Ein tydeleg medspelar Arkeologisk rapport nr. 10/2011: Øverhaugan Boligfelt Øverhaugan, gbnr. 98/4 i Sunndal kommune Jarle Stavik
4
Innhald Forord.......... 5 1.0 Samandrag......... 6 2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga..... 7 3.0 Området......... 8 4.0 Kulturhistorisk riss........ 10 4.1 Automatisk freda kulturminne...... 11 4.2 Nyare tids kulturminne....... 11 4.3 Lausfunn......... 11 5.0 Strategi og metode........ 12 5.1 Visuell overflateregistering...... 12 5.2 Maskinell sjakting....... 13 6.0 Undersøkinga........ 13 6.1 Synlege strukturar...... 14 6.2 Sjakter....... 14 6.3 Dokumentasjon........ 17 8.0 Konklusjon......... 17 9.0 Litteraturliste......... 18 10.0 Vedlegg......... 18 5
Forord Eit kulturminne er eit spor etter menneskeleg liv og virke i vårt fysiske miljø, som til dømes ein bygning, ein veg, eit gravminne, ein steinalderbuplass, ei kokegrop eller eit jarnvinneanlegg. Det kan også vere stader det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til. Kulturminna representerer både uerstattelege kjelder til kunnskap om fortidige samfunn, og ein ressurs for oppleving og bruk i dag og i framtida. Kulturminne frå forhistorisk tid og mellomalder (eldre enn 1537) er automatisk freda i kraft av sin høge alder, jf. Kulturminneloven 4. Frå tida før skriftlege kjelder, er dei materielle leivningane dei einaste kjeldene til å forstå menneska og det samfunnet dei levde i. Kulturminne frå nyare tid (yngre enn 1536) kan også ha høg verdi. Særleg verdifulle kulturminne kan bli vedtaksfreda, jf. Kulturminneloven 15 og 19. Alle type kulturminne og kulturmiljø kan dessutan bli verna som omsynssonar, jf. Plan og bygningsloven 11-8. HOVEDPERIODE UNDERPERIODAR 14C-ÅR (før notid) KALENDERÅR Eldre steinalder Tidlegmesolitikum 10000 8500 b.p. 9200 7500 f.kr. Mellommesolitikum 8500 7500 b.p. 7500 6400 f.kr. Seinmesolitikum 7500 5200 b.p. 6400 4000 f.kr. Yngre steinalder Tidlegneolitikum 5200 4600 b.p. 4000 3300 f.kr. Mellomneolitikum A 4600 4100 b.p. 3300 2600 f.kr. Mellomneolitikum B 4100 3800 b.p. 2600 2300 f.kr. Seinneolitikum 3800 3500 b.p 2300 1700 f.kr. Bronsealder Eldre bronsealder 3500 2900 b.p. 1700 1100 f.kr. Yngre bronsealder 2900 2440 b.p 1100 500 f.kr. Eldre jarnalder Førromersk jarnalder 2440 2010 b.p. 500 f.kr. 0 Eldre romartid 2010 1840 b.p. 0 200 e.kr. Yngre romartid 2010 1680 b.p. 200 400 e.kr. Folkevandringstid 1680 1500 b.p. 400 570 e.kr. Yngre jarnalder Merovingertid 1500 1210 b.p. 570 800 e.kr. Vikingtid 1210 1000 b.p. 800 1030 e.kr. Mellomalder Mellomalder 1030 1536 e.kr. Nyare tid Nyare tid 1537 e.kr. Figur 1. Kronologiske perioder Då kun eit fåtal av alle kulturminne er kjent, er kulturminneforvaltninga avhengig av arkeologiske registreringar for å kunne uttale seg til plansakar, jf. Kulturminneloven 9. Om ei planlagt utbygging kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne, må tiltakshavar søke om dispensasjon frå lovverket. Ved ei eventuell «frigjeving» kan det bli det føresett at tiltakshavaren dekkjer utgiftene til nødvendige arkeologiske undersøkingar, jf. Kulturminneloven 10. På denne måten vil ikkje kunnskapen om kulturminna gå tapt, men bli dokumentert for framtidige generasjonar. 6
1.0 Samandrag Denne arkeologiske undersøkinga blei føreteke på Øverhaugan, gbnr 98/4 i Sunndal kommune, i samband med reguleringsplan for å legge ut tomter til bolighus på staden. Feltarbeidet blei utført av Jarle Stavik 2.11.2011, og rapporten blei ferdigstilt 8.11.2011. Totalt blei det nytta 4 timar på saken. Av metodar blei det nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. Det blei ikkje påvist automatisk freda kulturminne innanfor planområdet. 7
2.0 Bakgrunn og formål med undersøkinga Bakgrunnen for denne arkeologiske registreringa er at grunneigar ønskjer å leggje å regulere området for tomtesal til bustadformål. Figur 2. Plankart Før planarbeidet kunne godkjennast blei det stilt krav om arkeologisk registrering, med formål å undersøke forholdet mellom planområdet og eventuelle automatisk freda kulturminne, jf 9 i kulturminneloven av 9. juni 1978. I Askeladden, Riksantikvarens kulturminnedatabase, er registrert funn av busettingsspor i form av ei kokegrop i nærleiken. I tillegg er funne ei bronseøks frå eldre bronsealder eit stykkje lenger opp i lia mot Nord og på ein ikkje spesifisert stad to bryner og ei øks. Ut i frå kartet såg området difor ut for å ha potensiale for liknande automatisk freda kulturminne. 8
