En opplevelse for livet



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

IKT-kompetanse for øvingsskular

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Elevundersøkinga 2016

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

SPØRJEGRUPPE: HORNINDAL SKULE KLASSE

Frå novelle til teikneserie

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Valdres vidaregåande skule

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Å byggja stillas rundt elevane si skriving. Anne Håland, Ny Giv Finnmark, 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Læring utanfor skulen

Spørjegransking om leselyst og lesevanar ved Sunnylven ungdomskule I samband med prosjektet Kvitebjørnen

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Foreldrekurs for foreldre på 3 og 4 trinn

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

mmm...med SMAK på timeplanen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland


Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Med god informasjon i bagasjen

Samansette tekster og Sjanger og stil

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Ungdom og informasjon Spørjeundersøking i Hordaland

Lesarhistoria -ny veg til lesaren. Brev til bibliotekaren Flora folkebibliotek/krokane skule

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Utlysning: vi søker fire ungdommer til å sitte i nominasjonsjuryen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Heilt einig. Litt einig

P4: Korleis få til fagleg snakk? Idar Mestad, stipendiat Stein Dankert Kolstø, Professor Universitetet i Bergen

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

«Ny Giv» med gjetarhund

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Rapport Mandatory Assigment 06 Photo Essay. Malin Ersland Bjørgen

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Ungdom og regional utvikling i Nordhordland Spørjeundersøking Analyse, utgreiing og dokumentasjon (AUD) AUD-rapport nr

Kartlegging av befolkninga sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12b

Psykologisk førstehjelp i skulen

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

13. Sendetida på TV aukar

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 9. trinn

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Reisevanekartlegging i Hordaland fylkeskommune Fylkesbygget og Skyss.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Månadsbrev for Rosa september 2014

FLYTTING TIL OG FRÅ BYKLE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Skulebasert kompetanseutvikling med fokus på lesing

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Transkript:

Oslo 30.04.13 Skrevet av Lars Petter Sveen, prosjektleiar for Ungdommens kritikerpris i Foreningen!les. En opplevelse for livet - Rapport Ungdommens kritikerpris 2012/13 Likte egentlig alt, kanskje særlig å diskutere bøkene i ettertid. Å høre andres tolkninger og meninger, samt å argumentere for min personlige mening var lærerikt og "nytt". Storjurymøtet i Oslo var også noe jeg kommer til å huske i lang tid, en veldig inspirerende og lærerik opplevelse. Deltakelsen i juryen har bedret min kritiske sans for litteratur, samt økt leselysten og leseforståelsen. elev frå juryklasse. Ungdommens kritikerpris 2012/13 har vore vellukka, og tilbakemeldingane frå elevar, lærarar, og forfattarar har vore positive. Dei nominerte bøkene har blitt lest og diskutert. Klasserom, skolegardar, gangar, sjølv stua heime, har vore arenaer for litterær debatt for elevane. Lærarane har gjort ein stor innsats, og vinnarboka, Eivind Hofstad Evjemos Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet, var ei bok som vaksne kritikarar omtalte som vanskeleg og ambisiøs, men som elevjuryen omtalte som et portrett av oss, hvordan vi er som folk, hvordan vi har det ( ). Denne rapporten er basert på læraranes og elevanes evaluering av Ungdommens kritikerpris 2012/13. 1

Bakgrunn og historie Ungdommens kritikerpris (UKP) kom i stand etter initiativ frå Foreningen!les i 2005. Bak samarbeidet står også Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag, Lesesenteret i Stavanger og Den norske Forleggerforening. Prisen er inspirert av Goncourt des Lycéens, ungdomsvarianten til den store franske litteraturprisen, Prix Goncourt. UKP er ungdomsvarianten til Kritikerprisen (Norsk Kritikerlags årlige skjønnlitterære pris). Nominasjonane til UKP og Kritikerprisen er ikkje dei samme. UKP vart i skoleåret 2012/13 gjennomført for åttande gong. I løpet av dei åtte åra har 63 klassar vore med. Første året sat seks klassar i juryen. Sakte, men sikkert er talet på juryklassar kome opp i ni klassar. Over 1000 elevar har til saman sitte i juryane. 17 av 19 fylke har vore representert i juryen. Juryklassane blir valt ut basert på søknadar. Når vi vel ut juryklassane legg vi vekt på at klassane, lærarane og skolane er motiverte. Juryen skal også ha ei spreiing når det kjem til geografi og faglinjer. Det er Foreningen!les som vel ut klassane. Talet søknader har vore på mellom 40 og 50. I 2012/13 var talet 37. Juryklassane 2012/13 Bergen katedralskole (Hordaland) - 2D studiespesialiserande Bryne vidaregåande skole (Rogaland) - 2STA studiespesialiserande Drammen vidaregåande skole (Buskerud) - 2STC studieforberedande Hamar katedralskole (Hedmark) - 2MKAB media og kommunikasjon Hvam vidaregåande skole (Akershus) - 2LGE energi- og miljøfag Mosjøen vidaregåande skole (Nordland) - MD2M musikklinje Nordkapp maritime fagskole og vidaregåande skole (Finnmark) - 2AAA/B studiespesialiserande Nordahl Grieg vidaregåande skole (Hordaland) 2

