Prosjekt Bryggen - Årsplan 2011



Like dokumenter
Prosjekt Bryggen 2011

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Prosjekt Bryggen Årsmelding 2010

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

PROSJEKT BRYGGEN. RETNINGSLINJER FOR TILSKOT

Kort omtale og vurdering av dei innkomne søknadane

Tilstandsvurdering av «Gamle Essoen»

Forslag frå fylkesrådmannen

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SØKNAD OM TILSKOT TIL FREDA KULTURMINNE I PRIVAT EIGE, KULTURMILJØ OG KULTURLANDSKAP (Kap post 71)

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

For eit tryggare Noreg. Ein del av Forsvarsbygg

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

2.2: Eit prioritert utval arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Døme på utforming av oppmoding om utbetaling og rapportar

LOKALMEDISINSKE TENESTER I HALLINGDAL, FINANSIERING VIDAREFØRING

Finansiering av søknaden

Endringar i den differensierte arbeidsgjevaravgifta Konsekvensar for næringslivet i Sogn og Fjordane

Statens vegvesen. Reguleringsplan for Fossatromma - Vøringsfossen - Fossli i Eidfjord kommune

Saksframlegg. Utv.saksnr Utvalg Møtedato 45/14 Plan- miljø og ressursutvalet /14 Kommunestyret

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

OSTERØY VIDAREGÅANDE SKULE - VURDERING AV NYBYGG

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Sakshandsamar: Arkiv: ArkivsakID Willy Andre Gjesdal FE - 223, FA - C00 14/1418

Kopi til: Arkivnr.: 812. Nytt fylkesvegnett - styrings- og rapporteringssystem mellom partane Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen Region vest

DB

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Tilleggsinnkalling til Formannskapet

Fylkesmannen i Hordaland, Utdanningsavdelinga. Omtale av og kravspesifikasjon til evaluering av prosjektet: NETTSTØTTA LÆRING INNANFOR KRIMINALOMSORGA

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Handegård Arkiv: L12 Arkivsaksnr.: 11/2001

BARNEHAGETILBODET I BALESTRAND

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Arne Abrahamsen Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 10/881 VURDERING AV INTERKOMMUNALT SAMARBEID OM BARNEVERN

SØKNAD OM TILSKOT, REGIONALT PLANSAMARBEID

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet (Kap post 77)

Tilskotsordningar for 2016 Klima- og miljødepartementet

BRANNFØREBYGGANDE TILTAKSPLAN FOR SAGVÅG SKULE

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Granvin herad Sakspapir

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Saksnr. Utval Møtedato 032/15 Formannskapet /15 Kommunestyret Ingunn Bårtvedt Skjerdal

BUDSJETT KONTROLLORGAN

Forskrift om adressetildeling i Fitjar kommune.

Tilskot i Prosjekt bryggen - Framlegg til justering av retningslinjer

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Handlingsprogram 2014, Regional plan for museum

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Innkjøp av rådgjevingstenester. Sivilingeniør Tobias Dahle

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Kommunal overtakelse av privat vannverk eksempel frå Stryn. Siv. Ing Tobias Dahle ( og tidlegare teknisk sjef i Stryn kommune)

Sak til styremøtet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Jonatunet. Høyringsuttale til forslag til landsverneplan. Saksnr.

Prosjektplan Framlegg. Vassområde Ytre Sogn

Samhandlingsreforma -Kva skal på plass?

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Fræna kommune Teknisk forvaltning Plan

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Søknad om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet (spelemidlar)

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

FINANSFORVALTNINGA I 2011

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorgstenester

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Styresak. Arild Fålun Nybygg aust - Bygg for Helse Førde, interkommunale funksjonar og tannhelsetenesta

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Møteprotokoll Styremøte Lærdal Næringsutvikling AS

Utbetring av sikt i kryssa mellom rv. 55 og Leitevegen-Henjavegen. Saksutgreiing REGULERINGSPLAN. Rv. 55 Sognefjordvegen Leikanger kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Årsrapport 2014 for revisjonsutvalet og internrevisjonen

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Saksframlegg. 1. Kommunestyret godkjenner den framlagde tertialrapporten.

F E L L E S I K T - S T R A T E G I K O M M U N A N E F Y R E S D A L, K V I T E S E I D, FOR

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Oppfølgingsliste 3/2017

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

8. Museum og samlingar

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Sogn lokalmedisinske senter

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Transkript:

