Naturvernforbundet i Møre og Romsdal 27.02.2015 NVE FRÅSEGN TIL OMSØKT KRAFTLINE TROLLHEIMEN - VIKLANDET Prosjektet det er søkt om gjeld to kraftliner som går ved sidan av kvarandre, der den eine skal skiftast ut med ei ny line. Den nye lina kan ikkje byggjast der den gamle lina går, noko som fører til ei breiare lineføring i alle fall på den delen av strekninga der lina som skal rivast går mellom dei to andre. Inngrepet vil difor auke noko, i tillegg til at ein får ei flytting sidevegs av inngrepet. Vidare vil gjengroing av traseen for rivingslina ta noko tid, og representere eit mellombels auka inngrep. I område med eldre skog vil denne verknaden kunne vare ved i vesentleg lengre tid enn det tar før tre har etablert seg på nytt. Inngrepet er difor gjerne ein del større enn det ein først kan få inntrykk av. Samtidig er ikkje inngrepet så stort som om ein fekk ei line i ein heilt ny trase. Kartlegging av naturmangfald Dette er eit prosjekt der kostnaden ligg på ein halv milliard kroner eller kan hende meir. Så viser det seg altså at ein ikkje tar seg råd til å kartlegge eventuelt manglande naturtypelokalitetar på strekninga, men berre bruker den kunnskapen ein har, vel vitande om at denne kan vere mangelfull. Vi gjer merksam på at det er tiltakshavar som skal dokumentere kva som finst og kva som kan bli påverka. Det er provoserande når tiltakshavar satsar på at friviljuge organisasjonar finn ut av slikt og spelar det inn, eller at det ikkje blir spela inn fordi ingen gjer jobben friviljug. Viss ikkje søkjar skjønar alvoret i dette, blir organisasjonar som oss nøydde til å klage. Utsetting av prosjekt veit vi kostar pengar, så det kan vere at Statnett snart forstår at denne delen av jobben er det lønsamt å gjere godt med ein gong. Vi vil elles peike på at tilhøvet til fornminne blir praktisert annleis. Moglegvis fordi fornminne har betre rettsvern enn natur, slik praksisen er no.
Kollisjonsfare I konsekvensutgreiinga blir kollisjonsfaren vurdert som mindre av ny enn gamal line fordi den nye lina har doble faseliner (duplex) med avstandsklossar og derfor er meir synleg. Dette må vera ei feilvurdering, ettersom det er toppliner fugl kolliderer med i dei fleste tilfella. Artsdatabanken har nettopp meldt om at båe rypeartane vil bli ført opp på neste raudliste som følgje av markert tilbakegang. Tilbakegangen skuldast fleire faktorar, der kollisjonsfare med kraftliner klart må nemnast. Når viktige artar er i tilbakegang, så skulle kollisjonsfaren reduserast når det blir gjort vesentlege endringar med ei kraftline. I dette høvet kan det sjå ut til at denne problemstillinga blir som før, når det kjem opp ei ny line med omtrent same eigenskapar som for den som blir riven. Det er mogleg det ikkje er tekniske løysingar som kan hjelpe på dette. I så fall bør kraftbransjen setje seg saman, slik at ein t.d. kan få lagt meir av høgspentlinene på 22 kv-nivå i bakken, som eit avbøtande tiltak frå denne sektoren. Omsøkt kraftline går store streknignar langs skoggrensa/lågfjell som er viktig leveområde for lirype. Vi vil nemna særskilt det relativt uforstyrra området kring Skarfjellvatnet i Kvenndalen. Området ligg lunt til og er både oppvekst- og vinterområde. Tilsvarande som rype er orrfugl og storfugl artar som er ekstra kollisjonsutsatt. Lina passerer tre spelplassar og viktige leveområde i Surnadal kommune. Vegar Nye vegar er ikkje omtala, og kjem først seinare i planlegginga. Dette er ikkje greitt, då verknaden