23/11/2017 Prosjektplan besøksstrategi Reinheimen
23/11/2017 2 1 Målsetjing og forventingar... 3 1.1 Bakgrunn... 3 2 Kva er ein besøksstrategi?... 4 3 Kunnskapsgrunnlag... 5 4 Interessentar... 7 5 Metode og medverknad... 7 6 Organisering og roller... 8 7 Tidsplan og milepålar... 8 8 Budsjett og finansiering... 9 9 Suksessfaktorar... 10 10 Vidare arbeid... 10
23/11/2017 3 1 Målsetjing og forventingar Føremålet med å utarbeide ein besøksstrategi er få til ei samla besøksforvaltning for Reinheimen nasjonalpark og tilhøyrande landskapsvernområde. Gjennom arbeidet skal ein ivareta og sikre naturverdiane og kulturverdiane i verneområda, samstundes som ein skal bidra til å oppretthalde grunnlaget for landbruksnæring og busetjing i nær tilknyting til verneområda. Meir fokus på besøksforvaltning skal ha som mål å gje ei betre oppleving for dei besøkande. Dette kan bidra til ei auka mogelegheit for lokal og brei verdiskaping i området. 1.1 Bakgrunn Med auka interessa for naturbasert turisme som bakteppe har Klima- og miljødepartementet vedteke at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020 (Meld.ST. 18 Friluftsliv). Nasjonalparkstyret si primære oppgåve er å sikre ei god forvalting av dei verna områda for å ta vare på naturverdiane og opplevingsverdiane på lang sikt. Besøksstrategien er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheita vil handtere besøksforvaltning for verneområdet. Vedtekter for nasjonalparkstyret for Reinheimen, pkt. 8.2. Skjøtsel og besøksforvaltning: Styret kan som forvaltningsstyresmakt leggje til rette for at verneområda sitt potensial for verdiskaping utnyttast innanfor ramma av verneforskriftene og naturmangfaldlova. Dette skal skje gjennom konkrete forvaltings- og skjøtselstiltak, fortrinnsvis i tråd med den delen av forvaltingsplanane som omhandlar besøksstrategi. Styret skal ikkje opptre som næringsaktør, men bør i denne samanhengen innleie til eit samarbeid med lokalt reiseliv/øvrig reiseliv, samt det autoriserte besøkssenteret. Miljødirektoratet har utarbeidd ein veileder for besøksforvaltning i norske verneområde, M-415 2015. Veilederen skal vera eit verktøy for forvaltningsmyndigheita for å få til ein god prosess i arbeidet med besøksforvaltning i norske verneområde. Målet med besøksforvaltninga er at opplevinga for dei besøkande og den lokale verdiskapinga blir størst mogleg, samstundes som at forståinga for vernet aukar og verneverdiane blir ivareteke. Merkevarestrategien for Norges nasjonalparker, lansert av miljødirektoratet i 2015, legg føringar for nasjonalparkforvaltninga sin eksterne kommunikasjon. Besøksstrategien skal
23/11/2017 4 byggje på merkevarestrategien, og den grafiske designmanualen skal nyttast i utforming av informasjonsmateriell og tilrettelegging for besøk i verneområdet. Forvaltningsplanen for Reinheimen vart godkjent i 2010, og besøksstrategien vil byggje på dei føresetnadane som ligg til grunn for denne. Forvaltningsplanen skal normalt rullerast etter 10 år, og det er aktuelt å starte opp med revisjon av forvaltningsplanen i 2020. For Reinheimen er det naturleg å utarbeide besøksstrategien som eit frittståande prosjekt, og at besøksstrategien for Reinheimen såleis blir eit vedlegg til forvaltningsplanen. 