Prosjekt Bryggen - Årsplan 2011 Kostnadsramma for prosjektet i 2011 er sett til ca. 74 millionar kronar. Fordeling og oppfølging av budsjettpostane gjerast hovudsakeleg av Riksantikvaren og Hordaland fylkeskommune. Delprosjektet arkiv blir frå og med 2011 følgd opp av Bergen kommune. Riksantikvaren (RA): ca. 52,6 millionar kroner. Hordaland Fylkeskommune (HFK): ca. 21,1 millionar kroner. Bergen kommune (BK): 0,3 millionar kroner. PB-100 Istandsetting Totalramme: kr. 16.032.600,- Hordaland fylkeskommune fordeler midlane under PB-100 PB-102 Holmedalsgården, bygning 8a og 8b Delprosjekt byrja: 2004 Delprosjekt planlagt avslutta: Bygning 8a: i 2012. Bygning 8b: hausten 2011. Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Stiftelsen Bryggen PB-102.1 og PB-103.1. Bygning 8a: Når tømmerkassen i første etasje er ferdig reparert, reparerast stolpar og svillar i svalgangen i første etasje. Deretter blir bygningen sett ned på plattingen ved hjelp av liftjiggen, truleg sommaren 2011. Etter dette går tiltakshavar vidare med reparasjon av tømmerkassen i andre og tredje etasje, som vil vere hovudinnsatsen i 2011. Parallelt med reparasjonane av hovudkonstruksjonane vil tiltakshavar starte arbeidet i første etasje med tilbakeføring av store flater av faspanel, som har vore demontert på vegger og i himlingar under reparasjonane av hovudkonstruksjonane. Alle dei nye vindauga til frontgavlen er planlagt å produserast som prosessuelt autentiske kopier av originalvindauga. Det vil vidare bli detaljprosjektert og innhenta anbod for ei fornying av sprinklaranlegget. PB-102.2 og PB.103.2. Bygning 8b: Arbeidet med istandsetting av takkonstruksjonen ferdigstillast. I første etasje tilbakeførar ein store flater med faspanel på veggar og i himling, som blei demontert for tilkomst til hovudkonstruksjonane. I gavlen mot nabobygningen 6f tilbakeførast utvendig panel og tilslutningar. Det vil bli detaljprosjektert og innhenta anbod for ei fornying av sprinklaranlegget. Bygningen er forventa ferdig satt i stand hausten 2011, med unntak av sprinklar- og brannalarmanlegg. 1

PB-104 Svensgården, bygning 4a-d og 5a-c Delprosjekt byrja: 2007 Delprosjekt planlagt avslutta: Ikkje endeleg avklart Eigar og tiltakshavar: Vats AS, som del av Olav Thon Gruppen AS Restaureringsarkitekt: Elin Thorsnes Arkitektkontor Utførande: Laft og Bygg AS PB-104.1 og PB-105.1. Bygning 4a Ein planlegg å byrje oppstarten av prosjekteringa for istandsetting av bygningen i løpet av 2011. Ein må her sjå bygningen i samanheng med bygning 5a og 5b. Bygningen står òg delvis i kontakt med Enhjørningsgården. Planarbeidet skal gje grunnlag for søknadar om dispensasjon frå kulturminnelova. Som ein del av dokumentasjonen skal NIKU gjere undersøkingar i nokre av romma. Ein reknar med at det kan bli naudsynt med nokre sikrings- og avstivingsarbeid for bygningen PB-104.2 og PB-105.2. Bygning 4b Bygningen vil i løpet av året gjerast ferdig som skalbygning på bolverksfundament. Med skalbygning meiner ein tak, vindehjul, lafta tømmerveggar, værskydd, vindauge, labankdørar, plankegolv og bolverk før ei istandsetting til kommersiell bruk. PB-104.3 og PB-105.3. Bygning 4c Bygningen vil i løpet av året gjerast ferdig som skalbygning. Dette gjeld òg vidare arbeid med det som ein omtalar som balkongen ved sval i andre etasje. Diverse arbeid med taket må gjerast ferdig etter at bygning 4b er frigjort frå jekkeriggen og ein er ferdig med stillasarbeidet der. Golvplank vil ikkje bli montert før ny bruk er planlagt og røyropplegget kan monterast. PB-104.4 og PB-105.4. Bygning 4d Det står att noko arbeid i bygningen som ein vurderar som lite fornuftig å gjennomføre før ein har byrja med dei avsluttande arbeida i dei tilstøytande bygningane. I løpet av året vil ein starte opp arbeidet med labankdører i begge etasjar, ferdigstilling av golvet i andre etasje og montering av vindauge i rom 102. Golvplank i første etasje vil ikkje bli montert før ny bruk er planlagt. PB-104.5 og PB-105.5. Bygning 5a Ein planlegg å byrje oppstarten av prosjekteringa for istandsetting av bygningen i løpet av 2011, og må her sjå bygningen i samanheng med bygning 5b. Planarbeidet skal gje grunnlag for søknadar om dispensasjon frå kulturminnelova. Som ein del av dokumentasjonen skal NIKU gjere undersøkingar i nokre av romma. Planen er å overføre jekkerigg frå 4B og 5B til 5A i siste halvår av 2011, i første omgang for å frigjere trykk på grunnen og klargjere for fjerning av massar. Ein vil deretter starte arbeidet med å fjerne massar og rote bolverkstømmer. 2

