LIVSSTILSJUKDOMMAR Ein livsstil er ein måte å leve på. Livsstilsjukdommar er sjukdommar me kan få fordi me lever på ein spesiell måte. Me kan for eksempel få nokre visse sjukdommar fordi kroppen får meir energi enn kroppen bruker. Me kan også få visse sjukdommar dersom me ikkje får i oss nok av dei livsviktige næringsstoffa, eller utset kroppen for farlege stoffar (for eksempel tobakk og andre rusmiddel). OVERVEKT Det er fleire overvektige menneske enn undervektige menneske i verda i dag. Frå ca. 1990 til i dag har gjennomsnittsvekt til norske kvinner økt med 4 kilo. Gjennomsnittsvekt for menn har økt med ca. 9 kil. Fleire menneske i Norge har blitt overvektige, dei veier for mykje. Også fleire norske barn og ungdommar har blitt overvektige. Årsaker Kroppen vår treng energi til alle dei jobbane kroppen skal gjere. Me får energi frå maten me et, og kroppen bruker energi heile tida, sjølv når me kviler. Før hadde mange fysisk krevjande arbeid. Kroppen trong mykje energi for å kunne utføre arbeidet. Nå er det få som har slikt arbeid. Dei fleste jobba er meir stasjonære, dvs. at me treng ikkje bevege oss så mykje. Me køyrar bil i staden for å gå. Det er når det oppstår ein ubalanse mellom energi inn (dei kaloriane me et) og energien ut (dei kaloriane me forbrenn). Kor mange kaloriar du treng er avhengig av fleire faktorar: 1. alder 2. kjønn 3. kor aktiv du er 4. kroppsstørleik Ein gut på 14 år som trener fotball 4 dagar i veke treng meir energi enn ei dame på 56 som likar seg best i sofaen med snacks og eit strikketøy. Konsekvensar Fedme kan forårsake en rekkje ulike problem og sjukdommar, både fysiske og psykiske. Man føler seg ofte mindreverdig, og det kan være på grunn av f.eks. mobbing og diskriminering. Dette problemet byjar ofte i relativt ung alder, og man drar det med seg vidare inn i vaksenlivet. Sjukdommar og problem som verker på kroppen er slitasjegikt, enkelte typar kreft, hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2, høgt blodtrykk, gallestein, hjarteinfarkt, og obstruktiv søvnapné. Dette fører til at personar med fedme aukar risikoen for å døy tidleg. Fedme fører også til ein del kvardagslege problem som vanlege menneske gjer heilt utan problem. Dette kan dreie seg om noko så enkelt som å komme seg opp frå senga eller ein sofa. Man blir mykje fortare sliten, og det blir vanskeleg å bevege seg til fots. 1
Førebygging Det viktigaste tiltaket for å forebygge fedme er mosjon. Det blir anbefalt minst 30 minutt med moderat trening minst fem dagar i uka. Enkle tiltak kvar enkelt person kan gjere, er f.eks. å gå eller sykle til jobb i staden for å køyre. Man bør også ta trappene i staden for heisen. Kosthaldet har også mykje å si. Sjølv om man har fedme skal man ikkje kutte ut inntaket av mat, men heller avgrense mengde mat man et. Det er viktig med et sunt og variert kosthald. En kombinasjon av riktig kosthald og trening, er det viktig<ste tiltaket overvektige kan gjere for å gå ned i vekt. Det enklaste og beste er å følgje kostråda frå Helsedirektoratet, og vær mykje i aktivitet. Det er ikkje alltid det skal så mykje til! Du finn kostråda frå Helsedirektoratet på s. 16 i teoriboka. DIABETES TYPE 2 Det finnast 2 typar diabetes: Type 1 er IKKJE ein livsstilsjukdom! Type 2, derimot, er ein livsstilsjukdom. Viss ein person har diabetes, har denne personen for lite av eit hormon (eit stoff i kroppen) som heiter insulin. Då klarer ikkje kroppen