av vegane kan bli vel så negative som resten av prosjektet. Naturtype- og viltlokalitetar som blir råka Her følger kommentar/korrigering og supplerande omtale til KU-rapporten (som omtaler fleire sårbare lokalitetar som blir råka enn vi nemner under). - Lokalitetar som er registrert og kjende frå før. 1. N for Tverråa (Surnadal) Naturtype: Rik edellauvskog Verdi: Viktig (B) På denne staden går lina ganske høgt over dalen. Såleis er ryddebehovet knytt til arbeidet med strekking av line. I den grad ein kan avgrense ryddinga, vil det vere positivt om lauvtre kan bli ståande igjen, anten urørt eller som høgstammar. Det er planta mykje granartar i denne naturtypelokaliteten. Jo meir som blir fjerna av denne, jo betre vil det vere for lokaliteten. 2. Myrer i Kvenndalen (Surnadal) Naturtype: Kystmyr Verdi: Viktig (B) Langs elva står det skog som venteleg ikkje er å rekne som kystmyr, men som truleg kan vere t.d. gråor-heggeskog som skulle ha vore sjekka nærare med omsyn til kva verdiar som finst. Det ser ikkje ut til å vere behov for mastepunkt innafor lokaliteten, og då er det hogst i vegetasjonsbeltet langs elva og transport som har potensiale for å kunne gjere mest skade.
Viss ein kan legge transporten utanom lokaliteten i størst mogleg grad, og elles ta nødvendig transport på frose mark, vil ein minimalisere skadane på myra. Når det gjeld den delen av strekninga som det står skog på, så er det jo avhengig av kva verdiar som finst der kor stort inngrepet vil bli. Figur. Frå Gislink. Gule sirklar er noverande mastepunkt. Mellom dei to grøne strekane vil lina gå over myrlokaliteten. Raud sirkel markerar området med skog som må kartleggast nærare. 3. Kvennbøtela og Fjellenden (Surnadal) Naturtype: Kystmyr Verdi: Lokalt viktig (C) Det er ikkje skog på lokaliteten, så det er direkte inngrep med mastepunkt og tilhøyrande transport som vil representere den delen av inngrepet som kan påverkast og avbøtast. Transport på denne myra når ho ikkje er frose vil venteleg representere betydeleg skade. For å redusere skadepotensialet ber vi om at det blir vurdert arbeidsmetodar utan bruk av gravemaskin, eventuelt bruk av gravemaskin som kan fraktast inn med helikopter framfor å køyre i myra. Når det gjeld dei to lokalitetane på kvar si side av Sunndalsfjorden, så vil ikkje desse bli råka no, så dei har vi ikkje kommentar til.
4. Slettfjellet, Kvilarlia - BN00070081 (Surnadal) Naturtype kalkrike område i fjellet, Verdi: Viktig (B). Dette er eit bekkedrag med kalkkrevjande flora og sjeldne artar i vierbeltet mellom Vindøldalen og Østbødalen, 1-200m sør for traseen. Lokaliteten finst i naturbase, ikkje omtalt i KU. Bekken drenerer nordover og kryssar traseen. Her må ein derfor vere særleg varsam, og kartlegge traseen i området. Avbøtande tiltak (kap 7.6); unngå terrengkjøring. Området er truleg del av bergrunn med rik amfibolitt som omgir Honnstadknyken. Ved omtale av naturtilhøve (kap 7.2.1.) er ikkje dette nemnt. Rik vegetasjon finst fleire stader på vestsida av Vindøldalen, så traseen bør kartleggast på heile strekninga. 5. Tiurleik, Røv Lomtjønna - BA00073015-108 (Surnadal) Tiurleik 2-300 m nord for lina, iflg Naturbase 6-7 spelande tiur i 1996-2002, ein av dei største leikane i kommunen. Avbøtande tiltak: Toppliner bør merkast med fugleavvisarar på spennet ovafor (Vi finn ingen omtale korkje av denne eller andre spelplassar i kap. 7.2.7 om fugl).. 