PB-104.6 og PB-105.6. Bygning 5b Bygningen vil bli refundamentert, heva og retta opp. Bygningen gjerast ferdig som skalbygning, inklusive nye sløyser, på fundament av gråsteinsmur og bolverk. PB-104.7 og PB-105.7. Bygning 5c Det er planlagt diverse mindre arbeid med bygningen, mellom anna takarbeid. Som ein del av dokumentasjonen skal det av NIKU utførast fargeundersøkingar. PB-106 Bellgården, bygning 7d Delprosjekt byrjar: 2011 Delprosjekt planlagt avslutta: 2013 Eigar og tiltakshavar: Bellgården AS Prosjekterande firma: Gamle3Hus AS* Utførande: Laft og Bygg AS PB-106 og PB-107. Bygning 7d Etter gjennomført forprosjekt for istandsetting hausten 2010 blei bygningen i janaur 2011 vald som nytt istandsettingsprosjekt i Prosjekt Bryggen. Søknad om dispensasjon etter kulturminnelova 15 er motteke og handsama våren 2011. Byggesøknad er sendt til Bergen kommune, det same gjeld søknad til Riksantikvaren om dispensasjon etter kulturminnelova 8. Dokumentasjon og merking av bygningsdelar gjerast våren og sommaren 2011. Tiltakshavar skal før demontering sende inn ei begrunna liste til fylkeskommunen over kva for bygningsdelar ein meiner må byttast ut. Lista skal vidare innehalde ein plan for reparasjonsløysingar, og skal vere godkjent av fylkeskommunen før demontering startar. Fylkeskommunen vil bruke Bygningsverntenesta under seksjon for kulturminnevern og museum til ei tett oppfølging av prosessen før, under og etter demontering. Det skal søkast om nye dispensasjonar frå kulturminnelova i samband med reparasjonar og gjenoppbygging. Også under desse prosessane vil ein bruke Bygningsvertenesta til ei tett oppfølging på byggeplassen. Demontering av bygningen, inklusive vidare dokumentasjon, skal etter planen starte i byrjinga av september og vil vere avslutta ved årsskiftet. (*Eigar av Bellgården AS er òg deleigar av firmaet Gamle3Hus AS. Ansvarsforholda i Gamle3Hus er slik: Prosjektering og kontroll ved Helge Samuelsen, utføring og kontroll ved Roger Knutsen (eigar av Laft & Bygg AS), HMS og prosjektleiing ved Petter Dale.) 3

PB-200 Sikring og prosjektering Totalramme: kr. 2.651.788,- Hordaland fylkeskommune fordeler midlane under PB-200 PB-203 Fellessløyser i fronten Arbeidet blir utført vinteren 2011 Eigarar: Fleire eigarar, ikkje spesifisert Tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Øyvind Grindeland og Carlsen på taket AS Dei årlege kontrollane av taka på Bryggen har vist at mest alle sløysene mellom frambygningane har fall bakover, fordi frontgavlane sig langsammare enn dei bakre delane av frontbygningane. Vatnet står difor bakover i sløysene slik at det blir lekkasjar i dråpefalla. Dette gjeld sløysene mellom 4a og 5a, mellom 5a og 6a, mellom 6a og 7a og mellom 5b og 6b. Tilskotet til tiltaket er overført frå 2010. Tiltakshavar vil utbetre tre av fellessløysene vinteren og våren 2011. PB-205 Felles brannsikring; Gradvis fornying av sprinklaranlegget Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Eigarar: Alle eigarane på Bryggen Ansvarleg: Stiftelsen Bryggen og Bryggen Private Gårdeierforening Utførande: Stiftelsen Bryggen På vegne av alle eigarane på Bryggen har Stiftelsen Bryggen søkt om midlar til halde fram med arbeidet med å førebu ei fornying av sprinklaranlegget på Bryggen. Delprosjektet blei starta i 2010. Bakgrunnen er at sprinklaranlegget på Bryggen i 2009 fekk ei lågare gradering i samband med den årlege FG-godkjenninga. Kontrollørane bad då om at eigarane på Bryggen starta arbeidet med å planlegge ei fornying av sprinklaranlegget. I 2010 blei den digitale kartlegginga nesten ferdig. For 2011 er det gitt tilskot til å gjere ferdig registreringa i ein 3D-modell, få ei fagkyndig utgreiing om val av sprinklaranlegg, utarbeide ei strategi for ei gradvis fornying av anlegget, samt utarbeide og innhente anbod på fornying av sprinklaranlegget i to bygningar. PB-207 Sikring bygningar, ikkje spesifisert Under denne budsjettposten står det nokre midlar som kan disponerast til naudsynte sikringstiltak. Ein vil ein då prioritere eventuelle ytterlegare tilskot til sikringstiltak som allereie er sett i gong under Prosjekt Bryggen, eller til sikringstiltak på bygningar som ein i samband med tilstandsregistreringa hausten 2010 blei råda til å sikre. Ubrukte midlar vil hausten 2011 bli omdisponert til andre delprosjekt. 4