2 Kva er ein besøksstrategi? I veilederen for besøksforvaltning i norske verneområde ligg følgjande definisjonar til grunn: Besøksforvaltning er å legge til rette for, og styre bruken av ein nasjonalpark slik at opplevinga for dei besøkande og den lokale verdiskapinga blir størst mogleg. Samstundes skal besøksforvaltninga gje ei auka forståing for vernet og ei ivaretaking av verneverdiane. Besøksstrategi er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheta vil gjennomføre besøksforvaltning for verneområdet. Besøksstrategi skal vise kva tiltak som er nødvendig for å balansere verneverdiar, besøkande og lokal verdiskaping i eit verneområde, slik at ein oppnår størst mogleg nytte for alle interessene. Besøksstrategien skal innehalde: Kunnskap om: - besøkande, brukarinteresser - reiselivet og lokal verdiskaping - naturverdiar og sårbarheit Mål og strategiske val Avklaringar politikk og kunnskap Tiltaksplan Prinsipp: dersom det er motstridande målsettingar mellom ivaretaking av verneverdiane, tilrettelegging for dei besøkande og lokal verdiskaping, skal ivaretaking av verneverdiane vege tyngst. 2.1 Mål for besøksstrategi Mål for besøksstrategien er å;
23/11/2017 5 Ivareta verneverdiane i Reinheimen og auke forståinga for vernet/(gjera Reinheimen meir kjent) Legge til rette for gode opplevingar for besøkande Bidra til lokal verdiskaping Balanse mellom naturverdiar lokal verdiskaping - besøkande/brukarinteresser 3 Kunnskapsgrunnlag Kunnskap om verneverdiar, reiselivsnæring, brukarinteresser og dei besøkande er eit viktig grunnlag for å kunne utarbeide ein besøksstrategi. Hovudføremålet med vern av Reinheimen nasjonalpark er å ta vare på eit stort samanhengande villmarksprega fjellområde med eit intakt høgfjellsøkosystem der leveområdet til villrein på nordsida av Reinheimen-Breheimen villreinområde er sentralt. I Reinheimen har også den regionale og lokale bruken lange tradisjonar, og kunnskap om t.d. beitebruksnæringa, jakt- og fiskeinteresser vil derfor vera eit viktig kunnskapsgrunnlag. I tillegg er kulturminne ein del av verneformålet, og kunnskap om desse vil også vera eit viktig grunnlag. Tema og status for kunnskapsgrunnlaget i verneområda:
23/11/2017 6 Tema Skildring Status Ansvar Brukarundersøking for Reinheimen Kartlegging med sjølvregisteringskasser sommar 2011. Analyse utarbeidd i 2016. Sluttført Rapport føreligg NPF Lokale og regionale brukerinteresser Landbruk/beitebruk Reiseliv Rapport frå M. VorkinN. Kartlegge den regionale og lokale bruken i området knytt til jakt og fiske Oppdatere og kartlegge eksisterande kunnskap Kartlegging av reiselivet og ulike reiselivsbedrifter i og inntil verneområdet. Både overnattingsog aktivitetsbedrifter Ikkje utarbeida Ikkje utarbeida Ikkje utarbeida NPF NPF NPF, prosjekt Rovfugl og våtmarsfugl, Sårbarheitsanalyse Villrein Tekniske inngrep Kulturminne Arbeidet vart starta opp hausten 2015. Det er inngått ein avtale med Kistefoss, v/ Geir Høytomt. Inneber noko feltarbeid, samarbeid med lokalkjente, utarbeide rapport og kart. Samanstille eksisterande kunnskap om status og leveområde. Oversikt over tekniske inngrep/installasjonar i Reinheimen (båtar, buer, garnkasser mm.). Samanstille eksisterande kunnskap om kulturminne i området. Peike på særlege