6. Hubro-lokalitet i Sunndal. Omtalt i KU-rapporten. Vi oppfattar rapporten slik at avstand til lina er 1km eller meir. Det må vera ei misforståing. Såvidt vi veit er reirplassen ikkje sikkert kartfesta, men lina kryssar utvilsamt aktivitetsområdet, med kollisjonsfare som følge. Hubro sist registrert ca. 2000 (i takt med den omfattande bestandsnedgangen i regionen har denne tradisjonelle lokaliten vore tom i ein periode). - Lokalitetar som ikkje er registrert/kartlagde frå før. 1. Dammar i Lavalidalen, Røv (Surnadal). KU nemner ei myr under lina med dammar som kan vere leveområde for salamander. Området må kartleggast og visast særleg omsyn under anleggsarbeidet viss funn blir gjort. 2. Orreleik Kvenndalen - MQ882753 (Surnadal). Tradisjonell spelplass ca 400m sør for lina, med 5-6 hannar i 2006 (Rapportert til Fylkesmannen/Naturbasen i 2008). Ved flukt mellom leiken/beiteområde og beiteområde øverst i lia, kryssar orrfuglen lina og er derfor kollisjonsutsatt. Toppliner bør merkast med fugleavvisarar på spennet ovafor. 3. Orreleik Lavalidalen - MQ987836 (Surnadal) Denne leiken, som ligg rett under lina, er såvidt vi veit ikkje registrert/rapportert tidlegare. Etter alt å dømma ein stor leik i tida før den gamle lina var bygd. I dag spelar til vanleg 4-5 hannar. Ny line med separate trasear kan bety auka kollisjonsfare. Dette må vurderast nærare slik at spesielle omsyn kan takast. Eit viktig avbøtande tiltak er å merka toppliner med fugleavvisarar på spenna tett ved leiken.
4. Hubro-lokalitet, Røv (Surnadal). Hekking på 1960-talet, ikkje kjent i etteertid, men hekkebiotopen er intakt (ca 500 m unna lina.). Svartelisteartar I samband med bygging av denne typen liner vil det vere bruk av riggområde og helikopterlandingsplassar. Ein del stader som eigner seg til slikt arbeid har ei fortid der ulike massar er tippa i området. Såleis må ein rekne med at det finst innslag av svartelista artar på slike stader. Med den aktiviteten ein kan rekne med på slike riggområde, kan det vera fare for at frø og t.d. brunskogsnegl kan hamne i lag med utstyr som blir frakta ut i terrenget. Vi krev difor at alle område som skal brukast til rigg og liknande må kartleggast nøye med tanke på at ein skal unngå at uønska artar blir flytta ut i terrenget langs kraftlina. Konklusjon Vi vil ikkje motsetje oss at lina blir bygd. Samtidig er det klart at også dette lineprosjektet har ein betydeleg verknad på naturmangfaldet. For å redusere skadepotensialet, krev vi at det i sommar blir gjort suppleringskartlegging av naturtypar og vilt (salamander) i området, slik at ein veit at slike område ikkje er oversett. Verknaden av vegar er ikkje tilstrekkeleg dokumentert. Suppleringskartlegging og vegplan må sendast på avgrensa høyring. For å få til avbøtande tiltak når det gjeld kollisjonsfare for fugl må ein gå nye vegar, slik at det totale nivået på dette problemet knytt til kraftliner går ned. For fuglelivet er lineføringa brutal, særleg for kollisjonsutsett hønsefugl som har leveområde langs store delar av traseen. Funn av vengeskadd songsvane i området tyder på linekollisjon, og indikerer trekk av andefugl forbi (vest for Vindøldalen). Andre kritiske strekk er kryssing av juv og lisider med hekkeplassar for rovfugl. Vi tilrår merking med fugleavvisarar der lina passerer spelplassar. Vi har også peika på ulike tiltak knytt til nokre lokalitetar og tema som det skal vere råd å ta omsyn til. Med helsing Marita Sæter NOF lokallag Surna/Rindal/Halsa Øystein Folden Naturvernforbundet i Møre og Romsdal