PB-208.2 Sikring av bygning 1c, nordre Bredsgården Arbeidet blir utført i 2011 Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Stiftelsen Bryggen og Knut Paulsen AS I 2010 byrja tiltakshavar eit forprosjekt for oppjekking av skeivsetningar i nordre Bredsgården og Bugården. Registreringar syner at skeivsettingane er særleg store i bygning 1c. Tiltakshavar meiner at setningane har sin bakgrunn i senkinga av grunnvatnet under bygningane i nordre Bredsgården på grunn av dei arkeologiske utgravingane på nordvestsida. Setningane blir forsterka ved at det i første etasje under og etter dei arkeologiske utgravingane blei støypt ut lag på lag med betong etter kvart som bygningen seg meir over mot SAS-hotellet. Første fase i sikringsarbeidet vil vere å rive ut all påstøyp i første etasje. Trulig må ein og rive dei underliggande golva på grunn av råteskader. Tiltakshavar vil legge nytt provisorisk golvbjelkelag i moderne trelast med eit mellombels golv av kryssfinerplater, inntil bygningen blir satt i stand gjennom Prosjekt Bryggen. Sikringa mot vidare skeivsetting vil skje ved å montere skråstøtter på bakveggen. Det er planlagt rundt 15 stk. skrustems i stål med feste i ein labank oppunder hovuda for bjelkelaget i veggen i andre etasje og ned på mellombels puter i betong i grunnen i Bugården. Skråstøttene har ei skruing som gjør det mogleg med justering i etterkant. Tiltakshavar meiner at bygningen med dette vil være sikra dei næraste fem til ti åra. Arbeidet vil hovudsakeleg bli uført av innleidd entreprenør, Knut Paulsen AS, under leiing av tiltakshavar. PB-209.1 Forprosjekt bygning 2a, Bredsgården Arbeidet blir utført i 2011 Eigar og tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Stiftelsen Bryggen Det blei i 2010 gitt tilsegn om tilskot til utarbeiding av eit forprosjekt for istandsetting av bygningen. Forprosjektet blei ikkje fullført innan utgangen av året, og tilsegnet er difor overført til 2011. Sjå nærare omtale i årsmeldinga for 2010. PB-209.2 Forprosjekt bygning 2d, Bredsgården Arbeidet blir utført i 2011 Eigar: Margrethe Storheim Tiltakshavar: Stiftelsen Bryggen Utførande: Stiftelsen Bryggen og Jan Lohne Arkitekter Det blei i 2010 gitt tilsegn om tilskot til utarbeiding av eit forprosjekt for istandsetting av bygningen. Forprosjektet blei ikkje fullført innan utgangen av året, og tilsegnet er difor overført til 2011. Sjå nærare omtale i årsmeldinga for 2010. 5

PB-2010 Sikring av bygning 8e, Holmedalsgården Arbeidet blir utført vinteren og våren 2011 Eigar: Holmedalsgården AS ved Hans Hag Tiltakshavar: Holmedalsgården AS Utførande: Stiftelsen Bryggen Stiftelsen Bryggen fekk i 2010 på vegne av eigar tilskot til mellombels sikring av lafta nordvegg, mot dråpefallet. Tiltaket blei ikkje fullført innan utgangen av året, og tilskotet er difor overført til 2011. Veggen har stått utan kledning i mange år. Utsida av tømmerplanken har difor nokre teikn til råteskadar, medan ein god del medan ein god del originale opplengarar har kraftige råteskadar. Tiltakshavar meiner at veggen treng skydd mot veret slik at ikkje ytterligare originalsubstans skal gå tapt. Fylkeskommunen har vurdert arbeidet som dels sikring og dels vedlikehald, og har i tilskotet difor berekna høgare eigendel for eigar. På lafteveggen vil det bli supplert med nye, mellombelse opplengarar, montert ny mellombels kledning, listing og hjørnekjølar, og repartert takrenne, krokar og nedlaup. PB-300 Grunn og Miljøovervaking av grunn Totalramme: kr. 6.232.000,- Riksantikvaren er ansvarleg for delprosjekta under PB-300 og for fordeling av midlar i dei einskilde budsjettpostane. Hovudmålet er å få stabilisert grunnvatnet innan verdsarvområdet Bryggen. Dei fleste arbeidsoppgåvene i 2011 er knytt til tilrettelegging og prosjektering for å stabilisere grunnforholda på Bryggen. I tillegg blir det gjennomført fleire småprosjekt, kor dei fleste av tiltaka vil bli koordinert gjennom Statsbygg sitt byggherreansvar. PB-301 Grunnvassrestaurering, prosjektering Ein del tiltak vil bli utført i 2011. Ein vil vidare prosjektere for eventuelle fleire og større tiltak som er planlagt utført i 2012. Byggherre: Statsbygg Dei ulike tiltaka vil bli gjennomført i etappar for å få avklart effekten av kvart einskilde tiltak. Den endelege kostnadsramma vil bli klarlagt i løpet av året. Tiltaka vil bli gjennomført i samarbeid med grunneigarane innan verdsarvområdet og på nabotomtane og vass- og avløpsetaten i Bergen kommune. 6