- 3 påbygg/media og kommunikasjon Nøtterøy vidaregåande skole (Vestfold) - 3STE entreprenørskap Media Dekninga av UKP har vore god. Alle juryklassene får oppslag i lokalpresse, og riskdekkande media skriv notisar om nominasjonane og vinnaren. I år var det lite dekning i media av sjølve utdelinga og vinnaren. UKP har eit stort potensiale til å nå enda meir ut i media, og til neste år vil vi prøve å legge om på korleis vi arbeidar med dette. Tolv av 13 lærarar (åtte av ni klassar) fekk oppslag i lokalaviser. Både elevar og lærarar opplev oppslag i media som motiverande. Vi fikk muligheten til å oppdage ny litteratur - Kva meiner lærarane og elevane? Til grunn for denne rapporten ligg ei undersøking der juryklassane og lærarane har svart. Av dei 221 elevane som var på UKP 2012/13, har 142 elevar svart. 14 av lærarar og bibliotekarar har svart her er alle juryklassane representert. Først vil rapporten gå gjennom kva lærarane svarar, før den tek for seg elevanes svar. Lærarane viser seg ofte å vere ein meir homogen gruppe enn elevane når det kjem til kva dei svarar på tilbakemeldingane. Elevane er derimot fleire, og deira svar viser ofte større skilnadar i kva som vart godt og dårleg likt. Lærarane Lærarseminaret Lærarseminaret gjekk føre seg den 22. oktober kl 1000-1600 i Utdanningsforbundets lokale. 12 av 14 lærarar seier dei hadde stort utbytte av lærarseminaret (to av 14 seier dei hadde noko utbytte). Lærarseminaret fungerte godt denne gongen. Etter tilbakemeldingane frå 2011/12, la 3

vi enda større vekt på den praktiske informasjonen frå lærarane. Dette sette lærarane stor pris på, som ein av dei skriv: Jo mer praktisk, jo bedre. Jeg brukte mange av de praktiske rådene. Så innspill fra lærerne og også elevene var gull verdt! Lærarane er tydelege på at dei ønskjer noko konkret å ta med seg vidare, dei ønskjer tips til korleis gjennomføre prosjektet i klasserommet. Og dette får dei på lærarseminaret, for som ein annan lærar skriv om seminaret: Etter min mening helt nødvendig. Jeg tror det hadde blitt vanskelig å få skikk på arbeidet uten dette seminaret Det er verdt å merke seg at 12 av 14 lærarar synes den praktiske informasjon frå Foreningen!les var svært bra. Dette er noko vi tek med oss til neste seminar! Kritikarfadder Årets kritikarfadrar vart fordelte på følgjande måte: Bergen katedralskole - Gro Jørstad Nilsen Bryne vidaregåande skole - Sofie Braut Drammen vidaregåande skole - Margunn Vikingstad Hamar katedralskole - Margunn Vikingstad Hvam vidaregåande skole - Margunn Vikingstad Mosjøen vidaregåande skole - Ole Jacob Hoel Nordkapp maritime fagskole og vidaregåande skole - Solgunn Solli Nordahl Grieg vidaregåande skole - Gro Jørstad Nilsen Nøtterøy vidaregåande skole - Alf Kjetil Walgermo Kritikarfadrane vart skaffa klassane av Foreningen!les. 4