å flytte sukker frå blodet og inn i cellene. Då blir det for mykje sukker i blodet, me seier at blodsukkeret blir for høgt. Dette er farleg! Det påverkar hjartet, lever, nyrene, auga og nervane. Årsak til Diabetes type 2 Diabetes type 2 skuldast at det er liten insulin produksjon eller at det insulinet som blir produsert i kroppen fungerer dårleg. Kombinasjon av arv og livsstil kan være årsak til at man får diabetes. Dårleg kosthald og overvekt kan auke sjansen for at man sukkdommen, mens man arvar disposisjonen for å få sjukdommen. Symptoma Diabetes type 2 kan oppstå i alle alder men som oftast oppstår den i 40 års alderen og enda hyppigare blandt overvektige, risikoen aukar også med alderen. Tørste, trøttheit, infeksjonar i underlivet, uopplagtheit og depresjon er typiske teikn på diabetes type 2. Førebygging Førebygging av diabetes type 2 er veldig lik diabetes type 1. Kosthald, mosjon og vektreduksjon er dei råda som ser ut til å forebygge sjukdommen i fleste tilfella. Om diabetes er eit vanleg fenomen i familien, vil det å ete sunt, unngå overvekt og mosjonere regelmessig redusere faren for å utvikle sjukdommen, dette kan også føre til at man blir friskmeldt frå sjukdommen. 2
Hjarte- og karssjukdommar Hjarte- og karsjukdommar er fellesnamnet på åreforkalking, hjarteinfarkt og hjerneslag. Ved åreforkalking får blodårene litt etter litt et belegg av kolesterol og kalk på innside. Blodårene blir da stive og tronge, og da vil blodet få problem med å strøyme til hjartet, hjernen og nyrene. Når blodet ikkje strøymer godt nok gjennom årene kan man få blodpropp. Resultatet av blodpropp kan være akutt hjarteinfarkt, hjerneslag eller blødning. Åreforkalking kan være byrjing på hjarte- og karsjukdommar. Høgt kolesterol nivå i blodet er ein av grunnene til hjarte- og karsjukdommer. Hjarte og karsjukdommar har skyld i ca. 45% av dødsfall i Norge og kreft er årsak av 35% av dødsfall. Korleis unngå hjarte og karsjukdommar? Ved en kombinasjon av trening og rett kosthald kan du unngå hjarte- og karsjukdommar. Ungdom får for lite frukt og grønsak som er anbefalt. Og dei får i seg dobbelt så mykje sukker som er anbefalt. Sukkeret dei får i seg kjem for det meste frå brus og godteri. Ved inntak av for mykje sukker kan det oppstå tannråte og man kan bli overvektig. Kostsirkelen er viktig å følge om du vil ha «rett» kosthald. Du bør ete mykje frå første gruppe. Den første gruppa i kostsirkelen inneheld grove kornprodukt, mjølkeprodukt med lite feitt, fugl og fisk. Andre produkt er også viktig, for eksempel: fleirumetta feitt. Fleirumetta feitt tilfører kroppen HDL, som er det «gode» kolesterolet. Det er også viktig å trene, dette for å senke blodtrykket, reduserer kroppsvekt, auke evne til hjartet til å pumpe blod og god trening vil e at blodet flyter lettare i årene. Mange får ikkje nok trening, det er større sjanse for at de får a- og karsjukdommar enn dei som trener regelmessig. Kreft Derfor har kostholdet betydning for utvikling av kreft Det er forska mykje på samanhengen mellom mat og kreft. Nokre matvarer gir økt risiko, mens andre reduserer risikoen. Rødt kjøt og kjøttprodukt Kjøt er ein natureig del av kosthaldet til dei aller fleste av oss, men det er viktig å være klar over at mykje raudt eller bearbeide kjøt gir auke risiko for kreft i tjukk- og endetarm. Kreftsamanhengen er særleg tydeleg for bearbeide kjøt. Bearbeide kjøt kan gi kreft 3