PB-302 Heving av drensleidning Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Utførande: Statsbygg, NGU, Multiconsult og Bergen Bydrift Drenssystemet under Radisson SAS hotell Bryggen skal i 2011 hevast til høgast mogleg nivå, og maksimalt kote +1,0 m. Oppgåva føreset at det er utført inspeksjon av drenerings-, kloakk-, og overvassleidningar rundt Radisson SAS hotellet for å avdekke eventuelle manglar/lekkasjar i systemet, som kan medføre ulemper ved eventuell heving av drensnivået. For heving over kote +0,45 m føreset ein at det er utført byggtekniske berekningar i forhold til om byggekonstruksjonen tåler eit permanent vasstrykk under kjellargolvet på maksimalt kote +1,0 m. NGU vil på vegne av Riksantikvaren hjelpe ein konsulent og/eller Bergen kommune VAV, ved praktisk utføring av hevinga. NGU er ansvarleg for overvaking av vasstand og vasstraum i drenssystemet, samt effektane på grunnvatnet i det eksisterande overvakingsnettet. Data samlast, tolkast og rapporterast i forhold til den ønska måloppnåinga rapportert i overvakingsplanen (NGU rapport 2010.040). Resultata av overvakinga brukast til vidare hydrogeologisk modellering av grunnvasstraumin ved Bryggen for å kunne simulere tiltak, samt kunne forbetre tolking av nedbrytingstempo i kulturlaga. Sistnemnde tolking utførast i samarbeid med Henning Matthiesen ved Nationalmuseet i København. Resultat frå modelleringa tolkast og rapporterast. PB-304 Dråpefall: A) Historisk løysing. B) Handtering av overvatn Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Utførande A) Historisk løysing: NIKU, Stiftelsen Bryggen, Elin Thorsnes Utførande B) Handtering av overvatn: NGU A) Historiske løysingar: Det blei i 2009 starta eit delprosjekt for å få utarbeidd ein rapport over dei arkeologiske og historiske (arkiv) løysingar for handtering av overvatn gjennom dråpefalla ved utløp i fronten. Kr. 500.000,- vart overført til Stiftelsen Bryggen i 2009, av desse skal kr. 250.000,- brukast av NIKU. Rapportering er venta ferdigstilt i løpet av 2011. B) Delprosjektet er i 2011 overført til nytt delprosjekt PB-308. PB-305 Frontprosjekt. Vassprøver Arbeidet vil bli utført i samband med eventuelle overfløymingar Utførande: Multiconsult og Nationalmuseet Uttak, analyse og tolking av vassprøver frå ti brønnar i opptil fem rundar: Dette skal berre gjerast dersom det blir flaum på fronten i 2011. 7

PB-306 Oppgåver knytt til kulturlaga i samband med tetting av spunten Utførande: Statsbygg, NGU, Nationalmuseum, Multiconsult, NIKU, Bergen Bydrift Det er naudsynt med metodeutvikling, kunnskapsinnhenting og nyutvikling for overvaking av umetta sone. Det vil bli automatisk logging av brønnar i dei kritiske sonene, med fjernavlesing av ti miljøbrønnar for eit online overvakings- og varslingssystem. Grunnvassdata som samlast inn gjennom automatisk overvaking blir av NGU ordna, tolka og levert digitalt til bruk i tverrsnitt. NGU skal i tillegg utføre, tolke og rapportere permeabilitetsmålingar jf. forslag til overvakingsplan. Dette er viktig for at fastslått straumingstempo som er eit viktig parameter for fastsettinga av nedbrytningstempoet for kulturlaga. Det er eit mål å redusere grunnvatnets starumingstempo til 0,1 m per år i kulturlaga. PB-307 Miljøovervaking Utførande: Statsbygg, Multiconsult, NIKU, Nationalmuseum MOV på Bryggen blei etablert i 2002 og gjennomførast uavhengig av andre tiltak på Bryggen. Det er etablert 37 brønnar på Bryggen (medrekna Dreggen, Schøtstuene, og Øvregaten 19). Det skal i 2011 i etableres to nye miljøbrønner på Bryggen hhv. ved Bellgården (Jakobsfjord) MB38 og ved Enhjørninggården (Bryggestredet) MB39. MOV Bryggen har utvikla nye, effektive metodar for karakterisering av bevaringstilstand og bevaringsforhold i metta og umetta sone. Desse metodane har blitt overført til dei andre mellomalderbyane og det er utvikla retningsliner og Norsk Standard basert på erfaringane frå Bryggen. I 2011 skal det gjennomførast vassprøvetaking i alle gamle brønnar for analyse og tolking av geokjemiske brønndata. Dette arbeidet skal kombinerast med målingar av staumingstempoet. NGU skal ha ansvar for overvåking av grunnvannstand, -trykk, -kvalitet og strømningshastighet. NGU og Nationalmuseet skal samarbeide om tolking og kopling av grunnvasskjemi og hydrologi. PB-308 Diverse FoU oppgåver, rådgjeving grunnvatn Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Utførande: Statsbygg, NGU Riksantikvaren vil i 2011 gi tilskot til forskingsprosjektet "Grunnvatn og arkeologi" som er leda av NGU. NGU utførar geoarkeologisk modellering, blant anna ved Bryggen i Bergen. Modelleringa utførast i eit forsøk på å utvikle meir holistiske kartleggingsmetodar, som forbetrar kartlegging og vurdering av kulturlaga sitt in-situ bevaringspotensial. Arbeidet her skal og sjåast i høve til delprosjekt PB-311B. 8