sårbare/ verdifulle kulturminne med skjøtselsbehov og informasjonsbehov. Nye registreringar, fonnefunn Sett i gang 2015. Forventa ferdigstilt hausten 2017 - NINA-rapport 643, 2011 - Regional plan for villreinområda - Sett rein kartfesta - Årlege rapportar om reinens områdebruk Villreinutvalet Verneområdeloggen Temakart i forvaltningsplan. Kommunane sine kulturminneplanar Rapport 2017: Arkeologiske utgravingar Krynkelen, UiO. Andre prosjekt. NPF, SNO NPF NPF, SNO NPF, Fylkeskommunane, kommunane Naturfagleg kunnskap Det er gjort ulike naturfaglege registreringar i samband med oppretting av verneområda. Follestad, B. A. 20??. NGU "Reinheimens geologi" ++ fleire rapportar NPF Forvaltningsplan Skal reviderast i 2020 NPF
23/11/2017 7 4 Interessentar Aktørbiletet i forvaltninga av norsk natur er stort, dette gjeld òg for verneområdeforvaltninga, noko som gjer det krevande å få god oversikt over interessebiletet. Vi finn aktørar både i det offentlege og i det private. Ein besøksstrategi vil ofte bli betre og fleire vil få eit eigarskap til strategien dersom prosessen rundt utarbeidinga er god slik at dei ulike interessene blir ivareteke/fanga opp. Interessentar i arbeidet med besøksstrategien vil vera: Grunneigarar og rettigheitshavarar i verneområda Statens naturoppsyn Statskog Finndalen, Lesja, Lom, Grytten Nordddal fjellstyrer Vågå, Lom, Skjåk, Lesja, Rauma, Norddal kommunar Reiselivsaktører og næring- og reiselivsorganisasjoner Besøkssenter nasjonalpark-norsk Fjellsenter, Norsk Tindesenter, Gudbrandsdalsmusea DNT-ÅST, DNT-Gudbrandsdal, DNT-OO Frivillige organisasjoner innen jakt, friluftsliv og naturvern Villreinutvalet og villreinnemnda Berørte fylkeskommuner og fylkesmenn Rådgjevande utval Ulike faginstitusjoner 5 Metode og medverknad Medverknad frå lokalsamfunn; korleis? - Opne møte - Bruke ulike kommunikasjonskanalar for informasjon og innspel; media lokalt, sosiale media, nettside. Fotokonkurranse? - Formidlingsarbeid t.d. retta mot skulen, andre grupper. - Skape engasjement rundt prosjekt/tiltak involvere lokale i prosess, t.d. ope dag/infopunkt. Møte med kommunane (miljø- og næringsavdeling), adm. fagutval. Eigne tematiske møte med reiseliv, villreinutvalet, besøkssenter nasjonalpark, fjellstyra?? Involvering av reiselivet destinasjonsselskap Bruke eksisterande grupper og etablerte organisasjonar
23/11/2017 8 6 Organisering og roller Prosjektansvarleg Nasjonalparkstyret for Reinheimen Styringsgruppe Nasjonalparkstyret for Reinheimen Mandat: overordna ansvar for prosjektet og prosjektresultatet. Prosjektgruppe Nasjonalparkforvaltarar: Kristine Sørlie og Ingvild Øyjordet Mandat: ansvarleg for gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategien. Prosjektleder Ingvild Øyjordet, Nasjonalparkforvaltar Mandat: sekretær for styringsgruppa og arbeidsgruppa. Arbeidsgruppe Forvaltarar, Statens naturoppsyn, adm. fagutval (kommunane og besøkssenter nasjonalpark) Mandat: bidra i arbeidet med utarbeiding av besøksstrategi og det som blir levert, bidra aktivt med innspel i prosjektarbeidet, og ressursbruk i prosjektet. Referansegruppe Fagleg rådgjevande utval for nasjonalparkstyret Mandat: delta i drøftingar og gje innspel slik at det arbeidet som blir gjort er relevant, fagleg forankra og rett prioritert i forhold til mål i prosjektet. Ressurspersoner/organisasjoner Miljødirektoratet Fylkesmannen i Oppland og Møre og Romsdal Lokale organisasjonar, prosjektgrupper 7 Tidsplan og milepålar Kva Tid Kven Gjennomføring FASE 1 OPPSTART Vedta prosjektplan 26.06.2017 Nasjonalparkstyret NP-styret, NPF