Responsen frå lærarane er positiv: Seks av 14 seier kritikarfaddaren var bra, mens tre av 14 seier faddaren var svært bra. Fem av 14 seier fadderen var ok. Lærarane skryt av kritikarfadrane, men nokre peiker på at kritikarfadderen la lista noko høgt. Kanskje kunne dette vore hindra om lærar og kritikar hadde snakka betre saman på forhand om korleis dei ønskte å legge opp besøket. Men det er også eit signal om at vi i Foreningen!les bør ha ein tettare dialog med kritikarfadrane, både på førehand og undervegs i prosessen. Dei nominerte bøkene Nominerte til UKP 2012/13: Eivind Hofstad Evjemo: Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (Cappelen Damm) Wenche-Britt Hagabakken: Hula Lou (Aschehoug) Vigdis Hjorth: Leve posthornet! (Cappelen Damm) Mona Høvring: Venterommet i Atlanteren (Oktober) Trude Marstein: Hjem til meg (Gyldendal) Per Petterson: Jeg nekter (Oktober) Lars Ove Seljestad: Isberg (Aschehoug) Lars Amund Vaage: Syngja (Oktober) Stort spenn, alle hadde litterære kvaliteter, god miks av kvinner, menn, yngre, eldre, etablerte og ikke så etablerte forfattere. Juryen mener jeg gjorde et godt utvalg. Og det at de ikke hadde plukket ut bøker som skulle passe for ungdom tror jeg elevene satte pris på. lærar for juryklasse. Når lærarane skal kommentere dei nominerte bøkene, er dei tydelege på to ting: Elevane sette pris på å ikkje bli undervurdert, og bøkene var for like. Fleire av lærarane meiner nominasjonane var gode. Også i 2011/12 var det fleire av lærarane som reagerte på at dei nominerte bøkene var like i innhald og tema. Dette er interessant da det kanskje seier noko om den litterære trenden i Noreg og kva som blir sett på som god litteratur blant kritikarane. 5

Utdelinga og forfattarmøta Det var jo en festdag! Jeg var strålende fornøyd fra start til slutt. lærar juryklasse. Utdelinga av UKP 2012/13 var på Litteraturhuset torsdag 7. mars. Forfattarmøta var i same lokale. Heile dagen var dei ni juryklassane, med lærarane og dei nominerte forfattarane, saman frå klokka 1000 til 1400. Ni av 14 lærarar synes utdelinga var svært bra, mens ein synes utdelinga var bra, og fire synes det var ok. Ti av 14 seier dei synes forfattarmøta var svært bra, mens fire av 14 seier dei synes møta var bra. Alt i alt verker det som lærarane er veldig nøgd med utdelinga og forfattarmøta. Dei skryt av god organisering, av at elevane har hatt det bra, og av at forfattarane var interessante. Men fleire av lærarane trekk fram at det var ikkje var optimalt med ståplassar på utdelinga. Det var vanskeleg å sjå scena, og kanskje ikkje så høgtideleg som dei ønskte det skulle vere. Dette er ei tilbakemelding vi har fått tidlegare år også Wergelandsalen i Litteraturhuset er eigentleg for liten for utdelinga av UKP. Vi har framleis ikkje funne ei god løysing på dette. Litteraturhuset er ein unik stad å ha utdelinga av UKP på, og vi har eit godt samarbeid med dei tilsette på huset. Forfattarmøta får gode tilbakemeldingar. Foreningen!les hadde god kontakt med forfattarane på førehand dette året, og la vekt på å informere forfattarane om kva dei kunne vente seg. Vi prøvde også å følgje forfattarane meir opp i løpet av dagen. Derfor er vi glade for at fleire av lærarane skryt av korleis forfattarane var på møta. Samtidig meiner fleire av lærarane at dei tre puljane på forfattarmøta var for store. Vi skjønner dette, og kunne sjølv ønskt mindre grupper, men dette er vanskeleg å få til. Med ni klasser må nok gruppene vere ganske store. 6

At to av forfattarane ikkje kunne vere til stades førte også til at gruppene vart større enn vi ønskte. Organiseringa av Ungdommens kritikerpris og samarbeidet med Foreningen!les Jeg synes alt har gått på skinner hele veien. God dialog med Foreningen!les - dere har vært supre. lærar juryklasse Organiseringa av UKP 2012/13 har vore vellukka. Ti av 14 lærarar seier organiseringa var svært bra, mens 13 av 14 seier kommunikasjonen med Foreningen!les var svært bra. Ingen av lærarane kjem med negative tilbakemeldingar. Det viser at Foreningen!les har gjort ein god jobb opp i mot elevane og klassane. UKP er godt rotfesta i Foreningen!les, og det praktiske omkring prisen blir godt tatt hand om. Kva effekt har arbeidet hatt på elevane og klassen? Ni av 14 lærarar seier det har hatt stor effekt på klassemiljøet, og ti av 14 seier det har hatt stor effekt på elevanes forhold til litteratur. Men på spørsmålet om det har hatt effekt på leselyst, skrive- og leseferdigheiter, seier alle lærarane at det er vanskeleg å svare på dette. Lærarane er positive og meiner å sjå ein endring, men kan ikkje stadfeste dette. Oppsummering frå lærarane Jeg er veldig glad for at jeg meldte på klassen. Opplegget var nok mer arbeidskrevende enn jeg hadde tenkt meg, men jeg angrer ikke, og vil anbefale prosjektet varmt til andre lærere som har motiverte klasser til å delta. lærar juryklasse. Alle lærarane seier dei er glad for at dei var med, samtidig som dei trekk fram at arbeidet med UKP var krevjande. Arbeidsmengda som følgjer med UKP blir forklart både i utlysninga når ein søkjer om å få vere med, og på lærarseminaret når går gjennom det praktiske med lærarane. Men det er interessant at ein av lærarane skriv dette: 7

