Vika skogsveg i Åkra, bygd i 1999 Foto: Anbjørn Høivik Hovedplan skogsveier 2013-2025 Kvinnherad kommune
2.2 Planstatus Hovudplanen er ikkje juridisk bindande, den bestemmer ikkje kva tiltak som skal/ikkje skal utførast på eit bestemt areal. Hovudplanen er ein oversiktsplan eller ein analyse som trekker opp hovudlinjene i skogbrukets behov for infrastruktur. Kvar einskild skogeigar bestemmer eige aktivitetsnivå. Hovedplan for skogsvegar er ein sektorplan (temaplan) og vil bli knytt til landbruksplanen i kommunen
Vurderinger Vi har brukt 50 kubikkmeter gran per dekar Vegkostnader er rekna til kr 1000 per meter bilveg Tømmerpris regnet til kr 350.- per kubikk
Økonomiplan 2013 2016 44. Skogbruket er ei viktig næring for Kvinnherad. Kommunestyret ber rådmannen legge fram oversikt over behovet for skogsbilvegar i dei næraste åra, og oversyn over ulike finansieringskjelder.
4.10 Skogsveier og friluftsliv Svært mange av skogsvegane i kommunen vert nytta som turløyper. Dei gjer at fleire kjem seg ut i naturen. Mange av vegane vert nytta som treningsløyper for hest. Konfliktane er ofte mindre her enn langs meir trafikkerte strekningar. Tilgang til skogen og infrastruktur i den er heilt avgjørande for kor mange som besøker skogen. Dette er dokumentert i ein rapport frå Skog og Landskap (Gundersen 2004) Verdien av dette er det ennå ikkje rekna på i Norge, men dette representerer mykje helsekroner. Skogsvegane i Kvinnherad vert mykje nytta til turvegar. Dei gjer det mogeleg for mange å kome ut i naturen utan å klatre. I deler av kommunen er det bratt og vanskeleg å kome opp utan ein veg å gå på. I idrettsplanen for Kvinnherad er ikkje vegar teke med som viktig for folkehelsen. Alle vegar i utmark kan nyttast av ridande ryttare til hest, det er noko strengare dersom ein skal nytte vegane med hest og vogn,. Dette er regulert i friluftsloven
4.10 Skogsveier og friluftsliv Svært mange av skogsvegane i kommunen vert nytta som turløyper. Dei gjer at fleire kjem seg ut i naturen. Mange av vegane vert nytta som treningsløyper for hest. Konfliktane er ofte mindre her enn langs meir trafikkerte strekningar. Tilgang til skogen og infrastruktur i den er heilt avgjørande for kor mange som besøker skogen. Dette er dokumentert i ein rapport frå Skog og Landskap (Gundersen 2004) Verdien av dette er det ennå ikkje rekna på i Norge, men dette representerer mykje helsekroner. Skogsvegane i Kvinnherad vert mykje nytta til turvegar. Dei gjer det mogeleg for mange å kome ut i naturen utan å klatre. I deler av kommunen er det bratt og vanskeleg å kome opp utan ein veg å gå på. I idrettsplanen for Kvinnherad er ikkje vegar teke med som viktig for folkehelsen. Alle vegar i utmark kan nyttast av ridande ryttare til hest, det er noko strengare dersom ein skal nytte vegane med hest og vogn. Dette er regulert i friluftsloven
4.13 Klima og karbon Skog og skogskjøtsel kan bidra til å redusera klimagassutslepp på tre hovudområder: Redusere utsleppa av klimagassar gjennom redusert avskoging og skogforynging. Fjerne klimagassar frå atmosfæren ved å fungera som karbonsluk og -lager. Dette lageret kan auke med større skogareal og med meir biomasse på dei eksisterande areal. Bruk av produkta frå skog til å erstatte fossil energi direkte (bioenergi), til å lagre karbon i varige produkt eller ved å erstatte produkt som er energikrevjande i produksjon. I Kvinnherad kommune er det naturlig å dele skogen i tre hovudtypar, som har kvar si rolle i klimasamanheng. Ein kubikkmeter med trelast sparar miljøet for 0.5-1.5 tonn CO 2 når alternativet er å byggja i betong eller stål.
