radøy og Solund

Tevling i Bygdekjennskap. Heftet er revidert av Norges Bygdeungdomslag.

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Til deg som bur i fosterheim år


Møte om fellesprosjekt

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Transkript:

Rolf Lystad 12.05.14 Oklavegen 4 6155 Ørsta Utdanningsavdelinga v/ståle Solgard Møre og Romsdal fylkeskommune Fylkeshuset, Julsundvegen 9 6404 Molde Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1 Aller først vil eg minne om kva som skal gå føre seg i ein skule: I ein skule skal elevane lære og dei skal trivast. Alt anna er uvesentleg. Lagar ein skular der læringa eller trivselen vert ringane enn den kunne verte, då har ein gjort feil. Underteikna har vore lærar sidan 1974. Dette skrivet er berre om Ørsta og Volda. Ulstein og Herøy vil eg ikkje meine noko om. At vi må ha vidaregåande skular på begge sider av Eiksundsambandet, trur eg at alle har innsett no. Lang skuleveg og mykje skuleskyss fører ikkje til trivsel for elevane. 1. Alternativ for framtidig skulestruktur eller på norsk: Kvar skal skulane vere? For Volda og Ørsta er det tre måtar: a) Felles skule for Volda og Ørsta plassert i Volda b) Felles skule for Volda og Ørsta plassert i Ørsta c) Slik det er i dag, med skule i Volda og skule i Ørsta a) Ein skule må alltid vere laga slik at elevane kjenner at dette er min skule. Alle klasserom, verkstader, kontor og fellesrom må vere slik at dei er lette å nå for alle. Ørsta vidaregåande skule, slik den er i dag, er eit godt døme på korleis ein kan gjere dette på feil måte. Det er mange hundre meter mellom bygningane, og det er få av elevane som reknar alt som ein skule. For Volda vidaregåande skule har arkitekten brukt mykje tid på å presse inn Volda vgs og Ørsta vgs på same tomta. Han har til og med laga parkeringskjellar for å få plass.

Teikninga kalla Alternativ 2A/2B - Situasjon (U1) syner at dette ikkje vert ein felles skule. Det vert i staden ein eksisterande skule med ein ny skule ved sidan av. Elevane vil ikkje kjenne at alt dette er min skule. Det er svært lite plass til utviding på tomta. Skulle ein til dømes starta kurs for anleggsmaskinførar, vil det ikkje vere plass til dette. Det er mulig arkitekten vil syne kor galt det kan verte på denne tomta. Det har han klart på ein god måte.

b) Vert ein felles skule for Volda vgs og Ørsta vgs i staden sett opp i Ørsta, vil det vere lett å lage den slik at dette vert min skule for alle elevane. Tomta er stor nok til alle slag arkitektoniske krumspring, og sidan ein kan starte med blanke ark, er det lett å planlegge og bygge ein skule der alle elevane kjenner seg likeverdige og får lik eigarskap til skulen. Tomta i Ørsta er meir enn stor nok, og den er flat. Dette kan gi eit glimrande resultat. Det som ikkje er så perfekt for Ørsta, er at elevane må krysse ein veg for å kome til idrettshallen. Dette er ingen genistrek av planleggarane i Ørsta, men idrettshallen er ikkje der enno, så dette kan ein endre til det betre.

c) Elevar skal trivast. Etter mitt syn blir ein felles skule for Volda og Ørsta for stor. Med så mange elevar vil den enkelte elev verte meir usikker og meir anonym. Det finnast mykje forsking som syner ulempene med store skular. Det er mange år sidan USA tok til å dele opp store skular slik at ein fekk mindre einingar. Fylkesutdanningssjefar, rektorar og politikarar snakkar alle varmt om stordriftsfordelane det er med store skular og store fagmiljø. Dei snakkar ikkje varmt om kor mykje betre elevane trivst på store skular, for det gjer dei ikkje. Fylkesutdanningssjefar, rektorar og politikarar drøymer også om desse store skulane. Eg meiner det bør bli med draumen. Ein felles skule for Volda vgs og Ørsta vgs vert for stor. Ørsta vidaregåande skule og Volda vidaregåande skule bør difor fortsette som to skular. Ny Ørsta vidaregåande skule bør difor bli det ferdig planlagde resultatet denne skissa syner oppstarten på. Ein har blanke ark, og det er ingenting som hindrar ei optimal løysing.

2. Lokalisering av studieprogram og programområde. I planane for ny skulestruktur må utgangspunktet vere at ein prøver å ta vare på dei tilboda skulane har i dag. Vert det dårleg søking over fleire år, må ein sjølvsagt sjå om det vil gi betre læring og betre trivsel for elevane om eit tilbod som er på to skular vert samla på berre ein skule. For Ørsta vgs og Herøy vgs har byggfag vorte trekt fram som aktuelt å sjå på. Det er ikkje vanskeleg å sjå at fagmiljøet og avtalene med næringslivet er betre i Ørsta enn i Herøy, så ei slik samanslåing må i så fall føre til at faget vert lokalisert berre i Ørsta. Uansett må ein tenkje seg godt om før noko slikt vert gjort. Byggebransjen har endeleg innsett at dei skaut seg sjølv i foten då dei tok inn hordar av ufaglærte frå utlandet for å få ned kostnadane. Alle reklamasjonane har lært bransjen at dette ikkje var så lurt likevel. Etter kvart vil fleire og fleire slutte å bruke utfaglærte frå utlandet. Då vil yrket sin status stige, og elevane vil melde seg. Sjå http://www.hegnar.no/eiendom/artikkel501779.ece I år er det også få som vil lære seg å lage mat, og dette kan og føre til dårleg nattesøvn for enkelte rektorar. På alle TV-kanalar har vi program som syner at kokkeyrket er stressande og at ein får sparken for den minste ting. Det er faktisk dei som trur at kokkeyrket har andre reglar for tilsetting og oppseiing enn elles i samfunnet. Kanskje er dette ein grunn til at få vil lære matlaging? Slike tankar skal vi legge bort no. I denne prosessen er det ikkje pessimismen og redsle for at det vert for få elevar som skal vere fokus. Ein kronisk nedgang på elevtalet til enkelte kurs kan ein takle når ein verkeleg ser at den er kronisk. No må ein sjå framover og sjå kva som kan dukke opp av nye utdanningsvegar. For Ørsta vidaregåande skule er det lett å sjå for seg at anleggsmaskinførar, kjøleteknikk og bilelektro er aktuelt for framtida. Vi har eit stort anleggsfirma i bygda, varmepumper treng service og det blir fleire og fleire elektriske bilar og ladestasjonar.

3. Innspel og argumentasjon i høve tomt, buss og idrettshall Tomta Ørsta kommune har sett av til vidaregåande skule er glimrande å bygge på. Den er flat og den er meir enn stor nok. Kvar bussane skal stoppe, er det opptil gode planleggarar å avgjere. Etterpå vert vegar og busslommer laga slik dei vil. Konklusjon: Ørsta vidaregåande skule og Volda vidaregåande skule bør i framtida eksistere som to skular. I Ørsta må ein bygge nytt på den ledige tomta som er regulert til ny vidaregåande skule. Fylkeskommunen kan då syne kva den får til med blanke ark. Hugsar ein heile tida på det viktigaste, at i ein skule skal elevane lære og trivast, kan dette bli eit veldig godt resultat. Rolf Lystad tillitsvald for SL på Ørsta vidaregåande skule