3.0 Området Området befinn seg aust for Rv 70 på Ålvundeidet. Det avmerka området består for det meste av skogvokst myr, men og ein smal åker. Nokre bevokste haugar av oppstikkande berg er i planområdet regulert til friluftsformål. Elles er undergrunnen gammal myr og under det igjen aursand og tettpakka finsand. I aust er området avgrensa av ein bakk som heller ned mot elva Ulvåa. Figur 3. Kart over planområdet og den nærliggjande busettinga. 9
Figur 4. Oversikt over planområdet, flyfoto. 4.0 Kulturhistorisk riss Øverhaugan er eit underbuk av Viset. Denne garden skriv antakeleg namnet sitt frå vikingtida. I I. H. Løchens Beskrivelse af de nuværende Øksendalens og Sunndalens Præstegjeld frå 1815 blir Viset rekna for ein av dei eldste gardane på Ålvundeidet som gjennom tida har måtta avstått grunn til nabogardane. Mykje av den mest lågtligjande av Visetgardane er myr som er dyrka forholdsvis nyleg. Øverhaugan, også kalt Haugan og Visethaug i forskjellige kjelder var husmannsplass fram til 1912. Sjølve gardshusa på Øverhaugan ligg skjerma mellom tre haugar av grunnfjell medan gardsnummer 1 og 3 ligg lengre Nord og Aust på dei høgare liggjande område som alle setgardane på Ålvundeidet ligg på. Der er det lettare drennerande grunn og betre jordbruksforhold. Etter dei muntlege kildene har heile Ålvundeidet vore ein innsjø og at det har vore mykje myr her er tydeleg på dei store åkerflatene som er framdyrka frå myra berre dei siste 100-åra. Og i planområdet er det dyrka opp og drenert myr. Våningshuset i Øverhaugan ble revet og erstatta med det som står no på 50-talet. I 1942 brann fjøset opp og nyfjøset brann på -50 talet, slik er det ingen opprinnelege bygningar att på garden. Sjølve gardsområdet fell utanfor planområdet. 10
Figur 5. Bilete av gammelhusa i Øverhaugan. 4.1 Automatisk freda kulturminne Ei oversikt over freda kulturminne er å finne på www.kulturminnesok.no, eller som wmsteneste i ein andre nettportalar (t.d. www.gislink.no, www.kulturminneatlas.no) Kokegrøper er funne i nærleiken av husa til nabogarden gnr 94/3 (Lokid: 139455 ). På grunnen til Øverhaugan er det ingen kjende fornminne. 4.2 Nyare tids kulturminne Ei oversikt over ein del verneverdige bygningar og andre byggverk frå nyare tid er å finne i det såkalla SEFRAK-registeret. Dette er tilgjengeleg som wms-teneste, mellom anna på www.gislink.no og www.kulturminneatlas.no. Det er ingen SEFRAK registrerte bygningar i det regulerte området 4.3 Lausfunn Ei oversikt over gjenstandar som er innlevert til museum er tilgjengeleg på www.unimus.no/arkeologi. Ein del av desse er også kartfesta og fotografert. Frå gardsnummer 94/3 er det kjend funn frå vikingtida og bronsealderen: ei øks av jarn, to bryne og ei bronseøks frå eldre bronsealder (Lokid: 139423). 11
Figur 6. Skafthullsøksa frå eldre bronsealder vart ble funne på Viset. 5.0 Strategi og metode Strategi og metode blei valt ut frå terreng, arealbruk og vegetasjon i området. Planområdet er i dag enten hage/hus, skogvokst myr eller åker. Myra vart valt bort som aktuelt funnområde, den var gjenomskore av dreneringsgrøfter og skogvokst. Berre den vesle åkeren mellom myra og haugane vart vurdert som aktuell for funn. Åkeren egna seg best til maskinell sjakting, eventuelle busettingsspor slik som kokegroper og stolpehol kunne då kome godt fram. Dette var dei funn som i utganspunktet var forventa viss det skulle vere noko der sett i forhold til kokegropfeltet lengre nord inne på naboeigedomen. Åkeren var dyrka opp for mindre enn hundre år sidan med steinsette dreneringsgrøfter. I tillegg har e verk, vassverk og kloakkgrøfter frå nabohusa skore tvers over. Dette gjorde at ein kunne luke ut ein del område av åkeren som uaktuelle for graving. Gravemaskinsjåføren som assisterte i undersøkinga var den same som hadde grove ned kloakkgrøfta så det var ei enkel sak å påvise denne. 5.1 Visuell overflateregistrering Metoden inneber at markoverflata blir registrert for å påvise funn av tufter, gravminner, dyrkingsspor o.s.b. Grunnen blir sondert ved hjelp av sonderingsbor, ei ca 1 meter lang metallstang der det er frest ut eit spor som gjer det mogleg å ta ut en profil av grunnen der ein stikk. Ved moglege funn blir det gjerne opna ei sjakt eller eit prøvestikk for å påvise eldstader, golvnivå, dyrkingslag el.l, avgrense kulturminna, og eventuelt ta ut kolprøver for datering. 12