PB-309 Fløyfjellsgarasjen Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Utførande: NGU NGU vil hjelpe Riksantikvaren med hydrogeologisk kompetanse i samband med reguleringsplan for Fløyfjellsgarasjen. NGU vil bli involvert i rådgjevingsverksemda i 2011. PB-311 Reinfiltrering Arbeidet vil bli utført i løpet av 2011 Utførande A: MVH Consult, Nationalmuseet, NIKU, Multiconsult, PAST, Bergen bydrift Utførande B: TU Delft, NIKU, Nationalmuseet, Multiconsult, NGU Det planleggastreinfiltrering av vatn som eit ledd i å heve og stabilisere grunnvasstanden ved Bryggen. Arbeidet er eit tverrfaglig samarbeidsprosjekt, kor internasjonal kompetanse blir trekt inn. Reinfiltrering av vatn for å forbetre in-situ bevaringspotensialet av kulturlaga er eit tiltak som generelt blir vurdert fleire stader enn i Bergen. Prosjektet ved Bryggen har stor overføringsverdi til andre stader med organiske kulturlag og er viktig for norsk og internasjonalt urban vassforvaltning. Det er difor etablert ei referansegruppe beståande av Riksantikvaren, NIKU, MVH Consult, VU Amsterdam, TU Delft, NGU, Nationalmuseet, Multiconsult og Bioforsk. Denne vil bli brukt til å diskutere resultata og forslag til tiltak. A) Hausten 2010 blei det sett i gong ei testing av oksygenloggarar på Bryggen. Desse loggar oksygeninnhaldet direkte i kulturlaga. Det finst også loggarar som målar redoxpotensialet i kulturlag. Desse loggar ikkje oksygen direkte, men skal gje ein dokumentasjon av nedbrytningspotensialet i kulturlaga. Denne loggartypen er rimelegare enn oksygenloggarar, men det har ved bruk på andre prosjekt i Noreg vore knytt noko uvisse til verdien av dei oppnådde måleresultata. I samband med utarbeiding av ein overvakningsplan for dei framtidige tiltaka på Bryggen er det av stor verdi å avklare om redoxloggere kan brukast eller ikkje. Det er difor i 2011 sett i gong eit prosjekt kor oksygenloggarar og redoxloggarar er installert i same hol. Resultata mellom dei to typar loggearar vil bli samanlikna og evaluert i 2011. Bergen Bydrift skal grave opp grøfter for trekkerøyr, medan Multiconsult skal trekke leidningar frå loggarar til loggarskap. B) Det sett i gong eit arbeid med forprosjektering av infiltrasjonsløysingar på Bryggen. Arbeidet er eit internasjonalt samarbeid med forskjellige forskings- og konsulentmiljø. Målet er å komme fram til berekraftige løyningar for infiltrasjon av vatn for stabilisering av grunnvassforholda på Bryggen. Forslag skal føreligge i 2011 og implementering av foreslegne løysingar skal vere sett i gong innan utgangen av 2011. Arbeid som NGU gjer på delprosjekt PB-308 vil og bli brukt i dette delprosjektet. PB-350 Grunnvassrestaurering Totalramme: kr. 45.000.000,- Riksantikvaren er ansvarleg for delprosjekta under PB-350. 9

PB-400 Kunnskapsinnhenting og overvaking av bygningar Totalramme: kr. 550.000,- Riksantikvaren er ansvarleg for delprosjekta under PB-400 og for fordeling av midlar i dei einskilde budsjettpostane. PB-402 Setningsmålingar bygningar og fundament Utførande: Multiconsult på bestilling frå Riksantikvaren Delprosjektet har gått over 10 år. Det er over heile området sett ut målepunkt på bygningar og på grunnen. Målingane blir tolka og evaluert av Multiconsult AS og sett i samanheng med andre undersøkingar og målingar i området. Måleprogrammet blei i 2009 utvida med punkt på Schøtstuene og Det Hanseatiske Museum, betalt av Bergen kommune. I 2011 vil det bli gjennomført ei vanleg måling og evaluering, samt sett ut nye målepunkt rundt SAS-hotellet, Bryggens Museum og Dræggsallmeningen. PB-403 Overvaking nye bolverk Utførande: Avklarast etter anbodsrunde Oppdraget leggast hausten 2011 ut på Doffin database for offentlege innkjøp. PB-404 Insektangrep, borebille Utførande: Mycoteam, Stiftelsen Bryggen Kjemisk nedkjemping av stripet borebille blei stansa av Riksantikvaren på 90-talet, sidan ein ikkje kjende langtidsverknaden av den kjemiske handsaminga. Stiftelsen Bryggen har sidan 2004 hatt eit samarbeid med Mycoteam for å prøve å registrere omfanget av angrep frå borebilla. PB-405 Festemiddel Utførande: Stiftelsen Bryggen Arkitektane og tømrarane som arbeider med vedlikehald og istandsetting på Bryggen har gjort ein god del innsamling av dei ulike festemidla som har blitt brukt opp gjennom tida. Dette er gjort dels for å kunne gjennomføre målsettinga om bruk av tradisjonell byggeteknikk, og dels for betre å kunne datere dei ulike tiltaka i bygningane opp gjennom tidene. 10