Det er ikkje like farleg å ete bacon som å røyke. Det er heller ikkje sånn at vi må slutte heilt å ete kjøt. Men vi bør, så langt det er mogleg, vel reine kjøtprodukt og unngå bearbeide kjøt. Som raudt kjøt reknast storfe, lam og svin. Bearbeide kjøt er kjøt som er saltet, røykt eller tilset nitritt, for eksempel bacon, pølser, spekeskinke, salami eller kjøtdeig som er tilsatt salt. Slike kjøtprodukt innehald ofte meir feitt enn reint kjøt. Kreftrisikoen blir ikkje påverke av kvaliteten på kjøttet, men korleis kjøtet er behandlet, eller om kjøtet inneheld stoff som skal forlenge holdbarheitstida, gi det smak eller ønsket konsistens. Dersom du et kjøt, er det best å velje kvitt kjøt, reint kjøt og magre kjøttprodukt med lite salt. Frukt, bær og grønsak beskyttar mot kreft Ved å ete mykje frukt, bær og grønsak kan vi minske risikoen for en rekkje kreftformer: kreft i munnhole og svelg, strupehovudet, spiserøyr, magesekk, bukspyttkjertel, lunge, tykk- og endetarm og prostata. Dessutan kan det bidra til at vi unngår overvekt, som i seg sjølv er en risikofaktor for kreft. Sjølv om det må forskast meir på kvifor frukt, bær og grønsak beskyttar mot kreft, vet vi at det er gunstig å ete mykje og variert av disse matvarene, og at den same effekten kan ikkje bli oppnådd ved kosthaldstilskudd. Frukt og grønt inneheld også antioksidantar, som er viktig for immunforsvaret vårt. Fiber og fullkorn Kostfiber har mange positive effektar på helsa vår og kan redusere risikoen for kreft. Det er spesielt fiber frå kornprodukt som har vist seg å virke forebyggande mot kreft i tjukk- og endetarm. Ved å velje grovt brød og fullkornsprodukt, får vi i oss mykje kostfiber. Forskarane trur ein mulig årsak til at kostfiber reduserer risikoen for kreft, er at det får maten til å gå raskare gjennom tarmen. Dessutan har det ein gunstig effekt på tarmfloraen og binder opp moglege kreftframkallande stoff som finnast i tarmen, slik at dei er i mindre kontakt med tarmslimhinnene. Kostfiber verker bra på fordøyelsen og held blodsukkeret vårt på et stabilt nivå. Fiberrik mat har truleg også en indirekte effekt på kreft ved at det bidrar til å unngå overvekt. Årsak til dette kan være at fiber gir volum til kosten, samtidig som fullkornsprodukt, grønsak, frukt og bær er matvarer som inneheld relativt lite kaloriar. 4
Kva vet vi om kosthald til ungdom? Her finn du resultata frå undersøking frå Kreftforeining blant 16-24-åringer. Fisk og sjømat Det er forska lite på fisk og kreft. Noko forsking tyder på at et kosthald med mykje fisk verner mot tjukk- og endetarmskreft, men meir forsking må til for å vete dette sikkert. Fisk og sjømat har likevel mange gunstige helseeffektar. Feit fisk inneheld blant anna mykje fleirumetta feitt, slik som omega 3 feittsyrer, og vitamin D. Fisk og sjømat er eit godt alternativ til kjøt, som vi bør ikkje ete for mykje av. Salt og saltet mat Salt er sannsynlegvis en medverkande årsak til magekreft. Magekreft er mest vanleg i land kvar dei bruker salt som konserveringsmetode. I Norge er ikkje dette så vanleg lenger, og magekreft er heller ikkje blant de hyppigaste kreftformene her til lands. Det er lurt å avgrense mengde salt mat og bruken av salt i matlaging, også av andre årsaker enn kreft. Sukker Mat og drikke med mykje tilset sukker gir mange kaloriar og lite næring og kan difor føre til overvekt, som i seg sjølv aukar risikoen for fleire kreftformer og andre livsstilssykdomar. 5