5.2 Maskinell sjakting Metoden inneber at ein nytter gravemaskin med flatt graveskjær/pusseskjær til forsiktig å skrape av det øvste matjordslaget. Spor etter blant anna eldstader og stolpehol etter hus er ofte synlege rett i overkant av den sterile overgrunnen under. Sjaktene har ei bredde på om lag 3 meter. Ved undersøking av større område blir sjaktene lagt parallelt, med innbyrdes avstand på om lag 10-15 meter. 6.0 Undersøkinga Registreringsarbeidet blei utført av Jarle Stavik 3.11.2011 og utgjorde totalt 0,5 dagsverk. Maskinfører var Knut Johan Mo som stilte med en gravemaskin med en ca. 120 cm bred pusseskuff. Figur 7. Bilete frå sjølve undersøkinga Det var overskya, 10 grader og opphaldsver. Det var gode siktforhold og ikkje alt for vått i grunnen slik at eventuelle fornminne skulle vere synlege 13
6.1 Synlege strukturar Det blei ikkje påvist synlege kulturminne. Figur 8. Oversiktsbilete av området 6.2. Sjakter Det blei totalt åpna 4 sjakter med maskin innafor planområdet. Alle sjaktene vart lagt frå grøftekastet i nord inn mot gjerdet i sør, på tvers av åkerens lengderetning. Det var ingen funn i nokon av sjaktene. Det var restar av enkelte moderne pløyespor, i tillegg kryssa diverse moderne grøfter 3 av dei fire sjaktene. Avstanden mellom sjakt 1 og 2 skyldes ei brei moderne kloakkgrøfdt som var lagt på skrå fra husa på enden av sjakt 1 og fram til grøftkastet bortafor sjakt 2. Den korte sjakt 2 ender i nord i ei moderne vanngrøft. Sjakt 3 er også overskåret av ikke mindre enn 4 grøfter, ein av dei ei steinsett eldre dreneringsgrøft resten til vann og telefon. Etter graving ble det utført en grunnundersøkelse av en geolog i sørenden av grøfta. Dette ble gjort før det ble tatt bilde. 14
Figur 9. Kart/teikning av sjaktene Sjakt 1 Lengde: 12 m Bredde: 2,2 m Dybde: 35 cm Retning: Nordøst Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35 Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 Rødgrå aursand, steril grunn, noen moderne pløyespor Ingen strukturer Sjakt 2 Lengde: 6 m Bredde: 2,2 m Dybde: 34 cm Retning: Nordøst Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35 Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 Mør grå sand, steril grunn, moderne grøft krysset i enden og på midten. Moderne pløyespor. Ingen strukturer 15
Figur 10. Sjakt 1. Figur 11. Sjakt 2. Sjakt 3 Lengde: 18 m Bredde: 2,2 m Dybde: 35-75cm Retning: Nordøst Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35 cm Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 40 Myrjord med plantrester, trerøtter etc 3 Grå sand steril grunn. I sør skåret over av steinsatt dreneringsgrøft, omtrent midt på krysset av anen moderne grøft. Sjakt 4 Lengde: 18,5 m Bredde: 2,2 m Dybde: 35 cm Retning: Nordøst Lag Nr. Tykkelse Beskrivelse Prøve Kommentar 1 35 Brunt, homogent matjordslag. Lite kull 2 Rødgrå aursand, grå sand, steril grunn, noen moderne pløyespor Ingen strukturer 16
Figur 12: Sjakt 3. Figur 13: Sjakt 4 6.3 Dokumentasjon Sjaktene vart fotografert og kartfesta. Det blei nytta eit Nokia kamera, og teke 8 bilete. Kartfestinga blei gjort på gamlemåten, ved bruk av utskrivne kart. Meir nøyaktige innmålingar var ikkje nødvendig då området var funntomt. 7.0 Konklusjon Heile området er registrert jf. Kulturminneloven 9, utan funn av automatisk freda kulturminne. Av metodar blei det både nytta visuell overflateregistrering og maskinell sjakting. 17
8.0 Litteraturliste Løchen, I. H: Beskrivelse af de nuværende Øksendalens og Sunndalens Præstegjeld. 1815 Seljedal, Ivar: Sunndalboka bnd. 5 1968 Hals, Odin: Ålvundeid Folk og heimar frå Almskår til Innerdal 1900-2010. 2010 9.0 Vedlegg 1. Fotoliste Foto nr Retning Motiv 1 Øst Oversiktsbilde før graving 2 Øst Oversiktsbilde før graving av østre del av åkeren 3 NØ Sjakt 4 4 NØ Sjakt 3 5 NØ Sjakt 2 6 NØ Sjakt 1 7 Øst Oversiktsbilde av østre del av åkeren etter graving 8 Vest Oversiktsbilde av vestre del av åkeren etter graving 18