PB 500 Fellesoppgåver Totalramme: kr. 1.864.885,- Delprosjekta under PB 500 blir dels styrt frå Hordaland fylkeskommune (PB-501, PB-502 og PB-505) og dels styrt frå Riksantikvaren (PB-503og PB-506). Delprosjektet PB-504 blir frå og med 2011 styrt av Bergen kommune ved Byantikvaren PB-501 Driftsoppgåver Ansvarleg for tildeling av midlar: HFK Utførande: Stiftelsen Bryggen Stiftelsen Bryggen utførar årleg fellesoppgåver og tenester for alle eigarane på verdsarvstaden Bryggen, til dømes vakthald, taksjekk og brannsikringsarbeid. Bakgrunnen for den årlege løyvinga til felles driftsoppgåver gjennom Prosjekt Bryggen er ein avtale frå 1997 mellom Stiftelsen Bryggen og Hordaland fylkeskommune om at Stiftelsen Bryggen skulle utføre ein del tenester, og at ein som kompensasjon for dette skal få eit årleg tilskot frå statsmidlane. Sidan avtalen blei inngått før Prosjekt Bryggen var starta og inkluderer nokre oppgåver som per i dag blir finansiert over andre budsjettpostar i Prosjekt Bryggen, er det ønskeleg å revidere avtalen i løpet av året. Det vil då følgje ei ny spesifisering av kva for fellesoppgåver som skal dekkast over budsjettposten PB-501. PB-502 Materialbank Ansvarleg for tildeling av midlar: HFK Utførande: Stiftelsen Bryggen Materialbanken er lokalisert i og utanfor eit moderne uisolert lagerbygg på Kokstad, og er oppretta som et fjernlager for dei store materialmengdene som i periodar trengst til istandsettingsarbeida på Bryggen. Her føregår òg saltimpregnering av materialar. PB-503 Dokumentasjons- og rapporteringsstandard Ansvarleg: RA Riksantikvaren tek hand om dette delprosjektet for å sikre overførings- og bruksverdi for andre kulturminne og for å sikre at standarden blir i tråd med Riksantikvarens digitale system og databasar. 11

PB-504 Arkiv Ansvarleg: BK Arbeidet vil gjerast i løpet av 2011 Utførande: LAB - Bergen Byarkiv Bergen kommune ved byantikvaren tek frå og med 2011 hand om dette delprosjektet. PB-505 Tilstandsvurdering Ansvarleg: HFK Arbeidet held fram i 2011 Utførande: Bygningsverntenesta hos HFK og mogleg innleidd konsulent Hausten 2010 blei 39 av bygningane på Bryggen tilstandsregistrert sjå årsmeldinga for 2010. Det vil i 2011 truleg berre bli gjort registreringar på nokre få bygningar, mellom anna på bygning 4e og 5e som tidlegare er sett i stand. Ein vil elles byrje planlegginga av registreringa av dei resterande bygningane på Bryggen, inklusive dei bygningane som snart er ferdig sett i stand. Sjå elles oversiktskart i årsmeldinga for 2010. Som ein del av tilstandsregistreringa så langt er det utarbeida grove kostnadskalkylar for naudsynte sikrings- og istandsettingsarbeid, og gitt eit framlegg til prioritering av arbeida. I 2011 vil ein drøfte dei innspela ein har fått frå eigarane med omsyn til den vidare prioriteringa av sikrings- og istandsettingsarbeida. Vidare vil ein byrje på prosessen med å utarbeide ein langsiktig plan for all istandsettinga, denne prosessen vil gå over tid. PB-506 Fargeundersøkingar Rammeavtale mellom RA og NIKU Koordinering: HFK Utførande: NIKU I 2011 vil ein oppsummere den innsamla kunnskapen så langt og ut frå dette avdekke kva som bør prioriterast dei komande åra. 12

PB 700 Formidling og publisering Totalramme: kr. 440.000,- Riksantikvaren er ansvarleg for delprosjekta under PB-700 og for fordeling av midlar i dei einskilde budsjettpostane. PB-701 On-site formidling Utførande: Stiftelsen Bryggen, Vats As Stiftelsen Bryggen har søkt om midlar til å dekke underskotet i besøkssenteret, som er lokalisert i Midtbygningen, bygning 6-7a. I tillegg til å drive noko sal, ha utstilling av handverktøy og informasjon om Bryggen og istandsettingsarbeida, driftar Besøkssenteret to publikumstoalett. Det bør og opnast for at formidlinga til Vats As i frontvindauga i Svensgården kan få tilskot. PB-702 Utstilling Bryggens Museum Utførande: Bymuseet i Bergen I 2011 vil ein vidareføre arbeidet med å lage ei utstilling som formidlar bevaringa av Bryggen, inklusive Prosjekt Bryggen. I 2010 blei ei skjermutstilling ferdigstilt og i 2011 vil utstillinga Bevare meg vel opne på Bymuseet, Bryggens museum. PB-706 Drift av nettside Utførande: Bymuseet i Bergen Bymuseet vil utvikle og drifte nettsider for Prosjekt Bryggen. I 2010 blei arbeidet med å utvikle nettsider for Prosjekt Bryggen starta av Bymuseet, Bryggens museum. Nettsidene skal opnast i 2011. Riksantikvaren vil i 2011 gi tilskot til drift av nettsidene. 13