4.11 Verdiskaping frå skogen i Kvinnherad I dag blir det omsett og foredla mykje skogsprodukt i Kvinnherad. Siste åra har hogsten i kommune vore mellom 8 og 12.000 kubikkmeter innmålt virke. I tillegg kjem ved og tømmer til eige bruk, om lag 4000 m3. Fleire lokale foredlar skogsvyrkje; lokale sagbruk foredlar kring 2-4.000 kubikkmeter tømmer, bioenergi er i sterk vekst, og tek om lag 2.000 kubikkmeter. Vaage gartneri har hatt flisfyr sidan 2007, medan Rosendal får eit anlegg i drift i løpet av nyår 2013. Det vert omsett mykje virke til ved, i størrelsesorden om lag 5.000 kubikkmeter jfr SSB, Det vert rekna med at verdien av ein kubikkmeter tømmer kan multipliserast med 12 før den er klar for bruk. Det vil sei at med eit forventa hogstvolum i Kvinnherad på om lag 50.000 kubikkmeter tømmer til ein førstehandsverdi på om lag kr 350.- vil den samfunnsmessige nytten vere om lag kr 175 millionar kronar per år. Totalt vert det i statsbudsjettet rekna med at brutto frå skognæringen som ein fornybar naturressurs er verdien sett til kr 6.4 milliardar kroner i Noreg. Ein stor del av dette er og vil bli basert på råstoff henta frå skogreisingen på kysten.
4.12 Rasfare og naturskade Etter kvart som vi i større og større grad blir oppmerksam på kva skader vatn kan gjere og med dei store nedbørsmengdene som er på Vestlandet må det takast serskilde omsyn til drenering ved vegbygging. Veg i bratt terreng stiller andre krav til drenering og stikkrenner enn flatare vegar gjør. Tette stikkrenner er eit kjent problem og grunn til at det vert utløyst ras mange stader. Skogen og rotsystemet verkar som bindemidle og held jordmassane på plass. Derfor er det viktig å få opp ny skog etter hogst i bratte områder. Skog i potensielle utløysingsområder for snøskred er med å redusere faren for at det skal gå skred.
Storm og vind gjer stedvis og til tider stor skade på kulturskogen. Tidlegare vart dette dekkja gjennom Naturskadefondet, men frå om lag år 2005 vart dette endra. Skogeigarane må no sjølve sikre seg mot naturskade. Ein del har gjort dette gjennom Skogbrand, eit tryggingselskap eigd og drive av skogeigarane sjølve, men stadig er det ein stor del av skogareala som er utan forsikring. Eit eigna vegnett i skog vil vere til stor hjelp ved store stormskader, eller for fremkommelighet ved skogbranner. Eit godt utbygd vegnett er og godt eigna beredskapsmessig ved andre ulukker, uhell ol. I Kvinnherad er det lagt til rette for felles system for hengelås på skogsvegane. Og det er delt ut om lag 25* lås med nøklar. Alle lås kan opnast med ein fellesnøkkel, medan kvart veglag har sitt serskilde lås. Fellesnøkkel er levert ut til skogsentreprenør, Vestskog, tømmerbilar. Utrykningskøyretøy i Kvinnherad har fått utlevert ett sett til kvar ambulanse og vaktbilen for brannberedskapen har fått utlevert ein nøkkel.
Mål og strategiar Hovedmål; Fortsette å byggje ut eit rasjonelt skogsvegnett der det vert teke omsyn til viktige miljøverdier og som bidreg til økt samlet verdiskaping i skognæringen. Legge til rette for rasjonell utnytting av skogressursene i Kvinnherad. Delmål; Legge til rette for taubanedrifter i kommunen Strategi Gå gjennom kommunale vegar og vurdere oppskriving eller utbetring. Bruk av geolog for å vurdere eventuell rasfare Utarbeide ein oversikt over verdiskaping innan skogbruket i Kvinnherad, eller Utarbeide ein oversikt over trebrukande bedrifter i kommunen Synleggjøre arbeidsplassane knytt til skogbruksnæringa i kommunen og regionen. Synleggjere manglande forsikringsdekking av skog i kommunen.