23/11/2017 9 Oppstartsmøte i arbeidsgruppa Haust 2017 Forvaltarar NPF, administrativ fagutval (kommunane) FASE 2 HENTE KUNNSKAP Kartlegge/oppdatere kunnskapsgrunnlag ulike tema (sjå kap 3) Gjennomføre lokale møte og medverknad i forhold til ulike interessegrupper Start 2017 Forvaltarar Samarbeid med ulike aktørar 2018 Samarbeid med lokalsamfunn, rådgjevande utval, administrativt fagutvalg (arbeidsgruppe) FASE 3 UTARBEIDE STRATEGI Målsetjing og strategiske val 2018 Vedta besøksstrategi 2018/2019? Tiltaksplan Årleg Forvaltarar Nasjonalparkstyret NPF, SNO, Arbeidsgruppe FASE 4 TILTAK Prosjektere og gjennomføre tiltak Overvake tiltak og bruk Årleg Forvaltarar Samarbeid med SNO, lokale prosjektgrupper Årleg 8 Budsjett og finansiering Aktivitet /tiltak 2017 2018 2019 2020 Skjøtsel slåttemark og naturbeitemark 100 000 Innfallsport til Reinheimen og Breheimen - 200 000 Billingen. Grunnarbeider, tilrettelegging/sikring elvekant, parkering langs innkjøring. Vidareutvikling av informasjonspunkt Fauttjønn 20 000 og formidling om fangstanlegget Verket. Informasjon og formidling i samband med arkeologiske utgravingar 2017 og 2018. Tilrettelegging turstig Bispevatnet og Kløvstigen 200 000 frå fossen Skjøtsel, drift, vedlikehald av eksisterande 30 000 info.punkt Etablering Outtt i Lesja 50 000 Besøksundersøkingar i enkelte fokusområde??? Innfallsportar, infopunkt, utkikkspunkt. Prioritere innfallsportar, og klargjere omfang av prosjekt, jf. Veileder M-417 2015..
23/11/2017 10 Utarbeide kart som viser innfallsportar, utkikkspunkt, infopunkt mm.?? 9 Suksessfaktorar Innhenting av tilgjengelige data innenfor tids- og budsjettrammer Godt kunnskapsgrunnlag Deltaking frå lokalsamfunn og ulike aktørar Årlege budsjettprioriteringar frå Miljødirektoratet/Klima- og miljødepartementet til gjennomføring og utarbeiding av besøksstrategi og til tiltak i tiltaksdelen av besøksstrategien. Tiltak: god forankring i prosjektplanen og besøksstrategien 10 Vidare arbeid Endeleg vedteken besøksstrategi vil vere førande for alt arbeid framover med besøksforvalting i Reinheimen nasjonalpark med landskapsvernområde. Tiltak knytt til besøksstrategi vil i nokre tilfelle bli sett i verk før strategien er vedteken. Dette skuldast eit stort etterslep når det gjeld behov for tilrettelegging i forhold til det raskt aukande besøkstalet på nokre av våre innfallsportar. Etter besøksstrategien er vedteken vil det bli eit aukande behov for tiltaksmidlar både til tilretteleggingstiltak og informasjonstiltak. Både tiltaksplanar og besøksstrategi er viktige delar av forvaltingsplanen og vil flettast inn i denne ved neste rullering.
Rapport 23/11/2017 11 Prosjektplan besøksstrategi Norges nasjonalparker. Kontaktinformasjon Norges nasjonalparker Telefon: E-post: Nett: Post: Besøksadresse: 03400/73 58 05 00 Faks: 73 58 05 01 post@miljodir.no www.miljødirektoratet.no Postboks 5672 Sluppen, 7485 Trondheim Brattørkaia 15, 7010, Trondheim