PB-800 Administrasjon Totalramme: kr. 1.250.000,- PB-800 blir dels styrt handtert av Hordaland fylkeskommune (PB-801, PB-802 og PB-806 / PB- 807) og dels handtert frå Riksantikvaren (PB-805). Utgiftene under denne hovudposten fordelar seg i 2011 hovudsakeleg på følgjande postar: PB-801 Prosjektleiar, HFK (inkl leige av kontor) PB-802 Diverse utgifter, HFK (primært møter i OPS og i samarbeidsgruppa) PB-805 Diverse utgifter, RA Inkludert i dei totale utgiftene under PB-800 er frå og med 2011 òg kostnader i samband med ei tettare oppfølging på byggeplassane og/eller kjøp av ei konsulentteneste som gjeld til dømes utarbeiding av malar for prosjektering. Utgiftene vil bli ført som post PB-806 og eventuelt PB-807. Den praktiske løysinga for PB-106 og PB-107 vil bli drøfta nærare i Operativ Styringsgruppe (OPS). 14

Prosjekt Bryggen Budsjett 2011 Side 1 av 2 Prosj.nr Delprosjekt Søkar/ utførande PB-100 Istandsetting Budsjett tot, inkl overførte midlar PB-102 Holmedalsgården, bygn 8a og 8b Stiftelsen Bryggen (SB) HFK Fordeling av midlar Holmedalsgården, bygn 8a og 8b: Brannsikring PB-103 ifm istandsetting SB HFK PB-104 Svensgården, bygn 4a-d og 5a-c Vats AS HFK PB-105 Svensgården, bygn 4a-d og 5a-c: Brannsikring ism istandsetting Vats AS HFK PB-106 Bellgården, bygning 7d Bellgården AS 2 500 000 HFK PB-107 Bellgården, bygn 7d: Brannsikring ism istandsetting Bellgården AS 50 000 HFK Totalt 16 032 600 PB-200 Sikring og prosjektering PB-203 Fellessløysar i fronten SB, for fleire eigarar 120 000 HFK PB-205 Brannsikring, felles: Gradvis fornying av sprinklaranlegget SB, på vegne av alle 505 000 HFK PB-207 Sikring bygningar, ikkje spesifisert 554 788 HFK Sikring i Bugården og nordre Bredsgården: PB-208.2 bygning 1c SB 814 000 HFK PB-209.1 Forprosjekt bygning 2a, Bredsgården SB 250 000 HFK PB-209.2 Forprosjekt bygning 2d, Bredsgården SB på vegne av Storheim 250 000 HFK SB på vegne av Holmedalsgården PB-210 Sikring bygning 8e, Holmedalsgården AS 158 000 HFK Totalt 2 651 788 PB-300 Grunn og Miljøovervåking grunn PB-301 Grunnvassrestaurering, prosjektering 4 000 000 RA PB-302 Heving av drensleidning 80 000 RA PB-304 Dråpefall: Handtering av overvatn NGU 40 000 RA PB-305 Fronten. Vassprøver (kun v oversvømming) Multiconsult / Nationalmuseet 110 000 RA PB-306 Oppgåver knytt til kulturlaga ism tetting av spunten Multiconsult / NGU/ NIKU/ Nationalmuseet 515 000 RA PB-307 Miljøovervaking Natmus/ NIKU/ Multiconsult 885 000 RA PB-308 Diverse FoU oppgåver, rådgjeving grunnvatn NGU 50 000 RA PB-309 Fløyfjellsgarasjen NGU 52 000 RA PB-311 Reinfiltrering Alle 500 000 RA Totalt 6 232 000 15

Budsjett 2011 - Side 2 av 2 PB-350 Grunnvassrestaurering PB-351 (Detaljert budsjett vil bli utarbeidd) RA Totalt 45 000 000 Kunnskapsinnhenting og overvaking av PB-400 bygningar PB-402 Setningsmålingar bygn/ fundament 160 000 RA PB-403 Overvaking nye bolverk NGU m fl. 325 000 RA PB-404 Insektangrep, borebille SB 15 000 RA PB-405 Festemiddel SB 50 000 RA Totalt 550 000 PB-500 Fellesoppgaver PB-501 Driftsoppgåver SB 300 000 HFK PB-502 Materialbank SB 556 000 HFK PB-503 Dokumentasjons- og rapporteringsstandard RA 0 RA PB-504 Arkiv BK 300 000 BK PB-505 Tilstandsvurdering HFK 408 885 HFK PB-506 Fargeundersøkingar NIKU 300 000 RA Totalt 1 864 885 PB-700 Formidling og publisering PB-701 On-site formidling Vats AS, SB, Bellgården AS 200 000 RA PB-702 Utstilling Bryggens museum Bymuseet i Bergen 200 000 RA PB-706 Drift nettside Bymuseet i Bergen 40 000 RA Totalt 440 000 PB-800 Administrasjon PB-801 Prosjektleiar 700 000 HFK PB-802 Diverse, HFK 50 000 HFK PB-805 Diverse, RA 100 000 RA Oppfølging på byggeplass og/ eller kjøp av PB-806 konsulentteneste 400 000 HFK Totalt 1 250 000 TOTALT 74 021 273 16