Den 01. 08.11 Balestrand kommune Kong Beles veg 20 6899 Balestrand Høyringsfråsegn til reguleringsplanen for rasteplassen Utsikten på Gaularfjellet Naturvernforbundet har til føremål å verne viktige naturverdiar, og å arbeide for at vi gjer bruk av naturgoda på ein slik måte at det kan vare lenge. Vi forsvarer òg opplevingsverdiane i naturen, fordi vi trur at måten folk opplever naturen på, er viktig for kva haldning dei får til bruk og forbruk. Vi viser til reguleringsplanen for rasteplass på Gaularfjellet, og har desse merknadene til prosjektet: 1. Arkitekturen og staden Det heiter i plandokumentet: Nasjonale turistvegar er unike køyreturar gjennom vakker norsk natur som kan opplevast gjennom bilvindauget og på stopplassane. På utvalde rasteplassar og utsiktsstader skal naturopplevinga forsterkast gjennom dristig arkitektur. Satsinga er eit målretta og konkret eksempel på bygging av Noregs omdømme som nyskapande i pakt med naturen. Satsinga skal ivareta turistane sine behov for oppleving og service. Planane for Utsikten viser eit moderne utsiktsanlegg som er unikt i sitt formspråk, nyskapande og innovativt. Dristig arkitektur skal altså forsterke naturopplevinga. Der står ikkje noko om kva som kjenneteiknar dristig arkitektur, men vi må tru at konstruksjonen på Utsikten i det minste for oppdragsgjevarane er eit godt døme. I så fall er det eit kjenneteikn at det dristige skil seg klart
2 ut frå det som er frå før, anten det er arkitektur eller natur. Men det verkar bortimot innlysande at reaksjonen hos dei fleste på ein slik moderne konstruksjon vil vere ein reaksjon på byggverket, ikkje naturen og landskapet omkring. Det treng ikkje å vere ein negativ reaksjon, men det er byggverket som trengjer seg på, ikkje det som er rundt det. Modernitetens demonstrative eigenart er å markere avstand til naturens vesen og funksjon, gjennom konstruksjonar og materialbruk som representerer ei tilsynelatande frigjering frå naturen og skrankane i arkitekturen før den moderne. Det galdt å overvinne dei hindringane som, etter den nye tenkjemåten, hadde hemma den menneskelege nyskapinga før ingeniørane kunne ta i bruk ny kunnskap, nye byggjematerialar og store mengder fossil energi. Energien gjorde det mogeleg å realisere dei moderne ideane, og å gjere det raskt, i store volum. Moderniteten er industrialisering av byggjeriet, omforming av natur til materie og former som i stor grad ikkje er kjende i naturen.. Betongflaket med tre trekantar som demonstrativt stikk ut frå terrenget artar seg som ein aggressiv maktdemonstrasjon i landskapet: Sjå kva mennesket kan få til, av ting som naturen ikkje kjenner! Ei stjerne av betong, statisk, stiv. Og heilt utanfor det økologiske krinsløpet. Mennesket kan legge naturen under seg og stige opp på sin dominerande pidestall, overlegen det som er der frå før; landskapet og ein veg bygd med handemakt av opp til 200 mann i 1936-1938. Under opninga i desember 1938 reiste følgjet over det snødekte fjellet i kortesje frå Mjell med fire drosjebilar, ein buss og ein lastebil. Sogn Tidende skreiv om turen: So bar det frå Nystølsskardet og ned i djupet. Det vart stilt i ferdafylgjet. Noko så storfelt som utsynet yver tindane i aust, Melsnipa (1790 m. høg) dei andre mest like høge og so nedunder der Veltefjorddalen som ei trong reva, det måtte vel vera mat for turistane, skulle ein tru. Tanken bak prosjektet er altså at denne naturen treng moderne hjelp for å komme til sin rett. Og det av ein konstruksjon i abstrakt form. Uttrykket i konstruksjonen på Gaularfjellet vil arte seg som eit forsøk på å gjere landskapet rundt til ei kulisse, eller til statisten rundt det nyskapte, som gjer krav på hovudrolla. Dersom ein slik konstruksjon skal forsterke naturopplevinga, må det vere ved at han får folk til å vende seg vekk frå betongflaket, vekk frå det kunstige, i ein slags aversjon. Men det må vere meiningslaust å byggje noko som skal tene sitt føremål ved at folk vender seg vekk frå det bygde. Vår påstand er at det eksisterer ei klar motsetning mellom det som er unikt, nyskapande og innovativt i konstruksjonen og det som er føremålet, å forsterke naturopplevinga. Vi kjenner ikkje til opplysningar som tilseier at naturfjerne byggverk faktisk leier tanke og sinn hos folk til naturen.