Jeg er veldig fornøyd, ikke minst for en viss beundring blant kollegene. Det er faktisk ikke alle som har nerver eller pågangsmot eller hva det nå er til å gå igang med et prosjekt som dette. Sitatet viser korleis prosjektet krev mykje av læraren, men at ein får mykje tilbake. Ungdommens kritikarpris kan framleis omtalast som ein draum om det umulege, men lærarane viser at også draumen om det umulege er muleg. Elevane Er elevane glad for at dei deltok i Ungdommens kritikerpr is? Det ga oss muligheten til å lese mange bøker, noe som var en stor utfordring for mange av oss. Jeg vil si vi har lært mye ut av denne perioden! elev frå juryklasse. 40 prosent av elevane svarer at dei er svært nøgd med at klassen deltok i UKP. 47 prosent svarer at dei er nøgd med at klassen deltok. Elevane er positive, sjølv om mange av dei seier det var tungt å komme gjennom bøkene. Nokre skriv at arbeidet med prisen verka uorganisert frå skolens/lærarens hald. Dette er noko vi kan ta med oss til neste lærarseminar. Det vil vere viktig å formidle til lærarane at prosjektet krev mykje av elevane, men at elevane treng klare rammer og tydelege mål. Det store fleirtalet av elevane skriv korleis det å vere med på UKP har introdusert dei for litteratur på ein ny måte. Slik viser UKP seg som en døråpner for mange ungdommer. Men det er viktig å ta med seg at mange óg skriv at det var tungt og vanskelig å komme gjennom bøkene. Å lese åtte bøker på fire månader er tungt, så ein slik reaksjon frå elevane er venta. Men samtidig må vi ta dette med oss når vi formidlar arbeidsbyrda til lærarane. Lese- og skriveferdigheter og leselyst 57 prosent av elevane seier dei har fått auka leselysta av å vere med i UKP. 37 prosent skriv dei har fått betre skriveferdigheiter, mens 60 prosent skriv dei har fått betre leseferdigheiter. 8

Med unntak av spørsmålet om leselyst, er dette tal som ein må ta med ei klype salt det er vanskeleg måle dette, men likevel interessant å høyre kva elevane sjølv meiner. Det er verdt å merke seg at fleirtalet av elevane seier at deltaking i UKP har hatt ein positiv effekt på lesinga deira. Det viser at den intensive lesinga har vore utfordrande, men at elevane samtidig meiner det har ført til betre leseferdigheiter og leselyst. Kor mange bøker har elevane lest, og kva synes dei om bøkene? Alle er forskjellige, gode bøker. Er takknemlig for at jeg har fått muligheten til å lese så mange bøker jeg kanskje ikke ville ha plukket ut selv! elev frå juryklasse I snitt har elevane til UKP 2012/13 lest seks bøker. Talet er det same som dei to føregåande åra. Men der fleirtalet av lesarane i fjor hadde lest fem eller seks bøker, har fleirtalet i år lest åtte eller fem bøker: 28 prosent har lest alle dei åtte bøkene, mens 22 prosent har lest fem bøker. 17 prosent har lest seks bøker, mens 10 prosent har lest sju bøker. Det er grunn til å tru at dei som kjem seg over bøygen på fem bøker greier å lese alle åtte. Mens dei som les fem bøker, stoppar opp. Dette er noko vi må ta med oss vidare kanskje er det mulig å gi lærarane idear til korleis få alle som les fem bøker til å komme seg vidare gjennom resten av bøkene. På spørsmålet om elevane synes om dei nominerte bøkene, svarar eit stort fleirtal at bøkene var ulike, både i innhald og kvalitet. Dette skil seg ut frå sist år, da mange meinte bøkene var like. Men i år er det kanskje enda fleire som peiker på at nokre av bøkene ikkje var gode. Dette tek vi som eit signal på at elevane er kritiske lesarar, og at dei gjennom arbeidet med UKP har fått sjølvtillit og kompetanse til å lese norsk samtidsprosa og uttale seg om den. Fleire av elevane trekk fram samtalen med medelevane som viktige for korleis dei opplevde bøkene: Noen av bøkene var veldig rare og tunge å lese, mens andre likte jeg godt i etterkant etter jeg hadde hatt boksamtale med medelever om den. elev frå juryklasse. 9

Dette viser at den litterære samtalen er viktig for elevane når dei nærmar seg bøkene. UKP hentar mykje av styrka si frå dette, og det er ein kvalitet med prisen at elevanes lesing ikkje berre er individuell og privat, men noko som blir diskutert og forma i fellesskap. Det er verdt å merke seg at ein del av elevane meiner bøkene ikkje er spennande nok. Fleire av dei som svarar utdjupar dette med å vise til at bøkene ofte gjekk føre seg i det same universet med dei same motiva: Litt spesielle bøker, mange med grå og tunge undertoner. Hvor er de store episke bøkene? Hvor er de som får en til å måpe i beundring? elev frå juryklasse. Dette er ein interessant kommentar om samtidslitteraturen frå elevane: Kvifor står den realistiske tradisjonen så sterkt her til lands? Kritikarfadderen Meget flink og lærerik kritikerfadder. Veldig fornøyd med opplegget, og er det jeg lærte mest av gjennom prosjektet elev frå juryklasse. 19 prosent av elevane gir kritikarfadderen karakteren svært bra. 43 prosent gir fadderen bra, mens 27 prosent gir karakteren ok. Fleirtalet set pris på kritikarfadderen, men tala viser at det er potensial for gjere ordninga med kritikarfadrar betre. Elevane skriv at besøket er lærerikt, og at det hjelp mykje i arbeidet med bøkene. Men ein del skriv også at det kanskje ikkje var godt nok organisert noko som lærar og kritikarfadder må ta på seg ansvaret for. Og nokre meiner det kunne vere vanskeleg å følgje kritikarfadderens teoriundervisning. Kritikarfadrane er viktige i arbeidet med UKP, og til neste år er dette kanskje det viktigaste å ta tak i og gjere enda betre. Målet må vere å styrke kritikarfadderordninga slik at det gjer at elevane kan lese meir og betre, og at den litterære samtalen tek enda større plass blant elevane. 10

Utdelinga og forfattarmøta 43 prosent av elevane synes utdelinga var bra, mens 23 prosent synes utdelinga var svært bra. 26 prosent synes den var ok. Mange av elevane meiner det var eit stor minus at det var dårleg med plass, og at dei måtte stå på utdelinga. Dei klagar over dårleg sikt, og at det ikkje vart høgtideleg nok. Dette er ein kritikk som Foreningen!les tek til seg, og det gjer at vi må tenke nytt i forhold til utdelinga av UKP til neste år. Det er ikkje optimalt når lokalet er så lite at det ikkje er plass til sitteplassar. Samtidig er elevane nøgd med programmet og det som gjekk føre seg på scena under utdelinga. 49 prosent seier forfattarmøta var svært bra, mens 41 prosent seier dei var bra. Det viser at forfattarmøta var ein stor suksess i år, noko som viser at Foreningen!les har gjort mykje rett sidan forfattarmøta året før. Elevane set pris på å møte forfattarane, og å kunne spørje dei om bøkene dei har lest. Ein del av elevane synes gruppene på møta var litt store, og fleire synes det var synd at ikkje alle forfattarane møtte opp. Hjorth var opptatt på tidspunktet med å ta i mot Kritikerprisen, mens Vaage kunne ikkje komme av personlege grunnar. Når det da blir seks forfattarar i staden for åtte, blir også gruppene på forfattarmøta noko større enn ønskt. Kva likte elevane best? Jeg likte best å ha boksamtaler, reise til Oslo og være med på prisutdelingen. Jeg likte veldig godt forfattermøtene, det syns jeg var utrolig interessant å få være med på! Jeg sitter igjen med økt leselyst. Jeg har også lært meg nye måter å forstå ulike bøker på, og hva bøkene egentlig vil fortelle oss. elev frå juryklasse. Elevane har mykje godt å seie om å vere med i UKP. Mange av elevane trekk fram at det å lese dei nominerte bøkene har gitt dei leselyst, og at lesinga og klassens arbeid med bøkene, gjorde skolen meir spennande og minnerik. Sitat som dette er representativt for elevane: Jeg likte godt at vi i klassen fikk en felles ting vi kunne snakke om, morsomt å høre andres synspunkt på de bøkene jeg har lest! Selv fikk jeg igjen et nytt engasjement for lesing, og leselysten har tatt seg opp! elev frå juryklasse. 11