3 Planen referer at fylkeskommunen har lagt vekt på at konstruksjonen er relativt liten, og av den grunn ikkje vil vere eit spesielt dominerande element i eit større landskapsbilete. Dette er kanskje rett, men ikkje det vesentlege. Folk skal ikkje oppleve betongen på avstand, men heilt nær. Spørsmålet er korleis konstruksjonen tek seg ut på utsiktspunktet, ikkje frå en stad langt vekke. På utsiktspunktet vil han vere stor og dominerande over den vesle flata på kanten av den bratte lia. Ingen får sjå noko meir eller noko anna på grunn av det som blir påstått å forsterke naturopplevinga, men som vi meiner vil verke motsett. Planen presenterer ein ambisiøs tanke med konstruksjonen, men ikkje noko som talar for at resultatet vil bli som tenkt. Tanken bak planen på Gaularfjellet ser ut til å vere i slekt med den diffuse ideen som er årsak til moteordet signalbygg. Bygningar skal vere slik at dei signaliserer noko som ingen veit at dei har sett før. Men det blir sjeldan klart for nokon kva innhaldet i signalet skal vere. På Gaularfjellet vil signalet fortelje at her står ei ny og kunstig konstruksjon, som ein konkurrent til naturen og eit utsyn som i 1938 gjorde det stilt i ferdafølgjet. I boka Omveg, om dei nasjonale turistvegane, kan vi lese at å bruke naturmaterialar og å byggje på ein sterk handverkstradisjon er tilsikta. Ein slik økologisk og kulturett ambisjon er vekke i prosjektet Utsikten. Betongfatet demonstrerer det motsette av materielt måtehald og har ingen ting med handverk eller tradisjon å gjere. Det er ikkje dermed sagt at eit byggverk på Utsikten bør vere gammaldags eller kopi av noko eksisterande. Problemet er i og for seg ikkje at konstruksjonen er unik og innovativ, men at han er så stor og dominerande på staden at han blir ståande i vegen for naturen og intensiteten i landskapet. Spørsmålet er ikkje om arkitekturen isolert sett er god eller dårleg, og vår innvending er at konstruksjonen slett ikkje passar på Utsikten. Plassert på feil stad blir all arkitektur dårleg. 2. Dei varige verdiane Noreg var eit av dei første landa i Europa som slutta seg til Geoturisme-charteret. Der er hovudmålet å ta vare på, framheve og forsterke den lokale eigenarten på ein stad miljø, kultur, estetikk, kulturarv. På denne måten skal turismen komme lokalsamfunna og naturen til gode på ein slik måte at det er mogeleg å halde det gåande på lang sikt. Det er ikkje noko å finne av desse ideane i betongflaket, fjernt som det er både i form og innhald frå natur og kultur på staden. Dersom reiselivsbransjen og Innovasjon Noreg har rett, er det naturen med fjella, fjordane og bygdelandskapa som turistane er ute etter i dette landet. Legg til kulturen, seier
4 reiselivsjournalisten Jens Risnes. I Noreg vil gjestene ha noko anna enn dei finn i Roma eller Las Vegas. Reint, uspolert, ekte og ujålete, slik vil turistane oppleve denne skrenten mot Norskehavet. Dersom vi kan feste lit til det som bransjen har å fortelje, er ikkje mangel på moderne og fikse konstruksjonar noko sakn ved turistlandet Noreg. Truleg er turismen i Noreg først og fremst ein valfart vekk frå det moderne, industrialiserte og hektiske livet som dei fleste turistane er mette av i det daglege. Braksuksessen for NRK, med å sende fjernsyn samanhengande frå Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes, støttar den oppfatninga at natur, folkeliv og historie er dei store måla for reisande opplevingar i vårt land. Atlanterhavsvegen har på den andre sida vore framheva som eit moderne byggverk og ein populær attraksjon. Her er det bygt ein ny funksjon, framkomst, i eit område som tidlegare var utilgjengeleg med bil. Det er flott at gjennomføringa er skikkeleg når det først blir bygt ny veg. Men funksjonen i Atlanterhavsvegen har ikkje nokon parallell i planen på Gaularfjellet. Konklusjon 1. Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane bed Balestrand kommune om ikkje å godkjenne reguleringsplanen for den planlagde betongkonstruksjonen på Gaularfjellet. Grunngjevinga er først og fremst at byggverket vil markere seg som ein konkurrent til den ville naturen og det dramatiske, opplevingsrike landskapet på staden. Uttrykket står i motsetning til naturen, ikkje som ein medspelar. 2. Vi meiner at den påtenkte konstruksjonen på Gaularfjellet vil vere eit negativt framandelement i naturen på og rundt Utsikten. Byggverket er for stort, og vil bli ståande i vegen for landskapet i staden for å framheve det. 3. Planen er etter vår oppfatning i strid med Geoturisme-charteret som Noreg har slutta seg til, og i strid med den overordna visjonen for Nasjonale turistvegar. På ein stad som Utsikten må det menneskeskapte vere meir dempa og tilpassa staden, ikkje ein ropande ekshibisjonisme. Med helsing Thorleif Jakobsen - leiar-
5