Dei av elevane som sat i storjuryen, trekk fram dette som eit av høgdepunkta. Storjuryen er det høgaste organet i UKP, at elevane trivst på storjurymøtet er gode tilbakemeldingar å få. Mange trekk også fram turen til Oslo som det store høgdepunktet. Det å kunne reise saman, og å vere i sentrum for arrangementet betyr mykje for dei. Forfattarmøta blir også trekt fram som høgdepunkt. Det å møte forfattarane, og samtidig spørje dei ut og snakka saman med dei i pausane, blir omtalt som minne for livet. Oppsummering En opplevelse for livet. elev frå juryklasse. UKP 2012/13 har vore vellukka. I overkant av 220 elevar har lest og vurdert åtte bøker, og kåra ei vinnarbok. Prosjektet er eit høgdepunkt i skoletida for elevane som er med, og lærarane gir gode tilbakemeldingar. I år har elevane lest seks bøker i snitt. Nytt av året er at så mange elevar også skriv om korleis samtalen i klasseromma saman med medelevar har vore viktige og gode opplevingar. Dette er noko av styrken til UKP. Vi håper og trur neste år bli enda eit høgdepunkt. Vegen vidare Det vil bli lagt vekt på å gjere ordninga med kritikarfadrane enda betre neste år. Kritikarfadrane er ein hjørnestein i UKP, og kanskje kan ei styrking av deira arbeid gi elevane enda meir mot, og styrke den litterære samtalen i klasserommet. Det er eit mål for 2013/14 å gjere UKP enda meir synleg i media. Det vil vere til motivasjon for elevane og lærarane, og styrke prisens omdømme. Det er også eit mål å gjere noko med plassmangelen ved utdelinga av UKP. 12

Foreningen!les vil halde fram det gode arbeidet med UKP, og gjere denne viktige prisen enda betre. Det fortener ungdommen, og det fortener litteraturen. Retningslinjer for juryarbeidet 13

Ungdommens kritikerpris er en skjønnlitterær pris hvor ni juryklasser fra videregående skole kårer årets beste bok. Ungdommens kritikerpris er et samarbeid mellom Foreningen!les, Utdanningsforbundet, Den Norske Foreleggerforening og Kritikerlaget. Nominasjonsjuryen til Ungdommens kritikerpris består av tre medlemmer av Norsk kritikerlag. Norsk kritikerlag foreslår jurymedlemmer. Nominasjonsjuryens honorar utbetales av Foreningen!les. Nominasjonsjuryen skal nominere de åtte beste norske skjønnlitterære bøkene fra inneværende år. Alle skjønnlitterære sjangre skal vurderes, med unntak av dramatikk og essays. Prosjektleder lager liste over aktuelle bøker basert på forlagenes vår- og høst lister. Juryen har ansvar for å melde inn titler som mangler. Prosjektleder bestiller og purrer forlagene dersom bøker ikke er mottatt av juryen. Ungdommens kritikerpris har en løs forbindelse med kritikerprisen for beste skjønnlitterære voksenbok. I likhet med kritikerprisen er det kun litterær kvalitet som er kriteriet for nominasjonene. Juryen skal ikke ta hensyn til kjønn, sjanger, målform eller at juryklassene består av elever i videregående skole. Bøkene nomineres i to omganger. Første fire nominasjoner skal være klar senest 25. oktober og de resterende den 5. november, hvis ikke annet er avtalt. Juryen kan holde igjen en plass noen dager dersom det er bøker som ikke er utkommet innen fristen, men som juryen mener bør vurderes. Alle datoer og utsettelser avtales med prosjektleder. Juryen skal skrive en kort begrunnelse for hver av de åtte nominasjonene. Nominasjonene offentliggjøres når alle åtte er klare. Juryen har sammen ansvar for å organisere lesingen, innkalling til jurymøter, skriving av begrunnelser, evaluering og evt. uttalelser til media. Det foreslås at juryen velger en juryleder som koordinerer oppgavene. 14